Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Like dokumenter
Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Forslag til endringer i den yrkesfaglige tilbudsstrukturen

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli 2019, per programområde. Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen frå 12. august.

Forslag til endringer i den yrkesfaglige tilbudsstrukturen

Oslo kommune Byrådsavdeling for oppvekst og kunnskap

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

Felles programfag på Vg2 i yrkesfaglige utdanningsprogram Tabell 17a Felles programfag på Vg2 bygg- og anleggsteknikk Anleggsteknikk Byggteknikk

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Utval for opplæring og helse

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Bergeland videregående skole Nivå Programområde navn 2018 Helse og oppvekstfag 27,9. Dalane videregående skole Nivå Programområde navn 2018

Startpakke for Medier og kommunikasjon

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Resultat 1. inntak pr 9. juli 2013

Enkel oversikt Service og samferdsel Høring av endringer i utdanningsprogrammet service og samferdsel (markert i rødt)

Startpakke for Service og samferdsel

MULIGE LØSNINGER VED INNFØRING AV NY YRKESFAGLIG TILBUDSSTRUKTUR I TROMS

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Skolebruksplanen , høringsbrev

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Polarsirkelen videregående skole

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Saker: Sak 08/17: Høring endringer i den yrkesfaglige tilbudsstrukturen. Sak 09/17: Konstituering av dagleg leiar for regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Polarsirkelen videregående skole

Høring - Forslag til endring i prosjekt til fordypning for videregående trinn 1 og 2, yrkesfaglige utdanningsprogram.

Polarsirkelen videregående skole

Vedlegg 1: Klasser og elever skoleåret 2016/2017 per

Høring av endringer i den yrkesfaglige tilbudsstrukturen

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

ADMINISTRATIVT VEDTAK Vedtaksdato Sak nr. Delegert myndighet A 07

Lærebedrift. Hva gjør fagopplæringsseksjonen

Vår dato: Vår referanse: 2009/343. SRY-møte

Høring Fleksibilitet i fag- timefordelingen i videregående opplæring i Buskerud fylkeskommune - Dobbeltkompetanse

Merå. Kapasitet m kap. Vg1, Vg2, Vg3, Vg sum sum Endring 2 -

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Informasjon fra Utdanningsdirektoratet Årskonferanse FosFor og Sett Sjøbein 2017

Høring av endringer i den yrkesfaglige tilbudsstrukturen

I 2018 var det totalt nye lærlinger. Det er 987 flere enn i fjor

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske Service og samferdsel Studiespesialisering

Ditt valg! Idrettsfag Kunst, design og arkitektur Medier og kommunikasjon Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Fag- og timefordeling og tilbudsstruktur for Kunnskapsløftet Udir

Utbildning Nord

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske.

Tittel: Opplæringstilbodet for skuleåret

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Skolebruksplanen , høringsbrev

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58345/2013/A40 Jane Anita Aspen,

Resultat førsteinntak 7. juli 2017

Endringer i tilbudsstrukturen og blikk mot viktige nasjonale tiltak for å bedre læreplassituasjonen

Søkertall til videregående skoler i Oppland

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PROSJEKT TIL FORDYPNING FOR VIDEREGÅENDE TRINN 1 og 2 YRKESFAGLIGE UTDANNINGSPROGRAM

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Karaktergrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Utvikling og endringsbehov i yrkesopplæringen?

Søker kan endre søknad til og med 15. april og noen søknader kommer inn for seint. Derfor kan søkertallene endres noe utover våren.

Ørsta vidaregåande skule. Informasjonsmøte 23. januar 2014

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Ølen vidaregåande skule

Dialogseminar. Indre Fosen kommune

Administrativt vedtak Vedtaksdato Sak nr

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Hva betød Kunnskapsløftet for yrkesfagene?

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Ledig 2014/2015. Klassar 2015/2016

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Vår ref.: Lillehammer, 21. november 2013 Deres ref.:

Informasjon til bedrifter og rådgivere i skolene LÆRLINGSKOLEN I MO I RANA

Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2014/15 Innhald

The missing link. Når skolen ikke leverer til arbeidslivets behov

Hvordan sikre kvalitetsutvikling i yrkesopplæringen?

Elevers fagvalg i videregående opplæring skoleåret

VIDEREGÅENDE OPPLÆRING FORBEREDELSE TIL UTDANNINGSMESSA. Felles for skolene i Tromsø, Balsfjord, Lyngen, Storfjord og Karlsøy kommune

HØRING AV ENDRINGER I DEN YRKESFAGLIGE TILBUSSTRUKTUREN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Til stede: Fra arbeidsgiversiden: Fra arbeidstakersiden:

Ikke-igangsetting av klasser i de videregående skolene i Oppland skoleåret

Fagvalet til elevane i vidaregåande opplæring skoleåret 2013/14 Innhald

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.08.2017 87770/2017 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato U-77/17 Fylkesutvalet 28.08.2017 Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune Bakgrunn Utdanningsdirektoratet har på vegne av Kunnskapsdepartementet sendt ut eit forslag til endringar i den yrkesfaglige tilbodsstrukturen på høring. Endringane er meint å gjelde frå skoleåret 2020/21. Høringsfrist er 4. september. Det er lagt vekt på at ny struktur for yrkesfaga skal bidra til at fag- og yrkesopplæringa blir meir relevant for dei behova arbeidslivet har for faglært kompetanse og for at fleire bedrifter i større grad kan nytte lærlingeordninga til å rekruttere arbeidskraft. Endringane skal gi meir motiverte elevar og meir relevant opplæring. Det er også lagt vekt på at ein ny struktur skal gi konsistente opplæringsløp frå Vg1 til Vg3 med god progresjon fram til dei lærefaga og yrka som opplæringa skal forberede til. Endringane som er foreslått skal gi opplæringstilbod som er relevante for både elevane og bedriftene sine behov. I utarbeidinga av saka har skolane fått kome med innspel. Skolane kan og sende inn eigne høringssvar. Tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring Tilbodsstrukturen på yrkesfag startar i hovudsak i skole, og vert avslutta med læretid i bedrift. Det skal vere ein logisk progresjon frå Vg1 der elevar lærer seg og blir vant til arbeidsmåtar, reiskaper, materialar og produksjonsformer, vidare på Vg2, der elevene øver opp ferdigheiter og kompetanse som gir grunnlag for overgang til læretid i bedrift. Undervegs kan elevene ha deler av opplæringa i bedrift gjennom faget yrkesfaglig fordjuping (YFF). Prinsippet om ein brei inngang og at elevane seinare får spesialisere seg har vist seg å vere ei utfording. Bedrifter melder tilbake at elevane får eit for svakt fagleg grunnlag før dei startar læretida. Fleire av forslaga går difor på at elevane må spesialisere seg på eit tidligare tidspunkt i utdanninga si.

Nokre av prinsippa avvegingane som er brukt i utarbeidinga av høringa: Prinsippet om fleksibilitet i utdanningsprogramma. Dei som allereie har bestemt seg skal få moglegheit til å få opplæring og erfaring frå yrket frå Vg1. Dei som ikkje er sikre på sine utdanningsval skal få eit godt grunnlag for å gjere riktige val seinare i løpet. Prinsippet om relevant kompetanse Det betyr at fag- og yrkesopplæringa skal bygge på samarbeid med partane i arbeidslivet og føre fram til ein kompetanse som det er behov for og som er anerkjent i arbeidslivet. Prinsippet om eit desentralisert utdanningstilbod Elevane i størst mulig grad kan få ønska opplæring uavhengig av bustad, økonomi og alder. Relevans Arbeidslivets kompetansebehov er definert som eit viktig kriterium for å vurdere endringsforslag. Konsistens Opplæringa på alle trinn skal henge godt saman og progresjonen gjennom opplæringsløpet er god. Konsistens betyr og at det er mogleg å skifte spesialisering eller fordjuping undervegs i opplæringa. Bærekraft Endringane skal bidra til ein struktur på Vg1 og Vg2 som bidreg til at arbeidslivet i heile landet får ei moglegheit til å rekruttere lærlingar. Kort om dei føreslåtte endringane Utdanningsdirektoratet har laga eit eige høringsbrev og mal for å svare. Link til høringsbrevet Utdanningsprogram for service og samferdsel har fleire og samansette utfordringar knytt til tilbodsstrukturen. Utdanningsprogrammet har fleire fagområder som i varierande grad har noko til felles. For meir konsistente utdanningsløp blir det anbefalt å flytte programområdet Vg2 transport og logistikk til utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. 2 av 3 søkarane kjem frå TIP via eit lovleg kryssløp. Vidare blir det foreslått å flytte programområdet Vg2 IKT-servicefag til utdanningsprogram for elektrofag. Også her er det slik at søkarane som kjem frå et kryssløp frå Vg1 elektrofag utgjør den største elevgruppa på dette programområdet. Utviklinga av elektrofaga med meir krav til kunnskap til programvare og annen IKT-kompetanse dreg i same retning. Namnet på utdanningsprogram for service og samferdsel er foreslått endra til Vg1 handel. Det er foreslått å opprette eit eiget programområde for Vg2 handel. For lærefaga Kontor- og administrasjonsfag og Reiselivsfag høres det 2 ulike alternativ. 1) Kontor- og administrasjonsfaget vert lagt ned

2) Faget vert med i eit et nytt utdanningsprogram for handel. Forslaget om nedlegging av kontorfaget er gjort med bakrunn i tilbakemeldingar frå arbeidslivet som meiner at kompetansen på fagbrevnivå ikkje er etterspurt. Sikkerheitsfaget er foreslått lagt ned fordi bransjen skaffar relevant kompetanse gjennom godkjente kortare 50-100 timars kurs. Det er difor for svakt grunnlag til å oppretthalde faget. For reiselivsfaget er det 2 alternativ 1) Programområdet Vg2 reiseliv vidareførast med meir vekt på språk 2) Vg2 reiseliv vert gjort om til eit studieførebuande løp. Utdanningsprogram for design og handverk er foreslått delt i to nye utdanningsprogram, eitt utdanningsprogram for tradisjonshandverk, for de små og verneverdige handverksfag og eitt utdanningsprogram for Design. Utdanningsprogram for design skal mellom anna føre fram til Vg2 frisør, Vg2 blomsterdekoratør, Vg2 interiør og utstillingsdesign og Vg2 medieproduksjon. Det er i tillegg forslag om å legge ned enkelte lærefag, og å flytte enkelte programområder og fagbrev til andre yrkesfaglege utdanningsprogram. I Utdanningsprogram for restaurant- og matfag er det forslått endringar i programområdet Vg2 matfag og dei lærefag som høyrer til for å imøtekomme matindustriens kompetansebehov og for å gje elevar tidlegare fagleg spesialisering. Vg2 matfag er foreslått delt i Vg2 bakar og konditor og Vg2 kjøttfag og næringsmiddelindustri. Dette er gjort fordi ein ønskjer meir relevant og yrkesretta opplæring. I utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag er det berre små endringa i strukturen. Mellom anna forslag om å innføre valfrie programfag i Vg2 helseservicefag og å flytte programområdet Vg2 aktivitør frå utdanningsprogram for design og handverk til utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag. Det vert ei eiga sak og høring om ny opplæringsmodell for ambulansefaget. På utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon er det berre små endringar i strukturen utanom den omtalte flyttinga av Vg2 transport og logistikk. Det er forslag om å legge ned eller slå saman fleire av dei smale og små lærefaga. Til dømes er Vg2 industriell møbelproduksjon foreslått lagt ned og foreslått erstatta av Vg2 industriteknologi. I utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk er det foreslått å dele Vg2 byggteknikk i nytt Vg2 tømrer og nytt Vg2 betong og mur. Vg2 klima, energi og

miljøteknikk er foreslått delt i nytt Vg2 rør og nytt Vg2 ventilasjon, taktekking og membran. Det er og foreslått å flytte fleire tilbod frå andre utdanningsprogram til utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk. Dette gjeld trehandverksfaga (bl.a. møbelsnekker) og trebåtbyggjarfaget frå utdanningsprogram for design og handverk og anleggsgartnarfaget frå utdanningsprogram for Naturbruk. På utdanningsprogram for elektrofag er det foreslått at IKT-servicefaget vert flytta frå utdanningsprogram for service og samferdsel til utdanningsprogram for elektrofag. Ut over dette er det berre forslag om mindre justeringar. For utdanningsprogram for naturbruk er det forslag om å opprette eit nytt programområde Vg2 dyrehald. Vidare er det foreslått å dele programområdet Vg2 heste- og hovslagarfaget. Hovslagarfaget vert vidareført som eit særløp og hestefaget vert vidareført i eit nytt Vg3 dyrehald. Anleggsgartnarfaget er foreslått lagt til utdanningsprogram for Bygg- og anleggsteknikk og at Idrettsanleggsfaget vert lagt ned. Det tidligare yrkesfaglige utdanningsprogrammet for Medier og kommunikasjon blei i 2016 omgjort til eit studieførebuande utdanningsprogram. Lærefaga vart som foreløpig løysing vidareført som eiget programområde på Vg1 i utdanningsprogram for design og handverk. Det er foreslått å legge ned programområdet Vg1 Medieproduksjon og at lærefaga vert vidareført i eit nytt utdanningsprogram for Design. Lærefaget Vg3 mediedesign er foreslått lagt ned. Vurdering Møre og Romsdal fylkeskommune sine vurderingar og forslag til høringsvar: Utdanningsprogram for Service og samferdsel: Fylkeskommunen støttar forslaget om å opprette eit nytt utdanningsprogram, Vg1 handel. Fylkeskommunen støttar og forslaget om at Vg2 reiseliv vert gjort om til eit studieførebuande løp. Vi er einige i at kontor- og administrasjonsfaget vert lagt inn i eit nytt utdanningsprogram for handel. Vi er også einige i at sikkerheitsfaget slik det er i dag, vert lagt ned Fylkeskommunen støttar forslaget til flytting av Vg2 transport og logistikk og Vg2 Ikt-servicefag. Ut over det har vi ikkje kommentarar til endringane. Utdanningsprogram for Design og handverk: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaga til endringar innan Utdanningsprogram for Restaurant- og matfag: Fylkeskommune er einig i dagens Vg2 matfag bør delast i mellom baker- og konditorfaget og kjøttfag og næringsmiddelindustri. Dette kan gi faga ein meir tydeleg profil og ei meir relevant og yrkesretta opplæring. Når det gjeld fagnavn på Vg2kjøttfag og næringsmiddelindustri bør sjømatfaget komme med i namnet. Ut over det har vi ikkje kommentarar til endringane

Utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar alle forslag til endringar innan Utdanningsprogram for Bygg og anleggteknikk: Møre og Romsdal fylkeskommune er ueinige i forslag om deling av Vg2 byggteknikk i Vg2 Tømrar og Vg2 betong og mur. Dette gjeld og deling av Vg2 klima, energi og miljøteknikk. Årsaken til dette er at vi har ein desentralisert skolestruktur og ei slik deling på Vg2 kan medføre ei svekking av det desentraliserte tilbodet i distrikta. Vi meiner at tidlegare spesialisering innafor dette yrkesfaget kan ivaretakast gjennom YFF. Ut over det har vi ikkje kommentarar til endringane. Utdanningsprogram for Teknikk og industriell produksjon: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaga til endringar innan Utdanningsprogram for Elektrofag: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar alle forslag til endringar innan Utdanningsprogram for Naturbruk: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslag til flytting av Vg2 anleggsgartnar og idrettsanlegg til utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk. Men det er viktig å ha eit kryssløp frå Vg1 Naturbruk til Vg2 Anleggsgartnar. Vi er imot at Vg2 heste- og hovslagarfaget vert splitta. Dette vil svekke faginnhaldet på Vg2 og meiner faget bør halde fram som i dag. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet støttar vurderinga som er lagt fram i saka og gir fylkesrådmannen mynde til å svare på høringa i tråd med vurderingane over. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef