Kvinnherad kommune KONKURRANSEGRUNNLAG for anskaffing av LMS-Digital læringsplattform Minianbod under terskelverdi
1 GENERELL SKILDRING 1.1 Om oppdragsgjevar Kvinnherad kommune har 15 grunnskular og vaksenopplæring med ca250 lærarar og 1900 elevar. Oppdragsgjevar sin kontaktperson er: Namn: Oddvar Eikenes e-post oddvar.eikenes@kvinnherad.kommune.no Ev. førespurnader skal rettast skriftleg til oppdragsgjevar via www.kgvlight.com 1.2 Skildring av oppdragsgjevar sine behov Kvinnherad kommune skal i denne konkurransen henta inn tilbod på kjøp av LMS- Digital læringsplattform, med tilhøyrande tenester, til bruk i grunnskulane og vaksenopplæringa i kommunen. 1.3 Tidsfristar Oppdragsgjevar har lagt opp til følgjande tidsrammer for prosessen: Aktivitet Tidspunkt Frist for å stille spørsmål til konkurransegrunnlaget 23.06.17 kl. 12:00 Tilbodsfrist 30.06.17 kl. 12:00 Tilbodsopning 03.07.17 Evaluering Veke 27 Val av leverandør og melding til leverandørar Veke 28 Kontraktsinngåing Tilbodet sin vedståelsesfrist 90 dagar frå tilbodsfrist Oppstart Snarast etter skulestart august/september 2017 Det vert gjort merksam på at tidspunkta etter tilbodsfrist er foreløpige og kan bli gjenstand for justeringar. Ei eventuell lenging av tilbodet sin vedståelsesfrist kan berre skje dersom leverandøren godkjenner dette. 2 REGLAR FOR GJENNOMFØRING AV KONKURRANSEN 2.1 Anskaffingsprosedyre Anskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlige anskaffelser av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) FOR 2016-08-12-974. del I. 2
Oppdragsgjevar planlegger å tildele kontrakt utan å ha kontakt med leverandørane utover å foreta eventuelle mindre avklaringar/korrigeringar av tilboda. Forhandlingar kan likevel bli gjennomført dersom oppdragsgjevar, etter at tilboda er mottatt, vurderer det som hensiktsmessig. Val vil i så fall bli gjort etter ei vurdering av tildelingskriteria. Det vert presisert at ingen leverandørar kan forvente dialog om sitt tilbod og derfor må levere sitt beste tilbod. Leverandøren vert oppmoda til å følgje dei tilvisingar som vert gjeve i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg, og eventuelt stille spørsmål om noko er uklårt per melding til kontaktperson. 2.2 Offentlegheit og teieplikt For ålmenta sitt innsyn i dokument knytt til ei offentleg anskaffing gjeld Offentleglova. Oppdragsgjevar og denne sine tilsette pliktar å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til opplysningar om tekniske innretningar og framgangsmåtar eller drifts- og forretningstilhøve det vil være av konkurransemessige omsyn å halde hemmeleg, jf. FOA 7-3 og 7-4 og, jf. Forvaltningsloven 13. 2.3 Vedståelsesfrist Leverandøren må vedstå seg tilbodet sitt til det tidspunktet som er gjeve opp i pkt. 1.3 ovanfor. 3 KVALIFIKASJONSKRAV 3.1 Skatteattest Krav Norske leverandørar skal ha ordna forhold med omsyn til betaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift. Dokumentasjonskrav Skatteattest, ikkje eldre enn 6 md. Dokumentet kan fåast på www.altinn.no 3.2 Leverandøren si organisatoriske og juridiske stilling Krav Leverandøren og ev. underleverandør skal vera eit lovleg etablert føretak og tilfredsstilla krav om registrering Dokumentasjonskrav Norske selskap: Firmaattest Utanlandske selskap: Godtgjering på at selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister som heimla i lovgivinga i det landet der leverandøren er etablert. 3
4 TILDELINGSKRITERIUM Tildelinga vil skje på bakgrunn av kva for tilbod som har det beste forholdet mellom pris og kvalitet, basert på følgjande kriterium i prioritert rekkjefølgje: Kriterium Pris 50% Under dette kriteriet vert følgjande vurdert: - tilboden pris Dokumentasjon Utfylt prisskjema Kvalitet 50% Samla vurdering av bør krav i kravspesifikasjon Utfylt kravspesifikasjon 5 INNLEVERING AV TILBOD 5.1 Innlevering av tilbod Tilbodet skal leverast elektronisk via EU-Supply portalen; Kgv light www.kgvlight.com. innan tilbodsfristen. 5.2 Utforming Det vert bede om at tilbodet vert utforma i samsvar med den disposisjon som følgjer av dette konkurransegrunnlaget. Leverandør er sjølv ansvarleg for at alle spørsmål, krav og avklaringspunkt vert svart på /opplyst om og dokumentert i tilbodet. Tilbod skal utarbeidast på norsk. Tilbodet skal utformast med denne disposisjonen: Dokument i kvalifikasjonskrav Signert vedlegg A tilbodsbrev Utfylt vedlegg B kravspesifikasjon Utfylt vedlegg C prisskjema 6 AVTALE Bindande avtale er slutta då avtaledokumenta er signert av begge partar. Avtalen har følgjande vedlegg: Konkurransegrunnlag med vedlegg 4
(inkludert SSA-K Kjøpsavtalen, SSA-V Vedlikeholdsavtalen og SSA-D Driftsavtalen - Forhold som ikkje vert regulert i konkurransegrunnlaget, følgjer vilkåra i desse standardavtalane. Leverandøren sitt tilbod Evt. møtereferat Evt. endringar og tilføyingar etter avtaleinngåing 7 VEDLEGG Vedlegg A tilbodsbrev Vedlegg B kravspesifikasjon Vedlegg C prisskjema SSA-K Kjøpsavtalen, SSA-D driftsavtalen, SSA-V Vedlikeholdsavtalen alle med bilag. Desse tre vedlegga vert ikkje sendt ut med denne førespurnaden. Avtalane som me skal nytta ligg på: https://www.anskaffelser.no/it/statensstandardavtaler/statens-standardavtaler-ssa 5