Saksframlegg Sakshandsamar: Arvid Valland Arkiv: 036 Arkivsaksnr.: 09/2736-5 RETNINGSLINJER FOR BRUK AV SENTRUMSPARK * Tilråding frå sakskomiteen: Retningslinjer for bruk av sentrumsparken, samt Standardvilkår for leige vert vedetekne slik dei ligg føre. Vedlegg: Retningslinjer for bruk av sentrumspark. Standardvilkår for leige. Bakgrunn: Formannskapet gjorde den 15.10.2009, sak 49/09 slikt vedtak: Det vert sett ned følgjande sakskomite for utarbeiding av retningslinjer for bruk sentrumsparken: Saksordførar Helge Torstad Medlemmer: Bjørn Rune Nondal, Laura Kvamme, Rita Navarsete. Sakskomiteen skal leggje fram forslag til retningslinjer for bruk av sentrumsparken innan 1. april 2010. Saksutgreiing: Komiteen har har halde 3 arbeidsmøter og vurdert kva aktivitetar parken kan nyttast til og delt området inn i soner i høve målsetjinga med å skape park i den sentrale delen av Sogndal sentrum. Målsetjinga med parken er å skape eit visuelt grøntdrag, betre kontakten med fjorden og ha ein akse for gang- og sykkeltrafikk. Vidare skal ein ha ein sentral leikeplass og rekreasjonsområde for alle. Det skal vera ein stad for aktivitetar og parken skal vera ei fin ramme rundt Bondevikhuset og aktivitetane der. Parken skal og bidra til å gjere sentrum til ein attraktiv stad for handel og aktivitet. Komiteen legg difor vekt på ivareta parken sin kvalitet, at den ikkje er generande i høve til opplevinga av parken og parken sine andre brukarar eller naboar, at parken har eit allment innhald, er gratis for publikum og utan fysiske stengsler som hindrar publikum i å ferdast i parken. Komiteen har delt parken inn i 5 bruksområder, der det 5. bruksområdet ikkje har Feltmarkering, men skal nyttast til rekreasjonsområde for alle og slik den er bygd. Parken bør ha avgrensa kommersiell aktivitet og det skal såleis ikkje vera tillete med reklame, profilering av sponsorar eller liknande, eller arrangement som vert vurdert til å skade parkanlegget. Komiteen vurderer det derfor slik at kommersiell aktivitet og arrangement skal gå føre seg på områder merka Felt A, B, C eller D.
Dei ulike Feltområda har slik utstrekning: Felt A omfattar kommunehusplassen og gata ned til og med Ølnestorget. Felt B omfattar plassen framfor kommunehuset. Felt C gjeld Kirserbærlunda. Felt D omfattar Parkvegen frå Flåtengården og fram til bankbygget. Feltområda kan nyttast til ulike enkeltarrangement. Det skal ikkje gjevast løyve til fast bruk av feltområda der bruken er av kommersiell interesse. Områda skal ikkje nyttast som torgplass. Her viser ein til eksisterande torgplass på Fossatunet. Arrangement som haustmarknaden ol får nytta feltområda fritt. Politiske og religiøse markeringar vert vist til Kirsebærlunda. Parken kan nyttast til sesongutstilling av skulpturar etter nærare vurdering. I høve leigekostnader gjer komiteen framlegg om at disse skal fastsetjast/regulerast i samband med kommunen sitt årsbudsjett. For 2010 tilrår komiteen slik leigepris og depositum: Kommunal/kulturell/ideell bruk av felt A B C og D skal vera kostnadsfri, medan kommersiell bruk av felt A skal ha leigepris kr 10 000,- pluss kr 10 000,- i depositum. Felt B og C skal ha leigepris kr 5 000,- pluss kr 10 000,- i depositum. Felt D skal ha leigepris kr 10 000,- pluss kr 10 000,- i depositum. Komiteen vurderer det slik at framlegg til retningslinjer for bruk av sentrumspark ikkje er til hinder for bruk av parken i høve 17. mai arrangement. Sakskomiteen har ut frå mandatet utarbeidd framlegg til Retningslinjer for bruk av sentrumsparken, samt Standardvilkår for leige og tilrår kommunestyre å vedta disse. Sogndal 24.03.2010 Jostein Aanestad rådmann RETNINGSLINJER FOR BRUK AV SENTRUMSPARK SOGNDAL VEDLEGG 1
Målsetjing med å skape park i den sentrale delen av Sogndal sentrum var eit ynskje om; eit visuelt grøntdrag betre kontakt med fjorden ein akse for gang- og sykkeltrafikk ein sentral leikeplass og rekreasjonsområde ein stad for aktivitetar ei fin ramme rundt Bondevikhuset og aktivitetane der bidra til å gjere sentrum til eit attraktiv stad for handel og aktivitet For å sikre god forvaltning er det utarbeida retningslinjer for bruk av parken og handsaming av søknader i høve arrangement og arealleige i parken. 1. I vurdering om bruk av Sentrumsparken vert det lagt vekt på at arrangementet bør: ivareta parken sin kvalitet ikkje væra generande i høve til opplevinga av parken, parken sine andre brukarar eller naboar ha et allment innhald være gratis for publikum være utan fysiske stengsler som hindrar publikum i å ferdast i parken ha avgrensa kommersiell aktivitet 2. Det vil ikkje verta gjeve løyve til: reklame profilering av sponsorar eller liknande arrangement som vert vurdert til å skade parkanlegget 3. Areal vert ikkje utleigd til riggplass eller liknande som ikkje er forårsaka av arbeider i parken (reparasjonar, rehabilitering, bygging). 4. Leiga vert regulert etter kven som leiger, kva slag aktivitet som skal utøvast og kva del av parken som skal nyttast. Dersom formålet med leigetilhøvet er sal og/eller marknadsføring av produkt, eller det skal utførast anna kommersiell verksemd, skal arrangementet som heilskap betraktast som kommersielt, sjølv om leigetakar er kommunal, ideell eller kulturell. Alternativt kan leigebeløpet sin storleik vurderast konkret i forhold til det merkantile innslaget når det er kommunal/ideell/kulturell leigetakar. I fastsetting av rein kommersiell leige skal ein vurdere kor stor den økonomiske omsetninga kan vurderast å verta. Dess større omsetning og vurdert forteneste for arrangør (gjennom direkte sal eller i indirekte marknadsføringsverdi), dess større bør leigesummen væra. Leigeprisen er pr. døgn, dvs. inkl. tid til opp- og nedrigging, rydding og rengjering av området:
Kommunal/kulturell/ideell Kommersiell Salsbod Felt A Fri bruk Depositum kr.10 000 + leige Ikkje tillete vedteken i kom. årsbudsjett Felt B Fri bruk Som over Ikkje tillete Felt C Fri bruk Som over Ikkje tillete Felt D Fri bruk Som over Ikkje tillete 5. Søknader må sendes skriftlig til Sogndal kommune v/tenestorget og innehalde opplysningar om: arrangør, evt. medarrangørar kva slag aktivitet det vert søkt om tidspunkt (frå/til dato inkl. rigging) kvar i parken og storleik på areal kva slags utstyr som skal brukast (scener, gjerder, boder, etc.), og korleis dette vil verta frakta ut/inn av parken og rigga til bruk av høgtalarutstyr korleis dette vil påverke andre besøkande i parken om det er behov for straumtilknyting 6. Retningslinjer for bruk av sentrumspark er ikkje til hinder for bruk av parken til 17. mai arrangement.
