Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle» Av Ørjan Skåden Innvik 15.01.2016
Forord Dette er ein sluttrapport for prosjektet Heimlund for Alle, der hovudoppgåva var å bygge nytt handikapptoalett og handikappheis i bygdehuset Heimlund i Innvik. Samandrag Prosjektet Heimlund for alle, der hovudoppgåva var å bygge nytt handikapptoalett og handikappheis i bygdehuset Heimlund i Innvik vart gjennomført i hht. til søknad og plan. Budsjettet var på totalt kr 256.924,- medan resultatet vart til slutt kr 251.950,-. Kap 1. Bakgrunn for prosjektet/målsetting Bygdehuset Heimlund har sidan ferdigstilling i 1912 vore flittig brukt av Innvikarane. Då 100- års jubileum nærma seg, såg fleire i bygda at bygdehuset trengte ein oppgradering om vi ville at bygget skulle brukast vidare. Det var spesielt taket som var dårleg, men og toaletta var av dårleg standard. Sidan 2012 har Innvikarane brukt ca. 1,1 mnok til nye dame- og herre-toalett, nytt yttertak, ny ytterdør, nytt tak på gamlescena og diverse anna arbeid. Det er til no utført over 2.000 timar med dugnad. Heimlund er bygt på ein slik måte at det er ei stor trapp som fører frå hovudinngang og opp til hovudsalen. Dørene til toaletta var og for smale til at rullestolbrukarane kom inn på toalettet. Det var difor hausten 2014 fatta eit Styrevedtak i Heimlund styret om å bygge nytt handikapptoalett og handikappheis. Styret ville at bygdehuset Heimlund skulle vere tilgjengeleg for alle Innvikarar. Følgjande kapitalbehov og finansieringsplan vart vedtatt i Styremøte: Kapitalbehov Finansieringsplan Bygging av toalett: tilbod frå Snekkar Otto AS kr 66 300 Eigenkapital kr 44 096 Elektrikar arbeid: stipulert kr 12 000 Sparebankstiftelsen kr 20 000 Utstyr til toalett: tilbod frå Pebo AS kr 22 964 Eigeninnsats kr 8 000 Sklisikkert golv: Epoxy - stipulert kr 2 000 Tilskot frå Ekstrastiftelsen kr 145 000 Div maling: stipulert kr 1 500 Refusjon mva (80%) Kr 39 828 Handikappheis: Tilbod frå Handicare kr 118 160 Elektrikar arbeid: Framlegging av 10 amp kurs Kr 6 000 Uforutsett og prisstigning kr 20 000 Riving av vegg, måling mm - 40 timar à 200 kr/t kr 8 000 Sum kapitalbehov Kr 256 924 Sum finansiering Kr 256 924 Alle tal inkl. mva (ikkje mva på dugnadsarbeid) Totalt mva 49 785
Då vi fekk tilsegn frå Ekstrastiftselsen på kr 145.000,- fatta Styret vedtak om å sette i gang med prosjektet. Kap 2. Prosjektgjennomføring/Metode Prosjektet er gjennomført delvis på dugnad av dugnadsgjengen i Heimlunds Venner pluss innleidd profesjonell arbeidskraft som rørleggar, snekkar og elektrikar. Seljar av handikappheisen monterte heisen for prosjektet, som ein del av kostnaden. Prosjektet vart forsinka i forhold til framdriftsplanen, men ein stor sluttinnspurt gjorde at både handikapp-toalettet og handikappheisen vart brukt på arrangement i november og desember 2015. Kap 3. Resultatet og resultatvurdering Prosjektet er gjennomført i hht. til plan og budsjett. Sjå bilder som vedlegg. I tabellen under har ein sett opp ein oversikt over rekneskapstala samanlikna med budsjettet. Kapitalbehov Budsjett Rekneskap Bygging av toalett: Snekkar Otto AS kr 66 300 kr 46 677 Elektriker arbeid: stipulert kr 12 000 kr 5 288 Utstyr til toalett: Pebo AS kr 22 964 kr 59 624 Sklisikkert golv - Epoxy kr 2 000 kr 2 199 Div. maling kr 1 500 kr 1 800 Handikappheis: Handicare kr 118 160 kr 122 129 Elektrikker arbeid: Framlegging av 10 amp kurs Kr 6 000 Kr 5 000 Uforutsett og prisstigning kr 20 000 kr 33 Riving av vegg, fjerne golv, betongsaging - 40 timar à 200 kr/t kr 8 000 kr 7 200 Prosjektarbeid kr 0 kr 2 000 Sum kapitalbehov Kr 256 924 Kr 251 950 Finansieringsplan Budsjett Rekneskap Eigenkapital kr 44 096 kr 19 624 Sparebankstiftelsen kr 20 000 kr 25 000 Eigeninnsats kr 8 000 kr 16 200 Tilskot frå Ekstrastiftelsen kr 145 000 kr 145 000 Refusjon mva (80%) Kr 39 828 Kr 46 126 Sum finansiering Kr 256 924 Kr 251 950 Kommentarar til rekneskapen: Totalsum er omtrent som budsjett, men det er større avvik på ein del postar. Tilbodet frå Snekkar Otto AS var romsleg og etter oppstart av prosjektet såg vi raskt at vi kom betre ut enn tilbod. På posten Utstyr til toalett, oppdaga byggjeleiar at det som var tiltenkt kjøpt brukt ikkje kunne nyttast, kvaliteten var for dårleg og styret valte dermed å kjøpe det meste nytt.
Sjølve handikappheisen var på budsjett. Differansen var prisstigning etter at vi fekk tilbodet. Heile uforutsett-posten gjekk til å dekke inn kostnad ved kjøp av utstyr til toalettet. Dei andre postane var det mindre justering på. På finansieringsida fekk vi meir i tilskot frå Sparebankstiftinga og eigeninnsatsen måtte aukast opp pga meirarbeid til sjølve prosjektarbeid. Det som gjenstår i prosjektet er å søke om mva-refusjon hausten 2016 (søknadsfrist 01.09.2016) basert på rekneskapstal gjennomført i 2015. Søknaden på mva-refusjon vil vere på ca 57.000,-. Av erfaring har vi satt denne til 80% då potten for mva-refusjon blir bestemt politisk kvart år (tal søknadar er og avgjerande). Kap 4. Oppsummering/Konklusjon/Vidare planer Styret er veldig nøgd med resultatet og alle som til no har brukt det nye tilbodet er imponert av det vi har fått til. Vi kan heilt klart seie at vi bygdehuset Heimlund no kan nyttast av alle Innvikarar.
Vedlegg bilde frå prosjektet Bilde før oppstart. Kioskbua rett fram vart rive og erstatta med handikapptoalett Etter riving og fjerning av golv Grunnarbeid av rørlegger
Støyping av golv Nytt toalett og bad. Handikappholdar mm er ikkje montert Trapp før montering Trapp etter montering av handikappheis
Nytt toalett og heis Heis klar for transport