FLORA KOMMUNE UTBYGGINGSAREAL PÅ Rota, Grønenga - Terøya Kostnadsoverslag 2. November 2012
INNHALD SIDE 1. INNLEIING 3 2. GRUNNLAGSMATERIELL 3 3. EKSISTERANDE PLANER-ANLEGG 3 4. GENERELT OM KOSTNADSBEREKNINGA 4.1. Skjæring 4.2 Fylling 4.3 Areal 4.4 Bruer 4.5 Kaier 4.7 Tekniske anlegg 5. KOSTNADSOVERSLAG 5 VEDLEGG: Oversiktskart, Teikning nr. 2012091- B1: Rota Teikning nr. 2012091- B2: Grøneng 2
1. INNLEIING ivest Consult as er engasjert av Flora Kommune til å utarbeide masseberekning og kostnadsoverslag for utbygging av fleire alternative utbyggingsareal. Hovedføremålet med kostnadsrekninga er å få fram skilnadene på utbyggingsalternativa. Einingsprisane i overslaga er basert på erfaringstal frå nyare, tilsvarande anlegg. 2. GRUNNLAGSMATERIELL Ved utarbeiding av skisseprosjektet har ein nytta følgjande grunnlagsmateriell: Digitalt kartgrunnlag frå Flora Kommune, landkart Digitalt kartgrunnlag frå Flora Kommune, sjøkart Mottatte planteikningar som syner plassering og størrelse på alternative areal for industriformål, med sprengningsområder, fyllingsområder, vegtrasèar, bruer, djupvasskaier.o.s.b.. Desse teikningane er lagt til grunn for vår masseberekning. 3. EKSISTERANDE PLANAR-ANLEGG Basert på mottatte teikningar/data, og endringar til desse, avklara i oppdragstida, skal det utarbeidast masseberekning med kostnader for alle alternativ. Det betyr at føreliggande løysingar er blitt gjennomgått med omsyn til mengder og kostnader. Endringar i høve til føreliggande løysing: - Tilkomstveg til Rota sør for Fjord Base skal ikkje vere med. Ny veg til Rota skal starte ved vestre ende av dagens industriareal. - Alternativ veg til Rota nordvest skal vere på fylling (evt. med kulvert gjennom fylling). Det er rekna med bru i Asplan Viak sin rapport. - Arealet aust for Botnastranda skal oppdelast i 2 masseberekningar (Sandvika 3A og Sandvika 3B) - Tilkomstveg/bru til Grønenga skal visast med det mest realistiske alternativet m.o.t. fylling brulengde. - Masseberekning for Langøyane skal utførast. Flora kommune har oversendt data for arealavgrensing. - For Terøya vert det nytta masseberekning som Flora kommune har utført. Kostnadsberekning for bruer er basert på nyare erfaringstal frå tilsvarande bruer, og må oppfattast som orienterande. For meir eksakte kostnadstal må det utarbeidast skisseprosjekt. 3
4. GENERELT OM KOSTNADSBEREKNINGA 4.1 SKJERING (Sprengning) Einingspris for sprengningsarbeider varierer mykje med forhold som mengde, fjellkvalitet, pallhøgder, o.s.v. I kostnadsvurderinga har ein nytta einingspris frå liknande arbeid. Ein har vald å dele opp einingsprisen på pallhøgd over og under 10 m. Det er og teke inn anslått kostnad for sikring av fjellskjeringar. 4.2 FYLLING På planar er vist landkart og bunnkotekart. Bunnkotekart er utført av Kystverket, og er synt med ekvidistanse 5 m. Kalkulering er gjort med ekvidistanse 1m. Det er utført masseberekning med grunnlag i planeringsareala som dei er synt i grunnlagsmaterialet, og mellom sprengningsslinje og fyllingsfront. Med i kostnad er plastring av fyllingsskråning mot sjø til kote -2. 4.3 AREAL Fyllinga er planlagt med grovplanert overflate med kotehøgde +3,0 på fyllingsfront mot sjøen. Det er ikkje teke med kostnad for opparbeiding av areala, utover sjølve fyllingsarbeid et, d.v.s. at kostnad for bærelag, asfalt etc. ikkje er med. 4.4 VEGAR Vegar er masserekna ut ifrå vegstandard A2, «adkomstveg til industriområde» i Statens Vegvesen sine normer, planeringsbredde 8m, og køyrebanebredde 6 m. I kostnadene er det rekna inn plastring mot sjø, rekkverk, berelag og asfalt. 4.5 BRUER Vi har sett litt på diverse brualternativ som tilkomst til areala. Ettersom det er snakk om etter måten lange bruspenn over djupner på inntil 40 m, så vil det vere eit godt stykke grunnlagsarbeid som må utførast for å konkludere sikkert på kostnader og utførelsesmåte. På dette stadiet har vi difor begrensa oss til kostnadstal og tekniske løysingar for anlegg av tilsvarande storleik basert på kontakt med bruavdelinga til Vegdirektoratet. 1. BOTNANESET - ROTA Ved plassering som vist på planteikning B1 vil brua bli ca.100 m lang og koste ca.18 mill.kr. Seglingshøgda er 6 meter. 4
2. BOTNASTRANDA GRØNENGA VEST, BRU1 og BRU2 Bruspenn over 30 m djup frå Botnastranda til grunne (pel 600) og bruspenn over 40 m djup fra grunne til Grønenga. Med fundamentering av bruer på kote -20 vil dette kunne løysast med 2 stk. bruer type fritt frambygg med hovudspenn på 100 og 200 m, og sidespenn på om lag 50 og 100 m, total brulengde 500-600 m. Slike bruer koster om lag 300.000 350.000 kr/m, noko som vil gje ein kostnad på om lag 200 mill kr. Til samanligning vil ei hengebru/skråstagsbru koste om lag 600.000-650.000 kr./m. Eksempelvis er Dalsfjordbrua 525 m lang og koster i overkant av 500 mill.kr. 3. GRØNENGA - TERØYA Her er det ca 350 m over et djup på 40 m. Ei fritt frambyggbru vil anslagsvis koste 100-125 mill.kr. 4.6 KAIER. Nøyaktig plassering av kaier er ikkje vist på plankarta. Vi har rekna med 100 lm kai for kvart utbyggingsareal, dvs. område 1 Rota, område 2 Gaddholmen, område 4 Grønenga og område 5 Terøya. Vi har lagt til grunn kai dimensjonert som industrikai med tekniske anlegg (vatn og straum) og med tilkomst til kommunalt vegnett. Kai har min.12 m vassdjupne langs kaifront, ved spring lavvann. 4.7 TEKNISKE ANLEGG Tekniske anlegg på dette tidspunkt i prosjektet inneheld ikkje detaljar, men berre kostnadsestimering for hovudforsyning i kvart område for vatn, avløp, utslepp, elkraft og tele. Kostnaden er usikker, og må sjåast på som orienterande. 5. KOSTNADSOVERSLAG Kostnadsoverslaget er oppdelt med kostnad for kvart område /alternativ. På vedlagte planteikningar er ført på grunnlagsdata for kostnadsoverslaga, dvs. sprengnings- og fyllingsvolum for veg og areal, brulengder. Vi har også summert kostnader for hovedalternativa vest (Rota) og aust (Grønenga Terøya), men desse kostnadane må sjåast på som ein orienterande totalkostnad. Ved evt. utbygging vil det bli ei nøyare vurdering og optimalisering av dei ulike utbyggingsareala m.o.t. massedisponering/-balanse. Overslaget inneheld ikkje generelle og spesielle kostnader på dette stadiet. Generelle kostnader kan vere prosjektering, administrasjon, prosjektleiing, byggeleiing. Spesielle kostnader kan vere grunnkjøp, grunnavståing, byggherreadministrasjon, finanskostnader, investeringsavgifter, avgifter, gebyr o.s.b. 5
OMRÅDA VEST FOR BOTNANESET OMRÅDE 1 - ROTA Felleskostnader, rigg og drift 7 000 000 Skjæring 21 000 000 Fylling 16 000 000 Massflytting overskotsmassar 35 000 000 Kai 100m 23 400 000 Tilføring underskotsmassar - Tekniske anlegg 3 700 000 Sum 106 100 000 OMRÅDE 2 - GADDHOLMEN Felleskostnader, rigg og drift 15 000 000 Skjæring 14 000 000 Fylling 67 000 000 Massflytting overskotsmassar - Kai 100m 23 000 000 Tilføring underskotsmassar 103 000 000 Tekniske anlegg 8 000 000 Sum 230 000 000 OMRÅDE 6 - LANGHOLMEN Felleskostnader, rigg og drift 7 000 000 Skjæring 1 200 000 Fylling 35 000 000 Massflytting overskotsmassar - Kai 100m 23 400 000 Tilføring underskotsmassar 39 000 000 Tekniske anlegg - Sum 105 600 000 VEG 10 100 -ROTA Felleskostnader, rigg og drift 4 000 000 Skjæring 300 000 Fylling 14 000 000 Massflytting overskotsmassar - Tilføring underskotsmassar 17 000 000 Bærelag, asfalt, rekkverk 1 600 000 Tekniske anlegg - Sum 36 900 000 6
BRU I VEG 10 100 Felleskostnader - Bru, L=100m, seglingshøgd 8m 18 000 000 Sum 18 000 000 KOSTNADER SAMLET FOR OMRÅDA VEST FOR BOTNANESET Omlag 496,6 mill.kr. 7
OMRÅDA AUST FOR BOTNANESET OMRÅDE 3A - SANDVIKA Felleskostnader, rigg og drift 8 000 000 Skjæring 5 500 000 Fylling 62 000 000 Tilføring underskotsmassar 21 500 000 Tekniske anlegg 2 000 000 Sum 99 000 000 OMRÅDE 3B - SANDVIKA Felleskostnader, rigg og drift 5 000 000 Skjæring 12 000 000 Fylling 20 500 000 Massflytting overskotsmassar 12 500 000 Tekniske anlegg 7 000 000 Sum 57 000 000 OMRÅDE 4 - GRØNENGA Felleskostnader, rigg og drift 17 000 000 Skjæring 50 000 000 Fylling 105 000 000 Massflytting overskotsmassar 60 000 000 Kai 100m 23 400 000 Tekniske anlegg 7 000 000 Sum 262 400 000 8
OMRÅDE 5 - TERØYA Felleskostnader, rigg og drift 47 000 000 Skjæring 148 000 000 Fylling 365 000 000 Massflytting overskotsmassar 128 000 000 Kai 100m 23 400 000 Tekniske anlegg 5 000 000 Sum 716 400 000 VEG 11 100 -GRØNENGA Felleskostnader, rigg og drift 2 300 000 Skjæring 450 000 Fylling 13 000 000 Tilføring underskotsmassar 17 000 000 Bærelag, asfalt, rekkverk 1 400 000 Sum 34 150 000 BRU I Felleskostnader inkl. - Bru, L=200m, seglingshøgd 20m 67 000 000 Sum 67 000 000 BRU 2 Felleskostnader inkl. - Bru, L=400m, seglingshøgd 20m 134 000 000 Sum 134 000 000 9
BRU 3 Felleskostnader - Bru, L=350m, seglingshøgd 20m 117 250 000 Sum 117 250 000 SAMLA KOSTNADER FOR OMRÅDA AUST FOR BOTNANESET omlag kr 1.487.200.000 Florø 02.11.2012 for ivest Consult AS Trygve J. Riste 10
11
69.500 m2 Skjering: 643.000 m3 Fylling: 179.000 m3 Omr. 1 - Rota 40.000m 2 Skjering: 27.000 m3 Fylling: 359.000 m3 Omr. 6 - Langholmen Skjering: 8.000 m3 Fylling: 154.000 m3 Veg 10 100 - Rota 216.000 m2 Skjering: 473.000 m3 Fylling: 1.459.000 m3 Omr. 2 - Gaddholmen Bru Brulengd: 100 m Selglingshøgd: 6m (tilsv. NGO kote +8m)
Bru 3 76.500 m2 Skjering: 132.000 m3 Fylling: 347.000 m3 Omr. 3A - Sandvika Brulengd: 200 m Selglingshøgd: 20m (tilsv. NGO kote +22m) Bru 1 Brulengd: 400 m Selglingshøgd: 20m (tilsv. NGO kote +22m) Bru 2 Brulengd: 350 m Selglingshøgd: 20m (tilsv. NGO kote +22m) 718.000m2 Skjering: 4.603.000 m3 Fylling: 4.030.000 m3 Omr. 5 - Terøya 68.500 m2 Skjering: 353.000 m3 Fylling: 200.000 m3 Omr. 3B - Sandvika 243.000m2 Skjering: 1.570.000 m3 Fylling: 1.136.000 m3 Omr. 4 - Grønenga