Solveig Thorsland Gardsveien 92 4540 ÅSERAL Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/6501 / JTH 18.08.2017 MELDING OM VEDTAK; KLAGE PÅ AVSLAG OM BRUK AV HELIKOPTER I SVR, KILEN, ÅSERAL KOMMUNE. Syner til delegert vedtak AA 11/17 der det vart gjeven avslag på søknad om helikoptertransport til hytta ved Kilen. Syner og til klage på vedtak datert 25.7.2017. Arbeidsutvalet handsama i ekstra møte 18.8.2017 klagen etter forvaltningslova 33. Delegert vedtak AA/17 vert endra. Arbeidsutvalet fatta følgjande vedtak: Med heimel i forvaltningslova 33, andre ledd, gjer arbeidsutvalet om delegert vedtak AA 11/17. Med heimel i verneforskrifta kap. 5.4.c vert Solveig Thorsland gjeven løyve til bruk av helikopter for transport av materialar, utstyr, brensel og proviant til hytta ho eig i Kilen gnr. 2, bnr. 18 i Åseral kommune. Løyvet gjeld for to transportar i perioden 18.8.2017 27.8.2017. Ved flyging skal ein nytte kortaste veg mellom landingspunkta. Så langt som råd skal flyging skje høgare enn 300 m. over bakken. Som grunngjeving legg arbeidsutvalet vekt på at føretilhøva var vanskelege sist vinter og gjeldande snøscooterløyve med inntil 8 årlege turar ikkje vart nytta fullt ut. Det vert og lagt vekt på at ein del vedlikehaldsarbeid av praktiske grunnar bør gjennomførast i sommarhalvåret. Arbeidsutvalet er oppteken av at søknadar om snøscooterløyve og helikopterløyve vert vurdert i samanheng slik at total mengde motorisert ferdsel i verneområdet ikkje aukar. Ut frå dette må ein forvente at tal snøscooterturar vert redusert i dei tilfella der det også vert gjeven løyve til bruk av helikopter. Ut frå denne grunngjevinga kan ikkje arbeidsutvalet sjå at den samla belastninga aukar ref. naturmangfoldlova 10. Klagerett POSTADRESSE: POSTBOKS 24 N-4748 RYSSTAD BESØKSADRESSE: TELEFON: E-POST: POST@SVR.NO SAKSBEH: JØRN TRYGVE HAUG WEB: WWW.SVR.NO
Side 2/6 Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet. Klaga skal sendast til verneområdestyret for vidare handsaming. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtaket. Alle partar med klagerett har rett til innsyn i saksdokumenta. Skrifteleg klage skal sendast til SVR, postboks 24, 4748 RYSSTAD. Oppgi kva for eit vedtak detvert klaga på, dei endringane klagar ynskjer og grunngjeving for klaga. Dersom det vert klaga så seint at det kan vere tvil om det er klaga i rett tid, må det opplysast når brevet kom fram. Minner for ordens skuld at det og må ligge føre løyve etter Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Det er Åseral kommune som handsamar dette. Med helsing Jørn Haug Verneområdeforvaltar SVR Kopi til: Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL Åseral kommune
Side 3/6 VERNEOMRÅDESTYRET FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG FRAFJORDHEIANE Saksfremlegg Arkivsaksnr: 2017/6501-0 Saksbehandler: Jørn Trygve Haug Dato: 14.08.2017 Utvalg AU i verneområdestyret for SVR Utvalgssak Møtedato Klage på avslag om bruk av helikopter i SVR, Kilen, Åseral kommune. Vedlegg 1 NY søknad om landingsløyve for helikopter 2 Svar på søknad om dispensasjon frå verneforskrift for bruk av helikopter til Kilen, gnr. 2, bnr. 18 i Åseral kommune 3 Solveig Torsland - klage på avslag på søknad om helikoptertur til Kilen i Åseral Forvalters innstilling Arbeidsutvalet opprettheld delegert vedtak AA 11/17 der det vert gjeven avslag på søknad om bruk av helikopter til Kilen gnr. 2, bnr. 18 i Åseral kommune. Arbeidsutvalet kan ikkje sjå at det ligg føre nye opplysningar som gir grunnlag for endring av vedtaket. Klagen vert sendt Miljødirektoratet for avgjer. Saksopplysninger Forvaltningssekretariatet fekk 23. juni søknad frå Solveig Thorsland om bruk av helikopter for transport av materiale, brensel, utstyr og proviant til hytta ho eig ved Kilen i Åseral. Det vart søkt om to turar med helikopter i perioden 8. 20. august. Transportstrekninga var Ljosland Kilen (vedlegg 1). Med heimel i verneforskrifta kap. 5.1.a ga forvaltningssekretariatet avslag på søknaden i brev datert 29.6.2017 (vedlegg 2). I avslaget vart det lagt vekt på at det låg føre snøscooterløyve for transport inn til hytta og at dette er meint å skulle dekke transportbehovet gjennom året. Det vart synt til forvaltningsplanen for SVR der det er lagt opp til at det normalt ikkje vert gjeven løyve til bruk av helikopter og snøscooter same år. I saka vart det gjort ei særskilt vurdering av transportbehovet:
Side 4/6 «Søkar er tidlegare gjeven løyve til bruk av snøscooter inn til aktuelle hytte med inntil 8 turar pr. år. Løyvet gjeld fram til 2019. Av forvaltningsplanen kap. 2.4.3 går det fram at «Søkarar vil normalt ikkje få både snøskuter- og helikopterløyve same år. Unnataka er ved større vedlikehaldstiltak, henting av felt storvilt og frakt av brensel og proviant til utleigehytter. Om snøtilhøva gjer det vanskeleg å bruke snøskuter, vil dei som har snøskuterløyve kunne få helikopterløyve til ordinær nyttetransport.» I søknaden er det ikkje oppgjeven noko særskilt vedlikehaldsbehov. Søkar har på telefon synt til søknad sendt Åseral kommune for løyve etter motorferdsellova. I denne er føremålet spesifisert til transport av utstyr, proviant, ved, gass, maling mv. Søkar er og oppteken av at maling ikkje kan lagrast gjennom vinteren og at vedlikehald på hytta av praktiske årsakar må gjennomførast i sommarhalvåret. Sakshandsamar har forståing for at det er praktisk å gjennomføre arbeidet på barmark. Det er likevel ikkje noko i vegen for dette så lenge naudsynt utstyr er frakta inn på vinterføre. Ein del målinigstyper tål også å lagrast kaldt. Sakshandsamar er kjent med at ferdsel over Nåvatn/Svartevatn om vinteren til tidar kan vera vanskeleg som følgje av reguleringa og dårlige istilhøve. Søkar har ikkje lagt dette til grunn i saka. Det er praksis frå tidlegare at ein gjer ein samla vurdering av transportbehovet i dei tilfella der det vert søkt om både helikopter- og snøscooterløyve. I 2015 vart det i samme kommune gjeven avslag på søknad om helikopterløyve da søkar frå før hadde tillating til bruk av snøscooter inn til hytta. Transportbehovet gjennom året skulle såleis vera dekka av dette. Det høyrar med til saka at søkar tidlegare år hadde fått innvilga ein rekke helikoptertransportar som følgje av større vedlikehaldsarbeid. Frå ein annan sak har det vore gitt løyve til båe transportmiddel men der ein da har redusert maksimalt tal snøscooterturar frå 8 til 6 turar pr. år. Sjølv om inga av sakene her heilt like syner det likevel ein praksis for å koble tal snøscooterturar og helikopterturar» Søkar klaga på vedtaket i brev datert 25.7.2017. Sjå vedlegg 3. Søkar meiner det er for galt at ho ikkje kan velje den målinga ho ønskjer og at trongen for vedlikehald og stell av hytta skal vurderast av andre. Klagar syner til at ho har fleire hytter i verneområdet og at grunneigarar tidlegare er førespegla at vernet ikkje skulle vera til hinder for grunneigarane. Søkar har snøscooterløyve og søker å nytte dette. Sist vinter fekk ho diverre ikkje nytta det fullt ut som følgje av vær og andre tilhøve. Av den grunn er det trong for å få inn diverse utstyr med helikopter slik det gjekk fram av søknad. Det er Miljødirektoratet som er klagemyndigheit for vedtak etter verneforskrifta. Av 33 i forvaltningslova går det fram at «Underinstansen skal foreta de undersøkelser klagen gir grunn til. Den kan oppheve eller endre vedtaket dersom den finner klagen begrunnet. Dersom vilkårene for å behandle klagen ikke foreligger, skal underinstansen avvise saken, jfr. dog 31.» Underinstansen er i dette tilfellet arbeidsutvalet i verneområdestyret. Om arbeidsutvalet opprettheld vedtaket vert saka sendt til Miljødirektoratet for avgjer. Om vedtaket vert endra vil det løpe nye klagefrist. Vurdering Søknaden vart motteken av forvaltningssekretariatet 23. juni. Svar med avslag vart sendt pr. post 8. juli. Klagen er datert 25. juli. Denne vart sendt pr. post til forvaltningssekretariatet. På grunn av ferieavvikling veit ein ikkje nøyaktig når klagen kom fram. Sakshandsamar legg til grunn at klagen er fremma innan klagefristen på 3 veker ref. forvaltningslova 29. Klagen fyller krava til form og innhald ref. forvaltningslova 32. Vilkåra for handsaming av klagen er til stades ref. forvaltningslova 33. Hovudspørsmålet i saka er om ein kan forvente at transporten vert dekka av snøscooterløyvet som ligg føre eller om det ligg føre særskilte behov som tilseier at det også bør gjevast løyve til bruk av helikopter.
Side 5/6 Forvaltningsplanen kap. 2.4.2 har ei målsetting om at «Motorferdsel i verneområda skal avgrensast til det som er strengt nødvendig, og haldast på eit nivå som ikkje er til skade for naturmangfaldet, eller er til ulempe for andre brukargrupper» Som det går fram av saka er det praksis for å vurdere løyve til helikoptertransport og snøscootertransport i samanheng. Av kap. 2.4.1 i forvaltningsplanen går det fram at om ein søkar alt har snøscooterløyve gir ein berre helikopterløyve til særskilde transportbehov, som til dømes større tiltak på hytter eller henting av felt storvilt. Vidare i kap. 2.4.3 om at søkar vil normalt ikkje få både snøscooter- og helikopterløyve same år. Unnatak kan gjerast om snøtilhøva gjer det vanskeleg å nytte snøscooter. Kort summert legg forvaltningsplanen til grunn at snøscooter- og helikopterløyve skal vurderast i samanheng. Spørsmålet vert da om det i denne saka er særskilde tilhøve og behov som tilseier at det skal gjevast løyve til båe delar. Ein kan ikkje sjå at slike tilhøve kom fram i søknaden. Det vart heller ikkje nemnd i telefonsamtale mellom grunneigar og sakshandsamar før avslaget vart gjeven. Det som kjem fram i klagen er at «vær og andre omstendigheter» gjorde at søkar ikkje fekk nytta snøscooterløyvet fullt ut. «Andre omstendigheter» er ikkje utdjupa nærare. Sakshandsamar er kjent med at snøscooterføret sist vinter ikkje var av det beste. Snøen kom seint og med mildværsperiodar i blant. Til dette kjem og at transporten inn til Kilen stadvis går over regulerte vatn. Slik ein ser det var tilhøva likevel ikkje verre enn at det i periodar var fullt mogleg å gjennomføre transporten. Inntrykket er og at trass i vekslande føre og kort sesong har andre med snøscooterløyvet i denne delen av heia fått gjennomført naudsynt transport. Statens Naturoppsyn si vurdering er at føret var dårleg sist vinter, men slett ikkje verre enn at det i fleire periodar var fullt mogleg å få gjennomført transporten. Dei køyrde oppsyn 2-3 gonger i desse områda sist vinter. Det kan og nemnast at det sist vinter vart gjennomført velferdstur med snøscooter til Lordehytta, der ein langt på veg følgjer same trase som til Kilen. Sakshandsamar legg såleis til grunn at «vanskelege snøtilhøve»,ref. forvaltningsplanen, må vera noko meir enn at sesongen er kort og at været har vore vanskeleg. Som det går fram av klagen er søkar i ein alder der dei færraste køyrer snøscooter. Det kan her nemnast at snøscooterløyvet og gjeld for son og svigerdotter. Det ligg såleis til rette for at andre enn søkar i praksis kan står for transporten. I klagen er det gjort eit poeng av at malinga som skal nyttast ikkje tol frost og difor må transporterast inn på sommaren. Sakshandsamar har forståing for dette. Likevel bør ikkje type maling vera eit avgjerande argument i saka, da det som nemnd i avslaget finnast gode alternativ. Utover dette har forvaltninga inga tanke om å legge seg opp i vedlikehald og stell av hytta slik klagar skriv. Forvaltningsplanen er veldig tydleg på at snøscooter- og helikopterløyve skal vurderast i samanheng. Vidare at det skal særskilte grunnar til for å gi løyve til båe delar. Det er vanskeleg for å sjå at slike grunnar ligg føre i denne saka. Om det vert gjeven løyve til båe delar i denne saka vil det vera ein rekke søkarar i same situasjon, noko som tilseier at ein kan vente monaleg auka motorisert ferdsel i verneområdet. Faren for presedensverknaden er såleis reell. I forvaltningsplanen er mengda landbruksbygg og fritidshytter rekna til om lag 120 i SVR. Om ein legg til grunn at halvparten av desse skal ha to turar med helikopter i tillegg til snøscooter, betyr dette 120 fleire flygingar gjennom året. Anslaget er sjølvsagt høgst usikkert men etter sakshandsamar sitt syn realistisk.
Side 6/6 Konklusjon Sakshandsamar kan ikkje sjå at det har komen nye avgjerande argument i saka. Sakshandsamar legg til grunn at det må vera heilt spesielle grunnar til for å gi snøscooterog helikopterløyve same år. Ein kan ikkje sjå at det er tilfelle i denne saka. Eit løyve slik det er søkt om inneber ny praksis på området og med fare for presedensverkand. Saka vert sendt Miljødirektoratet for avgjer. Kopi Åseral kommune Fylkesmannen i Aust og Vest Agder