Førde Terrasse Sentrumsnære leilegheiter med tiltak for bumiljø, universell utforming og lågenergi.
Førde Terrasse sjølveigande leilegheiter i Førde sentrum Sentralt plassert med behageleg gangavstand til forretningar, utelivet og aktivitetane i Førde sentrum Gangavstand til alle fasilitetar Førde kan by på Gassløysing Moderne og spenstige planløysingar Kvalitetskjøkken med høve for individuelle val Garasjeanlegg med heis til samtlege etasjar Stort opparbeidd uteområde Husvære i ulike storleikar frå 34,6 m 2 til 159,3 m 2 buareal Stor felles flislagt uteplass/ solareal på toppetasje mot sør Alle terrassar og trapper er flislagde 2 Førde Terrasse
Denne utsikta kan du nyte frå ditt nye husvære. Alle leilegheitene får gode soltilhøve, og frå felles takterrasse er du sikra rikeleg med sol til langt på kveld, heile sommaren. Førde Torg Handelshuset Elvegården Førde Hotell Kartutsnitt som syner plassering av Førde Terrasse. Kjelde: Norkart AS Førde Terrasse 3
Førde Terrasse Førde Terrasse er eit kvalitetsbygg der ein har lagt stor vekt på gode løysingar og estetisk utforming. Her er leilegheiter av god kvalitet i fleire storleikar, alle med terrasse og balkong og tilgang på opparbeidd uteområde. Husværa i Førde Terrasse får god bodplass. Parkeringsplass i eige parkeringshus. Her får du bilfri skuleveg og tilgang til ball- og leikeplassar i nærleiken. Byen har flotte gang- og sykkelvegar for deg som likar å ta ein sykkeltur eller spasertur. 4 Førde Terrasse Eks.: Leilegheit nr 11 BOA: 69,5 m 2 BRA: 75,2 m 2 Terrasse: 19 m 2
Plan 1. etg. Førde Terrasse 5
Landleg midt i sentrum av Førde Førde Terrasse ligg landleg til i sentrum av Førde, med berre få minuttars gange til alle byen sine tilbod. Her finn du matvare-, kle- og skobutikkar, frisør, apotek, post, bankar, kaféar og restaurantar alt innanfor fem minuttars gange. Førde Terrasse ligg i nærleiken av bowling- og squash-hall, kunstgalleri og servicetorg. I Sagelva som renn forbi kan ein bade i små kulpar eller fiske småaure. I parken på Tangen kan ein slappe av og sjå Jølstra renne forbi, eller gå tur i Sentrum Sør med sitt store utval av butikkar og kaféar. Eks.: Leilegheit nr 28 BOA: 86,1 m 2 BRA: 94,5 m 2 Terrasse: 14 m 2 6 Førde Terrasse
Plan 2. etg. Førde Terrasse 7
Litt om Førde Terrasse Det er valt ferdigbehandla betongelement og lakkerte vindu og dører. På andre overflater er tenkt mest mogeleg vedlikehaldsfrie material. Alle husværa har parkeringsplass i underetasje. Det er heis frå garasjen til kvar etasje. Alle husværa og fellesterrassar er tilgjengelege for rullestolbrukarar, svalgangar og private terrasser er delvis eller heilt overbygde. Til kvar bustad er det eigen, godt skjerma terrasse med utsikt. Kvar bustad er ei eiga branncelle, godt skjerma med betong i tak, golv og veggar, og vil få godkjend brannvarsling. Det vert lagt stor vekt på støyskjerming av uteareal, og husværa blir utstyrt med spesielt støyskjermande glas i dører og vindauge. Husværa vil bli levert med generelt god standard. Parkett på alle golv. Flis på golv og vegger på bad/vaskerom. Det vert høve til å velje mellom fleire ulike modellar på kjøkken og bad innan samme prisgruppe. Det blir levert skyvedører på bad framfor vaskemaskin/tank. Kvart husvære får 1 meter garderobeskåp pr. sengeplass inkludert. Felles antenneanlegg med ferdigsignal for NRK 1, NRK 2,og TV2, samt paraboltilknyting. Eks.: Leilegheit nr 30 BOA: 95,8* m 2 BRA: 101,5* m 2 Terrasse: 14 m 2 *) inkludert vinterhage 8 Førde Terrasse
Plan 3. etg. Førde Terrasse 9
Pris- og arealoversikt Førde Terrasse Leilegheit Prisar BOA BRA Terrasse Vinterhage Rom Leil. 10 2.080.000 95,8* 101,5* 19 13.6 3-roms lux Leil. 11 1.480.000 69,5 75,2 19 3-roms Leil. 12 1.480.000 69,5 75,2 19 3-roms Leil. 13 1.450.000 69,5 75,2 19 3-roms Leil. 14 1.490.000 69,0 75,3 19 3-roms Leil. 15 1.580.000 69,5 75,8 19 3-roms Leil. 16 1.580.000 69,5 78,2 14 3-roms Leil. 17 1.710.000 87,4 96,1 14 3-roms Leil. 18 1.760.000 78,2 86,6 14 3-roms Leil. 20 2.080.000 95,8* 101,5* 14 13.6 3-roms lux Leil. 21 1.480.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 22 1.480.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 23 1.860.000 94,2 99,9 10 4-roms Leil. 24 2.240.000 113,6 119,3 10 4-roms Leil. 25 1.560.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 26 1.560.000 69,5 75,4 10 3-roms Leil. 27 1.750.000 87,5 93,4 14 3-roms Leil. 28 1.940.000 86,1 94,5 14 3-roms Leil. 30 2.120.000 95,8* 101,5* 14 13.6 3-roms lux Leil. 31 1.540.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 32 1.540.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 33 1.910.000 94,2 99,9 10 4-roms Leil. 34 2.330.000 113,6 119,3 10 4-roms Leil. 35 1.600.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 36 1.600.000 69,5 75,4 10 4-roms Leil. 37 2.980.000 141,7 150,1 39 12.5 4-roms lux Eks.: Leilegheit nr 43 BOA: 107,5 m 2 BRA: 114,8 m 2 Terrasse: 10 m 2 BOA: areal innafor husværet sine omsluttande veggar. BRA: arealet av husværet inkl. bod *: Areal inkludert vinterhage. Lux: Leilegheiter med ekstra kvalitetar som til dømes større terrassar, vinterhage m.m. 10 Førde Terrasse
Plan 4. etg. Førde Terrasse 11
Pris- og arealoversikt Førde Terrasse Leilegheit Prisar BOA BRA Terrasse Vinterhage Rom Leil. 40 2.150.000 95,8 101,5 * 14 13,0 3-roms lux Leil. 41 1.680.000 74,9 80,6 10 3-roms Leil. 42 1.870.000 85,2 90,9 10 3-roms Leil. 43 2.310.000 107,5 114,8 10 4-roms Leil. 44 2.500.000 113,6 121,1 10 3-roms Leil. 45 1.645.000 69,5 75,4 10 3-roms Leil. 46 3.180.000 159,3 167,7* 36 4-roms lux Leil. 47 1.350.000 69,5 76,5 14 3-roms Leil. 50 2.290.000 100,3 109,0 * 33 12,2 3-roms lux Leil. 51 2.000.000 85,2 90,8 10 3-roms Leil. 52 2.470.000 107,5 113,7 * 10 5-roms lux Leil. 53 2.670.000 113,6 119,5 * 10 4-roms lux Leil. 54 1.670.000 69,5 75,2 10 3-roms Leil. 55 2.480.000 114,5 123,3 * 47 18,7 3-roms lux Leil. 56 795.000 34,6 40,5 9 2-roms Leil. 57 1.480.000 69,7 75,4 18 3-roms Leil. 60 1.390.000 129,2 135,1* 38 13,3 4-roms lux Leil. 61 2.920.000 123,5 129,4* 19 5-roms lux Leil. 62 2.580.000 105,5 111,4* 19 4-roms lux Leil. 63 2.940.000 105,4 111,3* 38 13,3 4-roms lux Leil. 64 1.390.000 61,4 67,3 8 2-roms Eks.: Leilegheit nr 53 BOA: 113,6* m 2 BRA: 119,5* m 2 Terrasse: 10 m 2 *) inkludert vinterhage BOA: areal innafor husværet sine omsluttande veggar. BRA: arealet av husværet inkl. bod *: Areal inkludert vinterhage. Lux: Leilegheiter med ekstra kvalitetar som til dømes større terrassar, vinterhage m.m. 12 Førde Terrasse
Plan 5. etg. Førde Terrasse 13
Byggspesifikasjonar Varmesystem: Oppvarminga er basert på elektrisitet og gass. Høve for gass-peis i dei fleste leilegheitene, alternativt med gassomn. Bad/vaskerom og gang har golvvarme. V.V.B: Varmtvassberedar er plassert på vaskerom. Baderomsinnreiing med heiltre frontar, spotbelysning, marmorservant og veggmontert toalett og dusjhjørne. Ventilasjon: Husværa vert levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinning. For kjøkken vert det levert avtrekkshette med lys. El. anlegg: Husværa blir utstyrte med tilstrekkeleg elektriske punkt. Eventuelt elektriske installasjonar på lette lydveggar mellom husværa vert synleg installasjon. Det vert utvendig belysning ved kvar inngangsdør, terrasse og i alle fellesområde som trapper, gangar og utvendige område. Utvendig belysning blir styrt av felles fotocelle. Det vert levert overspenningsvern på inntak. Ein stk. veggkontakt ute på alle terrassar. Gass: Dei fleste husværa har gasspeis. Andre får gassomn. Framføring av gass til kjøkken og utegrill. Dører og vindauge: Alle vindauge og vindaugsdører vert levert overflatebehandla frå fabrikk. Kvite formpressa dører innvendig. Listverk rundt dører og vindauge vert levert kvitmalte. Kjøkken: Kjøkken- og baderomsinnreiingar vert levert frå anerkjent kjøkkenleverandør. Heiltre frontar ligg som standard i alle leilegheitene. Høve for individuelle val mellom fleire modellar for både kjøkken og bad. Parkering: Det er parkering i underetasje. Utvendig anlegg: Felles uteareal vert opparbeidd tilnærma prosjektskisse som vist på framsida. Eventuelle naudsynte endringar vil ikkje redusere kvaliteten på uteområda. Utomhusanlegget vert endeleg fullført når alle husværa er fullførte. Felles takterrasse i 6. etasje vert flislagt. Eks.: Leilegheit nr 63 BOA: 105,4* m 2 BRA: 111,3* m 2 Terrasse: 38 m 2 *) inkludert vinterhage 14 Førde Terrasse
Plan 6. etg. Førde Terrasse 15
Kvalitetar i husværa Golv Veggar Himling Gang Eikeparkett, eikelister Glasfiberstrie, to strøk måling Heilsparkling på gips. Fargeval: Tre fargar å velje mellom To strøk måling Stove Eikeparkett, eikelister Miljøstrie, to strøk måling Heilsparkling på betong eller gips. To strøk måling Kjøkken Eikeparkett, eikelister Miljøstrie, to strøk måling Heilsparkling på gips. To strøk måling Soverom Eikeparkett, eikelister Miljøstrie, to strøk måling Heilsparkling på betong eller gips. To strøk måling Bad/vaskerom Støypt golv med flisar Flisar Heilsparkling på gips. To strøk måling Innvendig bod Eikeparkett, eikelister Malt gips Heilsparkling på gips. To strøk måling Generelt: Utbygginga vert utført i samsvar med gjeldande plan- og bygningslov, gjeldande byggjeføreskrifter og NS 3420 toleranseklasse 3 for bygningsmessige arbeid. Elles i samsvar med vanleg praksis for god handverksmessig utføring i byggjebransjen. Huset vert oppført med store isolasjonstjukkelsar, vindauge med gode isolasjonsverdiar og balansert ventilasjon. Dette gjev ca 25% energibesparing til oppvarming. Leilegheitene vil bli selde som sjølveigarleilegheiter, organisert som sameige. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som består av eksklusiv bruksog disposisjonsrett til eigen bustad, og med forholdsmessig del av heile eigendomen sine fellesareal. Felleskostnader vil bli fordelt etter sameigebrøk for det enkelte husvære, fastsett etter leilegheita sin storleik (BRA). Det vil bli søkt om å få adresse Førde Terrasse frå nr. 10 til 64. Fellesutgifter vil bli redusert ved fellesinnkjøp av straum med bruk av avlesningssystem. Betong- og stålarbeid Prosjektet vert gjennomført med hovudbæresystem i betong og element. Skiljeveggar mellom leilegheitene vert hovudsakleg i betong. Toppetasjen vert av trekonstruksjonar. Trapper vert levert i betong, med overflate av flis. Trapperekkverk vert utført i pulverlakkert stål. Golv i sportsboder og svalgangar vert levert i stålglatta betong. Tømmerarbeid Ytterveggane mot balkong og stove vert bygt opp av treveggar med 20 cm isolasjon innvendig, 13 mm gipsplater. Utvendig vert veggane kledde med trepanel. Innvendige veggar vert bygt i tre, isolerte, og med gipsplater. Eventuelle tak blir nedfôra og med malt gips. Utbyggjar nyttar seg av retten til å kunne kle inne enkelte tekniske installasjonar og konstruksjonar i tak, i baderom og bod om naudsynt, istadenfor å senke taka. Diverse atterhald Det vert teke generelle atterhald om utbyggjars rett til å foreta tilpasningar og mindre endringar som viser seg naudsynt. Dette skal uansett ikkje påverke sluttproduktet sin kvalitet. Utomhusanlegget vert endeleg fullført når alle husværa er fullført. Arkitekten sine plan- og fasadeteikninger, samt situasjonsplan er lagt til grunn for kjøpekontrakt. Seljar har rett til å endre pris på uselde husvære, også av standardhusvære. Leilegheitene vert levert nøkkelferdig til innflytting. Prisen for leilegheitene inkluderer tilknytingskostnader, prisstigning og salskostnader. Seljar tek atterhald om endringar i prospektet, og at minst 60% av leilegheitene er selde før oppstart. Diverse atterhald Sameigehusvære med tinglyst skøyte på kvar seksjon Organisert bustadsameige Eigen straummålar i kvart husvære, med felles innkjøp av straum. Felles driftskostnader for bebuarane vert reinhald og straum til fellesareal, forsikring av husværa, festeavgift og vedlikehald av heis, alle kommunale avgifter og generelt utvendig vedlikehald. Desse kostnadane vert fordelt på kvart husvære i høve til storleik. Erfaringsmessig vil dette verte ca kr 650,- pr. mnd. for eit husvære på ca 100m 2. Det er planlagt oppstart hausten 2005 og ca. eit års byggetid. Det vert teke atterhald om endeleg kommunal godkjenning. Betalingsplan: 10% ved kontrakt 25% ved oppstart 25% ved ferdig bygg utvendig 30% ved klart for innvendig måling 10% ved ferdigattest / innflytting 16 Førde Terrasse
Plan underetg. Førde Terrasse 17
Førde Terrasse Illustrasjon av den eksklusive takterrassen på 55 m 2 til felles bruk og hytte for bebuarane. Utsikt mot sør og vest, med gode solforhold. 18 Førde Terrasse
Arkitektens kommentar til Førde Terrasse Førde Terrasse er eit svært spennande og nytt tilbod til bustadsøkjande i Førde, samtidig som prosjektet representerer eit viktig element i byutviklingssamanheng. Dette betyr at med den spesielt sentrumsnære beliggenheita, inntil gjennomgangsvegen E39, har prosjektet hatt eit stort fokus på design, utforming, funksjonalitet og tekniske løysingar, som er viktige både for den urbane heilskapen, så vel som for bumiljøkvalitetar. Tomtens form og terrengkvalitetar er utnytta ved at byggets geometri er tilpassa terrengforma. Såleis har den «terrasserte» bygningsformen kome fram med avtrappa endefløyar som muleggjer store, avskjerma takterrassar, med god utsikt mot sør og vest. Likedan har det vore ei stor utfordring å skape varierte og gode sosiale møteplassar (uterom) for bebuarane. Dette meiner ein å ha funne, bl.a. ved den store felles terrassen over garasjedekke. Her er det støyskjerma mot riksvegen og eit trafikkfritt samlingstun, der folk heile tida vert «synlege» ved inn/utgang frå hovudinngangane. Her vert òg plass og tilrettelagt leikeområde, med ei parkmessig møblering. På sørsida av bygget er det også lagt opp til eit parkmessig uterom, der folk kan møtast på bakkenivå. Ein takterrasse i 6. etg. (55 m 2 ) vil òg framstå som ein svært attraktiv møteplass for alle bebuarane. Denne har spesielt gode utsiktsog solforhold. Vidare syner eg til innhaldet i vedlagde prospekt, som i sum illustrerer at prosjektet har eit spennande innhald. I forhold til trafikk og funksjonalitet har alle leilegheiter garasjeplass i underetasjen, med innvendige trapper og heis opp til alle etasjane. Dette gjer biltrafikken til/frå bustadane heilt usynleg og både person- og varelogistikken veldig rasjonell og miljøvennleg. For Førde som by, vil eit slikt sentrumsnært bualternativ bety meir folk i sentrum og større bruk av byens uterom og meir lokal aktivitet i sentrum. Forhåpentlegvis vil og nærleiken til sentrum bety at bebuarane lettare vil gå eller sykle til/frå sentrum og såleis redusere biltrafikken i sentrumsgatene tilsvarande. Dette vert eit viktig ledd for å kunne oppnå eit meir levande og bilfritt sentrumsområde. På denne måten er FØRDE TERRASSE eit veldig spennande og godt prosjekt, både for bebuarane og byen! Arkitekten ønskjer å formidle desse tankane, som har lagt grunnlaget for utnytting og utforming av eit veldig marginalt tomteareal i Flatene. Eg vil ønskje både tiltakshavar og Førde by lukke til vidare med eit flott prosjekt. Aaland Arkitektkontor AS Tore Geir Aaland - siv.ark.- Førde Terrasse 19
Førde Terrasse Velkommen til Flatene Eiendom Fjellveien 10, 6800 Førde Tlf 57 82 39 15 Telefaks 57 82 39 65 E-post: stolsvik@stolsvik.no glm.grov@online.no mhe@runbox.no Kontakt for nærare informasjon: Per Stølsvik 950 30 400 Kristian Grov 911 33 022 Mads Helle 958 16 002 Produksjon: Inform Media as www.inform.as