Forstudie vitensenter Sunnfjord

Like dokumenter
Vitensenteret i Sogn og Fjordane

Årsrapport 2008 Vitensenterprogrammet/VITEN ( )

Årsrapport 2010 Vitensenterprogrammet/VITEN ( )

VITENSENTERET I SOGN OG FJORDANE EI SATSING PÅ FRAMTIDA!

Årsrapport 2009 Vitensenterprogrammet/VITEN ( )

Kaupus. - Forprosjekt - etablering av Vitensenter - Potensialet i og rundt eit Vitensenter

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VI L D U VI TE MEI R OM......naturvitskap?...energi?

Vitensenteret i Sogn og Fjordane

Årsrapport 2013 Vitensenterprogrammet / VITEN ( )

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Vestlandet ein stor matprodusent

Evaluering av vitensenterprogrammet. Gardermoen Sigurd Nielsen Ringve Museum

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Årsrapport 2007 Vitensenterprogrammet/VITEN ( )

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

EnergiKompe- tansesenteret

Kommunedelplan for oppvekst

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Forslag frå fylkesrådmannen

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Strategi Forord

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Velkomen til dykk alle!

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Rådgjevarkonferansen 2009

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tiltaksplan

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Jærmuseet- museum og vitensenter

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

INTERNASJONAL STRATEGI

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Lære gjennom å gjøre

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Program for. Årdal Venstre

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Kompetansemekling i privat og off sektor

Årsrapport 2014 Vitensenterprogrammet / VITEN ( )

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Delrapport 2 Modell 2

8. Museum og samlingar

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KREATIVITET NYSGJERRIGHET EKSPERIMENTLYST

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

En utvikling på høgskolenes premisser?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pedagogisk plattform

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kaupus Innleiing - Forprosjektet Kaupus - Konkrete mulegheiter og idéar Kaupus 2.0

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

Transkript:

Sluttrapport 2012 Forstudie vitensenter Sunnfjord Det å finne opp noko nytt er ikkje eit produkt av logisk tenking, sjølv om det Utarbeidd ferdige produktet av: er kopla til ein logisk struktur Newton Utarbeidd av: På oppdrag frå:

INNHALD 1. INNLEIING... 3 1.1 OPPDRAGSGJEVAR/EIGAR... 3 1.2 SENTRALE DOKUMENT... 3 1.3 MÅL... 3 1.3.1 Bakgrunn... 3 1.3.2 Prosjektmål... 3 1.4 OMFANG OG RAMME... 3 1.4.1 Mandat forprosjekt... 3 1.4.2 Økonomiske-/ ressursmessige rammer... 4 2. ORGANISERING AV FORPROSJEKTET... 4 2.1 PROSJEKTORGANISERING... 4 2.2 BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING... 5 3. VITENSENTERPROGRAMMET... 5 3.1 BAKGRUNN OG FORMÅL... 5 3.1.1 Oppdraget frå Kunnskapsdepartementet (KD)... 5 3.1.2 Evaluering og vidare satsing... 5 3.2 STRATEGI FOR VITEN- SATSINGA... 6 3.3 AKTØRAR REGIONALE VITENSENTRE... 7 3.3.1 Offentlege krav til driftsstøtte... 8 3.4 ERFARINGAR FRÅ ANDRE ETABLERINGAR... 8 3.4.1 Jærmuseet (Vitengarden og Vitenfabrikken)... 8 4. MOGLEGHEITER... 10 4.1 KVIFOR VITENSENTER I SOGN OG FJORDANE... 10 4.2 RISIKOAR KNYTT TIL ETABLERING AV VITENSENTER... 11 4.3 INNHALD OG FOKUSOMRÅDER... 11 4.3.1 Aktivitetar... 12 4.4 VURDERING ULIKE KONSEPT... 12 4.4.1 Newton- rom... 12 4.4.2 Teknologitrailer- tenning på teknologi... 13 4.4.3 Vil Vite på hjul/ Science Circus... 13 4.4.4 Verftstomta i Førde... 13 4.4.5 Gode krefter- samhandling... 14 4.4.6 Strategisk samarbeid... 14 5. MARKNAD OG MÅLGRUPPER... 14 5.1 BESØKSPOTENSIAL OG MÅLGRUPPER... 14 6. ØKONOMI/ FINANSIERING... 15 7. ORGANISERING... 15 7.1 ORGANISASJONSFORM... 15 7.2 POTENSIELLE AKTØRAR... 15 7.3 LOKALISERING... 16 8. OPPSUMMERING OG KONKLUSJON... 17 Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 2(17)

1. Innleiing 1.1 Oppdragsgjevar/Eigar Eigarar av prosjektet er Sunnfjord Næringsutvikling AS v/ dagleg leiar Jan Støfring. 1.2 Sentrale dokument Søknad om Inu- midlar 2011, datert 30. mai 2011 Tilsegnsbrev frå INU Prosjektbeskrivelse Vil Vite senter i Sunnfjord 1.3 Mål 1.3.1 Bakgrunn Sunnfjord Næringsutvikling AS har gjennom sitt arbeid i regionen sett klare behov for å få etablert tiltak som rettar seg mot å styrke faktisk lyst hos dei unge til å oppnå spesiell kompetanse, slik at vi kan oppnå målsettinga om å skape kompetansearbeidsplassar slik alle snakkar om. Heile Sogn og Fjordane fylke må makte å snu trenden med overskot i utflytting frå fylket, til ei netto innflytting. Det er også viktig at tilflyttinga er riktig opp mot alderssamansetting. Det er derfor naturleg å sjå på verkemiddel som gjer at vi vekker interessa for kompetanse og at denne kan skaffast i fylket slik at dette reduserer behovet for utflytting. Vår vurdering er at den beste strategi for vekst i fylket er å skape eit miljø der fylket som storsamfunn syner faktisk vilje til å bygge opp kring aktiv søken etter auka kompetanse og kunnskap, alt frå dei aller minste elevane i skulesystemet. Dersom vi greier dette, saman med at vi får ei positiv tilbakemelding frå dei som kjem til fylket for å ta høgare utdanning fordi vi er gode på det vi leverer, så legg vi eit godt grunnlag for framtida. På bakgrunn av dette har Sunnfjord Næringsutvikling AS teke initiativ til å gjere ein forstudie som skal vurdere om ein kan realisere ambisjonane om å etablere eit Vitensenter i Sunnfjord. 1.3.2 Prosjektmål Forstudien skal avklare om det er grunnlag for etablering av Vitensenter i Sunnfjord som skal fungere som eit ressurssenter for formidling av kunnskap om matematikk, naturvitenskap og teknologi til allmenta, men spesielt retta mot barn og ungdom. Forstudien skal avklare vegen vidare for eit hovudprosjekt der målsetting er faktisk etablering. 1.4 Omfang og ramme 1.4.1 Mandat forprosjekt Det er føreslått følgjande mandat for forprosjektet: Kort vurdere potensialet og risikobildet ved etablering av vitensenter i Sunnfjord. Vurdere tidsbilde > timing ift satsing > rammevilkår. Vurdere erfaringar frå andre satsingar. Vurdere andre forretningsmodellar ift tradisjonell vitensenter-satsing > samarbeidsmodellar. Vurdere strategiar for etablering > sentrale fokusområder. Vurdere finansieringsmodellar etablering og drift Vurdere aktuelle eigarskapsmodellar/ samarbeid Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 3(17)

Tilrå eventuell satsing på Vitensenter i Sunnfjord og skissere plan for prosjektplan/prosjektorganisering. 1.4.2 Økonomiske-/ ressursmessige rammer Prosjektet er berekna å ha ei operasjonstid fram til 30 06 2012. Prosjektleiar har ansvaret for framdrift, koordinering og ressurstildeling. Prosjektet er gjennom INU- ordninga tildelt kroner 300.000 til forprosjekt Vitensenter, basert på følgjande overslag: Møte og reisekostnader (prosjekt) kr 20.000 Besøk Vitensenter - to bedriftsbesøk kr 80.000 Timekostnader kr 200.000 Prosjektdeltakarane dekkar sjølv sine kostnader. Prosjektet dekkar reisekostnader. 2. Organisering av forprosjektet 2.1 Prosjektorganisering Prosjektet har vore organisert som følgjer: Prosjekteigar: Sunnfjord Næringsutvikling AS v/ Jan Støfring Styrings- og prosjektgruppe: Aud Ingrid Espeland Bodil Kidøy Lunde Reidar Sandal Helge Robert Midtbø Eirik Kyrkjebø Per Jørgen Loen Jan Støfring Vegard Strand (prosjektleiar) Figur 1. Prosjektorganisering. Kort om deltakarane: Vegard Strand, (prosjektleiar), Kunnskapsparken Sogn og Fjordane AS. Aud Ingrid Espeland, Fjord Invest AS. Bodil Kidøy Lunde, Gravdal Gruppa AS. Nestleiar FINS. Helge Robert Midtbø, Sunnfjord Energi. Eirik Kyrkjebø, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Reidar Sandal, Sunnfjord Næringsråd. Per Jørgen Loen, Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Jan Støfring, Sunnfjord Næringsutvikling AS. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 4(17)

Prosjektleiar skal stå for all dokumentasjon i prosjektet, samt koordinere møte og foreta innkalling. Prosjektleiar rapporterer framdrift minst ein gong kvar månad til prosjekteigar og styringsgruppe. 2.2 Beslutningspunkt og oppfølging Tekst Jan Febr Mars April Mai Juni Oppstart/ prosjekteigar/referansegruppe etc. Styringsgruppe/referansegruppestyringskrav Oppstart/prosjektgruppeetablering Innhenting av data/faktabygging Analyser/avklaringar etc Styringsgruppe/referansegruppestatussikring X X X X X X X X Datasamling/rapportsamling X X Styringsgruppe/referansegruppekvalitetssikring Sluttrapport Tabell 1. Framdrift. I tabellen over er det lagt opp til eit naturleg kontrollpunkt om lag halvvegs i prosjektet slik at styringsgruppe/referansegruppe saman med prosjekteigar kan ta ei portvaktrolle. Dette betyr at ved slike punkt blir det avklara om er det grunnlag for vidare arbeid i prosjektet. Ved prosjektslutt er same gruppa inne for å sikre at ein er tilfreds med rapporten sitt innhald når det gjeld kvalitet på dokument og dei konklusjonar og råd som blir gjeve. X X 3. Vitensenterprogrammet 3.1 Bakgrunn og formål 3.1.1 Oppdraget frå Kunnskapsdepartementet (KD) Satsing på regionale vitensenter er eit av dei større tiltaka i Regjeringa sin strategi og tiltaksplan for å auke interessa og rekruttering til realfag. Vitensenterprogrammet (VITEN) vart starta av Forskingsrådet i samarbeid med ABMutvikling i 2003 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Oppdraget var å utforme ein strategi for utvikling av regionale vitensentra og følgje den opp. VITEN byrja med 6 regionale vitensenter 1 med rimeleg spreiing på regionar 2 og nærleik til MNT-fagleg utdanning og fagdidaktiske miljø ved universitet og høgskular. 3.1.2 Evaluering og vidare satsing Ved utgangen av perioden 2003-06 vart VITEN evaluert 3. Evalueringa slo fast at utviklinga av vitensenter var på riktig veg. Den statlege driftsstøtta var imidlertid vesentlig lågare enn det som låg til grunn for strategien, og ein var langt frå å oppfylle dei mål som var sett for satsinga. På grunnlag av evalueringa og VITEN- styret si tilråding beslutta KD å forlenge programmet med ein ny periode. 1 Vitensenteravdelingen ved Norsk Teknisk Museum i Oslo, Vitensenteret Innlandet i Gjøvik, Jærmuseet (Vitengarden og Vitenfabrikken) i Rogaland, VilVite i Bergen, Midtnordisk vitensenter i Trondheim og Nordnorsk vitensenter i Tromsø. 2 Begrepet region er ikkje gitt noko presis definisjon, men kan i praksis målast som areal (2-4 fylke) og/eller storleik på befolkning innanfor ein radius på f.eks. 10 mil. 3 Norwegian Science Centers (Quin-report 2006). Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 5(17)

I løpet av andre programperiode (2007-10) utvida departementet porteføljen med to nye vitensenter 4. Den siste evalueringa i 2009 5 konkluderte blant anna med at: Vitensenterprogrammet har bidrege til å bygge opp eit landsdekkande regionalt nettverk av vitensenter i Norge på bemerkelsesverdig kort tid. Vitensenterprogrammet har teke ein tydeleg strategisk posisjon som ein statleg aktør for å stimulere vitensenterbransjen til fagleg sterke institusjonar, som igjen kan gje auka rekruttering til realfaga. Strategien og føringane som programmet har trekt opp gjennom to programperiodar medfører også et klart ansvar for vidare oppfølging idet ein står ovanfor en tredje programperiode. Allereie i 2009 signaliserte Regjeringa vilje til vidare satsing. I Stortingsmelding nr. 44 (2008-2009) Utdanningsløpet vert det gjort kjent at Regjeringa vil vidareføre støtta til dei regionale vitensentra. Statsbudsjettet for 2011 slo fast at VITEN vart forlenga med ein ny 4- års periode. Frå og med budsjettår 2011 har staten si driftsstøtte til utvikling av regionale vitensenter fått sin eigen post i statsbudsjettet (KD kap. 226, post 71). 3.2 Strategi for VITEN- satsinga Overordna mål for satsinga på regionale vitensenter er formulert som: De regionale vitensentre skal være et tilbud for skoleverket og allmennheten i sin region. De skal fungere som ressurssentre for andre tiltak og institusjoner innen interaktiv formidling. Sammen skal de regionale vitensentrene utgjøre et helhetlig nasjonalt tilbud. Hovudmålet gjenspeilar dei ambisjonar som låg til grunn for det opphavlege oppdraget frå KD. Det konkretiserast i form av et antal delmål, minstekrav og andre kriterium, m a bør regionale vitensenter utviklast slik at dei: er eit tilbod for allmenta, som set livslang læring i fokus. kan tilby både undervisningsopplegg og aktivitetar utanom skuletid til skuleelevar, samt kurs for lærarar. har kapasitet og tek initiativ til samarbeidsprosjekt med universitetet/ høgskule i regionen, både ved å fungere som eit laboratorium for didaktisk forsking og gjennom å vere ein formidlingskanal for kunnskap om naturvitenskap og teknologi. samarbeider seg i mellom i eit nasjonalt nettverk, mellom anna gjennom felles prosjekt som til dømes samarbeid om å utvikle vandreutstillingar. skal vere fagleg i front når det gjeld kompetanse i interaktiv formidling i Norge, og bør derfor også kunne tilby kurs om dette til andre institusjonar. kan tilby infrastruktur for andre rekrutteringstiltak, som Nysgjerrigper, Unge forskarar og liknande aktivitetar/tiltak som ein kan samarbeide med på regionalt nivå. har eit "nettilbod", som både kan tilby brukarar relevant informasjon i førekant av besøk og som legg til rette for oppfølging etter besøk. 4 Vitenl@ben i Grenland (2007) og Inspiria i Sarpsborg (2009) 5 Evalueringsrapport; Persson, Ødegaard og Nielsen (2009) Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 6(17)

