Årsmelding 1997. - Amt Brandtun



Like dokumenter
Regionrådet/Tiltakskontoret si verksemd i 1996.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Regionrådet: Regionrådet består av ordførarane i medlemskommunane. Varaformann, 1993: Ordførar Ola Byrknes. Konrad Ulvatn Arne Vabø

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Forslag frå fylkesrådmannen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

IKT-kompetanse for øvingsskular

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

VEDTEKT av februar 2007

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Nytte og hygge (Ref #1075)

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Med god informasjon i bagasjen

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Vestlandet ein stor matprodusent

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Farleg avfall i Nordhordland

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

HORDALANDD. Utarbeidd av

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Forfall meldast snarest til Ål kommune, avd. Fellestenester, sekretariatet tlf Saker til behandling

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Møteprotokoll for møte i

Plan for overgangar. for barn og unge

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Handlingsprogram Utviklingsplan Gol tettstad Kommunedelplan Gol tettstad Vedteke av Kommunestyre i K-sak 46/06

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Transkript:

Årsmelding 1997. Regionrådet for Nordhordland og Gulen vart skipa i oktober 1987 og har følgjande medlemskommunar: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy. Modalen og Osterøy er assosierte medlemer til rådet. Regionrådet tok frå og med 1995 over funksjonane til Nordhordland Tiltakskontor. Noverande vedtekter for rådet vart samrøystes tilrådd i Regionrådet sitt møte 10.10.94 etter fleire høyringsrunder i kommunane. Regionrådet: Regionrådet består av ordførarane i medlemskommunane. Formann, 1997: Ordførar Ole Lysø Varaformann, 1997: Ordførar Ola Byrknes. Næringsutvaiet. Under Regionrådet er det etablert eit næringsutval med særskilt ansvar for det regionale næringsretta arbeidet. Regionrådsfonnannen (Ole Lysø) er i samsvar med til statuttane formann i næringsutvalet. Øvrige medlemer valt av Regionrådet: Kjell Løvik Olav Steinar Namtvedt Medlemer valt av Regionrådet frå arbeidstakarane: Konrad Ulvatn Torill A. Hjertås etter tilråding frå organisasjonane: frå arbeidsgjevarane: Magne Hope - Trond Helland Ame Vabø - Amt Brandtun Ved val i Regionrådet 8.sept. 1997 vart det gjort to endringar i næringsutvalet si samansetting i det Trond Helland og Amt Brandtun vart valt som arbeidsgjevarane representantar i utvalet. sine Administrasjon: Kontoret er bemanna med 3 personar, dagleg leiar EilifM. Rydland og næringskonsulent Jostein Skråmestø. Berntsen, sekretær Bjørg

Kontoret har hatt to prosjektstillingar: -Vigdis Robak Bjørgo leia tiltaket: "Næringsutvikling - mindre verksemder og. etableringar, med vekt på kvinner" fram til 7. september. Det har etter på vore vakanse i stilling fram til nyåret..- Tor Arne Lunde er prosjektleiar for "Prosjekt Mongstad" og "Utvikling av møteplassar.mellom regionalt næringsliv og kompetansemiljøa" Regionrådet/Tiltakskontoret si verksemd i 1997. I tillegg til ordinært tiltaksarbeid, rettleiing, kontaktformidling og arbeid med saker for Regionrådet, har kontoret vore sekretariat for: Nordhordland Handverk- og Industrilag og ulike arbeidsutval og styringsgrupper. Handsaming av saker knytta til omstillingsløyvinga har som venta vore ressurskrevjande og lagt beslag på mykje tid i administrasjonen, særleg gjeld dette for næringskonsulenten på kontoret. Regionrådet har hatt 8 møter og 41 saker til handsaming i 1997. Næringsutvalet har hatt 2 møter. Næringsretta tiltaksarbeid. Kontoret har i 1997 hatt sterk auke i førespurnader om hjelp frå etablerarar og bedrifter. Ein har gjeve rettleiing til 97 etablerte bedrifter (55) og 122 nyetablerarar (49). (Tal for 1996 i parantes). Fleire av desse har hatt kontakt med kontoret 2-3 ganger. Dei fleste ber om rettleiing ved oppstart av eiga verksemd. I 1997 var ein del av denne rettleiinga knytta opp til bruken av omstillingsløyvinga. For eksisterande bedrifter vil det ofte vera spørsmål om hjelp til finansiering av investeringar. Gjennom Regionen sine heimesider på Internett får potensielle etablerarar no rettleiing steg for steg i utarbeiding av sin forretningsplan. Dei bedrifter som har sine eigne heimesider er knytta opp med lenke frå Regionrådet sine sider, og vert dermed marknadsført på ein god måte. 2

Evaluering av den nærings retta rettleiingsfunksjonen. Etter oppdrag frå Hordaland fylkeskommune og dei seks regionale tiltakskontora i fylket gjennomførte Telemarkforsking våren 1997 ei evalueriing av tiltakskontora - med særleg vekt på den næringsretta rettleiingsfunksjonen. I 1995 gav tiltakskontora si rettleiingsverksemd positive bidrag til 174 nyetableringar og 47 omstillings-/utviklingsprosjekt i etablerte veksemder. Samla for fylket utgjer rettleiing til bedrifter og etablerarar omlag ein tredjedel av kontora si verksemnd. Sett i ljos av ressursinnsatsen omtaler Telemarkforsking resultata som særs tilfredstillande. Telemarkforsking sin konklusjon er at Hordaland si regionale modell for næringsretta rettleiings- og utviklingsarbeid ser ut til å vere vellukka - og at ein vanskeleg kan sjå at andre organisjonsformer ville gjeve eit betre resultat. Telemarkforsking har gjennomført to spørjeundersøkingar, ei brukarundersøking - basert på registrerte kontaktar for kontora i 1995 og ei bedriftsundersøking som byggjer på eit utval av bedrifter i regionen. I undersøkingane har dei i vår region nytta omgrepa Regionrådet/Nordhordland Tiltakskontor. Når det gjeld bedriftsundersøkinga så oppgir samtlege bedrifter i utvalet som har svart, at dei har kjennskap til regionrådet/tiltakskontoret, i tillegg har heile 77% av desse verksemdene vore i kontakt med regionrådet det året. Telemarkforsking meiner såleis at Regionrådet har særs god kontakt med det lokale næringslivet, noko som kan vera naturleg i og med at kontoret er det eldste av dei regionale tiltakskontora. Vi vil for eiga rekning leggje til at sekretariatsfunksjonen for Handverk- og Industrilaget og er med på å gje kontor nær kontakt med bedriftene i regionen, Med omsyn til brukarundersøkinga så kjem Regionrådet omlag ut som gjennomsnittet for tiltakskontora når det gjeld kontoret si "innverknad" på brukarane si gjennomføring av tiltak/etablering. Nærare 80% oppgav at dei fekk hjelp eller "delvis hjelp" i høve til det dei hadde trong for, mens 11% sa at dei ikkje fekk hjelpa dei ba om. Når det gjeld kvaliteten på assistansen så ligg graden av kor tilfredse brukarane er litt under gjennomsnittet for fylket. Telemarkforsking stiller spørsmål om dess e tilhøva kan knyttast opp til den nemnde administreringa av omstillingsløyvinga, der dei andre regionane ikkje har tilsvarande ordningar. Administrasjonen ved regionrådet kan lett verte plassert i ei forvalterrolle hjå brukarane av kontoret og det kan skapast forventningar om økonomisk støtte som ikkje alltid vert fullt imøtekomne. 3

Spørjeundersøkingane som er presenterte i rapporten tek utgangspunkt i situasjonen i 1995. Regionrådet har sida den gongen styrkt kontoret sitt tilbod når det gjeld rettleiing og oppfølging overfor etablerarar og småbedrifter gjennom prosjektet "Næringsutvikling - mindre verksemder og etablerarar". Undersøkinga til Telemarksforsking vil vere med som eit grunnlag for utforminga av det framtidige engasjement frå Regionrådet si side når det gjeld lokal næringsutvikling. Når det gjeld meir generelt for fylkesnivået så vil undersøkinga og kunne nyttast i samband med ulike vurderingar om tilhøvet mellom dei regionale kontora og fylkeskommunen. Omstillingsløyvinga. Den statlege revisjonen av det geografiske området for dei distriktspolitiske virkemidlane førte til at kommunane Austrheim, Lindås, Meland og Radøy fall ut av virkeområdet pr. 1.1.1994. Forsøk frå regionen si side på å få omgjort det sentrale vedtaket om DU-status for desse kommunane førte ikkje fram. Regionrådet søkte då Kommunaldepartementet om midlar frå Omstillingløyvinga og fekk tilsegn om at dei fire kommunane skulle få ei felles løyving på kr.i5. millionar - delt over tre år. Løyvinga skulle nyttast til å skape lønsame arbeidsplassar i regionen og verte brukt til bedriftsutviklingstiltak og utvikling av lokalt næringsmiljø. Løyvinga har vore administrert av "Det utvida næringsutvalet" som består av arbeidstakar/arbeidsgjevar representantane i næringsutvalet og ordførarane i dei fire omstillingskommunane. Det utvida næringsutvalet har hatt 7 møter og handsama 50 saker i 1997. I alt vart det løyd kr. 4.142.500 i tilskott til einskild-bedrifter og fellesprosjekt dette året mot kr. 4.881.100 i 1996 og kr. 6.739.000 i 1995. Heile ordninga vart evaluert etter knapt eit år (våren 1996) av Petter Løvik ved Høgskolen i Volda 1995/96. I tillegg har Ole Fjøse Markedsanalyse evaluert bruken av dei bedriftsretta tilskotta frå 1995 og fram til årskiftet 1997/98. Rapportar frå desse to vurderingane er trykte som eigne publikasjonar, og ein kan få desse ved å vende seg til Regionrådet. Det vil gå fram av tabellen på neste side korleis løyvingane har vore nytta til ulike førernål. 4

o o ------_. o Bruk av omstillingsløyvinga 1995-97 r~yetablering 00 flyttillg av bedrifter til rejjionon Stolte til bedrifter i reqionen 1995 1996 1997 Samla Tal på Tilsegns- Tal på Tilsegns- Tal på Tilsegns- Tilsegns- - % saker sum % saker slim saker sum % saker sum % 20 3006500 44,6 13 1 164500 23,9 14 780000 18,8 47 4951 000 31,4 ----- ----- ----_.- ------- ----- 16 2518500 37,4 14 1 367500 28,0 9 1 545000 37,3 39 5431 000 34,5 ----- ------ --- ----_._-_.- ---'- -- Stølte til andre einsktldstillak Fellesbeclriftsutviklinqstiltak Tilt<1ks/t itvikliuqsprosjekt! inkl. tiltak i str.nærinqplan Administrasjon, evaluerinq m.v SAMLA 2 435000 6,5 2 850000 17,4 3 230000 5,6 7 1 515000 9,6 -----_. -_._- -- _. 1 740000 15,2 2 141 900 3,4 3 881 900 5,6 ----- --- ------ ---- ---- -- 4 479000 7,1 6 579100 11,9 15 1 276000 30,8 25 2334 100 14,8._-_. -_._---_.. ---- 2 300000 4,5 2 180000 3,7 2 169600 4,1 6 649600 4,1 -- 44 6739000 100,0 38 4881 100 100,0 45 4 142500 100,0 127 15762600 100 Nyetablering og flyttina Stølte til bedrifter i reoi %-vis %-vis %-vis Alle 3 åra samla, %-vis fordeling av bedrifter til regionen 82,0 51,9 56,1 65,9 i regionen Støtte til andre einskildt Felles bedriftsutviklings Tiltaks It ItvikliIIUSI)f()sje iltak tiltak 13,6 44,4 39,8 30,0 1<1ink SNP Administrasjon. evaluer inq _ 4,5 ],7 4,1 4,1 - -- ---.. ---- -- ---. --- --_._------ ---.._------- ---._--- 100 100 100 100

Når no på det næraste alle midlane i omstillingsløyvinga er disponerte syner det seg at omlag 66 % av midlane har gått til prosjekt knytta til einskild bedrifter - anten til nyetableringar eller til etablerte bedrifter i regionen. Omlag 30 % av midlane har gått til einskild-tiltak av "ikkje-kommersiell" art, t.d. Lyngheisenteret, Utvandringssenteret, til felles bedriftsprosjekt og til utviklings/tiltaksprosjekt - her under til prosjekt innafor den strategiske næringsplanen. Ein har i tillegg nytta 4 % av midlane til administrasjon og til evalueringa av ordninga. Første året (1995) vart i overkant av 80 % av tilsegna gjeve til einskildbedrifter. Etter samtaler med departementet og med utgangspunkt i rapporten til Petter Løvik vinkla ein større delar av løyvinga mot felles bedriftsprosjekt og utviklings/tiltaksprosjekt. Noko av denne endringa har skjedd gjennom arbeidet med revisjonen av den strategiske næringsplanen for regionen. Evaluering av omstillingsløyvinga. Høgskulen i Volda vipetter Løvik vart ved årskiftet 1995/96 engasjert til å evaluere praktiseringa av ordninga så langt og til å komme med synspunkt på vidare arbeid. Petter Løvik sin "konklusjon" for arbeidet med omstillingsløyvinga i 1995 vart følgjande: "Totalt sett er det altså svært vide grenser for korleis midlane kan nyttast. Og bortsett frå to tilfelle som det er litt tvil om, er alle løyvingane i samsvar med ein eller fleire av intensjonane og innanfor rammene. Det er likevel viktig at ein no tek seg tid til å vurdere, og kanskje presisere ein del nærare korleis arbeidet skal gjerast og midlane brukast i framtida". Som eit resultat av rapporten frå Petter Løvik og ei intern drøfting i utvalet vart det satsa sterkare på felles bedriftstiltak og utviklingsprosjekt. Det vart gjennomført ein revisjon av den strategiske næringsplanen for regionen med Petter Løvik som prosessleiar. I tillegg vart m.a. Nordhordland Handverk og Industrilag invitert til å komme opp med eit større utviklingsprosjekt for lokale bedrifter. Regionrådet har i desember 1997 fått utarbeidd ei vurdering av bruken av den delen av omstillingsmidlane som har vore nytta som støtte til einskild bedrifter. Denne delen utgjer 2/3 av løyvinga, resten har vore brukt til felles utviklingstiltak for bedrifter og til tiltaksprosjekt. Evalueringa er utarbeidd av firmaet Ole Fjøse Markedsanalyse, Bergen, og er basert på telefonintervju til dei bedrifter som har fått støtte. 6

Nokre resultat frå undersøkinga: Sysselsetting. Ei viktig målsetting med omstillingsmidlane var at dei skulle skapa nye og lønsame arbeidsplassar i regionen. Bedriftene som har fått støtte oppgir at talet på arbeidsplassar har auka frå 400 i 1994 til 600 i 1997. Sysselsettinga i dei same bedriftene er venta å auka til 670 i 1998. Realiseringsgrad. Ei anna interessant måling av effekten av omstillingsmidlane er å sjå på kva som ville skjedd hvis bedriftene ikkje hadde fått midlar. Når det gjeld realiseringsgraden for prosjekta ville nær 1/3 av prosjekta ikkje vorte realiserte utan omstillingsmidiar. Halvparten av prosjekta ville blitt realisert i redusert omfang. Berre omlag 1 av 6 prosjekt ville blitt gjennomført uansett om bedriften hadde fått støtte eller ikkje. Evalueringa inneheld ei rekkje andre moment, men etter vår meining kan ein, berre ved å sjå på sysselsettinga og realiseringsgraden, slå fast at verknaden av omstilllingsløyvinga har vore særs positiv. Prosjektomtale. Strategisk næringsplan for Nordhordland av Regionrådet i januar 1997. og Gulen 1997-2000. Denne vart vedteken Hovudmål: Kommunane i regionen skal i fellesskap med verke til at det vert utvikla bedrifter med god lønsemd i regionen. Dette skal skje i eit konstruktiv samarbeid med næringslivet, fylkeskommunen og statlege styresmakter. På denne måten skal noverande arbeidplassar sikrast eller erstattast og det skal bli utvikla 1.200 fleire arbeidsplassar i regionen fram mot år 2000. Strategiar samt Handlingsprogramfor 1997(tiltaka i handlingsprogrammet er sett i kursiv): 1. Marknadsføring av regionen som etableringsstad. 1.1. Nordhordlandsregionen på Internett. 1.2. Nordhordland på kulturkartet. 2. Stimulering til omstilling og nyetablering. 2.1. Vidareutvikling av eit regionalt ressurssenter for næringsutvikling. 7

3. Utnytte oljeaktiviteten som motor. 3.1. Marknadsutvikling og kompetanseheving i petroleumsrelatert leverandørindustri i Nordhordland. 4. Vidare utnytting av råstoff frå havet. 4.1. Oppdrett av nye marine arter. 4.2. Kompetanseheving innanfor havbruk ogfiskeindustri. 5. Utvikling av reiselivet. 5.1. Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland". 5.2. Prosjekt "Bergen som nærmarked". 6. Effektiv og næringsvennleg offentleg sektor. 6.1. Samarbeid om ei effektiv og einsarta forvaltning av Plan- og bygningslova. Status for tiltaka i næringsplanen: 1.1 Nordhordlandregionen på internett. Tiltakaet er no gjennomført og har fått positiv respons både frå næringslivet og frå publikum. Tiltaket vert kontinuerlig utvikla som eit forum for informasjon til publikum i vår eigen region, eit hjelpemiddel for etablerarar og bedrifter, og ein plass der me kan presentera oss for eit større publikum. I tida etter lanseringa har 1.500 personar besøkt sidene våre dagleg og talet er aukande. Omlag 3/4 er frå Noreg, medan resten er frå ei rekke andre land i verda. Regionrådet sitt kontor tek no sjølve hand om vedlikehaldet og utviklinga av websidene. 1.2. Nordhordland. Då kulturkartet. Prosjektet har vore gjennomført i 1997 og har særskilt vore knytta til arbeidet med regional utvikling av Kulturformidlingsprosjektet "Håkon den Gode". Regionrådet har vore aktivt med i den regionale hovedkomiteen representert i hovedstyret for prosjektet. for tiltaket og er Samtlege kommunar i regionen deltok med arrangement innafor kystsogevekene i 1997 og det vert arrangert sogespel ("Håkonarspel") på to stader; i Gulen og på Seim i Lindås. Omlag 5000 personar såg spela dei to helgane desse vart arrangert, i tillegg var det stor lokal oppslutnad om kystsogevekene. 2.1. Vidareutvikling ay eit regional ressurssenter/or næringsutvikling. Deler av tiltaket er starta opp. Det er løyvd i alt 100.000,- til tre skuler i regionen, til oppstart avelevbedrifter og til utvikling av undervisningsopplegg i "etablerarkunnskap/ arbeidsmarknadskunnskap". 8

3.1. Marknadsutvikling og kompetanseheving i petroleumsrelatert leverandørindustri i Nordhordland Tiltaket var eit forprosjekt med sikte på å få kartlagt grunnlaget for nettverksdanningar i lokalleverandørindustri. Det synte seg at interessa frå verksemdene si side for deltaking i eit slikt nettverksprogram ikkje var stor nok til at ein ville tilrå å gå vidare med prosjekt, som såleis vart avslutta etter gjennomført forprosjekt. 4.1 Qvvdrett av nve marine arter..... ~ Tiltaket er nyleg starta opp og cand. real. Sigmund Bakke er engasjert som prosjektleiar. 4.2. Kompetanseheving innanjor havbruk ogfiskeindustri. Tiltaket er så langt ikkje starta opp. 5.1. Prosjekt "Bli kjent i Nordhordland" 5.2. Prosjekt "Bergen som nærmarked" Det er løyd midlar frå omstillingsløyvinga starta opp. til desse to tiltaka, kor av det første no er 6.1. Samarbeid om ei effektiv og einsartaforvaltning av Plan- og bygningslova. OPUS, Bergen er engasjert som konsulentlprosjektleiing i tiltaket. Tiltaket har som siktemål å få til ein mest mogeleg einsarta og "pårekneleg" handsaming av plan- og byggesaker i kommunane i regionen - her under utarbeide ein felles mal for gebyrar, auke kompetansen knytta til praktiseringa av den nye bygningslova, utarbeide ein "felles rettleiar" for publikum og sakshandsamar og få vurdert - evnt. testa ut ein modell for "felles regional tenestefunksjon" (knytta til den mei r tekniske/formelle sakshandsaminga av plan- og byggesaker og til kart - oppmåling - geodata). Ande prosjekt. "Prosjekt Mongstad". Frå raffineriet på Mongstad er det tilgjengeleg spillressursar som kan nyttast i ulike produksjonar. Ressursar, slik som varmt vann, damp og gass, kan danne basis for andre industrietableringar. "Prosjekt Mongstad", som vart starta opp våren 1995 av Mongstad Utviklingsselskap AS og Regionrådet for Nordhordland og Gulen, har til hovedoppgåve å finne fram til eit område som er egna for slike industrietableringar. Prosjektet skal og hjelpa til med å identifisere og bidra til utvikling av forretningsidear og etablering av verksemder som kan nytte spillressursane på Mongstad. Regionrådet har eit arbeidsgjevaransvar for prosjektleiar i tiltaket. 9

I tillegg til Statoil Mongstad har SIVA, SND og Nordhordland kraftlag vorte sentrale aktørar i prosjektet. Det er m.a. utarbeidd kostnadskalkylar for alternative utbyggingsnivå og grunnlag for avtaler med mogelege etablerarar. "Næringsutvikling - mindre verksemder og etableringar - med vekt på kvinner". Prosjektet har som førernål å vidareføre arbeidet som har utvikla seg gjennom kvinnenettverket i regionen og sikre framdrift og kontinuitet frå aktivitetane i den regionale etableraropplæringa. Sentrale arbeidsoppgåver har såleis vore; rettleiing overfor kvinne-etablerarar, sekretær for Etablerarforum for kvinner, etablerarkurs i Nordhordland/Osterøy 1996-1997, ulike oppfølgingstiltak for etablerarar. "Prosjekt 4.2" Etablere praktisk samarbeid mellom næringslivogeo U- /kompetansemiljø. Tiltaket er knytta til strategi 4 i den strategisk næringsplanen for Hordaland: "Optimalisere kompetanseutviklinga for næringslivet". Eit av tiltaka under denne strategien er prosjekt 4.2 "Etablere praktisk samarbeid mellom næringsliv og FoU- /kompetansemiljø". Prosjektet er geografisk delt i fire underprosjekt kor Regionrådet for Nordhordland og Gulen er ansvarleg for den delen som gjeld kommunene i vårt distrikt. Regionrådet har lagt vekt på at industrien sjølv, gjennom Nordhordland Handverk- og Industrilag, skal spele ein sentral rolle i arbeidet med å leggje ein aksjonsplan for regionen. Det er sendt informasjon om prosjektet til alle dei 114 medlemsbedriftene i industri laget. I opplegget har ein særskilt vore innom følgjande område: 1. Kontakt med kompetansemiljø. Verksemdene skal kunne få vurdert kompetansemiljøa i høve til utvikling av produktidear eller produksjonsteknikkar m.v. 2. Besøk til kompetansemiljø.vitjing til utvalte kompetansemiljø for at bedriftene skal få ei betre forståing av verksemda ved institutta eller forskningsstasjonane. 3. Samarbeid med ingeniøravdelingane ved Høgskolen i Bergen (HiB). Prosjekt "Nettverk/or livslang læring". Tiltaket starta opp i desember 1996 og er venta avslutta i utgangen av 1998. Hovudmål for prosjektet er følgjande: "Med utgangspunkt i folkebiblioteka si rolle som informasjonsknutepunkt i lokalsamfunnet, skal prosjektet utvikle regionale nettverk for samordning av vaksenopplæringa i dei to regionane (Nordhordland og Indre Hardanger) og sikre at bedrifter og privatpersoner får tilgang på den etter- og vidareutdanning dei treng. Dei regionale nettverka skal utvidast til å bli eit fylkesdekkjande nettverk". 10

Tiltaka i Hordaland er knytta opp til prosjektet "Brukartilpassa opplæring for vaksne" som Kyrkje- undervisnings- og forskningsdepartementet (KUF) har vore med og teke initiativ til. Tre distrikt i landet har i denne samanheng fått støtte frå KUF til utvikling av eigne tiltak. I Hordaland valgte ein å kalle prosjektet for NELL - Nettverk for livslang læring. Dette tiltaket vert køyrt i Nordhordland og Indre Hardanger. I tillegg til KUF har prosjektet og støtte frå KAD, fylkeskommunen, Hardangerrådet og Regionrådet for Nordhordland og Gulen. Det er er det etablert ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe for prosjektet på fylkesnivået i Hordaland og det er oppretta to referansegrupper lokalt - høvesvis i Nordhordland og Hardanger. "Natursteinprosjektet ". Tiltaket vart initiert av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Det har vore arrangert vitjing av mogelege investorar/industripartnerar frå Italia til aktuelle område i Nordhordland og Sogn/Ytre Sunnfjord. Dei mest interessant førekomstene i Nordhordland og Gulen synast å vere mangerittfelta på Radøy, anortosittområda i Meland og augegneisfeltet isoleiebotn. - Nærarare fysiske undersøkingar av felta er naudsynt før ein kan seie noko om ein kan få til kommersiell drift. Hordaland fylkeskommune vil for sin del vurdere ei fortsetting av prosjektet i 1998. Etableraropplæring. Regional etableraropplæring i 1996/97. Opplegget vart basert på ein modell frå det nasjonale EtablererService-programmet og vart arrangert av det regionale hjelparnettverket. Det vart halde tre orienteringsmøte med i alt 70 interessert og 29 Ilhjelparar Il. På kurset om "personleg planlegging Il var det 10 deltakarar (2 dagers samling). Samlingane på utviklingsseminaret hadde 14 deltakar, kor av 12 fullførte heile kurset. Samlingane gjek over 4 heile laurdagar og 3 vekekveldar med omlag 2 veker mellom kvar samling. Prosjektet "Tryggare styring" - Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL). Teknologisk Institutt (TI) har utarbeidd eit kursopplegg som dei kallar Total Kvalitet.TI definerer det som eit sett metodar og arbeidsverktøy for organisasjonar som vil oppnå suksess i ei verd som endrar seg raskt. I vår region har prosjektet fått navnet "Tryggare styring". Frå januar 97 til november 97 er det gjennomført tilsaman 23 kursdagar med eit snitt på 24 deltakarar på kvart delkurs. Temaene har vore m.a. Internkontroll, ISO-9000, Problemløysing i bedriftene, Strategisk leiing og Nettverkskurs for både leiarar og øvrige medarbeidarar. 11

TI har stått for det faglege innhald, medan det praktiske opplegg er ivareteke gjennom NHIL sitt sekretariat som ligg hjå Regionrådet. Dei fleste kursa har vore ein-, to- eller tredagars kurs, medan delkurset Nettverk for toppleiarar har ei tidsramme på minimum to år, med fem samlingar første året. Deltakarane på toppleiarkurset representerer mange sentrale bedrifter i regionen. Både det faglige innhaldet, og ikkje minst det nettverket og den uformelle kontakten ein oppnår gjennom desse samlingane, er frå deltakarane trekt fram som særs verdfullt. Med tanke på seinare samarbeid og nettverksbygging mellom bedriftene i regionen er røynslene utan tvil svært positive. At berre 4 av 24 påmeldte bedriftsleiarar har hoppa av undervegs, er frå TI si side trekt fram som svært uvanleg. Styret i NHIL har uttalt seg svært positivt om prosjektet, og har gått i bresjen for at leiamettverket skal halda fram. Kurs i "salg og markedsbearbeiding". Kursarrangør var firmaet Personalutvikling AS I snitt var det 8 deltakarar på kurset som hadde småbedrifter og nyetablerte bedrifter som målgruppe. Prosjektet var eit særskilt tilbod om oppfølging til bedrifter som hadde fått støtte frå omstillingsløyvinga. Evalueringane frå kurset synte at deltakarane var særs nøgde med tiltaket. Nordhordland Handyerk- og Industrilag. Styret i laget har hatt 9 møter i 1997 og handsama 54 saker. Det har vore eitt medlemdmøte i 1997. Laget har følgjande utval som arbeider med næringsretta spørsmål: næringsutval, utdanningsutval og kommunikasj onsutval. 12

Utviklinga i distriktet. Folkesetnaden. Den samla tilvekst i folketalet i regionen i 1997 var på 0,3%. Dette er det same som året før men monaleg lågare enn i 1995 kor tilveksten var på heile 1,1%. Tilveksten i Hordaland fylke var i 1997 0,4% mens det i Sogn og Fjordane var ein nedgang i folketalet på 0,2%. Den kommunen i regionen som hadde størst folketilvekst i 1997 var som året før Meland med ein prosentvis auke i folketalet på 2.2. Elles har det vore ei gledeleg vekst i folketalet i Gulen og på Fedje. Fleire av kommunane har hadde netto utflytting i 1997, og sæskilt urovekkjande var den høge utflyttinga frå Austrheim og Masfjorden. Endringane i folkemengda i 1997 er vist i påfølgjande tabell. Folketal Fødsels Netto Folke- Folketal Kommunane 01.01.97. overskot flytting tilvekst 01.01.98. Austrheim 2602 9-52 -43 2559 Fedje 670-3 12 9 --'679 Lindås 12401 45-40 5 12406 Masfjorden 1821-1 -38-39 1782 Meland 5051 49 63 112 5163 Radøy 4549 15 3 18 4567 Nordhordland 27094 114-52 62 27156 -------------------------------------------------------------------------------------------------- Gulen 2475 3 21 24 2499 Regionen 29569 117-31 86 29655 -------------------------------------------------------------------------------------------------- Osterøy 7009 39 18 21 7030 Modalen 345-3 4 1 346 Arbeidsløysa. Arbeidsløysa i regionen har gått tilbake kvart år frå og med 1992. Snittet for arbeidsløysa i Nordhordland var i 1997: 2,8% mot 3,8% året før. I perioden 1994 - i 1992 var arbeidsløysa heile 7,4%. For Gulen sitt vedkommande var snittet i 1997 omlag 1,4%. 13

Regionrådet har i 1997 starta opp fleire utviklings-/tiltaksprosjekt i Nordhordland. Desse rekner vi med vil skape eit godt grunnlag for ei vidare positiv næringsutvikling og bidra til at det vert attraktivt å bu i regionen. Dette er m.a. tiltak som er knytta til den regionale strategiske næringsplanen og tiltak som vert gjennomført i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Elles er det på kultursida vert å merke seg den store suksessen som vart Kystsogevekene, inkl. Håkonarspela i Gulen og på Seim til del, med stor publikumoppslutnad om arrangementa. Som i 1996 har det og i 1997 vore registrerte positive utviklingstrendar i næringslivet i regionen og auka etterspurnad etter arbeidskraft. Arbeidsløysa i Nordhordland er den lågaste ho har vore på fleire år. Bedriftene sine ønskje om å investere i utvikling og omstilling synast å ha vore etter måten stor, noko som vi m.a. har kunne registrere gjennom forvaltninga av omstillingsløyvinga. Denne løyvinga er no på det næraste brukt opp - slik føresetnaden har vore. Ei vurdering som har vorte gjennomført når det gjeld bruken av mi dlane til einskild bedrifter syner at verknaden av løyvinga har vore særs positiv, både med omsyn til å bidra til auka sysselsetting og medverknad til å få fram tiltak som elles ikkje hadde vorte realiserte. Såleis bør det verte ei prioritert oppgåve å arbeide for å skaffe nye fondsrnidlar som kan nyttast til nærings-tiltak i regionen vår, slik at vi fortsett kan ha naudsynt tyngde i utviklingsarbeid i Nordhordland og verte i forkant av dei utfordringane vi står over for. B~~ Ole Lysø form ~. r r ilifm. Berntsen 14