VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2014/365 8004/2016 / Q66 SER / NORAND 16.11.2016 MELDING OM VEDTAK Fiber til heimen - plan utbygging Kommunestyret handsama i møte den 15.11.2016 sak 139/2016. Følgjande vedtak vart fatta: 5. Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin så snart det let seg gjere, seinast i 2018. Saksutgreiinga ligg ved til orientering. Rett utskrift: Vanylven kommune Kåre Kvangarsnes konsulent Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje signatur. Kopi til: Andreas Chr. Nørve Postadresse: postmottak@vanylven.kommune.no http://www.vanylven.kommune.no Rådhuset Telefon: Telefaks: Org.nr Bankgiro: 6143 FISKÅ 70030000 70030009 964 978 662 3972 07 00151
Side 2 av 2 VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: Avd/Saksansv: 2014/365 Q66 RÅD/NYGANE Utvalsaksnr Utval Møtedato 193/2016 Formannskapet 26.10.2016 139/2016 Kommunestyret 15.11.2016 Fiber til heimen - plan utbygging Tilråding: 5. Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin i 2018. Uprenta saksvedlegg: K-sak 65/2016 Samandrag av saka: Kommunestyret har vedteke ei utbygging av fiber til heimen i heile kommunen, og sett av ei løyving til finansiering. I ettertid av vedtaket har kommunen fått positivt tilslag på NKOMmidlar til utbygging og det vert fremja sak om desse midlane kjem i tillegg til eigne midlar, slik at ein kan arbeide mot målet om full dekning i kommunen.
Side 3 av 3 Saksopplysningar: I tillegg kom det fram i vedtaket at fiber for heile kommunen skal lysast ut på Doffin i 2017. Ei slik utlysing må skje i to trinn. Først vert områda som er omfatta av NKOM-løyvinga lyst ut, då der er visse spesifikasjonar knyt til midlane. Etter ei runde med anbod på desse områda vil ein både ha oversikt på kva områder som står att utan fiber og kor mykje midlar ein har disponibelt. Det kan verte aktuelt med alternative løysingar i enkelte områder, og i ei utlysning på resterande områder vil ein stå meir fleksibel til val av teknologi. Vurdering og konklusjon: Skal ein komme i mål med dei politiske signala i denne saka må ein ha ei praktisk tilnærming til korleis ein skal planlegge og gjennomføre, og gode rammer som gjer det finansielt mogleg å bygge ut fiber, eller tilsvarande, til heile kommunen. Vurdering av samspel med kommunen sin visjon: I kommunen sin visjon ligg det til grunn eit fokus på trivsel og vekst, og i dagens teknologidrivne samfunn er god nett-tilgong ein føresetnad for at innbyggjarane skal kunne ta del i tilbod og aktivitetar. Godt utbygd fibernett vil bidra til auka bulyst og trivsel og gjer det mogleg å sikre eit effektivt tenestetilbod utover det som kan føresettast av kommunale tenester. Økonomiske konsekvensar: I økonomiplanen vert det føreslege sett av 10,625 mill (opprinnelege 8,5 mill + mva) i 2017 og 2018 til gjennomføring av trinn 1, og vidare vert det sett av kr 15 mill for åra 2019/2020 til trinn 2. Utbygginga vil få fylgjande kostnad i renter/avdrag: 2017: ca kr 28.000 2018: ca kr 116.000 2019 ca kr 273.000 2020: ca kr 575.000 Føresetnad: 2% rente, 40 års avskriving og at samla tilskot vert kr 4.750.000. Fiskå, 18.10.2016 Andreas Chr. Nørve rådmann Guttorm Rimstad strategi- og utviklingsleiar Handsaming i formannskapet: Framlegg frå Ottar Jan Løvoll: Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin i 2017.
Side 4 av 4 Votering: 5 røyster for tilrådinga frå adm. 2 røyster for framlegget frå Ottar Jan Løvoll. VEDTAK: Formannskapet tilrår: 5. Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin i 2018. Handsaming i kommunestyret: Framlegg frå Ingebrigt Berget og Ottar Jan Løvoll v/ingebrigt Berget: Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin i 2017. Framlegg frå ordførar Lena Landsverk Sande: Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin så snart det let seg gjere, seinast i 2018. Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad orienterte og svarde på spørsmål. Votering vedk. punkt 5: Først vart tilrådinga frå formannskapet sett opp mot framlegget frå ordføraren. Samrøystes for framlegget frå ordføraren. Deretter vart framlegget frå ordføraren sett opp mot framlegget frå Ingebrigt Berget og Ottar Jan Løvoll: 13 røyster for framlegget frå ordføraren. 7 røyster for framlegget frå Ingebrigt Berget og Ottar Jan Løvoll. Punkta 1 4 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke. VEDTAK:
Side 5 av 5 5. Utbygging av fiber for heile Vanylven vert utlyst på Doffin så snart det let seg gjere, seinast i 2018.