3.3 Aktørar regionale vitensentre Tabellen under syner ei opplisting av dei regionale vitensentra som mottok driftsstøtte for 2012. Regionale Vitensenter Nordnorsk vitensenter, Tromsø Trondheim vitensenter Driftsst 2012 Etablert Areal (kvm ) Besøk (2010) Omse tn (mill NOK) Årsverk Invest etabl (mill NOK) 3,2 2002 12 200 7 60-70 3,6 1998? 70 000 11 15? Fokusområder Energi og miljø, himmelen, klima og vær, kropp og hjerne, ressursar i nord. Fysikk/ mekanikk, energi, Vær- og klima, kropp/ sansar VilVite, Bergen 3,85 2005 1700 111 000 34 30 100-200 Svært bredt spekter. Jærmuseet (Vitengarden og Vitenfabrikken) Vitenlaben, Grenland/Porsgr unn Norsk Teknisk Museum (NTM) Vitensenteret Innlandet, Gjøvik 3,7 2006, 2002 4000 + 2000 1,35 2013 1600 -- 1,9 107 000 25 55 90-120 Bredt spekter. Planetarium, energi, industri, teknologi- og design, logistikk og klima/miljø. (sjøfartshistorie). Eigarform/ diverse Stifting. Stifting. Eigd av kommune, fylkeskommune, UiB, HiB og næringsråd. Investering gjeld Vitenfabrikkken. Tal tilsette inneheld også museumsdrift. AS eigd av Høgskulen i Telemark, Tekna, og Vekst i Grenland.. 3,35 - - - - - - - - 3,5 2007 - - - 7 Astronomi, kjemi, matematikk, miljø og klima, menneskekroppen m v. 171 (bygg AS eig av Inspiria, 15 130, utst kommune/ 3,05 2011 6400 - - Helse, miljø, energi Sarpsborg (?) 35, invent fylkeskommune 5) 60/40. Tabell 2. Tal for investering, tilsette og areal er svært omtrentlege. Tal delvis henta frå heimesider og årsmeldingar. - Generelle fakta og utviklingstrekk for dei regionale Vitensentra: Er i dag 8 regionale vitensenter, med samla årsomsetnad på ca 104 MNOK. Samla besøkstal 2010 var 593.000, av desse var nær 474.000 betalande (80 %). Norsk Teknisk Museum står for 39 % av besøka, fulgt av Bergen og Rogaland med ca. 19 % kvar, Trondheim ca. 12 % og Gjøvik ca. 7 %. Resten, ca. 3 %, fordelt på vitensentrene i Tromsø, Sarpsborg og Grenland. Vitensenterpersonal (antal/årsverk): 214,5/116,3 Tromsø og Sarpsborg er nyleg opna/nyopna. Planar for nybygg i Trondheim og Grenland. Byggeaktiviteten har ført til reduserte besøkstal i Tromsø og Sarpsborg. Det er stor forskjell på kor langt kvart enkelt vitensenter er komne i si utvikling. Målt i omsetnad er den eine ytterlegheit Jærmuseet (Vitenfabrikken og Vitengarden) og VilVite (Bergen), som i 2010 har eit aktivitetsnivå på høvesvis 25 og 34 MNOK målt etter driftsinntekter. Samla står desse to institusjonane for om lag 57 % av vitensentra sine totale driftsinntekter. Den andre ytterlegheit er Vitenl@ben (Grenland), som enno manglar egne lokaler, med ein omsetning på ca. 1,9 MNOK. Dei 8 vitensentra disponerer til saman omtrent 9.000 m2 utstillingsareal og ca. 6.700 m2 serviceareal (butikk, kafé, bibliotek, auditorium og liknande) for publikum. Om ein inkluderar verkstader og kontor er samla areal ca. 24.000 m2. Siste 5-års periode er det investert rundt 500 MNOK i nye vitensenterbygg, utstillingar og øvrig innhald. Omlag halvparten av denne investeringa kjem frå næringslivet og andre private bidragsytarar. Dei private investeringane er gjort i tillit til at drift vert dekka av det offentlege. Vitensentra samarbeider om felles utfordringar gjennom nettverket Foreningen norske vitensentre (FNV). Foreninga er ein eigen seksjon i Museumsforbundet. Frå og med budsjettår 2011 er det oppretta ein eigen post i statsbudsjettet for Tilskott til vitensenter (kap. 226, post 71). Kunnskapsdepartementet seier i omtalen av denne posten at; målet med tilskotet er å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod for skuleverk (elevar, studentar, lærarar, foreldre) og allmenta på deira område. Arbeidet med å utvikle regionale vitensenter og forvaltninga av den statlege driftsstøtta er lagt til Norges Forskningsråd. Tabell 3. Generelle fakta og utviklingstrekk Norske vitensenter. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 7(17)

3.3.1 Offentlege krav til driftsstøtte Med bakgrunn i mål og delmål i strategi for utvikling av regionale vitensenter er det utarbeida kriterium for tildeling av offentleg støtte til drift (grunnbevilling). Den offentlege støtta skal bidra til langsiktigheit og kvalitet i drift. Følgjande forhold vert vektlagt ved tildeling av driftsstøtte: God organisasjon og robust økonomi: Sjølvstendig og avgrensa organisatorisk, økonomisk og fysisk, og drivast kontinuerlig med ein kjerne av fast personale. Dokumentere kompetanse innan interaktiv formidling/pedagogikk i eigen stab eller gjennom samarbeid med andre. Disponere tilstrekkelege areal til utstillingar og støttefunksjonar til å kunne gje eit breitt opplevingstilbod (kontinuerleg vurdering av minstekrav ). Verksemda skal kunne dokumentere ein sunn driftsøkonomi, herunder økonomisk støtte både frå regionale offentlege myndigheiter (fylke/kommune) og lokalt/regionalt næringsliv. Dynamikk og høg kvalitet i verksemda: Med interaktive metodar syne breidde og mangfald innanfor matematikk, naturvitenskap og teknologi, og sette dette inn i tidsaktuelle, historiske eller kulturelle samanhengar. Evne til nytenking og fagleg fornying skal vektleggast. Må kunne dokumentere ein heilskapleg tenking i forhold til det opplevingstilbod og den arealutnytting som vert tilbydd brukarane (i form av utstilling, butikk, kafeteria, kvileareal, undervisingsrom m v). Arbeide systematisk med fornying og oppdatering av eksisterande utstillingar og læringstilbod (inkl. etterutdanning), slik at tilbodet er i stadig utvikling. Eigen kompetanse og kapasitet til planlegging og produksjon skal honorerast. Dokumentere at nye aktivitetstilbod prøvast ut og justerast for å sikre at måla for aktivitetane blir nådd (evaluering/kvalitetssikring). Nettilbod, som både gjer det lettare å førebu og å følgje opp vitensenterbesøk. Nasjonal og regional nettverksbygging og samarbeid: Lokal/ regional forankring med tilbod både til skulen, på alle nivå, og ålmenta, samt vere open for samarbeid med musea lokalt/regionalt. Ha aktivt samarbeid både med teknisk- naturvitenskapelege og sentrale didaktiske fagmiljø ved universitet eller høgskule i regionen i form av samarbeidsavtalar og/eller relevante fellesprosjekt. Bidra til det nasjonale samarbeidet mellom vitensenter gjennom Foreningen av norske vitensentre (FNV). 3.4 Erfaringar frå andre etableringar 3.4.1 Jærmuseet (Vitengarden og Vitenfabrikken) Etter anbefaling frå Forskingsrådet vart vi tilrådd å besøke Jærmuseet mellom anna på grunn av at dei opererar ut frå to miljø/ lokalitetar, samt at dei også driv omreisande formidling (Science Circus). I tillegg er dette eit Vitensenter som har lang fartstid (Vitengarden opna i 2002, Vitenfabrikken i 2008). Vitensenterdelen vert drive som to avdelingar under Jærmuseet med relativt tydeleg avgrensa areal og personale: Vitengarden (Nærbø). Har eit særleg ansvar for å utvikle og formidle kunnskap og opplevingar knytt til "dei grøne" naturvitenskapane, biologi og geofag, samt kulturlandskap, reiskapsutvikling, jordbruk og matproduksjon i vid forstand. Vitenfabrikken (Sandnes). Har eit særleg ansvar for å utvikle og formidle tilbod med utgangspunkt i regional industri- og teknologihistorie. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 8(17)

