RÅDMANN Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 MOLDE ArkivsakID-nr Saksbehandlar: Dato 17/54- Gjøsund Hege 09.03.2017 3 Vedtak gjort av: Byggesak landbruk og arealforvaltning Delegert saknr.: 055/17 Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 19-2 gjev Haram kommune dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen Delområde 1 Skjelten-Lepsøy-Austnes, for bygging av T-kryss som synt i søknad. Søknaden: Haram kommune har motteke søknad frå Statens vegvesen om dispensasjon for å bygge T-kryss innanfor området regulert til rundkøyring i reguleringsplan Nordøyvegen- delområde 1, Skjeltene-Lepsøy-Austnes. Dispensasjonen gjeld kun området for rundkøyring. T-krysset vil ligge i same område som er regulert til rundkøyring, men tekniske tilpassingar medfører at der vert mindre endringar i forhold til regulerte arealformål. T-krysset vil ikkje berre ligge innan for mål «køyreveg», men vil gå noko ut i formål «teknisk anlegg» og «annan veggrunn» i godkjent plan. I tillegg vil fyllingsfoten for vegen gå marginal utanfor plangrensene for godkjent plan og inn i LNF-område i kommuneplanen på gbnr 177/7. Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: E post: 6270 Brattvåg 70 20 75 00 70 20 75 01 4202.46.41826 postmottak@haram.kommune.no Internett: www.haram.kommune.no
Fråsegn frå andre: Møre og Romsdal Fylkeskommune 07.02.2017: Der er registrert to automatisk freda kulturminne i konflikt med T-kryss løysinga det vert søkt om. Søknad om løyve til inngrep etter kulturminnelova 8.1 er sendt frå oss til Riksantikvaren for uttale. Riksantikvaren 13.02.2017: Med heimel i kulturminnelova 8 først ledd, vert det gjeve løyve til inngrep i mindre del av automatisk freda kulturminne, id 146730 på Skjelten, gnr 22 bnr 3, og inngrep i sikringssona til automatisk freda kulturminne id 144709, på Gamlemshaug gnr 177 bnr 7. Det vert ikkje stilt krav om arkeologisk gransking av dei råka delane av dei automatisk freda kulturminna omfatta av dispensasjonen. Kulturminna skal sikrast med gjerde under anleggsarbeidet slik at dei ikkje vert skada i samband med dette. dette skal gjerast i samråd med fylkeskommunens kulturavdeling. Møre og Romsdal Fylkeskommune 16.02.2017: Riksantikvaren har gitt løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne for T-kryss, jamfør brev datert 13.02.2017 Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Arealbruken ved T-kryss vil bli omlag som ved bygging av rundkøyring, og vil ikkje medføre vesentleg omdisponering av areal. Fylkesmannen har ut frå sine ansvarsområde ingen merknader. Oddvin Skjelten, Vettre, 04.03.2017: T-kryss er å føretrekke framfor rundkøyring. Arealbruken for T-kryss en mindre enn for rundkøyring og eksisterande veg kan nyttast i stor grad som den er. Fyllingsfoten for T-kryss bør kunne tilpassast eksisterande reguleringsplan, her er det snakk om små justeringar. Eg vil ikkje avstå grunn til vegprosjektet frå min eigedom gnr 22 bnr 2. Dispensasjon: Side 2 of 5
Det er ein føresetnad for å kunne gi dispensasjon etter plan- og bygningslova 19-2 at omsyna bak regelen det dispenserast frå ikkje blir vesentleg tilsidesett. Vidare må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering, jf 19-2 andre ledd. Det er her søkt dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes (godkjent i KS-sak 057/13). Der er regulert rundkøyring i den godkjende planen for delområde 1, der Nordøyvegen går frå Skjelten mot Lepsøy. Etter planen vart godkjent i 2013, vedtok fylkestinget (jf. Sak T-47/12 og T- 34/13) at det skulle byggast T-kryss på Fv.659 ved Skjeltene for vegarma mot Lepsøy, ikkje rundkøyring. Bygging av T-kryss inngår som ein del av ei kuttliste, for å redusere kostnadane i prosjekt Nordøyvegen. Haram kommune ynskjer å behalde rundkøyringa i reguleringsplanen, for å kunne realisere den i framtid ved behov. Ei permanent endring av planen er difor ikkje ynskjeleg. Omsyna bak regelen: Den regulerte rundkøyringa er planlagt for å leggje til rette for framtidig auking i trafikken til/frå Nordøyane og god trafikkflyt i kryssområdet. Eit T-kryss medfører stopp-punkt og mindre flyt i trafikken, men med den trafikken som er forventa basert på befolkningsprognosar for Nordøyane, vil ikkje omgjeringa til T-kryss vere av vesentleg betyding. Det er fagmynde innanfor veg og trafikkutvikling som sjølv søkjer dispensasjon, og ein føreset at Statens