Følgeforsking «Aktive muligheter»



Like dokumenter
FRITID VED HJELP AV STØTTEKONTAKT: «AKTIVE MULIGHETER» Trond Bliksvær

Personar med funksjonsnedsettingar og deltaking i frivillige lag og foreningar

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Til deg som bur i fosterheim år

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Frivilligpolitisk plattform

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Frå novelle til teikneserie

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Forslag frå fylkesrådmannen

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Avtale om partnarskap

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Trygg og framtidsretta

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Innovasjonsmetoden vår

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

TT-ordninga i Møre og Romsdal endring og utvikling. Regionale møte, hausten 2013 prosjektleiar Marianne Halseth Hole

Informasjon til pasientar og pårørande

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Resept for eit sunnare FørdeF

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

FRITIDSAKTIVITETER, FRITID MED BISTAND ALTERNATIVER TIL STØTTEKONTAKT OG AVLASTNING V/ SENIORRÅDGIVER ANDERS MIDTSUNDSTAD. Bodø, 2.

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Fagdag for koordinerende enheter og koordinatorer

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Transkript:

Følgeforsking «Aktive muligheter» Undervegsrapport Publisert: Mai 2015 Skrevet av: Trond Bliksvær Arbeidsnotat nr.: 1007/2015 ISSN-NR: 0804-1873 Prosjektnr: 1440

ARBEIDSNOTAT ARBEIDSNOTAT NR: ISSN-NR: PROSJEKTNUMMER: ANTALL SIDER: 1007/2015 0804-1873 1440 28 FORFATTER(E): Trond Bliksvær 50,- SALGSPRIS NOK: Følgeforsking «Aktive muligheter» Undervegsrapport Nordlandsforskning AS Tlf: +47 75 41 18 10 Postboks 1490 nf@nforsk.no N-8049 Bodø www.nordlandsforskning.no Norge Bankkonto 4500 55 98811 Besøk: Universitetsalleen 11 Foretaksregisteret NO/VAT nr 989 714 309 MVA

INNHOLD FORORD... 2 1 INNLEIING... 3 1.1 SAMARBEIDSPROSJEKTET «AKTIVE MULIGHETER»... 3 1.1.1 Målsettingar for «Aktive muligheter»... 4 1.2 OM FØLGEFORSKINGA... 5 1.2.1 Spørsmålsstillingar... 6 1.2.2 Datainnsamling og «tilbakeføring»... 7 1.2.3 Metodisk gjennomføring... 7 1.2.4 Roller... 8 2 «AKTIVE MULIGHETER»... 9 2.1 FORPROSJEKT 2012-2013... 9 2.2 HOVUDPROSJEKT 2014-2015... 9 2.2.1 Finansieringsmodell... 9 2.2.2 Dei deltakande kommunane... 10 2.3 ORGANISERING OG AKTØRAR... 13 2.3.1 Prosjektstyring... 13 2.4 STØTTEKONTAKTORDNINGA... 14 2.4.1 Fritid med bistand... 16 3 ERFARINGAR I FØRSTE FASE AV HOVUDPROSJEKTET... 18 3.1 KOMMUNANE OM RESULTAT SÅ LANGT... 18 3.2 Å SAMARBEIDE FOR INKLUDERING I FRITID - UTFORDRINGAR OG MOGLEGSKAPAR... 19 3.2.1 Ulike kommunar og gjensidig kunnskapsdeling... 20 3.2.2 Å få innpass hos frivillige lag og foreiningar... 21 3.2.3 Den vanskelege inkluderinga... 22 3.2.4 Gruppebustader med fast personale profesjonsgrenser møtest... 24 3.2.5 Fritidsfeltet - sårbart i kommunal kvardag... 25 4 OPPSUMMERING... 27 REFERANSAR... 28 1

FORORD Dette notatet skildar status for følgjeforskinga til utviklingsprosjektet «Aktive muligheter», som starta opp som hovudprosjekt i 2014, og etter planen skal vare ut 2015. Det vil seie at arbeidsnotatet oppsummerar status for følgjeforskinga halvvegs i perioden med hovudprosjekt. Notatet gjer greie for aktivitetar, og skisserar opp nokre tema som har vore sentrale i diskusjonane blant prosjektdeltakarane dette første året med hovudprosjekt. Takk spesielt til prosjektdeltakarane for stor velvilje til å dele av sine erfaringar, og for å stille opp i fokusgruppeintervju. Bodø 20. februar 2015 Trond Bliksvær, prosjektleiar 2

1 INNLEIING 1.1 SAMARBEIDSPROSJEKTET «AKTIVE MULIGHETER» «Aktive muligheter» er eit samarbeids- og utviklingsprosjekt som gjennomførast i samarbeid mellom tre kommunar og ein bydel i Oslo (Asker, Drammen, Gjøvik, Bydel Gamle Oslo), med Asker kommune som «vertskommune» og ansvarleg for prosjektadministrasjonen. Knutepunktet «Fritid for alle» (FFA), som er lokalisert ved Nasjonale kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser (Aktiv Ung), fungerar som koordinator og fagleg rettleiar for samarbeidsprosjektet. Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet. Prosjektet tar utgangspunkt i at fritid er den arenaen som det har stått dårligast til med for utviklingshemma, sidan HVPU-reforma (Söderström og Tøssebro 2011, Midtsundstad 2013). I tillegg synest bruken av støttekontaktordninga å vere prega av liten kreativitet rundt om i landets kommunar, og derfor har eit uutnytta potensiale som lovpålagd teneste for å kunne bidra til ei meiningsfull fritid for borgarar som har behov for det, inkludert personar med utviklingshemming. Samstundes som utviklingshemma har vore den klårt største brukargruppa av støttekontakt i Noreg, har andelen brukarar av støttekontakt blant utviklingshemma gått markant ned i perioden mellom 2001 og 2010, frå 43 til 27 prosent (Tøssebro 2015). Prosjektet tar også utgangspunkt i erfaringar med metoden Fritid med Bistand (FmB), som er ein metode som nettopp har som mål å auke moglegskapen for ei meiningsfull fritid for personar som har behov for assistanse til dette. Metoden har blitt tatt i bruk i mange kommunar sidan oppstarten for 15 år sidan, men enno i svært liten grad for brukarar med utviklingshemming (Midtsundstad 2013). Prosjektet blei starta opp som eit forprosjekt i 2012 og 2013, og har ved utgangen av 2014 tilbakelagt sitt første av to planlagde år som hovudprosjekt. Erfaringar frå forprosjektet er oppsummert i eit arbeidsnotat utgitt av Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser - Aktiv Ung (Heggebø 2014). Dette notatet skildar status for følgjeevalueringa til utviklingsprosjektet, og oppsummerar aktivitetar og erfaringar frå det første året med hovudprosjekt (2014), det vil seie halvvegs i prosjektperioden på i alt to år 1. Prosjektet søkjer Helsedirektoratet om tilskottsmidlar årleg i prosjektperioden, og gjennomføring av dei planlagde aktivitetane er på vilkår om at tilskottet vert gitt frå direktoratet. 1 Erfaringar frå samarbeidsprosjektet vil også bli publisert i eit bokkapittel i antologien «Deltakelse på fritiden. Perspektiver på fritidsdeltakelse for mennesker med utviklingshemming», som er planlagt utgitt på Fagbokforlaget i løpet av 2015. 3

1.1.1 MÅLSETTINGAR FOR «AKTIVE MULIGHETER» Målsettinga med utviklingsprosjektet «Aktive muligheter» er skildra slik i prosjektplanen 2, og er formulert slik: «Hensikten med prosjektet er å formidle kompetanse og formidle gode organisatoriske løsninger knyttet til bruk av de tre hovedløsningene 3 overfor målgruppen slik at: Personer med utviklingshemning i ulike aldre får oppfølgning med reelle muligheter til å begynne i ordinære fritidsorganisasjoner og aktivitetsgrupper etter eget valg. Kommunene sikrer målgruppen muligheten til å få verdsatte sosiale roller i et varig nettverk gjennom sin støttekontakttjeneste. Frivillige organisasjoner inkluderer personer med utviklingshemning inn i sine aktiviteter. Ansatte har tilstrekkelig med tid og faglige ressurser til å kunne gi barn, ungdom, voksne og eldre med utviklingshemning selvbestemmelse når det gjelder valg mellom de tre hovedløsningene og kombinasjoner mellom disse. Sikre kunnskapsspredning fra prosjektet til målgruppen, andre kommuner/bydeler, frivillige organisasjoner, gjennom media og relevante kunnskapsorganisasjoner og fagbøker.» Sidan det er ei sentral målsetting å formidle gode døme på løysingar og kompetanse, gjekk ein ved oppstart av prosjektet inn for å rekruttere kommunar som ein på førehand hadde positive erfaringar med å gjennomføre utviklingsarbeid saman med. I prosjektplanen er det vidare skildra fire tiltak for prosjektet: Forankre og videreutvikle bruk av de tre hovedløsningene overfor personer med utviklingshemning. Sikre sosial inkludering basert på tydelig sosial samhandling og aksept for enkeltpersoner. Kompetanseoverføring. Sikre at kunnskapen overføres også til andre og kvalitetssikres gjennom følgeforskning. Prosjektets resultater implementeres i kommunenes handlingsplan. For å gjennomføre desse tiltaka har prosjektkommunane tatt utgangspunkt i metoden Fritid med Bistand (FmB), som er ein metode for å gje menneske med utviklingshemming deltaking i sjølvvalde aktivitetar gjennom eit samarbeid med frivillige organisasjonar (Midtsundstad 2013). Knutepunktet «Fritid for alle» har rettleia kommunane i bruk av denne metoden. 2 Prosjektplanen kan lesast her: http://fritidforalle.no/media/98703/prosjektplan_2013-2015.docx 3 Individuell støttekontakt, deltaking i ei aktivitetsgruppe, og individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon.for ei nærmare skildring av dei tre hovudløysingane, sjå avsnitt 2.4. 4

Eit anna sentralt verkemiddel i utviklingsprosjektet er støttekontakttenesta, som er ei lovpålagd sosial teneste med målsetting om å støtte den enkelte som på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem - eller born med særskilde behov - treng bistand for å delta i fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er, som vi skal komme tilbake til seinare, heimla i helse- og omsorgslova og i lov om barnevernstenester, og omfattar samanlikna med tilsvarande ordningar i t.d. Sverige eit stort mangfald når det gjeld brukargrupper (Mallander 2011:56). Gjennom å knytte tiltaka og modellen Fritid med bistand (FmB) til støttekontaktordninga, som er vedtaksbasert og lovpålagd, så følgjer det også økonomiske ressursar med, som kan brukast på ulike tiltak og tilbod, så lenge det er innanfor regelverket til ordninga. 1.2 OM FØLGEFORSKINGA Følgeforskinga er skildra i ein eigen prosjektplan, og har ei todelt målsetting: å vere ein dialogpartnar, og utføre dokumentasjon og evaluering. Følgeforskning er ei retning innan evalueringsforsking der følgjeforskaren har ei aktiv rolle i prosjektforlaupet, og som brukast når ein ønskjer å oppnå ein best mogleg praksis på eit felt (Sverdrup 2013: 134). I prosjektet er det altså eit mål at forskaren skal bidra aktivt som dialogpartnar i utviklingsprosjektet og slik sett vil kunne ha ei «formativ» rolle. Samstundes som følgeforsking inneber eit formativt element (prosessevaluering), er det også vanleg å kombinere formative evalueringar med summative evalueringar (resultatvurderingar). Følgeforsking får slik eit todelt mål; å dokumentere kva som skjer, og kva resultat det skapar (Baklien & Skatvedt 2013: 152). Dette inneber at forskingsdelen ikkje berre vil vere oppteken av å observere og skildre, men også reflektere over korleis og kvifor samarbeidsprosjektet «Aktive muligheter» utviklar seg slik det gjer over prosjektperioden. Datainnsamlinga følgjer i hovudsak dei avtalte møtepunkta i utviklingsprosjektet, det vil seie nettverkssamlingane vår og haust 2014 og 2015, og omfattar intervju (individuelle intervju, fokusgrupper), deltakande observasjon, og dokumentanalyse. Tilbakeføring av resultat vil foregå på dei same nettverkssamlingane, dels gjennom at det blir stilt spørsmål under vegs, gjennom fokusgruppeintervju, og gjennom oppsummeringar frå samlingane. Det vil bli laga eit undervegsnotat etter årsslutt 2014 (foreliggjande notat), og ein sluttrapport ved årsslutt 2015. 5

Figuren nedanfor er ei skjematisk framstilling av følgeforskinga. 1.2.1 SPØRSMÅLSSTILLINGAR Spørsmålsstillingane som er formulert for følgeforskinga og som skal belysast gjennom prosjektperioden - kan delast i tre delar: Korleis har ein gått fram frå idé til iverksetjing i samarbeidsprosjektet? o Kva verkemiddel har blitt brukt? Kva aktørar og institusjonar har blitt involvert? Kva har rolledelinga mellom dei vore? Korleis har prosjektet blitt organisert i dei ulike kommunane? o Kva rolle har prosjektleiarane hatt/tatt? Korleis har dei arbeidd? o Kva tilbod har ein fått til i dei ulike kommunane? Kva samarbeid har ein fått til med frivillige lag og foreiningar? o I kva grad har kommunane lukkast i å nå måla med samarbeidsprosjektet? Kva er dei viktigaste resultata frå samarbeidsprosjektet? o Fleire personar med utviklingshemming med i sjølvvalgte fritidsaktivitetar i prosjektkommunane? o Kva er suksessfaktorane? Flaskehalsane? o Overføring til andre kommunar? o Organisering i kommunane? Kva har fungert og ikkje? o Organisering og gjennomføring av samarbeidsprosjektet? Denne undervegsrapporten vil spesielt dreie seg om det første og det andre punktet, medan resultata frå samarbeidsprosjektet vil bli belyst i sluttrapporten. 6