Science Circus (omreisande vitensenter). Science Circus har som målsetting å pirre nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitenskap og matematikk. Nedslagsområdet er Rogaland og Agderfylka. Opplegget består av show, interaktive eksperiment i matematikk, naturfag og astronomi. Undervising av elevar og kurs for lærarar. Målgruppa er barnehagar og skular (Vil Vite i Bergen driv også dette konseptet). Jærmuseet hadde i 2010 ein samla omsetnad på kr 43,5 mill der vitensenter- delen utgjorde ca 25 MNOK. Eigeninntekter (billett m v) utgjorde ca 7,6 mill, sponsorinntekter og gåver ca 11 mill og resten som tilskot frå kommunar og staten. Begge vitensentra har tilsynelatande høg fagleg standard, stor tverrfaglegheit og tilbyr engasjerande utstillingar guida av engasjerte og fagleg dyktige tilsette. På Vitengarden (Jæren) er mange av installasjonane henta direkte frå Jæren si lange jordog landbrukshistore med originale installasjonar om t.d. kraftutveksling, hestekrefter, stubbebryting, husbygging, veksthus, birøkting m.v. Vitengarden har sitt fokus på landbruk, ernæring og bioteknologi og tilbyr eit stort tal fag som m a fysikk, biologi, veksthus, husdyrlære, kjemi, geofag og teknologi. Alle desse fagområda er sett inn i ein kontekst frå jord- og landbruk. Vitenfabrikken (Sandnes) er meir knytt til Sandnes sin industrihistore og har teknologisk avanserte installasjonar med storskjermar, animasjonar, planetarium, iblanda ein del mekaniske installasjonar. Fagområda er fysikk, kjemi, genetikk, astronomi, matematikk og industrihistore. Begge avdelingane tilbyr stor breidde og mangfald av naturvitenskaplege og teknologiske fag, og har eit svært heilskapleg tilbod, tydeleg forankra i tema frå lokalsamfunnet. Areala er moderne og praktiske med restaurant, møtelokale og butikk. Generelle fakta og betraktningar Jærmuseet Kopling mellom regional tematikk og vitensenteraktivitetar verka gjennomtenkt og stimulerande for å forankre sentra i lokalbefolkning og lokal næringsverksemd. Begge vitensentra har samla besøkstal på ca 100 000 årleg. Science Circus ca 10 000 årleg. Særs viktig med eigen teknisk avdeling grunna utvikling og ikkje minst vedlikehald av installasjonar. Dei har eit omland på ca 160 000 innbyggjarar. Sandnes åleine har 70 000 innbyggjarar. Dei driv ikkje oljerelatert. Dette er Oljemuseet i Stavanger sin nisje. Tilgang til store sponsorar som er etablert i nærmiljøet. Fått mange titals millionar til både utstillingar og investeringar av m a SR- Bank, DnB NOR Stiftelsen, UMOE, Statoil, Skagenfonda m.v. Statoil og Skagen sponsa 20 mill for ein 3-års periode for ny utstilling på Vitenfabrikken. Jærmuseet vart årets museum i 2009. Samarbeider/ hjelper andre vitensenter/ museum med utstillingar og installasjonar. Lever stort sett av heimemarknaden. Lite turisme i området. Tabell 4. Generelle fakta og betrakningar Jærmuseet. Oppsummert har suksesskriteria for vitensatsinga til Jærmuseet i grove trekk vore: Teke utgangspunkt i eit etablert miljø (museumsdrift) og bygd vidare på dette. Herunder både lokalitetar og tung tverrfagleg kompetanse. Stor grad av forankring hos næringsliv og offentlege institusjonar. Leiingsfokus og stort engasjement for å utvikle seg. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 9(17)

Relativt stort omland og tunge sponsorar/ næringsliv i regionen. Bygd gradvis- stein for stein. 4. Moglegheiter 4.1 Kvifor vitensenter i Sogn og Fjordane På mange måtar er lokalisering av eit vitensenter til Sogn og Fjordane naturleg ut frå fylket sine lange og omfattande industritradisjonar med kraftkrevjande industri, kraftproduksjon, fiskeri/ havbruk, mineralutvinning og ikkje minst med eit enormt potensiale for ny industri basert på fylket sine naturressursar innanfor m.a. fornybar energi, havbruk, fiskeri, skipbygging, olje & gass, mineral m.v. Samstundes som vi har enorme naturgitte føresetnader innan spanande framtidsretta næringar, ser vi paradoksalt nok at folketalet går ned og industrien slit med å få tak i kompetent arbeidskraft, spesielt innan teknologifaga. Grunnen til dette, og ikkje minst løysinga på utfordringa, er komplisert og svært samansett. Vidare veit vi at samstundes som fylket har blant dei beste skulane i landet, har vi tilliks med andre distriktsfylke blant dei lågast utdanna i Norge. 44 % av innbyggjarane i Oslo høgare utdanning, mot 22% her i fylket. Dette er også under landsgjennomsnittet på 28 %. Paradokset i dette er at jo flinkare studentar vi utdannar, desto meir attraktive vert dei også for næringslivet utanfor fylket. Det finnast ikkje noko oppskrift på korleis kontakt mellom skular og næringsliv kan skapast. Nokre gonger vil det oppstå eit behov i skulen der det er ønskjeleg å innhente ekstra kompetanse på eit spesielt område. Det er då naturleg å undersøke med lokalt næringsliv ift bistand til utstyr, fagkompetanse eller sponsing for å kjøpe slike ressursar eksternt. I andre tilfeller er det ei bedrift som til dømes ser behov for rekruttering til sitt fagområde. Sterkare satsing og marknadsføring av realfaga i Sogn og Fjordane gjennom eit vitensenter vil kunne bidra på fleire områder. Eit vitensenter vil kunne gje skulane: Aktivitetar der elevane sjølv er drivkrafta. Eit undervisingstilbod med forankring i læreplanen. Spanande og moderne utstyr. Ein generell effekt av at fleire vil kunne fullføre utdanning (mange som droppar ut før fullført utdanning). Vil byggje opp under realfagsutdanningane i fylket, samt kunne bidra til høgare lærarkompetanse og utvikling av nye tilbod. Eit vitensenter vil kunne gje næringslivet: Større rekrutteringsgrunnlag om ein legg til grunn at fleire vel å utdanne seg innan realfaga. Vil vere ein møteplass mellom barn og ungdom, utdanningsmiljøa og næringslivet. Bidra til nyskaping og kompetanseutvikling i eksisterande næringsliv. Samfunnsperspektivet: Viktig som samarbeidsprosjekt for å styrke relasjonane mellom offentleg- og privat verksemd. Eit vitensenter vil i seg sjølv vere ein attraktiv arbeidsplass og vil soleis bidra til rekruttering av kompetent arbeidskraft til fylket. Bidra til positiv omdømebygging for fylket. Eit tilbod til bruk for opplevingsnæringane- attraksjonsverdi for lokalsamfunnet og regionen. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 10(17)

4.2 Risikoar knytt til etablering av Vitensenter Det er mange kritiske faktorar som må forserast for ei eventuell etablering: Geografiske utfordringar; stor spredning av både offentlege og private aktørar. Vitenstyret har sagt dei ikkje ønskjer fleire regionale vitensenter før satsinga har fått betre rammerlite omland/ besøkspotensial samanlikna med etablerte senter. Vitensenter i Bergen (Vil Vite) som ser på Sogn og Fjordane og Hordaland som del av sin region. Manglande forankring, herunder entusiasme og vilje, hos sentrale aktørar som Fylkeskommunen, HISF, tunge næringslivsverksemder m.v. Mange store og leiande verksemder i fylket, men med hovudkontor sentralt. Produksjonseiningar i fylket, utviklingsmiljø og leiing er sentralisert. Omlegging/ avslutning av VITEN-programmet. Nasjonale krav/ føringar. Finansiering- stort investeringsløft ift lokalitetar og utstillingar, samt drift. Oppnå kritisk storleik/attraksjonsverdi med omsyn til utstillingar og fagkompetanse. Låg offentleg finansiering av drift. 4.3 Innhald og fokusområder Bestemmande for innhald og fokusområder i eit vitensenter vil i første rekke vere eigar/sponsorar/ samarbeidspartnarar sine ønskje og føringar. Det som synest viktig, er at eit senter er godt forankra i regionen si industrihistore så vel som framtidsretta næringar i tillegg til etablerte fagmiljø. Satsinga bør difor konsentrerast mot eit fokusområde der Sogn og Fjordane har ressursmessige føresetnader til å lykkast og ta ein leiande posisjon nasjonalt/ internasjonalt. Det bør fortrinnsvis vere eit tema der vi i har: Har eit breidt spekter med etablert industri/ næringsliv. Har stort sug etter kompetansearbeidsplassar. Er blant dei fremste i landet på teknologi/ produksjonsmetodar og store på omsetnad. Temaet bør vere attraktivt på kort og lang sikt og fenge ein nasjonal marknad av kunnskapstørste brukarar. Har etablert miljø innan FoU. Med få unnatak er dei teknologiske verksemdene med langvarig suksess i fylket, tufta på fylket sine naturressursar og/ eller kompetansemiljø som har utspring i naturressursane. Her vil vere nesten uendelege mulegheiter for å skape spanande og engasjerande tema i ein kombinasjon av historie/ ressursgrunnlag og teknologiutvikling som er tett relatert til utdannings- og bedriftsmiljø i fylket. Reiseliv, fiskeri/havbruk, bygg/ anlegg/ eigedom og fornybar energi og miljø er alle næringar som skil seg ut ved at dei er relativt sett større i fylket samanlikna med landet som heilheit. Av desse næringane er det særleg fornybar energi og miljø som har vakse mest dei siste 10 åra. Dette er også ei næring som har eit enorm potensiale for framleis vekst, samt etablerte kompetansemiljø i både i næringslivet og innan utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø. Nokre stikkord om området fornybar energi og mljø: Vi er blant dei tre fylka i landet med høgast vasskraftproduksjon. Vi har 20 % av landspotensialet for småkraftverk. Største potensialet i Sør- Norge for produksjon av landbasert vindenergi. Vestlandsforsking har høg kompetanse på fornybar energi og energieffektivisering. Mellom anna jobbar dei for tida med utvikling av ny produksjonsprosess for solceller, innan EU sitt rammeprogram for forsking og teknologiutvikling. Høgskulen i Sogn og Fjordane har oppretta eit 3- årig Bachelorstudium i Fornybar energi, med eit professorat og 3 stipendiatar. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 11(17)

Næringa jobbar saman med Bedriftsnettverket aktivt med å danne Energiregion Sogn og Fjordane som er eit klyngeprosjekt med ein visjon om å utvikle eit leiande kompetanse- og innovasjonsmiljø innan fornybar energi og å utnytte globale trendar for å sikre lokal verdiskaping i Sogn og Fjordane. Ny el- kraftlinje på Ingeniørskulen. Elkem Bremanger har ein leiande posisjon som leverandør av silisium til verdens solar- og elektronikkindustri. Relativt store aktørar på produksjon av el-kraft er representert i fylket, mellom anna Sunnfjord Energi AS, Hydro ASA, Sogn og Fjordane Energi AS, Eco Vannkraft AS, Sognekraft AS, Statkraft, BKK m v. Ein relativ komplett verdikjede frå; naturressursar, FoU, utdanning, engineering, produksjon, leverandørar og sal. Sjølv om det ikkje er gjort nokon djuptgåande analyse kva som bør vere fokusområde for eit vitensenter, vil det vere vanskeleg å kome utanom fornybar energi og miljø, då dette nok er den næringa i fylket kor ein samla har dei største kompetansemiljøa innan både næringsliv, forsking og utdanning. 4.3.1 Aktivitetar Type aktivitetar og nivået på aktivitetane i eit vitensenter vil sjølvsagt variere med omsyn til korleis ein vel å satse. Opplistinga under er difor på ingen måte uttømmande og er vidare meint som eksempel på aktivitet og innhald: Permanent utstilling- interaktive og sjølvforklarande modellar med sjølvbetjeningsprinsipp. Vandreutstilling- temabaserte utstillingar utvikla av bl a andre vitensenter og profesjonelle aktørar i inn- og utland som vert leigde på månadsbasis. Lærar- og elevkurs- etterutdanning realfag, temaundervisning naturfag, matematikk, fysikk, biologi m v. Innhald definert av skuleverket. Skulelaboratorium- Gjennomføring eksperiment og forsøk definert i læreplanen. Eksperimentklubb- temabasert aktivitet retta mot barn og unge som ein avviklar på ettermiddag/ kveld og i samband med skuleferiar m v. Oppfinnarverkstad- grunderaktivitet, ungt entrepenørskap. Unge grunderar får mulegheit og bistand til å utvikle sine forretningsidear. Informasjonssenter/ utstillingsvindu- arena for utdanningsinstitusjonar/ bedrifter til å profilere eiga verksemd. Presentasjon av programfag til val, karrieremulegheiter. Butikk og kafe- hobbybutikk med utval av byggesett og modellar, kombinert med kafé. 4.4 Vurdering ulike konsept Å verte eit fullskala regionalt vitensenter i tråd med VITEN- programmet/ departementet sine krav, herunder motta driftsstøtte, vil vere eit relativt omfattande prosjekt både når det gjeld drift og ikkje minst investeringar knytt til lokalitetar og utstillingar. På bakgrunn av dette har vi sett på nokre konsept/ initiativ som har mykje dei same målsettingane som VITEN- programmet, men i mindre skala. Dette er konsept som kan drivast frittståande eller som del av eit større konsept, dvs ein kombinasjon av fleire konsept/ aktivitetar. 4.4.1 Newton- rom Newton er eit nasjonalt konsept forankra i utdanningsdirektoratet. Newton- konseptet er utvikla av First Scandinavia. Newton- romma skal vere undervisingstader med fokus på naturvitenskaplege fagområde slik at kompetansemål i læreplanen vert nådd. Eit Newtonrom er ein felles naturfagslab i ein kommune eller eit distrikt. Her kan ein samle utstyr som alle skular ønskjer seg, men ikkje har råd til. Det kan vere klassesett av Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 12(17)

