SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912 Utviklingsprogrammet for Leikanger, Luster og Sogndal Rådmannen si tilråding: Luster kommune deltek i fase 1 av Utviklingsprogrammet for Leikanger, Sogndal og Luster finansiert av Kommunal og moderniseringsdepartementet, slik det no ligg føre skisse til. Formannskapet skal haldast orientert om framdrifta i arbeidet, og ein eventuell søknad om midlar til vidareføring av utviklingsprogrammet skal leggast fram for formannskapet.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Programskisse, løyvingsbrev, søknad til KMD Samandrag: Formannskapet i Luster kommune er i tidlegare møte orienterte om at det både vart søkt om midlar og seinare løyvd prosjektmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Søknaden er innafor utviklingsprogrammet med mål om å legge til rette for positiv utvikling i regionar med ein by/tettstad og omkringliggjande kommunar. Søknaden har fått positiv tilsegn om kr 1.5 mill til fase 1. Tildelinga gjeld for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal. Rådmannen tilrår at formannskapet skal vedta at Luster kommune deltek i dette utviklingsprogrammet. Utval som har vedtaksmynde: Formannskapet Fakta: Formannskapet i Luster kommune er i tidlegare møte orienterte om at det både vart søkt om midlar og seinare løyvd prosjektmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Søknaden er innafor utviklingsprogrammet med mål om å legge til rette for positiv utvikling i regionar med ein by/tettstad og omkringliggjande kommunar. Søknaden har fått positiv tilsegn om kr 1.5 mill til fase 1. Tildelinga gjeld for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal. Programmet skal auke kunnskapen om samspel mellom by og omland og regionane sine næringsmessige potensiale. Det er eit mål at den auka kunnskapen skal bidra til strategiar og tiltak som styrkar regionen som heilskap. Distriktssenteret skal vere sentrale i arbeidet med framdrift i programmet. Det er 33 ulike regionar som er med i dette arbeidet, både innhald og finansiering er noko ulike frå prosjekt til prosjekt. Det er ikkje føresett kommunal medfinansiering, men kommunane skal sjølve dekke reisekostnader. Alle frå kommunen som deltek i møte etc skal føre timelister. Timar nytta i prosjektet er kommunane sin eigendel. Programmet er delt opp i to fasar, og nettverksarbeid står sentralt i begge. Det vert teke sikte på at fase 1 skal være eittårig og vert hovudsakleg gjennomført i 2014, medan fase 2 går over tre år og vert gjennomført i 2015 2017. I denne omgangen er det berre lyst ut midlar til prosjekt i fase 1. I fase 1 er programmet retta mest mot kunnskapsinnhenting om dei ulike regionane, etablering av samarbeid i regionen og identifisering og val av tema som deltakarane ynskjer å arbeide med. I prosjektplanen slik han no ligg føre heiter det:
Fase 1 av Utviklingsprogrammet for Leikanger, Luster og Sogndal 06.05.14 Mål med programmet Saka gjeld tildeling av prosjektmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), som ynskjer å legga til rette for positiv utvikling i byregionar. Tildelinga gjeld for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal. Byregionprogrammet skal auke kunnskapen om samspel mellom by og omland og regionane sine næringsmessige potensiale. Det er eit mål at den auka kunnskapen skal bidra til strategiar og tiltak som styrkar regionen som heilhet. Oppbygginga av programmet Programmet er delt opp i to fasar, og nettverksarbeid står sentralt i begge. Det vert teke sikte på at fase 1 skal være eittårig og vert hovudsakleg gjennomført i 2014, medan fase 2 går over tre år og vert gjennomført i 2015 2017. I denne omgangen er det berre lyst ut midlar til prosjekt i fase 1. I fase 1 er programmet retta mot kunnskapsinnhenting om dei ulike byregionane, etablering av samarbeid i regionen og identifisering og val av tema som deltagarane ynskjer å arbeide med. For regionen Leikanger, Luster og Sogndal skal det i fase 1 arbeidast mellom anna med å sjå på følgande utviklingsarbeid i regionen. Ein ønsker å sjå på flyttestraumar, kva demografiske karakteristikkar som speler inn her. Eksisterer det eit asymmetrisk forhold mellom naudsynt arbeidskraft hjå bedriftene og den tilgjengelige arbeidskrafta i regionen? Nøkkelpersonar og kompetansearbeidskraft. Er det viktige fagområde som er særleg vanskeleg å rekruttere til, kva kan i tilfelle gjerast for å løyse dette? Kartleggje område der det trengst betre samordning/samarbeid mellom offentlige institusjonar og private verksemder for å få ei betre utvikling. Utvikling av handelsmønster. Korleis handlar befolkninga i regionen? Korleis går pengestraumane? Nye tilflyttingsgrupper til regionen. Flyktningar, utanlandske arbeidssøkjarar, livsstilflyttarar. Korleis arbeider kommunane med desse gruppene? Korleis kan slikt arbeid utviklast? Kvifor er Sogn attraktivt? Korleis kan vi bli meir attraktive? Regionen er i ferd med å bli attraktiv for såkalla "livsstilsflyttarar". Kor mange gjeld dette i forhold til det totale talet på folk som flytter til området? I regionen er det mange bygder som driv godt utviklingsarbeid. Fleire av desse bygdene har god erfaring med å kommunisere med livsstilflyttarar og drive arbeid med tilflytting. I prosjektet vil det bli etablert samarbeidsarenaer mellom desse bygdene. Regionen har mange store offentlige arbeidsplassar. Prosjektet vil ha fokus på kva som skal til for å få auka aktivitet og få fleire sysselsette i desse verksemdene. Det gjeld t.d. DIFI, NAV, Statens Vegvesen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune o.l.