1.2.2 DATAINNSAMLING OG «TILBAKEFØRING» Nordlandsforskning har deltatt på ulike arenaer gjennom det første året, og har ved desse høva kombinert datainnsamling, tilbakeføring og formidling: Referansegruppemøte Asker 6. februar 2014 o Presentasjon av prosjektet Nettverkssamling, Drammen, 18. mars 2014 o Presentasjon av prosjektet o Fokusgruppeintervju Nasjonalt nettverk for forskning om funksjonshemming konferanse på Lillehammer 5. mai 2014 o Paperpresentasjon basert på prosjektet Nasjonal konferanse, Beitostølen, 25. september 2014 o Plenumsforedrag o Fokusgruppeintervju Referansegruppemøte og nettverkssamling, Oslo, 18-19 november 2014 o Presentasjon og diskusjon av prosjektet o Fokusgruppeintervju Nordlandsforskning har også utforma eit prosjektforslag om eit nasjonalt kartleggingsprosjekt om støttekontakt og fritid i norske kommunar. Denne vart også presentert på Beitostølen 25. september. Det er planlagd innsamling av data hos lag og foreningar i dei fire deltakande kommunane/bydelane. Følgjeforskar er med som medredaktør i ein antologi om fritid for utviklingshemma, og vil bidra i to kapittel som vil formidle frå følgeforskinga av «Aktive muligheter». 1.2.3 METODISK GJENNOMFØRING Følgeforskinga har samla inn eit variert tilfang av datamateriale. Det er i løpet av 2014 utført tre fokusgruppeintervju i prosjektet, i tillegg til at prosjektleiarane i kvar kommune/bydel har blitt bedt om å levere inn skriftlege refleksjonar over nokre spørsmålsstillingar knytta til prosjektet. Fokusgruppeintervjua har blitt registrert med lydopptakar, og transkribert for analyse. Underteikna har også gjort registreringar frå diskusjonar og presentasjonar i dei ulike samlingane. Observasjonar som har komt fram, og spørsmål som underteikna har stilt seg på grunnlag av fokusgruppeintervjua, har blitt presentert i påfølgjande møte, slik at dei deltakande kommunane har fått muligheit til å reflektere høgt over og kommentere dei. Dette har i neste omgang også gitt nyttige data til følgeforskinga. Nordlandsforskning har også fått kopi av rapporteringar som prosjektleiar i kvar kommune har sendt inn frå prosjektet, og nyheitsbrev som koordinator har sendt ut til dei deltakande 7

kommunane. Prosjektleiarane er bedt om å føre dagbok fram til neste nettverkssamling i prosjektet, 27-28 mai 2015. 1.2.4 ROLLER Det er også på sin plass å knytte nokre kommentarar til roller, og spesielt relasjonen mellom ansvarlege for følgjeforskinga (underteikna) og prosjektkoordinator i knutepunktet «Fritid for alle», som også har ei sentral rolle i dette samarbeidsprosjektet, mellom anna som utviklar av metoden Fritid med bistand. Underteikna var i perioden 2012-2013 leiar for Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettingar, der også prosjektkoorinatoren var tilsett som kollega. Det at det er ein nær relasjon mellom innehavarane av desse to rollene inneber nokre potensielle utfordringar, som det er naturleg å vere open om. Ei utfordring dreiar seg spesielt om eit potensielt grunnlag for spørsmål ved upartiskheit og truverde til evalueringsdelen av prosjektet. Nære band kan eksempelvis tenkjast å gjere det vanskelegare for prosjektdeltakarar å vere kritisk overfor følgjeforskaren, t.d. til prosjektet eller til metodar som er brukt. Vi har forsøkt å handtere dette gjennom å vere open om at vi er klar over at dette kan vere ei utfordring, invitere til spørsmål, og også peike på dei moglege utfordringane vi ser det kan innebere. Evaluator har også brukt ein kvalitetssikrar ved Nordlandsforskning til å lese gjennom arbeidet, med spesielt omsyn til denne utfordringa. 8

2 «AKTIVE MULIGHETER» Målsettinga med «Aktive muligheter» er som nemnt å prøve ut, og å vidareutvikle arbeidsmetoden Fritid med bistand (FmB) for å gje personar med utviklingshemming betra moglegskapar for deltaking i sjølvvalde fritidsaktivitetar gjennom eit samarbeid med frivillige organisasjonar. Eit sentralt verkemiddel i prosjektet er støttekontakttenesta, som er lovpålagd, og nye måtar å utnytte denne på. For å nå hovudmålet med prosjektet trengs det erfaringar med gode måtar å organisere støttekontakttenesta på for utviklingshemma og som aukar muligheita for å delta i sjølvvalde fritidsaktivitetar. I prosjektperioden er det eit mål å synleggjere ulike løysingar for korleis dette kan gjerast, dokumentere dette og formidle gode døme og suksesshistorier til brukarar i målgruppa, pårørande og tilsette som legg til rette fritidstilbod for andre i offentleg og frivillig sektor. 2.1 FORPROSJEKT 2012-2013 Samarbeidsprosjektet «Aktive muligheter» blei starta opp i 2012, og vart i perioden 2012-2013 gjennomført som eit forprosjekt. Aktivitetane og erfaringane frå forprosjektet er skildra i eit arbeidsnotat (Heggebø 2014), og eit mål med forprosjektet var å samle erfaringar og danne eit grunnlag for ein søknad til Helsedirektoratet om finansiering av eit hovudprosjekt. 2.2 HOVUDPROSJEKT 2014-2015 Hovudprosjektet starta opp i januar 2014, og har varigheit ut 2015 dersom prosjektet får omsøkt finansiering frå Helsedirektoratet. 2.2.1 FINANSIERINGSMODELL For 2014 løyva Helsedirektoratet kr 750 000 til prosjektet 4. Av dette vert kr 125 000 fordelt til kvar av prosjektkommunane, og kr 200 000 til følgeforskinga. Kommunane brukar samstundes av eigne ressursar for å ivareta forpliktelsane i prosjektet, noko dei også har forplikta seg til gjennom prosjektplanen. I prosjektplanen, som ligg til grunn for søknaden til Helsedirektoratet, er det skissert at kvar kommune bidrar i prosjektet med ein ressurs tilsvarande 50 % stilling, og der eksterne prosjektmidlar dekkjer halvparten, og kommunane sjølve dekkjer den andre halvparten, samt andre utgifter knytta til å gje fritidstilbod innanfor støttekontakttenesta. Det synest imidlertid å variere noko mellom kommunane i kva omfang dei har fått stilt til disposisjon interne ressursar. 4 Inkludert ubrukte midlar overført frå 2013 disponerte prosjektet i 2014 kr 870 000,- i tilskottsmidlar frå Helsedirektoratet. 250 000 av midlane frå 2013 vart disponert til følgeforskinga, som såleis har hatt ei total ramme på kr 450 000 inkl mva (360 eks mva) for første fase av hovudprosjektet. 9

Sidan gjennomføringa av tiltaka i prosjektet er nært knytta til støttekontaktordninga vil prosjekta også kunne spele på dei løyvingane som følgjer med eit støttekontaktvedtak. Dette gjeld spesielt når ein brukar støttekontaktvedtaket til deltaking i aktivitetsgrupper, eller til å inkludere deltakarar på individuell basis lokalt i lag/foreining. 2.2.2 DEI DELTAKANDE KOMMUNANE Tre kommunar og ein bydel i Oslo kommune vart rekruttert til å delta prosjektet, og har vore med i prosjektet frå starten: Asker kommune, Drammen kommune, Gjøvik kommune, og Bydel Gamle Oslo. Desse er dels vald ut fordi dei er kommunar som i utgangspunktet har lukkast godt med å inkludere utviklingshemma i sjølvvalgte fritidstilbod, gjennom bruk av FmB eller andre verkemiddel. Dels har også kommunane deltatt i tidlegare utviklingsprosjekt, der metoden FmB har vore brukt for andre målgrupper, som personar med psykiske lidingar, og personar i rehabilitering etter rusproblem, og rusforebyggjande arbeid. Dei fire kommunane er samstundes ulike når det gjeld faktorar som storleik, organisering av tenester for personar med utviklingshemming, tenester som kultur og fritid, og har i ulik grad samarbeid med frivillige lag og foreiningar. Kommunane er også ulike når det gjeld arbeidet med å inkludere utviklingshemma i fritidsaktivitetar, dei har ulik erfaring med å bruke metoden Fritid med bistand (FmB), og også i ulik grad etablert samarbeid med friviljuge lag og foreiningar. I Asker og Gjøvik har dei involverte prosjektleiarane jobba med å utforme fritidstilbod for utviklingshemma heilt sidan ansvarsreformen på 1990-talet, og har også ein organisasjon som er godt kjent med slikt arbeid og problemstillingar og behov som knyttar seg til det. Ikkje minst er kommunane ulike når det gjeld befolkningssamansetting (kulturell, etnisk, og sosioøkonomisk bakgrunn), og har ulike fysiske og naturgitte rammer for å drive ulike former for fritidsaktivitet. Kommunane har også hatt fridom til å tilpasse si deltaking i prosjektet i nokon grad til sine rammevilkår og behov og muligheiter innan tenestene. Derfor har dei også vald å bruke ressursane som følgjer med i prosjektet litt ulikt. I Gjøvik og Asker brukast prosjektmidlane eksempelvis til å finansiere ei (eller fleire) definerte brøkar av ei stilling, mens Drammen kommune og bydel Gamle Oslo lar tilskottsmidlane frigjere arbeidskraft til prosjektet innanfor allereie eksisterande stillingar. Tilskottsmidlane blir elles brukt til driftsutgifter i samband med prosjektet, som reise og opphaldsutgifter i nettverkssamlingar. 10

Asker Drammen Gjøvik Bydel Gamle Oslo Storleik (innbyggjarar pr jan 2013): 57 000 65 000 29 000 45 000 Fylke: Akershus Buskerud Oppland Oslo Mottakarar av støttekontakt pr innb (januar 2013): 9,0 6,1 13,0 - Rolle i prosjektet: (Vertskommune) -To prosjekt-medarbeidere -Erfaring med FmB fra tidligere (Flyt-prosjektet, 3-årig) -Har samarbeid med Asker idrettsråd og Akershus idrettskrets -Har etablert «Aktiv fritid», som stiller ressurser til disposisjon for samarbeidet -Har prøvd ut FmB på noen få brukere (fått tilbud i idretten). Ca 8 brukere pr mars 2014 -Har brukt metoden FmB siden 2009 (rus mv, men ikke for psykisk utviklingshemmede) -Har hatt møter med lag og foreninger, og gjort noe kartleggingsarbeid -Deltatt i nettverket «Fritid for alle» tidligere -Deltakelse i «Aktive muligheter» forankret på rådmannsnivå -Oppdrettet 20% stilling for å jobbe i prosjektet -H 2013: Opprettet to faste stillinger som fritidskonsulent (én 60% for voksne, og én 40% for barn), for å bedre bruken av støttekontaktordningen innenfor de tre hovedløsningene -Bydelen har tidligere erfaring med å gi st.kont til voksne med psyk.lidelser og barn med ulike funksjonsnedsettelser.. Prosjektet gir mulighet til å utvikle tilbudet til personer med utviklingshemming. Prosjektkommunane og prosjektet er også skildra på nettsida til fritidforalle.no: http://www.fritidforalle.no/arkiv/arkiv-forside/fire-kommuner-med-i-viktig-prosjekt-utviklingshemmede-skalfaa-velge-selv.aspx Asker Asker kommune er vertskommune i prosjektet, og har ansvar for å sende inn årleg årsrapport til Helsedirektoratet, i samarbeid med dei tre andre kommunane. Asker administrerar også tilskottet frå Helsedirektoratet og samlar inn og leverar revidert prosjektrekneskap årleg. I Asker kommune er støttekontakttenesta organisert under avdeling helse og omsorg (men var tidlegare organisert under «kultur og fritid»). Asker kommune hadde allereie før dei vart med i prosjektet «Aktive muligheter» solid erfaring med å samarbeide med frivillige lag og foreiningar, og hadde eit godt kontaktnett å dra vekslar på. Asker kommune er organisert etter ein «bestillar-utførar»-modell, og vedtakskontoret fattar vedtak om støttekontakt etter den tredelte støttekontaktmodellen (individuell støttekontakt, deltaking i tilrettelagd aktivitetsgruppe, eit tilbod i samarbeid med ein friviljug organisasjon, sjå avsnitt 2.4). Asker 11

kommune har lagt det operative ansvaret for støttekontakttenesta til ei organisatorisk eining som kallast for «Aktiv fritid». Denne er ein del av utførarleddet, og som igjen er ein del av verksemda «Arbeid, fritid og avlastning», og som har ansvar for mellom anna å setje i verk ferie- og fritidsaktivitetar for personar med funksjonshemming og psykiske lidingar. Når nokon får vedtak om støttekontakt gjennom vedtakskontoret, så prøvar dei tilsette ved «Aktiv fritid» å finne ein eigna aktivitet saman med brukaren, og velgjer då løysing med utgangspunkt i dei tre hovudmodellane for bruk av støttekontaktordninga. Aktiviteten som blir vald blir så finansiert med støttekontaktmidlar (om lag kr 8000 per vedtak). Det synest å vere god kommunikasjon mellom vedtakskontoret og utførarleddet «Aktiv fritid». «Aktiv fritid» har også klart å markere seg godt og utvikle gode relasjonar til friviljuge lag og foreiningar innan kommunen, som dei kan dra vekslar på. Det er to prosjektmedarbeidarar ved «Aktiv fritid» som deltar i prosjektet «Aktive muligheter», med ein øyremerka del av sin stillingsbrøk. Begge har lang erfaring med tilrettelegging av fritidsaktivitetar for utviklingshemma, og begge har opplæring i bruk av metode Fritid med bistand. Bydel Gamle Oslo I bydel gamle Oslo er deltakinga i samarbeidsprosjektet fordelt på to avdelingar: Fagsenteret Bydel Gamle Oslo, som har tilbod om ulike idretts- og klubbaktivitetar for born, ungdom og unge vaksne, og «Avdeling for støtteordninger i hjemmet», som er ei avdeling som organiserar tilbod for vaksne. Frå kvar avdeling deltar det ein teamleiar og ein fritidskonsulent i samlingane i samarbeidsprosjektet, til saman 4 personar. Bydelen har frå før noko erfaring med å bruke metoden Fritid med bistand (FmB) overfor personar med psykiske problem. I Gamle Oslo bur alle utviklingshemma i bufellesskap med bemanning. Det inneber nokre utfordringar, til dømes reglar og føringar om kva dei som jobbar som støttepersonale i bustadane skal bruke arbeidstida si til. Prosjektdeltakarane frå Gamle Oslo skildrar at dei på enkelte område ikkje har komt like langt som dei andre samarbeidskommunane i prosjektet. Samstundes er bydelen så pass ulik dei andre tre kommunane, og har litt andre utfordringar på fritidsområdet, slik at det ikkje er heilt rimeleg å samanlikne framdrifta i prosjektet direkte med dei andre kommunane. Drammen I Drammen er støttekontaktordninga lagt til «Tilrettelagt fritid», som er ei avdeling under «Virksomhet Kultur». Drammen kommune har brukt metoden Fritid med bistand tidlegare, for personar med rusrelaterte problem, men ikkje som tilbod for personar med utviklingshemming. Drammen er, saman med bydel Gamle Oslo, den kommunen i nettverket som skildrar at dei har minst erfaringar med å tilrettelegge for inkludering i fritid for personar med utviklingshemming gjennom bruk av FmB. Kommunen kan likevel, ved oppstart, vise til eit godt samarbeid med eit idrettslag (Skjold) som tidlegare har hatt eit 12

«allidrettstilbod» for utviklingshemma. Dei ser det som ønskjeleg å etablere eit fornya samarbeid med idrettslaget for å vidareutvikle denne aktiviteten. Gjøvik I Gjøvik kommune er støttekontakttenesta organisert under «kultur og fritid». Gjøvik hadde allereie før dei kom inn i prosjektet eit godt og utstrakt samarbeid med frivillige lag og foreiningar, og derfor eit kontaktnett å dra vekslar på heilt frå prosjektstart. Prosjektleiaren har ei 20 % stilling som er øyremerka deltaking i prosjektet. Vedkommande har frå før fleire års erfaring med å utvikle samarbeid mellom kulturkontoret, lag og foreiningar, tilsette i bustader for utviklingshemma, og andre aktørar, som Høgskolen i Lillehammer, Norges Idrettsforbund, og Special Olympics. I Gjøvik har ein lagd mykje vekt på informasjonsarbeid ut til lag og foreningar, og har også arbeida for at organisasjonane får vedtaksfesta at dei ønskjer å tilrettelegge for utviklingshemma. Gjøvik kommune hadde brei erfaring med FmB frå før. 2.3 ORGANISERING OG AKTØRAR 2.3.1 PROSJEKTSTYRING Samarbeidsprosjektet leiast av ein prosjektkoordinator ved «Fritid for alle», som er ein «knutepunktfunksjon» etablert av Helsedirektoratet. Knutepunktfunksjonen vart frå 2013 overført frå Kristiansand kommune til Nasjonale kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser (Aktiv Ung). Prosjektet har også ei fagleg referansegruppe og ei prosjektgruppe. Referansegruppe: Det er etablert ei fagleg referansegruppe for prosjektet, med representantar frå følgjande: Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende (LUPE) Autismeforeningen i Norge Frivillighet Norge Høgskolen i Lillehammer Norges Idrettsforbund (NIF) Special Olympics Røde kors Referansegruppa hadde to møter i 2014, den 6. februar i Asker, og den 18. november i Oslo. Til det andre møtet var «Special Olympics» lagt ned, slik at denne representanten utgjekk frå referansegruppa. 13

Prosjektgruppe: Prosjektgruppa består av prosjektmedarbeidarane frå kvar av deltakarkommunane, i tillegg til prosjektkoordinator frå «Fritid for alle». Følgjeforskaren har også deltatt i prosjektgruppemøta, og i referansegruppemøta (utan stemmerett). Alle prosjektkommunane får fagleg rettleiing og oppfølging gjennom prosjektkoordinator, som også er leiar for knutepunktet «Fritid for alle». Prosjektet kan sjåast som eit isolert prosjekt og satsing, med eiga finansiering og eigen organisatorisk struktur. Samstundes byggjer prosjektet på ein god del allereie eksisterande ressursar, faglege og sosiale nettverk, og kunnskap og kompetanse om inkludering i fritid. Prosjektkoordinator har frå før kjennskap til både kommunane og til dels også personane som er rekruttert som kommunale prosjektleiarar (det er ikkje så mange som jobbar med dette fagområdet i kvar kommune), ikkje minst gjennom eit kommunenettverk som er danna av knutepunktet «Fritid for alle». Desse koblingane har dels utvikla seg gjennom fleire års verksemd (seminar, kurs, informasjonsverksemd osv.) relatert til knutepunktet «Fritid for alle», samt samarbeid (og deltaking i) eit nasjonalt studietilbod i regi av Høgskolen i Bergen for personar som innan offentleg eller friviljug sektor jobbar med å tilrettelegge for støttekontakter, avlastarar og friviljuge 5. Slik sett er dette utviklingsprosjektet også eit døme på nettverksbygging og nettverksmobilisering innanfor eit felt, og kan følgjeleg også studerast som eit slikt. Sett frå ein forskingsmessig ståstad er prosjektdeltakarane også interessante informantar av fleire grunnar. Dei er, som allereie nemnt, rekna å vere gode og mønsterdannande døme på arbeid innanfor kommunalt arbeid med fritid for utviklingshemma og andre grupper som har behov for spesiell hjelp for å få ei meiningsfull fritid. Dei utgjer samstundes interessante «vindauge» inn til dei diskusjonar og debattar, grensedragningar, og aktivitetar som pågår i kommunane innanfor dette feltet i dag. 2.4 STØTTEKONTAKTORDNINGA Støttekontaktordninga er eit sentralt verkemiddel i prosjektet. Støttekontaktordninga er ei lovpålagd teneste, og ei av fleire tenester som har til hensikt å oppfylle føremålsparagrafen i helse- og omsorgstenestelova ( 1-1), som mellom anna skal sikre at den enkelte får mulighet til å leve og bo selvstendig og til å ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i fellesskap med andre. Tenesta rettar seg mot fritidsdarenaen og er såleis for mange eit avgjerande tilbod for å kunne delta i sjølvvalgte kultur- og fritidsaktivitetar (Sosial- og helsedirektoratet 2007)(Midtsundstad 2013). Støttekontakttenesta var fram til 2012 heimla i to lover - lov om barnevernstenester og lov om sosialtenester. Frå 2012 vart støttekontakt omfatta av den nye helse- og 5 Meir informasjon om studietilbodet «Organisering og veiledning av støttekontakter, avlastere og frivillige» her: http://www.hib.no/studietilbud/studieprogram/b30stotte/ 14

omsorgstenestelova 6, samstundes som sosialtenestelova vart oppheva. I kapittel nr 3 i helseog omsorgstenestelova (i 3-2 om kommunane sitt ansvar) er støttekontakt omtalt som et underpunkt under personlig assistanse. I Prop. 91 L (2010-2011) gir Helse og omsorgsdepartementet ei meir utfyllande skildring av kva som er meint med «personleg assistanse»: «Støttekontakt er en måte å gi personlig assistanse på, til deltagelse i fritidsaktiviteter. Personlig assistanse kan også organiseres som bistand til organisert deltagelse i aktivitetsgrupper og individuelt tilrettelagt tilbud i samarbeid med en frivillig organisasjon» (side 186-187). Helse- og omsorgstenestelova opnar for ulike modellar når det gjeld støttekontakt: Individuell støttekontakt, deltaking i ei aktivitetsgruppe, og individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon. Dette reknast som tre hovudløysingar innanfor støttekontaktordninga (Sosial- og helsedirektoratet 2007), samstundes som løysingane er mogleg å kombinere, og det i det heile er ein høg grad av fleksiblitet i lovverket når det gjeld bruken av ordninga. Individuell støttekontakt er nok den mest tradisjonelle måten å utforme tilbodet på, og omtalast ofte som «ein-til-ein»-støttekontakt. Prosjektdeltakarane frå samarbeidskommunane fortel at dette er ei løysing mange brukarar etterspør, fordi det er den ein har erfaring med og kjenner til. Deltaking i aktivitetsgruppe inneber i praksis ofte at den utviklingshemma deltar i organisert aktivitet saman med andre utviklingshemma. Slike grupper er gjerne etablert og driven i kommunal regi. Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein friviljug organisasjon inneber at brukaren deltar i eit lag eller forening saman med andre medlemmar. Ei kartleggingar som er utført gjennom knutepunktet «Fritid for alle» tydar på at denne måten å bruke støttekontaktordninga på til personar med utviklingshemming førekjem svært sjeldan rundt om i kommunane. Det er spesielt denne modellen ein ønskjer prøvd ut og utvikla vidare gjennom samarbeidsprosjektet «Aktive muligheter», slik at denne forma for deltaking i fritidsaktivitetar kan bli eit alternativ for psykisk utviklingshemma omkring i landets kommunar. Dei tre hovudløysingane har ikkje eksistert veldig lenge som anbefalingar frå myndigheitene, og kan sjåast som del av ei utvikling i støttekontaktordninga, mot ein meir variert og fleksibel praksis. Vi kan også sjå større mangfald på andre måtar, som nye nemningar på støttekontakttilbodet: «treningskontakt», «fritidskontakt», og «aktivitetskontakt». Eit 6 Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) http://www.lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/all/tl-20110624-030- 003.html&emne=st%F8ttekontakt*& 15

spørsmål vil vere om større variasjon også vil gje auka valfridom og betre moglegskapar for brukarane til å finne eit fritidstilbod som den enkelte ønskjer. Ove Mallander (2011), som i si bok har gjort samanlikningar av den norske støttekontaktordninga med den tilsvarande svenske ordninga «kontaktperson», peikar på at det har vore ei motsetningsfull utvikling når det gjeld den norske støttekontaktordninga: På eine sida har det funne stad ei differensiering av tenestetilbodet (altså fleire ulike måtar å utforme tilbodet på). På den andre sida ser ein eit strev etter å gjere prosedyrer omkring tildelingar osv. meir standardisert, gjennom kunnskapsbankar og utdanningar. Samstundes som større valfridom er ei målsetting, ønskjer ein også meir standardisering. Desse utviklingstrekka, og endringa i den lovmessige forankringa til støttekontaktordninga, gjer også støttekontaktordninga og praksisar omkring ordninga, til eit interessant forskingstema og som eit inntak til å studere pågåande og interessante utviklingstrekk i velferdsstaten. Støttekontaktordninga tematiserar mellom anna grensene mellom privat/frivillig offentleg, fritid arbeid/utdanning, fellesskap/kollektivet individualisering. I tillegg til auka inkludering, er det i prosjektet også lagt til grunn eit økonomisk argument, som tar utgangspunkt i eit reknestykke som viser at å delta på individuell basis i ordinære aktivitetar/lag under visse vilkår også kan skape eit tilbod som i tillegg blir rimelegare for kommunen på litt sikt. Litt forenkla fortel reknestykket at ein konsentrert innsats det første året for å bistå den utviklingshemma til å bli med i ei ordinær lag eller forening, dei påfølgjande åra vil føre til lavare utgifter for kommunen, fordi behovet for særskilt oppfølging vil bli redusert etter kvart som individet blir eit medlem av fellesskapet i foreininga. Prosjektleiarane frå kommunane uttrykkjer litt ulik grad av tru på at det enkelt vil la seg gjere å oppfylle føresetnadane for dette, dels fordi dei oppfattar at fleire utviklingshemma har store oppfølgingsbehov, og dels at det vil vere urealistisk å forvente at eit lag eller ei forening kan ta på seg dette på sikt. Men ikkje alle prosjektleiarane uttrykker ein slik tvil til denne føresetnaden. Enkelte har som nemnt etablert eit godt samarbeid med enkelte lag og foreningar i kommunen, og som er klare til å ta imot utviklingshemma medlemmar. 2.4.1 FRITID MED BISTAND Fritid med Bistand (FmB) (Midtsundstad 2013) er ein modell for korleis ein kan sikre personar med særlege behov muligheiter for ei meiningsfull fritid med deltaking i sjølvvalde aktivitetar, og gjerne gjennom å utnytte muligheiter som ligg i støttekontaktordninga. I nokre samanhengar vert det sett likskapsteikn mellom FmB og vedtak om individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon, som er den eine av tre hovudløysingar som er skildra i samband med støttekontaktordninga. Men samstundes som det er ei nær kopling mellom Fritid med bistand som modell og støttekontaktordninga som lovpålagd ordning, er det rimeleg å seie at FmB også er noko meir. FmB er mellom anna ein metode for 16

inkludering, der støttekontaktordninga er eitt av fleire element. Andre element som kan nemnast, er at det ligg eit menneskesyn bak, og det metoden er forankra i teoriar om kva inkludering for utviklingshemma er for noko, og kva som må til for at slik inkludering skal kunne realiserast. I prosjektet er det som nemnt eit mål å prøve ut, og å vidareutvikle FmB som metode for å gje personar med utviklingshemming betre moglegskapar for å delta i sjølvvalde fritidsaktivitetar. I dag brukast metoden FmB i mange norske kommunar allereie, men i liten grad med utviklingshemma som deltakarar. Støttekontaktordninga har imidlertid i utstrekt grad blitt brukt til utviklingshemma (om lag halvparten i 1997, Bliksvær 1997), men det dreiar seg då i hovudsak om tradisjonell individuell støttekontakt eller deltaking i ei aktivitetsgruppe. I kommunane vil det rett nok også vere tilbod som fremjar målsettingane om inkludering i sjølvvalde fritidsaktivitetar, men som ikkje nødvendigvis er forankra i eit kommunalt vedtak om støttekontakt. Døme på dette (henta frå oversikt i Asker) kan vere ulike «frisklivstilbod», som svømmeopplæring, psykisk helse og overvekt, spinning, fleirkulturelle aktivitetar, og andre aktivitetar. 17

3 ERFARINGAR I FØRSTE FASE AV HOVUDPROSJEKTET Dette kapittelet skal ta for seg erfaringane frå hovudprosjektet så langt, det vil seie om lag halvvegs i prosjektperioden for hovudprosjektet. Vi skal sjå på resultat og utfordringar som dei kommunale prosjektmedarbeidarane trekkjer fram gjennom dette første året med hovudprosjekt. Vi skal også sjå nærmare på nokre av dei tema og problemstillingar som har vore sentrale i diskusjonane blant prosjektmedarbeidarane, men også i referansegruppa for prosjektet. Grunnlaget for kapittelet er observasjonar under nettverksmøta i prosjektet (presentasjonar og diskusjonar), to fokusgruppeintervju med prosjektleiarane i kommunane, og skriftlege notat frå prosjektleiarane om status i prosjekta. 3.1 KOMMUNANE OM RESULTAT SÅ LANGT Vi skal her trekkje fram nokre av dei resultata som prosjektleiarane skildrar gjennom årsrapporteringa til Helsedirektoratet, i tekstar og presentasjonar til prosjektgruppa under nettverkssamlingane. Dei kan sorterast i fire hovudpunkt: Organisering og forankringsarbeid: Det første året har dels gått med til å få på plass prosjektbemanning i kommunane. Prosjektleiar var på plass i løpet av forprosjektet 2012-2013 for alle kommunane. Prosjektleiarane har også drive ein del «forankringsarbeid» hos leiing og blant kollegaer i sine kommunar, det vil seie formidla informasjon og sikra støtte og legitimitet til å drive prosjektet i kommunen. Alle kommunane ser ut til at dei har klart å forankre prosjektdeltakinga godt i leiinga i sine avdelingar. I dette forankringsarbeidet ser det ut til at det økonomiske tilskottet frå Helsedirektoratet har hatt stor betydning. Det synest også å ha hatt betydning at ein kan vise til ein modell (FmB), som er fagleg fundert med litteratur, og som byrjar å bli kjent rundt om i kommunane. Viktige støttespelarar som blir trukke fram av prosjektleiarane er: vedtaks-/bestillarkontoret (når desse er effektive), brukarar (inkl. familiar) og brukarorganisasjonar, frivillige lag og organisasjonar. Ei leiing som er viljug til å prøve ut nye løysingar vert framheva, og også prosjektgruppa og nettverkssamlingane i prosjektet. Bevisstgjering og informering/opplæring om metoden Fritid med bistand: Prosjektdeltakarane har brukt tid til å styrke kunnskapen (hos seg sjølv og andre) om metoden Fritid med bistand. I Asker, Gjøvik og Drammen har ein ganske god kjennskap til metoden frå før dette prosjektet starta opp, og erfaring med bruk av metoden overfor andre brukargrupper enn utviklingshemma. I Drammen hadde ein brukt metoden FmB sidan 2008, medan ein i Bydel Gamle Oslo ikkje hadde brukt FmB før prosjektet starta opp. Det framgår samstundes at ein i Bydel Gamle Oslo lenge har jobba på måtar som har likskapstrekk med hovudtrekka i FmB. 18

Informasjonsaktivitet: Dei deltakande kommunane har laga brosjyrer/foldarar med informasjon om prosjektet og om Fritid med bistand som tilbod for målgruppa utviklingshemma. Slik informasjon er også lagt ut på nettsidene. I Asker har det også blitt utforma nye retningslinjer for støttekontakttenesta, og i andre kommunar ser ein tydeleg ei profilering av den tredelte modellen for støttekontakttenesta. Det er ein indikasjon på at deltaking i prosjektet og kunnskapen som blir skapt gjennom prosjektet fører til endringar i oppbygginga av tenestene. Tilbod til brukarar: Kommunane viser til døme der utviklingshemma har fått tilbod om sjølvvalde fritidsaktivitetar, men dette gjeld i få tilfelle individuell deltaking i ein «ordinær» klubb, lag eller foreining. Samstundes framhevast det at prosjektdeltakinga har ført til fleire muligheiter i kommunen, det vil seie at valmoglegskapane for den einskilde brukaren har blitt større sjølv om kanskje ikkje individuell deltaking i ein ordinær klubb, foreining eller lag har blitt resultatet (men gjerne aktivitetsgruppe i lag med andre utviklingshemma). Når dette nemnast blir det gjerne uttrykt at ein ikkje er nøgd frå prosjektkommunane si side og at ein skulle ønskje ein var komt lenger i å etablere døme på bruk av FmB for personar med utviklingshemming. 3.2 Å SAMARBEIDE FOR INKLUDERING I FRITID - UTFORDRINGAR OG MOGLEGSKAPAR I dette avsnittet skal eg presentere nokre tema som tar opp sentrale utfordringar og spørsmål som prosjektdeltakarane frå dei ulike kommunane har skildra direkte og indirekte når det gjeld gjennomføring av samarbeidsprosjektet. Temaene utgjer dels «varme potetar», som eg som evaluator har observert som i diskusjonane til prosjektdeltakarane, og har også vore presentert for prosjektleiarane gjennom samlingane i prosjektet. Dei er også nært knytta til dei resultata som prosjektleiarane har skildra over. Nokre av utfordringane er meir generelle og felles for alle deltakarkommunane, medan andre er knytta meir til lokale rammevilkår og føresetnader og gjeld enkeltkommunar. Initiativet til deltaking i samarbeidsprosjektet «Aktive muligheter» har gjerne starta hos enkeltpersonar i den aktuelle tenesta i kommunen, og gjerne gjennom tidlegare erfaring med å delta i andre utviklingsprosjekt innan fritidssektoren. Fleire av prosjektdeltakarane var t.d. kjent for prosjektkoordinator frå tidlegare. Kvar deltakarkommune har signert ein avtale som inneber at kommunen skal stille med ein eigenandel tilsvarande dei ressursane som blir tilført prosjektet frå Helsedirektoratet. I dette så ligg det allereie at ein har fått forankra prosjektdeltakinga i organisasjonen. Samstundes er det sentralt at forankringa ikkje berre dreier seg om disponible ressursar, men også om engasjement og moralsk støtte til prosjektet. 19

3.2.1 ULIKE KOMMUNAR OG GJENSIDIG KUNNSKAPSDELING Samstundes som alle fire deltakande kommunar/bydel har til felles at dei er motiverte for å få til betring når det gjeld fritidstilbodet til utviklingshemma, er dei også ganske ulike på ein del område. Kommunane/bydelen har dels ulike strukturar som legg føringar for muligheitene for å utforme fritidstilbod for utviklingshemma. Dette gjeld t.d. organisatorisk og fysisk. I ein liten kommune er strukturane mindre og kanskje lettare å påverke, medan ein stor bydel som Gamle Oslo er dei organisatoriske strukturane og inndelingane større, og involverar fleire aktørar. Det er også ulike fysiske utgangspunkt, t.d. til å drive utandørs fysisk aktivitet. Kommunane har også dels ulike brukargrupper. Bydel gamle Oslo har eksempelvis ein større andel innbyggjarar med ikkje-norsk etnisk bakgrunn enn dei andre, og dermed andre tradisjonar og skikkar knytta til fritid å ta hensyn til. Representantane frå bydelen peikar også på at dei har relativt mange innbyggjarar og familiar med dårleg råd, og derfor lite erfaring med å delta i fritidsaktivitetar som kostar pengar. Dei har kanskje heller ikkje råd til å betale for deltaking i organisert fritidsaktivitet, eller for reisa til/frå. Prosjektdeltakarane frå kommunane er også ulike når det gjeld grad av etablert kontakt med lag og foreiningar, og i kva grad dei har ein «underskog» av kontakter å trekkje vekslar på. Ein slik beredskap må byggjast opp over tid, og pleiast, viser erfaringane. Enkelte lag og foreningar har også satt av eigne ressursar med føremål å skulle inkludere medlemmar med utviklingshemming eller anna funksjonsnedsetting. Tenestene er også organisert ganske ulikt i dei ulike kommunane. I Bydel Gamle Oslo er det til dømes ei todeling av tenesta, der fritidstenester for respektive born og vaksne er lagt til kvar si avdeling (i samarbeidsprosjektet har ein løyst dette ved å inkludere representantar frå begge tenestene). Og i Asker er det eit nært samband mellom dei som jobbar med tildeling og vedtak om støttekontakt og dei som jobbar med tilbodet/utføring. Endeleg har kommunane også litt ulike utgangspunkt når det gjeld muligheiter (og vilje) for å finansiere tilrettelegging for fritidsdeltaking for utviklingshemma. Dette har ført til at dei deltakande kommunane også nyttar prosjektmidlane på litt ulike måtar, anten det er til kontingent for brukarar, betaling for ein øyremerka del av ein stillingsbrøk (og aktivitetar), eller at det inngår i den store potten innanfor tenesta. Dette skapar også litt ulike problemstillingar om kva som skjer når prosjektperioden er over. I Bydel Gamle Oslo har ein eit anna volum og omfang på tenestene enn i mindre og meir oversiktlege kommunar. Det gjer også at den andelen som kommunen får av tilskottet (som er delt likt på dei deltakande kommunane) vert relativt mindre i forhold til totalen. Deira strategi går ut på å sjå dette tilskottet som ein del av den samla «pakken» av prosjektmidlar som bydelen mottar: 20

«Vi har jo prosjektmidler, 7500 til han og 7500 til meg. Det er jo ingenting å «leke» for. Så vi har jo drevet hele dette prosjektet for egne midler egentlig. Og så lar vi det også være en del av vår ordinære drift. (...) Du kan jo si at, det vi har av tiltak hele pakken, som er et sammensurium av prosjektmidler, fra Helsedirektoratet, fra FmB til minoritetsspråklige, og dette prosjektet, og vårt eget budsjett som er egentlig mesteparten av det.» Dei ser det slik at det er andre gevinstar ved å delta i prosjektet enn det økonomiske tilskottet, som er viktige. Det kan ha ulike sider å la midlande bli slått saman med «ordinær drift». På den eine sida blir prosjektmidlane her meir usynlege og vanskeleg å skilje ut, på den andre sida blir det kanskje mindre sårbart for kva som skjer etter at prosjektperioden er over. Ei erfaring som projsektleiarane peikar på, er at ulikskapar mellom deltakarane gjer at kvar kommune/bydel bringer inn sine spesielle utfordringar i prosjektgruppa, slik at desse kan bli diskutert og kanskje finnast ei løysing for. Dei bringer også inn løysingar og gode døme på kva som fungerar, til inspirasjon for dei andre. Dette gir læring. Dei delar kunnskap, erfaringar, og fortel eksempelhistorier for kvarandre. Forteljinga av eksempelhistorier det vil seie konkrete døme der ein har lukkast å få til gode fritidsløysingar for ein person - synest å ha stor kraft i eit slikt fellesskap. I slike enkelthistorier er det samla både motivering (forteljaren og tilhøyrarane blir engasjert) og kunnskap (i historiene skildrast det løysingar), og dei er også pedagogiske, fordi innhaldet i historiene festar seg hos lyttaren og blir hugsa til seinare. Ikkje minst er det tydeleg at representantane for kommunane opplever ei motiverande gjensidig moralsk støtte i dette fellesskapet. Det er ein fordel når dei elles ofte opplever at dei er talsmenn/kvinner for eit relativt lavt priortert tenesteområde innanfor kommunane. 3.2.2 Å FÅ INNPASS HOS FRIVILLIGE LAG OG FOREININGAR Alle prosjektleiarane framhevar det å etablere eit godt samarbeid med frivillige organisasjonar som ei utfordring som kan vere både vanskeleg, men også avgjerande for å kunne lukkast med målsettingane for samarbeidsprosjektet. Enkelte har ein lang og etablert praksis for dette, medan andre ikkje i same grad har dette. Det er ikkje minst tidkrevjande å komme i kontakt med frivillige organisasjonar for å formidle informasjon og spørsmål om samarbeid. Prosjektleiarane sine forteljingar tyder også på at det kan vere lettare å få oversikt over og pleie kontakt med lag og foreningar i mindre og meir oversiktlege kommunar. Men det er enkelte gongar også ei utfordring å få nøkkelpersonar i laget til å sjå inkludering av ein utviklingshemma person (eller fleire) som ei positiv utfordring for laget. Enkelte foreningar/lag kan ha vanskeleg å ta i mot ein deltakar med utviklingshemming dersom det 21

ikkje følgjer med ledsagar. Dette kan ha med kva type aktivitet det er foreininga tilbyr å gjere. Enkelte aktivitetstypar (til dømes svømming) krev tettare individuell oppfølging enn andre og ledig kapasitet å rettleie frå dei andre medlemmane, medan andre aktivitetstypar krev mindre oppfølging. Det er vidare også av betydning om foreininga tilbyr fysiske aktivitetar (idrettsaktivitetar) eller andre typar aktivitetar (som handarbeid/handverk, musikk, hundeklubb, motorsport), om det er lagaktivitet (som fotball/dans) eller individuell aktivitet (svømming, skyting), og om det er konkurranse- og prestasjonsfokuserte aktivitetar (som baneløp), eller mindre konkurranseprega (som bowling, golf, truger). I enkelte lag og foreiningar brukast det også aldersindelingar/aldersklasser. Då oppstår spørsmålet om kva kriterie ein skal bruke om det er alder (tilhøyrigheit til aldersgruppa), eller ferdigheiter. Det er kanskje ikkje slik at ein har dei ferdigheitene som svarar til den aldersgruppa ein tilhøyrer, men samstundes opplever det som kunstig å skulle delta saman med medlemmar som er langt eldre eller langt yngre. Blant kommunane er det fleire døme på at det kan vere fruktbart å ta utgangspunkt i etablerte samarbeid, og så forsøke å utvikle desse vidare. I Drammen hadde ein eksempelvis tidlegare eit samarbeid med eit idrettslag som har drifta ei «allidrettsgruppe», og som både idrettslaget og kommunen har hatt gode erfaringar med, men som likevel ikkje har vore så aktiv dei siste åra. I dette tilfellet har ein etablerte kontakter som ein kan utnytte. Ein prosjektleiar uttalar at det er spesielt utfordrande å få til samarbeid med nyetablerte klubbar: «Det jeg har sett før i jobbinga med FmB, men også nå i dette nye prosjektet, det er at det er en litt større utfordring å komme inn i de nyetablerte klubbene. De tradisjonelle idrettslagene som har holdt på i 70-80 år, der er det litt letter å komme inn i enn f.eks en bowlingklubb som bare har holdt på i noen år. De nye er litt mindre og har generelt mindre ressurser. Det må liksom litt jobbing til for å komme gjennom den veggen, som jeg føler at det er litt..., å få de med på laget». 3.2.3 DEN VANSKELEGE INKLUDERINGA Samarbeidsprosjektet går ut på å få til ny praksis, og for å få til det kan det vere naudsynt å endre den gamle. Ei utfordring som blir trukke fram i diskusjonane om erfaringar frå prosjektet, er at utviklingshemma og føresette gjerne fremjar ønskje om å delta i aktivitetsgrupper saman med andre utviklingshemma. Dette vert gjerne grunngjeve med at det er dette mange brukarar er vant til, og er trygge på. Når brukarane får høyre om metoden Fritid med bistand og individuell deltaking i ei ordinær forening, reiser det seg ulike spørsmål når ein skal setje seg inn i korleis det er å skulle delta der. Det er ikkje alltid slik at brukarane ønskjer eller sjølv foreslår aktivitetsgrupper, men det er ikkje uvanleg. Enkelte gongar er brukarane og brukarane sin familie også umiddelbart positive til eit forslag om 22