KVAM HERAD FOR KVINNHERAD KOMMUNE NOTAT Kvinnherad kommune uttale om skredfare Dato: 06.07.07 Synfaring 0.06.07 Frå Tore Dolvik, Kommunegeolog Vår ref: 6/4-8/N - 06/TORDOL Kvinnherad - uttale frå kommunegeologen - tre moglege bustadtomter på Eikenes, Gjetingsdal Kvinnherad kommune er med i eit interkommunalt samarbeid om ein kommunegeolog. Kommunen har tatt kontakt med kommunegeologen for å vurdere om kva som trengs av skredog flaumvurdering på tre moglege bustadområde på Eikenes i Gjetningsdal. Kommunegeologen var på synfaring den 0. juni 07, saman med Bernt K. Vik (sommarjobb i Odda), og eigarane av gnr. 47 bnr. Eikenes. Oppsummering: Kommunegeologen skal pga. kompetansekrav og avsvar, i utgangspunktet ikkje vurdere sannsynet for skred, berre om det kan vere skredfare mot tiltaket. Kommunegeologen har ut frå kartanalyse og synfaring vurdert tre moglege bustadområde i Eikenes i Gjetingsdalen. Ein utvida skredfarevurdering som viser til byggteknisk forskrift (TEK7) 7- er naudsynt for å kunne byggje ut område ved alt. Kalvasletto og alt. ved vårfloren. Ved bestilling av skredfarevurdering så rådar kommunegeologen til at alle tre område vert vurdert av konsulenten. Ein utvida flaumvurdering som viser til byggteknisk forskrift (TEK7) 7- er naudsynt for å byggje ut område ved alt. Teigareset. Det kan vere at flaumvurdering for småkraftverket i Dalelva innhald informasjon og flaumvurderingar som kan brukast som flaumvurdering for alt. Teigareset, slik at ny flaumvurdering ikkje er naudsynt. Figur. Kvinnherad kommune. Svart sirkel viser øvre Gjetingsdal, Mauranger. Figur. Maurangerfjorden. Svart sirkel viser Eikenes i Gjetingsdalen. Mottakarliste: Kvinnherad kommune v/karin Thauland Rosendalsvegen 0 5470 ROSENDAL Kopi til: Kvinnherad v/kjartan Thoresen Rosendalvegen 0 5470 ROSENDAL Per Magne Eikenes Gjetingsdalen 0 5476 MAURANGER Adresse: Kvam rådhus, Grovagjelet 6, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 0 00 Telefaks: 56 55 0 0 postmottak@kvam.kommune.no Bankgironr.: 50.8.489 Foretaksnr.: NO 944 99 MVA www.kvam.no
Figur. Kartutsnitt som viser tre alternative plasseringar for bustadtomt på garden 47/ på Eikenes i Gjetingsdalen. Oppgåve frå Kvinnherad kommune Plassering av hus på Eikenes (47/) Kvinnherad kommune vil gjerne ha vurdert tre moglege bustadtomter på garden 47/ på Eikenes i Gjetingsdalen. Alt. : Kalvasletto Alt. : ved vårflor Alt. : Teigareset Side av 8
Figur 4. Same kartutsnitt med forskjellige aktsemdkart, tal viser alternative bustadtomter som er vurdert i dette notatet. Oppe til høgre: Aktsemdkart for snøskred(raud skravur); oppe i midten: Aktsemdkart for steinsprang (svart skravur); oppe itil høgre: Aktsemdkart for jord- og flaumskred (mørk brun skravur); nede til venstre: Aktsemdkart for snøskred og steinsprang (NGI) (lys brun skravur); nede i midten: Aktsemdkart for flaum (blå skravur); nede til høgre: NVE sin skreddatabase (firkantar). Aktsemdområde, skredhendingar og tidlegare vurderingar Det er ikkje registrert nokon skredhendingar på Eikenes i NVE sin skreddatabase (fig. 4 nede til venstre). Det betyr ikkje at det ikkje kan vere skredfarleg i område, men at det truleg ikkje har gått nokon skred av betydning i historisk tid (lite skade på personar og eigedom). Alt. : Kalvasletto o Ligg i aktsemdkartet for snøskred o Ligg i aktsemdkartet for steinsprang o Ligg i NGI sitt kombinerte aktsemdkart for snøskred og steinsprang Alt. : ved vårflor o Ligg i aktsemdkartet for snøskred o Ligg i aktsemdkartet for jord- og flaumskred o Ligg i NGI sitt kombinerte aktsemdkart for snøskred og steinsprang Alt. : Teigareset o Ligg i randsona til aktsemdkartet for snøskred o Ligg i randsona til aktsemdkartet for jord- og flaumskred o Ligg i randsona til aktsemdkartet for flaum Side av 8
Synfaring 0. juni 07 Kommunegeolog Tore Dolvik og Bernt Kristian Vik, som skulle starte på sommarjobb i Odda, var på synfaring saman med grunneigarane på garden 47/ Eikenes i Gjetingsdalen. Me stoppa ved innkøyringa til garden, og frå der kunne me sjå bort på alternativ Kalvasletto. Alt. : Kalvasletto Figur 5. Kalvasletto på Eikenes. Svart sirkel viser ein steinblokk på flata. Sidan me frå vegen kunne sjå minst ein steinblokk på Kalvasletto, så me såg det slik at noko meir synfaring på tomta ikkje var naudsynt for konklusjonen. Det ligg mange steinblokkar i nærleiken og det kan vere skredfarleg. Side 4 av 8
Alt. : ved vårflor Figur 6. Utsikt frå Eikenes ved vårfloren, bustadtomt alternativ. Det er bratt bak vårfloren og det ligg steinar i skråninga, så inntrykket i felt var at det kan vere fare for jordskred og remobilsering av steinblokkar i skråninga bak vårfloren. Figur 7. Tomt der vårflor står. Det er bratt bak vårfloren. Side 5 av 8
Alt. : Teigareset Figur 8. Tomta på Teigareset ligg ikkje så langt frå elva og inntak til eit småkraftverk. Tomta på Teigareset ligg mellom vegen og Dalelva. Det er gravd ned vassrøyr i nedre deler av tomta som ein del av kraftverkutbygginga (fig. 8 og 9). Bustadhuset må plasserast i god avstand til dette røyret. Det er fjell i dagen på tomta, så det er trulig ikkje langt til fjell på resten av tomta. Nord for tilkomstvegen er det ein slak høgde mot elva (fig. 0). Det er antatt at det er grunt til fjell i dette område òg, men det hadde vore ein fordel å sjekke det ut. Figur 9. Bilde til venstre viser kor det er ønskeleg å plassere bustadhus. Bilde til høgre viser inntaket til småkraftet i Dalelva. Side 6 av 8
Figur 0. Låg haug nord for vurdert tomt, sett frå sør (til venstre) og frå aust (til høgre). Skredfarevurdering Ut frå kartanalyse og synfaring har kommunegeologen gjort desse vurderingane for dei tre alternative bustadplasseringane. Alt. (Kalvasletto) - Det ligg ein del stein på oppsida av vegen og på Kalvasletto. Tomta ligg i NGI sitt aktsemdkart og i aktsemdkartet for jord- og flaumskred, som er gjeldande aktsemdkarta for området. Det kan sjå ut som det er lite lausmassar i lia og at steinsprang truleg er dimensjonerande. Utvida skredvurdering som viser til TEK0 er naudsynt for å kunne byggje på tomta, og er truleg den av tomtane som er mest skredutsett. Alt. (ved vårflor) - Tomta ligg i NGI sitt aktsemdkart, og delvis i aktsemdkartet for jord- og flaumskred. Potensielt losneområde for snøskred er dekka av skog. Det er nokon søkk nær tomta. Det er bratt i bakkant og det kan moglegvis gå jordskred og remobilsering av steinar i denne skråninga (lokal skredfare). Utvida skredvurdering som viser til TEK0 er naudsynt for å kunne byggje på tomta. Det kan godt vere at ein utvida skredvurdering viser at tomta er trygg nok til bustadbygging, men det kan òg vere at det må gjerast mindre tiltak i skråninga for å gjere område sikkert nok. Alt. (Teigareset) - Tomta ligg i randsona til aktsemdkart for snøskred og for flaum, og nær aktsemdkartet for jord- og flaumskred. Tomta ligg ikkje i NGI sitt aktsemdkart, som er argument for at snøskred ikkje er aktuelt for tomta. Tomta ligg ikkje i aktsemdkartet for jord- og flaumskred, men ut frå aktsemdkartet så kan kanskje Dalselva bli demma av skred som moglegvis kan påverke tomta. Deler av tomta ligg nærmare elva enn 0 meter (det er ca. 40 meter mellom elva og vegen til Gjetingsdal), i tillegg til tomta ligg i aktsemdkartet for flaum. Ein utvida flaumvurdering som viser til TEK0 er naudsynt for tomta, om ein ikkje har dokumentasjon på at bustadbygget ikkje vil bli råka av ein 00-årsflaum. Det er truleg utarbeida ein rapport til småkraftverket som kanskje kan ha opplysningar om 00-årsflaumen, som moglegens kan brukast som flaumvurdering av tomta. Ein mogleg demming av Dalselva kan takast med i ein flaumvurdering. Den låge haugen nord for tilkomstvegen kan vere med på å lede vekk og sikre tomteområdet. Side 7 av 8
Nevina.nve.no NVE har på nettsida nevina.nve.no eit verktøy for å berekne flaumverdiar for nedbørsfelt mindre enn 50 m (Nevina bereknar nedbørsfeltet til Dalelva til å vere ca. 5 m ). Ein utrekning av flaumverdiar for Teigareset gir ein Q00 på 7,7 m /s, og ein vanleg vassføring på, m /s. Ved å anta at elva har ein hastigheit på m/s, og ved å bruke ein profillinje henta frå hogdedata.no, har eg kome fram til at ein 00-årsflaum truleg ikkje vil gå over kote 9 på oppsida av brua. Eg antar at flaumvurderinga til småkraftverket vil gje betre tal enn denne usikre berekninga, så den bør leitast fråm. Oppsummering For alt. har ein moglegvis allereie den dokumentasjonen som må til for å dokumentere tryggleiken til tomta (flaumfare). Det ville vore ein fordel med skredvurdering (randsona til jord- og flaumskred), men ut frå argumetasjonen over så bør det vere nok argument for at det ikkje er skredfare mot tomta. Ein utvida flaumvurdering, inkludert fare for demming av elva oppstraums, som viser til TEK7 er naudsynt for tiltaket om ein ikkje finn tidlegare flaumvurderingar som kan brukast. For alt. og så er ein utvida skredvurdering som viser til TEK7 naudsynt for å vurdere tryggleiken til byggjetomta. Det er ein moglegheit for at alt. vert vurdert til å vere trygg nok til bustadbygging. Om ein først skal ha ein konsulent for å vurdere skredfaren, så bør alle tre alternativer vurderast samsundes. Konklusjon Kommunegeologen har ut frå kartanalyse og synfaring vurdert tre moglege bustadområde i Eikenes i Gjetingsdalen. Ein utvida skredfarevurdering som viser til byggteknisk forskrift (TEK7) 7- er naudsynt for å kunne byggje ut område ved alt. Kalvasletto og alt. ved vårfloren. Ved bestilling av skredfarevurdering så rådar kommunegeologen til at alle tre område vert vurdert av konsulenten. Ein utvida flaumvurdering som viser til byggteknisk forskrift (TEK7) 7- er naudsynt for å byggje ut område ved alt. Teigareset. Det kan vere at flaumvurdering for småkraftverket i Dalelva innhald informasjon og flaumvurderingar som kan brukast som flaumvurdering for alt. Teigareset, slik at ny flaumvurdering ikkje er naudsynt. Side 8 av 8