Nordfjord Vekst AS Forretningsplan for eit regionalt næringsutviklingsselskap

Like dokumenter
Nordfjord Vekst AS Handlingsplan 2012

Saman for framtida (Ref # )

Saman for framtida (Ref # )

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

STRATEGIPLAN

SOGN driftig raus ekte

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Reformer i regional stat Anne Karin Hamre. Kommunereforma aktuelle tema og status i fylket. Kåre Træen

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Mandat for arbeidsgruppe

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

INTERNASJONAL STRATEGI

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Kommunesamarbeid - status og planar i Sogn og Fjordane Kommunal- og regionalkomiteen i Sogn og Fjordane, mars 2010 Olav Lunden, styreleiar i

Kommunereforma status og aktuelle tema i fylket. Økonominettverket 30. mai 2016 Kåre Træen

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Vågsøy Arbeidarparti Program

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Solfrid Borge leiar i prosjektgruppa Lars Ueland Kobro forskar - Telemarksforsking

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Bosetting. Utvikling

Invitasjon til å teikne aksjar i Stad Vekst AS

Stryn kommune 1

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet /09 Kommunestyret /09. Arkiv FE-U01

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Dialogmøte i regionane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS. Org.nr:

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

DIS- Sogn og Fjordane

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Sentrale utviklingstrekk i Luster kommune. Næringsarbeidet i Luster kommune

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Hvordan går det egentlig med. Telemarksforsking

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

SOGN driftig raus ekte

Transkript:

Nordfjord Vekst AS Forretningsplan for eit regionalt næringsutviklingsselskap 14.06.11 Utarbeidd av styringsgruppa for Nordfjord Vekst AS 1

Innhald Samandrag... 3 1 Bakgrunn... 4 1.1 Innleiing... 4 1.2 Regionen... 6 1.3 Næringslivet i regionen... 8 1.3.1 Eid... 8 1.3.2 Selje... 9 1.3.3 Vågsøy... 9 1.4 Næringsutviklingsarbeid pr 2011... 10 1.4.1 Eid... 10 1.4.2 Selje... 10 1.4.3 Vågsøy... 11 1.4.4 Invitasjon til samarbeid... 11 2 Visjon og forretningsidé... 12 2.1 Visjon... 12 2.2 Forretningsidé... 12 3 Ansvarsområde og avgrensingar... 12 3.1 Næringslivskontakt... 13 3.1.1 Grunderkontakt/inngangsport til virkemiddelapparatet... 13 3.1.2 Kommunalt næringsfond... 13 3.1.3 Kontakt næringsliv/skule... 14 3.1.4 Kurs og temamøte... 14 3.2 Næringsutviklingsprosjekt... 14 3.2.1 IT og teknologi... 14 3.2.2 Fiskeri/marin næring... 14 3.2.3 Maritim næring og fornybar energi... 15 3.2.4 Reiseliv/kulturbasert næring/landbruk... 15 3.2.5 Profilering/marknadsføring av næringslivet regionen... 15 3.3 Rammevilkår for næringsutvikling... 15 3.3.1 Offentlege kompetansemiljø... 16 3.3.2 Utdanning på vidaregåande- og høgskulenivå... 16 3.3.3 Teknologisk infrastruktur... 16 3.3.4 Samferdsle... 16 4 Organisasjon og leiing... 17 2

4.1 Aksjonærar... 17 4.2 Styre og generalforsamling... 18 4.3 Personale og organisering av drifta... 18 5 Økonomi og finansiering... 19 5.1 Innleiing... 19 5.2 Kommunane sitt bidrag... 19 5.3 Næringslivet sitt bidrag... 19 5.4 Andre finansieringskjelder... 19 5.4.1 Sogn og Fjordane fylkeskommune... 19 5.4.2 Bremanger og Vanylven kommunar... 20 5.4.3 Bidrag frå bankar... 20 6 Budsjett... 20 Vedlegg:... 21 Samandrag Dette dokumentet gir ei samla framstilling av organisering, oppgåver/ansvarsområde og finansieringsmodell for eit regionalt næringsutviklingsselskap for kommunane Eid, Selje og Vågsøy i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Dokumentet er meint som det nødvendige grunnlaget for å kunne vedta oppretting av eit slikt selskap i kommunestyra i Eid, Vågsøy og Selje i juni 2011, med sikte på kapitalinnhenting og oppretting av selskapet i andre halvår 2011 og igangsetting av aktiviteten i selskapet seinast ved årsskiftet 2011/12. Kapittel 1 omhandlar bakgrunnen for at framlegget om eit regionalt næringsutviklingsselskap har kome opp. Ein gir også ei framstilling av Nordfjord-regionen, næringslivet i dei berørte kommunane og dagens organisering av næringsutviklingsarbeidet i kvar kommune. Kapittel 2 omhandlar visjon og forretningsidé for det nye selskapet, med arbeidstittel "Nordfjord Vekst". Det blir foreslått at "Nordfjord Vekst" skal vere kommunane og næringslivet sitt overordna selskap for næringsutvikling, auka næringsaktivitet og nye etableringar i regionen. Selskapet skal ivareta næringslivet sine interesser inn mot fylke, statlege organ og andre næringslivsmiljø, og vere kontaktpunkt/førstelinjeteneste for bedrifter og grunderar i regionen. Selskapet skal vere eit verktøy for næringslivet og kommunane i regionen i samband med større utviklingsprosjekt. Kapittel 3 omhandlar ansvarsområde og avgrensingar for selskapet. Det blir definert tre hovudansvarsområde: 1. Næringslivskontakt (m.a. førstelinjeteneste/grunderkontakt, forvalting av kommunalt næringsfond, kontakt næringsliv/skule og nettverksaktivitetar) 2. Næringsutviklingsprosjekt (m. a. innanfor IT/teknologi, fiskeri/marin næring, maritim næring og fornybar energi og profilering av næringslivet i regionen, samt ta ei nærare definert rolle innanfor reiseliv/kulturbaserte næringar) 3

