T: 56553000 F: 56553001 E: postmottak@kvam.kommune.no. Kvam herad. Årsmelding 2008. www.kvam.no



Like dokumenter
Oversyn over økonomiplanperioden

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Tertialrapport 2 tertial 2015

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kvam herad. Sakspapir

10/60-14/N-211//AMS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Handlingsprogram 2015

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Budsjett 2009 Økonomiplan Rådmannen sitt framlegg Måndag

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Granvin herad Sakspapir

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Budsjett Økonomiplan

Kommunedelplan for oppvekst

Kvam herad. Sakspapir

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Kvam herad. Årsmelding

Kvam herad. Sakspapir

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

(Sjå dei 2 siste sidene i saka)

Kvam herad. Arkiv: N-340 Objekt:

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Transkript:

T: 56553000 F: 56553001 E: postmottak@kvam.kommune.no Kvam herad Årsmelding 2008 www.kvam.no -

Innleiing 2008 var etter måten eit godt år for Kvam. Det var stor politisk aktivitet, størst i skulesaka. Møtet i heradsstyret den 11. november var avgjerande. Då vedtok heradsstyret mot 12 røyster å samle ungdomsskuleelevane frå Aksnes til Ålvik i Kvam ungdomsskule i Øystese. Det var i det heile stor aktivitet i heradet i 2008, ikkje minst på planfeltet. Det manglar ikkje på ambisjonar. Her skal bli nytt torg i Ålvik, ny barnehage i Tørvikbygd og på Bjørketeigen, Hardangerbad i Øystese, Hardinghus og strandveg i Norheimsund, skipsverft i Hansvågen, sykkelveg frå Vikøy til Øystese, tunnel på Børve, skytebane i Vangdalsåsen og ny kommunedelplan på Kvamskogen. Alt dette, og meir til, med heradet som sentral aktør i det minste på planfeltet. Dertil kjem ein rad private byggjeprosjekt, tid- og arbeidskrevjande dei òg. For å forfatte alle planane, leggje til rette for lokal politisk styring, og bistå ordførarar og varaordførar når dei fer til Oslo og Bergen for å tale heradets sak, har rådmannen så langt råd er skjerma plan- og byggjesak for budsjettkutt. Rådmannen har òg prøvd å løyse fleire større planoppgåver i eigen regi, heller enn å leige inn konsulentar. Ved slik å byggje opp kunnskap i eigen organisasjon, vert oppgåvene meir interessante for dei tilsette, noko som aukar sjansane for at dei vert kvar i Kvam. Stabilitet styrkjar rimelegvis kvaliteten på tenestene. Òg på andre felt freistar rådmannen å utvikle tenestene. Kvam har jobba målretta for å innfri krava til distriktsmedisinsk senter som er varsla i Regjeringa si nye helsereform. Regjeringa ynskjer at kommunale sjukeheimar skal rustast til å ta imot endå sjukare pasientar. Rådmannen arbeider for å gjere Toloheimen om til eit slikt senter. Heradet kan meir enn å planleggje, det står seg òg på iverksetjinga. I 2008 vart den nye skulen 1-10-skulen på Tangerås opna. Elevar frå Innstranda til Mundheim er no samla i eit skule- og idrettssenter få kommunar i landet kan vise maken til. 2008 var året då Geirr Tveit og Olav H. Hauge ville ha runda dei 100. Jubileet vart markert mellom anna med ei stilfull jubileumsframsyning i idrettshallen i Norheimsund. Nokre veker før fylte Norheimsund barneskule den same hallen med si fargerike framsyning av Det hemmelige skrinet. På kvart sitt vis manifesterte framsyningane mangfaldet og kvaliteten på kulturarbeidet i Kvam, og evna til å sameine eigne krefter med eksterne impulsar. Herad lukkast òg med mykje i sin daglege tralt. Her er ikkje kø korkje etter barnehageplass eller sjukeheimsplass. Heradet sine bygg er jamt over gode, og betre vert dei. Det gjelder for 2008 som for tidlegare år; få vender seg til rådmannen med klagemål. Utfordringa i det daglege er fyrst og fremst å sikre nok kvalifisert personell. Kvam slit med å rekruttere vikarar, og i de minste bygdene med å rekruttere i det heile. Rådmannen meiner derfor det er klokt å føre vidare ein romsleg personalpolitikk med opplegg for etter- og vidareutdanning på alle nivå, og tiltak for å sikre at dei eldste står i arbeid enno nokre år. Gode tenester og nye bygg i fire bygdesentra kostar, heradet har høg gjeld. Difor kjem ikkje rådmannen unna innsparingar og kvemmingane unna eigedomsskatt. Midtvegs i 2009 går arbeidet med innsparingar og taksering av eigedomar etter planen. Det mest gledelege i 2008 var den etter måten store auken i innbyggjartalet (140). Sjølv om veksten neppe held fram dei fyrste åra, gjev den håp om at det på sikt er råd å stabilisere folketalet på om lag 8500. Viktig i så måte er at heradet kan tilby attraktive tomter. I skrivande stund er der ei - og berre ei - tomt i Kvam som er lyst ledig på nettstaden finn.no. Då er det ikkje til å undrast at heradsstyret i 2008 erkjente at heradet må engasjere seg meir i bustadutviklinga, og førebudde skipinga av eit kommunalt tomte og bustadselskap. Det kan på sikt vise seg å vere det viktigaste heradsstyret gjorde dette året. Kvam, den 18. mai 2009 Harald Inge Anderssen - rådmann - 2

1 Oversyn over tenestene... 4 1.1 Medarbeidar... 4 1.2 Politisk verksemd... 6 1.3 Administrasjon, styring og fellesutgifter... 7 1.4 Barnehagar... 8 1.5 Grunnskuleopplæring... 9 1.6 Kommunehelse... 11 1.7 Pleie- og omsorg... 12 1.8 Sosialteneste... 13 1.9 Barnevern... 15 1.10 Vatn, avløp og renovasjon /avfall... 16 1.11 Fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø... 17 1.12 Kultur... 21 1.13 Kyrkje... 24 1.14 Samferdsel... 25 1.15 Bustad... 26 1.16 Tilrettelegging og bistand for næringslivet... 27 1.17 Brann- og ulukkesvern... 29 2 Økonomisk oversikt... 30 2.1 Årsrekneskap 2008... 30 2.1.1 Rekneskapsskjema 1A... 33 2.1.2 Rekneskapsskjema 1B... 33 2.2 Investeringar Kvam herad 2008... 35 2.2.1 Økonomisk hovudoversikt investeringsrekneskap 2008... 35 2.2.2 Rekneskapsskjema 2 A... 36 2.2.3 Rekneskapsskjema 2B... 36 2.3 Prosjekt... 37 2.3.1 Avslutta prosjekt 2008... 37 2.4 Balanse Kvam herad 2008... 50 2.5 Notar 2007... 52 2.5.1 Aksjar og andelar... 52 2.5.2 Obligasjonsportefølje... 52 2.5.3 Låneportefølje... 53 2.5.4 Endring arbeidskapitalen... 53 2.5.5 Anskaffing og bruk av midlar... 54 2.5.6 Avsetningar og bruk av avsetningar... 54 2.5.7 Note til balanserekneskapen... 55 2.5.8 Pensjonsnote... 56 2.5.9 Garantinote... 57 2.5.10 Note til VAR - området... 57 2.5.11 Kapitalkonto (25990)... 58 Framside: Frå elevframsyninga Sirkus ved Norheimsund barneskule, fotograf: Lauritz Eide 3

1 Oversyn over tenestene Kvam herad er godkjent som Trygt lokalsamfunn av WHO. Som del av partnarskapsavtalen med Hordaland fylkeskommune om satsing på folkehelse er det tilsett folkehelsekoordinator som vil koordinera arbeidet, (jfr. HST - sak 006/08). Fylkeskommunen vil få lovfesta ansvar for folkehelse og gjev tilskot til drifta. Årleg utarbeider og gjennomfører den tverrfaglege arbeidsgruppa eit program i samsvar med dei 6 godkjenningskriteria for eit trygt lokalsamfunn. Også dette året er desse kriteria fylgde. Kvam herad skal ha regodkjenning i 2010. Informasjon om Trygge lokalsamfunn finn du øvst på heimesida bak dette symbolet 1.1 Medarbeidar Status Det er auka motivasjon blant tilsette som resultat av inspirerande utdanningsprogram Sjukefråvær Gjennomsnittleg sjukefråvær var på 6,9 %, 0,7 prosentpoeng under 2007. Også i 2008 går sjukefråværet ned samla sett, samanlikna med året før. Sjukefråværet vart redusert innanfor alle tenesteområde med unntak av barnehage og helse/velferd. Barnehage har ein oppgang på 2,2 prosentpoeng, medan i helse og velferd aukar fråværet med 0,63 prosentpoeng. Det største tenesteområdet - pleie og omsorg, syner ein markert nedgang frå 10,2 % til 8,8%. Sjukefråvær 2005-2008 12 10 8 6 2005 2006 2007 2008 4 2 0 Pleie og omsorg Barnehage Skule Teknisk Helse og velferd Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgjevar å gjennomgå opplæring innan helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Det har vore gjennomført opplæring innan HMS - området med 3 leiarsamlingar for alle personalansvarlege, der bla. førebygging og oppfølging av sjukefråvær har vore tema. Sjukefråværsutviklinga syner framleis ei positiv utvikling: 4

Sjukefråværsutvikling i Kvam herad 2003-2008 8,5 8,3 8,1 7,9 7,7 7,5 7,3 7,1 6,9 6,7 6,5 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Fråvær Seniorpolitikk Det er etablert seniorpolitiske retningslinjer i ein prøveperiode på 2 år som skal stimulera tilsette som har nådd 62 år til å halda fram i stillinga si i staden for å ta ut førtidspensjon. Det er inngått avtale om seniortiltak med om lag 60 tilsette. Ordninga skal evaluerast hausten 2009. Lønnspolitikk Mål og prinsipp for den lokale lønnspolitikken vart vedtekne i heradsstyret i april. Kompetanse Tariffoppgjøret i 2008 fokuserte på kompetanse som eit viktig grep for å bidra til at kommunesektoren møter utfordringane med å halda på, rekruttere og forvalte eiga arbeidskraft. Arbeidsgjevar skal kartlegge organisasjonen sin totale kompetanse og forankre det i kommunale målsetjingar, kompetansekrav og behov. 5

1.2 Politisk verksemd Politisk verksemd - 2008 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 100 Politisk styring og kontrollorgan 3 350 3 081-62 0 3 020 3 691-671 110 Kontroll og revisjon 0 999-81 -560 358 596-238 Politisk verksemd 3 350 4 080-143 -560 3 377 4 286-909 Merknader til driftsrekneskapet: Nettoresultatet for 2008 viser eit mindreforbruk 0,9 mill. kr. (21,2 %) i høve til budsjett og ein marginal auke i høve til 2007. I 2007 var det kommuneval som kosta 0,2 mill. kr. Slike utgifter var det lite av i 2008. Rekneskapen i 2008 er belasta med ei ekstraordinær utbetaling (pensjon) på 0,56 mill. kr. til Indre Hordaland Revisjon AS i samband med avslutting av revisjonsavtalen. Denne utbetalinga vart belasta disposisjonsfondet i samsvar med vedtak i heradsstyret. Budsjettet for 2008 vart justert for nye politiske utval, men har ikkje kosta så mykje som forventa. Løn til ordførar er også rekneskapsført her. Status Det var kommunestyreval hausten 2007, og 2008 var første heile arbeidsåret for dei nyvalde politikarane. Nytt reglement og ny utvalsstruktur vart vedteke våren 2008. To nye utval vart oppretta, Tenesteutvalet og Nærings-, plan- og bygningsutvalet, det innebar og at formannskapet sitt ansvarsområde vart endra. Resultat Første arbeidsår etter nyval har tradisjonelt høg aktivitet, det slo og inn i 2008. Heradsstyret har hatt 11ordinær møte, 3 dagmøte og 8 kveldsmøte. Samla er det brukt 64 møtetimar, snitt pr møte er ca 5t 50 min. Etter reglementet skal møta ikkje vara lenger enn til kl 22.00, i 2008 var det 3 møte som gjekk utover denne ramma. Tal saker til handsaming er på same nivå som 2004 (dvs første arbeidsår etter førre val). Politisk sekretariat fekk auka ressursar for å møta aktivitetsauken. Aktivitet 2005-2008 Nr Organ 1 Heradsstyre 2 Formannskap 3 NPB 4 Tenesteutval 5 Eldreråd 6 RFMNF 7 Adm.utval 8 AMU 9 Klagenemd 10 Temamøte-H 2005 2006 2007 2008 Møte Saker Møte Saker Møte Saker Møte Saker 11 119 11 133 10 118 11 177 17 211 15 189 20 188 9 104 - - - - - - 8 95 - - - - - - 8 25 10 32 11 43 11 55 9 50 4 2 6 3 5 1 2 3 6 3 5 1 1 4 16 0 0 2 3 2 4 0 0 5 0 1 2 2 48 374 46 378 46 366 56 469 6

1.3 Administrasjon, styring og fellesutgifter Funksjon og tenester Adm. og fellesutgifter - 2008 Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 120 Administrasjon 25 829 33 124-3 881-578 28 665 30 367-1 701 Forvaltningsutgifter i 121 eiendomsforvaltningen 0 4-1 0 3 0 3 130 Administrasjonslokale 1 438 3 635-502 -1 594 1 539 1 514 25 170 Premieavvik -16 665-14 965 0 0-14 965-11 452-3 514 180 Diverse fellesutgifter 359 269-33 0 236 216 20 190 Interne serviceeiningar 1 76-76 0 0 303-303 Adm. og fellesutgifter 10 962 22 143-4 492-2 171 15 479 20 948-5 469 Merknader til driftsrekneskapet: Rekneskapen for 2008 syner ei netto utgift på 15,5 mill. kr. i 2008. Dette er 4,5 mill. kr. (41,2 %) meir enn i 2007. Samanlikna med budsjett 2008, vart nettoutgifta 5,5 mill. kr. lågare. Dette heng saman med ekstraordinær avsetning til premieavvik på 5,7 mill. kr. pga usikkerheit med omsyn til pensjonskostnaden, jfr. pensjonsnote. Vidare vart det reduserte utgifter til administrasjon og interne serviceeiningar, jfr. tabellen over. Status Tenestene knytt til administrasjon, styring og fellesutgifter omfattar rådmannen og hans prosjektorganisasjon, personalavdelinga, stab (informasjon, bibliotek, post/arkiv/resepsjon, politisk sekretariat) og økonomiavdelinga (økonomisk styring, rekneskap og IKT). Jfr. handlingsprogrammet 2008: Vidareføring av satsinga på omdømebygging og profilering Kåra til nest beste servicekommune i Hordaland i 2007. Fornya og innretta nettsidene mot ulike målgrupper Vel utbygde ikt tenester Tenesteutveksling med nabokommunar Ved inngangen til 2008 var det høg gjennomtrekk i nokre einingar,. Resultat Prosjekt knytt til omdømebygging vart i 2008 lagt på is /avslutta, stilling som informasjonssjef vart avvikla. Kvam herad har ikkje lenger posisjon som føregangskommune innan informasjon, service og arkiv. www.kvam.no vart i 2008 vurdert til. Kvam er ikkje dermed dårlegare enn før, men andre kommunar har dei siste 3 4 åra brukt langt meir ressursar på desse områda og det gjev resultat. Kvam har ikkje overordna plan og systematisk utbygging av fibernett i kommunen. Det skjer berre adhoc utbygging knytt til tilfeldige utbyggingsprosjekt. Kvam misser difor konkurransefordel i høve til andre kommunar som er aktive og målretta på dette området. Internt har Kvam gode IKT tenester, vaktordning og lite nedetid. Kvam har IKT- samarbeid med Kvinnherad og Voss. Personalmangel ved økonomiavdelinga har medført at vi ikkje har levert budsjett og rekneskap innan fastsette fristar. 7

1.4 Barnehagar Barnehagar - 2008 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 201 Førskule 5 951 45 217-35 735 0 9 483 9 604-121 211 Styrka tilbod til førskuleborn 1 812 3 777-1 680 0 2 097 2 621-524 221 Førskulelokale og skyss 4 027 4 050-278 0 3 772 2 689 1 083 Barnehagar 11 791 53 044-37 692 0 15 352 14 913 439 Merknader til driftsrekneskapet: Bruttoutgifta, som viser aktiviteten i barnehagane, var på 53,0 mill. kr. i 2008. Tilsvarande tal i 2007 var 47,7 mill. kr., dvs. ein auke på 5,3 mill. kr. (11,0 %). Nettoutgifta auka med 3,56 mill. kr. (30,2 %) i høve til 2007. Meirforbruket i høve til budsjett 2008 gjeld drift, vedlikehald og reinhald av barnehagane. Den kommunale eigendelen var i 2008 28,9 %, noko som er ein auke frå 24,7 % i 2007. Dette har samanheng med auke i talet på born, færre deltidsplassar og tungdrivne lokalitetar. Status Jfr. Handlingsprogrammet 2008: Det var ingen barnehagekø hausten 08 (men underdekking frå januar-09) Plan for barnehageutbygging må reviderast Drifta av forelda bygg vert nedlagt og drifta ført over til nybygg i løpet av 2-3 år. Lite gjennomtrekk av personell Resultat Utviklinga i barnehagesektoren er at stadig fleire foreldre ynskjer plass til borna i barnehage, borna er yngre når dei startar og stadig fleire utvidar frå deltidsplassar til 5-dagars veke. Ved utgangen av 2008 var det 6 barn på venteliste. Totalt 393 barn hadde barnehageplass pr. 15.12.08, 15 fleire enn året før. Av desse var 126 fødde i 2006 og seinare og utløyser bruk av to plassar kvar, 267 born fødde i 2005 og tidlegare. Det var 26 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, ein auke på fire frå året før. Alle barnehagane har ope fem dagar i veka. Utviklinga med mange eitt - åringar fører til nye behov i høve utstyr og for lokalitetar som har plass soveplassar og oppstilling av barnevogner. Den private barnehagen skulle opna i august 2008, men etableringa er utsett eitt år. Dette har ført til at kommunen har hatt fleire mellombelse løysingar, noko som har vore krevjande. Busdalen vart sletta, ny barnehage i sone Øystese skal leggjast til Bjørketeigen. Det er store behov for oppgradering av dei fleste barnehagane i Kvam. Det er mangel på tilsette med førskulelærarutdanning, så dette året blir 8 avdelingar drivne på dispensasjon i høve krav til kompetanse. Det har og vore store vanskar med å få vikar ved sjukdom og permisjonar. Behovet for ekstra assistentar for barn med funksjonshemmingar og utviklingsvanskar er store. Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn utan kjennskap til norsk språk treng ekstra ressursar i oppstarten. Det er eit mål å gje meir opplæring til assistentar som er tilsette for å støtta enkeltbarn med særskilde behov. Kursdagane har fylgt aktivitetsplanen for året. Matematikk og språk har vore hovudsatsingane. Barnehagane har hatt ulikt fokus på HMS, brannvern, førstehjelp, hygiene. Kompetanse på dei minste borna må prioriterast komande år. Det same gjeld kontakt og samarbeid mellom barnehagane og andre kommunale tenester som PPT, barnevern og helsestasjonstilsette. 8

1.5 Grunnskuleopplæring Grunnskule - 2008 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 202 Grunnskule 74 366 85 924-6 160-395 79 368 80 046-677 213 Vaksenopplæring 2 508 4 937-2 515 378 2 800 3 520-721 214 Spesialskular 0 0 0 0 0 0 0 215 Skulefritidstilbod 1 378 3 364-1 933 0 1 431 1 514-84 222 Skulelokale 19 721 17 203-25 344 24 089 15 948 17 697-1 749 223 Skuleskyss 0 1 714-125 0 1 588 1 450 138 383 Musikk- og kulturskular 3 468 6 018-1 799 0 4 219 4 473-254 Grunnskule 101 442 119 158-37 875 24 071 105 354 108 700-3 346 Merknader til driftsrekneskapet: Grunnskulen kosta heradet 105,3 mill. kr. i 2008, ein auke på 3,9 mill. kr. (3,8 %) i høve til 2007. Dette var 3,3 mill. kr. (3,0 %) lågare enn budsjettert. Tabellen over viser at dette er fordelt på dei fleste funksjonar innan grunnskuleopplæringa. Mesteparten av inntektene på funksjon 222 Skulelokale kjem frå mva kompensasjon på investering i nye skulebygg. Status jfr. Handlingsprogrammet 2008: Grunnskulen i Kvam er veldriven, desentralisert og har ein relativ høg ressursbruk Elevtalet går ned. 4 barneskular er lagt ned. Elevane sine prestasjonar er gode. Strukturen er i kraftig endring. Sameiningsprosessane og utbygginga går etter opprinneleg plan. Heradet har no fått skulebygg med høg eller særs høg standard. Kulturskulen har hatt ein tydeleg vekst dei siste åra. Resultat Elevane frå Innstranda og Oma er i lag med elevane frå Strandebarm skule på plass i nybygget på Tangerås. Nye Strandebarm skule vart teken i bruk hausten 2008. Idrettshall og symjehall skal takast i bruk på nyåret 2009. Kunnskapsløftet frå ord til handling prosjekt finansiert av utdanningsdirektoratet er vidareført i 2008 for Strandebarm skule sin del. Direktoratet godkjende ikkje vidareføring av delen knytt til ungdomsskulane i Norheimsund og Øystese. Eksterne fagmiljø i prosjektet har vore Norsk Lærarakademi og VilVite -senteret i Bergen. Tema har m.a. vore felles pedagogisk og organisatorisk plattform, aksjonslæring og VilVite - pedagogikk. Samarbeidet med kompetanseregionen Voss og Hardanger om etterutdanning er vidareført. Alle lærarar i minst halv stilling har no fått berbar PC. Nokre fekk i 2007, resten i 2008. Skulefritidsordning har vore i gang på alle skular der interessa er stor nok. 2008 var jubileumsår for kulturskulen (30 år). I samband med det vart det produsert ei CD-plate med innslag frå noverande elevar. Kulturskulen gav tilbod til om lag 500 elevar i 32 disiplinar av 32 lærarar. Det har vore auke i sal av tenester til frivillige organisasjonar. Kulturskulen var med på Barnas festspilldag i Bergen med om lag 150 elevar. Kulturskulen har organisert Kakao - konsertar i Kabuso med deltaking også frå andre kulturskular i Hordaland. Kvar halvår skipar skulen til faste kulturskuleveker. Den kulturelle skulesekken har ført til auka kulturaktivitet på skulane. I samband med Hauge / Tveitt - jubileet hadde skulen eit felles prosjekt med alle ungdomsskulane. Den kulturelle skulesekken er i Kvam administrert av kulturskulerektoren. IT - satsinga vert ført vidare med meir bruk av læringsplattformen Its Learning og skuleadministrasjonsprogrammet Extens. Noko opplæring er gjennomført. PP - tenesta ( Pedagogisk psykologisk teneste) er organisert i helse- og velferdseininga. Tenesta hadde i 2008 ein auke på 24 brukarar til 373 brukarar, av desse høyrer 43 til i Jondal (som har samarbeidsavtale med Kvam herad om PP - tenester). 73 saker var nye. Det har aldri tidlegare vore tilvist så mange brukarar, særleg gjeld auken jenter i ungdomsskulen med trong for hjelp og oppfølging. PPT vert i mange høve også nytta der skulen manglar 9

spesialpedagogisk kompetanse og ved konflikthandtering mellom skule/heim. PPT er med å fylla føringar i opptrappingsplanen for psykisk helse for born og unge, til familiesamtalar og anna hjelp til barn/unge/familiar som slit med psykiske og psykososiale vanskar / åtferdsvanskar. Avdelinga for spesialpedagogisk hjelp i barnehage er også fagleg og administrativt lagt til PPT. 10

1.6 Kommunehelse Kommunehelse - 2008 Funksjon Rek 07 Driftsutg. Driftsinnt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 232 Førebygging - skule og helsestasjonsteneste 4 941 5 544-620 0 4 924 5 076-151 233 Anna førebyggande helsearbeid 2 256 4 153-1 129-50 2 974 3 164-190 241 Diagnose, behandling, rehabilitering 10 666 16 394-3 936 0 12 459 12 165 293 276 Kvalifiseringsordning 0 829-1 056 243 15 15 0 290 Interkommunalt samarbeid 0 8 0 0 8 0 8 Kommunehelse 17 862 26 928-6 741 193 20 380 20 419-39 Merknader til driftsrekneskapet: Kommunehelsetenesta brukte 20,4 mill. kr. netto i 2008, ein auke på 2,5 mill. kr. (14,1 %) samanlikna med 2007. I høve til budsjett er det eit lite mindreforbruk. Kostnadsauken i høve 2007 er fordelt på fleire funksjonar, men kurativ legeteneste, rehabilitering og legevakt er blant dei funksjonane der auken er størst. Hovudårsakene til dette er auka lønsutgifter, auka kjøp av tenester hjå private og auka kommunale driftstilskot. Status: Jfr. Handlingsprogrammet 2008: Det er utvikla gode tverrfagleg arbeidsformer for å koma tidleg i gang med hjelpetiltak for barn og unge som lit med psykisk helse Helsetenestene har eit godt omdømme blant både pasientar og institusjonar Det er god legedekking, både fastlegar og sjukeheimslegar etter HST - vedtak om ny normering Resultat Helsestasjon og skulehelseteneste: Målet for tenesta er å fremja barn og ungdom si totale helse, fysisk, psykisk og sosialt. Gjennom systematiske helsekontrollar, foreldrekontakt og foreldrerettleiing individuelt og i grupper på helsestasjonane, foreldremøte på skulane, i samarbeid med skule, barnehage, fysioterapitenesta, barnevern og PPT og tannhelsetenesta med fleire, har helsestasjon og skulehelsetenesta gjennomført det planlagde programmet innafor budsjetterte rammer. Spesielle utfordringar i tenesta er å ha eit godt tilbod til dei 3 vidaregåande skulane vi har. Det er viktig med stabilitet i dette tilbodet. Helsestasjon for ungdom som er spesielt retta mot denne gruppa, vert stadig meir nytta. Fysioterapitenesta: Vi har eit breitt og godt fysioterapi tilbod i kommunen. Etterspurnaden etter tenester har auka på innan alle område av tenesta. Sjølv om det er noko ventetid på tenester, vert dei som treng det mest prioriterte, slik at vi heile tida har fagleg forsvarleg teneste.. Legetenesta: Brukarundersøkinga på legevakt i samarbeid med Kunnskapssenteret og Nasjonalt senter for legevakt medisin vart gjennomført i mai. Resultatet var ikkje klart ved utgangen av 2008. I desember vedtok heradstyret å bruka legeforeninga sine normtal for legetimar i sjukeheimar som basis for legetimar i sjukeheimar i Kvam. I praksis medfører det at det vert tilsett lege i 100 % stilling ved Toloheimen i 2009. Arbeidet med å utvikla eit DMS i Kvam vart avrunda med heradstyrevedtak i desember om å arbeida vidare med spissing av tilbodet på Toloheimen, flytting av rehabiliteringsavdelinga, hjelpemiddellageret og legevakta til Toloheimen. Det vart også fatta vedtak om å arbeida for at Helse Bergen flyttar ambulansestasjonen til same staden. I løpet av 2008 er 2 nye legar godkjende som spesialistar i allmennmedisin. Det er lite formelle klager på kommunehelsetenesta. Ventetidene er akseptable. Strakshjelp tilbodet er godt organisert og fungerer godt. På mange område er fleire av tiltaka som er føreslegne i samband med den planlagde samhandlingsreforma allereie planlagde og til dels gjennomførde i Kvam. 11

1.7 Pleie- og omsorg Pleie- og omsorgstenesta - 2008 234 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme Aktivisering eldre og funksjonshemma 8 404 9 571-796 -72 8 703 8 692 11 253 Pleie, omsorg, hjelp i institusjon 50 775 68 508-13 093-13 55 402 53 529 1 873 254 Pleie, omsorg, hjelp i heimen 58 818 84 726-22 015-98 62 612 62 151 461 261 Institusjonslokale 7 697 8 678-635 0 8 044 7 698 345 0 0 0 0 0 0 0 Pleie- og omsorgstenesta 125 694 171 483-36 539-183 134 761 132 071 2 690 Merknader til driftsrekneskapet: Pleie og omsorg hadde eit netto meirforbruk i 2008 på 2,7 mill. kr. (2,0 %) i høve til budsjett og 9,1 mill. kr. (7,2 %) meir enn i 2007. Tabellen over viser at alle funksjonsområda har meirforbruk, men at det er funksjon 253 Pleie, omsorg og hjelp i institusjon som har størst meirforbruk. Blant årsakene til auka kostnader er lønsvekst, herunder pensjon og kjøp av vikartenester. Status Pleie og omsorg har ansvar for å gi individuell hjelp til dei som treng omsorg, behandling og pleie, gjennom ulike heimetenester og institusjonsomsorg. Jfr. Handlingsprogrammet for 2008: Fleire pasientar får høgare alder og treng stadig meir pleie, men heradet står ikkje overfor ei bølgje dei næraste åra, den vil koma frå ca. 2025. Det er tidspress og vanskeleg å hente inn vikarer, brukar difor stadig oftare vikarbyrå. I 2008 var staten spesielt oppteken av tiltak i tråd med plan for rekruttering og kompetanseheving i tillegg til eit kvalitativt godt tenestetilbod i tråd med lov og forskrift. Resultat Organisering: Tenesta har gjennom dei siste åra vore gjennom omfattande omstillingsprosessar der kravet til effektivitet og best mogleg utnytting av ressursane har vore i fokus. Ny endring vart vedteke i des. 2008, sjå over. Avdeling psykisk helse vart overført eininga hausten 2008. Tidspress: dei fleste avvik meldt i 2008 er knytt til stort tidspress og vanskar med å skaffe vikar og. Fleire grupper har ei pressa grunnbemanning. Ressursbruk, ressursfordeling og organisering (små/store grupper) er under kontinuerleg vurdering. Alternative arbeidstidsordningar vert nytta i 5 grupper. Tenestetilbodet : Tal brukarar ved årsskifte 531 (524 i fjor), fordelt på 456 i heimetenesta og 75 i institusjon. Tenesta har nådd målet om ei fleksibel og styrka heimetenesta og lik ressursbruk til heimeteneste- og institusjonsomsorg. Institusjon vert primært nytta til korttid, avlastning, rehabilitering og tilrettelagt tilbod for demente.. Venteliste: det har i periodar vore kø til institusjon og omsorgsbustad. Helse Bergen skriv pasientar tidlegare ut frå sjukehus, det gjev nye og større oppgåver. Det er ikkje motteke formell klage på tenestetilbodet Kompetanse og rekruttering: Det har vore problem med å hente inn vikarar og tenesta har nytta sjukepleiarar frå vikarbyrå det meste av året. 7 personar går på desentralisert sjukepleiarutdanning. 5 ufaglærte tok fagbrev i 2008 og 19 ufaglærte tok teoridel til helsefagarbeidar. 5 nye starta i 2008. 12

1.8 Sosialteneste Sosialteneste og NAV 2008 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 242 Rådgjeving, rettleiing og sosialt førebyggande arbeid 3 545 6 212-1 023 1 5 190 4 291 899 243 Tilbod til personar med rusproblem 86 509-164 -311 34 100-66 273 Kommunale sysselsetjingstiltak 3 416 3 516-6 0 3 510 3 621-111 275 Introduksjonsordning 3 008 4 209-65 0 4 144 4 984-840 281 Økonomisk sosialhjelp 6 383 7 303-542 21 6 782 5 570 1 212 285 Tenester utanfor kommunalt ansvarsområde 240 540-83 0 457 232 225 Sosialteneste og NAV 16 678 22 289-1 883-289 20 117 18 797 1 320 Merknader til driftsrekneskapet: Tenesta si nettoutgift vart 1,3 mill. kr. (7,0 %) meir enn budsjett og 3,4 mill. kr. (20,6 %) meir enn året før. Det største avviket finn vi under funksjonen Økonomisk sosialhjelp der auken i høve til 2007 var 0,4 mill. kr. (6,25 %), medan budsjettet var redusert med 0,8 mill. kr. i høve til rekneskapen for 2007. Avviket under funksjon 242 Rådgjeving, rettleiing og sosialt førebyggjande arbeid skuldast hovudsakleg ekstrakostnader i samband med NAV - etableringa som har vorte mykje dyrare enn opphavleg rekna med. Status Partnarskapen Det er gjennomført 2 møte etter plan. NAV - leiar deltek i Rådmannen si operative leiargruppe. Brukarar: NAV Kvam har etablert brukarutval og det er gjennomført kvartalsvise møte. Brukarmedverknad på systemnivå sikrar at NAVkontoret får tilbakemelding om korleis brukarane opplever kontoret, for slik å vera med å utvikle tenestetilbodet. Det blei gjennomført brukarundersøkjing i juni 08 med svært positive resultat. Brukarane svara på om korleis dei blei tekne imot i kontoret; venleg og tekne på alvor, høfleg og respektfullt møtt, naudsynt hjelp og informasjon, nyttar forståeleg språk, tilsette held det dei lovar. Medarbeidarar/ arbeidsmiljø: Velferdsreformen er også ein formidabel kompetansereform. Kontinuerleg opplæring har prega NAVkontoret i 2008. Det er gjennomført HMS- dialogkonferanse med tema Korleis kan eg medverke til eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø i ei krevande omstillingstid. Godt samarbeid med YHB. Medarbeidarundersøkjing vår og haust som viser god utvikling. Ingen arbeidsrelaterte sjukefråvær i 2008. Resultat Hjelp til rusmiddelavhengige har vore eit satsingsområde siste åra. Også i 2008 fekk Kvam statleg tilskot til miljøarbeid innan rusfeltet. Kvam har langt på veg gode helse- og sosialtenester på området, men har ei særleg utfordring når det gjeld høvelege bustader og hjelp til å meistra butilhøva. Jfr. Handlingsprogrammet 2008: Det er for lite satsing på ettervern i høve rusmisbrukarar. Kvam har gode tenester for integrering av flyktningar, men det er ei utfordring å skaffa høvelege bustader for å klara ta imot 30 personar pr. år slik heradstyret har vedteke. Hausten 2008 vart det starta arbeidsmarknadskurs på Norheimsund vidaregåande skule der fleire flyktningar er godt i gang med Helsefagarbeidarutdanning. Kvalifiseringsprogram m/tilhøyrande stønad, det nye politiske virkemiddelet i høve Fattigdomssatsinga, har medført redusert utbetaling av sosialhjelp til personar som har vore langtidsmottakarar. Det er knytt krav om arbeidsretta aktivitet til den nye stønaden. Det gir brukaren hjelp ut av passivt tilvære men krev og meir tid/ oppfylgjing frå dei tilsette i NAV. God tverrfagleg jobbing på området, blei belønna av Fylkesmannen med 15.000 til kompetansegjevande og sosiale tiltak. Midlane blei nytta til fagleg/sosial samling med fagleg innlegg frå RIO (rusmisbrukarane sin interesseorganisasjon). 13

Tenesteproduksjon: (tal frå 2007 i parantes) 220 (197) personar/ familiar mottok sosialhjelp. Auken er i aldersgruppa 25-44 år og blant dei som fekk hjelp over kort tid. Langtidsmottakarar er redusert. 18 personar var i Kvalifiseringsprogram pr. 31.12.08. Måltalet for Kvam var sett til 16. Godt resultat medførte auka øyremerka tilskot for 2009. 11 (13) gjeldsrådgivingssaker vart handsama 19 (23) rusavhengige vart fylgt opp med tiltak og behandling 28 (30) flyktningar vart busette i kommunen. 14

1.9 Barnevern Funksjon Rek 07 Barnevern - 2008 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 244 Barnevernteneste 3 191 4 168-133 1 4 036 4 337-301 251 Barneverntiltak i familien 2 088 2 973-15 0 2 957 2 645 312 252 Barneverntiltak utanfor familien 2 693 3 886-137 0 3 749 4 550-802 Barnevern 7 972 11 026-285 1 10 742 11 533-791 Merknader til driftsrekneskapet: Barnevernstenesta har hatt eit mindreforbruk i høve til budsjett på 0,8 mill. kr., men samanlikna med 2007 har dei kommunale utgiftene auka med 2,8 mill. kr. (34,75 %). Som det går fram av tabellen over, har alle tre funksjonsområda auka mykje samanlikna med 2007. Lønsutgiftene har auka med 0,85 mill. kr. (18,7 %), men mindre enn forventa i budsjett. Kjøp av varer og tenester har auka med 0,65 mill. kr. (85,9 %), også dette mindre enn budsjettert. Overføring til andre har auka med 0,94 mill. kr. (81,5 %). Dette er 0,3 mill. kr. meir enn forventa i budsjett. Samtidig vart inntektene redusert med 0,3 mill. kr. Blant årsakene til auken i utgifter har vi høg lønsvekst, auka løn til engasjement og fosterheimsgodtgjerdsle, utgiftsdekning for fosterheimar, flytting av barnevernstenesta frå rådhuset til Gamlebanken (husleige) og auke i hjelpetiltak. Status Det har vore ein liten auke i tal saker i 2008 mot året før. 36 av 101 sakene det vart jobba med ved utgangen av 2008 er komplekse, omfattande og innehar ein høg alvorsgrad. I alvorlege saker ligg ulike problemstillingar til grunn: foreldra maktar ikkje å gje omsorgen p.g.a. manglande evne eller innsikt heimesituasjonen er prega av rus og/eller vold, og/eller psykiske problem born utsett for seksuelt misbruk samlivsbrot med høgt konfliktnivå mellom foreldra der borna blir svært skadelidande ungdomssaker med åtferdsproblem, rus og/eller psykiske problem Utekontaktane har fast trefftid på alle ungdomskular og vidaregåande skular i kommunen, driv Ungdomsbasen, er i ungdomsmiljøa når det er spesielle arrangement på kveldstid, har hatt jentegrupper i 9. kl., har hovudansvaret for gjennomføring av det rusførebyggjande ung-til-ung-programmet To Do or Not To Do. Utekontaktane har samarbeidd med andre i fleire ulike prosjekt i løpet av 2008: Idrettskonsulent, folkehelsekoordinator, Trygg trafikk, politiet, motorsportsenteret, kulturkontoret, helsesøstrene og Lions. Resultat Tenesta mottok fleire saker med lågare alvorsgrad enn året før, men det er framleis slik at dei fleste sakene er svært alvorlege før dei kjem til barnevernet. Barneverntenesta mottok 35 nye meldingar i 2008 mot 55 i 2007. Barneverntenesta hadde tiltak for tilsaman 123 barn i 2008 mot 116 året før. 22 saker vart henlagt i løpet av 2008. Ved årsslutt var 10 born plasserte utanom heimen. Av desse er 4 under omsorg (vedtak i fylkesnemda), 6 er frivillig plasseringar i fosterheim eller institusjon. Ein ungdom mottek ettervernstiltak etter fylte 18 år. Ei sak vart handsama i fylkesnemda med forslag om å overta omsorga for eit barn. Barneverntenesta har motteke 2 klager i 2008. Ein klage frå ein far som meiner at barnverntenesta ikkje gjer ein fagleg forsvarleg jobb. Klagaren fekk ikkje medhald i sin klage hjå Fylkesmannen. Den andre klagen kom frå ein familie som meinte at barneverntenesta ikkje hadde grunnlag for å gjennomføra undersøkelse i heimen. Klagaren fekk ikkje medhald i sin klage. 15

1.10 Vatn, avløp og renovasjon /avfall Funksjon Vatn avløp og renovasjon/avfall - 2008 Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 340 Produksjon av vatn 0 2 771 0-2 771 0 0 0 345 Distribusjon av vatn -1 816 3 813-8 887 3 419-1 655-1 617-38 350 Avlaupsreinsing 0 1 071 0-1 071 0 0 0 353 Avlaupsnett / innsamling av avlaupsvatn -1 944 4 519-7 727 1 436-1 772-1 876 104 354 Tømming av slamavskillere 0 1 997-1 703-294 0 0 0 355 Innsamling av avfall 0 23-810 787 0 0 0 357 Attvinning og slutthandsaming av avfall -362 592 0-913 -322-360 39 Vatn avløp og renovasjon/avfall -4 122 14 786-19 128 593-3749 -3 853 105 Merknader til driftsrekneskapet: Driftsrekneskapen viser eit netto overskot på 3,75 mill. kr. i 2008, ein reduksjon i høve 2007 på 0,37 mill. kr.(- 9,0 %). I høve til budsjett var dette 0,1 mill. (2,8 %) lågare enn forventa. Rammeområdet har berre mindre endringar i høve til budsjett. VAR området skal ikkje ha overskot, difor vert det berekna kalkulatoriske rente som vert sett av på VAR fond, jfr. VAR noten. Status: Ansvarsområdet for VA- er utvida i løpet av 2008, ved at Oma og Ålvik er kome til. Deltaking i prosjektet Hordalekk gjennom DIHVA har gjeve betre kunnskap om lekkasjar på vassforsyningsnettet og ført fram til gode handlingsplanar for å redusera desse. Bemanning: Den er god på driftsoperatørsida, der vi har brukbar bemanning og svært god kompetanse. På fagleiarsida var det tilsett fagleiar VA i 2008-og oppgradering av kvalitetssystem mv. vart gjennomført. Diverre slutta ho til nyttår, og bemanninga på fagleiarsida blir såleis ikkje tilfredsstillande i 09. Prosjekt: Oppstarta prosjekt er stort gjennomført som planlagt oppstart av ein del nye prosjekt er forseinka el. utsett. Kostnadsmessig viste gjennomgang hausten 08 at inndekninga grunna store investeringar blir for dårleg på fleire av områda, og gebyrauke blir nødvendig. Resultat 2008 (jfr. målsetjingar i budsjett 08): Hovudmålet om å vidareføra arbeidet med gjennomføring av vassforsyningsplan og hovedplan avløp utan gebyrauke vart i oppfylt i 08. For vidare år vil ikkje føresetnaden om å unngå gebyrauke vera mogeleg. Lekkasjeutbetring: Det er utført lekkasjesøk og utbetringar i 2008. Ein del av det ved planlagde søk/utbetringar m.a. i tilknytting til prosjektet Hordalekk, men dei største tiltaka og kostnader har kome som resultat av lekkasjar og nødvendige utbetringar. Generell utskifting av gammalt nett er i liten grad gjort. Nødvendige tiltak som montering av vassmålarkummar og nye målepunkt er starta opp. Overtaking Oma/Ålvik: Desse er no overtekne, formell overføring vart ikkje gjort for Ålvik i 08. Separering spillvatn: Separering for mindre strekk m.a. i samband med lednings/vegarbeid i Torpevegen. Gjennomføring resipientundersøking: Innhenting av tilbod og val av leverandør gjort 08, sjølve undersøkinga blir i 09. Ein del seinking av formelle årsaker, m.a. nødvendige avklaringar mot Fylkesmannen og spesifikasjon av krav derfrå. Søknad til Fylkesmannen om primærreinsing blir sendt når undersøkinga er ferdig. Frist for oppgradering av avløpsreinsing er lengd. Kvamskogen: o Kvamskogen forsyningsområde er noko utvida, ved at leidningsnett er ført fram til Maovotni. o Utbyggingsmønster og modell for vidareføring mot Samnanger er ikkje avklart. Oppgradering av sannsynlege kostnader og fordeling av utbyggingskostnader er gjort. o Forprosjekt oppgradering av vassverk Kvamskogen er ikkje gjennomført. Sluttføring prosjekt: Vidareføring Kvamskogen, Avløp Vikøy, VA Torpevegen, tilknyting Oma og nytt overvakings/styringsanlegg er gjennomførte. Prosjekt overvakings/styringssystem er ikkje avslutta. Oppgradering vassforsyingsplan: Ikkje starta, er utsett. Renovasjon: Renovasjonstenestene levert av BIR er tilfredsstillande, svært få førespurnader til heradet om desse. 16

1.11 Fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø Plan - 2008 Funksjon Rek 07 Drifts. utg. Drifts. innt. Finans/ fond Rek 08 Bud 08 Avvik ramme 301 Plansaksbehandling 1 286 4 779-602 -139 4 038 2 581 1 457 Byggje-, delings- og 302 seksjoneringssaker 770 3 319-1 930 0 1 389 2 305-916 303 Kart og oppmåling 1 917 3 002-1 062 1 1 940 2 167-227 Plan 3 973 11 100-3 594-138 7 367 7 053 314 Merknader til driftsrekneskapet: Planfeltet auka sine nettoutgifter i 2008 med om lag 3,4 mill. kr. (85,4 %) samanlikna med 2007. I høve til budsjett var dette ei meirutgift på 0,3 mill. kr. (4,4 %). Auken skuldast dels satsing på planfeltet med tilsetjing av fleire sakshandsamarar (løn auka med om lag 1,5 mill. kr.) og dels reduserte inntekter pga lågare aktivitet (færre saker) enn i 2007 (inntektene var reduserte med 1,35 mill. kr. ). I tillegg auka kjøp av varer og tenester med om lag 0,6 mill. kr. samanlikna med 2007. I høve til budsjett var dette 0,3 mill. lågare enn forventa. Status Kvam herad omorganiserte sitt ansvarsområde som plan- og bygningsstyresmakt etter mars 2008. Eining for offentleg planar vart ein del av rådmannen sin stab. Eining for byggjesak og private planar vart ei eige operativ eining med ansvar for byggjesak, private planar, geodata, delingssak, eigedomsforvalting og informasjon. Samarbeid med private planar og byggesak fungerer godt og fungerer i høve til intensjonane om at kommunen skal vera ein viktig bidragsytar innafor både kortsiktig og langsiktig planlegging. Resultat offentlege planar Endeleg vedtak av reguleringsplanar i 2008 Busdalen-ny barnehage i Øystese: Reguleringsplan for Busdalen vart godkjent av heradsstyret 1. juli 2008. Planen omhandlar ny barnehage i Øystese. Haldeplassen Kaldestad-Norheimsund sentrum: Mekling vart gjennomført i 2008 og planen vart endeleg godkjent av heradsstyret i desember 2008. Planen gjer det mogleg å utvikla Norheimsund vidare til innbyggjarane og kommunen sitt beste. Hansvågen: Heradsstyret i Kvam gjorde i juli 2008 vedtak om å sende reguleringsplan og konsekvensutgreiing for nytt skipsverft i Hansvågen til Miljøverndepartement. Departementet har enno ikkje gjort endeleg vedtak i saka. Oppstart av reguleringsplanar i 2008 Ålvik sentrum: Oppstart av reguleringsplan av reguleringsplan for Riksveg 7 frå Torget til Tyrvefjøra - Ålvik sentrum. Planen tek i hovudsak for seg riksvegen og torget midt i sentrum i Ålvik. Planen skal leggjast fram for 1. gongs handsaming i 2009. Ny barnehage i Tørvikbygd: Oppstart av reguleringsplan for ny barnehage i Tørvikbygd (gjeld ny barnehage i er i svært godt gjenge. Planen ska leggjast fram for 1. gongs handsaming i 2009. Øystese sentrum - Hardangerbadet: I samband med regulering av Hardangerbadet har Kvam herad sett i gang arbeid for regulera sentrale område i frå Øysteseelva til Øysteseparken. Tema for planen er parkering, rekreasjon og bading i sentrum, strandveg, bårehus og gravplass. Arbeidet er i gang og vil gje gode moglegheiter for eit attraktivt sentrum. Planar som er under arbeid i 2008 Kommunedelplan for Kvamskogen: Arbeidet med kommunedelplan for Kvamskogen har vore ein altfor langvarig prosess. Planen var ute til høyring og offentleg ettersyn i 2007. Offentleg planar i lag med politisk gruppe har ansvaret for at planen kjem til endeleg vedtak i heradsstyret. I 2008 har arbeidet med planen hatt fokus på løysingar i høve til motsegn frå Fylkesmannen. Reguleringsplan for RV 49 Norheimsund - Vikøy: Planarbeidet er godt i gang og tek for seg strekkja frå Norheimsund til Vikøy. Planen omfattar i stor grad køyreveg og gang og sykkelveg. Planen skal opp til 1. gongs handsaming i 2009. Reguleringsplan for RV 7 Steinstøberget 17

Reguleringsplan for RV 7 Øystese - Laupsa/Skarpasvingen Reguleringsplan for RV 7 frå Nes til Skipadalen Reguleringsplan for RV 49 Lingaparsellen Vedtak om oppstart i 2007. Arbeidet er finansiert via lån til Kvam bompengeselskap og er eit nært samarbeid mellom Statens vegvesen og Kvam herad. Statens vegvesen har engasjert prosjektleiar for å komma i gang med arbeidet. Reguleringsplan for Rv-49 Oddland Lidarende: Arbeidet med reguleringsplan for Oddland- Lidarende har stort sett stått i ro i 2008. Arbeidet omhandlar gang og sykkelveg på strekkja og er tatt opp att i 2009. Reguleringsplan for Laupsa: I samsvar med pkt 49 i budsjettvedtak frå 2008 har heradsstyret gjort vedtak om at reguleringsplan for Laupsa ikkje skal omfatte næringsareal i Oddesvik. Kommunen har i 2008 konsentrert seg om dei offentlege interessene i planen, som stort sett omhandlar friområdet, slik det er tilrettelagt for i kommuneplanen sin arealdel. Skytebane i Vangdalsåsen: Arbeidet med ny skytebane har tatt tid. Problemstillingane i 2008 har vore å få på plass alle skytedisiplinar i samsvar med heradsstyret sitt vedtak. Problemstillingane knyter seg til støy og interne sikkerheitstilhøve, slik at flest mogleg skyteaktivitetar kan føre gå i Vangdalssåsen. Prosjekt Seminar om Tettstadsutvikling og arkitektur starta opp i 2008. Prosjektet skulle vera ein felles arena for kommunane og byggenæringa i Kvam. Prosjektet vart avslutta etter 4 samlingar pga kutt i budsjett for 2009. Arealbehov til bustadføremål i hovudbygdene er lagt fram for nærings, plan og bygningsutvalet i samsvar med pkt 23 i budsjettvedtaket for 2008. Konklusjonen er at dei fleste bygdene har areal på kommuneplannivå. Utfordringa er å få i gang regulering i Norheimsund og Strandebarm. Arbeidet med område Straumbrua-småbåthamna på Tolo (jmf pkt 24 i budsjett for 2008). Prosjektet er finansiert for 2009. Prosjektet vil gje eit løft for Norheimsund som regionsenter og vil vera nyttig i høve til utnytting av steinmassar tilført frå andre prosjekt. Resultat byggesak og private planar Kart og stadfesta informasjon Geodataavdelinga forvalter samla eit digitalt ledningsnettverk på 386,5 km / 6671 VA-punkt/ 1108 VAvedlegg (skisser, bilete). Samanlikna med talet i fjor er det kartlagt 70 km VA-ledning, som ei ei auke på 18 %. Geodataavdelinga kartla i samsvar med plan for omløpskartlegging vedlikehald av FKB kartdata for Kvamskogen i 2008. Nye ortofoto/flybilde med høg oppløysing (M 1:8000). Kartleggingsarbeidet er organisert gjennom GEOVEKST-samarbeidet, som gir Kvam herad i gjennomsnitt ca. 3 kroner tilbake for kvar investert krone. Arbeidet med geodataplan og digitalt planarkiv har stort sett stått stille. Dispensasjon. FSK/NPB-utvalet handsama 62 søknader om dispensasjon, som i hovudsak galdt dispensasjon frå gjeldande plan (kommuneplan og eller reguleringsplan). Av desse galdt 9 saker dispensasjon frå 17-2 i pb-lova, som gjeld forbod mot tiltak i strandsonen (100 beltet). Fylkesmannen har påklaga 2 av FSK/NPB utvala sine vedtak om å gje dispensasjon til frådeling av tomt frå i 100 m beltet. Fylkesmannen har fått medhald i ei av klagene. Samarbeid Vår eining fremma 106 saker for NPB-utvalet i 2008. Kvam herad presenterte status for strandsoneforvaltinga i Kvam herad i planforum i januar 08. Eininga har hatt møte med regionale planstyresmakter i alle plansaker. Tilsyn Det er gjennomført tilsyn i 16 ulike saker, og 3 av tilsyna enda med stoppordre. Det vart til samanlikning utført 24 tilsyn i 2006 og 29 tilsyn i 2007. Eininga har gjennomført dokumenttilsyn i 5 % av alle byggesakene(ca 200 saker). Tema for tilsyna er mangelfull søknad og ettersyn av ansvarleg søkjar, manglande ferdigattest, ulovleg tiltak, m.m. PRIVATE PLANAR. Endeleg vedtak av reguleringsplanar i 2008 (7). Heradsstyret handsama alle reguleringsplanar som vert godkjent og planutvalet godkjenner mindre vesentlege reguleringsendringar. 18

Fosse i Strandebarm. Godkjent reguleringsplan for leiligheiter i gamle handelslaget på Fosse i Strandebarm. Ljonesvågen hyttefelt. Godkjent reguleringsplan for hyttefelt med 19 hyttetomter i Ljonesvågen. Eikedalen hyttefelt. Godkjenning hyttefelt med 51 hyttetomter i Eikedalen på Kvamskogen. Reguleringsendring i Hegrehaugen bustadfelt. Mindre vesentleg reguleringsendring av føresegnene i reguleringsplanen for Hegrehaugen. Reguleringsendring Haukås hyttefelt. Mindre vesentleg reguleringsendring av reguleringsplan for del av gnr 109 bnr 2, Øvre Haukås i Strandebarm Reguleringsendring Kvinnhovden/Alhovden hyttefelt. Reguleringsendring for del av gnr 19 bnr 17 m.fl., Kvinnhovden/Alhovden, Kvamskogen. Reguleringsendring i næringsområde Sandvenhagen-Mo. Søknad om mindre vesentleg endring av reguleringsplan for del av gnr 11 og gnr 12. Næringsområde Sandvenhagen - Mo. Endringa gjeld føresegnene 9.1.2; auka mønehøgd frå 15 meter til 16 meter. Oppstart av reguleringsplanar i 2008 (7) FSK/NPB som det faste utval for plansaker gir sin tilslutning /avslag til søknader om å få starte regulering i Kvam herad. Planutvalet tilrådde alle oppstartsmeldingane. Ny felles gravplass for Øystese og Vikøy sokn Kvam Nærings-, plan- og bygningsutval som det faste utval for plansaker ber rådmannen leggje fram ei sak med sikte på å regulere nye gravplassar for Øystese sokn og Vikøy sokn. Utviding av eksisterande industriområde i Norheimsund. Reguleringsplan for å auke tal parkeringsplassar og betre tilkomst til eksisterande verkstad/næringsbygg ved Europris, på del av gnr 11 bnr 5 m.fl. mellom Rv7 og Movatnet i Norheimsund. Nytt bustadfelt i Norheimsund. Godkjent oppstart av regulering av bustadfelt på gnr 11 bnr 46 m.fl Sandven. Nytt senterområde på Kvamskogen. Godkjent oppstart av regulering av nytt senterområde med forretning, hytter, leiligheiter, parkering m.m. på Alhovden, gnr 19 bnr 686 m.fl., Kvamskogen. Utviding av industriområdet i grustaket i Øystese. Godkjent oppstart av regulering av landbruksareal til industriføremål for gnr 43, bnr 5, 214 og 215 - Grustaket i Vik, Øystese. Utviding av Hardingasete, Ljonestangen. Godkjent oppstart av regulering på gnr 95 bnr 7 og 36, for å utvide Hardingsete, Ljonestangen. Ny gjeste- og småbåthamn med opplærings- og treningssente, Strandebarm. Godkjent oppstart av regulering på del av gnr 121 og bnr 140, til gjeste - og småbåthamn og opplærings- og treningssenter for sjøsport ved Tangeråsneset i Strandebarm. Private planar som er under arbeid i 2008 Ved andre tertial 2008 viste planprogram at det var 34 private reguleringsplanar under arbeid i Kvam herad. I tillegg kjem to planar, som er under arbeid i samarbeid mellom private og Kvam herad. Konsekvensutgreiing. NPB-utvalet vedtok at det skal utarbeidast konsekvensutgreiing for Dammvegen i Ålvik. Ekspropriasjon Kvam herad har ikkje starta nye ekspropriasjonssaker. 19

Refusjon. Ein refusjonssak er behandla, og vedtaket er påklaga. Deling Kvam herad mottok i alt 124 nye delingssøknader i 2008. Gjennomsnittleg behandlingtid totalt er 19 dagar derav 3 dagar i snitt går til å vente på manglande papir. NPB/FSK har behandla 26 delingssaker. 22 av delingssakene vart behandla etter 7 i pb-lov om dispensasjon frå plan. 2 vart behandla etter 17-2 dispensasjon frå byggeforbodet i 100 - metersonen lang sjøen. Rådmannen handsama om lag 110 delingssaker på fullmakt. 3 galdt seksjonering, 86 frådeling av bygge-/-vegparsellar og øvrige saker galdt andre føremål. Bustadføremål Fritidsføremål Tilleggsareal Anna NPB/FSK 14 3 9 Rådmannen 40 49 3 18 Det er motteke 4 klagar på delingssaker i 2008. To er påklaga av Fylkesmannen, som har vunne fram med ei av klagene i strandsona. Øvrige klagar er avvist av klageinstans. Byggjesak. Det kom inn 354 nye byggjesaker i 2008. Rådmannen handsama 206 byggesaker på fullmakt. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid er 38 dagar derav 17 dagar går med til å vente på manglande dokumentasjon frå søkjar. Søknad om løyve til tiltak Søknad om endre løyve til tiltak Søknad om rammeløyve Søknad om igangsettingsløyve Søknad om tilkobling til VA Sum 84 18 14 20 46 9 I tillegg er det handsama om lag 90 meldingssaker. Søknad om utsleppsløyve Totalt vart det klaga på om lag 15 vedtak, som fordeler seg slik; Tiltak Utsleppsløyve Avslag/avvis Stoppordre,retting Anna Sum 10 1 2 1 1 3 klager er ikkje behandla. 7 klager vart ikkje tatt til følgje av klageinstans, medan 5 klager vart tatt til følgje. Av klagene som vart tatt til følgje, vart 4 vedtak om å gje byggjeløyve oppheva, medan 1 vedtak om avslag vart omgjort til eit byggjeløyve. Konsekvensane av at klager vert tatt til følgje, er m.a. krav mot kommunen om attendebetaling av saksomkostningar. Straff og ulovleg arbeid. Det er ikkje gjort vedtak etter kap. XVIII straffansvar i pb-lova. Kart- og delingsforretning Det vart utført om lag 110 kart og delingsforretningar i 2008. Eigedom Politikarane handsama tre saker om kjøp av grunn i 2008. Innløysing av grunn til g/s-veg på Tangerås. Tilleggsareal til Hardanger Fartøyvernsenter - Omdisponering av midlar. Kjøp av gnr 43 bnr 22 i Kvam herad Tilbod om kjøp av kaianlegg på Kaldestad, gnr 10 bnr 97. Innløysing av parsell frå gnr. 95, bnr. 2 i Kvam - Ljonesvågen. Rådmannen har jobba med omlag 70 ulike saker. Hovudtyngden av sakene går ut på å utforma avtalar for ulike føremål og å følge opp skjønnsutmålingar. Ein har arbeidd med fleire vegsaker, og gitt merknader til nabovarsel og evt fråsegn til søknader om å dispensere frå plan. Informasjon Kvam herad nyttar INFOland for distribusjon og sal av eigedoms- og planinformasjon m.m. Det er få tilfelle der leveringtida går ut over 5 dagars fristen sett i INFOland. Webinnsyn er kobla til infoland slik at kven som helst kan gå inn å få levert digitale kartfiler etter 5 10 min. I tillegg til INFOland leveransar, har ein sendt ut om lag 150 ulike andre brev med kopi av plan og eigedomsinformasjon m.m. Prosjekt Skredfareprosjektet. Oppstart av eit eitt-årig metode- og kartleggingsprosjekt, for å få oversikt over skredfaren i Kvam herad. Skredsikring av Gartveit er og eit stort prosjekt einingar har jobba mykje med i 2008. Vi har fått til eit internkommunalt samarbeid på fagområdet. 20