Møteinnkalling Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: 26.03.2014 Tid: 09:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller politikk@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter difor berre etter eiga innkalling. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Grunn til forfallet skal difor opplysast. Den som ønskjer å stille spørsmål om sin habilitet i ei sak jf forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr. 3 skal melde inn dette til utvalsekretæren eller juridisk avdeling i god tid før møtet. Dette også grunna eventuell innkalling av varamedlem jf forvaltningslova 8 3.ledd.
Saksnr Innhold Uoff PN 13/14 PN 14/14 K453 Kristiansund vgs B06 Ombygging/opprusting for særskiltelever - Skisseprosjekt - Utviding av prosjekt K103 Molde vgs - Orientering om val av totalentreprenør (ikkje offentleg: Offl 23 3. ledd) Godkjenning av protokoll X
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.03.2014 15987/2014 Jostein Wengstad Saksnr Utval Møtedato PN 13/14 Plannemnd for byggjeprosjekt 26.03.2014 K453 Kristiansund vgs B06 Ombygging/opprusting for særskiltelever - Skisseprosjekt - Utviding av prosjekt Bakgrunn I sak T-73/13 den 10.12.2013, godkjente fylkestinget økonomiplan for 2014-2017 I økonomiplanen kan ein på side 64 lese: Kristiansund vgs, Bygg 06, Ombygging/opprusting lokaler særskiltelever. Bygg 06 vert i dag nytta til spesielt tilrettelagt opplæring og realfag. I samband med ferdigstilling av bygg 08 vert realfag flytta ut av bygg 06. For å gje plass til fleire elevar med særlege behov er det presserande at bygget vert bygd om og tilrettelagt snarast etter at bygg 08 er ferdig. Fylkesrådmannen foreslår 7,0 mill. kroner (inkl. mva, lønns- og prisstigning) til dette prosjektet i 2014. I sak PN-7/14 den 19.01.2014 gjorde Plannemnda følgjande samrøystes vedtak: 1. Plannemnda godkjenner vedlagte prosjektplan for B06 ved Kristiansund vgs. 2. Byggje- og vedlikehaldssjefen gis fullmakt til å få utarbeidd forprosjekt og inngå avtale om ombygging med rammeavtaleleverandør. 3. Det er ein føresetnad at ein held seg innafor budsjettramma på 7 mill. kr. Med bakgrunn i dette vedtaket, sette byggje- og vedlikehaldssjefen i gang planlegging av ombygging av bygg 06 saman med rammeleverandør Strand & Stubø Entreprenør AS. Kostnadskalkylen som kjem fram i skisseprosjektet viser ein totalkostnad som langt overstig dei løyvde midlane. Årsaka til kostnadsauken ligg opplista nedanfor. Planlagt ombygd areal I utgangspunktet var det berre kjellaren som skulle ombyggast. Det vart gjort ein kvalifisert kalkulasjon, basert på dette arealet og ein nytta erfaringstal frå «Tung ombygging» ved kalkulasjonen av dei løyvde 7 mill.
Toppetasjen Ein kom i planleggingsfasen saman med skolen til at ein måtte endre noko på romstrukturen i toppetasjen. Dette for å løyse m.a. behov for: Garderobe WC ansatte Kontor avd.leiar Fleire små grupperom Kopirom Reinhaldsrom Ventilasjonsanlegg Det viser seg at eksisterande ventilasjonsaggregat, som forsyner begge etasjane, må skiftast. Vent.anlegget, som er frå byggeår (1979), har svært liten kapasitet og har tekniske løysingar som ligg langt utafor dagens funksjonskrav. For å få godkjente luftmengder til alle romma som vert ombygde i toppetasjen, etter dagens norm, må ein føre fram nye kanalar. Varmeforsyning Når det gjeld varmeforsyning, er det eit ståande krav at det skal etablerast vassboren varme ved omfattande rehabilitering. For å knyte seg på det nye nærvarmenettet, må det leggast nye varmerør frå fyrrom i bygg 07 og vidare inn i teknisk rom i bygg 06. For å få eit heilskapeleg anlegg og for å kunne fase ut el-varmeomnane i toppetasjen, ser ein det som naudsynt også å ta med denne etasjen i det nye varmeanlegget. Inngrepa her vil bestå i å ta hol i betongdekket frå undersida og montere radiatorar i eigna plasseringar. Tilfluktsrom Ein la til grunn at tilfluktsrommet kunne søkast eliminert. Dette vart avslått av Sivilforsvaret og ein må ta omsyn til at dette må kunna settast tilbake i original stand innan 72 timar. Ein må og etablere større rømningsdør frå tilfluktsrommet. Kostnad Det er sett opp følgjande kostnadsestimat på skisseprosjektnivå. Strand & Stubø Entreprenør AS kr 7.500.000,- eks mva Marginer/ reserver kr 840.000, - eks mva Inventar og utstyr kr 500.000, - eks mva Byggherrekostnader kr 300.000, - eks mva Byggherreombod kr 250.000, - eks mva ARK tidligfase kr 50.000, - eks mva Sum eks mva kr 9.440.000,- Mva kr 2.360.000,- Sum inkl mva kr 11.800.000,-
Finansiering Byggje- og vedlikehaldssjefen foreslår finansiering på følgjande måte; Vedtak FT desember 2013 7,0 mill Nytt prosjekt A469 Kristiansund vgs ombygging bygg 06 1,8 mill Nytt prosjekt M457 Kristiansund vgs ombygging bygg 06 2,0 mill Restbeløp (Løyving etter FT si handsaming av reknskap i april) 1,0 mill Sum kr 11,8 mill Vurdering Byggje- og vedlikehaldssjefen meiner det er naudsynt å innlemme toppetasjen i prosjektet og at varmeforsyninga også vert oppgradert i heile denne etasjen. Det er og naudsynt å oppgradere ventilasjonen for dei områda som vert ombygde i denne etasjen og knyta den saman med ventilasjonskanalane som vart monterte ved ei ombygging som skjedde i delar av denne etasjen i 2008. Det er byggje- og vedlikehaldssjefen sitt mål at saka skal leggjast fram som forprosjekt for Plannemnda i april 2014. Ein gjer oppmerksam på at kalkylen som ligg føre i skisseprosjektet er relativt grov, men vil vere meir nøyaktig i forprosjektet som vert lagt fram. For at ombygginga skal kunne gjennomførast til skolestart, må detaljprosjektering gå parallelt med at forprosjekt vert utarbeidd. Forslag til vedtak: 1. Plannemnda godkjenner at varme og ventilasjon også i toppetasjen vert innlemma i prosjektet. 2. Plannemnda godkjenner at kostnadsramma på skisseprosjektnivå vert utvida til 11,8 mill inkl. mva 3. Plannemnda godkjenner at detaljprosjektering kan utførast parallelt med at forprosjektrapport vert utarbeidd. 4. Det er ein føresetnad at Plannemnda godkjenner totalkostnaden og finansiering før kontrakt med entreprenør, på utførelse, vert signert. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Per Olaf Brækkan byggje- og vedlikehaldssjef
Godkjenningavprotokoll