HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201106931-3 Arkivnr. 712.T05 Saksh. Imset, Øystein/Arnesen, Arthur K Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 28.08.2012 OMSTILLINGSMIDLAR 2012 Da fylkesutvalet vedtok Regionalt Utviklingsprogram for 2012, vart det lagt til grunn at det skal nyttast inntil kr 5 mill. til omstillingsarbeid for 2012. Behovet for omstilling i kommunar og næringsliv i 2012 er framleis stort og kan bli aukande i den næraste framtida. Mange kommunar har eit sårbart næringsliv og slit med nedgang i folketal og sysselsetting. Fylkeskommunen har hovudansvar for regionalt omstillingsarbeid i fylket. Fylkeskommunen står fritt med omsyn til kva kommunar eller regionar ein vil støtte. Fylkesrådmannen legg fram forslag basert på innkomne eller planlagte søknader, samt analysar, statistikk og dialog med kommunar med omstillingsutfordringar. FORSLAG TIL VEDTAK Fylkesutvalet vedtar slik fordeling av omstillingsmidlar i 2012: a) Inntil kr. 1,2 mill. til fase 2 i omstillingsprogrammet for Fedje under føresetnad av tilfredsstillande søknad b) Inntil kr. 1,2 mill. til fase 2 i omstillingsprogrammet for Masfjorden under føresetnad av tilfredsstillande søknad c) Inntil kr. 1,0 mill. totalt til dei to inkubatorane Industriutvikling Vest og Atheno samt Nordhordland næringshage. d) Inntil kr. 1.6 mill. til framtidige omstillingsbehov som følgje av større negative endringar i næringsutvikling/sysselsetting i kommunar eller regionar. Fylkesrådmannen får fullmakt til å sette i verk eventuelle slike omstillingstiltak. Prosjekta må vere tidsavgrensa slik at nye prosjekt kan kome inn og få støtte. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Jan Per Styve regionaldirektør
FYLKESRÅDMANNEN, 14.08.2012: FYLKESRÅDMANNEN, 10.08.2012: Fylkesrådmannen viser til vedtak i Fylkesutvalet 23.06.2011 der omstillingsmidlane for 2011 vart fordelt slik: a) Kroner 3.080.000 til Flytt til Hardanger fase 2 b) Kroner 750.000 til Inkubatoren Industriutvikling Vest AS c) Inntil kroner 1.600.000 til kommunar i det nye næringshageprogrammet. d) Inntil kroner 1.250.000 til omstillingsprosjekt i maritim næring i fylket. Fylkesrådmannen fekk fullmakt til å setje i verk andre, mindre omstillingsprosjekt innanfor eventuelle udisponerte omstillingsmidlar. Fylkesutvalet peika òg på at prosjekta må vere tidsavgrensa. For budsjettåret 2012 har Kommunal- og regionaldepartementet i si tildeling av regionale utviklingsmidlar lagt til grunn ei ramme på kr. 5.000.000 for omstillingsarbeidet i Hordaland. Det er en reduksjon på 2 mill. kr frå året før. Reduksjonen ser ut til å skuldast omprioriteringar på statsbudsjettet; Nord-Norge fekk meir av den nasjonale ramma, medan Rogaland og Hordaland fekk mindre. Fylkesrådmannen legg i denne saka fram forslag til fordeling av denne ramma for 2012. Saksframstillinga er tre-delt; - prosjekt i kommunar som er inne i eit omstillingsprogram - inkubatorar og næringshagar - mogeleg framtidige omstillingsbehov OMSTILLINGSPROSJEKT Flytt til Hardanger 2011 2014 (orientering, ikkje naudsynt med ny løyving) Regionrådet utarbeidde i 2011 ein programsøknad for perioden fram til 2014. I søknaden står det at: Hovudmålet er å gjera Hardangerkommunane til attraktive bukommunar. Gode og varierte bustadtilbod, møtestader og eit inkluderande lokalsamfunn skal vera kjenneteikn ved Hardangerkommunane. Flytt til Hardanger skal i lag med kommunane rekruttera tilflyttarar med det føremål å auka folketalet. Ved prosjektslutt skal kommunane ha etablert gode ordningar/rutinar for handtering av tilflytting. I prosjektet konsentrerer ein seg no om å legge til rette for fleire eige- og leigeboligar, før ein igjen arbeidar aktivt for å rekruttere ny innflyttarar. Det har synt seg at det er vanskeleg å skaffe husvere for mange av dei som ønskjer å flytte til Hardanger. Budsjettet for fase 2 er totalt summert til kr. 9.030.000. Derav vil kommunane i Hardanger bidra med 5.950.000 i eigeninnsats og pengar, medan Hordaland fylkeskommune løyvde kr. 3.080.000 til prosjektet av omstillingsmidlane i 2011. Samstundes har fylkesrådmannen signalisert at det ikkje vert løyvd meir midlar til prosjektet. Omstilling på Fedje 2012-2014 I samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunen vart det utarbeidd eit omstillingsprogram for Fedje for 2010 og 2011. Det vart i 2010 gjeve tilsegn om inntil kr. 2.160.000 i omstillingsmidlar for perioden. Det har seinare vore gjeve signal om at Fedje kan få noko meir midlar for to nye år (1. juli 2012 1. juli 2014) viss resultata frå dei to fyrste åra er tilfredsstillande og kommunen utarbeider ein god søknad for den nye perioden. 2
Tiltaka i programmet i den fyrste perioden har mellom anna vore: - utvikle praksisnært skuletilbod på barne- og ungdomsskulen - etablering av nye aktivitetar innan den maritime opplevingsøkonomien - etablere et maritimt industrinettverk - politisk og administrativ omorganisering i kommunen. Fylkesrådmannen har motteke ein rapport frå Fedje kommune som no vert vurdert nærare. Fedje kommune er òg i gang med å utarbeide ein plan for mogelege to nye år. Fylkesrådmannen har overfor kommunen signalisert ei rame på om lag 1,2 mill. kr, noe kommunen no planlegg ut frå. Som tidlegare føreset ein at kommunen sjølve bidreg med minimum ein tredel av den totale rama. Fylkesrådmannen gjer framlegg om ei løyving på 1.2 mill. kr for fase 2 i omstillingsprogrammet for Fedje under føresetnad av tilfredsstillande søknad. Omstilling i Masfjorden 2012 2014 Omstillingsarbeidet i Masfjorden vart starta opp i 2007. Fase 1 vart avslutta i 2010, men på grunn av mellom anna byte av prosjektleiar vart fase 2 igangsett fyrst i 2012. Hovudmålsettinga er å auke folketalet i kommunen gjennom bevisst og aktiv samfunnsplanlegging. Føremålet er å skape bere- og livskraftige bygder ved hjelp av ei heilskapeleg utvikling basert på forankring, dialog og medverknad slik at innbyggjarane sine interesser vert sikre på ein ansvarleg måte og nye tankar og idear kan kome fram Fylkeskommunen har tidlegare løyvd (2009) kr. 600.000 som blir nytta no i 2012, medan kommunen og lokalt næringsliv bidrar med kr. 900,000. Fylkesrådmannen har på same vis som overfor Fedje signalisert at det kan vere mogeleg med finansiering for to nye år, til saman kr. 1.2 mill, for 2013 og 2014. Det krev sjølvsagt ein tilfredsstillande søknad. Rapporten frå den fyrste fasen er godkjend. Fylkesrådmannen legg opp til løyving for 2013 og 2014 no for å sikre kontinuitet i omstillingsprogrammet. Omstillingsarbeidet på Fedje og i Masfjorden illustrerer at lokal næringsutvikling og utvikling av attraktive lokalsamfunn krev ein langsiktig innsats og at særleg små kommunar må bruke tid på å auke kapasiteten og utvikle kompetansen når det gjeld utviklingsarbeid. Fylkesrådmannen har samstundes signalisert tydeleg at det ikkje kan løyvast ytterlegare midlar til omstillingsarbeide etter at fase 2 er gjennomført i desse to kommunane. INKUBATORAR OG NÆRINGSHAGAR Mykje av fylkeskommunen si satsing på inkubatorar og næringshagar har dei seinare åra vore finansiert med omstillings- og nyskapingsmidlane. Sjølv om dei statlege rammene til dette har gått ned, vil eg tilrå at vi held fram med å nytte delar av desse midlane til næringshagar og inkubatorar som viktige verkemiddel til å omstilling og nyskaping. Maritim inkubator i Sunnhordland I samband med lanseringa av Verftspakka i Revidert nasjonalbudsjett for 2010, blei Atheno teke opp som ein av 5 maritime inkubatorar for ein periode på 5 år. Atheno var tidlegare ein industriinkubator og har vore støtta av SIVA og Hordaland fylkeskommune sidan opprettinga i 2004. Målsettinga er å bidra til at eksisterande næringsklynger vert vidareutvikla på ein marknadsretta og forretningsorientert måte, samstundes som nye klynger som er oppstått, blir ivaretekne på kommersielle vilkår. I tillegg til å vere ein industriinkubator, har Atheno jobba mykje med å få til distribuerte løysingar i dei andre kommunane i Sunnhordland. Så langt er det inngått avtale om Bømlo, Tysnes og Kvinnherad kommunar om etablering av nodar og fylkesrådmannen er kjent med at det er samtalar med Etne og Austevoll kommunar om tilsvarande etableringar. 3
Som ein del av satsinga på maritim inkubator og utvikling av nodar, støtta fylkeskommunen Atheno med totalt kr 1,35 mill kr, kor kr 750 000 gjekk til den maritime inkubatoren på Stord og kr 200 000 til kvar av dei tre nodande i Kvinnherad, på Bømlo og på Tysnes. Atheno har forventingar om støtte også for dei resterande åra som maritim inkubator. Eg ser på Atheno som eit viktig virkemiddel for omstilling og nyskaping i Sunnhordland. Eg er også kjent med at det er samtalar i gang om eit nærare samarbeid og mogleg samanslåing av Atheno og SNU. Dette vil ytterlegare styrke Atheno som utviklingsaktør i regionen. Eg tilrår difor at Atheno blir støtta med inntil kr 1,3 mill kr også for 2012. Industriinkubator på Mongstad I 2011 blei Industriutvikling Vest AS etablert som ein ny industri inkubator på Mongstad. Inkubatoren er eigd av Statoil (20%), Mongstadbase AS (15%), Mongstad Vekst AS (35%), BKK (10%) og SIVA (20%). Målsettinga er å etablere ny lønsam forretningsverksemd og styrkje eksisterande næringsliv. Inkubatoren har budsjettert med årlege driftskostnader på vel 3,5 mill kr i ein femårs periode. Fylkeskommunen er forventa på støtte drifta med inntil 1 mill kr pr år, SIVA med kr 500 000 og Austrheim og Lindås kommunar med til saman kr. 250.000 pr år. Resten, vel 2 mill kr i driftstøtte pr år, blir fordelt på dei private aktørane. Fylkesrådmannen legg til grunn at etableringa av inkubatoren er eit viktig virkemiddel for å kunne utnytte potensialet for vidare vekst og utvikling av næringslivet i regionen. Dette er særleg viktig når raffineriet slit økonomisk og ikkje lengre kan vere ein motor i utviklinga på Mongstad. Inkubatoren kan bli eit viktig omstilingstiltak Det er god forankring hjå eigarane og kommunane. Eg rår difor til at løyvinga til Industriutvikling Vest vert vidareført med for 2012 med eit beløp tilsvarande det for 2011 eller noko høgare. Nytt næringshageprogram frå 2011 KRD har vedtatt eit nytt 10 årig næringshageprogram med ei ramme på 50 næringshagar og oppstart 2. halvår 2011. Programmet er eigd i fellesskap av KRD og fylkeskommunane og med SIVA som nasjonal operatør. Kvar einskild næringshage, både gamle og nye, måtte søke om opptak i det nye programmet. Det er lagt opp til at SIVA dekkjer 50 %, fylkeskommunane 25 % og deltakarverksemdene 25 % av totale årlege kostnadar. Etter to nasjonale søknadsrundar er 47 av dei 50 plassane i programmet fylt. I fjor blei det orientert om søknader frå Odda, Voss, Gulen/Masfjorden og Mongstad. Nordhordland næringshage, Austrheim blei tatt opp i programmet i desember 2011 og offisielt opna 9. august i år. Odda søkte i fjor haust, men søknaden blei ikkje vurdert som god nok. Gulen/Masfjorden har, i samråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune, valt å ikkje søke om deltaking så langt. Søknaden frå Voss har tatt lengre tid enn først forventa. Fylkeskommunen har delteke i ein tett dialog med initiativtakarane og har no motteke kopi av søknad sendt til SIVA. Etterspurnaden har vore langt større enn rammene i det nye nasjonale næringshageprogrammet. Vi kan i beste fall håpe på å få med ein næringshage til blant dei tre plassane som gjenstår. I Næringshagar i Hordaland Strategi for Hordaland fylkeskommune (FUV Sak 184/11) er eit av måla å få etablert inntil 5 næringshagar i fylket. Hordaland hadde ingen næringshagar som var i drift og difor relativt enkelt kunne søke om opptak i det nye programmet slik mange andre fylke hadde. Det viser seg å ta vesentleg lengre tid å utvikle heilt nye konsept som tilfredsstiller dei nasjonale krava og er godt forankra. Fylkesordføraren har difor sendt eit brev til KRD med oppmoding om å utvide ramma for det nasjonale næringsprogrammet i Statsbudsjettet for 2013, slik at det også skal vere mogleg å fremme nye søknader også i 2013. Finansiering av inkubatorar og næringshagar. Både i 2010 og i 2011 blei det sett av omstillingsmidlar til fylkeskommunen si satsing på inkubatorar og næringshagaer. Alle desse midlane er enno ikkje nytta. Det er difor berre behov for å sette av 1 4
mill kr i 2012 til dei to inkubatorane Industriutvikling Vest og Atheno samt Nordhordland næringshage. I tillegg støtter fylkeskommunen FoU inkubatoren Nyskapingsparken knytt til HiB og UiB. Midlar til denne støtta blir tatt frå dei ordinære RUP midlane (FUV ramma) og utgjer ca kr 900 000 pr år. FRAMTIDIGE OMSTILLINGSBEHOV Næringsbarometeret for juni 2012 syner at det skjer ei relativt rask negativ endring i oppfatninga i deler av næringslivet om framtida. Næringslivet i Hordaland var gjennomgåande meir positive når det gjeld framtida i januar i år. Særleg delar av den tradisjonelle industrien utanom gass- og oljesektoren er uroa over at dei økonomiske problema i dei fleste landa i Europa er i ferd med å slå inn i redusert eksport. Styrking av kronekursen svekker samstundes konkurranseevnen. Den økonomiske utviklinga i dei tradisjonelle eksportmarknadene våre, dei utfordringane utviklinga vil skape for næringslivet i Hordaland samt strategiar som skal gjennomførast for å møte utfordringane, vil bli utdypa og skarpstilte i den nye regionale næringsplanen. Denne skal Fylkesutvalet diskutere innhaldet i og seinare handsame hausten 2012/vinteren 2013. Fylkesrådmannen meiner at det allereie no er naudsynt å sette av omstillingsmidlar for å kunne bidra i lokalsamfunn, kommunar eller regionar som kan bli råka av raske og større negative endringar i store verksemder eller heile bransjar. Administrasjonen har solid kunnskap om kva for kommunar og regionar som kan vere sårbare for slike endringar gjennom dei sårbarhetsanalysane som vert gjennomførte kvart tredje år, seinast i 2010. Ein har etter kvart, saman med Innovasjon Norge, òg mykje erfaring med kva for tiltak som kan bidra til resultat i slik omstillingsinnsats. På den bakgrunn gjer fylkesrådmannen framlegg om at dei resterande midlane, kr. 1.6 mill, vert sett av til omstillingsbehov som eventuelt kjem på grunn av større, negative endringar i næringsutvikling og sysselsetting, og at fylkesrådmannen får fullmakt til å iverksette eventuelle slike omstillingsprosjekt. 5
6