Ny Ålesundsstruktur - Utviklingsplanar for skulane i Ålesund

Like dokumenter
Ny Ålesundstruktur. Utbygging av de vidaregåande skolane mot 2025

HØRING 1 NY ÅLESUNDSSTRUKTUR

Romsdal vgs - Førebels program/utviklingsplan - revisjon 2011

Investeringsplan for fylkeskommunale bygninger

Revidert utviklingsplan Gjermundnes vidaregåande skule

Saksnr Utval Møtedato PN-29/12 Plannemnd for byggjeprosjekt Ud-30/12 Utdanningsutvalet Fylkesutvalet

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

saksframlegg Investeringsplan for fylkeskommunale bygningar 1. BAKGRUNN

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

K651 Spjelkavik Idrettshall - byggjeprogram for Idrettshall

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Anne Dyb Liaaen Leiar H Steve Runar Kalvøy Medlem FRP Eva Mariann Vinje Aurdal Medlem AP

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Saksnr Utval Møtedato PN-01/12 Plannemnd for byggjeprosjekt

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Bakgrunn 1. I sak T-12/13 Haram vgs Utviklingsplan den vedtok fylkestinget følgjande:

Samlokalisering av Kvam vidaregåande skule

Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt Utdanningsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Delrapport 7 Modell 7

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:30

Delrapport 5 Modell 5

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

NYE VOSS GYMNAS NYBYGG/OMBYGGING

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Skolebruksplanen , høringsbrev

Delrapport 2 Modell 2

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Skolebruksplanen , høringsbrev

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

kt,) Kviteseid kommune

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H Steinar Reiten Medlem KRF

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Møteinnkalling. Side1. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: Møterom 100 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58345/2013/A40 Jane Anita Aspen,

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

Møteinnkalling. Side 1. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: Møterom 100 Fylkeshuset Dato: Tid: 10:30

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Skolestrukturutredning 2013

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/2014

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Fylkestinget vedtok i sak T-87/16 Tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal mellom anna følgjande:

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

INNSTILLING. Andre overordna mål:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

K452 Spjelkavik vgs - orientering om val av prosjekterande

Spjelkavik Arena AS - kjøpe aksjar/utvide økonomisk ramme

Inderøy vgs alt ,4. SUM nettoareal , ,3. A) Dagens situasjon:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Modellar for organisering av vidaregåande opplæring

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Nye namn på skular i Hordaland fylkeskommune 2019

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Oppfølging av skulebruksplanen Sak 78/15 Opplærings- og helseutvalet

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Klassetilbodet for vidaregåande justert: Færre elevplassar alle med rett får plass

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Utdanningsavdelingen Buskerud fylkeskommune. Til regionrådet i Midt-Buskerud

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

Fysisk sikring av Askøybrua

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Pressemelding

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Struktursaken. Historikk. FT160/2016 Endringer i tilbudsstrukturen for videregående opplæring skoleåret

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.04.2013 25861/2013 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato PN-13/13 Plannemnd for byggjeprosjekt 02.05.2013 UD-16/13 Utdanningsutvalet 02.05.2013 Fylkesutvalet 28.05.2013 Fylkestinget 18.06.2013 Ny Ålesundsstruktur - Utviklingsplanar for skulane i Ålesund 1. BAKGRUNN Fylkestinget har desember 2011 i sak T-79/11 samrøystes vedtatt følgjande verbalframlegg; Fylkestinget ber om at det vert lagt fram utviklingsplanar for alle dei vidaregåande skulane i fylket i løpet av økonomiplanperioden. Det vart i februar 2012 i sak Ud-5/12 lagt fram ein plan for arbeidet med utviklingsplanar for alle dei vidaregåande skulane. For dei vidaregåande skulane i Ålesund skulle utviklingsplanane leggast fram for politisk behandling i juni 2013. I april 2012 i sak T-10/12 sette Fylkestinget av ein million kroner til å gjennomføre arbeidet med utviklingsplanane. I november 2012 i sak U-170/12 vedtok Fylkesutvalet føresetnader for arbeidet. Det vart da vedtatt at skulane i Ålesund skulle ha ein samla plan. Ei framskriving av elevtal i høve til SSB sine analyser tyder på at elevtala i alle inntaksområda ikkje vil gje særleg elevtalsendring fram mot 2040. Unntaket er Ålesundsregionen kor ein kan forvente 600 900 fleire elevar fram mot 2040. Allereie til 2025 treng ein 400 ekstra elevplassar i Ålesund. Ingen av skulane har særleg ledig kapasitet i dag. Møre og Romsdal fylkeskommune sine fire vidaregåande skular i Ålesund utdannar om lag 30 % av elevane innan den vidaregåande opplæringa i fylket. Mot 2040 stig andelen til nærare 40 %. Ei utvikling av desse skulane handlar derfor også om rekruttering av naudsynt kompetanse til arbeidslivet på Sunnmøre. 2. PROSJEKTGJENNOMFØRING I høve til Regional planstrategi 2012 2016 og Fylkesplanen 2013 2016 skal slikt planarbeid skje i samarbeid med lokale aktørar. Planarbeidet bør i tillegg til å omhandle dei vidaregåande skulane også sjå på dei føringane som er gitt i fylkesplanen.

Side 2 Det vart difor oppretta ei prosjektgruppe sett saman av deltakarar frå Møre og Romsdal fylkeskommune (byggje- og vedlikehaldsseksjonen og utdanningsavdelinga), Ålesund kommune (Ålesund Kommunale Eiendomsforetak og Virksomhet Plan og Bygning). For å utarbeide planar for dei ulike alternativa vart det utlyst konkurranse på arkitekttenester, og Arkitekt Svein Skylstad AS vart vald. Dei fire vidaregåande skulane, Samferdselsavdelinga (MRFK) og Plan- og analyseavdelinga (MRFK) har vore referansegrupper for arbeidet. Prosjektgruppedeltakarane har rapportert til sine respektive rådmenn. I perioden mai august 2012 vart dei vidaregåande skulane i Ålesund bedt om å gjere greie for korleis dei ynskja å utvikle seg i åra fram mot 2025. Skulane svara at dei primært ynskjer å utvikle seg innanfor dei tilboda skulane har i dag. Dette vart lagt til grunn for fyrste høyring. Høyring 1 omfatta tilbodsstruktur på skulane og plassering av skolar i høve til utvikling av Ålesund kommune. Høyringa vart behandla av alle høringspartane samt som politisk behandling i Ålesund kommune. Som resultat av høyring ein kom det fram nye alternativ som vart tatt delvis med i høyring to. Høyring 2 omhandla utbygging ved kvar av skulane. Høyring to vart berre behandla av skulane. 3. PREMISSAR FOR UTVIKLINGSPLANANE Følgjande premisser vart vedtatt å ligge til grunn for utviklingsplanane i sak U-170/12; 1. Utviklingsplanar for skulane i Ålesund vert utført som ein felles plan. 2. Tilboda som ein har bygd nytt for eller utgjer hovudtyngda av opplæringa på skulen vurderast som ikkje flyttbare. Dette gjeld; a. Borgund vgs Alle tilboda. b. Spjelkavik vgs Studiespesialisering c. Fagerlia vgs Studiespesialisering d. Ålesund vgs Naturbruk (blå line) som krev nærleik til sjøen. Om desse tilboda skal flyttast må det vurderast ved evt. ny lokalisering av skulen. 3. Det må byggast ut 400 ekstra elevplassar til 2025. 4. Skulane må kunne utvidast med til saman ytterlegare 600 elevplassar til 2040. 5. Sørfløya Ålesund vgs er i så dårleg tilstand at den må snarast mogleg takast ut av bruk. 6. Skulane må ha tilbod som gjer dei nokolunde kjønnsnøytrale slik at det ikkje vert oppretta reine gute- og jenteskular.

Side 3 7. Prosjektet skal ha ambisjon om å ivareta samfunnsmessige omsyn utover skulane sine behov. 8. Fylkesutvalet ber om at administrasjonen snarast råd gjennomfører det vedtaket som i fjor vart gjort i Fylkestinget (T-sak 97/11) om kjøp av nabotomt til Ålesund vgs, avdeling. 9. Fylkesutvalet ber om at administrasjonen, i tillegg til å arbeide med ei samla utviklingsplan for skulane i Ålesund, parallelt arbeider vidare med ei snarleg revidert utviklingsplan for Ålesund vidaregåande skule avd. separat, og der kroppsøvingslokaler blir gitt prioritet, slik Fylkesting vedtok i fjor. 10.Fylkesutvalet ser særleg positivt på at utbygging av vidaregåande skular vert sett i ein heilskapleg byutviklingssamanheng/ sentrumsutviklingssamanheng. Ein vil også understreke kor viktig det er at skulane er lokalisert langs /i nær tilknytning til kollektivtrase/ knutepunkt. 4. INNSPEL ÅLESUND KOMMUNE Ålesund bystyre handsama høyring 1 i møte 7.mars 2013. Bystyret si klåre tilråding til fylkeskommunen var å følgje alternativ ein i høyringa. Idrettsfag flyttast til Spjelkavik vgs alternativ vurderast ved Fagerlia vgs. Teknikk og industriell produksjon (TIP) flyttast til Fagerlia. TIP og naturbruk samlokaliserast. Det vert bygd ein ny vidaregåande skule i sentrum. takast ut av bruk som skuletomt. Det vert i samarbeid bygd ein ny kulturskule saman med den nye skulen i sentrum. Latinskulen vert framleis brukt av fylkeskommunen til vidaregåande opplæring. Ny trafikkløysing bør vere på plass i sentrum før realisering av ny skule. 5. HØYRING Følgjande uttalar kom fram i høyringane. Kven høyringsuttalen kjem frå er satt i parentes. Sentrumsskule er positiv i byutviklingsperspektiv (Ålesund kommune) Maritime og marine fag kan ikkje splittast), og bør lokaliserast til sjø (Aalesunds Rederiforbund, FiskOK, MS Seir AS, Giske havfiske AS og Ålesund vgs) må attreisast som utdanningsinstitusjon for den marine og maritime næringa slik han ein gang var (MS Seir AS og Giske havfiske AS). Idrettsfag flyttast til Spjelkavik og ny storhall for Ålesundsregionen byggast (Ålesund kommune) / Idrettsfag må ligge på med grunnleik i tilhøyrsle til kringliggande klubbar og fasilitetar (Ålesund vgs og FK Fortuna). o Fagerlia bør vurderast for idrettsfag om det ikkje kan realiserast i Spjelkavik (Ålesund kommune)

Side 4 o Idrettsfag må lokaliserast på Fagerlia eller (Roklubben) Latinskolen bør takast vare på (Ålesund kommune) / Latinskolen må takast ut av bruk (Ålesund vgs) Utbyggingane må skje raskt og føreseieleg. o Ålesund vgs trenger nybygg raskt for ikke tilfredsstillende og manglende funksjoner. o Ålesund frykter en usikker driftssituasjon med mange lokaliteter og usikker skulestruktur. o Borgund trenger nybygg raskt for å sikre rekruttering og arbeidsforhold elever/tilsatte. o Fagerlia trenger ombygging raskt for å forbedre funksjonalitet og forfallen bygningsmasse. Skulane med SSP må ha minst 8 paralleller for å gi nok faglig bredde i tilbodet. (Fagerlia vgs og Spjelkavik vgs) Spjelkavik vgs bør ikkje leggast ned (Spjelkavik vgs, Ålesund kommune). Alle fråsegna frå høyringsrunde 1 og 2 er lagt ved rapporten (sjå vedlegg 2 og 3 til rapporten.) 6. ALTERNATIV UTBYGGING Følgjande alternative utbyggingar er aktuelle som svar på føresetnadane og høyring 1. 1. Samlokalisere Ålesund vgs i sentrum, ID i Spjelkavik 2. Samlokalisere Ålesund vgs i sentrum, ID i Fagerlia 3. Behalde med ID 4. Behalde med ID i Spjelkavika 5. Behalde med ID i Fagerlia 6. Behalde med ID Fagerlia til sentrum 7. Behalde med ID i Spjelkavika Fagerlia til sentrum På grunnlag av høringsfråsegna frå den maritime og marine næringa om ein fagretta skule samlokalisert ved sjøen har prosjektleiinga utgreidd eit alternativ 8. Dette alternativet har ikkje vore ein del av høyringane. 8. Behalde med TIP, NA, SA. Ny skule på Sørsida av sentrum med, MK og MDD. 9. Behalde Volsdsalsberga med TIP, NA og SA. Bygge ny skule på Sørsida med, MK og MDD.

Side 5 Alt 1 2 Seld Seld 3 TIP, NA, SA, MK,, ID, PB 4 TIP, NA, SA, MK,, PB 5 TIP, NA, SA, MK,, PB Fagerlia Spjelkavik Borgund Sørsida Latinskolen HO,, FO, TPO, PB + TIP, NA frå, HO, TPO, PB + TIP, NA, ID frå, FO, HO, MDD, TPO, PB, FO, HO, MDD, TPO, PB, FO, HO, MDD, TPO, PB + ID frå +ID frå +ID frå 6 TIP, NA, SA, MK,, ID, PB Seld 7 TIP, NA, SA, MK,, PB 8 TIP, NA, SA, PB Seld, HO, TPO, PB +ID frå + ID frå + MDD/ Kulturskule +MDD/ Kulturskule Ikkje bygging Ikkje bygging Ikkje bygging Med Fagerlia (MDD/Kultursku le//ho/tpo) Med Fagerlia (MDD/Kultursku le//ho/tpo), MK, MDD Der det i tabellen er merket +tilbod (eks +ID) er dette tilbod som er flytta og kjem i tillegg. Ikkje brukt /Kan nyttast Ikkje brukt /Kan nyttast Ikkje aktuell å nytte Ikkje aktuell å nytte Ikkje aktuell å nytte Ikkje brukt /Kan nyttast Ikkje brukt /Kan nyttast Ikkje brukt /Kan nyttast Utdanningsområde Studiespesialisering Idrettsfag Musikk/dans/drama Studiespesialisering m/ formgiving Medier og kommunikasjon Naturbruk Teknikk og industriell produksjon Service og samferdsel Bygg og Anleggsteknikk Design og Håndverk Elektrofag Helse- og oppvekstfag Restaurant og matfag Påbygging til generell studiekompetanse Særskilt tilpassa opplæring Forkorting ID MDD FO MK NA TIP SA BA DH EL HO RM PB TPO

Side 6 7. KONADAR Dei ulike alternativa påverkar framdriftsplanane for utbygging på dei ulike skulane og gjev ulik investeringsbehov og elevkapasitet i 2025. I alternativa er det også ulik mengd bygg som vert selt eller rive og ulik mengd bygg som vert bygd nytt. Dette påverkar driftskostnadane da ein reknar eldre bygg som dyrare å drifte enn nye bygg. Alt Elevkapasitet 2025 Investeringskostnad fram til 2025 Investeringskostnad / elev fram til 2025 1 3744 999 000 000 267 000 2 3594 973 000 000 271 000 3 3594 983 000 000 274 000 4 3744 1 033 000 000 276 000 5 3594 1 007 000 000 280 000 6 3594 979 000 000 272 000 7 3744 1 032 000 000 276 000 8 3744 1 081 000 000 289 000 Investeringskostnadane er inklusive mva med kroneverdi rekna i 2013. Prisstigning er ikkje rekna med. Om ein vel å behalde Latinskolen i alt 1,2,6,7 og 8 reduserast investeringsbehovet om lag 64,0 mill. 8. VURDERING For å gjennomføre utbyggingane må det gjerast fem val i høve til lokalisering av tilbod. For nokre av vala vil det verte framdriftskrav knytt til utbygginga. På bakgrunn av føresetnadane og høyringane vert det ikkje foreslått nedlegging av Spjelkavik vgs. Maritime og marine tilbod vert heller ikkje splitta på to skolar. Utbygging på Borgund vgs korkje påverkar eller vert påverka av vala i Ålesundsstrukturen og utbygging kan gjennomførast uavhengig av tilbodsstrukturen. Val 1 Lokalisering av Ålesund vgs. Lokalisering av Ålesund vgs er eit val mellom sørsida av Ålesund sentrum og. Ein stor vidaregåande skule på stettar ikkje knutepunktstrategien til Ålesund kommune. Ålesund kommune er klåre på at dei ikkje ynskjer ein stor vidaregåande skule på. Administrasjonen fryktar at Statens vegvesen vil fremje krav om deltaking av finansiering av avkøyrsle til skulen. Statens vegvesen har i møte med Ålesund kommune meldt at det etter ei mulighetsstudie kan verte fremja krav i høve til utbygging på før fylkeskommunen kan starte utbygging. Dette vil kunne utsetje prosjekta på ubestemt tid, med dei uheldige konsekvensane det har for dei pedagogiske og bygningsmessige miljøa på skulane. Særleg uheldig er det da at ein ikkje vil kunne flytte ut av sørfløya på Volsdalberga.

Side 7 Om en vel vil ein få samla marine og maritime opplæring att med sjø og idrettsfag kan behaldast att med idrettsfasilitetane på. Ved lokalisering til sentrum: Lokalisering i sentrum gjev dei billegaste investeringane sett drift og investering i samanheng. Alternativet stettar fullt ut ynskja til Ålesund kommune. Fylkeskommunen vil ha ein opplæringsarena på Fagerlia vgs samlokalisert med Campus Ålesund. Utbygging av Ålesundsskolane vil kunne starte utan opphald med sikte på å auke elevkapasiteten. Dermed kan sørfløya på takast raskt ut av bruk. Fagerlia vil verte ein fullt ut kombinertskule med yrkesfaglege tilbod saman med studiespesialiering. Dersom Statens vegvesen oppretthald planane om ferdigstilling av ny veg frå Hessa i sentrum til 2018 bør ein legge opp til ein utbyggingsplan kor ny skule i sentrum og fyrste byggesteg på Fagerlia er ferdig samstundes i 2019. Ombygging av Fagerlia vgs kan da utførast etter desse prosjekta er ferdige, med Latinskolen som midlertidig avlasting. Fylkesrådmannen tilrår av dette at Ålesund vgs vert lokalisert til sørsida Ålesund sentrum. Val 2 Bruk av Latinskolen Ålesund kommune ynskjer framleis bruk av Latinskolen. Latinskolen er på 4500 m 2 og lokalisert på Aspøya i Ålesund sentrum. Bygget feira 100 år i 2007, men det har vore skule der sidan 1865. På 1990-talet vart skolen rusta opp, og reknast lokalt i Ålesund i dag som ein vakker og stolt skulebygning. Ålesund kommune eig bygget. I saka til Ålesund kommune står det; Latinskolen bør bevares som en levende del av byen, og sambruk mellom ny skole og Latinskolen er mulig og ønskelig det er bare ca. 120 m fra Latinskolen til planlagt nybygg på sørsida. Ved å fylle Latinskolen med aktivitet vil vi videreutvikle en identitetsskaper og ta vare på en viktig del av byens historie. Dette er eit val mellom framleis bruk av Latinskolen mot Ålesund vgs sitt ynskje om å kunne samle alle elevane i pedagogisk fellesskap. Det er av erfaring uheldig å splitte eit skulemiljø i to lokalitetar. Dette gjer samarbeid og tilknyting til skulen vanskelegare, samt at det er meir krevjande å administrere. I høve til ny skule på sørsida av sentrum må elevar og tilsette krysse to trafikkerte vegar for å vandre mellom bygga. Det er også krevjande for rullestolbrukarar å køyre opp den bratte bakken til inngangen på Latinskolen. Særleg om vinteren vil kommunikasjon mellom skulebygga vere utfordrande. Skulen vil ikkje stette krav om universell utforming og krav til moderne opplæringsfasilitetar. Fylkesrådmannen kan derfor ikkje tilrå framleis bruk av Latinskolen. Val 3 Lokalisering Idrettsfag Lokalisering av idrettsfaga står mellom, Spjelkavik og Fagerlia. Val av Spjelkavik vert tufta på ynskje om å få bygd ny storhall i Ålesund for internasjonale arrangement. I Fagerlia vert det knytt til knutepunktsideen for busstransport, samt nærare tilknyting til idrettsmiljøet kring. På

Side 8 er lokalisering knytt til nærleik til Sparebanken Møre Arena og samarbeidet med klubbane i området. Investeringskostnadane er høgre ved lokalisering av idrettsfag til Spjelkavika, men justert for samla investering- og driftskostnadar er alternativa like dyre. Lokalisering av idrettsfag kan også vente til ein har gjort endelege avtalar med Spjelkavik IL. Det må settast opp midlertidig kroppsøvingshall (plasthall) på slakteritomta for å avlaste Ålesund vgs med kroppsøvingsareal. Ved å velje Spjelkavik frigjer ein mykje areal på dei fylkeskommunale tomtene som kan nyttast til ytterlegare utvidingar etter 2040, eller tidligare om prognosane om elevtalsvekst skulle vere for låge. Fylkesrådmannen tilrår at idrettsfag vert lagt til Spjelkavik vgs under føresetnad at det vert inngått avtale med Spjelkavik IL. Val 4 Lokalisering av Fagerlia vgs Lokalisering av Fagerlia vgs står mellom Fagerlia og sørsida av Ålesund sentrum. Valet står mellom ynskje om å stette sentrumsutvikling i Ålesund eller framleis lokalisering nær Campus Ålesund. Sentrumsutbygging gjev ei forenkla utbygging av Fagerlia vgs og frigjer areal for utvikling av Campus Ålesund. Å flytte Fagerlia vgs til sentrum er det rimeligaste alternativet medrekna investerings- og driftskostnadar. Dette frigjer tomta til Fagerlia vgs ved Campus Ålesund. Skulen får kortare byggetid utan aktivitet som forstyrrar undervisning og drift. I høve til føresetnadane vil dette ikkje bygge under knutepunktsstrategien til Ålesund kommune. Bysentrum vil verte styrka og maritime og marine fag vert lokalisert ved sjø. Om ein vel å behalde Fagerlia vgs på Fagerlia får fylkeskommunen ein opplæringsarena samlokalisert med Campus Ålesund som ligg langs knutepunktstraseen for kollektivtrafikk. Å lokalisere Fagerlia til sentrum betyr at full utbygging på. Usikkerhet knytt til framdrift og kostnader ved slik utbygging er gjort greie for under val 1. Fylkesrådmannen kan ikkje tilrå at Fagerlia vgs vert flytta til sentrum. Val 5 Fire eller fem skular i Ålesund Møre og Romsdal fylkeskommune har i dag 25 vidaregåande skolar med om lag 10.000 elevar. Om lag 30% av elevane går på vidaregåande skolar i Ålesund, og andelen er aukande. Som eit åttande alternativ har ein vurdert fem vidaregåande skular i Ålesund. Desse vert lokalisert på eksisterande tomter i tillegg til ny skule i Ålesund sentrum. Skulen på er i alternativ åtte tenkt som ein skule for dei maritime og marine faga saman med Service og samferdsel. Skulen vert på om lag 300 elevar frå den er ferdig bygd til ca 400 elevar kring 2040. All vekst innan dei mekaniske faga skjer da på denne skulen. Dette forenklar utbygging og frigjer kapasitet på Borgund på lengre sikt. Det bør ikkje medføre konsekvensutgreiing i høve til auka trafikk, og utbygginga kan skje raskt.

Side 9 Fagerlia fortsett med gjeldande tilbodsstruktur utan Musikk, dans og drama. Skulen får om lag 900 elevar. Samarbeidet med aktørane på Campus Ålesund kan utviklast vidare innan helsefaga og studiespesialisering. Det vert ei enklare og meir konsentrert utbygging som lar det står igjen mykje areal for utviding av Campus eller Fagerlia vgs i framtida. I sentrum vert det etablert ein ny skule med Studiespesialisering, Medier og kommunikasjon, Musikk, dans og drama og Ålesund kulturskole. Skulen vil ha om lag 800 elevar i tillegg til elevane på Kulturskolen. Borgund byggast ut som planlagt, men vil for framtida kunne byggast ut innan viktige utdanningsområde som Bygg- og anleggsfag og Helse- og oppvekstfag. Alle Ålesundskolane vil vere under 1000 elevar. Det vil vere oversiktlige med relativ god kjønnsbalanse. Den maritime skolen på vil skilje seg ut som ein rein guteskule, men ha ein tydeleg fagprofil mot den viktige maritime næringa på Sunnmøre. Med fem skular i Ålesund vert investerings- og driftskostnadane om lag likt som alternativa kor ein beheld både Fagerlia og. Kostnadane vil vere høgre enn alternativa kor ein av desse skulane er flytta til sentrum. Administrasjonskostnadane vil vere større med fem skuleeiningar. Alternativet med fem skular gjer det også mogleg å spreie utbyggingskostnadane over eit lengre tidsrom. Ein del opprustingsarbeid kan skyvast ut i tid. Dette er ikkje ynskjeleg, og kan vere vanskeleg om ein ikkje har gode avlastingsareal. Gitt at Borgund er bygd ut før 2020 vil der vere noko plass i modulbygg som avlasting i åra 2020-2030. Fylkesrådmannen tilrår ikkje fem skuleeiningar i Ålesund.

Side 10 Forslag til vedtak: 1. Fylkestinget vedtar at for skulane i Ålesund vert framlagt utviklingsplan alternativ 1 lagt til grunn for vidare arbeid. 2. Fylkestinget ber Fylkesrådmannen føre arbeidet etter regelverket for byggesaker. 3. Fylkestinget ber om at nødvendige endringar vert innarbeid i arbeidet med økonomiplan frå 2014. Sverre Hollen Kst. fylkesutdanningssjef Per Einar Langseth byggje- og vedlikehaldssjef Vedlegg: 1. Rapport ny Ålesundsstruktur Vedlegg 1 Rapport Ny Ålesundsstruktur 2 Høyring 1 3 Fråsegn høyring 1 4 Fråsegn høyring 2 5 Politisk sak - Kommunestyresak Ålesund kommune 6 Sørsida - Kulturskole og vidaregåande skole 7 Skisse ny Spjelkavikhall (Spjelkavik IL) 8 Teikningar 9 Teikningar Sørsida 10 Teikningar Fagerlia 11 Teikningar Spjelkavik 12 Teikningar Borgund