Ordføraren Norsk kulturskuleråd avd. Rogaland Dato: 13.06.2014 Arkiv: K2 - A30, K3 - &13 Vår ref (saksnr.): 14/807-4 Journalpostid.: 14/17354 Dykkar ref.: Høyringsuttale frå Time kommune - rammeplan for kulturskulen Saka var til uttale i utval for Levekår i møte 28.05.14. Utvalet gjorde fylgjande vedtak: LEV-015/14 Vedtak: 1. Forankring Forankring av planen må forskriftsfestast slik at den vert forpliktande for kommunen. 2. Økonomi Forslag i planen som fører til ei auking av utgifter for kommunen, må kompenserast. 3. Kvalitet Kulturskulen er ein fagleg ressurs innan musikk, kunst og kulturfag for barnehage, grunnskule samt lokalt frivillig musikk- og kulturliv. Samtidig må kulturskulen behalda sin eigenart med tilbod om breidde og fordjuping på alle nivå. Det må vera krav om lokale fagplaner for kulturskulen etter felles tydeleg standardnorm. 4. Undervisningsprogram Grunnprogrammet er primært for målgruppa 0-16 år. Kjerneprogrammet er for målgruppa 6-19 år. Fordjupingsprogrammet er for målgruppa 9-19 år. Alle dei tre programma kan rekruttera til vidaregåande- og høgare utdanning. Fordjupingsprogrammet kan i tillegg kvalifisera til opptakskrav ved kunstfagleg høgare utdanning. Undervisningsprogrammet må ha eit program nummer 4 som synleggjer kulturskulen si rolle som lokalt resurssenter for barnehage, grunnskule, Den kulturelle skulesekken og det lokale frivillige kulturliv. 5. Kompetansekravet i planen støttes. Vedlagt fylgjer saksframlegg som var til behandling. Time kommune Postboks 38 4349 Bryne Tlf. 51 77 60 00 Faks 51 48 15 00 E-post post@time.kommune.no www.time.kommune.no
Med helsing Karina Arntzen Haugland førstekonsulent Dette dokumentet er elektronisk godkjent og krev ikkje signatur 2
Arkiv: K2 - A30, K3 - &13 Vår ref: 14/807-3 Journalpostid: 14/13423 Saksbeh.: Astrid Fjeld HØYRING RAMMEPLAN FOR KULTURSKULE Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 015/14 28.05.2014 Senior- og Brukarrådet 023/14 26.05.2014 Framlegg til vedtak: 1. Forankring Forankring av planen må forskriftsfestast slik at den vert forpliktande for kommunen. 2. Økonomi Forslag i planen som fører til ei auking av utgifter for kommunen, må kompenserast. 3. Kvalitet Kulturskulen er ein fagleg ressurs innan musikk, kunst og kulturfag for barnehage, grunnskule samt lokalt frivillig musikk- og kulturliv. Samtidig må kulturskulen behalda sin eigenart med tilbod om breidde og fordjuping på alle nivå. Det må vera krav om lokale fagplaner for kulturskulen etter felles tydeleg standardnorm. 4. Undervisningsprogram Grunnprogrammet er primært for målgruppa 0-16 år. Kjerneprogrammet er for målgruppa 6-19 år. Fordjupingsprogrammet er for målgruppa 9-19 år. Alle dei tre programma kan rekruttera til vidaregåande- og høgare utdanning. Fordjupingsprogrammet kan i tillegg kvalifisera til opptakskrav ved kunstfagleg høgare utdanning. Undervisningsprogrammet må ha eit program nummer 4 som synleggjer kulturskulen si rolle som lokalt resurssenter for barnehage, grunnskule, Den kulturelle skulesekken og det lokale frivillige kulturliv. 5. Kompetansekravet i planen støttes.
Senior- og Brukarrådet Framlegget vart samrøystes vedtatt. SBR-023/14 Framlegg: 1. Forankring Forankring av planen må forskriftsfestast slik at den vert forpliktande for kommunen. 2. Økonomi Forslag i planen som fører til ei auking av utgifter for kommunen, må kompenserast. 3. Kvalitet Kulturskulen er ein fagleg ressurs innan musikk, kunst og kulturfag for barnehage, grunnskule samt lokalt frivillig musikk- og kulturliv. Samtidig må kulturskulen behalda sin eigenart med tilbod om breidde og fordjuping på alle nivå. Det må vera krav om lokale fagplaner for kulturskulen etter felles tydeleg standardnorm. 4. Undervisningsprogram Grunnprogrammet er primært for målgruppa 0-16 år. Kjerneprogrammet er for målgruppa 6-19 år. Fordjupingsprogrammet er for målgruppa 9-19 år. Alle dei tre programma kan rekruttera til vidaregåande- og høgare utdanning. Fordjupingsprogrammet kan i tillegg kvalifisera til opptakskrav ved kunstfagleg høgare utdanning. Undervisningsprogrammet må ha eit program nummer 4 som synleggjer kulturskulen si rolle som lokalt resurssenter for barnehage, grunnskule, Den kulturelle skulesekken og det lokale frivillige kulturliv. 5. Kompetansekravet i planen støttes. Levekår Forslag frå Aksel Solvik-Olsen, FrP: 1. Utvalget for levekår avviser planen som gir kommunen opplæringsansvar fra barnets fødsel (0-16 år). Dette begrunnes slik: 2. Utvalget for levekår mener at kommunene har behov for driftstilskudd til barne-og ungdomsskolene. Erfaringen viser at det ikke gis full økonomisk kompensasjon når
kommunene gis utvidet driftsansvar av pålagte kommunale oppgaver. Kommunen kan derfor ikke påta seg å dekke kostnadsøkningen som følger de utvidede planene for kulturskolevirksomheten. 3. Dersom Høringsplanen for ny Rammeplan for Kulturskulen blir godkjent må den også ha med klare retningslinjer for statlig driftstilskudd og foreldrebetaling. 4. Det bør vedtas et overordnet mål om at alle barn har lik rett til å delta i Kulturskulen. Framlegget vart vedtatt med 8 røyster medan 1 røysta for Aksel Solvik-Olsen sitt forslag. (FrP) LEV-015/14 Vedtak: 1. Forankring Forankring av planen må forskriftsfestast slik at den vert forpliktande for kommunen. 2. Økonomi Forslag i planen som fører til ei auking av utgifter for kommunen, må kompenserast. 3. Kvalitet Kulturskulen er ein fagleg ressurs innan musikk, kunst og kulturfag for barnehage, grunnskule samt lokalt frivillig musikk- og kulturliv. Samtidig må kulturskulen behalda sin eigenart med tilbod om breidde og fordjuping på alle nivå. Det må vera krav om lokale fagplaner for kulturskulen etter felles tydeleg standardnorm. 4. Undervisningsprogram Grunnprogrammet er primært for målgruppa 0-16 år. Kjerneprogrammet er for målgruppa 6-19 år. Fordjupingsprogrammet er for målgruppa 9-19 år. Alle dei tre programma kan rekruttera til vidaregåande- og høgare utdanning. Fordjupingsprogrammet kan i tillegg kvalifisera til opptakskrav ved kunstfagleg høgare utdanning. Undervisningsprogrammet må ha eit program nummer 4 som synleggjer kulturskulen si rolle som lokalt resurssenter for barnehage, grunnskule, Den kulturelle skulesekken og det lokale frivillige kulturliv. 5. Kompetansekravet i planen støttes.
HØYRING RAMMEPLAN FOR KULTURSKULE SAKA GJELD Rammeplan for kulturskular. SAKSOPPLYSNINGAR Norsk kulturskoleråd er ein medlems- og interesseorganisasjon for kommunar. Rammeplanutvalet vart utnemd av sentralstyret i Norsk kulturskoleråd etter vedtak frå Norsk kulturskoleråd sitt landsmøte okt. 2012. Høyringsdokumentet «Mangfold og fordypning» gjeld dei to første kapitla, «Generell del», av ny Rammeplan. Noverande rammeplan «På vei til mangfold» (2003) har hatt ein rettleiande funksjon for dei kommunale kulturskulane. Det er lite forpliktande føringar for kulturskular frå statleg hald i dag. Dette gir utslag i svært store variasjonar for skuleslaget rundt om i landet. Det er lovfesta at kommunar skal ha kommunale musikk- og kulturskular (opplæringslova 13.6). Lova har ikkje forskrift. Den nye rammeplanen har ambisjon om å styrke kvaliteten i opplæringa i dei kommunale kulturskulane. Målet med planen er å etablera ein felles standard for undervisningstilbodet, med høve for lokale tilpassingar innan tre ulike undervisningsprogram. «Utvalget har hatt har hatt følgende mandat: 1. Norsk kulturskoleråds styre ber utvalget utarbeide et nytt forslag til rammeplan for kulturskolen. 