Forfall skal meldast til utvalssekretær, Hanne Småge, tlf som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Like dokumenter
- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Gjennomføring av våreksamen elevar og privatistar

Gjennomføring av våreksamen elevar og privatistar

Gjennomføring av våreksamen 2012 elevar og privatistar

Gjennomføring av eksamen våren elevar og privatistar

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Gjennomføring av eksamen våren elevar og privatistar

-Ein tydeleg medspelar. Lærekandidatordninga. Varig arbeid

Alternative opplæringsmodeller. Bodø,

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Fleksibel opplæring innan fag- og yrkesopplæringa

Alternative opplæringsmodeller. Rådgiverkonferanse, Mo i Rana

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

Orientering om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

OVERSIKT OVER AKTIVITETER I FAGOPPLÆRINGEN BASERT PÅ OPPLÆRINGSLOVEN MED FORSKRIFT 2011/2012

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Fagopplæring - muligheter i ordninga for lærlingar og lærekandidatar

Praksisbrevordningen delmål på veien til fagbrevet?

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SAMFUNNSKONTRAKf FOR FLERE læreplasser

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

YRKESOPPLÆRINGSNEMNDA I MØRE OG ROMSDAL. Årsoversikt 2011

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Teksten i endringsforskriften er hentet fra Norsk Lovtidend og gjengitt nedenfor.

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Tenk framtid Bli lærebedrift

Saksnr Utval Møtedato YN-3/17 Yrkesopplæringsnemnda UD 10/17 Utdanningsutvalet

Ulike veier til fag- og svennebrev

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Yrkesopplæringsnemnda

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Ny høring, «Fagbrev på jobb»

ÅRSRAPPORT Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Side 1 av 5

Yrkesopplæringsnemnda

Overgang og samarbeid grunnskule - vgo. Rådgivar Berit Brudeseth Rådgivar Trygve Brunvoll

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven og forskrift til friskoleloven med merknader

ÅRSRAPPORT Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Side 1 av 5

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Skolebruksplanen , høringsbrev

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Saknr. 12/ Ark.nr. 033 Saksbehandler: Turid Borud. Handlingsplan for Yrkesopplæringsnemnda i Hedmark. Forslag til vedtak:

Praksisbrev Udir

«Hjelp til selvhjelp for karriereveiledere i Møre og Romsdal»

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Minoritetsspråklige- informasjonsdeling og nettverksbygging

Lærekandidatordningen i Buskerud fylkeskommune

ORIENTERINGSMØTE NOVEMBER Utdanningsavdelinga

Møteprotokoll. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: Forskjønnelsen, Wigandgården, 8. et Dato: Tidspunkt: 12:00-14:00

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

ÅRSRAPPORT Fagopplæringskontoret

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

Kva skjer? Nasjonal hospiteringssamling. Anne Katrine Kaels Utdanningsdirektoratet 25. mars 2015

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

Faglege presiseringar for samarbeid mellom PPT - skole - bedrift. Inntaksmøte 14. februar 2019

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Kent Logan Jelle Medlem Elev/lærlingar Hanne Notøy Inger Mette Stenseth.

Håndbok for praksisbrev. Praktisk opplæring i Vg1 og Vg

Praksisbrev - forsøk med etablering i Hordaland 2015

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 6/2015

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Bruk av tiltaksmidler for styrking av fagopplæringen 2014

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

HANDLINGSPLAN. Vedlegg til. Regional samfunnskontrakt Agder

Avdeling for videregående opplæring. FAG-/SVENNEPRØVE for PRAKSISKANDIDATER

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Kompetanse høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylke

Rapport for Fylkeskommunens hovedmålsetting for tiltaket ( ): Overordna målsettingar: Skule og næringsliv t ek felles samfunnsansvar

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: Fylkeshuset, Molde, Møterom 700 Dato: 06.09.2012 Tid: 13:00 Forfall skal meldast til utvalssekretær, Hanne Småge, tlf 71 25 87 77 som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Side1

Side2

Saksnr YN-5/12 YN-6/12 YN-7/12 YN-8/12 Innhold Orienteringssak: Søknad om forsøk med praksisbrev i vidaregåande opplæring Orienteringssak: Honorar for prøvenemnder Orienteringssak: Status i formidlingsarbeidet pr august 2012 Samfunnskontrakten - Innspel til arbeidet med samfunnskontrakten RS-3/12 RS-4/12 Informasjon om endring i vedtektene for Byggopp M&R Hausteksamen 2012-elevar og privatistar, organisering og gjennomføring Side3

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 29.08.2012 50337/2012 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-5/12 Yrkesopplæringsnemnda 2012-2015 06.09.2012 Orienteringssak: Søknad om forsøk med praksisbrev i vidaregåande opplæring Frå skoleåret 2007/2008 vart det starta forsøk med praksisbrev i tre lærefag i tre fylkeskommunar. Frå 2008/2009 vart talet på læreplanar utvida til 16. Forsøket varte ut skoleåret 2009/2010. Bakgrunnen for forsøket var fråfall i den vidaregåande skolen, særleg innafor yrkesfaglege utdanningsprogram. Rapporten frå forsøket viser at det var god gjennomføring, og dei fleste som var med har i ettertid teikna ordinær lærekontrakt. Utdanningsdirektoratet har ikkje bestemt korleis dei vil ta arbeidet med praksisbrev vidare og har opna for at fylkeskommunane kan søkje om nye forsøk. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer difor å prøve ut ordninga i nokre regionar. Praksisbrev for lågare fråfall Målgruppa for praksisbrevordninga er rettselevar med svake skuleresultat frå ungdomsskulen og som søkjer til yrkesfaglig utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Dette er ungdom som vil stå i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring. Elevgruppa er arbeidsorientert ungdommar, som har lite motivasjon for ordinær skule. Praksisbrev legg til rette for vidaregåande opplæring med vekt på praktisk opplæring dei første åra, og gjev ei moglegheit til å ta ei praksisbrevprøve etter to års opplæring. Etter to åra skal kandidaten kunne oppnå, og få dokumentert ein yrkeskompetanse som arbeidslivet kan bruke. Kandidaten skal etter praksisbrevprøva kunne fortsette opplæringa og oppnå full kompetanse innan faget i løpet av ordinær opplæringstid. Ordninga er i utgangspunktet open for alle, men er særleg lagt til rette for ungdom og rettselevar som etter avslutta grunnskule, ønskjer ei meir praktisk opplæring. Kva reglar er det som gjeld? Opplæringa til praksisbrev følgjer i hovudsak dei bestemmingane i opplæringslova og forskrift til opplæringslova som gjeld for lærekandidatar. Dette inneber mellom anna at lærebedrifta og opplæringskontrakta som vert teikna med kandidaten, skal godkjennas av fylkeskommunen. Vidare får kandidaten rettar og plikter etter arbeidsmiljølova. Side4

Side 2 Opplæringa skjer med utgangspunkt i eigne læreplanar utarbeidd for forsøket. Desse læreplanane tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplana for faget. Kompetansemåla i desse læreplanane er tilpassa det som er rimeleg å legge til grunn for to års opplæring. I tillegg skal kandidatane ha opplæring i norsk, matematikk og samfunnsfag (Vg1 over to år). Opplæringa i desse faga skal yrkesrettas og det skal gis ordinær vurdering. Opplæringa avsluttas med ein praksisbrevprøve og det skrivast ut eit kompetansebevis som dokumenterer bestått praksisbrev. Økonomi Lærebedrifter som tek inn praksisbrevkandidatar får basistilskot I for begge åra. Om fylkeskommunen tek ansvar for delar av opplæringa blir tilskotet tilsvarande avkorta. Dei praksisbrevkandidatane som fortset i normalt lærlingløp i faget etter avlagt og bestått praksisbrevprøve løyser ut tilskot på lik linje med ordinære lærlingar. Bedrifter som tek inn praksisbrevkandidatar kan søkje om ekstra tilskot for lærlingar og lærekandidatar med særskilt behov. Bedrifta vil og få eit ekstra tilskott på kr 2000,- pr månad i heile læretida. Praksisbrevet skal sjåast på som eit delmål på vegen fram mot fullt fagbrev. Forsøk med praksisbrev er i tråd med eit av innsatsområda i Ny GIV oppfølgingsprosjektet, der vi forpliktar oss til å prøve ut opplæringsmodellar som kombinerer arbeidspraksis med læreplanmål../. Vedlagt følgjer søknad til Utdanningsdirektoratet. Sverre Hollen kst fylkesutdanningssjef Side5

Utdanningsdirektoratet Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 31838/2012/ Inger Anita Sjømæling, 71 25 80 19 23.05.2012 - Søknad om forsøk med praksisbrev i vidaregåande opplæring Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å starte opp med forsøk i ordninga med praksisbrev frå hausten 2012. Forventa varigheit 2 år. Antal kandidatar er stipulert til 20. Læreplanane som er planlagt forsøkt er: - Tømrarfaget - Instutisjonskokkfaget - Kokkefaget - CNC-maskineringsfaget - Sveisefaget - Salsfaget - Platearbeidarfaget - Betongfaget - Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Skolane som deltek er: Romsdal videregåande skole i Molde Ørsta videregåande skole i Ørsta Kristiansund videregåande skole i Kristiansund. Bedrifter som deltek vil vi komme attende til, men dei vil bli tilpassa den enkelte elev og læreplan. Vi søker forsøk etter Opplæringslova 1-4, der det gis løyve til avvik frå opplæringslova med tidsavgrensa pedagogiske og/eller organisatoriske forsøk. Med helsing Sverre Hollen ass. fylkesutdanningssjef Inger Anita Sjømæling seksjonsleiar Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 87 80 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side6

Side7 Side 2

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 29.08.2012 50328/2012 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-6/12 Yrkesopplæringsnemnda 2012-2015 06.09.2012 Orienteringssak: Honorar for prøvenemnder Vi viser til tidlegare sak i yrkesopplæringsnemnda i møte 29.03.12: YN 4/12 - Honorar for prøvenemndsarbeid. Leiaren i yrkesopplæringsnemnda fremma følgjande forslag til nytt vedtak i sak YN-4/12 i møte 29.03.12: Yrkesopplæringsnemnda rår til at satsane frå KS blir følgt for alle prøvenemnder. Yrkesopplæringsnemnda ber om at saka blir oversendt til utdanningsutvalet vedlagt ei nærare utgreiing frå administrasjonen om honorar for prøvenemnd i ambulansefaget. Forslaget vart samrøystes vedteke. Administrasjonen har forsøkt å finne ut meir om kvifor prøvenemnda i ambulansearbeidarfaget har ein høgare sats for honorar enn andre prøvenemnder. Det ligg ikkje føre noko skriftleg dokumentasjon etter 2000. Då var det behandla ei sak som omhandla overgangsordningar for ein del prøvenemnder som kom dårleg ut etter at KS sine satsar vart innført i fylkeskommunen. Denne overgangsordninga skulle vare i eitt år. Det var og nokre andre prøvenemnder som hadde litt høgare sats enn andre, men dei ligg no under det som er dei nye satsane frå KS../. Utdanningsavdelinga har utarbeidd eit brev til medlemene i ambulansearbeidarfaget om at satsane vil verte endra (sjå vedlegg). Satsane for honorar var ikkje ferdig behandla då dei nye prøvenemndene vart valt frå 1.1. 2012. For at medlemene skal få tid på å bestemme om dei vil fortsette med arbeidet etter nye satsar så ønskjer vi å endre satsane frå 1.1.2013. Saka vart behandla i Utdanningsutvalet i sak Ud-20/12 i møte 06.06.12: Samrøystes vedtak i Utdanningsutvalet - 06.06.2012 Utdanningsutvalet rår til at satsane frå KS blir følgt for alle prøvenemnder frå 1. juni 2012 med unntak for prøvenemnda i ambulansearbeidarfaget. Utdanningsutvalet rår til at satsane for honorar til prøvenemnd i ambulansearbeiderfaget vert justert frå 1.1. 2013 til same sats som alle andre prøvenemnder. Sverre Hollen kst fylkesutdanningssjef Side8

Side9 Side 2

Side10

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.08.2012 50120/2012 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-7/12 Yrkesopplæringsnemnda 2012-2015 06.09.2012 Orienteringssak: Status i formidlingsarbeidet pr august 2012 Bakgrunn I 2011 vart det formidla 790 primærsøkarar til læreplass(1.9.2011). Dette viser ei auke på 36 frå året før. Formidlingsprosenten vart for 2011 på 79 %. Søkartalet til læreplass har vore stabilt dei siste åra på ca 1000 primærsøkarar. I dette talet inngår både dei med rett og dei som ikkje har rett. I 2012 vart det ein liten auke i søkartalet med 1100 primærsøkarar. Formidlinga for 2012 avsluttast ikkje før i oktober så eksakte tal og prosentar ligg ikkje føre enno. Så langt i år har vi formidla 655 søkarar til læreplass. På same tid i fjor hadde vi formidla 635 søkjarar. Det er stor aktivitet no dei siste månadene, så talet på formidla søkarar kjem til å auke. Vi viser til vedlagte oversikt over attståande søkarar i dei ulike lærefaga. Vi har som tidlegare år flest attståande i tømrarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. I tillegg så er det fleire attståande i industrimekanikarfaget, bilfaget, elektrikarfaget og IKT-servicefaget. Vi har og i år valt å tilby VG3 i skole til søkarar som ikkje har fått læreplass i tømrarfaget. Tilbodet er ved Fræna vidaregåande skole og dei har allereie starta opplæringa. Det kan og verte aktuelt å tilby VG3 i andre fag. Enkelte kan få tilbod om opplæring i VG3 i skole i andre fylke som har starta kurs. Utfordringar tiltak I 2011 vart det løyvd midlar i statsbudsjettet som skulle gå til styrking av opplæring i bedrift. Det vart sett i verk tiltak for mellom anna ei auke i tilskotet til helsefaga. Det var ei styrking på kr 2000,- per månad som skulle vare heile læretida. Desse lærebedriftene vil da få eit ekstra tilskot fram til våren 2013. Bakgrunnen for tiltaket var å prøve å auke talet på læreplassar innafor desse faga. Vi ser likevel at talet på læreplassar i kommunane ikkje fekk nokon reell auke. Vi har av den grunn ikkje vidareført ordninga i 2012. I statsbudsjettet for 2012 vart ikkje desse midlane øyremerka til styrking av bedrifter, men lagt i ramma. Vi har valt å bruke ein del av desse midlane til vidareføring av tiltak som var sett i verk. I tillegg til nye tiltak som m.a. regionale samlingar. Side11

Side 2 I 2011 løyvde vi midlar til lærlingar som det er vanskeleg å formidle. Det er t.d. elevar med svake karakterar og høgt fråvær. Dette var ei vellukka satsing i 2011. Av dei som fekk slike tilskot var det berre ein som ikkje fekk teikna lærekontrakt. Vi løyvde midlar i 3 månader tilsvarande 30% av fagarbeidarløn. Denne ordninga har vi vidareført i 2012. Utdanningsavdelinga har teke initiativ til regionale møte med bedrifter, dei vidaregåande skolane og opplæringskontora hausten 2011 og våren 2012. På desse møta har det vore informasjon om ulike ordningar for fagbrev, behovet for arbeidskraft i ulike fag og prosjekt til fordjuping. På denne måten er det oppretta fleire nettverk som kan samarbeide betre om lærlingordninga. Det vert og eit betre samarbeid mellom skolar og bedrifter med tanke på faget Prosjekt til fordjuping. Dette faget er viktig for elevane med tanke på ein framtidig læreplass. Informasjon til elevane om korleis dei kan skaffe seg læreplass er viktig. Kva må dei sjølv gjere og kva kan vi hjelpe dei med. Det viser seg at mange ikkje har forstått at dei sjølv har eit ansvar for å skaffe seg læreplass. Eit tiltak her må vere meir informasjon. Vi har i år mellom anna oppretta ei facebookside der vi legg ut linkar til ledige læreplassar og anna informasjon som er retta mot formidling. Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda tek orienteringa om formidling til vitande og ber om ei ny orientering når formidlingsprosessen er avslutta. Sverre Hollen kst fylkesutdanningssjef Side12

Side13

Side14

Side15

Side16

Side17

Side18

Side19

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.08.2012 50126/2012 Inger Anita Sjømæling Saksnr Utval Møtedato YN-8/12 Yrkesopplæringsnemnda 2012-2015 06.09.2012 Samfunnskontrakten Innspel til arbeidet med samfunnskontrakten Bakgrunn Utdanningsavdelinga ber yrkesopplæringsnemnda om innspel til aktivitetar og tiltak for at vi på ein best mogleg måte kan nå måla i samfunnskontrakten. I april 2012 vart ein ny samfunnskontrakt for å skaffe fleire læreplassar underskriven av partane i arbeidslivet (sjå vedlegg til saka). Det norske arbeidslivet er avhengig av god rekruttering av fagarbeidarar med høge kvalifikasjonar og vi vil få behov for langt fleire fagarbeidarar enn dei vi utdannar i dag. Om lag halvparten av elevane frå ungdomsskolen søker seg til yrkesfag. I Møre og Romsdal var det 56 % av elevane i 2011 som søkte yrkesfag. Samtidig så ser vi at det er her det er størst fråfall. Ei viktig målsetting er at fleire fullfører med fag- eller sveinebrev. For å oppnå dette så ønskjer partane gjennom ein samfunnskontrakt for fag- og yrkesopplæringa å fornye samarbeidet mellom utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet. Ei hovudmålsetting for partane er fleire læreplassar i privat og offentleg sektor, og partane forpliktar seg til å gjennomføre tiltak for å oppnå dette. Den nye samfunnskontrakten beskriv resultatmåla slik: Antallet godkjente lærekontrakter skal øke med 20 % i 2015 i forhold til nivået ved utgangen av 2011 Øke antallet voksne som tar fag- og svennebrev Øke andelen lærlinger som fullfører og består med fag- eller svennebrev Alle partane forpliktar seg til å gjennomføre konkrete tiltak. Statlege myndigheiter Fylkeskommunen arbeider tett opp mot statlege myndigheiter og mange av dei tiltaka som kjem under statlege myndigheiter sine tiltak er allereie sett i verk av fylkeskommunen. Det er t.d. støtte til bedrifter som tek inn lærlingar som er vanskeleg å formidle, kompetanseheving for yrkesfaglærarar, instruktørar og medlemer i prøvenemnder og hospiteringsordningar for yrkesfaglærarar og instruktørar. Vi arbeider og med å tilby skolar å opprette forsøk med VG3 i skole, der vi er interessert i ulike ordningar. Side20

Side 2 Fylkeskommunane sine tiltak Fylkeskommunen har som skoleeigar ansvar for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring. Dei skal syte for ei riktig dimensjonering av tilboda. Ein viktig samarbeidspartnar i det arbeidet er yrkesopplæringsnemnda. Fylkeskommunen skal bidra til at det vert teikna realistiske intensjonsavtalar mellom skolar, opplæringskontor og lærebedrifter. Rådgiving til elevane må styrkast og statusen for fagopplæring må aukast. Partane i arbeidslivet Partane i arbeidslivet skal bidra til å synleggjere behovet for fagarbeidarar og gode yrkeskvalifikasjonar i arbeidslivet og dei skal sette seg mål for å betre rekrutteringa av lærlingar innafor dei ulike bransjane. Eit viktig område er å oppfordre til å bruke regelverket, slik som Lov om offentlege standardar med Forskrift om offentlige anskaffelser, 3-11, i sine avtalar og kontraktar. Partane skal og bidra til betre samarbeid mellom skolar og verksemder. Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda vil i samarbeid med alle aktørane i fag- og yrkesopplæringa bidra til å nå måla i samfunnskontrakten. Yrkesopplæringsnemnda har følgjande forslag til tiltak: 1. --- 2. --- 3. --- Sverre Hollen kst fylkesutdanningssjef Side21

Side22

Side23

Side24

Side25

Side26

Side27

Møre & Romsdal Fylke Utdanningsavdelingen v/ Ola Ivar Eikebø Fylkeshuset Ark.koilE.' 6404 Molde Ark.kocIP. Avøebn MØREOGROMSDAL FYLKE - MR Ar/saksnr Ålesund 30.04.2012 1 0 MAi 2012 fi«sl Saksbeh. Informasjon om endring i vedtektene for Byggopp M&R Byggopp Opplæringskontoret for Bygg- og Anleggsteknikk M&R har gjort én endring i vedtektene, som herved oversendes fylket for godkjenning. Under 5 GENERALFORSAMLING har det stått: "Ordinært årsmøte avholdes hvert år innen utgangen av mars måned." Den nye og endrede teksten blir som følger: "Ordinært årsmøte avholdes hvert år innen utgangen av april måned." Det vil si at vedtektene endres ved at ordinært årsmøte skal avholdes innen april måned hvert år, i stedet for innen mars måned. Årsaken til endringen er problemer knyttet til å få årsregnskap og revisjon ferdig til slutten av mars. A1DanErik aglig leder Klock Side28

Side29

Side30

rundskriv nr. 8/12 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 02.07.2012 42080/2012/062 - Hausteksamen 2012 - elevar og privatistar, organisering og gjennomføring Vi syner til artikkel m/vedlegg frå Utdanningsdirektoratet, datert 27.06.2012: Eksamensdatoar. Eksamensplana for våren 2013 er publisert som vedlegg i same artikkel. Brevet frå Utdanningsdirektoratet om oppmelding av eksaminandar til sentralt gitt eksamen hausten 2012 er ikkje kome enno, men skolane må gå gjennom dette nøye når det kjem og halde seg til fristar og andre meldingar. Oppmeldingane vil som våren 2012 skje via PAS-systemet. Reglane for bruk av hjelpemiddel for sentralt gitt eksamen vil vere dei same som for våreksamen, jf. brev frå Utdanningsdirektoratet ref. 2008/08630, datert 22.09.08 for faga i Kunnskapsløftet, og brev datert 08.12.2010 for endringar i hjelpemiddelordningane for praksiskandidatar. For dei lokalt gitte skriftlege eksamenane i Opplæringsregion Nord gjeld same hjelpemiddelordningane som for sentralt gitte skriftlege eksamenar. Vi syner elles til Rundskriv 18/11 frå utdanningsavdelinga Gjennomføring av eksamen våren 2012., liste over aktuelle rundskriv, brev og andre meldingar. NB! Skolane må sjølve halde seg oppdaterte på nettet om brev og andre meldingar som vert lagt ut om eksamen. 1. Organisering og gjennomføring av eksamen Fylkesutdanningssjefen v/rådgivarar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen. Lokal gitt eksamen for privatistar Rådgivarar for eksamen har ansvar for: - samordning av eksamensavvikling - samordning og utarbeiding av eksamensoppgåver - sensoroppnemning i samarbeid med skolane - eksamensplan Eksamen for privatistar oppmelding Privatistweb vil bli open 15. august 15. september 2012. - alle privatistoppmeldingar SKAL skje på nettet i privatistweb, og det er no 10 skolar i fylket som tek imot oppmeldingar og avviklar privatisteksamen - oppmeldingsfristen den 15. september er absolutt, berre rådgivarar for eksamen kan dispensere ved for sein oppmelding, søknad om dispensasjon må vere skriftleg - informasjon til privatistane vert gitt i privatistweb og ved den skolen som privatistane melder seg til - det skal betalast eksamensgebyr for kvar eksamen som kjem sjølvstendig til uttrykk på vitnemålet/kompetansebeviset - skolen der privatisten er oppe til eksamen skriv ut vitnemål/kompetansebevis. Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 80 78 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side31

Praksiskandidatar og kandidatar til avviksfag Vg3 oppmelding - kandidatane skal melde seg opp på nettet i privatistweb til den skolen dei ønsker å avleggje eksamen ved - eksamensskolane må registrere dei oppmelde i PAS-systemet, og ut frå desse registeringane får skolane tilsendt eksamensoppgåvene - informasjon om eksamen og læremateriell vert gitt av skolen der kandidaten skal gjennomføre eksamen - eksamensskolen skriv ut kompetansebevis - rådgivarar for eksamen skaffar sensorar. Ny, utsett og særskilt prøve for elevar og lærlingar - skolen som eleven/lærlingen tilhøyrer (elevstatusen gjeld for ny, utsett og særskilt eksamen) har ansvaret for ny, utsett og særskilt eksamen og gjennomføre den. Klagehandsaming - vi syner til Rundskriv 5/12 frå utdanningsavdelinga og anna utsendt informasjon om klagehandsaming. Gjennomføring av hausteksamen - oppmelding skal skje innan 15. september 2011 - sentralt gitte prøver er lagt til perioden 08. november 7. desember - lokalt gitte prøver skal i hovudsak gjennomførast i veke 46 (munnleg) og i veke 47, 48 og 49 for skriftlege og nokre munnlege fag for elevar som har meldt seg opp til ny, særskilt eller utsett eksamen og alle privatistar. Datoar for lokalgitt skriftleg eksamen for privatistar vert lagt inn i privatistweb før 1. september. - praksiskandidatar/lærlingar (teoridelen for fag/sveineprøve) skal opp til tverrfagleg eksamen på Vg2/Vg3- nivå den 06.12.2012 og 07.12.2012. For avviksfaga på Vg3-nivå er eksamensdatoen den 28.11.2012. - Prøveavgifta er no kr 378,- for førstegongsprøve, og kr 775,- for dei som har karakter i faget frå før. Informasjon om oppmelding ligg på nettet under www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Her ligg det også informasjon om kven som skal betale prøveavgift og kven som ikkje skal betale. - NB! All privatistoppmelding er frå og med hausten 2010 kopla til nettbankløysingar, og oppmeldingane vert ikkje registrert før betaling er godkjent. Fylkesutdanningssjefen vil gå ut med annonser i dagspressa i veke 32 og 36../. Kopi av annonseteksta ligg ved dette rundskrivet. 2. Økonomi For privatisteksamen, prøva for praksiskandidatar og avviksfaga Vg3 skal rekningane frå sensorane ikkje belastast budsjetta til skolane, men sendast med underskrift frå skolane direkte til utdanningsavdelinga v/rådgivar for eksamen for utbetaling. Utgiftene til ny, særskilt og utsett prøve for elevar og lærlingar skal belastast budsjettet til eksamensskolen. Sverre Hollen konst.fylkesutdanningssjef Gjenpart: Ressurssentera Opplæringskontora Opplæringsringer Lærarorganisasjonane Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda Side32

LOGO MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE UTDANNINGSAVDELINGA http://www.mrfylke.no HAUSTEKSAMEN 2012 i den vidaregåande skolen Privatistar, lærlingar. Elevar/lærlingar som har rett til ny, utsett og særskild eksamen Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3 Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er berre nettbasert (web). Det er 10 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar. Privatistweb er open for oppmelding i perioden 15. august - 15. september 2012. For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp. Skolane vil hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb. Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske. Elevar som skal ha ny, utsett eller særskild prøve melder seg til skolen dei hadde faget ved våren 2012. Oppmeldingsfrist: 15. september 2012. NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen. Innrykk: Romsdals Budstikke, Tidens Krav, Sunnmørsposten: 11. august 2012 og 8. september 2012. Side33