Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag"

Transkript

1 Verksemdområde:- Forebygging Prosjekt nr.: Prosjekt navn:- Trimrom på Hosangerheimen Søker organisasjon:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag

2 Sluttrapport for prosjektet «Trimrom på Hosangerheimen». Forord. Prosjektet «Trimrom på Hosangerheimen» er eit resultat av fleire ulike behov og ynske som styret i Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag har lagt merke til og som me etter kvart ynskte å gjera noko med. Denne sluttrapporten vil gjera greie for bakgrunn, planlegging og gjennomføring av prosjektet vårt. Målet vårt var å innreia eit ledig rom på Hosangerheimen til eit triveleg og velutstyrt treningsrom for alle aldersgrupper. Me oppnemnde ei styringsgruppe for prosjektet med 5 medlemer: Hanne B Øvsthus (frå styret) Sølvi Nielsen (frå styret) Nils Martin Hole (frå styret) Gyda T Lewis (leiar i styret) Øystein Hartveit (byggteknisk fagperson) Styret i Hosanger Helselag vil takka styringsgruppa for arbeidet dei har gjort. Prosjektet er støtta av ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering med Extra-midlar. Utan denne stønaden kunne me ikkje ha oppnådd det resultatet me no har fått. Samandrag. Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag eig og driv Hosangerheimen Bufellesskap med 15 leilegheiter. Me såg at mange av leigetakarane våre hadde behov for fysisk aktivitet, men hadde vanskar med å finna eit tilbod som passa og å koma i gang. Då me undersøkte litt hjå medlemene våre, viste det seg at behovet galdt mange i alle aldrar. På Hosangerheimen stod eit høveleg rom tomt, og dette ynskte me å byggja om til eit trimrom. Me ville tilby medlemer og bygdefolk, unge som gamle, eit innbydande og velutstyrt trimrom, og såleis hjelpa til med å ta vare på og betra den fysiske helsa. Me såg at mange eldre er isolerte og einsame, og meinte at dette ville vera eit tilbod om få møta andre i same aldersgruppe til trim/trening/hyggeleg samvær. Fysisk aktivitet er ein viktig del av arbeidet til

3 Nasjonalforeininga for folkehelsa og Hosanger Helselag, og dette ville òg verta ein ny og verdfull møteplass. Prosjektet har vore leia av ei gruppe med 5 personar; som har kjennskap til fagområda bygg, økonomi og trening. Styringsgruppa har innhenta pristilbod, tilrettelagt for alt arbeid, planlagt og gjort innkjøp, og organisert dugnadsarbeidet. Hosanger Helselag kan no tilby eit fullverdig treningstilbod med gode treningsapparat i lyse og fine lokale. Her vil me setja fokus på helse, og korleis ein sjølv kan betra denne. Me vil driva treningsgrupper, og inspirera til å innarbeida og halda ved like gode treningsvanar. Me skal ha ein låg terskel for aktivitetane våre. Eit trimrom kan og verta ein møteplass, noko me manglar i bygdene våre. Innflyttarar kjem hit, men det er vanskeleg å verta kjend. Trening er ein viktig fritidssyssel for mange, og difor noko dei vil oppsøkja. Der folk møtest, oppstår nye idear. Planar vert lagde og nettverk bygde. Me trur at eit trimrom på Hosangerheimen vil føra til betre helse og større trivnad, og auka aktualiteten til helselaget og verdiane i laget. Kap 1. Bakgrunn for prosjektet/målsetjing. Hosanger helselag eig og driv Hosangerheimen Bufellesskap med 15 leilegheiter/aldersbustader, og i dei første åra etter at laget vart skipa i 2005, var dette vår hovudaktivitet. Men for å vera eit sterkt og levedyktig lag, såg me at me må driva med fleire ulike aktivitetar som kan vera interessante også for nye og yngre medlemer. Tilrettelegging for større fysisk aktivitet både for leigetakarane våre og andre grupper av medlemene våre og bygdefolket, meinte me måtte vera ei oppgåve for oss, og me byrja planleggja eit trimrom. Hosanger er ei lita bygd, som dei siste åra har mista postkontor, butikk og mange arbeidsplassar, og resultatet er mangel på møteplassar for alle aldersgrupper. Trimrommet på Hosangerheimen skal vera eit tilbod om å få møta andre til trening, trim og sosialt samvær. Kap 2. Prosjektgjennomføring/metode. Under det store ombyggingsarbeidet av tidlegare Hosangerheimen alders- og sjukeheim til leilegheiter, i det som no er Hosangerheimen bufellesskap, gjorde bygdefolket ein svært stor dugnadsinnsats, og styret meinte at me no skulle leiga fagfolk til det nødvendige ombyggingsarbeidet, men at prosjektleiing, maling, innkjøp og montering skulle gjerast på dugnad. Arbeidet med prosjektet har følgt planen med ombygging av rommet, der me engasjerte Byggmeister Sverre Bernes og Elektroinstallatør Magnus Thunestveit A/S. Begge firma er

4 kjende med bygget frå tidlegare oppdrag, og er til dels engasjerte i drifta av huset. Nytt golv er lagt, ny ytterdør er sett inn, garderobe er laga til, og ny belysning installert. Nytt ventilasjonsanlegg vart ikkje funne nødvendig. Innkjøp av treningsapparat vart planlagt og gjennomført av Hanne Bernes Øvsthus og Sølvi Nielsen. Apparata er monterte og testa. Det står att å montera ei slynge og ribbevegg, fordi me ventar på avklaring på veggkonstruksjonen. Forseinkingar på innreiinga av rommet og montering av apparata har medført at oppstart på bruk av rommet, ikkje har følgt tidsplanen. Me har planlagt instruksjon ved oppstart og oppfølging dei første vekene, og er i ferd med å fastsetja reglar og tilsyn. Opningsdagen er sett til torsdag 28. februar Kap 3 Resultat og resultatvurdering. Me er svært nøgde med trimrommet og utstyret. Prosjektet er godt kjend for medlemene våre og i bygda, og me får gode tilbakemeldingar om at folk ser fram til å nytta seg av tilbodet. Dette gjeld for ulike aldersgrupper og aspirasjonsnivå, frå dei som ynskjer mosjon i lange vintermånader eller som er i eit rehabiliteringsprogram etter operasjon eller skade, til dei som driv med idrett på konkurransenivå. Kap 4 Oppsummering/konklusjon/Vidare planar. Prosjektet med å innreia eit trimrom og leggja til rette for bruk av dette, er starten på ein ny og viktig del av arbeidet til Hosanger Helselag. Me vil vera ein aktiv medspelar i nærmiljøet vårt, med fokus på god helse og trivnad gjennom treningsaktivitetar som er tilrettelagde for folk med ulike behov. Auka fysisk aktivitet er eit satsingsområde for helsevesenet, og lag og organisasjonar er tiltenkt ein stor plass innan dette arbeidet. Det er viktig at me kan visa fram trivelege og tidsriktige fasilitetar for nye brukarar, som har fleire tilbod å velja mellom. Drifta av trimrommet vil vera eitt av satsingsområda våre i Me vil arbeida med å etablera faste treningsgrupper, og inspirera til at gode treningsvanar vert etablerte, slik at den positive verknaden kan verta maksimal og vara ved. Me vil og gjera dette til ein møtestad i bygda, der nye idear kan diskuterast, og aktivitetar kan starta opp. Trimrommet er god reklame for Hosanger helselag, og viktig i arbeidet vårt med å fornya oss og få nye medlemer i laget.

5 Samandrag. Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag eig og driv Hosangerheimen Bufellesskap med 15 leilegheiter. Me såg at mange av leigetakarane våre hadde behov for fysisk aktivitet, men hadde vanskar med å finna eit tilbod som passa og å koma i gang. Då me undersøkte litt hjå medlemene våre, viste det seg at behovet galdt mange i alle aldrar. På Hosangerheimen stod eit høveleg rom tomt, og dette ynskte me å byggja om til eit trimrom. Me ville tilby medlemer og bygdefolk, unge som gamle, eit innbydande og velutstyrt trimrom, og såleis hjelpa til med å ta vare på og betra den fysiske helsa. Me såg at mange eldre er isolerte og einsame, og meinte at dette ville vera eit tilbod om få møta andre i same aldersgruppe til trim/trening/hyggeleg samvær. Fysisk aktivitet er ein viktig del av arbeidet til Helselaget, og dette ville og verta ein ny og verdifull møteplass. Prosjektet har vore leia av ei gruppe med 5 personar; som har kjennskap til fagområda bygg, økonomi og trening. Styringsgruppa har innhenta pristilbod, tilrettelagt for alt arbeid, planlagt og gjort innkjøp, og organisert dugnadsarbeidet. Hosanger Helselag kan no tilby eit fullverdig treningstilbod, med gode treningsapparat, i lyse og fine lokale. Trimrommet har toalett og dusj, garderobar og eigen inngang. Her vil me setja fokus på helse og korleis ein sjølv kan betra denne. Me vil driva treningsgrupper, og inspirera til å innarbeida og halda ved like gode treningsvanar. Me skal ha ein låg terskel for aktivitetane våre. Eit trimrom kan og verta ein møteplass, noko me manglar i bygdene våre. Innflyttarar kjem hit, men det er vanskeleg å verta kjend. Trening er ein viktig fritidssyssel for mange, og difor noko dei vil oppsøkja. Der folk møtest, oppstår nye idear. Planar vert lagde og nettverk bygde. Me trur at eit trimrom på Hosangerheimen vil føra til betre helse og større trivnad, og auka aktualiteten til helselaget og verdiane i laget. Hosanger,

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN DEMENSFORENINGEN STORD FITJAR Fitjar, den 12. januar 2011 1

Detaljer

Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle»

Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle» Sluttrapport for prosjektet 2015/FB5211 «Heimlund for alle» Av Ørjan Skåden Innvik 15.01.2016 Forord Dette er ein sluttrapport for prosjektet Heimlund for Alle, der hovudoppgåva var å bygge nytt handikapptoalett

Detaljer

SLUTTRAPPORTERING TRENING FOR ALLE

SLUTTRAPPORTERING TRENING FOR ALLE SLUTTRAPPORTERING TRENING FOR ALLE FORORD Denne rapporten fortel om Stordal Treningssenter som har fått støtte frå Helse og Rehabilitering, noko som har resultert i tilhald i nye flotte lokaler som er

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med trappefri inngang, HC-wc og problemfri tilkomst sal.

RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med trappefri inngang, HC-wc og problemfri tilkomst sal. MJELDALEN UNGDOMSLAG 5286 HAUS Skipa 1906 Bankgirokonto 3626.50.12552 Telefon 56 39 05 44 www.mul.no RAPPORT MJELDALEN UNGDOMSLAG: Forord: Tilrettelegga Mjeldalen ungdomshus med universell utforming med

Detaljer

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE2-186077 1 Forord LPP Søre Sunnmøre er Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse si gruppe for kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid,

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 27.01.2014 Tid : 11:00 SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/14 14/42 ÅRSRAPPORT OVER VERNE- OG MILJØARBEIDET

Detaljer

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats. Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda BrosjyreA5_husetibygda.indd 1 16.06.12 12.45 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy

Detaljer

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors Sluttrapport VossaAktiv! Prosjektnummer: 2013-1-256 Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors Prosjektet er støtta av ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering med

Detaljer

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT Prosjektnummer: 2008/1/0468 Prosjektnavn: Virksomhetsområde: Søkerorganisasjon: BRUKBAR BURG-KOMPETANSE Forebygging Norsk Revmatikerforbund Dette prosjektet er støtta

Detaljer

SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKTET: «UNIVERSIELT UTFORMA BADEPLASS VED ØYRAVATNET» EXTRASTIFTELSEN HELSE OG REHABILITERING

SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKTET: «UNIVERSIELT UTFORMA BADEPLASS VED ØYRAVATNET» EXTRASTIFTELSEN HELSE OG REHABILITERING SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKTET: «UNIVERSIELT UTFORMA BADEPLASS VED ØYRAVATNET» 2009 /1/ 0308 EXTRASTIFTELSEN HELSE OG REHABILITERING NHF ASKVOLL/RØRVIK LAG 15.01.2012-1- Innholdsfortegnelse: Forord side 2

Detaljer

Ungdom og medverking. Sluttrapport

Ungdom og medverking. Sluttrapport Ungdom og medverking Sluttrapport Forord Prosjektet Ungdom og medverking har til hensikt å setje søkjelys på, og beskrive gode eksempel på brukarmedverking for ungdom i helsevesenet. Prosjektet har vore

Detaljer

Velkommen til. årsmøte!

Velkommen til. årsmøte! Velkommen til årsmøte! 21.3.2013 SAKLISTE: 1. KONSTITUERING GODKJENNING AV MØTESKIPNAD A) Årsmøtet skal leiast av ein oppnemnd ordstyrar B) Protokollen skal førast av den oppnemnde sekretæren C) Ynskjer

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 01.02.2016 Tid: 11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato Tysdag 01.02.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar og drøfting: Ny lov om folkehelse orientering

Detaljer

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG MED STØTTE FRÅ: Forord: Nasjonalforeningen Jølster helselag fekk i 2016 prosjektmidlar frå Extrastiftelsen til prosjektet

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 19.01.2015 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/15 15/37 LUNDE BARNEHAGE - UNDERVISNING I STORASTOVA

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Sluttrapport. Rehabilitering, 2010/3/0313. Prosjekt: Volleyball for alle. Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité.

Sluttrapport. Rehabilitering, 2010/3/0313. Prosjekt: Volleyball for alle. Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Sluttrapport Rehabilitering, 2010/3/0313 Prosjekt: Volleyball for alle Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Sluttrapport Rehabilitering, 2010/3/0313 Volleyball for alle, Norges idrettsforbund

Detaljer

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF Saksframlegg Foretaks- og klinikkinterne utviklingsområder Saksnr Utvalsnamn Møtedato 03/2017 Styringsgruppa utviklingsplan HMR 2. mai 2017 Forslag til vedtak 1. Styringsgruppa

Detaljer

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 12.02.2010 Tidspunkt: 13:30 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft

Detaljer

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten 1. Føremål Studentidrettslaget Studentspretten skal arbeide for at treningstilbodet til studentane i Sogndal skal bli best mogeleg. Studentidrettslaget

Detaljer

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff Inn på tunet Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff Bakgrunn Mange heimebuande personar med demens - flest eldre, men og yngre som sjukdomen Tilpassa

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval: MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 07.04.2017 Tid: kl.12:00-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Utvalg: Ungdomsrådet Møtestad: Møterom A, Rådhuset Dato: 16.11.2017 Tid: 16:00 MØTEINNKALLING Forfall skal snarast meldast til koordinator på e-post: mll@volda.kommune.no eller mobil nr. 480 09 814 som

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00 MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 28.01.2009 Kl: 13:00 15:00 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 22.01.09 Merknader: Saker

Detaljer

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003

Detaljer

Institutt for økonomi og administrasjon

Institutt for økonomi og administrasjon Fakultet for samfunnsfag Institutt for økonomi og administrasjon Organisasjonsteori Bokmål Dato: Torsdag 11. desember 2014 Tid: 4 timer / kl. 9-13 Antall sider (inkl. forside): 3 Antall oppgaver: 3 Tillatte

Detaljer

Til veljarane i Tysnes

Til veljarane i Tysnes Til veljarane i Tysnes Tysnes er ein god kommune å bu i. Samfunnet vårt er stabilt og det er trygt å veksa opp og bu i Tysnes. Tysnes Senterparti vil arbeida for at Tysnes også i framtida skal vera ein

Detaljer

Fusa kommune Møteprotokoll

Fusa kommune Møteprotokoll Fusa kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Loftet, kommunehuset i Fusa, Dato: 04.12.2014 Tidspunkt: 11:00 13:30 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Arild Legland

Detaljer

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane LOV 2012-06-22 nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane DATO: LOV-2012-06-22-44 DEPARTEMENT: FIN (Finansdepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 8 IKRAFTTREDELSE:

Detaljer

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur 2017-2021. 1 Vedtak, dato, saksnummer Innhald planprogram 1 HOVEDREVISJON AV KOMMUNEDELPLAN. 1.1 Om

Detaljer

Presentasjon

Presentasjon Presentasjon 30.10 2007 Brukeravtaler og organisering av vaktmeistertenestene i Hemsedal kommune. Eiendomssjef Odd Magne Anderdal, Hemsedal kommune, tlf. 31 40 88 00, mobil 97 05 88 12. Generelle opplysningar

Detaljer

Strategiplan 2014-2018

Strategiplan 2014-2018 Strategiplan 2014-2018 HOVUDVISJON: Rosendal Turnlag skal utvikle ein brei aktivitet, med fokus på god helse, allsidigheit, samhald og glede. Vi skal utvikle sunne og gode haldningar for dei som ynskjer

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Kva kompetanse treng bonden i 2017? Kva kompetanse treng bonden i 2017? Spesialrettleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Bygd på kukontrolldata, rekneskap og samtalar med 186 mjølkebønder dei siste 8 åra, frå Østfold til Nordland Intervju

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.11:30-14:10. Utval:

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.11:30-14:10. Utval: MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 30.05.2016 Tid: kl.11:30-14:10 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde

Detaljer

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE KAP. I SAKKUNNIG NEMND 1-1 I medhald av eigedomsskattelova 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd til å verdsetje eigedomar i Eid kommune på bakgrunn av

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 1 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen Innhald: 1. Mål...

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.11.2015 Tid: 11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.02.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14

Detaljer

Individuell lærekandidatplan

Individuell lærekandidatplan Individuell lærekandidatplan for: i Tømrerfaget Startdato: Sluttdato: Navn på opplæringskontor Navn på bedrift Sign. opplæringskontor Sign. lærekandidat Sign. bedrift Dato godkjent: Avdeling for videregående

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

MØTEINNKALLING. Valstyret SAKLISTE 10/07 07/1523 KOMMUNESTYRE -OG FYLKESTINGSVALGET 2007 FELLES UTSENDING AV VALMATERIELL

MØTEINNKALLING. Valstyret SAKLISTE 10/07 07/1523 KOMMUNESTYRE -OG FYLKESTINGSVALGET 2007 FELLES UTSENDING AV VALMATERIELL HÅ KOMMUNE MØTEINNKALLING Valstyret Møtestad: Hå rådhus Møtedato: 25.06.2007 Tid: Etter formannskapsmøtet. Eventuelt forfall må meldast til telefon 51793012/51793114. Vararepresentantar får eiga innkalling

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen. Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 21.05.2013 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Apotekar Dominique Viki/ Konsulent Berit

Detaljer

LEIAR NESTL MEDL MEDL MEDL

LEIAR NESTL MEDL MEDL MEDL 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 29.10.2018 Tid: 11:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Eva Pernille Tufteland Arvid

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Sluttrapport til ExtraStiftelsen. Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!»

Sluttrapport til ExtraStiftelsen. Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!» Sluttrapport til ExtraStiftelsen Prosjekt «Friluft og fiskelykke for alle!» LHL Sykkylven i samarbeid med "Straumgjerde Natur og Folkesti" Prosjektnummer 2015/ RB14375 Søkerorganisasjon: Landsforeningen

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 18.09.2012 Tid: 11:30 14:15 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Detaljer

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Kl. 10:00. Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Kl. 10:00. Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr. Austevoll kommune Møteprotokoll ELDRERÅDET Møtedato: 30.04.2014 Møtetid: Kl. 10:00 Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.: 001/14-004/14 Følgjande medlemmer møtte Knut K Kalvenes Kirsten Taranger Olav Grasdal

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet INVESTERINGER med standardheving Framlegg frå formannskapet Tiltaknr.: SKO-I-001 Ny skole Prioritetsnr. 1 Tiltak(beskriving K-sak 45/2014 145.000.000 33.700.000 178.700.000 Tiltaknr.: SKO-I-002 Gol skole

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF Nasjonalforeningen for folkehelsen Att: Randi Kiil Postboks 7139 Majorstuen 0307 OSLO Saksnr Løpenr Dato 2014/907 11911/2014 17.12.2014 MELDING OM VEDTAK De får

Detaljer

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe 24.05.19 Strategi og styring Undergrupper: Budsjett, rekneskapssystem og kontoplan Rutinar, reglement og internkontroll Innkjøp Fakturering

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden Program for Masfjorden Venstre for perioden 2011-2015 www.masfjorden.venstre.no 1 Masfjorden Venstre Ei positiv folketalsutvikling for Masfjorden kommune er eit overordna mål for Masfjorden Venstre Masfjorden

Detaljer

Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016

Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016 Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016 Stad: Molde Rådhus Frammøtte: 44 Møtet starta sosialt med ein matbit fra Rådhuskantina. Leiaren ønskte velkomen og gav fyrst ordet

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 26.10.2010 Tidspunkt: 13:30 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft

Detaljer

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: LKS Arkivsaknr: 2007/1406 Arkiv: 031 - Utvalsaksnr Utval Møtedato BRUKARUNDERSØKING I BARNEHAGANE VÅREN 2014 Tilråding: Resultatet av brukarundersøking

Detaljer

Uttale til høyringsnotat til

Uttale til høyringsnotat til Uttale til høyringsnotat til konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret 2012-2013 og framlegg om forskrift med heimel i opplæringslova 8-1 frå SAMARBEIDSUTVALET og SKULEMILJØUTVALET

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte Til AMU Møteinnkalling arbeidsmiljøutvalet Det vert med dette kalla inn til møte i arbeidsmiljøutvalet. Møtestad: Stort møterom Foss, Sogndal Dato: Torsdag 17. oktober 2013 Tidspunkt: Kl. 12.15 14.00 Saksliste

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.03.2014 Start kl.: 10.00 Slutt kl.: 13.45 Program: Kl. 10.00 11.30 Felles informasjon og drøfting. Kl. 11.30 12.00 Felles lunsh Kl. 12.00.

Detaljer

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet i Fusa kommune Møtestad: Loftet, Kommunehuset i Fusa Dato: 19.02.2015 Tidspunkt: 11:00 13:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon

Detaljer

Sak 15/16. Hjortejakta i Nordheimsdalen utlysing av jaktfelt nr. 1 (nedre felt)

Sak 15/16. Hjortejakta i Nordheimsdalen utlysing av jaktfelt nr. 1 (nedre felt) Sak 15/16. Hjortejakta i Nordheimsdalen utlysing av jaktfelt nr. 1 (nedre felt) Saksopplysning/vurdering: Leigeperioden for det nedre feltet i Nordheimsdalen galdt for året 2015, og fjellstyret kan no

Detaljer

SAKSGANG. Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet /18. Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Handegard, Sigrid B.

SAKSGANG. Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet /18. Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Handegard, Sigrid B. Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet 23.02.2018 023/18 Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Handegard, Sigrid B. N - 137 18/521 Drift av service/næringsbygg på Landsbytorget

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Samnanger kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll Samnanger kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset i Samnanger Dato: 03.09.2018 Tidspunkt: 14:00-16:30 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer

Detaljer

Innovasjonsmetoden vår

Innovasjonsmetoden vår Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Fråsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Fossetunkvartalet i Sogndal kommune

Fråsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Fossetunkvartalet i Sogndal kommune Sakshandsamar: Heidi Sandvik 57643151, E-post: fmsfhsa@fylkesmannen.no Sondre Bjelle - 57643077, E-post: fmsfslb@fylkesmannen.no Vår dato Vår referanse 29.05.2018 2017/2262-421.4 Dykkar dato 16.04.2018

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Læreplankode: AKT2-01 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset. Av 7 medlemmer møtte alle.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset. Av 7 medlemmer møtte alle. SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: 21.10.2009 Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte alle. Andre som var til stades på møtet: Rådmannen. Avd. ing. John

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 15/229-1 Arkiv: G20 Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar * Tilråding: Sogndal kommune dekkar sin del av kostnadene

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva. Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 27.09.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/11766 323 Dykkar referanse Jondal kommune v/ordførar Jon Larsgard Kommunehuset 5627 Jondal Lovlegkontroll

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand 18-19.10.2012

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand 18-19.10.2012 Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand 18-19.10.2012 Fjell kommune Straume lokalmedisinske senter - under planlegging Intermediær eining; 10 senger til restbehandling Observasjonseining; 4 senger

Detaljer