vegvesen har kjennskap til forventa trafikk og kva løysingar som gjev trygg og god trafikkflyt i området. Det vert søkt dispensasjon på basis av vedtak i Fylkestinget (T-47/12 og T-34/13), der Fylkestinget vedtok å byggje T-kryss i staden for rundkøyring. Haram kommune vil ikkje leggje opp til omregulering, då ein vil ha høve til å realisere rundkøyringa ved seinare høve, eller når trafikkmengda krevjar ei ny løysing for at trafikkflyten skal oppretthaldast. Fordelar og ulemper: Ulempa med å bygge T-kryss er at der vært mindre flyt i krysset, samanlikna med ei rundkøyring. Rundkøyringar har høgare kapasitet og medfører færre forseinkingar i trafikkavviklinga enn eit T-kryss. Rundkøyringar medfører lågare fart og få alvorlege ulykker, då kollisjonar ofte skjer i ein gunstig vinkel, då med mindre skadeomfang (Statens vegvesen Handbok 263). Ein oppnår ikkje desse fordelane om ein bygg T- kryss i staden. T-kryss har høgare ulykkesrisiko enn rundkøyring, og høgare jo større sidevegstrafikken er, særleg ved høgare fartsgrenser ( 80 km/t). Side 3 of 5
På vegar med lågare trafikk og lågare fart er det likevel naturleg å ta utgangspunkt i T-kryss. Trafikkmengda på Nordøyvegen 20 år fram i tid er berekna til ÅDT på 1000 fram til Rolls Royce Haramsøy. Dimensjoneringsklasse er H1-andre hovudvegar med ÅDT opp til 1500 og fartsgrense 80 km/t, og vekstprognosa er estimert til 2% pr. år (planomtale reguleringsplan Nordøyvegen). Fylkesveg over Hildre til Skjelten har årsdøgntrafikk pr. i dag 1550. Rundkjøring brukast primært der trafikkmenga på armane og vegens funksjon er nokså lik. Dei første åra etter Nordøyvegen er bygd ser det ut som (ut frå ÅDT) at det vært noko mindre belastning på vegarma mot Lepsøybrua, mens ÅDT mot Søvik er større. Dette talar for at trafikkavviklinga kan vere vel så god med eit T-kryss, og ikkje rundkøyring, der belastninga av alle armane bør vere relativt lik for å oppnå god trafikkavvikling. Trafikkmengda gjennom krysset på Skjelten vil ikkje vere av ei slik mengde at der er sterkt behov for ei rundkøyring. Eit T-kryss, kan med denne trafikkmengda, fungere tilfredstillande. Statens vegvesen bør vurdere å utvide 60-sona, slik denne omfattar området der T-krysset ligg, dette for å redusere potensiale for større ulykker. T-kryss er ei enkel kryssform, med få konfliktar, den har mindre arealbeslag enn ei rundkøyring, er mindre i konflikt med dei automatisk freda kulturminna i området og er totalt mindre kostbar å realisere. Bygging av T-kryss er i tråd med Fylkestinget sitt vedtak om å redusere kostnadane ved Nordøyvegprosjektet, der bygging av T-kryss er ein del av kutt-lista. Etter ei heilskapleg vurdering kan ein ikkje sjå at der er ulemper ved å byggje T-kryss midlertidig ved dispensasjon, då trafikkmengda i kryssområdet ikkje er berekna til å vere av ein størrelse som krev rundkøyring. Der er også fordelar i mindre arealbeslag, mindre konflikt med automatisk freda kulturminne i området og reduksjon i kostnadar ved gjennomføring (ref. vedtak i fylkestinget). På grunnlag av dette finn Haram kommune at vilkåra for dispensasjon i pbl. 19-2 er oppfylt og dispensasjon kan gjevast. Nabovarsel: Naboar og gjenbuarar har blitt varsla, ein grunneigar har merknad til tiltaket, den er oppsummert over. I forhold til å avstå grunn frå gbnr 22/2 til vegprosjektet vert dette ei sak på grunnlag av gjeldande reguleringsplan, og er ikkje relevant i forhold til dispensasjonssøknaden. Klagerett: Side 4 of 5
Vedtaket er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og den som er part, eller har rettslig klageinteresse i saka, har klagerett etter 28 og 29 i same lov. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtaket er komme til vedkommande part. Klageinstansen er Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ei eventuell klage skal være skriftleg, og sendast til Haram kommune, som kan ta klaga til følgje, som gjev ny klagefrist for alle parter, eller halde fast vedtaket, og sende saka til fylkesmannen for endelig avgjerd. Ei klage kan føre til at vedtaket vert omgjort. Kommunen er ikkje ansvarleg for tap som tiltakshavar ev. måtte lide ved ei slik omgjering. Med helsing Gjøsund Hege Interntlf. 70 20 76 41 Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Kystverket Midt-Norge Møre og Romsdal fylkeskommune Riksantikvaren Fylkeshuset 6404 MOLDE Fylkeshuset 6404 MOLDE Side 5 of 5