3. Rammevilkår for næringsutvikling (m. a. utdanning på vgs-/høgskulenivå, utvikling av sterkare offentlege kompetansemiljø, teknologisk infrastruktur og samferdsle) Kva som ligg i kvart av desse hovudansvarsområda er nærare omtalt. Det blir vidare slått fast at selskapet ikkje skal påta seg næringshageoppgåver, drive med utleige/ kjøp/sal av areal og ikkje gå inn på marknaden for betalt bedriftsrådgiving til enkeltbedrifter. Kapittel 4 omhandlar organisasjon og leiing for selskapet. Det blir foreslått organisering av eit aksjeselskap eigd 60% av bedriftene i regionen og 40% av dei tre kommunane Eid, Selje og Vågsøy (tilsvarande modellen for Måløy Vekst AS), med samla aksjekapital på ca 1,5 mill kr og aksjonæravtaler som regulerer forholdet mellom partane og sikrar forplikting til å yte årlege driftsbidrag. Det blir foreslått å ha eit styre på sju personar som også er styre for kommunalt næringsfond i dei tre kommunane. Nordfjord Vekst skal frå starten av ha ein basisorganisasjon på tre stillingar, etter modell frå Måløy Vekst AS. Selskapet skal ved oppstarten vere registrert og ha hovudkontor i Vågsøy, med fast bemanning på hovudkontoret. Bemanninga og lokalisering elles vil vere avhengig av prosjektaktivitetane, og av strategi/styringssignal frå aksjonærane. Eid og Selje kommunar vil legge til rette for at det finst tilgjengeleg kontorplass på Eid og i Selje. Det er eit absolutt krav at det skal vere eit fast kontaktpunkt for grunderar og næringsliv i alle tre kommunar. Kapittel 5 omhandlar økonomi og finansiering. Det blir lagt til grunn at selskapet skal ha ei stabil finansiering i botn på minimum kr 3,5-4 mill kr pr år med minimum 4 års tidshorisont, for å kunne planlegge langsiktig, og ha nødvendig handlingsrom til å setje i gong viktige utviklingsprosjekt. Kommunane og næringslivet skal saman stå for grunnfinansieringa, og ein legg til grunn at m. a. også fylkeskommunen bidreg med oppstartstilskot og ekstra næringsfondmidlar til dei tre kommunane på anslagsvis 600.000 kr pr år. Det er laga eit separat utkast til budsjett. Reint teknisk blir det foreslått å danne selskapet gjennom ein emisjon i det eksisterande næringsutviklingsselskapet i Vågsøy, Måløy Vekst AS, med tilhøyrande endringar av vedtekter, nye aksjonæravtaler og val av nytt styre på ei ekstraordinær generalforsamling. Etablering/emisjon bør skje så tidleg som mulig etter sommaren 2011, slik at selskapet kan vere operativt frå årsskiftet 2011/12. 1 Bakgrunn 1.1 Innleiing For vekst og utvikling av næringslivet er det avgjerande at regionen der næringslivet held til har robuste, varige kompetansemiljø innanfor næringsutvikling som arbeider på næringslivet sine premissar og har nok løfteevne til å ta tak i større utviklingsprosjekt som strekkjer seg ut over kommunegrensene og krev arbeid over lang tid. Sjølv om det i dag allereie er eit utstrekt samarbeid innanfor næringsutvikling i Nordfjord, både på bedriftsnivå og i næringsutviklingsapparatet, er det pr i dag slik at dei enkelte aktørane som samarbeider er små, har avgrensa kompetansemiljø og utfordringar med stabilitet og forutsigbarheit over tid. Vågsøy har i ein avgrensa periode (2007-11) hatt eit 4

robust næringsapparat med langsiktig horisont og heilskapleg ansvar for næringsutvikling (Måløy Vekst AS). Dette har gitt svært gode resultat, men selskapet er i prinsippet eit tidsavgrensa prosjekt som blir avslutta i 2011/12. Skal ein ta steget vidare frå dagens små og/eller tidsavgrensa kompetansemiljø på næringsutvikling, krev det forplikting og eigarskap frå kommunane og bedriftene i heile regionen. Det krev også langsiktig og stabil finansiering på eit visst nivå, klare og fokuserte ansvarsområde, samt ein organisasjon med kapasitet og kompetanse tilpassa arbeidsoppgåvene og måla ein set. Bakgrunnen for opprettinga av selskapet som blir foreslått i denne forretnigsplanen, er ein invitasjon frå Vågsøy sitt næringsutviklingsselskap Måløy Vekst i januar 2011 til alle nabokommunane om å bli med i eit felles regionalt næringsselskap etter modell av Måløy Vekst (sjå vedlegg: Invitasjon til samarbeid). Eid og Selje takka ja til invitasjonen til å gå inn i forhandlingar om eit nytt næringsselskap i mars 2011. Dette dokumentet, dagsett 1. juni 2011, er meint å vere grunnlag for ei prinsipiell behandlinga av saka i kommunestyra i Eid, Selje og Vågsøy i løpet av juni 2011. Dersom kommunane gir si tilslutning, kan det nye selskapet bli skipa i løpet av andre halvår 2011, og vere fungerande seinast frå 1. januar 2012. Det blir foreslått at det nye selskapet reint praktisk blir danna gjennom ein emisjon av Måløy Vekst AS der kommunar og bedrifter i Eid og Selje går inn som aksjonærar i det nye selskapet, og det blir halde ei ekstraordinær generalforsamling der det blir vald eit nytt styre og gjort nødvendige endringar av vedtekter, med meir. Sjå også kap 4.3 om prosess for val av namn for det nye selskapet. Forretningsplanen er utarbeidd gjennom eit forprosjekt som har hatt følgjande mål: Utarbeide eit beslutningsgrunnlag for etablering av eit felles regionalt næringsutviklingsselskap for kommunane Eid, Selje og Vågsøy innan 1. juni 2011, med sikte på behandling i næringsliv og kommunale organ i dei tre kommunane i juni 2011 og oppretting av selskapet så snart som praktisk mulig, og seinast 1. januar 2012. Forprosjektet skal avklare tidspunkt for oppretting av selskap. Rådmennene i dei tre kommunane har vore prosjektansvarlege. Styringsgruppa i forprosjektet har bestått av 1 representant for næringslivet og 1 representant for kommunalt næringsapparat i kvar av dei tre kommunane: Alfred Bjørlo, næringsapparatet i Vågsøy. Vara: Olav Horn Sverre Søraa, næringslivet i Vågsøy. Vara: Egil Skipenes Gerd F. Bjørlo, næringsapparatet i Eid. Vara: Ørjan R. Forthun Stein Bjørhovde, næringslivet i Eid. Vara: Roger Bergset Anita O. Hoddevik, næringsapparatet i Selje. Vara: Bård Fløde Nils-Per Sjåstad, næringslivet i Selje. Vara: Doris Hammersvik Måløy Vekst har vore prosjektsekretariat. For utfyllande informasjon om forprosjektet, sjå vedlegget Plan for forprosjekt. 5

1.2 Regionen Regionen Nordfjord ligg lengst nord i Sogn og Fjordane, og grensar til Sunnfjord i sør og Sunnmøre i nord. Nordfjord består av sju kommunar med samla folketal på ca 33 000 innbyggjarar. Det er fire ca like store tettstader/større sentra i regionen (Stryn, Sandane, Eid og Måløy) og ei rekkje mindre sentra. Regionen utgjer i prinsippet eit samla bu- og arbeidsområde, men den reelle arbeidsmarknadsintegrasjonen mellom kommunane er jamt over likevel relativt låg (jf figur 3). Hovudvegnettet aust-vest i Nordfjord (aksen Måløy Nordfjordeid Stryn) er godt utbygd. Kommunikasjonane nord/sør er dårlegare, med utfordringar i høve fjordkryssingar og dårleg vegstandard/manglande vegsamband, spesielt i ytre del av regionen. Det gjeld både internt i regionen (Selje Vågsøy Bremanger, Eid Gloppen) og ut av Nordfjord til Sunnmøre i nord og Sunnfjord i sør. Dette har ført til at ein ikkje har klart å utvide bu- og arbeidsmarknadsregionen. Ein har heller ikkje klart å utnytte potensialet i dei sterke kystnæringane med tanke på klyngeutvikling. Til dømes er avstanden mellom kystbyane Måløy og Florø berre 39 km i luftlinje, men med ei reisetid på 2,5 timar pr veg og dårleg utbygde ruter til sjøs. Regionen har difor tapt terreng samanlikna med sterke, meir integrerte kystregionar lenger sør og nord på Vestlandet. Kommunane Eid, Selje og Vågsøy ligg ytst og midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Til saman har kommunane pr 01.01.11 14 745 innbyggjarar (Eid 5905, Vågsøy 6030, Selje 2810). Folketalet i Selje har gått ned siste ti åra. I Vågsøy har ein hatt nedgang fram til 2007, stabilisering/svak oppgang etter dette. Eid har hatt relativt stabil utvikling, med ein viss vekst siste åra. Sjå figur 1. Merk at alle kommunane slit med netto utflytting, spesielt av "unge vaksne". Stabilisering/vekst i folketal dei siste åra skuldast i stor grad netto innflytting frå utlandet (arbeidsinnvandring). 104,0 102,0 100,0 98,0 96,0 94,0 92,0 90,0 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 Flora Eid Herøy Bremanger Vågsøy Selje Figur 1: Befolkningsutviklinga i Eid, Selje og Vågsøy, indeksert slik at nivået i 2000=100. Kjelde: Telemarksforsking 6

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Eid har hatt ein auke i arbeidsplassar på nærare seks prosent siste ti åra. Dette er godt over fylkesgjennomsnittet til Sogn og Fjordane, men veksten har stoppa opp siste to år. Selje og Vågsøy har same perioden mista ca 14 prosent av arbeidsplassane, Vågsøy med ei utflating og oppgang siste tre åra. Sjå figur 2. 110,0 105,0 100,0 95,0 90,0 85,0 80,0 Flora Eid Herøy Vågsøy Selje Bremanger Figur 2: Utvikling av tal arbeidsplassar i Eid, Selje og Vågsøy i perioden 2000-2009, indeksert slik at nivået i 2000=100. Kjelde: Telemarksforsking Både Eid, Selje og Vågsøy har relativt låg arbeidsmarknadsintegrasjon, dvs lite inn- og utpendling. Spesielt gjeld dette Vågsøy. Sjå figur 3. Dårlege pendlingsmuligheiter er ei stor ulempe fordi befolkninga har liten tilgang til andre arbeidsmarknader og er avhengige av arbeidsplassutvillinga ei eigen kommune. 7

410406390386378361358339323321313305293286278266242222215206200189135118 83 76 Gaular Naustdal Leikanger Jølster Sogndal Hyllestad Førde Hornindal Gulen Lærdal Luster Balestrand Fjaler Eid Høyanger Askvoll Selje Aurland Flora Gloppen Solund Vågsøy Bremanger Stryn Vik Årdal 86,4 83,5 73,4 68,0 57,3 55,4 54,6 53,2 51,4 48,6 46,1 44,1 43,3 42,6 41,1 39,0 37,9 37,7 35,6 33,5 33,2 2000 30,4 2009 27,7 27,4 24,2 23,2 0 20 40 60 80 100 Figur 3: Arbeidsmarknadsintegrasjon i kommunane i Sogn og Fjordane i 2000 og 2009. Til venstre viser rangering blant landets 430 kommunar for arbeidsmarknadsintegrasjon i 2009. 1.3 Næringslivet i regionen 1.3.1 Eid Næringslivet i Eid er mangfaldig med bedrifter som hevdar seg nasjonalt og internasjonalt, og spenner frå landbruk til elektro, trevareindustri og mekanisk industri. I Nærings-NM skårar Eid særleg høgt knytt til lønsemd i bedriftene, og veksten i næringslivet dei siste åra har også vore større enn befolkningsveksten. Automasjon/elektromiljø med spesialkompetanse innan byggautomasjon, automatiserte driftskontroll m.m. har hatt ein sterk vekst dei seinare åra. Her er òg eit sterkt konsulentmiljø med bedrifter innanfor byggteknikk, design- og arkitektur, plan- og prosjektering, samt miljø- og bedriftsrådgjeving. Landbruksnæringa er framleis stor i Eid kommune, med ca 200 gardsbruk i drift som forvaltar 25000 da innmark. Kulturbasert næringsutvikling er eit satsingsområde i Eid. Pilotprosjektet VAKN tek utgangspunkt i lokale og regionale ressursar, og har som mål å skape fleire nye arbeidsplassar og stimulere til bedriftsetableringar innan kulturnæringar og kulturbasert næring, mellom anna knytt til Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Harpefossen 8

Skisenter er døme på eit stort satsingsområde knytt til utvikling av reiselivsnæringa i kommunen. Eid vidaregåande skule har eit sterkt skulemiljø som mellom anna har stort fokus på elektrofaga. Skulen har m.a. starta arbeidet med eit eige energisenter i kommunen med fokus på miljøøkonomisering og fornybar energi, spesielt fjordvarme. 1.3.2 Selje Selje har landets største havgåande lineflåte, og ein landskjend konfeksjon- og plastbåtindustri. Kommunen har ein framtidsretta industri og tenesteytande næringar der mange av verksemdene er i ein nasjonal eller internasjonal marknad. Det er også gode forhold for havbruk og landbruk. Fiskerinæringa er den største enkeltnæringa når det gjeld verdiskaping, og kombinasjonen av ein fantastisk natur og sterke naturkrefter legg til rette for flotte opplevingar, der bølgjesurfing er ei ny næring som tiltrekkjer seg unge vaksne. Eit godt og kreativt næringsliv som ynskjer å bidra til å utvikle seg sjølv og samfunnet rundt. Landbruket er viktig for å oppretthalde kulturlandskapet i kommunen. Området Liseth Drage Hoddevik blei i 2009 kåra til eitt av Noregs sine utvalde kulturlandskap, og eitt av to kulturlandskap av denne typen i Sogn og Fjordane. Merkevarebygging og næringsutvikling basert på verdiar og ressursar frå natur, kultur og kulturminne er kjerneverksemda i den kulturbaserte næringa, som er ei satsing for kommunen. Kommunen har fleire reisemål som er viktige for regionen og nasjonalt som t.d. Selje Kloster og Vestkapp. Reiselivsnæringa sine største fortrinn er nærleiken til desse reisemåla. For handelsnæringa er lokalmarknaden viktigast, men mange av desse aktørane merkar likevel godt auka aktivitet i turistsesongen. 1.3.3 Vågsøy Vågsøy er ein svært sterk næringslivskommune, særleg innanfor fiskeri og maritim industri. Kommunesenteret Måløy er ei av dei tre største fiskerihamnene i landet og senter for m. a. pelagisk fiskeri og fiskeindustri (sild og makrell). Vågsøy har også ei rekkje produksjons- og salsbedrifter innanfor fiskeri, og regionen rundt Vågsøy er eit senter for den havgåande lineflåten i Noreg (ca halvparten av den norske flåten finst i Bremanger/Selje/Vågsøy). Vågsøy har eit sterkt maritimt industrimiljø, med mellom anna fem skipsverft og ein godt utbygd maritim leverandørindustri, mellom anna med ei rekke nye teknologibedrifter med maritim tilknyting, som også orienterer seg inn mot fornybar energi. Vågsøy har ei stor produksjonsbedrift innanfor vindusindustri og eit raskt framveksande IT-miljø knytt til virtuell datalagring og videoteknologi. Handels- og servicenæringa i Vågsøy er middels sterk. Måløy er handelssenter for Selje og Vågsøy og nordre del av Bremanger. Reiselivsnæringa i Vågsøy er relativt lite utbygd, men det finst ei rekkje mindre nisjebedrifter. Måløy har vidaregåande skule med særleg spesialisering innanfor fiskeri/havbruk og maritim fagutdanning, der Måløy har det einaste utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane. Ein har i tillegg den einaste utdanningslinja i fylket innanfor tekniske- og allmenne fag (TAF). Det er 9

også maritim fagskuleutdanning i Måløy, og utstrekt kurs- og opplæringsaktivitet inn mot den private marknaden i skulemiljøet (Sikkerheitssenteret i Måløy). 1.4 Næringsutviklingsarbeid pr 2011 1.4.1 Eid I Eid kommune er det fleire selskap som arbeider med næringsutvikling. EUF (Eid utviklingsfellesskap) er næringslivet i Eid sitt næringspolitiske organ. Selskapet har om lag 30 medlemer, og alle verksemder i Eid kan vere medlem. Selskapet har ingen tilsette, det er styret som driv aktiviteten i tillegg til tenestekjøp frå Ny Kunnskap. Tiltak blir organisert som prosjekt. Nordfjord Næringshage AS er eigd av ei rekke bedrifter, EUF og SIVA. Næringshagen skal bidra til nyskaping og vekst for verksemder i Eid, og skal tilby rådgjevings- og fellestenester, drive nettverksbygging og utviklingsaktivitetar. Eid kommune har hatt avtale med næringshagen om kjøp av saksbehandlingskompetanse til det kommunale næringsfondet, følgje opp utviklingsprosjekt i samsvar med vedteken utviklingsplan, årleg rullering av utviklingsplanen for Eid kommune og å ha etablerarkontor tilgjengeleg i Nordfjord Næringshage. Næringshagen har pr i dag ingen fast tilsette, men kjøper tenester frå m.a. Ny Kunnskap til prosjekt og oppfølging av avtalen med Eid kommune. Selskapet Eid Industrihus AS driv med eigedomsutvikling. Dette er eit heileigd kommunalt AS som både eig bygningar og areal for omsetjing. Nordfjordeid senter AS er handelsnæringa sin organisasjon og har ansvar for ulike arrangement som t.d. den årvisse Eidamessa. Plan- og utviklingssjefen i kommunen har næringsarbeid tillagt si stilling, og er den som i det daglege følgjer opp avtalen med næringshagen, tildeler kommunalt næringsareal, har ansvar for tildeling av næringsfond saman med næringshagen og rapportering av desse, og har ansvar for andre næringssaker. Næringsarbeidet er eitt av fleire fagområde som plan- og utvikingssjefen har ansvar for. Det er etablert faste månadlege møte der kommunen v/planog utviklingssjef, rådmann og ordførar møter leiarane i dei andre næringsorganisasjonane. 1.4.2 Selje Selje kommune har hatt omstillingsstatus sidan 2005. I perioden 2005-08 vart omstillingsarbeidet utført av Selje Vekst KF som blei avvikla mot slutten av 2008. Frå 2009 har kommunen valt å la prosjektorganisasjonen Selja & Stad utføre resterande del av omstillingsarbeidet for perioden 2008-09 samt prosjekt nedfelt i Strategisk Næringsplan 2010 2015 for kommunen. Prosjektorganisasjonen har ein prosjektleiar, samt eit styre med medlemmar frå kommunen og privat næringsliv. Omstillingsarbeidet har vore utført av Selja & Stad i samarbeid med kommunen i perioden 2010 og 2011 omstillingsstatusen opphøyrer i 2011 for kommunen. Etter at Selje Vekst blei nedlagt oppretta kommunen tenesteeininga Kultur & Næring og Næringsutvalet som forvaltar av næringsfondet og omstillingsmidlane. Tenesteeininga Kultur & Næring har m.a. ansvar for sakshandsaming i høve næringsfondet, samt vere kommunen sitt tiltaksapparat og førstelinjeteneste i høve grunderar. Leiar for eininga har ei 50 % stilling i høve dette arbeidet. Næringsutvalet er eit partnarskapssamansett utval der 5 medlemer 10

kjem frå næringslivet, 3 er politikarar, 1 frå skulane, 1 frå frivillige organisasjonar, samt rådmann som observatør med møte og talerett. For å få utbetalt siste del av omstillingsmidlane fekk kommunen utarbeidd eit spissa handlingsprogram for omstillingsperioden. Dette handlingsprogrammet er ein del av Strategisk Næringsplan 2010-2015 for kommunen vedteken av kommunestyret 16.12.09. Planen inneheld handlingsplan og strategiar for næringsutvikling for kommunen i dette tidsrommet. 1.4.3 Vågsøy Vågsøy kommune og næringslivet i Vågsøy oppretta i 2006 i fellesskap næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst AS. Næringslivet i Vågsøy har 60 % av aksjane i Måløy Vekst, medan Vågsøy kommune har 40 %. Styret har fleirtal frå næringslivet, og fylkeskommunen/innovasjon Norge møter som observatørar i styret. Partane (kommunen og næringslivet) har gjennom aksjonæravtale forplikta seg til å bidra med grunnfinansiering av selskapet på ca 1,5 mill kr pr år med tre års horisont (2006-08, ny avtale for 2009-11). Måløy Vekst vart skipa i samband med at Vågsøy i 2006 fekk status som omstillingskommune, og har arbeidd ut frå dei strategiske næringsutviklingsplanane Omstillingsstrategi for Vågsøy 2007-2012 og Utviklingsplan for Vågsøy 2010-2012, vedtekne av kommunestyret i Vågsøy. Det har ut frå desse dokumenta vorte utarbeidd årlege handlingsplanar som fastset konkrete prosjekt med mål, framdriftsplan, finansiering og ansvarsdeling. Måløy Vekst har tre tilsette (dagleg leiar, konsulent og prosjektleiar), og knyter i tillegg til seg nødvendig kompetanse etter behov anten gjennom korttidsengasjement eller eksternt tenestekjøp, og ein årleg omsetnad på 5-6 mill kr. Måløy Vekst har i perioden 2006-2011 fått tilført årlege omstillingsmidlar frå fylkeskommunen til næringsutviklingsarbeidet i tillegg til grunnfinansieringa frå kommunen/lokalt næringsliv. Omstillingsstatusen opphøyrer frå 2012. Handelsnæringa i Vågsøy er organisert i Måløy Handelsstandsforening, som har tilsett ein eigen sentrumskoordinator i 50% stilling. For ein samla gjennomgang av Vågsøy sin strategi for næringsutvikling, sjå vedlegget Utviklingsplan for Vågsøy 2010-2012, vedteken av kommunestyret i Vågsøy november 2009. 1.4.4 Invitasjon til samarbeid Måløy Vekst inviterte i januar 2011 nabokommunane (Eid, Selje, Bremanger og Vanylven) til å delta i skipinga av eit felles regionalt næringsutviklingsselskap. Initiativet til å utvide næringsutviklingsarbeidet frå kommunalt til regionalt nivå var forankra i Vågsøy kommune sin strategiske næringsplan vedteken av kommunestyret i 2009. Andre aktuelle samarbeidspartnarar i regionen (næringsselskapet i Florø, næringshagane i Gloppen og Stryn) vart også informerte om initiativet. I mars 2011 fatta kommunestyret i Eid og Næringsutvalet i Selje intensjonsvedtak om å takke ja til invitasjonen gjennom å delta i ein prosess for å konkretisere utforming av innhald 11

i eit slikt selskap, med utgangspunkt i invitasjonen frå Måløy Vekst (retningslinjer/mandat, organisering, finansieringsavtalar med meir). Både i Eid og Selje har klare innspel frå næringslivet om at dei ønskjer eit slikt regionalt selskap vore viktige for kommunen si positive tilråding. Dette er i tråd med intensjonane i invitasjonen frå Vågsøy, der ein la til grunn at næringslivet må sitje i førarsetet ved etablering av eit selskap. Bremanger og Vanylven har begge signalisert at dei ikkje ser det som mulig å delta som medstiftarar av det nye selskapet, men at dei ønskjer å inngå samarbeidsavtaler med det nye selskapet og delta i prosjektretta samarbeid om oppgåver der det er naturleg. På bakgrunn av desse tilbakemeldingane fastsette representantar for kommunalt næringsapparat og næringsliv i Eid, Selje og Vågsøy i mars 2011 eit forprosjekt for å avklare alle forhold knytt til etablering av eit felles regionalt næringsselskap innan 1. juni 2011, med sikte på at kommunestyra i dei tre kommunane skal kunne realitetsbehandle saka før sommaren 2011. 2 Visjon og forretningsidé 2.1 Visjon Nordfjord Vekst skal bidra til utvikling som skaper størst mulig konkurransekraft for næringslivet og regionen. 2.2 Forretningsidé Nordfjord Vekst skal vere kommunane og næringslivet sitt overordna selskap for næringsutvikling, auka næringsaktivitet og nye etableringar i regionen. Selskapet skal ivareta næringslivet sine interesser inn mot fylke, statlege organ og andre næringslivsmiljø, og vere kontaktpunkt/førstelinjeteneste for bedrifter og grunderar i regionen. 3 Ansvarsområde og avgrensingar Nordfjord Vekst skal arbeide for vekst og auka lønsemd i eksisterande næringsliv og ved nyetableringar i alle tre kommunane. Selskapet skal vere eit verktøy for næringslivet og kommunane i regionen i samband med større utviklingsprosjekt. Ein skal ha fokus på å utvikle ein større, meir integrert og meir robust bu- og arbeidsmarknadsregion. Selskapet skal ut frå dette ha følgjande tre hovudansvarsområde: 1. Næringslivskontakt 2. Næringsutviklingsprosjekt 3. Rammevilkår for næringsutvikling Kvart av desse tre hovudansvarsområda er nærare omtalt under. 12

Korleis arbeidet ut frå desse overordna føringane blir lagt opp, skal fastleggast gjennom ein eigen strategiplan og årlege handlingsplanar. Strategiplanane skal behandlast og vedtakast av eigarane (inkl kommunestyra i dei tre kommunane), medan årlege handlingsplanar vert fastsette av styret. Ein vil oppmode kommunane om å halde felles formannskapsmøte som del av behandlinga av strategiplan. Selskapet skal ikkje ta på seg næringshageoppgåver eller drive med utleige/kjøp/sal av kontor eller næringsareal i dei tre kommunane. Selskapet skal ikkje overta ansvar frå kommunane for "innbyggjarretta" tiltak/prosjekt i regionen, t. d. prosjekt knytt til tilflytting og attraktivitet som bukommune, men kan vere ein samarbeidspartnar for kommunane dersom dei ønskjer det. Selskapet skal ikkje drive betalt konsulentrådgiving/bedriftsrådgiving til enkeltbedrifter, men yte gratis etablerarbistand og grunnleggande rådgjeving til næringslivet i regionen. Selskapet skal kunne ta på seg ansvar innanfor fagområda reiseliv, kulturbaserte næringar og landbruk der rolle- og arbeidsfordeling er tydeleg avklart med dei etablerte selskapa i regionen på fagområda (Reisemål Stryn & Nordfjord, VAKN, Agro Business Park m. fl). Gjennom det nye selskapet blir det no etablert ein modell for eit regionalt næringsutviklingsselskap. I første omgang omfattar dette selskapet kommunane Eid, Selje og Vågsøy. På sikt er det fullt mulig at selskapet kan dekke ein endå større region, f. eks. alle kommunane i Nordfjord, dersom det er ønske og vilje frå næringslivet i dei aktuelle kommunane til dette. Ein vil kome tilbake til dette spørsmålet når selskapet er operativt, og ut frå interessa frå næringslivet i andre kommunar. Det er heller ingenting i vegen for at bedrifter utanfor dei tre kommunane kan gå inn som aksjonærbedrifter i selskapet allereie frå oppstartstidspunktet. 3.1 Næringslivskontakt 3.1.1 Grunderkontakt/inngangsport til virkemiddelapparatet Nordfjord Vekst skal drive rådgjeving overfor grunderar og vere kontaktledd for næringslivet, særleg dei mindre bedriftene i regionen, inn mot Innovasjon Norge og det offentlege virkemiddelapparatet elles. Det er avgjerande at ein når ut til grunderar og bedrifter i heile regionen, uavhengig av kontorstad for tilsette i selskapet. 3.1.2 Kommunalt næringsfond Nordfjord Vekst skal forvalte dei kommunale næringsfonda i Vågsøy, Selje og Eid. Administrasjonen legg fram innstilling til styret i Nordfjord Vekst som gjer vedtak. Det blir utarbeidd eigne retningslinjer for næringsfonda. Ein kan sjå føre seg to modellar for tildelingar frå næringsfondet: a) Samle 1/3 av dei tre næringsfonda til ein fellespott som kan gå til større, regionale prosjekt. Resterande 2/3 av fonda blir øyremerka den enkelte kommune. b) Samle dei tre næringsfonda til eitt felles fond. 13

Ein ser det som eit naturleg mål å få på plass eit felles fond på sikt, men vil tilrå at ein i første omgang legg til grunn modell a. 3.1.3 Kontakt næringsliv/skule Arbeide for at alle som veks opp i Nordfjord skal få god kjennskap til næringslivet i regionen og framtidige karrieremuligheiter. Må skje i samarbeid med kommunane, skulane på alle nivå og Ungt Entreprenørskap. Særleg viktig blir rolla som tilretteleggar for eit best mulig samarbeid mellom næringsliv, ungdomsskule og vidaregåande skule (jf mellom anna prosjektet "Karriere Nordfjord"). 3.1.4 Kurs og temamøte Det skal arrangerast jamlege opne møte/temamøte der aktuelle saker blir tekne opp. Selskapet skal tilby relevante kurs for medlemsbedriftene, primært gjennom å samle behov/organisere kurs i regi av andre aktørar med kompetanse på det aktuelle området. 3.2 Næringsutviklingsprosjekt Nordfjord Vekst skal drive fram, utvikle og i visse tilfelle gjennomføre prosjektretta næringssatsingar for vekst i eksisterande bedrifter og nye etableringar. Som eit utgangspunkt ved etableringa av selskapet ser ein følgjande område som naturlege å blinke ut for spesiell oppfølging av Nordfjord Vekst. Etter at selskapet er oppretta, vil dette naturlegvis vere avhengig av initiativ frå næringslivet og aksjonærane sine styringssignal. 3.2.1 IT og teknologi Dette er eit område der det finst unike bedriftsmiljø med stort vekstpotensial i alle tre kommunane, både reine IT-/teknologibedrifter som Local Host, VideoNor, Paneda, Normatic m. fl., og teknologisk avanserte produksjonsbedrifter innanfor fleire bransjar med stort utviklingspotensial. Også store fellesprosjekt som Lefdal Gruve og utbygginga av ein felles fiberinfrastruktur i regionen (Nordfjord-fiberen) gjer denne næringsklynga særleg interessant å arbeide med å utvikle vidare. Utvikle næringsklynge innanfor grøn IT og grøn teknologi for øvrig i Nordfjord. Nytte seg av spesialkompetansen i dei bedriftene som finst innanfor området i dag. 3.2.2 Fiskeri/marin næring Framtidig vekstnæring der regionen (spesielt Vågsøy og Selje) allereie har eit sterkt næringslivsmiljø, med mangfald av bedrifter, gode naturgitte føresetnader, utdanningsmiljø i regionen og stort utviklingspotensiale. Bidra til å utvikle samla kompetansemiljø og nye etableringar innanfor fiskerinæringa i regionen. Fokus på utfordringar og muligheiter i næringa, og jobbe for auka FoU. Vidareutvikle kompetansemiljø på fiskeri- og kystforvaltning for å tiltrekkje seg nye forvaltningsoppgåver. Samarbeid med m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fiskeridirektoratet Region Vest. 14

3.2.3 Maritim næring og fornybar energi Viktig næring i regionen med sterkt eksisterande næringslivsmiljø, mykje knoppskyting/teknologiutvikling, utdanningsmiljø i regionen og muligheiter for integrering med regionane nord og sør for oss. Utvikle nye, sterke teknologiske miljø i maritim næring i regionen med nasjonal status og nettverk. Etablere og posisjonere Nordfjord som eit senter for prototyp-utvikling og uttesting av teknologi knytt til offshore vindkraft og andre typar fornybar energi, som t.d. satsinga til Fjordvarme AS som utviklar ny teknologi for å utnytte energien i fjorden, med næringsetableringar og FoU-aktivitet/utdanningstilbod. Utvikle etablert samarbeid i maritim næring i Sogn og Fjordane for å arbeide for erfaringsutveksling og utnytting av kompetansen i regionen, i samarbeid med Sunnfjord 2020 og Sunnmørsmiljøet. Tilsvarande arbeide for å etablere liknande samarbeid knytt til fornybar energi. 3.2.4 Reiseliv/kulturbasert næring/landbruk Regionen har eit stort potensiale innanfor reiseliv/opplevingar, og er i oppbyggingsfasen av ei samla satsing på kulturbaserte næringar. Dette bør vere eit viktig utviklingsområde for heile regionen. Nordfjord Vekst skal yte tenester til grunderar og eksisterande bedrifter i reiseliv- og kulturbasert næring, og kunne bidra til utviklingsprosjekt, på linje med andre næringar. Innanfor desse næringane finst det allereie regionale selskap med dette som spesialområde (Reisemål Stryn & Nordfjord, VAKN). Nordfjord Vekst kan ta ei rolle innanfor desse områda der det finst oppgåver som ikkje blir dekt av eksisterande selskap. Dette er spesielt aktuelt innan reiseliv, der Reisemål Stryn & Nordfjord har ei rolle som marknadsførar og destinasjonsselskap, samtidig som næringa også har behov for større utviklingsprosjekt. Her har allereie Eid/Selje/Vågsøy eit pågåande prosjektsamarbeid, som det kan vere aktuelt å forlenge/utvide gjennom Nordfjord Vekst. Dette må avklarast nærare med Reisemål Stryn & Nordfjord og involverte kommunar. Selskapet skal yte tenester til grunderar/utviklingsprosjekt i landbruksnæringa på linje med grunderar/småbedrifter i andre næringar. Dette gjeld ikkje tradisjonell landbruksutvikling dersom dette ikkje naturleg kjem inn under eit utviklingsprosjekt. Her har kommunane allereie etablerte apparat for tenesteyting til landbruket. 3.2.5 Profilering/marknadsføring av næringslivet regionen Nordfjord Vekst skal profilere og marknadsføre regionen og næringslivet i regionen på aktuelle arenaer. Ein skal utarbeide ein salsstrategi for regionen som etablerarstad. Dette må skje i samarbeid med aktørar som t.d. Nordfjord Havn. Ein skal også jobbe for auka rekruttering til regionen, t.d. gjennom Framtidsfylket sine kanalar og årlege karrieremesser. 3.3 Rammevilkår for næringsutvikling Rammevilkåra for næringsutvikling er avgjerande for alt arbeid med vekst og utvikling i ein region. Ei viktig oppgåve for eit regionalt næringsselskap bør vere å blinke ut nokre 15

næringspolitiske saker som går på tvers av kommunegrenser, som heile regionen kan stå samla om, og å arbeide langsiktig og systematisk med desse sakene. 3.3.1 Offentlege kompetansemiljø Nordfjord har få statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar, sett bort frå dei vidaregåande skulane. Ein har også sett tendensar til nedbygging av dei som allereie finst. Det er avgjerande for utvikling av regionen at ein får til eit samspel mellom privat næringsutvikling og oppbygging av offentlege kompetansemiljø, fordi slike miljø styrker og utfyller kvarandre, og vice versa. Ikkje minst gjeld det for rekruttering og tilflytting. Ein må utarbeide ein samla strategi for å byggje opp fleire sterke offentlege kompetansemiljø i regionen, der det nye næringsselskapet bør ha spesielt ansvar for dei områda der ein kan bygge felles kompetansemiljø privat/offentleg. Det gjeld t.d. innanfor fiskeri og maritime næringar, men kan òg gjelde på meir tradisjonelle offentlege kompetansemiljø med uutnytta muligheiter for oppbygging av ny næringsaktivitet (t.d. helse). 3.3.2 Utdanning på vidaregåande- og høgskulenivå Vidareutvikling av tilbodet på dei vidaregåande skulane i regionen, for å gå i møte dei utfordringane ein kjem til å få med minkande kull i næraste framtid. Ein skal vere ein pådrivar for samarbeid og samkøyring mellom dei vidaregåande skulane i regionen, for å sikre oppfylling av næringslivet sitt behov for arbeidskraft i åra som kjem. Nordfjord Vekst skal jobbe for å sikre fagskuleutdanninga og å tiltrekkje seg relevante høgskuleutdanningar til regionen. Ein bør samarbeide med høgskulane i Volda og i Sogn og Fjordane og med nasjonale teknologiske utdanningsmiljø som t.d. NTNU. 3.3.3 Teknologisk infrastruktur Sikre tilgang til fiber for næringslivet i regionen, med høg kapasitet til konkurransedyktige prisar. Vidareføre samarbeidet ein har hatt ved utbygging av Nordfjord-fiberen, som no gjer det mulig å knyte mange bedrifter i alle involverte kommunar til eit felles fibernett. Ei oppgåve for eit nytt regionalt næringsselskap kan vere å organisere innkjøpssamarbeid på den nye fiberen som sikrar lågare prisar for næringslivet i regionen. Selskapet bør også arbeide systematisk med utviklingsprosjekt som utnyttar dei teknologiske muligheitene som bli skapt gjennom den nye fiberinfrastrukturen, t.d. gjennom auka bruk av videokonferanse som verktøy. 3.3.4 Samferdsle Gode kommunikasjonar er avgjerande for vekst i næringslivet, og er ei prioritert sak for næringslivet i regionen. Det nye næringsselskapet må blinke ut ein "samla pakke" av særleg viktige, regionsamanbindande samferdslesaker som ein arbeider systematisk med å realisere på vegne av næringslivet i heile regionen. Dette arbeidet må også strekkje seg utover grensene i dei tre kommunane for å sikre kommunikasjonar i alle retningar. Slike prosjekt krev samarbeid med andre aktørar i naboregionane. E39: Stå samla om at E39 også i framtida skal gå i midtre Nordfjord via Lote Anda. Ei midtre løysing med oppgradering av E39 på strekninga, auka ferjefrekvens og bruløysing i denne 16

traseen (Nordfjordbrua) vil vere den traseløysinga som er best både for Nordfjord og Søre Sunnmøre i forhold til felles bu og arbeidsmarknadsområde, samstundes som ei slik løysing er framtidsretta med tanke på kortast mulig reisetid langs E39. 45-minuttsregionen/Kystvegen: Etablere Flora Bremanger Vågsøy som ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion med reisetid maks 45 minutt Svelgen Florø/Svelgen Måløy og gjennomgåande vegsamband med rask fjordkryssing og gul stripe -standard. Sambandet er også ein del av Kystvegen Bergen Ålesund. Partnarane i det nye næringsselskapet må stå saman om at vegprosjektet 45-minuttsregionen skal realiserast innan 2020, med ei samla løysing for finansiering på plass innan 2013 basert på lokal vilje til minst 50% brukarfinansiering. Også støtte Rovdefjordbrua for å betre kommunikasjonane nordover. Finansieringspakkar for vegprosjekt: Behovet for utbygging av samferdselsløysingar i vår region er større enn tilgjengelege midlar og det er difor naudsynt med brukarfinanserte utbyggingar. Det må vere eit krav at nye større utbyggingar i fylket skal delfinansierast med bompengar der det er realistisk, og at slike prosjekt med stor regional betydning blir prioritert for rask utbygging. Det må også jobbast med andre finansieringsmodellar og omklassifisering av fylkesvegar til stamvegar for å få realisert fleire nye og utbetra samferdselsløysingar i vår region. Stad skipstunnel: Jobbe for realisering av Stad skipstunnel gjennom prosjektgruppa for Stad skipstunnel. Ta ei aktiv rolle i organisering av arbeidet. Ha fokus på marknadsføring av prosjektet og arbeid inn mot sentrale beslutningstakarar. Samarbeidsprosjekt med m.a. Vanylven og fylkeskommunane. Kollektivt stamnett: Jobbe for at kollektive transportløysningar vert lagt til knutepunkt i vår region. Dette gjeld både utvikling av båttilbodet mellom Selje/Måløy og Florø og hurtigbåtruter nordover frå Selje (Stadlandet). Når det gjeld buss, bør det etablerast timeekspressruter aust/vest i Nordfjord mellom Måløy og Stryn, samt nord/sør mellom Volda og Sandane (f. eks. forlenge timeekspressruta på Sunnmøre sørover). 4 Organisasjon og leiing 4.1 Aksjonærar Ein vil tilrå at selskapet blir skipa med ei vedtektsfesta fordeling 60 % privat og 40 % kommunal eigarskap. Dette er den modellen som i dag ligg til grunn for Måløy Vekst. Modellen sikrar at næringslivet sit "i førarsetet" for det nye selskapet, noko som styringsgruppa meiner er avgjerande for at selskapet skal kunne vere bærekraftig over tid. Samtidig er kommunane sin eigarandel med denne modellen stor nok til at alle partar er sikra innflytelse og kontroll. Den samla aksjekapitalen i selskapet bør vere ca 1,5 mill kr, noko som er ei dobling i høve i dag. Det betyr at den samla nye aksjekapitalen som må inn frå næringslivet er ca 500.000 kroner, og frå dei nye kommuneaksjonærane samla ca 350.000 kroner. 17

Det må inngåast eigne aksjonæravtalar mellom partnarane i selskapet, både mellom dei tre kommunane og for alle bedrifter som teiknar seg som aksjonærar i det nye selskapet. Sjå vedlegg for utkast til slike avtaler. I aksjonæravtalane må aksjonærane forplikte seg til å yte årlege driftsbidrag til selskapet på eit visst nivå for ein periode på minimum 4 års tidshorisont (sjå punkt om finansiering under). Dersom ein aksjonær ønskjer å kvitte seg med sin aksjepost, kan han løyse inn aksjen hos selskapet til ein nedskriven verdi på kr 0. Selskapet bør også ha høve til å skrive ut nye aksjar for å utvide aksjekapitalen i selskapet. Ved utskriving av nye næringslivsaksjar må det då tilsvarande skrivast ut nye aksjar til kommunane for å halde oppe vedtektsfesta eigarfordeling i selskapet, jf aksjonæravtale og vedtekter. 4.2 Styre og generalforsamling Styret skal samansetjast av sju personar, med personleg vara. Tre av dei skal representere kommunane Eid, Vågsøy og Selje, oppnemnt av kommunestyra. Resterande fire representantar frå næringslivet. Styreleiar skal vere frå næringslivet. Næringslivsrepresentantane blir peika ut av ei valnemnd der det sit medlemer frå bedrifter i alle dei tre kommunane. Styret skal ha faste møtepunkt, 6-8 gongar pr år. Det skal innførast rutinar for informasjon til kommunestyra i Vågsøy, Selje og Eid 1-2 gongar pr år. Styret i selskapet fungerer også som styre for kommunalt næringsfond i dei tre kommunane, med formannskapet i dei respektive kommunane som ankeinstans. Fylkeskommunen blir invitert til å ha observatørplass i styret, anten på varig basis eller i ein oppstartsperiode. Rådmennene i dei tre kommunane skal ha møte- og talerett i styret. Generalforsamling skal haldast årleg, innan utgangen av mai. 4.3 Personale og organisering av drifta Selskapet skal frå starten ha tre stillingar, etter modell frå Måløy Vekst. Desse stillingane er dagleg leiar, administrasjonsansvarleg/grunderkontakt og prosjektleiar. Stillingane i det nye selskapet skal lysast ut. Selskapet skal ved oppstarten vere registrert og ha hovudkontor i Vågsøy, med fast bemanning på hovudkontoret. Bemanninga og lokalisering elles vil vere avhengig av prosjektaktivitetane, og av strategi/styringssignal frå aksjonærane. Eid og Selje kommunar vil leggje til rette for at det finst tilgjengeleg kontorplass på Eid og i Selje. Ein føreset at dei tilsette i selskapet skal skaffe seg kjennskap om og jobbe aktivt ut mot bedrifter og næringsmiljø i heile regionen. Det er eit absolutt krav at det skal vere eit fast kontaktpunkt for grunderar og næringsliv i alle tre kommunar, og at det er utbygd videoinfrastruktur som sikrar dette. Arbeidstittelen på selskapet er Nordfjord Vekst. 18

5 Økonomi og finansiering 5.1 Innleiing Selskapet skal ha ei stabil finansiering i botnen på minimum kr 3,5-4 mill pr år. Dette for å få på plass fast organisasjon og ha handlingsrom for å setje i gong utviklingsprosjekt der ein kan planlegge over tid, og sleppe å vere avhengig av kortsiktig prosjektfinansiering styrt av dei til ein kvar tid tilgjengelege prosjektmidlane "i systemet". Ein må også ha på plass finansieringsavtaler med horisont på minimum 4 år for å sikre langsiktig planlegging og rekruttering til organisasjonen. 5.2 Kommunane sitt bidrag Vågsøy kommune gir årleg tilskot på kr 1 000 000 til Måløy Vekst, som har ansvar for alt arbeid med næringsutvikling på vegne av Vågsøy kommune (unnateke plansaker og tekniske saker). Ein legg til grunn at Vågsøy kommune held oppe sitt bidrag på minimum 1 mill kr pr år, med indeksregulering av beløpet og forplikting over ein fireårsperiode (2012-15). Selje og Eid set pr i dag av ca kr 200 000-300 000 i frie midlar til næringsutvikling, som hovudsakleg går til reiseliv/kultur (Selje) og reiseliv/næringshage (Eid). I tillegg kjem overordna leiing for næringsområdet, som i begge kommunane er tillagt kommuneorganisasjonen. Eid er i tillegg med på finansieringa av eit eige selskap for kulturbasert næringsutvikling (VAKN). Ein legg til grunn at Selje og Eid bidreg med min kr 500.000 pr år kvar, med indeksregulering av beløpet og forplikting over ein fireårsperiode (2012-15). Korleis det årlege bidraget til selskapet frå kommunane skal fordelast mellom aksjonærbidrag ut frå aksjonæravtale og ordinært kommunalt tilskot, må avklarast nærare med dei tre kommunane. 5.3 Næringslivet sitt bidrag Næringslivet i Vågsøy bidreg pr i dag med ca kr 500 000 pr år til Måløy Vekst med forplikting gjennom treårige avtaler med den enkelte bedrift som er aksjonær i Måløy Vekst. I Selje og Eid betaler næringslivet kun små kontingentbeløp til lokale næringsforeiningar o.l. Ein må forvente at næringslivet i regionen samla sett må kunne reise minimum 1 mill i årleg i aksjonærbidrag med forplikting over ein fireårsperiode (2012-15), slik at næringslivet bidreg med 1 kr for kvar 2 kr kommunane går inn med. Reint teknisk legg ein opp til at næringslivet sine tilskot kjem i form av eit aksjonærbidrag, som ein forpliktar seg til å yte over ein viss periode gjennom teikninga av aksjar. Ein legg til grunn same system som i Måløy Vekst i dag der det årlege aksjonærbidraget er identisk med innskoten aksjekapital, men med indeksregulering. 5.4 Andre finansieringskjelder 5.4.1 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opprettinga av eit felles regionalt næringsselskap er heilt i tråd med fylkeskommunen sin strategi for framtidig organisering av næringsapparatet i fylket. Fylkeskommunen har difor signalisert at ein vil kunne bidra økonomisk til å få selskapet "opp og gå" i ein oppstartsfase, 19

og at ein i tillegg frå og med 2012 vil gi betydeleg større stimulans gjennom ekstra næringsfondmidlar til kommunar som går saman om felles næringsapparat. Det vil bli retta ein søknad til fylkeskommunen om eit tilskot på kr 700.000 i 2011/12 til ekstra oppstartskostnader for det nye selskapet. I tillegg vil ein legge til grunn at kommunane samla vil bli tilført kr 600.000 ekstra pr år frå og med 2012 til felles kommunalt næringsfond på toppen av dei ordinære næringsfondsmidlane. Desse ekstra midlane vil kunne øyremerkast prosjektretta arbeid med felles næringsutviklingsprosjekt, men er ikkje føresett å gå til ordinær drift/administrasjon av det nye selskapet. Det er også signalisert ekstra ressursar frå fylket til næringssamarbeid over fylkesgrensene. Sidan selskapet vil inngå formalisert samarbeid med Vanylven i næringsutviklingsarbeidet (jf omtale under), vil dette også vere relevant for det nye selskapet. Detaljane i denne ordninga er ikkje klart enno frå fylket side, så ein har foreløpig ikkje lagt dette inn som del av finansieringsopplegget. 5.4.2 Bremanger og Vanylven kommunar Bremanger og Vanylven har begge signalisert at dei ikkje ser det som mulig å delta som medstiftarar av det nye selskapet, men at dei ønskjer å delta i prosjektretta samarbeid om oppgåver der det er naturleg. Som del av forprosjektet har ein gjennomført møte med Vanylven og Bremanger kommune for å drøfte forma på samarbeidet nærare. Begge kommunar uttrykkjer at dei ønskjer å inngå ei formalisert intensjons-/samarbeidsavtale med det nye selskapet, og at det særleg er viktig for dei å ta del i selskapet sitt arbeid innanfor ansvarsområdet "Rammevilkår for næringsutvikling", pluss enkeltprosjekt innanfor ansvarsområdet "Næringsutvikling". Som del av desse avtalene vil det ligge inne forplikting til å yte eit økonomisk bidrag til aktiviteten selskapet skal ha på desse områda. Detaljane og omfanget av desse samarbeidsavtalene må ein kome tilbake til som del av etableringsprosessen for selskapet i andre halvår 2011. 5.4.3 Bidrag frå bankar Som del av forprosjektet er det gjennomført møte med alle bankane som er etablert i regionen (DnB NOR, Nordea, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane) og invitert bankane inn som finansielle partnarar for det nye næringsutviklingsselskapet. Samtlege bankar er positive til prosjektet, og understrekar viktigheita av denne type slagkraftig næringsutviklingsarbeid over kommunegrensene for å drive fram utvikling av næringsliv og regionen som heilskap. Søknader om finansielle støtte/medvirkning er sendt til alle bankane i slutten av mai 2011. 6 Budsjett Sjå eige vedlegg for foreløpig utkast til budsjett for første driftsår (2012). Endeleg budsjett må sjølvsagt utformast som del av etableringa av selskapet. Eit hovudprinsipp som skal ligge til grunn, er likevel at tilskot/aksjonærbidrag frå dei tre kommunane skal dekkje all basisaktivitet i selskapet (inkl. grunderrådgiving, kontakt skule/næringsliv, nettverks- og møteaktivitetar samt forvalting av kommunalt næringsfond. All øvrig finansiering av selskapet (tilskot/aksjonærbidrag frå næringslivet, fylkeskommunen, 20

bankar, samarbeidskommunar og andre finansielle bidragsytarar) kan dermed gå uavkorta til prosjektretta aktivitet innanfor ansvarsområda Næringsutvikling og Rammevilkår for næringslivet (jf omtale i kap 3). Vedlegg: Utkast budsjett Nordfjord Vekst 2012 Invitasjonsbrev frå Måløy Vekst Plan for forprosjekt Utviklingsplan for Vågsøy kommune 2010-2012 Handlingsplan 2011 for Måløy Vekst Strategisk næringsplan for Selje kommune 2010-2015 Utviklingsplan for Eid kommune 2008-2012 Uttale frå Vanylven Utvikling Uttale frå Bremanger kommune Liste over møte ein har hatt med eksterne aktørar i løpet av forprosjektet Avtalar og følgjedokument (utkast vedtekter, aksjonæravtale m.m.) 21