Prosjektorganisering Sogn Næring stiller med prosjektadministrasjon. Prosjektet vert organisert med ei eigargruppe, ei styringsgruppe og ei referansegruppe. Prosjekteigarar: Leikanger kommune v/olav Lunden Luster kommune v/ivar Kvalen Sogndal kommune v/jarle Aarvoll + ein rådmann Gruppa konstituerer seg sjølv. Styringsgruppe: Olav Grov Per Holen Per-Odd Grevsnes- leiar Referansegruppe: Referansegruppa skal ha ca. 3 deltakarar frå kvar kommune. Gruppa skal representere både privat og offentleg næringsliv. Det skal føreligge eit forslag på deltakarar på neste eigarmøte. Sogn Næring stiller med prosjektleiar Framdriftsplan/milepælar 4. april 2014: Forankringsmøte eigargruppe, styringsgruppe og administrasjon mai 2014: Vedta førebels prosjektplan- gjennomføre politisk forankring i eigarkommunane 20. mai 2014: Nasjonalt møte arrangert av KMD om programmet i Trondheim, der representantar for eigar- og styringsgruppa møter Utgangen av mai 2014: Opprette referansegruppe. Gjennomføre introduksjonsmøte andre veka i juni om prosjektet, forventningar til måloppnåing og referansegruppa si rolle og bidrag. Innan utg. av juni 2014: Fasilitere og gjennomføre nettverksmøte for aktørar innan handel, reiseliv, industri, nyetableringar og offentleg sektor. Målet for nettverksmøta er å få til ei brei involvering og dermed opne for nye innspel til prosjektet. Utg. av juni 2014: Fastsetje fokusområde/satsingsområde som skal ligge til grunn for undersøking i prosjektet. Utg. av juni 2014 Milepæl: Har prosjektet framdrift? Utg. av august 2014: Utlysing av tenester for innhenting av statistisk materiale til bruk i prosjektet (innafor kostnadsrammer fastsett i budsjettet og tilsegn, og er avhengig av fokusområda). Utg. av november 2014: Ferdigstilling statistisk grunnlag. Utg. av februar 2015: Ferdigstilling av prosjekt. Utg. av februar 2015 Milepæl: Eventuell søknad til fase 2 av By- og regionsprogrammet. Utg. av mars 2015: Prosjektrapport og evaluering. Juridisk vurdering av anbodsreglar Sogn Næring har vurdert spørsmålet om selskapet kan utføre dette oppdraget utan at det kjem inn under regelverket for offentlege innkjøp.
Sogn Næring har fått hjelp til denne vurderinga av ein jurist i fylkeskommunen. Ut i frå desse vurderingane meiner me at dette prosjektet kan utførast av Sogn Næring utan at det kjem i konflikt med lov om offentlege innkjøp. Vurdering: Arbeidet med å utvikle søknaden til dette programmet gjekk fort, og deltaking frå administrasjon og politisk leiing vart ikkje stor. Det er likevel slik at no i fase 1 kan det vere stor grad av påverknad på kva som skal arbeidast med. Rådmannen vil tilrå at formannskapet gjer eit vedtak om at Luster kommune deltek i dette samarbeidet. Dato: 08.05.14 Jarle Skartun Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: