HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201008856-3 Arkivnr. A. 44.00 Saksh. Corwin, Lise Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 11.01.2011 27.01.2011 HØYRINGSUTTALE TIL NY HELSE OG OMSORGSPLAN SAMANDRAG Helse- og omsorgsdepartementet la 18.oktober 2010 fram forslag til ny Nasjonal helse- og omsorgsplan - Fremtidens helsetjeneste: trygghet for alle - med høyringsfrist 18.01.2011.Innstillinga til Opplærings- og helseutvalet vil bli sendt som førebels høyringsuttale for å halde fristen. Vedtaket frå Fylkesutvalet 27.01.11 vil bli ettersendt. Målet er å vidareutvikle planen til ei stortingsmelding i 2011. Regjeringa la frem samhandlingsreforma i 2009. Målet med reforma er å redusere sosiale ulikskap i helse, og at alle skal ha et likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester. Nasjonal helse- og omsorgsplan skal vise korleis reforma skal gjennomførast. Som ledd i reforma er det også lagt fram ny folkehelselov (sjå anna sak) saman med forslag til ny kommunal helse- og omsorgslov. Desse vil erstatte lov om fylkeskommunars oppgåver i folkehelsearbeidet, sosialtenestelova, og kommunehelsetenestelova. Regjeringa vil at nasjonal helse- og omsorgsplan skal sikre god politisk styring gjennom å vere eit strategisk styringsdokument for helsetenesta og bli eit meir operativt reiskap for prioriteringar innanfor dei samla helse- og omsorgstenestene. Planforslaget tek føre seg helseutviklinga, helseutfordringar og gjennomføring av samhandlingsreforma. Under dette ligg seks hovudtema: folkehelse, framtidas kommunehelseteneste, heilskap og samanheng, ny pasientrolle, kvalitet og faglegheit, og helsepersonell. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Hordaland fylkeskommune er positiv til forslag til ny Nasjonal helse- og omsorgsplan som tek sikte på å få ein betre samordning mellom folkehelsearbeid, helsetenester og omsorgtenester. Dette kan skape samanheng i tenestene og auke fokus på og betre samordninga av folkehelsearbeidet. 2. Fylkesutvalet vil peike på at planen fokuserar hovudsakleg på helsetenestene si rolle. Skal ein lukkast med å få fokus frå behandling til førebyggjande og helsefremjande arbeid, må planen i større mon fokusere på helsefremmande arbeid, livskvalitet, sosial ulikskap, og andre sektorar si påverknad på folkehelsa.
3. For at fylkeskommunen skal lukkast med rolla som samordnar og understøttar for folkehelsearbeidet i fylket, må roller og verkemiddel for folkehelsearbeidet bli tydlegare i planen. 4. Fylkesutvalet meiner det er trong for å tydeleggjere kva rolle lokalsjukehusa skal ha i samhandlingsreforma. Særleg viktig er det å inkludere korleis kommunane skal sjå samanheng mellom lokalmedisinske sentra og lokalsjukehusa. Det bør presiserast korleis man skal opprette eit kostnadsbesparande samarbeid om unødige innleggingar. 5. Planen bør spesielt tydeleggjere korleis ressurssvake personar med dårleg tilgjenge til helsetenester skal få den hjelpa dei treng i helsetenesta. Det bør vurderast å kutte eigendelen til dei ressurssvake i helsetenestene for å ikkje skape sosial ulikskap. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Samandrag av forslag til plan. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 22.11.2010: Ny Nasjonal helse- og omsorgsplan - fremtidens helsetjeneste: trygghet for alle- har som mål å vidareutviklast til ei stortingsmelding i 2011. Regjeringa la frem samhandlingsreforma i 2009. Målet med reforma er å redusere sosial ulikskap i helse, og at alle skal ha eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester. Nasjonal helse- og omsorgsplan skal vise korleis reforma skal gjennomførast. Ny folkehelselov vil (sjå anna sak) saman med forslag til ny kommunal helse- og omsorgslov erstatte lov om fylkeskommunars oppgåver i folkehelsearbeidet, sosialtenestelova, og kommunehelsetenestelova. For heile planen, sjå https://fremtidenshelsetjeneste.regjeringen.no/ BAKGRUNN Regjeringa vil at nasjonal helse- og omsorgsplan skal sikre god politisk styring gjennom å være eit strategisk styringsdokument for helsetenesta og bli eit meir operativt reiskap for prioriteringar innanfor dei samla helse- og omsorgstenesta. Planforslaget tek føre seg helseutviklingar, helseutfordringar og gjennomføring av samhandlingsreforma. Under dette ligg seks hovud tema: folkehelse, framtidas kommunehelseteneste, heilskap og samanheng, ny pasientrolle, kvalitet og faglegheit, og helsepersonell. Det som er viktigast for Hordaland fylkeskommune er: 1. Utviklinga: Dei fleste i Noreg har god helse, men sjukdomsbiletet har endra seg frå smittsame sjukdommar til kroniske sjukdommar som kan skuldast levevanar. Utviklinga av nye behandlingstilbod skaper også auka behov for tenester. 2. Utfordringar for helse- og omsorgstenesta: Målet er flest mogleg gode leveår og å redusere sosiale skilnadar i befolkninga. Utfordringa er å avgrense og førebygge sjukdom, å sikre gode heilskapleg tenester, og likeverdig fordeling av resursar. God helse skapast ikkje gjennom helsesektoren, men gjennom folkehelsearbeid på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Samhandlingsreforma skal sikre ein betre balanse mellom spesialisthelsetenesta og kommunal helse- og omsorgstenester. Fokus må aukast på kvalitet og faglegheit, god leiing, omstilling og at vekst i helsebudsjett skal i åra framover gå til kommunane. 3. Gjennomføring av samhandlingsreforma: Måla er satsing på helsefremmande og førebyggande arbeid for å skape livskvalitet og redusert behov for helsetenester, å flytte behandling av enkelte pasientgrupper frå spesialist- til kommunehelsetenesta, meir heilskaplege tenester og å sikre ei berekraftig utvikling av helsetenesta. Dei viktigaste verkemidla, er lover og forskrifter (folkehelselova), avtalar, eigarstyring av spesialisthelsetenesta, organisering, finansiering og ressurstilgang, nye tenester og tilbod (t. d lokalmedisinske sentra), faglege styringsverktøy, personell- og kompetanseutvikling og planarbeid. 4. Folkehelse Nasjonale folkehelsetiltak: Sjukdomsbiletet i Noreg i dag skildrast med kroniske sjukdommar basert på levevanar og at muskel- og skjellettsjukdommar er den største grunnen til at mange er ufør i Noreg. Målet er å redusere helse skilnadar og skape fleire gode leveår, gjere det enklare for folk å ta sunne val, at fleire sektorar og forvaltingsnivå skal engasjere seg i folkehelsearbeidet, betre samarbeid med frivillig sektor, og å skape nøkkeltal på folks helseåtferd og helsetilstand. Føreslåtte verkemiddel er å vidareutvikle strategiar og planar på tvers av departement, strukturelle verkemiddel forandring av levevanar, arbeidet må skje der born og unge er t. d skole. Lokale folkehelsetiltak: Ny folkehelselov (sjå anna sak) vil regulere fylkeskommunar og kommunar si rolle. Sjølv om folkehelsearbeidet har blitt styrka dei siste åra, ligg utfordringa i å forankre dette arbeidet i plan- og styringssystem slik at ein oppnår systematisk og langsiktig arbeid. Kommunane får ansvar for folkehelsearbeid i alle sektorar og helseovervaking. Fylkeskommunar skal framleis ha som oppgåve å fremme 3
folkehelse i eiga forvalting og tenesteyting, fremme og understøtte kommunane i folkehelsearbeidet, samt helseovervaking i fylket. Verkemiddel: Utvikle og gjennomføre ein plan for iverksetting av ny folkehelselov som eit samarbeid mellom statlege myndigheiter, fylkeskommunar og kommunar. Skape oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Lage rettleiar og standard for godt folkehelsearbeid. Kompetansehevande tiltak. Sosial ulikskap og helse: Det er store og aukande sosiale skilnadar i Noreg. Dei som har best økonomi og utdanning har best levevanar og helse. Målet er å sikre gode levekår for dei som treng det, redusere økonomiske skilnadar, auke innsats mot fattigdom, sikre like rettar for alle menneske som treng helse- og sosiale tenester, fremme eit inkluderande og sunnare arbeidsliv, og å redusera ulikskap i helseåtferd. Verkemiddel: Auka fokus på tidleg intervenering for gode levekår, utdanning og arbeid. Skape mogligheiter til å studere sosiale skilnader. Målretta arbeid mot heile befolkninga, men og spesielt mot særskilde grupper t. d innvandrar og samar. Helsedirektoratet skal rapportere årleg på Nasjonal strategi for å utjamne sosiale skilnadar. Arbeid og helse: Nesten 700 000 personar i Noreg i yrkesaktiv alder er utanfor arbeidslivet. Kun 70% av elevar i den vidaregåande skulen fullførar. Verkemiddel: Vidareføre IA-avtala. Redusere sjukefråværet, auke avgångsalder i arbeidslivet, sikre rekruttering av særskilte gruppe til arbeidslivet. Vidare betre og meir effektiv sjukefråværsordning, samt rehabilitering og oppfølging. Informere om risiko av arbeidsfråvær på helsa. Redusere fråfallet i skulen ved hjelp av identifisering- og oppfølging i skulehelsetenesta. 5. Framtida si kommunehelseteneste: Samhandlingsreforma legg vekt på endringar som kan understøtte målsettingane i reforma skal utgreiast. Pleie- og omsorgstenestene skal betrast gjennom å betre samarbeidet med medisinsk behandling, ved auka kompetanse og fokus på verdigheit. Det skal lagast ei forskrift om verdig eldreomsorg. Det skal vurderast gjennom samhandlingsreforma om kommunane skal få eit større ansvar for habilitering og rehabilitering. Samhandlingsreforma skal sikre meir heilskaplege og samanhengande tenester. Det blir føreslått kommunal medfinansiering. 6. Sjukehusstruktur: Sjukehusa vil få andre oppgåver enn i dag. Dei regionale helseføretaka skal spesialisere sine tenester til befolkninga. Ingen lokalsjukehus skal leggast ned, dei skal vidareutviklast. Kommunane skal gjennom samhandlingsreforma få eit større ansvar for behandlinga av befolkninga. Samarbeidet skal betrast. 7. Heilskap og samanheng: Tilgjenge av helsetenester skal betrast gjennom moderne informasjonsspreiing, meir fleksible opningstider, lage prioriteringsrettleiarar for å sikre lik tilgang til spesialisthelsetenesta uavhengig av bustad, og det skal revurderast krav til ventetid. Finansiering av helsetenesta skal endrast i form av trekk frå spesialisthelsetenesta til auking i kommunane sine midlar. Dette skal og baserast på kosnadsbesparande samarbeid mellom kommunal- og spesialisthelsetenesta for å hindre unødige innleggingar. Psykisk helse og rus: Opptrappingsplanen for rusfeltet forlengast med to år, den skal også betre tilgjenge av tenester. Somatiske og psykiske sjukdommar skal likestillast gjennom Lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Det førebyggande arbeidet skal styrkast gjennom m. a å gi fastlegane større ansvar. 8. Ny pasientrolle: samarbeid med frivillig sektor skal styrkast gjennom partnarskap for folkehelse i fylka, lærings- og meistringstiltak og det offentlege tenestetilbodet. 4
Strategien om partnarskap med familie og lokalsamfunn i Omsorgsplan 2015 er eit verkemiddel. 9. Helsepersonell: det skal utviklast relevante utdanningar i tråd med samhandlingsreforma. I tillegg skal det fokuserast på korleis helsetenesta er organisert og korleis ein kan behalde og utvikle gode medarbeidarar i alle delar av tenesta. DRØFTING Hordaland fylkeskommune er positiv til forslag om ny Nasjonal helse- og omsorgsplan som samlar folkehelse og helse- og omsorgtenester. Dette kan skape samanheng i tenestene. Planforslaget kan styrke folkehelsa i Noreg med intensjon om eit systematisk, samordna, godt forankra, tverrfagleg, tverrsektoriellt, kontinuerleg og kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Regjeringa vil at Nasjonal helse- og omsorgsplan skal sikre god politisk styring gjennom å vere eit strategisk styringsdokument for helsetenesta og bli eit meir operativt reiskap for prioriteringar innanfor dei samla helse- og omsorgstenestene. Likevel er målet også å jamne ut sosial ulikskap og å samle og styrke folkehelsearbeidet. Der er prinsippet om Helse i alle politikkområde og breiare fokus på kva som påverkar folk si helse viktig. Det bør gjennom heile planen ikkje berre fokuserast på dødelegheit og sjukdom, men også på sosial ulikskap og helsefremmande arbeid som inkludering, fullføring av skule, og nærver i arbeidslivet. Langt fleire departement og direktorat enn Helse- og omsorgsdepartement og Helsedirektoratet er ansvarlege for og utførar helsefremmande arbeid (t. d utdanning, arbeid, kriminalitetsførebyggjande arbeid og velferd). Det er behov for å få inn desse perspektiva, og også å få inn andre sektorar sitt ansvar innan folkehelse i sterkare grad. Vidare heiter planen Nasjonal helse-og omsorgsplan -fremtidens helsetjeneste: trygghet for alle-. Det fokuserast i stor grad på helsetenestene. Det bør presiserast korleis andre sektorar og forvaltingsnivå skal handtere planen. Planen bør bytte namn og auke fokus på livskvalitet, slik at alle, ikkje berre helsetenesta får eigarskap til den. Det bør vurderast at alle direktorat, ikkje berre Helsedirektoratet skal rapportere på Nasjonal strategi for å utjamne sosiale skilnadar. For at fylkeskommunen skal lykkast med rollen som samordnar og understøttar for folkehelsearbeidet i fylket, må aktørar, roller og verkemiddel tydeliggjerast i planen. I samhandlingsreforma er det eit mål at kommunane får eit større ansvar for å yte helsetenester til befolkninga, mens spesialisthelsetenesta skal bli meir spesialisert. Etter fylkesrådmannen si meining er dette ei rett utvikling. Samstundes vil auka spesialisering føre til at mange pasientar spesielt ved lokalsjukehusa, i framtida skal behandlast på kommunenivå. Lokalsjukehusa er hjørnesteinsbedrifter i sine lokalsamfunn, og er spesielt viktig i å sikre kvinnelege arbeidsplassar i mange distrikt. Samhandlingsreforma vil føre til eit stort omstillingsbehov ved lokalsjukehusa. Konsekvensane av dette går ikkje klårt fram av helse- og omsorgsplanen, men det vil vere behov for vidare utgreiing av kva rolle lokalsjukehusa skal ha i samhandlingsreforma. Særleg viktig er det å inkludere korleis kommunane skal sjå samanheng mellom lokalmedisinske sentra og lokalsjukehusa. Det bør presiserast korleis ein skal opprette eit kostnadsbesparande samarbeid. Det bør og fokuserast på at dei innleggingane som er naudsynte må få rett behandling på rett stad til rett tid. For å få betre tilgjenge til helsetenesta bør det vurderast korleis sjuke og ressurssvake menneske skal få den hjelpa dei treng i helsetenesta. Undersøkingar viser at svake grupper har lågare tilgjenge og bruk av helsetenester enn andre grupper. Viktige spørsmål i denne samanheng kan vere: - Korleis skal rusmisbrukarar få rett behandling på rett stad til rett tid? - Korleis kan framandspråklege bli informert og tatt i mot på ein verdig måte? - Kvifor er det slik at dei som er mest ressurssterke får mest helsehjelp når dei spør om det? Psykisk helse og rus: Det synast stigmatiserande for dei psykisk sjuke utan rusproblem at dei hamnar i same kategori som dei som har rusproblem. Vidare blir det føreslått at det førebyggande arbeidet skal skje gjennom fastlegen. Planen bør inkludere helsefremmende tiltak og tiltak som reduserar sosial ulikskap - inkludering, fullføring av skule og nærvær i arbeidslivet osv. Vidare bør det vurderast å kutte eigenandelen til dei ressurssvake i helsetenesta for å ikkje skape meir sosial ulikskap. 5
Hordaland fylkeskommune støtter forslag om auka samarbeid med frivillig sektor. Arbeidet bør ikkje berre realiserast gjennom Strategien om partnarskap med familie og lokalsamfunn i Omsorgsplan 2015, men gjennom ein ny nasjonal plan for folkehelse. Utvikling av relevant utdanning til helsepersonell ihht. samhandlingsreforma synast positivt. Det bør fokuserast på folkehelse, sosial ulikskap, helsefremmande arbeid og faktorar for velluka samarbeid. 6