2. Planen skal bygge på gjeldene Rammeplan frå 2003, Norsk kulturskoleråds Strategi 2020 og forholde seg til Kunnskapsløftet fra 2006, Kulturløftene fra 2005 og 2009, Kulturutredningen 2014 og Stortingsmelding 20 (2012-1) På rett vei. 3. Planen skal være et hensiktsmessig verktøy for å løse kulturskolenes sammensatte oppdrag i forhold til opplæringstilbud, elevers læring og fordypning, skoleslaget som kulturinstitusjon og lokalt ressurssenter, og samtidig gi grunnlag for å sikre bred rekruttering og mangfold i kulturskolenes virksomhet. 4. Planen skal legge til rette for profesjonalisering og helhetstenking og for styrket evne til samarbeid internt og eksternt. 5. Planen skal vektlegge betydningen av høy faglig og pedagogisk kvalitet i alle tilbud og være et sentralt grunnlagsdokument for utviklingen av nasjonale standarder og lokale læreplaner. 6. Kulturskolens rammeplan skal baseres på et undervisningstilbud med vekt på utfoldelse, opplæring og fordyping. Planen skal omhandle kulturskolenes samfunnsoppdrag, prinsipper og retningslinjer, samt fagplaner. Utvalget bes også om å foreslå tiltak for implementering og oppfølging av rammeplanen. 7. Styret ber om at det legges opp til en åpen og inkluderende prosess fram mot Norsk kulutrskoleråds landsmøte 2014, slik at samfunnsoppdraget, og prinsipper og
retningslinjer kan presenteres for landsmøtet høsten 2014. Fagplaner for de enkelte kulturskolefag utarbeides etter dette landsmøtet». VURDERING Tidlegare rettleiande målsettingar har vore å kunne tilby kommunal kulturskuleplass til 30 % av grunnskuleelevane. Den nye rammeplanen legg opp til eit undervisningsprogram for barn og ungdom 0-19 år. Kulturskulen sitt undervisningsprogram er føreslått tredelt: Grunnprogrammet organiserast ved den enkelte kulturskule. Programmet legg grunnlag for vidare læring innan musikk- kunst- og kulturfag. Grunnprogrammet skal primært gjelde målgruppa 0-16 år, ved spesielle høve alle aldersgrupper. Kjerneprogrammet organiserast ved den enkelte kulturskule. Programmet kan rekruttere for vidaregåande skule og høgare utdanning. Kjerneprogrammet skal gjelde målgruppa 6-19 år, ved spesielle høve frå 4 år. Fordjupingsprogrammet må organiserast regionalt. Programmet kan rekruttera til vidaregåande skule og kvalifisera til høgare utdanning. Grunnprogrammet er i planen føreslått med open tilgang for alle som ønskjer plass. Dette liknar på «Kulturskuletimen» sin intensjon. Statlege midlar til denne timen er falt vekk frå hausten 2014. Rådmannen meiner at den nye rammeplanen krev at kommunen nå sjølv må dekke kostnader for vidareføring av liknande tilbod. Kjerneprogrammet tolkar vi som den kulturskulen vi har pr. i dag. Opptak av elevar etter plasser og prioriteringar lokalt. Fordjupingsprogrammet må organiserast regionalt, i samarbeid med eksisterande «Lørdagsskole» og «Unge Musikere». Kostnad for dette er uklart i planen. Undervisningsprogrammet må innehalda eit program nummer 4 som synleggjer kulturskulen si rolle som lokalt resurssenter for barnehage, grunnskule og frivillig lokalt kulturliv. Slik planen nå framstår er den mangelfull i forhold til tydeleg presisering og kvalitetssikring av kulturskulen sine oppgåver og ansvar innan desse felta. Inndeling i ulike undervisningsprogram må ikkje svekke det allereie eksisterande kjerneprogrammet som kulturskulen har pr. i dag. Rådmannen støtter innføring av kompetansekrav for tilsette i kulturskulen. Det må likevel presiserast at kommunen ikkje kan ta det økonomiske ansvaret for kulturskulelærarane sin profesjonsutvikling utan statleg kompensasjon. Forsking og pedagogisk utviklingsarbeid for dette relativt nye profesjonsfeltet er viktig, og må skje i samarbeid med høgare kunstfaglege utdanningsinstitusjonar. Det er uklart kven som er ansvarlege og initiativtakar på dette området. Fagplanar må utviklast kommunalt/regionalt innan alle fagområder. Når fagplanane skal
utarbeidast må det føreliggja klare kjenneteikn og kriterier. Rammeplanen nemner kontinuerleg formativ vurdering og rettleiing. Dette må skje etter felles gitte rammer. Rådmannen meiner at rammeplanen er vag med svak forankring for kommunen som skuleeigar. Det vert i for stor grad nytta ord som «bør og kan» framfor «skal og må». Det er viktig for skuleslaget at ein ny rammeplan gir høgare kvalitet og meir likskap for kulturskulelandet. Rådmannen stiller spørsmålsteikn ved at denne høyringa skal gå til eit regionalt fylkesledd før det går til oppdragsgjevar sentralt. Rådmannen i Time, den 12.05.2014. Brit Nilsson Edland Ørjan Daltveit Kommunalsjef oppvekst Vedlegg: Rammeplan kulturskule - høyringsutkast Høyringsbrev - kulturskule Dette dokumentet er elektronisk godkjent i systemet og krev derfor ikkje signatur