Kvalitetsplanen. for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Like dokumenter
Kvalitetsplanen for vidarega ande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen. for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen. for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Møteinnkalling. Utval: Utdanningsutvalet Møtestad: Møterom, Sunndal vidaregåande skole Dato: Tid: 10:30 (sjå program)

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Introduksjonsdag. Rune Solenes Opstad, assisterende fylkesutdanningssjef

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Møteinnkalling. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Strategi for kompetanseutvikling

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Årsmelding skuleåret 2015/2016

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Introduksjonsdag. Erik Brekken, fylkesutdanningssjef

Handlingsplan Kristiansund videregående skole

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Kvalitetsmeldinga 2018 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Utviklingsplan

Mål og tiltaksplan for Sunndal vidaregåande skole

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Innhald. Årsmeldinga si behandling: - Orienterings- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde Elevråd Skoleutvalet

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Innhald. Årsmeldinga si behandling: - Orienterings- og drøftingsmøte med dei tillitsvalde Elevråd Skoleutvalet

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Overordnet kvalitetssystem for videregående opplæring i Telemark fylkeskommune

Handlingsplan Kristiansund videregående skole

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 12:30

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Pedagogisk plattform

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Endringar ved Sunndal vgs frå

Mål- og tiltaksplan Sunndal vidaregåande skole side 1

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Utkast til handlingsprogram for fagopplæringsnemnda

Kommunedelplan for oppvekst

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

1. Rektor har ordet Nøkkelopplysningar om skolen Organisasjonen Utdanningsprogram og elevtal Inntak Vg1...

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

God stim! Tilstandsrapport for videregående opplæring i Nordland 2016 Opplæringskonferansen januar 2017

Alteren skole Plan for kvalitetsutvikling Denne planen er laget ut fra Rana kommunes Plan for skole og kvalitetsutvikling

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Påstandar i ståstedanalysen for skoler (nynorsk)

Ørsta vidaregåande skule Orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg2

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Transkript:

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2017-2021

Med visjonen Ein tydeleg medspelar Foto: Rune Borge-Olsen vil vi utvikle kvaliteten i vidaregåande opplæring ved å vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen og vere profesjonelle i alt vi gjer. Vi skal også vere fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt. Innhald Foto forside: Rune Borge-Olsen Layout: kommunikasjonsseksjonen Utgivar: utdanningsavdelinga Trykk: Fellestenesta Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing s. 3 Hovudmålsetting s. 3 Prioriterte område s. 3 2. Strukturkvalitet s. 4 Målsettingar s. 4 Kvalitetsfremmande område s. 4 Måling av strukturkvalitet s. 5 3. Prosesskvalitet s. 6 Målsettingar s. 6 Kvalitetsfremmande område s. 6 Måling av prosesskvalitet s. 7 4. Resultatkvalitet s. 9 Målsettingar s. 9 Vurdering av skoleresultat s. 9 Måling av resultatkvalitet s. 9 5. Oppfølging av kvalitetsarbeidet s. 10 Analyse, vurdering av resultat s. 10 og handlingsplaner Oppdragsavtalar og leiardialog s. 10 Skolebasert vurdering, årsmelding s. 10 og kvalitetsmelding

Innleiing 1 Den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere framtidsretta, ha faglege utfordringar for alle, gode læringsmiljø, høg gjennomføring og tettare oppfølging som fokus for utvikling av kvalitet. Hovudmålsetting Talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal med greidd resultat etter 5 års opplæring, skal aukast frå 76,2 % i 2016 til 79 % i 2019. Prioriterte område For å utvikle kvaliteten og auke gjennomføringa er det vedteke i Fylkestinget 14.12.2016, at følgande område skal prioriterast: Det skal arbeidast systematisk med utvikling av tilpassa opplæring, læringsmiljøet, den formative vurderinga og grunnleggande ferdigheitar i skolane Det skal saman med lokalt og regionalt arbeidsliv, arbeidast for å skape fleire læreog opplæringsplassar. Gjennom avtalar om utplassering i yrkesfagleg fordjuping skal skolane arbeide for å formidle elevane til læreplass Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole og frå vidaregåande skole til opplæring i bedrift Det skal arbeidast med å gi gode opplæringstilbod til elevar og lærlingar som treng særskilt oppfølging Det skal arbeidast med å utvikle rådgivingstenesta slik at elevane får eit godt grunnlag for å gjere val om utdanning og yrke Det skal arbeidast med pedagogisk leiing gjennom vidareutvikling av leiarrolla Skolane sitt arbeid med kvalitet i opplæringa skal dokumenterast i ei årleg melding om kvalitetsplanen Fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova og forskrift blir oppfylt, og for å følgje opp resultata frå vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører, jf. opplæringslova 13-10. Vidare skal det utarbeidast ein årleg rapport, kvalitetsmelding, om tilstanden i den vidaregåande opplæringa knytt til læringsresultat, gjennomføring og læringsmiljø. Årshjul for kvalitetsarbeid i punkt 5, syner kvalitetsplanen sin plass i arbeidet med kvalitet. Kvalitetsplanen har ein tidshorisont på 4 skoleår, men blir revidert årleg. Kvalitetsplanen blir endeleg vedteken i Fylkestinget i juni. Med utgangspunkt i den vedtekne planen skal både skolane og utdanningsavdelinga utarbeide årlege handlingsplanar. Kvalitetsplanen er delt inn i 3 kvalitetsområde: Strukturkvalitet omfattar opplæringsverksemda sine ytre føresetnader, tilsvarande organisasjon og ressursar forstått i brei forstand. Prosesskvalitet omfattar opplæringsverksemda sine indre aktivitetar, sjølve arbeidet med opplæringa m.a. læringsmiljøet, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa og lærarane sin kompetanse. Resultatkvalitet uttrykker læringsutbytte målt opp mot opplæringsverksemda sine målsettingar for opplæringa. Dei 3 kvalitetsområda er delvis overlappande. I kvalitetsplanen blir det vist til indikatorar som kvalitetskjenneteikn innanfor områda struktur-, prosess- og resultatkvalitet. 3

2Strukturkvalitet Strukturkvalitet beskriv opplæringsverksemda sine ytre føresetnader, tilsvarande organisasjon og ressursar forstått i brei forstand. Strukturkvalitet omfattar mellom anna dokument som definerer, styrer og dannar grunnlaget for organiseringa av verksemda som lov, regelverk og planverk. Strukturkvalitet omfattar også den formelle kompetansen til personalet i vidaregåande opplæring, personaltettleik, storleik og samansetjinga av elevgruppene, fysiske rammer som bygg, utstyr og liknande, i tillegg til andre rammevilkår og økonomi. 4 Målsettingar Vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal skal ha ein føreseieleg tilbodsstruktur som skal speglast i skolebruksplanen. Det er ei målsetting i Møre og Romsdal at 90 % av søkarane med ungdomsrett skal få primærønsket sitt om val av Vg1-utdanningsprogram oppfylt. Den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal skal ha attraktive og relevante utdanningstilbod for elevane, og relevante tilbod for arbeidslivet lokalt og regionalt for rekruttering av arbeidskraft. Det skal saman med lokalt og regionalt arbeidsliv, arbeidast for å skape fleire læreog opplæringsplassar. Gjennom avtalar om utplassering i yrkesfagleg fordjuping skal skolane arbeide for å formidle elevane til læreplass. Av elevar frå Vg2-yrkesfag som primært søker lærekontrakt er det ei målsetting at 90 % skal få sitt ønske oppfylt. Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole, frå vidaregåande skole til opplæring i bedrift og høgare utdanning. Det skal arbeidast med å utvikle rådgivingstenesta slik at elevane får eit godt grunnlag for å gjere val om utdanning og yrke. Kvalitetsfremmande område Tilbodsstruktur For både fylkeskommunal og kommunal planlegging er det viktig å ha ein føreseieleg tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring lokalt. For rekruttering av lokal og regional arbeidskraft er det viktig å ha ein vidaregåande skole med relevante tilbod for både elevar, tilsette og arbeidslivet lokalt og regionalt. Ein robust tilbodsstruktur vil legge grunnlag for å byggje fagmiljø som har kontinuitet, noko som er viktig i skolen sitt langsiktige kvalitetsarbeid. Skolebruksplanen rullerast kvart år med involvering av alle partar. Målsettinga om at 90 % av søkarane med ungdomsrett skal få sitt primærønske oppfylt, har konsekvensar for prioritering og kapasitet av utdanningsprogram regionalt og vekting i høve balansen mellom yrkesfag og studiespesialiserande program. Samfunnskontrakten Målet i den nye samfunnskontrakten er å sørge for at alle kvalifiserte elevar som ønsker det, skal få tilbod om læreplass. Saman med lokalt og regionalt arbeidsliv er det ei målsetting å skape fleire lære- og opplæringsplassar for elevar som tek yrkesfagleg opplæring. Dette er ein viktig føresetnad for felles innsats gjennom Samfunnskontrakten. Gjennom avtalar om utplassering i yrkesfagleg fordjuping skal skolane arbeide for å formidle elevane til læreplass. Av elevar frå Vg2-yrkesfag som primært søker lærekontrakt er det ei målsetting at 90 % skal få sitt ønske oppfylt. Formidlingsarbeid vert sette i fokus på alle nivå i planperioden. Kommunesamarbeid Skoleeigar arbeider for å knytte nærare samarbeid med kommunane i samband med ulike utfordringar i opplæringa. Dette gjeld både overgangar mellom nivå i opplæringa, karriererettleiing, grunnleggande ferdigheiter, tidleg innsats og kompetanseheving av lærarar og rådgivarar.

Foto: Rune Hagen Karriererettleiing og rådgiving Arbeidet med kvalitet i karriererettleiing og rådgiving i grunnopplæringa held fram. Elevane skal få godt grunnlag for å gjere val om utdanning og yrke. Implementering av Karriereløypa (2016) er eit viktig tiltak i arbeidet. Karriereløypa er eit samanhengande system for karriererettleiing i grunnopplæringa frå første skuleår til vaksen alder. Ungt Entreprenørskap (UE) er bidragsytar med fleire program i Karriereløypa. I tillegg er Karriere Møre og Romsdal ein viktig aktør for unge og vaksne som treng rettleiing i høve til utfordringar med utdanning og karriere. Indikatorar for måling av strukturkvalitet Data frå KOSTRA, SSB og Gjennomføringsbarometeret blir brukt for å måle strukturkvaliteten. I tillegg vil indikatoren overgang frå Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram i Hjernen&Hjertet vise tal på elevar som er formidla til lærekontrakt. Andre indikatorar for måling av strukturkvalitet er m.a.: inntaksprioritet, driftsutgifter per elev, elevar med rett til spesialundervisning, ressursinnsats spesialundervisning og lærartettleik. 5

3Prosesskvalitet Prosesskvalitet handlar om skolen sine eigne aktivitetar, sjølve arbeidet med opplæringa. Prosesskvalitet omfattar mellom anna innhaldet i opplæringa, metodiske tilnærmingar, lærarane og instruktørane sin bruk av eigen kompetanse og moglegheiter for utvikling av kompetansen, læringsmiljøet, relasjonar og prosessar i opplæringsverksemda, samspel mellom personalet og elevar og lærlingar, samspelet mellom elevane, involvering av føresette, og samspelet mellom opplæringsverksemda og arbeids- og næringsliv. 6 Målsettingar I Møre og Romsdal skal elevane oppleve at utdanningstilboda i den vidaregåande opplæringa er av høg kvalitet. I Møre og Romsdal skal skolane arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter. I Møre og Romsdal skal tilpassa opplæring prege skolen si verksemd. Tilpassa opplæring handlar både om læringsmiljø, klasseleiing, vurdering, organisering, arbeidsmetodar inkludert digitale verktøy og arbeidsmetodar, samt undervisning og opplæring i tråd med nasjonale føringar. Skolane skal arbeide vidare med vurdering som fremmer læring. Skolane skal arbeide aktivt og systematisk for å fremme eit trygt og godt læringsmiljø. I Møre og Romsdal skal skolane og lærebedriftene drive eit systematisk og kontinuerlig arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik både i fysiske og digitale rom. Det skal arbeidast med å gi gode opplæringstilbod til dei som treng særskilt oppfølging inkludert dei som har utfordringar med psykisk helse. Det skal arbeidast med pedagogisk leiing gjennom vidareutvikling av leiarrolla. Kvalitetsfremmande område Grunnleggande ferdigheiter Skolane skal arbeide systematisk med dei grunnleggande ferdigheitene. Læreplanane for faga skildrar korleis dei fem grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, rekning, munnlegeog digitale ferdigheiter vert forstått og arbeidd med i kvart fag. Den digitale utviklinga har endra mange av premissa for lesing, skriving, rekning og munnlege uttrykksformer. Derfor er digitale ferdigheiter ein naturleg del av grunnlaget for læringsarbeid både i og på tvers av emne. Dette gir moglegheiter for nye læringsstrategiar. I ein stadig meir digitalisert kvardag er det viktig å kunne bruke digitale verktøy for å ta del i arbeidsliv, samfunnsliv og for livslang læring. I det pedagogiske arbeidet i skolen er det viktig med bevisstgjering kring bruk av digitale verktøy, og digital dømmekraft. Det å kunne bruke digitale verktøy dreier seg om å kunne velje, vurdere og bruke informasjon, og dette skal være ein naturlig del av læringsarbeidet i fag. I tillegg skal elevar som står i fare for ikkje å bestå opplæringa ved skoleslutt, få særskilt merksemd gjennom målretta arbeid med grunnleggande ferdigheiter. Tilpassa opplæring For at ungdomen og vaksne i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal skal lukkast og bli godt budd på arbeidsliv og vidare utdanning, skal alle gjennom tilpassa opplæring oppleve meistring og fagleg utvikling. Tilpassa opplæring er eit verkemiddel for auka læringsutbytte for alle elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og vaksne. Opplæringa skal tilpassast føresetnadene og nivået til den enkelte. Elevane skal kunne tileigne seg og bruke kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjente og

ukjente samanhengar og situasjonar. Elevane skal lære seg å samarbeide, dele og skape kunnskap gjennom ulike arbeidsmetodar, også gjennom digitale verktøy og arbeidsmetodar. Elevane tileignar seg lærestoffet på ulike måtar og dei bør få presentert fagstoffet på ulike måtar. For ungdom med ulike utfordringar i kvardagen, skal skolen og bedriftene gjennom tidleg innsats og tett oppfølging, arbeide for at dei kan fullføre opplæringa. Dette skjer i samarbeid med PPT, kommunar, helsetenesta og eventuelt andre aktørar. Tilrådingane i rapporten «Læraren i møte med utsette elevar, roller og relasjonar» skal implementerast. Dei elevane med høgt læringspotensiale skal og ha tilpassa opplæring ut ifrå det nivået dei ligg på 1. Læringsmiljø Det skal arbeidast aktivt og systematisk for å fremje helse, miljø og tryggleik og eit godt psykososialt miljø, både på digitale og andre sosiale arenaer. Den enkelte elev, lærling, praksisbrevkandidat og lærekandidat skal oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Skolane må sørge for å implementere nødvendige rutinar for saksbehandling av saker knytt til elevane sitt psykososiale miljø i tråd med lov og forskrift. Skoleleiinga skal arbeide systematisk for elevdemokrati, elevmedverknad, og god klasseleiing med eleven sitt læringsutbytte i fokus. Likeeins skal fylkesutdanningssjefen følgje opp lærlingane for å sikre at dei har eit godt arbeidsmiljø med tryggleik og sosialt tilhør. For at elevråda ved skolane skal arbeide for eit godt læringsmiljø, gode arbeidsforhold og velferdsinteressene til elevane, må skolen aktivt bidra til at saker som gjeld elevane sin skolekvardag vert handsama i elevrådet, skolemiljøutvalet og skoleutvalet. Vurdering Skolane skal spesielt utvikle kvaliteten innafor vurdering med vektlegging på det som fremjar læring, som tydeleg og god struktur i undervisninga, der elevane er kjent med mål, kriterier og kjenneteikn for læringa. Elevane skal ha tydeleg tilbakemelding på kvaliteten på arbeid og prestasjon, i tillegg til framovermelding med råd om korleis dei kan forbetre seg. Det skal vere klare forventningar til elevane si læring og ein positiv og støttande relasjonar mellom elev og lærar. Elevane skal vere involvert i eiget læringsarbeid ved m.a. å vurdere eiget arbeid og utvikling. Ein skal arbeide med kjenneteikn på god undervisning i fag, jf. «Oldenburg-dekalogen» og nasjonale føringar for vurdering. Skolane skal også kunne ta i bruk digitale ressursar til hjelp i arbeidet med vurdering. Gjennom både tema og deling i leiarsamlingar skal ein saman bidra til å utvikle opplæringa i skolen og vurdering som fremmer læring. Relevans i faga Skolane skal implementere metodikken frå FYRsatsinga og arbeide aktivt med fagleg relevans i fellesfag og programfag. Skolane skal synleggjere sitt arbeid i årsplana for skolen. Kompetanseutvikling For å sikre kompetansebygging skal fylkesutdanningssjefen bruke dei innarbeidde systema (fylkesakademiet, rektorutdanning og vidareutdanning, leiarsamlingar, fylkeskommunens eiget leiarutviklingsprogram, fagnettverk, rådgivarnettverket m.m.) slik at alle tilsette får nødvendig kompetanseutvikling. Dette gjeld og instruktørar og faglege rettleiarar innafor den vidaregåande opplæringa i bedrift. Fagnettverka skal arbeide med vurdering som fremmer læring og pedagogisk bruk av IKT etter eit tydeleg mandat. Gjennom arbeidstidsavtalen skal skoleleiinga legge til rette for kompetanseutvikling og erfaringsdeling i kollegiet. I arbeidet med å nå hovudmålsettinga, må kontaktlærarfunksjonen styrkast 1. Indikatorar for måling av prosesskvalitet Indikatorar som måler prosesskvaliteten er ei rekke indikatorar innanfor områda tilpassa opplæring, læringsmiljø, vurdering, medverknad og kompetanseutvikling. Tilpassa opplæring For å vurdere elevane sin opplevde kvalitet på tilpassa opplæring legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Elevundersøkinga om læringskultur, vurdering for læring, motivasjon, meistring, støtte frå lærarar, digitale ferdigheiter, fagleg utfordring og medverknad. 1 jamfør vedtak i Fylkestinget 12.06.2017 7

Foto: Rune Borge-Olsen 8 For å vurdere lærlingane sin opplevde kvalitet på tilpassa opplæring legg ein til grunn m.a. indikatorar frå Lærlingundersøkinga om læringskrav, medverknad, løpande fagleg rettleiing, halvårssamtale og planmessig opplæring. Læringsmiljø For å vurdere elevane sin opplevde kvalitet på læringsmiljø legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Elevundersøkinga om trivsel, støtte frå lærarar, arbeidsforhold og læring, arbeidsmiljø, medverknad og felles reglar. For å vurdere lærlingane sin opplevde kvalitet på læringsmiljø legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Lærlingundersøkinga om trivsel, medverknad, viktig for læring og HMS. Vurdering For å vurdere elevane sin opplevde kvalitet på vurderingsarbeidet legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Elevundersøkinga om vurdering for læring, medverknad, arbeidsforhold og læring. For å vurdere lærlingane sin opplevde kvalitet på vurderingsarbeidet legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Lærlingundersøkinga om læringskrav, medverknad, løpande fagleg rettleiing, halvårssamtalen og planmessig opplæring. Medverknad For å vurdere elevane sin opplevde kvalitet på medverknad legg ein m.a. til grunn indikatorar frå Elevundersøkinga om elevdemokrati og medverknad. For å vurdere lærlingane sin opplevde kvalitet på medverknad legg ein m.a. til grunn indikator frå Lærlingundersøkinga om medverknad, viktig for læring, løpande fagleg rettleiing, halvårssamtale og planmessig opplæring. Kompetanseutvikling For å vurdere personalet sin opplevde kvalitet på kompetanseutvikling legg ein til grunn utvalde spørsmål frå MTM-undersøkinga (medarbeidarundersøkinga) om skolen sitt kompetansebehov, opplæring av tilsette, kompetansedeling og kompetanseutvikling. MTMundersøkinga gjennomførast tredjekvart år.

Resultatkvalitet Resultatkvalitet handlar om det ein ønskjer å oppnå med det pedagogiske arbeidet. Det vil seie kva elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane har lært, og kva kompetanse dei har oppnådd i løpet av opplæringstida. Dette kjem til uttrykk ved at ein ser på læringsutbytte målt opp mot opplæringsverksemda sine målsettingar for opplæringa. Resultatkvalitet er knytt til overgripande mål i planverket og måla i dei enkelte planane. I samsvar med opplæringslov og læreplanverk kan det leggjast til grunn at resultatkvalitet omfattar det heilskaplege læringsutbyttet. 4 Målsettingar Talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal med greidd resultat etter 5 års opplæring, skal aukast frå 76,2 % i 2016 til 79 % i 2019. Den nasjonale målsettinga er 75 %. For kvart årstrinn skal minst 84 % av elevane ha gjennomført skoleåret med greidd resultat og minst 96 % av lærlingane skal ha greidd fag-/sveineprøva. For kvart skoleår skal mindre enn 4 % av elevane slutte i løpet av skoleåret og i læretida skal mindre enn 3 % av lærlingane heve kontrakten sin. For å auke talet på gjennomføring i Møre og Romsdal er det eit mål å auke talet på læreplassar for å sikre overgangen frå Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram. Tilgangen til læreplassar vil påverke overgangen og gjennomføringa i stor grad. Vurdering av skoleresultat Skolane skal utvikle arbeidet med vurdering av skoleresultat henta frå m.a. Hjernen&Hjertet med tydeleg involvering av personalet i evalueringsprosessen av skoleåret. Evalueringa vil gi grunnlag for utviklingsprosessar knytt til arbeidet med skolen sin nye handlingsplan. Arbeid innan struktur- og prosesskvalitet skal føre til betre resultatkvalitet. Fylkesutdanningssjefen skal likeeins utvikle arbeidet med vurdering av resultat med tydeleg involvering av personalet i evalueringsprosessen av skoleåret. Denne evalueringa vil då gi eit grunnlag for utviklingsprosessar knytt til arbeidet med kvalitetsplanen, fylkesutdanningssjefen sin oppdragsavtale til skolane, fylkesutdanningssjefen sin handlingsplan, og kvalitetsmeldinga. Indikatorar for måling av resultatkvalitet Hovudmålsettinga i Møre og Romsdal er at talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal med greidd resultat etter 5 års opplæring, skal aukast frå 76,2 % i 2016 til 79 % i 2019. Indikatorar som måler hovudmålsettinga og resultatkvaliteten er m.a. elevar som har fullført og bestått skoleåret, elevar som har slutta, lærlingar som har heva lærekontrakten, overgangar, overgang frå yrkesfagleg Vg2, og gjennomføring i løpet av 5 år. Andre indikatorar for måling av resultatkvalitet er m.a.: karakterar i fag, samla karaktersnitt, utvikling i samla karaktersnitt, karakterutvikling frå grunnskolen til trinn, karakterutvikling, karakter orden og åtferd og fråvær. Datagrunnlag er Hjernen&Hjertet, Vigo, KOSTRA, SSB og Skoleporten. 9

Foto: Rune Hagen Oppfølging av kvalitetsarbeidet Fylkesting i juni 01.04 Kvalitetsplanen 01.03 Høyring kvalitetsplanen 15.06 Oppdragsavtale Årsmelding 01.08 Skolen sin handlingsplan Skolebasert vurdering siste skoleår Vedtak i skoleutval Gjennomføring kommande skoleår 01.01 Rullering av kvalitetsplanen Behandling i skoleutval Kvalitetsmelding START Illustrasjon: Årshjul for kvalitetsarbeid i vidaregåande opplæring Leiardialogar Oppfølging Oppdragsavtalen 20.10 Fylkesting i desember 15.12 10 Analyse, vurdering av resultat og handlingsplaner Skolane skal utvikle arbeidet med vurdering av skoleresultata henta frå Hjernen&Hjertet med tydeleg involvering av personalet i evalueringsprosessen. Evalueringa vil gi grunnlag for utviklingsprosessar knytt til arbeidet med fylkesutdanningssjefens prioriterte område og oppdragsavtalane. Evalueringa skal føre fram til skolen sin nye handlingsplan. På den måten legg ein grunnlag for å arbeide systematisk med den skolebaserte vurderinga. Oppdragsavtalar og leiardialog Gjennom oppdragsavtalane set fylkesutdanningssjefen saman med skolane felles målsettingar for tenesteutviklinga og kvalitetsarbeidet i skolen. Fylkesutdanningssjefen følger opp skoleleiinga gjennom året, slik at ein saman vurderer dei behova skolen har for støtte og oppfølging for å nå målsettingane. Oppdragsavtalane har både mål som gjeld alle skolane og eigne utfordringsområde som kvar enkelt skole må arbeide spesielt med. Leiardialogen skal bidra til å fremme eit godt samarbeid mellom den enkelte skole og fylkesutdanningssjefen. Skolebasert vurdering, årsmelding og kvalitetsmelding Skolane sitt arbeid med skolebasert vurdering skal dokumenterast i ei årsmelding. Skolane skal bruke rapporteringsmalen i Hjernen&Hjertet til årsmeldinga, som skal publiserast på skolen si nettside. Fylkesutdanningssjefen legg fram ei årleg kvalitetsmelding til fylkestinget i desember, der skolane sine årsmeldingar leggast ved. Kvalitetsmeldinga skal drøftast av fylkestinget og gi føringar for kva for område ein skal prioritere.

11

Fylkeshuset, 6412 Molde Telefon 71 25 80 00 post@mrfylke.no mrfylke.no