KULTURMINNEÅRET 2009 I HORDALAND



Like dokumenter
TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Forslag frå fylkesrådmannen

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL DESENTRALISERT ORDNING FOR TILSKOT TIL KULTURBYGG 2011

Kulturminneåret 2009 Idé, status og planer. Inspirasjonsseminar, 26. november 2008 Sidsel Hindal, prosjektleder

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Festivalundersøking. Vår Analyse, utgreiing og dokumentasjon.

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

STORTINGSMELDING OM ARKIV - ST.MELD. 7 ( ) - FRÅSEGN

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Poesislam i UKM (Ref # )

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

Evaluering av museumsreforma

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål


Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

DIGITALISERING AV ARKIV. Kontaktkonferansen 2015 IKA Møre og Romsdal IKS Molde 28. mai 2015

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE HAUSTEN 2013

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE

Kulturhistoriske registreringar

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Privatarkivarbeidet Sett frå Møre og Romsdal ( og i lys av arkivmeldinga)

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Til deg som bur i fosterheim år

Fylkesmannen i Hordaland

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Den kulturelle nistepakken

FASE II: TILTAK INNAN MERKING OG GRADERING AV TURSTIAR FOR VANDRING, SYKKEL, SKI OG PADLING

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kulturminne og dispensasjonar - praksis og erfaring.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utlånt: Hans Johan Rishaug, Bud.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Hei alle sjøstjerneforeldre

Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016

Friluftslivets år 2015

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200802621-156 Arkivnr. 650 Saksh. Sandved, David Aasen Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 09.02.2010 KULTURMINNEÅRET 2009 I HORDALAND SAMANDRAG Kultur- og ressursutvalet løyvde 31.03.2009 tilsamen kr 500.000 i tilskot til regionale prosjekt i samband med Kulturminneåret 2009. Midlane vart fordelt på 11 ulike prosjekt, prioritert i samsvar med regionalpolitiske målsetjingane vedteken i Fylkesdelplan for kulturminne 1999-2010 og dei nasjonale satsingane: dagleglivet som tema, samarbeid mellom ulike aktørar, dokumentasjon og kulturuttrykk på vandring. Dei mange prosjekta og arrangementa i Hordaland i samband med kulturminneåret 2009 visar at kulturminneåret har fått brei tilslutnad i heile fylket og gjeve merksemd til kvardagslivets kulturminne. Mange av prosjekta har vore gjennomført som samarbeidsprosjekt mellom frivillige organisasjonar, musea, privat næringsliv og det offentlege. Totalt kom det inn 111 søknadar frå Hordaland til dei nasjonale tilskotsordningane. Samla fekk prosjekt i Hordaland kr 443.500 i statlege tilskot, tilsvarande 13,1% av den samla tilskotsramma. Det høge talet på søknader kan vere eit resultat av utlysinga av Hordaland fylkeskommune si tilskotsordning. Den regionale tilskotsordninga har såleis virka stimulerande og resultert i den gode utteljinga Hordaland fekk frå dei nasjonale tilskotsordningane. Dei mange prosjekta og arrangementa i samband med kulturminneåret 2009 i Hordaland har vist at kulturminneåret fekk ei brei tilslutnad i heile fylket og har gjeve merksemd til mykje av det frivillige arbeidet som gjerast for å ta vare på mange av våre kulturminne. FORSLAG TIL VEDTAK Kultur- og ressursutvalet tek sak til orientering. Paul M. Nilsen Ronny B. Skaar

FYLKESRÅDMANNEN, 29.01.10: Bakgrunn Regjeringa utpeika 2009 som kulturminneår og året vart sett i verk av to statlege departement, kyrkjeog kulturdepartementet og miljøverndepartementet. Departementa inviterte Hordaland fylkeskommune til samarbeid om Kulturminneåret 2009. Det vart satt ned ei nasjonal koordineringsgruppe med ein fylkeskontakt frå Hordaland fylkeskommune. Ei hovudsatsing for fylkeskommunen har vore å administrera ei regional tilskotsordning. Kultur- og ressursutvalet løyvde 31.03.2009 tilsamen kr 500.000 i tilskot til regionale prosjekt i samband med Kulturminneåret 2009. Målsettingar Ei sentral målsetning for kulturminneåret var at både kulturminna i seg sjølv og aktivitetane rundt desse skulle stå i sentrum. Tema for året var dagleglivets kulturminne som kan gje oss ei direkte og konkret oppleving av samanhengar bakover i tid. For å vise kor mange som er engasjert i arbeid med historie har det vore viktig at det vart etablerast nye samarbeidsformer mellom stat, fylke, kommune og frivillig sektor. Kulturminneåret 2009 hadde som ei sentral målsetning at formidlinga skulle løftast inn i ein interaktiv, digital verden. Mykje av arbeide med kulturminne vert utført av det frivillige og Kulturminneåret 2009 har hatt eit sterkt fokus på deira innsats. Kulturminneåret 2009 har hatt som målsetjing å inkludera alle grupper i befolkninga, uansett deira kunnskapsmessige utgangspunkt og kulturelle ståstad, i et felles løft for å ta vare på kulturarven. Dei nasjonale satsingane var: kvardagslivet som tema, samarbeid mellom ulike aktørar, dokumentasjon og kulturuttrykk på vandring. Regionale tilskot Kultur- og ressursutvalet løyvde 31.03.2009 tilskot til 11 ulike regionale prosjekt i samband med Kulturminneåret 2009. Midlane vart fordelt på prosjekt, prioritert i samsvar med regionalpolitiske målsetjingane vedteken i Fylkesdelplan for kulturminne 1999-2010 og dei nasjonale satsingane. Følgjande prosjekt fekk regionale tilskot i Kulturminneåret 2009 i Hordaland: Kulturuttrykk på vandring - Utstilling frå Kunsthøgskolen i Bergen, Fiskebollar i karri kr 100 000 Dokumentasjon - Kvardagsspor i landskapet Museumssenteret i Hordaland, Osterøy museum kr 50 000 Historiske ferdselsvegar i Hordaland - Stavangerske Posttour - Ølfernes - Herøysund - rydding av veg og skilting Interesselaget Postvegen, kr 60 000 - Trondhjemske Postvej - vandring og fotoutstilling Sandviken Kulturhistoriske forening, kr 30 000 - Posten skal frem Bymuseet i Bergen kr 10 000 Bergensbanen 100 år - Jubileumsarrangement ved Bergen stasjon Vokalensemblet Skrik kr 60 000 - Jubileumsarrangement Museet Gamle Vossebanen, Norsk jernbaneklubb kr 20 000 - Restaurering av damplok til jubileumstogtur Norsk jernbaneklubb kr 20 000 Kystkultur - På tokt med Gamle Oksøy og kulturarrangement, Museum vest kr 50 000 - Før & no festivalen Stord kommune kr 50 000 Kulturhistorisk formidling på nett - Nettpublikasjonar og kursing av ABM-institusjonar, kulturhistoriske-/sogelag og DIS (Databehandling i slektsgransking) i Hordaland, Kultur- og idrettsavdelinga kr 50 000 2

Hordaland fylkeskommunes tiltak Kartfesting av postvegane i Bergen I samband med satsingsområde historiske ferdselsvegar i Hordaland har fylkeskommunen ved Seksjon for kulturminnevern og museum samarbeida med Bergen kommune og frivillige (sogelag) for å utarbeida ei digital kartfesting av postvegane i Bergen. Ei sentral målsetjing har vore at kartfestinga i framtida skal kunne nyttast som verkty i sakshandsaming av plansaker i kommunen og fylkeskommunen. Nettpublikasjonar: 1. Kulturnett Hordaland (KH) har laga ei kulturminneløype i Våkendalen: Villmark nær byen vandring i Våkendalen : http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/villmark-naer-byen-vandring-i-vaakendalen. KH har kjøpt retten til nettpublisering av ein del eldre bilde frå Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen. KH har dessutan vore i kontakt med Bergens Skog- og Træplantningsselskap under arbeidet med kulturminneløypa, men elles er mesteparten av grunnlagsmateialet (bl.a. bilde frå turane) - skaffa på fritida. I alt er det lagt ut 20 kulturminneløyper som har tilknyting til Hordland: http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/loype_search?fylke=1200&kommune=&loyp etype=&searchabletext= Halvparten av dei er frå kommunar i Hordaland, dei andre er meir nasjonale løyper som òg har med Hordaland å gjere. I ei nasjonal tevling om beste kulturminneløype fekk også Vossestrand sogelag i samarbeid med Hardanger og Voss museum, Voss Folkemuseum, 2. premie (kr. 5000.-) for kulturminneløypa "Christiania - postveg; Vinje til Oppheim": http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/christiania-postveg-vinje-oppheim 2. Kulturnett Hordaland (KH) har engasjert Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen til å lage ei løype : Arkitekturvandring i Bergen. Bergensarkitektur i ord og bilder; laga av Jon Hoem: http://arkitektur.hordaland.kulturnett.no/ - frå forskjellige tidsepokar og frå ulike delar av byen. Denne er laga som ein blogg fordi KH gjerne vil at publikum skal kunne engasjere seg med kommentarar og liknande. Men fordi IT-seksjonen i HFK så langt ikkje tillet opplegg med sosiale media, er nettstaden plassert i web-hotell hos Kulturnett Noreg, og Mediesenteret vil ta seg av eventuelle tilbakemeldingar. Digitalt fortalt: Digitalt Fortalt er ABM-u si satsing på nettbasert kulturformidling, og blei lansert på opninga av Kulturminneåret 2009. Digitalt fortalt er eit brukarstyrt verkty, dvs. at ein kan leggje inn ei forteljing på eiga hand, og denne vert publisert på internett utan å måtte gå gjennom nokon form for kontroll. Kulturnett Hordaland har likevel ansvar for som alle dei regionale netta - å sjå til at forteljingane som blir lagde inn har all nødvendig informasjon, m.a. at dei er kartfesta og har fått emneord. Kulturnett Hordaland har òg lagt inn ein del digitale forteljingar frå nettstaden Eldreveven og elles publisert eit par forteljingar på eige initiativ. For å kunne drive rettleiing overfor enkeltpersonar og kulturinstitusjonar i Hordaland, er det nødvendig å kjenne hjelpemidlet Digitalt fortalt godt dvs. gjennom praksis. Kursing Sjølv om Digitalt fortalt er eit enkelt og intuitivt verkty, vert arbeidet med å produsere forteljinga og sjølve innlegginga mykje enklare med kursing. Våren 2009 vart det derfor gjeve tilbod om kursing i korleis ein legg inn ei forteljing i Digitalt fortalt, medan det på hausten vart gjeve eit meir vidarekommande kurs, i det å lage digitale forteljingar sette saman av tekst, lyd og bilde. Arrangørane var Hordaland fylkesarkiv og Kulturnett Hordaland, medan kurshaldar vart leigd inn. 3

Invitasjon til det første kurset gjekk ut til alle ABM-institusjonar, kulturhistoriske-/sogelag og DIS (Databehandling i slektsgransking) i Hordaland, og 2 kurs vart arrangerte på to ulike dagar (fredag og laurdag) for å femne alle målgruppene. Kurset vart fullteikna på fredag (15 stk), medan berre ein frå frivillig sektor møtte opp laurdagen. Det andre kurset vart dekka av ABM-u, og gjekk i første rekkje ut til ABM-institusjonane i Hordaland; med 2 reserverte plassar for deltakarar frå sogelag/historielag og DIS. Kurset vart fordelt over to dagar med to veker i mellom, slik at ein siste dag skulle presentere det ein hadde gjort. Her vart 14 av dei 15 plassane nytta. På dei to kursa var deltakarar frå følgjande institusjonar i Hordaland melde på: Bergen Museum, Bymuseet i Bergen, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Norsk vasskraft- og industristadmuseum, Osterøy museum, Bergen byarkiv, Interkommunalt arkiv, Statsarkivet i Bergen, Hordaland fylkesarkiv, Fjell folkeboksamling, Lindås folkeboksamling, Ullensvang folkeboksamling, Voss bibliotek, Hordaland fylkesbibliotek, DIS-Hordaland/Hordaland historielag. Resultat Etter at dei to kursa er gjennomførde, er 22 digitale forteljingar lagt inn frå Institusjonar i Hordaland; 16 av desse av personar som har vore på kurs. I tillegg er 9 forteljingar nesten ferdige, og vi forventar at desse blir publiserte i løpet av dei kommande månadene. Enkelte av forteljingane er lagt inn av privatpersonar. Ei av dei digitale forteljingane som vart laga på kurset og er lagt ut i Digitalt fortalt har hatt stor suksess, og har vore vist over 1100 gonger dei siste fire vekene: http://df.kulturnett.no/show_single.aspx?art_id=114883&fylke_nr= Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore utelukkande positive, og mange har uttrykt stor glede over å kunne få eit slik verkty til å leggje ut forteljingar i Digitalt fortalt. Både dei som driv innanfor ABM-sektoren - og privatpersonar - har ofte eit uttal historier på lager, så dette er for mange eit flott høve til å kunne fortelje desse for eit større publikum. Digitalt fortalt er open for alle og vil fortsette aktiviteten heilt fram til jubileet i 2014. Kulturnett Hordaland informasjon: Kulturnett Hordaland (KH) har hatt liggande informasjon om Kulturminneåret med direkte inngang frå hovudmenyen: http://hordaland.kulturnett.no/kulturminneaaret/index.php. Desse sidene vil bli omarbeidde slik at dei kan omfatte det som no blir satsinga fram til 2014. Nasjonale prosjekt i Hordaland Sekretariatet for Kulturminneåret har vært ansvarleg for eit prosjekt knyt til ti av Noregs best bevarte industrielle kulturminne. Prosjektet fekk namnet Fordums kraft - nytt liv. Industriminner i møte med vår tid. Av totalt 10 prosjekt var 2 knytt til Hordaland. Ved Salhus Tricotagefabrik, Norsk Trikotasjemuseum vart tekstilkunstnaren Maria Manuela Rodrigues valt ut. Rodrigues produserte ei kunstutstilling som vart vist på Norsk Trikotasjemuseum: Ved Tyssedal kraftanlegg, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er lysdesignar og arkitekt Erik Selmer engasjert for å lyssetje den freda kraftstasjonen, Tysso 1. Nasjonale tilskot I samband med Kulturminneåret 2009 vart det etablert 3 nasjonale tilskotsordningar. Samla var tilskotsramma frå staten på 5.8 mill. kroner. Frå Hordaland kom det inn søknader på om lag 5.3 mill til prosjekt som samla hadde ei total kostnadsramme på 24.8 mill. Hordaland fylkeskommune har motteke søknadane og oversendt innstilling til Norges kulturvernforbund. Styret i Norges kulturvernforbund har ut frå ei ramme på 3.4 mill. handsama tilskot i søknadskategori 1, Tilskot til bredde og mangfald (søknadar under kr. 10000) og kategori 3, Tilskot til større regionale arrangement. 4

Ut frå ei ramme på kr 2.4 mill. har Norsk kulturråd handsama tilskot i søknadskategori 2, Tilskot til lokale kulturminneårstiltak, større tiltak, (søknadar over kr 10.000): Nasjonale tilskot til Hordaland Følgjande prosjekt i Hordaland fekk tilskot i kategori 1: Film - slakting av gris Fitjar kommune 10 000 Båtbyggingstradisjonen på DVD. Dokumentasjon gjennom bilete og tekst. Sagvågen Kystlag 10 000 Mat, folk og kultur på Møhlenpris Frivilligsentralen Vitalitetsenteret 10 000 Arrangere landsmøte med veteranbussutstilling Rutebilhistorisk Forening Hordaland. 10 000 Posten skal frem - Vi følger postveska på tog og langs veg Bymuseet i Bergen 10 000 Verdt å verne? Utstilling som stille spørsmål ved hva et kulturminne er og hva det er som gjør noen kulturminner mer verdifulle enn andre Bymuseet i Bergen 10 000 Vokalensemblet Skrik tar toget - 100 år med Bergensbanen Vokalensemblet Skrik 10 000 Ulvik - Markeringa fokus på samferdsle og energi i tilknyting til teknisk industrielle kulturminne. Opning av nettstaden til stadnamn, Bergensbanens 100-årsjubile, Kulturminneløypevandringa: Posten skal fram!, utstillinga det Daglege brød Ulvik herad 10 000 Fem temadagar om kulturminne, Kulturminneløypa. Sveio kommune 10 000 Rekonstruerte bunader i Os Os Husflidslag 10 000 Berging/sikring av lokalhistorisk brannbil Hardanger Veteranvognklubb 10 000 Ytre Arnafotografen Walter Øybø - Framkalling og digitalisering av 600 negativer Ytre Arna Historielag 9 000 Krotekakesteiking i nyare tid Kinsarvik bygdekvinnelag 8 000 "Open dag" - formidling av gamle handverksteknikkar Folgefonn Husflidlag 6 500 Kråtakaker. Skare ungdomslag 5 000 Stemne i Strusshamn, saman med årsstemne for Hordaland Kystlag. Askøy Kystlag 5 000 Stiftelsen Espeland Fangeleir - dokumentere minner frå dagliglivet i en uvanlig situasjon. Filmintervjuer av tidligere fanger og familier av fanger. Stiftelsen Espeland Fangeleir 10 000 Bokutgivelse av unikt, historisk postkortalbum med tekst og forklaringer med tilknytning til Bergen 10 000 Myrkdalen - Vik, samkvem i eldre tider Myrkdalen Landskapspark 10 000 Museum for vår nære fortid Lindåstunet 10 000 Bok om Alice Fangen Klem. cc 10 000 5

Jordkjeller i vest Radøy kommune 10 000 Kurs i tekking med rastaheller Interesselaget Vangssago 10 000 Utgjeving av bok i samband med 70-års jubileet Lindås Songlag 10 000 Bildespel om skipsbygging på Halsnøy i gammal tid Interesseforeningen Oline 10 000 Konsert i Kulturminneløypa i Sund Kommune 2009 Nordsjøløypegruppa Ut mot havet 5 000 Vegvisar for kulturminne i Sæbø Landskapspark Sæbø Landskapspark 10 000 Gravminne i Norge DIS-Hordaland v/gravminner i Norge 5 000 Perler i Nordsjøløypa (PiN) Sund kommune 5 000 Rosendalskonferansen 2009 - kulturminne som tema Kvinnherad kommune 10 000 Folkemusikkveke i Nordhordland Lindås kommune /Musikkens Venner i Nordhordland 10 000 For fullstendig liste, tilskot i kategori 1, sjå nettstaden: http://www.kulturminneaaret2009.no/dokumenter/tildeling%20kategori%201%20- %206%20april%202009%20-2.xls Følgjande prosjekt i Hordaland fekk tilskot i kategori 3: Notkast i Kjereidet - arrangement til Nordsjøløypedagen 6. september Sund kommune 30 000 Bergensbanen 100 år - jubileumsarrangementer ved museet Gamle Vossebanen Norsk Jernbaneklubb - Museet Gamle Vossebanen 80 000 For fullstendig liste, tilskot i kategori 3, sjå nettstaden: http://www.kulturminneaaret2009.no/dokumenter/tildeling%20kategori%203%20- %203%20april%202009.xls Følgjande prosjekt i Hordaland fekk tilskot i kategori 2: Arbeidarkultur og industriarv Norsk Vasskraft- og Industrimuseum 45 000 Hushjelp søkes, bill, merk Hushjelpa sitt liv og lagnad, om livet på kjøkkenet og salongene Bymuseet i Bergen i samarbeid med de frivillige organisasjonene 25 000 Lofottokt med hardangerjakta Mathilde Hardanger og Voss museum 20 000 For fullstendig liste, tilskot i kategori 2, sjå nettstaden: http://www.kulturrad.no/tildelinger/kulturvern/kulturminnearet-2009/ Samla fekk prosjekt i Hordaland kr 443.500 i statlege tilskot, det vil seie 13,1% av den samla tilskotsramma. Totalt var det 111 søknadar frå Hordaland. Det høge talet på søknader kan vere eit resultat av utlysinga av Hordaland fylkeskommune sin tilskotsordning. Den regionale tilskotsordninga har såleis virka stimulerande og resultert i den gode utteljinga Hordaland fekk frå dei nasjonale tilskotsordningane. 6