INNSPEL TIL STRUKTURMELDINGA TIL KUNNSKAPS- DEPARTEMENTET

Like dokumenter
TILBAKEMELDING TIL KUNNSKAPSDEPARTEMENTET I STRUKTURSAKA

Vurdering av allianse og alternativ

Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste 3. Godkjenning av møtebok 17.juni Innspel til strukturmeldinga til Kunnskapsdepartementet

Ikkje offentlege saker går berre til møtande styremedlemmer. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste 3

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009


MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

UH-institusjonenes innspill og ønsker i strukturprosessen Sammenfatning av innspillene som er sendt inn til Kunnskapsdepartementet November 2014

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

Møtebok for Høgskulestyret - offentleg

DET KONGELIGE KUNNSKAPSDEPARTEMENT. Kunnskapsministeren. Deres ref Vår ref Dato 14/

Kunnskap for en bedre verden 1

MØTEINNKALLING. Høgskolestyret. 1/15 Godkjenning av innkalling og saksliste Arkivsak-dok. Arkivkode. Saksbehandler. Forslag til vedtak/innstilling:

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Leiarmøte ved HiSF 23. februar 2015

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Møtebok for Høgskulestyret

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

HØYRINGSSVAR - PROSJEKTET MØREALLIANSEN

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kunnskapsministeren 14/

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEBOK Høgskulestyret

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Møtebok: Høgskolestyret ( ) Høgskolestyret. Dato: Campus Elverum. Notat:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

NTNU O-sak 18/14 Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet Arkiv: N O T A T

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

1. Det blir oppretta to samarbeidsorgan, eit om forsking og innovasjon og eit om utdanning.

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Møtebok for Høgskulestyret

Vestlandet ein stor matprodusent

NTNU O-sak 18/14 Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet Arkiv: N O T A T

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Rådgjevarkonferansen 2009

MØTEBOK Høgskulestyret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

En utvikling på høgskolenes premisser?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kunnskapsministeren 14/

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

EVALUERING AV ARBEIDET I UH-NETT VEST

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Tre ganske like høgskuler vil fusjon gje betre kvalitet?

MØTEINNKALLING Høgskulestyret

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Status og oversikt over det norske strategiarbeidet i UH-lova Johan Myking LLE/UiB

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid


Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Ny strategiplan for Høgskulen

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Innlegg på UHRs representantskapsmøte 13. mai

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Universitets- og høgskolenettet på Vestlandet (UH-nett Vest)

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Lønnsundersøkinga for 2014

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

UiBs rolle og regionale betydning sett i lys av UH-nett Vest

Rådmannsutvalet Førde

Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar

Kompetansemekling i privat og off sektor

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Vågsøy kommune Rådmann

Transkript:

Saksframlegg Dato Referanse 29.08.2014 14/00828-5 Sakshandsamar Georg Arnestad Saksgang: Saksnr. Saksgang Møtedato Høgskulestyret 09.09.2014 INNSPEL TIL STRUKTURMELDINGA TIL KUNNSKAPS- DEPARTEMENTET Framlegg til vedtak: Styret sluttar seg forslag til innspel til strukturmelding Saksvedlegg: Forslag til innspel frå HISF til Kunnskapsdepartementets strukturmelding Brev frå Kunnskapsdepartementet datert 26.5.2014 «HiSF i SAKSa», drøftingsnotat av Runar Tengel Hovland Sampublikasjonar HiSF og andre institusjonar Nøkkeltal UH-vest institusjonar Saksframstilling Formålet med saka Rektor legg i denne saka fram forslag til tekst i det korte notatet som HiSF skal sende som innspel til Kunnskapsdepartementets strukturmelding, som er venta våren 2015. I saksframlegget vert det elles trekt fram nokre moment som er viktige for høgskulens vidare arbeid med struktursaka. HiSF sitt endelege innspel til departementet skal behandlast av styret på møtet 29. oktober. Bakgrunn Regjeringa skal våren 2015 leggje fram ei stortingsmelding om struktur i universitets- og høgskulesektoren. Denne stortingsmeldinga er éi av sju satsingar for auka kvalitet i høgare utdanning og forsking som statsråd Torbjørn Røe Isaksen la fram på kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet i januar i år. I arbeidet med stortingsmeldinga tek departementet utgangspunkt i resultata som UH-sektoren har i utdanning og forsking, vurdering av «robusthet» i fagmiljøa og krav om rimeleg grad av kostnadseffektivitet. På møtet i representantskapet i det nasjonale Universitets- og høgskulerådet 13. mai la statssekretær Bjørn Haugstad fram ei bestilling til universitet og høgskular om innspel til den komande stortingsmeldinga. Institusjonane vart bedne om å skissere ønskt strategisk profil i 2020, og gi ei kritisk vurdering av eigne føresetnader for å realisere denne, med ei særskilt vurdering av samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing. Institusjonane vart utfordra om å finne og realisere sin strategiske posisjon i eit UH-

2 landskap med færre institusjonar, ei (for mange) krevjande demografisk utvikling og med tydelegare forventningar til akademisk standard (dvs. læringsutbyte og forskingskvalitet) som skal følgjast opp og får konsekvensar. Det konkrete bestillingsbrevet frå statsråden til UH-institusjonane er datert 26. mai. Her slår statsråden fast at regjeringa har høge ambisjonar for norsk høgare utdanning og forsking. Men Tilstandsrapporten for høyere utdanning 2014 viser eit differensiert bilde av sektoren. Statsråden peikar på «en del bekymringsfulle kvalitetsproblemer ved en del institusjoner og ved en del utdanninger». Han trekkjer fram ein del indikatorar som m.a. lite forsking og publisering, låge eksterne inntekter, få campusstudentar og vanskar med å tiltrekkje seg studentar og fagfolk. Han stiller så spørsmålet: «Leverer disse institusjonene den kvaliteten på høyere utdanning og forsking som vi trenger for å nå ambisjonene våre?» For å vurdere dette er det òg nødvendig å sjå på om dagens organisering er «hensiktsmessig, eller får vi mer ut av ressursene vi investerer, dersom vi organiserer sektoren annerledes?» I innspela til departementet skal institusjonane skissere ønskt strategisk profil i 2020, og gi ei kritisk vurdering av denne. Statsråden presenterte i sitt brev 26.5 ei rekkje spørsmål institusjonane skal ta omsyn til når dei vurderer den strategiske posisjonen. Institusjonane skal levere sitt endelege innspel om dette innan utgangen av oktober. Parallelt med sjølvevalueringa til institusjonane, er det lagt opp til dialog og innspel gjennom regionale dialogmøte med institusjonane i løpet av september. I forkant av dette møtet har departementet bede om eit kort notat over status i arbeidet og kva for strukturendringar institusjonen ønskjer å diskutere på møtet. Utdanningsinstitusjonane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal møte kunnskapsministeren i Stavanger 25. september. I etterkant av møtet skal politisk leiing også møte representantar for fagforeiningane ved UH-institusjonane. Prosess ved Høgskulen Høgskulen starta førebuingane i dette arbeidet i mai i år. Struktursaka har vore eit vesentleg tema på følgjande møte og samlingar: o 07. mai: Leiarsamling mellom HSH, HiVolda og HiSF (i Sogndal) o 21. mai: Møte i Rådet for samarbeid med arbeidslivet o 23. mai: Møte med «Stortingsbenken» o 03. juni: Hovudsak på leiarmøtet o 05. juni: Hovudsak på drøftingsmøtet o 10. juni: Møte med Fylkestinget o 10. juni: Styremøte i UHR o 11. juni: Styremøte UH-nett Vest o 16. juni: Styreseminar HiSF o 26. aug.: Hovudsak på leiarmøtet o 27. aug.: Styremøte i UHR Det er nytt styremøte i UH-nett Vest 2. september (i Sogndal). Struktursaka er hovudsak også på dette møtet. Høgskulen skipar til personalmøte om saka onsdag 3. september. Høgskulens innspel til struktur 2020 Det er hektiske tider for norske universitet og høgskular denne ettersommaren og hausten. Alle skal først forme ut sitt eittsides notat til statsråden om strategisk profil fram mot år 2020, deretter førebu seg til regionvise møte med statsråden i september, for så i oktober å skrive sine eigne kritiske utgreiingar til den same statsråden om korleis dei vil finne og realisere sine strategiar i eit landskap med færre institusjonar, strengare krav og ei krevjande demografisk utvikling. Kven vil, skal og ønskjer ein å samarbeide med, kor omfattande skal dette samarbeidet eventuelt vere, kva skal det dreie seg, kva kan vi vinne på samarbeidet

3 og kva kan vi risikere? Snakkar vi om fullstendige fusjonar, eller konsortium, eventuelt føretak, med og mellom sjølvstendige institusjonar? Skal vi tenkje tettare samarbeid og nettverk mellom institusjonar som er nær kvarandre geografisk, eller skal vi tenkje sterkare faglege nettverk med institusjonar vi har godt samarbeid og fagleg fellesskap med frå før? Det er mange spørsmål. Korleis skal vi kome fram til dei beste svara for oss, gitt bestillinga frå statsråden? På Vestlandet har vi nokre år hatt UH-nett Vest som er eit avgrensa fagleg arbeid mellom fire høgskular og (no) to universitetet. Vil ei sterkare utbygging av det faglege arbeidet her kunne tilfredsstille statsrådens krav eller ønskje om konsentrasjon? Men er alle institusjonane i dette nettverket innstilte på eit slikt tettare nettverk? Det rår uvisse om og i kva grad UiB ønskjer å gå i ei slik retning. Skal då høgskulane i nettverket, eller nokre av høgskulane, utvikle eit mykje tettare fagleg samarbeid seg i mellom? Og kva vil og kan høgskulane på Vestlandet samarbeide fagleg om? Det vestnorske UH-landskapet er i dag i bevegelse. Statsrådens varsla strukturmelding og hans bestillingsbrev til institusjonane har skapt noko uro, men også stimulert kreativitet og vitalitet. Og det finst ingen fasitsvar. Mange vestlandsscenarioa kan tenkjast, jf. figuren nedanfor HiSF 302,5 Møre og Romsdal (HiM, HiÅ, HVO) Møre, Romsdal, Sogn og Fjordane (HiM, HiÅ, HVO, Vestlandet 2 ( HiSF, HiB, HSH) Vestlandet 1 ( HiSF, HiB, HSH, HVO) Vestlandet 3 ( HiSF, HiB, HSH, UiS) Vestlandet 4 (HVO, HiSF, HiB, HSH, UiS) 683,6 986,1 1337,6 1625,5 2506,3 2794,2-30000 -25000-20000 -15000-10000 -5000 0 5000 Registrerte studenter Årsverk i alt Per i dag kan nesten alle scenarioa vere tenkjelege alternativ for eit vestlandssamarbeid, med HiSF som deltakar. Dei andre vestlandsinstitusjonane teiknar truleg opp liknande boksar. UiB har i sine boksar også med NHH og Kunsthøgskulen i Bergen. UiS har kanskje med seg UiAgder. I dette omskiftelege og per i dag noko uklåre vestnorske UH-landskapet vil rektor rå til at HiSF i sitt første eittsides innspel til statsrådens struktursak, tek utgangspunkt i høgskulens ferske strategiplan som seier at det er vesentleg for oss å halde fram som ein sjølvstendig høgskule. Vi grunngjev dette med at vi utdannar kandidatar som er svært viktige for arbeidslivet i fylket, og at dette vert sterkt understreka av både det lokale arbeidslivet og av studentane. Samtidig er strategiplanen klar på at «eit meir forpliktande samarbeid mellom UH-institusjonane på Vestlandet, helst innanfor ramma av UH-nett Vest, er både ønskjeleg og nødvendig. Strategiplanens visjon «Sikt høgare» forpliktar oss når det gjeld fagleg kvalitet. Vi skal leggje lista høgare enn før. Undervisninga og studiemiljøa våre skal vere internasjonalt attraktive og på høgde med det beste i sektoren. Vi skal ha forsking av høg kvalitet på dei sentrale utdanningsområda. Minst eitt av

4 forskingsområda våre skal vere i forskingsfronten. Vi skal styrkje oss internasjonalt. Å realisere dette er krevjande, og krev utvida fagleg samarbeid med andre institusjonar. Rektor sitt forslag til innspel til statsråden (jf. vedlegg) tek utgangspunkt i strategiplanen og i dei mange drøftingane vi har hatt i løpet av forsommaren internt og med ulike samarbeidspartar. Vurderinga vår er at HiSF i dag er ein godt fungerande høgskule med god kvalitet, som står fram som eit regionalt kraftsenter, og som i stor grad har utvikla seg i tråd med det som har vore målsetjingane med desentralisering av høgre utdanning i Noreg. Rektor sitt primære standpunkt er at HiSF bør halde fram som sjølvstendig høgskule innafor rammene av eit fastare og meir forpliktande samarbeid og fellesskap mellom institusjonane på Vestlandet. Dette vil gi dei beste vilkåra for å vidareutvikle høgskulens rolle både regionalt og nasjonalt. Men dersom samarbeidet innafor UH-nett Vest ikkje utviklar seg i tilstrekkeleg grad, bør vi vere opne for å drøfte alternativ som kan medføre organisatoriske og juridiske endringar. Kort om status i UH-nett Vest Vi har så langt ikkje presisert kva som ligg i eit meir forpliktande samarbeid. Korleis dette skal oppfattast, vil også vere avhengig av korleis dei andre UH-institusjonane på Vestlandet ser på dette. Spørsmålet om utvida og meir forpliktande samarbeid vil verte drøfta på styremøtet i UH-nett Vest tysdag 2. september. På styremøtet i juni drøfta ein ei mogleg utgreiing av ein føretaksmodell som tenleg modell for å organisere institusjonane i UH-nett Vest. Mest truleg vert det ikkje noka slik utgreiing. I saksførelegget til styremøtet i UH-nett Vest 2.9 heiter det følgjande: «Ulempen med (foretaks)modellen er at den forutsetter endringer i universitets- og høyskoleloven som i dagens politiske landskap fremstår som lite realistisk. Det anbefales derfor ikke å arbeide videre med en slik struktur.» Saksutgreiinga til styremøtet (i UH-nett Vest) føreslår derimot at ein vurderer om følgjande punkt «gir grunnlag for videre utredning med tanke på mer forpliktende samarbeid:» (a) En sterkere realfag/ingeniør samling med utgangspunkt i Tekno Vest - hvor en samler teknologifagene på Vestlandet i et eget institutt/fakultet. (b) En sterkere satsning på helsefagene. Dette vil omfatte sykepleie, fysioterapi og radiografi på høyskolene og alle helsefagene på universitetene, spesielt medisin og odontologi. Forskning på tvers knyttet til helsefagene, vil stå i fokus. (c) En enhetlig 5-årig lærerutdanning på Vestlandet. Styremøtet vil ta stilling til dette og korleis ein eventuelt skal gå vidare med denne saka. Det ligg som ein premiss at noverande samarbeid i nettverket skal halde fram, og at ein også opprettar «et administrativt system for effektivisering og muligheter til å kjøpe tjenester der en selv ikke har kompetanse.» Fordeler/ulemper Sterkare fagleg samarbeid med og ei eventuell samanslåing med andre institusjonar kan ha både positive og negative konsekvensar for HiSF. Det kan vere nyttig å drøfte dette, ut frå følgjande tankegang: Kan sterkare samarbeid og eventuelt ei samanslåing gjere oss i stand til å bli betre der vi er svake i dag? For å evaluere styrken til ein samanslegen institusjon er det viktig å ta utgangspunkt i kvaliteten til den nye institusjonen. Vi kan stille tre spørsmål der vi tek utgangspunkt i a) studentane, b) dei tilsette, og c) omliggjande samfunns- og næringsliv:

5 1. vil studentar kunne få eit like godt eller betre tilbod ved den nye institusjonen dersom vi tek nokre viktige omsyn når vi skipar den? 2. vil moglegheitene for tilsette til høgare kompetanse, godt fou-arbeid, publisering og eksterne prosjektinntekter kunne bli like godt eller betre i ein ny institusjon? 3. vil samfunns- og arbeidsliv rundt oss kunne få like gode eller betre og meir relevante kandidatar og fou-prosjekt gjennom ein ny institusjon Svara er ikkje opplagde. Dei er også avhengige av kven vi går i tettare samarbeid/fusjon med. Men på nokre punkt - særleg innanfor FoU - er det mogleg at kvaliteten på det vi leverer ved HiSF, blir betre gjennom ein fusjon med andre partnarar på Vestlandet. Det same kan vere tilfelle når det gjeld nokre av utdanningane, som ingeniørutdanning, lærarutdanning, økonomisk- og administrative utdanningar. Her kan vi ha noko å tene på eit forpliktande samarbeid med andre (type fellesgradar, eventuell fusjon mellom institusjonar). På nokre område kan andre institusjonar ha noko å tene på eit meir forpliktande samarbeid med oss. T.d. korleis vi tek oss av og følgjer opp studentane, korleis vi lagt til rette for etter- og vidareutdanning av lærarar, korleis vi samarbeider tett med regionen på andre felt, osv. Dei andre vestlandsinstitusjonane Vestlandsterrenget på UH-sektoren er, som nemnt, i bevegelse for tida. Institusjonane tenkjer noko ulikt om korleis dei skal utforme sine strategiar mot 2020. Universitetet i Bergen (UiB) hadde styremøte 28. august. I forslaget til tekst for det korte innspelet til KUD heiter det innleiingsvis: «UiB har ambisjoner om å styrke sin posisjon som et internasjonalt forskningsuniversitet og ledende utdanningsmiljøer med høy faglig aktivitet. Strukturelle endringer er bare ønskelig viss det støtte opp om og legger til rette for flere fremragende fagmiljøer og en tydelig viderutvikling av samarbeidet med samfunnslivet». Høgskulane på Vestlandet neppe i denne kategorien. UH-nett Vest er omtalt til sist i forslaget til innspel, slik: «UH-nett Vest fortsetter som et nettverk/organisasjon av selvstendige institusjoner, men med et formalisert strukturert samarbeid særlig på lærerutdanning, teknologi, helse, omsorg og sosialfag for å styrke og sikre profesjonsutdanningene på Vestlandet.» Når det gjeld mogleg fusjon, er det berre NHH som er aktuell for UiB. Men NHH har avvist dette. På styremøtet ved UiB 28.2 vart det frå ulike styrerepresentantar stilt spørsmål om eit mogleg Vestlandsuniversitet, om å kjøre fram profesjonsutdanningane, og at ein ikkje må miste initiativ i forhold til høgskulane. Styret ved UiB slutta seg til følgjande plan for det vidare arbeidet med å utvikle mulige scenario for strukturelle endringar: 1. «Videreutvikling av klyngesatsingene, som er under planlegging i samarbeid med offentlig sektor, næringsliv og ulike forsknings- og utdanningsaktører i bergensregionen 2. Tettere samarbeid med NHH og Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Høgskolen i Bergen 3. Videreutvikling av UH-nett Vest med vekt på et mer formalisert samarbeid om profesjonsutdanningene.» Høgskulen i Volda (HVO) hadde styremøte 21.8. Direktøren skreiv i si saksutgreiing om struktursaka at HVO framleis har «potensial som sjølvstendig institusjon.» Men når det gjeld å gjere fagmiljøa meir robuste og kvalitetskriteria meir styrande, såg direktøren føre seg to modellar: a) utvikling av UH-nett Vest til eit meir forpliktande samarbeid og b) «Fjordhøgskulen» på Nordvestlandet med HVO og HiSF (og eventuelt dei to høgskulane i Ålesund og Molde). Fleirtalet i styret gjekk derimot inn for at HVO bør gå saman med dei to andre høgskulane i Møre og Romsdal til éin felles høgskule, for å styrke regionen. Rektor og prorektor høyrde til mindretalet som støtta direktørens forslag. Men det vart styrefleirtal for å invitere HiSF med inn i denne (mogleg) nye felles høgskulen i Møre og Romsdal.

6 Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) skal ikkje ha styremøte før i oktober. Rektor Liv Reidun Grimstvedt har så langt gått ut med eit forslag om at «universiteta og høgskulane frå Stavanger til Volda blir organisert som eit konsortium eller eit Vestlandsuniversitet der kvar av studiestadene held på ein grad av sjølvstende». I modellen blir det lagt opp til at høgskulestadene blir viktige drivkrefter for kunnskapsutvikling og innovasjon i samspel med regionalt offentleg og privat arbeidsliv og dei samarbeidande universiteta. Kor stor grad av sjølvstende studiestadene vil få, om det til dømes framleis skal vere eigne rektorar og administrasjonar på kvar studiestad, må utgreiast, ifølgje rektor Grimstvedt. Konsortie-modellen vart også lagt fram på Kontaktutvalsmøtet 14.8. Høgskolen i Bergen (HiB) har lansert fire hovudalternativ: A. Fokus Høgskolen i Bergen: Høgskulen realiserer eigen strategi og ambisjon. B. Fokus Bergen: Alternativ A supplert med arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i Bergen primært blant dei fire statlege institusjonane (HiB, UiB, NHH, KHiB). C. Fokus profesjonsutdanning på Vestlandet: Fusjon til éin profesjonshøgskule på Vestlandet. Både geografi og etablert samarbeid tilseier at HiB, HiSF og HSH er dei mest aktuelle fusjonspartnarane, D. Fokus på UH-nett Vest: Eit styrkt og meir formalisert samarbeid mellom medlemsinstitusjonane i UHnett Vest. Eit regionalt UH-foretak vil typisk få suverenitet til å behandle budsjett, forvaltning av studietilbodet, koordinering av store forskingssatsingar, osv. HiB skal ikkje ha styremøte før i oktober. Universitetet i Stavanger (UiS) er nytt medlem i UH-nett Vest. På møtet i Kontaktutvalet 14.8 trekte representanten for UiS fram fusjonane mellom UiTø og høgskulane i Tromsø og Finnmark som vellykka døme. UiS-leiinga har hatt følarar ute når det gjeld UiAgder, og samanslåing med HSH har uforpliktande vore diskutert. Oppsummert kan vi seie at alle institusjonane, i litt ulike variantar, er opne for å styrkje vestlandssamarbeidet om høgare utdanning og forsking. Men styret ved HVO har gått for at denne høgskulen går inn i ein felles høgskule for Møre og Romsdal, der ein vil invitere HiSF til å verte med. UiB vektlegg innanfor UH-nett Vest eit formalisert, strukturert samarbeid om lærarutdanning, teknologi, helse, omsorg og sosialfag for å styrkje og sikre profesjonsutdanningane på Vestlandet. Styret ved HiSF har tidlegare vedteke av HiSF skal arbeide for å få til eit fastare og meir forpliktande samarbeid og fellesskap mellom UH-institusjonane på Vestlandet. Fusjon har vi så langt ikkje drøfta. Vi har heller ikkje drøfta mogleg tilknyting til eller samarbeid med ein ny UH-institusjon i Møre og Romsdal. I forslaget til tekst i det korte notatet til strukturmeldinga held rektor fast ved at vi primært ønskjer å halde fram som ein sjølvstendig høgskule innanfor dei rammene som er nemnde ovanfor, og som er slått fast i strategiplanen. «HiSF i SAKSa» I det dokumentet som Høgskulen skal leggje fram for departementet innan utgangen av oktober, er vi m.a. bedne om å reflektere kring institusjonens strategiske plass i eit landskap med ei krevjande demografisk utvikling, og å drøfte korleis institusjonen (HiSF) kan styrkast gjennom samanslåing med ein eller fleire andre institusjonar, og korleis institusjonen (HiSF) kan bidra til å løfte kvaliteten på forsking og utdanning ved andre institusjonar ved ei samanslåing. Vedlagt saka følgjer drøftingsnotatet HiSF i SAKSa, der vi ser nærmare på nokre av dei områda som departementet peikar på som mest sentrale for oppdraget: kvalitet, demografi og arbeidsmarknad. Til sist vert det trekt fram nokre fordelar og ulemper ved ulike modellar for samarbeid og fusjon.