Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 20. januar 2010

Like dokumenter
Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve vgs, Ulefoss Telefon

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. mars 2010

Styret godkjenner innkalling og saksliste. Vedtak: Styret godkjenner protokoll frå styremøtet

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve, Ulefoss Telefon

Hvem gjør hva og Årshjulet i Telemark Bondelag

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. februar 2010

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Telefon. Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Ann Kristin Teksle, Morten Rogn, Lars Vassend, Mathias Kleppen.

Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:30 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Samnanger kommune Møteprotokoll

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Fortid & notid for framtid

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 01/13 07/13

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Samnanger kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Vedtekter for Vestland SV

Årsmøte Telemark Bondelag 2010

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

-- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Ivar Aae, Marianne Hagen Lie og Ola Mjølhus.

Protokoll styremøte Telemark Bondelag 17. november 2010

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 27. oktober 2009 Tid: Tysdag 27. oktober 2009 kl Stad: Landbrukets hus, Gvarv

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtested Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 21. april 2010

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Tysnes kommune Møteprotokoll

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag onsdag 22. april 2009

Fitjar kommune Møteprotokoll

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Sak 14/00011 Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød, Ann Kristin Teksle, Gunleik Mæland, Bergit Li og Line E. Aaselid frå adm.

Fitjar kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Tysnes kommune Møteprotokoll

Innkalling. Utvalg: Fellesnemnda for Norddal og Stordal Møtestad: Rådhuset i Valldal Dato: Tid: Kl. 17:00

Sund kommune Møteprotokoll

Fusa kommune Møteprotokoll

Protokoll frå styremøte torsdag 13. november 2008

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

ÅRSMELDING 2012 FRÅ KONTROLLUTVALET NISSEDAL KOMMUNE

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Fitjar kommune Møteprotokoll

Oslo, 11. februar møte i gjetarhundnemnda tysdag den 9. februar kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

FolkOrg Møte 2012/02 Styret

Møte på kommunehuset Smia

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

TYSVÆR KONTROLLUTVAL

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. et, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30

VEDTEKT av februar 2007

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Transkript:

Telemark Bondelag Protokoll Vår dato Revisjon Vår referanse Utarbeidd av Arkiv: 022 Bergit Li / Amund Johnsrud Til Kopi til Styret m. 1. vara 2. vara, 3. vara Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 20. januar 2010 Tid: Onsdag 20. januar 2010 kl. 10.00 Stad: Landbrukets hus, Gvarv Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Olav S. Nordbø, Jon Midtbø, Tove B.B. Hoppestad (1. vara), Borghild Hardang-Hanto (TBK). Forfall: Tone Edland, Synne Vahl Rogn 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte. Saker: Sak 01/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. Styret godkjenner innkalling og saksliste. Sak 02/10 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Styret godkjenner protokoll frå styremøtet 15. desember slik den ligg føre. Sak 03/10 Referatsaker 1. Samarbeid Agder Telemark. Innspel om mjølkeproduksjon, til NBs forhandlingsutval Notatet låg ved sakspapira. Det er utarbeidd av dei tre fylkesleiarane etter det felles styremøtet i desember. Det er nå sendt over til leiinga i Norges Bondelag, og er m.a. presentert på landbrukets sørlandssamling tidlegare i januar, og av Kjell gjennom eit oppslag i Varden. Notatet er i etterkant utdjupa med meir talgrunnlag og fakta (Dokulive nr. 200700700/011) Styret merka seg notatet mtp. det vidare arbeidet med å utforme krav og innspel til jordbruksoppgjeret. I styremøtet vart det kommentert at kostnadene ved kjøp av kvote til nyetablering framleis vil vere høge, sjølv med vårt krav om ein halvert literpris, i høve til prisen ved kjøp gjennom den statlege omsetningsordninga.

2av 8 Det vert arbeidd med å få til eit oppslag i Nationen om saka. (Er nå stadfesta at det blir 8. februar, hos Erik Dahl i Bamble). 2. Møte i Tines produsentlag 05. og 14.01 Eit referat frå møtet i Morgedal 05.01 følgjer protokollen (Dokulive nr. 200700700/010) I Morgedal var det ganske positivt til nyetablering, samt ønske om kapital til investeringar/utbetringar av ulik storleik. Møtet i Bamble 14.01 ga meir sprikande signal og ingen eintydige konklusjonar. 3. Regionmøta med lokallaga 18. og 19.01 Møta er gjennomført på Akkerhaugen og i Morgedal. Skal vere i Porsgrunn på kvelden etter styremøtet. Vel 30 deltok på Akkerhaugen og vel 20 i Morgedal. Tema som kom opp i debatten var m. a: Budsjettstøtte framfor målprisauke, korn/kraftfôr-økonomi, økonomien for samdrifter, behov for investeringsstøtte og betre skatte-/avskrivingsreglar, velferdsordningar Spørsmål om sprik og motsetnader mellom distrikt og produksjonar. aksjonsvilje, informasjonsstrategi, både i forkant og ved forhandlingane 4. Nå er det min tur! Lien fjellgard 08-09.01 30 deltakakarar, god stemning. Enkelte av innlegga var for negativt prega, men samla sett bør arrangementet ha gitt påfyll og god inspirasjon til dei som deltok. Det seier også tilbakemeldingane frå deltakarane. Mest deltaking frå øvre del av fylket. Det vert utarbeidd ein evalueringsrapport etter kurset, av Vest Telemark Næringsutvikling. 5. Møte i kontaktgruppa med FMLA 19.01 møtet var hos Vest-Telemark Næringsutvikling i Kviteseid. Kjell og Amund møtte. Fekk rapport om bruken av BU-midlar i 2009, både tilretteleggingsmidlar og investeringsmidlar. det er noko att av rentestøtta pga. inndratte midlar frå tidlegare år. Men samla sett god etterspurnad etter investeringsmidlar. Fylkesmannen vil utarbeide ny handlingsplan for bruk av BU-midlane for 2010. Legg opp til stor grad av vidareføring av nåverande satsingsområde Kontaktgruppa vil drøfte dette nærare på eit telefonmøte i februar. 6. AU. Møte 11.01 Protokollen vart lagt fram i styremøtet, til orientering. 7. Møte om nasjonalt beiteprosjekt. Oslo 16.12.09 Olav deltok. Melding om at største tapet grunna rovvilt kjem frå bjørn. Det er litt overraskande. Oppsummering av erfaringane med bruk av radiobjøller. Det er eit brukbart, men dyrt tiltak. Erfaringar med andre typar sendarar visar mange feil, t.d. saltstein-sendarar. Det er problem med GPS ved avlesing pga.

3av 8 manglande mobildekking. På møtet kom ein også inn på utfordringane med tilvekst grunna sjukdom. 8. TB korn- og frøutvalet. Oppnemning Jf. sak på førre møte. Dagfinn Sem-Jacobsen, Heddal er ny medlem for perioden 2009-2011. Styret merka seg dei framlagde referatsakene. Sak 04/10 Orienteringssaker 1. Kurs om arealplanlegging i kommunane 28.01 Styremedlemmane vert oppmoda om å delta. Kurset er gratis for tillitsvalde i lokal- og fylkeslag. det er så lang litt få påmelde, men ein er einige om å gjennomføre kurset, og gjere ein innsats dei komande dagane for å få med fleire. 2. Rekneskapskontora, samarbeidsprosjekt Det planlagde møtet med rekneskapskontora vart gjennomført 7. februar. 12. stk deltok. Utgangspunktet er ønskje frå fleire kontor om å samarbeide om ei vikarordning. I drøftinga om dette er det også tatt opp moglegheiten for å samarbeide mtp. å styrkje rådgivingskompetansen til kontora. På møtet vart ein samde om å få til ei kartlegging av behov og interesse for dette hos alle kontora som har samarbeidsavtale med Bondelaget. Ei gruppe samansett av Augon Kaasa, Treungen Rekneskapskontor, Sigvart Asle Lie, Vest-Telemark Rekneskapsservice på Dalen, Anund Holte, Teleregnskap i Seljord samt Amund, skal utarbeide spørjeskjema for utsending til kontora. Gruppa skal møtast igjen 12.02 og gjere ferdig skjemaet. Det er også kome innspel frå eitt av kontora om å ta initiativ til å etablere ei erfaringsgruppe på eigarskifte, mellom fleire rekneskapskontor. Dvs. at enkelte medarbeidarar på dei kontora som jobbar mykje med slike saker, etablerer eit nettverk seg i mellom, og samarbeider meir aktivt til beste for kundane. Amund følgjer opp denne saka overfor aktuelle rekneskapskontor. 3. NB: Strategi og tiltak framfor jordbruksforhandlingane Saka vart tatt opp på NBs samling for organisasjonssjefane 12-13.01. Eit førebels arbeidsdokument frå NB låg ved styrepapira. Skal behandlast av NBs arbeidsutval. Felles aksjonsdag for organisasjonen vert 14. april. 4. Ny stortingsmelding. Organisering av arbeidet i NB Saka vart tatt opp på NBs samling for organisasjonssjefane 12-13.01. Ole Nicolai Skulberg er sidan tilsett som prosjektleiar for arbeidet i NB med stortingsmeldinga. Skulberg og ei arbeidsgruppe i NB vil skrive ut notat som grunnlag for vidare drøfting av saka utover vinteren. Det vert lagt opp til innspel gjennom ein møteserie i løpet av året, samt over internett.

4av 8 5. Årsmøte i Samarbeidsrådet Øst. 09.02 Møtet er på Eiker gardsysteri. Leiar, nestleiar og organisasjonssjef møter. Det vert også planlagt eit felles AU-møte for fylkesbondelaga, dagen før, lagt til Kongsberg. Kjell, Tone og Amund deltar. Olav er revisor for samarbeidsrådet, og kan møte i den eigenskap på årsmøtet i SR. 6. Styremøte i TB 10.02, inkl. møte med organisasjonane Det er sendt ut brev til aktuelle landbruksorganisasjonar i Telemark med innbyding til å møte TB for å gi innspel til årets jordbruksforhandlingar. Så langt har følgjande gitt melding om at dei kjem: Nortura Norsvin Felleskjøpet Honningsentralen Pelsdyralslaget (etter styremøtet har TYR og Sau og geit, meldt frå at dei kjem, også) Kontakten med Tine skjer i eigne møte, knytt opp møt arbeidet med Tine Sør si særskilte satsing i år for å styrkje mjølkeproduksjonen i Telemark. 7. Konflikt mellom Vegvesenet og grunneigarar i Bamble Vedlagd styrepapira låg avisoppslag frå Varden. Leiar Morten Rogn i Bamble Bondelag har også orientert TB om saka. Konflikt og uryddig sakbehandling hos Vegvesenet, m.a. veldig stort avvik i erstatningsutmålingar. Kjell har hatt drøftingar med Morten Rogn og det er avtale om at TB blir med Bamble Bl. på eit møte med Vegvesenet. Vil også vere aktuelt for oss å bistå i å utforme standardkontraktar, for grunnavståing til Vegvesenet. 8. Erstatningsordning for vern i Brattefjell-Vindeggen Vedlagt styrepapira låg brev frå advokat Skjelbred til Fylkesmannen, saman med oversending av innmeldte krav. Til årsskiftet hadde han mottatt om lag 70 krav om erstatning, som er oversendt Fylkesmannen. i tillegg har advokat Felland oversendt krav på vegner av 17 grunneigarar. Felland varslar også at det vil kunne vere aktuelt å reise søksmål med krav om at vedtaket om vern er ugyldig, for ein eller fleire. TB har ein dialog med Skjelbred og Helmen i Norges Bondelag mtp. eit framtidig orienteringsmøte for grunneigarane om saka 9. Etablering av Jordvernforeining i Telemark Det er tatt kontakt med Lars Vassend i Eidanger Bondelag i etterkant av det orienteringsmøtet om saka som var i Grenland i fjor haust. Via Lars har vi oppmoda dei om å halde kontakt med TB i det vidare, mtp. å drøfte noko administrativ støtte til ei slik foreining, likt det som er etablert i Vestfold. Vi avventar tilbakemelding frå initiativtakarane om dette. Styret drøfta dette og

5av 8 ein er samd om å ta opp saka på kurset om arealplanlegging som skal vere i Bø 28. januar. 10. Søknad om fellingsløyve for ulv. Siljan Bondelag m/fl Jf. oppslag i media om spor etter ulv i Siljan og grensetraktene mot Kongsberg og Lardal. Bondelaga i dei tre kommunane har varsla at dei søkjer om fellingsløyve for denne. 11. Informasjonskveld for lokallagsleiarar i TB. 17.02 På møtet i AU drøfta ein behovet for opplæring/skulering av lokallagsleiarane. Det er kome signal frå enkelte av dei om det, spesielt blant dei nyvalde. Vi legg difor opp til å samle leiarane ein kveld nå i vinter. Det vert den 17. februar. På Landbrukets hus, kl 18.30 22.00. Vekt på skulering om oppgåver og rolle som leiar, info om lagsdrift, aktuelle saker, og erfaringsutveksling mellom dei som deltar. Ansvar: AU/fylkeskontoret. I styremøtet tok ein opp trongen for meir samarbeid mellom lokallaga i dei ulike regionane i fylket. Ein ser for seg at laga kan gå saman om enkelte tiltak og arrangement. Det vart peika på at arbeidet med å kontakte og informere politikarar lokalt er ei slik oppgåve. Dette vert oppfatta som vanskeleg å få tak på dette av fleire, så eit samarbeid mellom fleire lokallag kan gjere oppgåva meir handterleg for lokallaga. Gjerne bruke modellen frå i haust med å tilby ei rundtur med buss, for lokale politikarar Eit mogleg oppfølging etter møtet den 17.02 kan vidare vere at ein gjer avtaler om å møte lokallagsstyra regionvis, for å planlegge det vidare arbeidet og få fram tiltak det er tenleg å samarbeide om, evt. i eit samarbeid med fylkeslaget. Andre aktuelle saker, t.d.: Verving. Motivere til å ta meir i tak i dette i laga, vurdere telefonverving som eit alternativ Skule - landbruk. Kva finst av planar og materiell for dette i NB? 12. Arbeidet i NBs valnemnd 2010 Sjå vedlagde brev frå valnemnda i NB. Fylkeslaga har i første omgang frist til 23.02 for å kome med innspel til nemnda. Styret hadde ei innleiande drøfting av saka, og vil evt. kome attende til den i neste styremøte. Styret merkar seg dei framlagde orienteringssakene.

6av 8 Sak 05/10: Årsmøte Telemark Bondelag 2010 1. Program/saker På førre styremøte var ein samde om å la temaet for fredagskvelden bli den varsla nye stortingsmeldinga. Det er avklara at Terje Lien-Aasland, Ap kjem. Frå LMD er det meldt at politisk rådgivar for Lars Peder Brekk, Hildegunn Gjengedal kjem. Deltakinga frå styret i NB er ikkje avklara ennå. Styret ser det som tenleg å ha ein ekstern møte-/debattleiar. Aktuelle namn her kan vere politisk journalist Aslak Bonde eller redaktør i TA, Ove Mellingen. Amund spør blant desse. Tar òg omsyn til at kostnadene ved å bruke Bonde til oppgåva truleg er større enn for Mellingen. Det er ikkje registrert nokre innkomne saker til årsmøtet enno. Fristen for dette er ein månad før møtet. Når det gjeld moglege forslag til fråsegner frå fylkesstyret, reknar vi med å drøfte det nærmare på styremøtet i mars. Men sidan den nye stortingsmeldinga er tema på fredagen, kan det vere nærliggande å ha ei fråsegn med innspel til denne. Vi legg opp til å halde møtet innanfor same tidsramme på laurdag som tidlegare, dvs. kl. 08.30 ca 15.00. Årsmøtet i Bygdevis vert å halde rett i etterkant av TBs årsmøte. Valnemnda skal ha møte 22. januar, lokallaga er orientert om at arbeidet i nemnda er starta opp. Styret delegerer til AU å utarbeide endeleg framlegg til sakliste og timeplan for TBs årsmøte 2010. Sak 06/10: Årsmelding Telemark Bondelag 2009 Kontoret er i gang med å skrive årsmelding nå, frist for trykking er 12. februar. AU får mandat til å godkjenne årsmeldinga framfor årsmøtet. Sak 07/10: Rekneskap Telemark Bondelag 2009 Rekneskapsutdrag for 2009 låg ved styrepapira. det syner eit positivt driftsresultat på kr 11 247,67. Inklusive finansinntekter (renter) vert årsoverskotet på kr. 26 751,18. Med atterhald om revisor si godkjenning, godkjenner styret framlagt rekneskap for Telemark Bondelag for 2009. Avsetning til samarbeid med AT Skog på kr 15 000,- vert tilført disposisjonsfondet.

7av 8 Sak 08/10: Arbeidsplan for Telemark Bondelag 2010-11 Arbeidsutvalet drøfta handlingsplanen på møte 11. januar, og hadde utarbeidd eit forslag som ligg ved her i styrepapira. Styret drøfta dette. Styret godkjenner forslag til arbeidsplan for TB 2010-2011 med endringar gjort i styremøtet Sak 09/10: Budsjett for Telemark Bondelag 2010 Forslag til budsjett vart presentert på styremøtet. I drøftinga på møtet var ein samd om å avrunde postane for IPT-verksemda opp til kr 20 000. Budsjettframlegget legg opp til eit driftsunderskot på kr. 15 000, det er tilsvarande prognoserte finansinntekter. Styret godkjenner forslag til budsjett for TB for 2010. Sak 10/10: Tidspunkt for årsmøte i Norges Bondelag Tidspunktet for årsmøtet i Norges Bondelag har vore oppe til vurdering med nokre års mellomrom. I samband med organisasjonsutviklings-prosessen i 1999 blei det gjort ei ganske grundig vurdering med årsmøtebehandling, og styret i NB hadde saka oppe til ny vurdering så seint som i 2007. Begge gongene blei konklusjonen at beste tidspunktet var i siste halvdel av juni. Representantskapet i juni 2009 oppmoda styret i NB om å sjå på saka på nytt. Styret i NB har sendt saka til fylkeslaga for uttale før saka blir endeleg behandla av styret. I notat frå Norges Bondelag som låg ved styrepapira har dei vurdert tre ulike alternativ, med bl.a. flytting av årsmøtet til oktober/november. Hovudargumentet for å flytte årsmøtet er å unngå den mest hektiske arbeidssesongen for bøndene. Målsettinga må vere å finne den beste årsrytmen for å utnytte organisasjonen mest mogleg ressurseffektivt. Arbeidet på alle tre organisasjonsnivå må sjåast i samanheng. Årsmøtet i NB er etter innkalling av vararepresentantar så å seie alltid fulltalig. Styret i TB støttar at årsmøtet i Norges Bondelag blir arrangert på same tidspunkt som nå, i juni. Sak 11/10 Fylkes- og regiongrupper for Landbrukets HMS-teneste. Ny prosedyre Styret i Landbrukets HMS-teneste har godkjent nye retningsliner for arbeidet i fylkes- og regiongrupper, notat om dette frå NB låg ved styrepapira.

8av 8 I høve til denne nye prosedyren er det lagt opp til ei justering av samansettinga av fylkesgruppa. I Telemark er fylket éin region, og ein må tilpasse samansettinga av gruppa til denne situasjonen. Pr. i dag er Telemark Bondelag representert med Neri Hestetun, Bø og Ove Kringlegarden, Vinje. dei blei oppnemnt i oktober 2008 for perioden 2009-2010. Jon Midtbø er oppnemnt for fylkesstyret i TB, for perioden 2010-2011. I prosedyren står det at fylkesstyret i kvart faglag oppnemner medlemmar av gruppa, primært HMS-kontaktar i lokallaga. Kor mange det skal vere, vert også avgjort av faglaget. Erfaringane med dagens fylkesgruppe i Telemark er gode, og forslaget er derfor at ein vidarefører dagens modell, med tre medlemmar oppnemnt frå fylkesbondelaget, men at organisasjonssjef tiltrer gruppa slik det er sett opp i den nye prosedyren. Vurderinga er at ytterlegare ei utviding av regiongruppa er lite hensiktsmessig mtp. kostnader og effektivitet i arbeidet. Jon Midtbø held fram som representant for fylkesstyret i L-HMS si regiongruppe i Telemark for perioden 2010-11. Ove Kringlegarden og Neri Hestetun held fram som medlemmar av gruppa ut perioden 2009-10. Organisasjonssjefen tiltrer regiongruppa i tråd med den nye prosedyren. Ymse Olav tok opp at det nå kjem fleire innspel frå medlemmar og andre, om at økonomien og vilkåra for bønder nå er slik det at krev sterkare reaksjonar frå landbruket, enn det ein har sett dei siste åra. Det er eit spørsmål korleis dette vil utvikle seg fram mot vårens jordbruksforhandlingar. Korleis vil stemninga t.d. vil verke inn på aksjonsplanlegginga og aksjonsviljen i Bondelaget? Olav viste også til innlegget som Nils T. Bjørke hadde i Nationen tysdag 12. januar, om ein gjennomgang av investeringsmidlane. Positivt at det nå vert arbeidd for å få desse midlane meir tilpassa investeringsbehova på mindre bruk. Møtet slutt kl. 15.40. Ved protokollen Amund Johnsrud