Utval Rådet for funksjonshemma Møtestad: Rådhuset Møtedato: 04.02.2013 MØTEPROTOKOLL Start kl.: 12.00 Slutt kl.: 15.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Hildegun Øygard Hansen, Selmer Tverrberg, Odd Atle Stegegjerde, Einar Thune. Ellen Havellen, Kåre Øvregard. Ingen Karin Leirdal. Torunn Løne Vinje orienterte i sak 2/12 om Kommuneplanen. Britt Veum Hauge orienterte om offentleg støtte til prosjekt i folkehelse og førebyggjande helsearbeid Sak 1/13. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE Saksnr. Tittel 1/13 13/326 Godkjenning av møtebok og referatsaker. 2/13 12/2458 Kommuneplanen - samfunnsdelen 2013-2024 3/13 13/328 Ymse Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 5
Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
1/13 Godkjenning av møtebok og referatsaker. Framlagt: Møtereferat frå møte i Brukarutvalet i Sogn og Fjordane 17.01.13. Brukarutvalet i Sogn og Fjordane rolle og forventningar. Brukarutvalet i Sogn og Fjordane Retningsliner for felles brukarutval for Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane. Skriv frå Ergoterapitenesta v/kari Ødegård av 12.01.12. «Selvorganisert selvhjelp en mulighet når livet er vanskelig.» Skriv frå «Selvhjelp Norge» av 12.november 2012. Diverse tidsskrift og informasjonshefte blir lagt fram i møtet. Helsekoordinator Britt Veum Hauge orienterte om offentleg støtte til prosjekt i folkehelse og førebyggjande helsearbeid. Leikanger, Sogndal og Luster fekk nyleg støtte frå Helsedirektoratet til å vidareføre folkehelseprosjektet. Prosjektet har som mål å bidra til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelsa og utjamnar sosiale skilnader i helse. Frisklivsentral Eit av delområda i prosjektet er å greie ut omkring etablering av Frisklivsentral i prosjektkommunane. Målgruppa er vaksne personar (18 67 år) som har auka risiko for eller har sjukdom/liding og som kan ha nytte av auka aktivitet, endra kosthald og/eller røykeslutt. Organisering: 40% stilling i Luster. 60% stilling i Sogndal (20% i Leikanger.) Utstyrssentral for barn/ungdom og enkeltpersonar i prosjektkommunane Ein utstyrssentral er ein stad der skular, barn, ungdom og enkeltpersonar kan låne sport- eller friluftsutstyr. Føremålet er at manglande utstyr ikkje skal vere til hinder for at ein skal kunne delta i aktivitet og friluftsliv og at det skal kunne utjamne sosiale skilnader og føre til god helse og inkludering. Det ynskjeleg at sentralen også er ein stad som tek i mot utstyr som ein ikkje treng. Dette særleg med tanke på dei som har lita råd. Alle skal få mogelegheit til sunn aktivitet, både sommar og vinter. VEDTAK: Møteprotokollen frå møte den 03.12.2012 vart godkjend. Hildegun Øygard Hansen og Selmer Tverberg teikna under på protokollen. 2/13 Kommuneplanen - samfunnsdelen 2013-2024 Planleggjar Torunn Løne Vinje orienterte. Samrøystes vedtak.
VEDTAK: Rådet for funksjonshemma viser til møte den 24.09 og 22.10.2012 sak 19 og 24/12. Rådet vil koma med fylgjande innspel. Transport innad i kommunen Intern transport i kommunane er ei utfordring. Å koma frå stad til stad er vanskeleg utan bil. I høve til folkehelse og sosial utjamning er dette eit viktig element. Forslag: Etablere «Lustrabussen». Lokalisering Rådet ser at tilrettelagde tilbod i Luster i stor grad må gjerast i kommunesenteret. Det er der dei fleste funksjonshemma ynskjer å busetja seg og det er i kommunesenteret ein har størst mogelegheit til å etablera berekraftige tilbod over tid. Etablere nok tilrettelagde bustader både for personar med nedsett funksjonsevne og vanskelegstilte. Det er eit aukande tal personar som treng slike bustader. Arbeid for alle Rådet viser til vedtak i møte den 27.06.12 sak nr. 14/12. Tilrettelagt og individuelt tilpassa arbeid er viktig både for personar som har sjukdom, skade eller lyte, men også personar som har vanskar med å meistra livet sitt i vidare forstand. Varig tilrettelagde arbeidsplassar er stor trong for då mange står utan eit tilbod og dei bør difor aukast monaleg. Det er viktig å jobba for godkjenning av varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunen med statstøtte (VTA). Luster har mange yrkeshemma som i dag ville ha hatt sin naturlege plass i ei slik verksemd. Rådet meiner vidare at arbeid for ei sterkare integrering av yrkeshemma i ordinert arbeidsliv også er viktig av omsyn til den einskilde og samfunnet si utvikling. Ein må ha fokus på yrkeshemma sine mogelegheiter til å få arbeid og det må større innsats til for å prøva ut ulike modellar. Fritidsaktivitetar Personar med nedsett funksjonsevne er ei svært samansett gruppe og treng å få tilrettelagt tenester og tilbod slik at dei kan gjere seg nytte av det. Det gjeld også for å kunne delta i fritidsaktivitetar. Tilbodet til kulturaktivitetar, sosiale møteplassar, treningsplassar, friluftstilbod bør vere så individuelt som mogeleg. Det må kunne gjevast ressursar og støtte til lag og organisasjonar for betre å kunna integrera personar med nedsett funksjonsevne i ulike aktivitetar. Rådet føreset at personar med nedsett funksjonsevne og universell utforming blir ivareteke i alle deler av kommuneplanarbeidet. 3/13 Ymse
Konsulent for funksjonshemma Einar Thune orienterte om «Koodinerande eining» Koordinerande eining er ei lovpålagt gruppe innan helse- omsorg og NAV. Gruppa skal koordinere tenester innafor helse og omsorg i kommunen. Det blir jobba med ein opplærinsplan. Saka blir å ta opp att på neste møte. VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak.