HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur- og ressursutvalet Dato: 14. mai 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 201201471-15/CHAESP Kopi til: Arkivnr.: 631 Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret 2012-2013 Hordaland fylkeskommune skal innan 1. april kvart år sende plan og budsjett for Den kulturelle skolesekken i Hordaland komande skuleår til sekretariatet for Den kulturelle skolesekken, med kopi til Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Plan og budsjett skal vise korleis fylkeskommunen koordinerer, administrerer og sjølv medverkar til Den kulturelle skolesekken. Fylkeskommunen er også ansvarleg for å følgje opp og godkjenne planar frå kommunane. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland for skuleåret 2012-2013 vart sendt sekretariatet for Den kulturelle skolesekken innan 1. april 2012. (Planen følgjer på dei neste sidene.) Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239185 - Telefaks 55239199 E-postadresse: kultur@hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Plan for DKS skoleåret 2012/2013 (frist for innlevering 1. april 2012) Fylke: Planen gjelder: Hordaland Grunnskole / videregående (stryk det som ikke passer) Institusjon: Hordaland fylkeskommune Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen Telefon: 55 23 99 76/71 E-postadresse: dks@post.hfk.no url: http://www.dks-hordaland.no/ Kontaktperson Navn Charlotte Espeland Telefon 55 23 99 76 E-post charlotte.espeland@post.hfk.no Mål, strategier og satsingsområder Presenter kort målene for arbeidet med DKS i fylket: Med utgangspunkt i departementale føringsdokument er det vedtatt overordna mål for DKS i Hordaland. Ein skil mellom hovudmål og organisatoriske mål og strategiar. Desse vart etablerte i tett samarbeid med kommunane som skuleeigarar, Utdanningsavdelinga v/fylkesmannen i Hordaland og NOKU. Hovudmål: - å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod; - å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag; - å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål; - å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne; - å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering. Organisatoriske mål og strategiar: - DKS skal realiserast i kryssingspunktet mellom kultur- og skulesektor på alle nivå. - DKS inneber partnarskap, aktiv medverking og utforming på alle nivå av realiseringa. - DKS skal vere tufta på demokratiske prinsipp. - DKS skal vere lokalt forankra, i eit dynamisk samspel med kommunane som skuleeigar og skulane. - DKS-tilboda skal kunne genererast og implementerast gjennom eit aktivt samspel mellom kunst- og kulturaktørar lokalt, regionalt og (inter)nasjonalt. - DKS skal vere ein av bidragsytarane i skapinga av eit dynamisk samfunns- og kulturliv. - DKS skal gje utviklingsrom til regionale kunstnarar og kulturarbeidarar. - DKS skal medverke til å skape grobotn for samfunnsmessig, kulturelt og kunstnarisk mangfald og vere delaktig i å skape utvida horisontar for elevane. Beskriv særlige utfordringer/satsingsområder det skal arbeides med kommende skoleår? (Beskriv gjerne strategier for dette) SAMSPEL Hordaland 2011-2015 eit tverrsektorielt samarbeidsprosjekt om utvikling av estetikk, kunst- og kultur i utdanning og opplæring i Hordaland. 2
Prosjektet er tufta på ein visjon om Hordaland skal vera ein utdanningsregion der estetikk, kreativitet, kunst og kultur pregar opplæring og utdanning på ulike nivå og i ulike samanhengar. Siktemålet er å utvikle, gjennomføre og samordne dynamiske og nyskapande prosjekt innan dette feltet på ein måte som fargar utdanning og opplæring både i fylket og ut over fylket til resten av Vestlandet. Prosjektet skal etablere samhandlingsarenaer mellom skule og kunst- og kulturfeltet som stimulerer ei slik utvikling og mellom anna ha fokus på samhandling og prioritering av eigne ressursar. Prosjektet er både eit nytt rammeverk for utvikling av prosjektsøknader til nasjonale og internasjonale støtte- og finansieringssystem og eit samarbeidsforum for etablering av slike prosjekt gjennom prioriteringar av eigne ressursar. Gjennom etableringa SAMSPEL Hordaland ynskjer vi mellom anna: - å styrke situasjonen for estetiske fag på ulike nivå i skulen (barnehage, grunnskule, og vidaregåande opplæring), - å styrke situasjonen for estetiske fag i lærarutdanning, - å styrke samhandlinga om utdanning og opplæring mellom skuleverket og kunst- og kulturlivet gjennom nye og forpliktande samhandlingsarenaer og felles visjonar. Skal det settes i gang/finnes det tiltak i fylket som skal framheve og sikre kulturelt mangfold i Den kulturelle skolesekken? Hvis ja, utdyp: ja nei Vi har som ei generell målsetting å medverke til å auke elevane sin kunnskap om og respekt for kulturelt mangfald gjennom DKS i Hordaland. Dette vert synleggjort gjennom einskilde produksjonar, mellom anna Fargespill. Skal det settes i gang/finnes det tiltak i fylket som sikrer tilgjengelighet for elever med spesielle behov? Hvis ja, utdyp: ja nei I løpet av 2012 vil vi nærare kartleggje trongen for særskilde tilpassingar av produksjonar. Innhold/omfang Beskriv kort hvordan dere vil arbeide med kvalitetssikring og utvikling av det kunstneriske/kulturfaglige innholdet i fylkets DKS (evt. samarbeid med lokale, regionale og nasjonale institusjoner): HFK samarbeider mellom anna med nasjonale aktørar og det regionale nettverket av kunstog kulturinstitusjonar om DKS; Vestnorsk filmsenter og Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Kultur- og idrettsavdelinga i HFK har fagleg tyngd på fleire felt som har ein plass i DKS. Dette mangfaldet vert nytta i val og vurdering av søknadar/ innspel til DKS. Mellom anna medverkar fagseksjonane. Parallelt med dette er samarbeid med nasjonale og regionale institusjonar og aktørar/ utøvarar om fagleg kvalitetssikring. Vi vil i 2012 konkludere i forhold til eventuell oppretting og sammensetning av fagråd. Vil alle elever i fylket motta DKS-tiltak? Målet er at alle elevane i grunnskulen skal få tilbod om profesjonell kunst- og kultur i sin skulekvardag gjennom lokale skulesekkar, Riks- og Skulekonsertane og DKS. Skuleåret 2012/2013 får alle vidaregåande skular i Hordaland tilbod om kulturelle opplevingar gjennom DKS. 3
Budsjett skuleåret 2012/2013 a) Inntekter Spillemidler 10 142 670* + 3 300 000* (vgs) Egne midler/egeninnsats 2 850 000** Refusjoner fra Rikskonsertene/Norsk scenekunstbruk 237 684*** Egenandeler kommunene 339 965**** Renteinntekter 350 951**** Annet Sum 17 221 270 b) Utgifter Formidling, innholdsutvikling, produksjon 4 025 715 + 3 300 000 (vgs) Overføringer til kommunene 7 045 555***** Nettverk/kompetanseheving/kulturtorg 100 000 Administrasjon lønnskostnader 2 163 000****** Administrasjon annet 587 000 Annet Sum 17 221 270 Kommentarer til budsjettet: Skulekonsertane/Rikskonsertane er ikkje inkludert i tala. I tillegg kjem eventuelle midlar som vert overført frå skuleåret 2011/2012. * Spelemidlane er basert på tal frå skuleåret 2011/2012. ** Driftsbudsjett for 2012 *** Refusjon frå NSKB er summen som er refundert våren 2012, for framsyningar i 2011. **** Eigendelar frå kommunane og renteinntekter er stipulert til same sum som kalenderåret 2011. ***** Tal er basert på same tildeling som førre skuleår. Bergen kommune får sin del av midlane direkte, kr 4 038 698. Kvar av dei 5 regionane får kr 50 000 til interkommunale satsingar. ****** Inkludert alle sosiale utgifter. Budsjettert i 2012. 4
Organisering og samarbeid Gi en kort beskrivelse av organisasjonsstruktur og styringslinjer for DKS på regionalt nivå for kommende skoleår: DKS i Hordaland er forankra i Kultur- og idrettsavdelinga i HFK, og organisert med eit styre og eit råd. Fylkeskultursjefen er fagleg ansvarleg, og styret har det overordna ansvaret. I styret sit utdanningsdirektøren v/ Fylkesmannen i Hordaland og fylkeskultursjefen. Rådet er ei ressurs- og referansegruppe. I rådet sit 5 valde regionsrepresentantar m/vara, 1 representant frå Bergen kommune (observatør), 1 representant frå Utdanningsavdelinga v/fylkesmannen m/vara, 1 representant frå NOKU m/vara, 1 representant frå Norsk kulturskoleråd Hordaland og 1 representant frå Kultur- og idrettsavdelinga i HFK m/vara. Leiar for DKS i Hordaland er leiar for rådet. Ein vil i 2012 vurdere kva som er hensiktsmessig organisering i høve forankring hjå skuleeigar, i regionen og i høve fagleg kvalitetssikring. Dette må sjåast i samanheng med HFK si overordna satsing på kunst- og kulturfeltet. Det vil og inngå i arbeidet med ny regional kulturplan. Hvordan er DKS-samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunene tenkt gjennomført: HFK har eit årleg fellesmøte med DKS-kontaktane i kommunane. Kommunane i kvar region har tilsvarande møte med jamne mellomrom. I nokre høve deltek HFK på desse møta og på dei einskilde kommunane sine møter. Representantar frå kvar region sit i rådet for DKS i Hordaland. HFK spelar ei vesentleg rolle som regional utviklar av DKS, sørvisinstans og samordnar av DKS-verksemda totalt i fylket. Vi syner til siste avsnitt i punktet over. Kompetanseutvikling Beskriv kort eventuelle kompetansetiltak i regi av fylkeskommunen eller med fylkeskommunen som samarbeidspartner som er planlagt i kommende skoleår (kulturtorg, lærerkurs, formidlerkurs for kunstnere etc.): I samband med prosjektet SAMSPEL vil vi utvikle modellar for kompetanseheving innan feltet, forankra hos skuleeigar og ulike kompetansemiljø og utdanningsinstitusjonar. 5