Vårdato.:13.8.2014 Dykkardato: 11.8.2014 Vårref.: HelgeKiland Dykkarref.: GunnarHallsteinsen Faun-notat 5-2014 Ånundsbuoddanei Nissedalkommune. Vurdering etter naturmangfaldlova. Samandrag Undersøkingarav biologiskmangfaldpå Ånundsbuoddanepå Fjonesidaav Nisserhar ikkje påvist anna enn nøysameog lite kravfulleartar. Det biologiskemangfaldet i områdeter ikkje særlegrikt. Det er ikkje funnespesiellenaturtyparsomskalregistrerastetter DN-handbok13. Oppdragsgjevar: SivilarkitektGunnarHallsteinsen,LudvigGrønvoldsvei 9b, 3517Hønefoss. Registreringar Området er undersøkt av naturforvaltningskandidathelge Kiland i Faun Naturforvaltning 12. august 2014. Undersøkinga blei utført på føremiddagen,i lett regnvær. Nisser var ca 0,5 m under høgst regulertevasstand(hrv).målet med oppdragetvar å gje ei vurderingav biologiskmangfaldi området i høvetil kravai naturmangfaldlova. Innleiing Det blir arbeiddmed ein plan for hyttetomter på Ånundsbuoddanepå vestsidaav Nisser,ca 3 km nord for Tveitsundi Treungen.Grunneigarer HåvardEgilsonTveit,Treungen. Planområdet Ånundsbuoddaneligg mellom fylkesveg514 Fjonevegenog Nisserog omfattar eit arealpå ca 250 daa.i kommuneplanen for Nissedal har det vore eit mål å konsentrere hyttene til dei tri større utbyggingsområdai kommunen (Kyrkjebygdheia,Gautefallog Felle).I tillegg er det opnafor konsentrert hyttebyggingi nokre utvaldeområdeinnanfor det somer sett av somlnfområdei planen. I samband med rullering av kommuneplanenfor Nissedalkom det innanfor fristen forslagom 3 nye område.eit av dei var Ånundsbuoddane,somi planenhar fått signaturenh 34. FaunNaturforvaltningAS Orgnr: 984731604 Post/besøksadresse: FyresdalNæringshage3870Fyresdal Telefon/fax: 35 0677 00/ 35 0677 09 Bankgiro: 2801.08.26952 E-post: post@fnat.no Internett: www.fnat.no
Side 2 Figur 1. Planområdet. Til høgre utsnitt av kommuneplankartet Figur 2.Bilete mot Nisser Berggrunnen i området består av gneis og gneisgranitt, som er sure bergartar og som gjev eit magert jordsmonn. Den høgastliggande delen av området er nær fylkesvegen og ligg ca 274 moh. Overflata i Nisser ligg ca 246 moh.
Side 3 Vegetasjon og naturtypar Skogen i området er furuskog med litt innslag av bjørk og einer. I aust er det eit mindre parti med høgstamma granskog på god bonitet. Dei dominerande vegetasjonstypane er røsslyngskinntrytefuruskog (A3) nærast fylkesvegen, deretter eit lågare myrlendt parti med fattig fastmattemyr (K3) og utanfor der igjen mot vatnet grunnlendt knausskog (A6). I aust gjeng ein bilveg ned til plassen Gaurak, der det er ei eldre tømmerhytte og eit uthus. Aust for vegen er vegetasjonen dominert av blåbærgranskog (A4). Det er ikkje funne anna enn nøysame og lite næringskrevjande artar. I furuskogen er det lyngartane med røsslyng, skinntryte, klokkelyng og tytebær som dominerer, og med furumose, krussigd, noko grå reinlav og islandslav i botnen. På myrane er det rome, klokkelyng, blåtopp, bjønnskjegg, torvull, stjernestorr og pors som dominerer. I knausskogen er det i tillegg til røsslyng, skinntryte og klokkelyng også noko kornstorr og grønstorr. På blåbærmarka er mykje av lyngen skygga ut til fordel for eit tett dekke av smyle. Der skogen er hoggen har det også kome innslag av bringebær og raudhyll. Det finst noko bittekonvall og tågebær i blåbærskogen, men heller ikkje desse artane blir rekna som særleg kravfulle. På strendene finst mellom anna evjesoleie og myrfrytle. Fauna I viltrapporten for Nissedal (Kiland 2012) er det ikkje registrert nokon spesiell førekomst av artar innanfor planområdet. I Nisser er det elles registrert hekkande fiskemåke (nær truga, NT) på ein holme lenger sør i vatnet. Av storlom (sårbar, VU) er det registrert par med ungar. I Nisser er det også registrert siland. Fiskeørna (NT) skal også hekke ved Nisser, og blir observert på næringssøk i vatnet. Strandsnipa er landets vanlegaste vadefugl, men har i den siste utgåva av raudlista (2010) fått status som nær truga (NT) på grunn av stor nedgang i Skandinavia. Strandsnipa er også ein vanleg art langs strendene av Nisser. Nisser Nisser er den største innsjøen i Telemark, ca 76 km 2 stor. Vatnet er surt, oligotroft (næringsfattig) og har ei total reguleringshøgde på 3 m. Vatnet blei kalka i 1996 og 1997, som del av eit større kalkingsprosjekt for heile Arendalsvassdraget. Etter kalking var kalsiuminnhaldet ca 1,5 mg/l, men har seinare blitt gradvis redusert til under 1 mg/l. det er påvist ca 10 artar av dyreplankton og ca 20 artar av littorale (strandlevande) krepsdyr i vatnet. Vatnet har ein god bestand av noko småfallen sik og aure, og delar av vatnet har også tett med tryte. Røya er svært lita og har hard konkurranse frå siken. Av andre artar finst stingsild og truleg også ørekyt. Det blir drive næringsfiske etter sik med to storruser. Det blir elles drive sportsfiske med oter og stongreiskap.
Side 4 Figur 3. Flybilete som viser fordelinga mellom myr, knausskog (lys sone utanfor myrbeltet) og produktiv skogsmark Samla vurdering Undersøkinga stadfester tidlegare inntrykk av at det biologiske mangfaldet i området ikkje er særleg rikt. Det er noko området har til felles med dei fleste andre område langs Nisser. Ei oppsummering av tilhøvet til naturlova er gitt i tabell 1. Tabell 1. Det viktigaste innhaldet i naturmangfaldlova, med vurderingar Tema Innhold Vurdering 6 Generell plikt til aktsemd Gjera seg kjent med dei naturverdiane som kan bli skadelidande Viser til dette notatet Gjera det som er rimeleg for å unngå Gjeld reguleringsplanen med skade på naturmangfaldet planføresegner og bygg- og anleggsfasen 7 Vedtak som påverkar naturmangfald skal alltid grunngjevast Planar som berører naturmangfald skal behandlast på ein grundig måte 8 Krav til kunnskapsgrunnlag All tilgjengeleg kunnskap + erfaringsbasert kunnskap (lokalkunnskap) Innhenting av ny kunnskap er vurdert Viser til prosedyre under rullering av kommuneplanen i Nissedal og krav om avklaring i høve til biologisk mangfald Viser til dette notatet. Kunnskapsgrunnlaget må vurderast som tilstrekkeleg Eksisterande kunnskap er supplert med
Side 5 9 Føre-var prinsippet blir lagt til grunn for vedtak 10 Den samla belastninga for økosystemet ut frå det som er kjent om førekomstar av truga/sårbare artar Må vurdere om vedtaks-grunnlaget er godt nok Påverknad på landskap, økosystem, naturtyper og artar eigne registreringar Den planlagde utbygginga vil dekke eit areal på ca 120 daa. Vesentleg lokal påverknad Figur 4. Frå dei ulike vegetasjonstypane i området. Øvst røsslyngskinntrytefuruskog, nede til venstre fattig fastmattemyr med pors og rome og nede til høgre hytta på Gaurak med planta gran på blåbærmark i bakgrunnen. Tidlegare innmark. Kjelder Direktoratet for naturforvaltning 2006. Kartlegging av naturtyper - Verdsetting av biologisk mangfold. DN-håndbok 13 2.utgave 2006 (revidert 2007). Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. NINA Temahefte 12: 1-279 Kiland, H. 2011. Viltkartlegging i Nissedal. Faun rapport 15-2011 Kålås, J.A., Viken, Å., Henriksen, S. og Skjelseth, S. (red.). 2010. Norsk rødliste for arter 2010. Artsdatabanken, Norge. 480 s. Nissedal kommune 2014. Planomtale kommuneplan Nissedal kommune 2014 2025. Arealdelen. Høyringsutkast ajourført etter f-sak 116/13. Nylend, A. 2013. Biologisk mangfold rullering av kommuneplanen 2013. Faun rapport 028-2013
Side 6 Artskart: http://artskart.artsdatabanken.no/faneartsok.aspx. Artsobservasjonar: http://artsobservasjoner.no/fugler/ Naturbase: www.naturbase.no Skog og Landskap: http://kilden.skogoglandskap.no/map/kilden/index.jsp?theme=satskog Fyresdal, 12.8.2014 Helge Kiland