7. Tenestetorget skal leggje fram søknader som det kan være tvil om utfall av handsaminga av (i høve til disse retningslinjer) for forvaltningsutvalet til uttale. Tenesteeining for Kommunalteknikk tek den endelige avgjerda og er kontraktspart. Sist oppdatert 22.02.2010 VEDLEGG 2 Standardvilkår for leige av Sogndal kommune sine parkanlegg
Fylgjande standardvilkår for leige/bruk av kommunen sitt parkanlegg vart vedteke i kommunestyre sak i møte den. For større arrangement og salsaktivitetar skal det teiknast leiekontrakt med utvida bestemmelsar og vilkår. Fotgjengarar på gangareal skal ikkje hindrast; fortau skal ha en minimum bredde på 2 meter. Leiearealet skal haldast rent og ryddig. Leigearealet, med tilgrensande områder, skal reingjerast for søppel kvar dag etter aktivitetens slutt. Leigetakar forpliktar seg til å ha et tilstrekkelig tal søppelbøtter og å tømma disse ved behov. Det er ikkje tillate å nytta kommunens avfallsbehaldarar for avhending av eige avfall. Det er ikkje tillate med reklame på salsutstyr eller egne reklameplakatar/- bukkar utan utleigars skriftlige samtykke. Bruk av lys- eller lydanlegg er ikkje tillate utan samtykke frå utleigar. Ved løyve til bruk av lydanlegg gjeld følgjande vilkår: Scenen og musikkanlegg må plasserast slik at bebuarar skjermast på best mulig måte. Lydnivået må haldast på et helsemessig forsvarlig nivå for publikum og omgivelsane og må ikkje overskride fylgjande lydnivå for omliggande bustader: Søndag Laurdag dag kl. 07.00-18.00 Lekv = 75 dba fast Søndag Torsdag kveld kl. 18.00-22.00 Lekv = 70 dba fast Fredag Laurdag kveld kl. 18.00-23.00 Lekv = 70 dba fast All støyande aktivitet skal være avslutta innan klokken 23.00, dette gjeld og nedrigging, bortkjøring av sceneutstyr mv. Nabolaget skal varslast om type aktivitet og omfanget av denne. Varselet skal være skriftlig og innehalde namn og telefonnummer til kontaktpersonar hos arrangør ved klager på arrangement. Her finner du som leigetakar kart som viser kvar det skal gjevast nabovarsel i samband med arrangement. Leigetakar må sjølv vurdere behovet for vakthald og dekke kostnadene knytta til dette. Leigetakars vaktkorps har informasjonsplikt ovanfor utleigars representantar. Det er ikkje tillate med framleige utan skriftlig samtykke frå utleigar. I dei tilhøve det blir inngått avtale om framleige skal kopi av framleigeavtale for arrangementet oversendast kommunen. Ved større arrangement kan utleigar be om et depositum inntil tre gonger leigesummen, som vert attendebetalt når parken eller anlegget vert forlete i den stand det var då leieforholdet starta. Ved arrangement som går over fleire gonger skal det innbetalast eit depositum rekna for eit arrangement. Depositumet vert attendebetalt når siste arrangement er gjennomført. Det vert gjeve løyve til inn- og utkjøring av varer og utstyr. Bilkøyring eller parkering på plen er ikkje tillate. Parkering på andre flater i parken er ikkje tillate utan parkeringsbevis utskrive av utleigar. Arrangement der det vert planlagt montering av større installasjonar, viser ein som hovudregel til kommunen sine asfalterte eller gruslagte areal. Boder eller liknande skal berre setjast på asfalt- eller steinlagde områder, så sant det ikkje vert dokumentert at grøntarealet vert beskytta på en god måte. Oppføring av konstruksjonar nærmare et tre enn 5 meter skal godkjennast av tenesteeining kommunalteknikk Ved snøfall er leigetakar sjølv forplikta til å rydda snø frå leigearealet.
Leigetakar er erstatningspliktig for eventuelle skader som påførast parkanlegget i samband med aktiviteten. Utleier kan krevje dokumentasjon på korleis leigetakar tenkjer å beskytte leigearealet mot skader. Utleigar kan vidare krevje befaring med leigetakar før og etter arrangementet. Sogndal kommune