mikroskop, stereoluper, dataloggarar m/sensorar, teknologisett og liknande. Skulane besøkjer Newtonrommet på same måte som ein besøkjer t d idrettshallen eller symjehallen. Aktuelle emne for Newton- rommet kan vere; fornybar energi, forureining, miljø, global oppvarming, nye energikjelder, olje, gass, vasskraft, vindkraft, bioenergi, kraftverk, elproduksjon m v. Firda VGS har i dag fylkets einaste Newton- rom. Dette vart opna i 2011, og rommet vert brukt i den daglege undervisninga ved skulen i tillegg til å vere eit senter for etterutdanning av lærarar i realfaga. Det er ein målsetnad at Newton- rommet skal vere eit kompetansesenter for realfag i Nordfjord-regionen, og at det skal utviklast eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv. Også grunnskulane og dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord nyttar rommet i undervisninga. Det var i 2007 teke initiativ av HISF for å få etablert eit slikt konsept i Førde, utan at dette resulterte i noko vidare framdrift. 4.4.2 Teknologitrailer- tenning på teknologi Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri (PRO) i Sogn og Fjordane driftar ein trailer som er innreia med teknologi. Hovudintensjonane bak denne satsinga er rekruttering til teknologifaga, herunder også å fremje interesse for realfaga. Traileren blir nytta til undervisning til m a barnehagar, grunn- og ungdomsskular, lærlingar, skuletilsette og fagfolk frå bedrifter som treng inspirasjon og oppdatering på det siste nye innanfor teknologien. 4.4.3 Vil Vite på hjul/ Science Circus Vil Vite på hjul og Science Circus er hhv Vil Vite i Bergen og Vitenfabrikken i Sandnes sine omreisande vitensenter. Konseptet er å besøke barnehagar og skular i distrikta, då særleg elevar og lærarar med lang reisetid til eit vitensenter. Målsettinga er identisk med vitensentertankegangen, dvs skape nyskjerrigheit og stimulere elevar og lærarar til å nytte seg av spanande forsøk i undervisinga. Innhaldet i konseptet er i grove trekk; show for heile skulen, naturvitenskapleg utstilling, undervisingstimar for elevar og inspirasjonstime for lærarar. Vil Vite på hjul opererar i dag i Hordaland og Sogn og Fjordane, men har hatt liten aktivitet i fylket. Dette har ulike grunnar, men hovudgrunnen er manglande finansiering frå fylket/ skulane. 4.4.4 Verftstomta i Førde Hellenes AS har nyleg flytta inn på verftsområdet på Øyrane i Førde. Hellenes sine planar for eigen aktivitet medfører oppretting av verkstadar innan mekanisk produksjon, metall bearbeiding, automasjonssystem, hydraulikk samt ein komplett elektroverkstad. I tillegg til å huse eigen aktivitet, ønskjer Hellenes å bruke verftet til å skape ein myldreplass for fleire som vil utvikle teknologi og nye produkt. Dette gjeld då aktørar i frå alle bransjar som utviklar i hovudsak fysiske produkt av teknisk karakter. Vidare har dei også tankar rundt det å integrere utdanning på området samt å skape verkstader og laboratorium som kan nyttast både av dei sjølve, utdanningsinstitusjonar og besøkande kundar, skular og andre. Ved etablering av utdanningsinstitusjonar eller oppstart av arbeid med nye kommersielle aktørar vil slike verkstader kunne bli utvikla i form av meir verktøy og utstyr, større plass i Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 13(17)

tillegg til at ein vil være vesentleg meir oppdatert på å ha nytt materiell på plass i verkstaden eller laboratoriet enn det ein klarer å ha i skuleverket til ei kvar tid. I tillegg blir det mogeleg å investere i utstyr som ein ikkje brukar heile tida fordi dei blir fleire som brukar maskinene og dermed går dødtida ned samstundes som investeringskostnaden vert lågare. Nærleiken til sjøen gjer at ein også kan gje mogelegheit for å ha aktivitetar som er relatert til båt, hydrodynamikk, forureining og anna knytt til dette naturelementet. 4.4.5 Gode krefter- samhandling Det er mange initiativ på gang for å få til auka innovasjonsgrad og større næringsutvikling i regionen/ fylket. Grunntanken til fleire av desse initiativa er at ein i større grad må samle fleira aktørar for å nå dei målsettingane som dei einskilde prosjekta har. Dei pågåande prosjekta er mellom anna Inkubatorsatsinga i Førde som Kunnskapsparken ønskjer å realisere og Innovasjonssenter- satsinga til Bedriftsnettverket. Næringslivet har og fått til ei ny el-kraft linje på ingeniørhøgskulen og her vil det på sikt måtte byggast nye labbar til studentane. Klarer vi å tenkje desse satsingane saman med eit vitensenter, kan dette kanskje vere starten på eit lite cluster der eit vitensenter vert ein del av det. For å kompensere for eit noko avgrensa marknadspotensiale vil det vere svært viktig å sjå på samhandling og utnytte synergiar mellom ulike aktørar og initiativ. 4.4.6 Strategisk samarbeid Her kan ein tenkje seg at ein saman med eit etablert vitensenter utviklar ein modell der det etablerte vitensenteret har ansvar for drift og innhald av eit tilbod i Sogn og Fjordane. Dette kan vere alt frå besøk i skulane (jf Vil Vite på hjul) til å drifte ei utstilling i faste lokalitetar, eller ein kombinasjon. Eit slik samarbeid kan utviklast på mange ulike måtar med omsyn til omfang og innhald. Aktuell kandidat i eit slikt samarbeid kan vere Vil Vite i Bergen som allereie ser på Sogn og Fjordane som del av sin region. Vi har hatt samtalar med Vil Vite og dei er særs interesserte i å diskutere ulike samarbeidsmodellar. 5. Marknad og målgrupper 5.1 Besøkspotensial og målgrupper Vi har ikkje gjennomført noko marknadsanalyse av besøkspotensialet for eit vitensenter. I følgje VITEN- styret gjenspeglar stort sett besøkstala folketalet i regionen. Om vi legg dette til grunn og samanliknar oss med Vil Vite (nedslagsfelt 500 000, besøk ca 110 000), vil vi i Sogn og Fjordane (nedslagfelt 110 000) ha eit besøkspotensial på ca 20-25 000 pr år. I hovudsak vil dette vere besøkande frå organiserte skulebesøk og bufaste i regionen, men det ligg også eit visst potensiale frå overnattingsbesøk og gjennomfartsturisme. Målgruppeinndeling: 1. Lokal-/ regionalmarknaden (heile året). Individuelle besøkande, bedrifter, lagog organisasjonar. 2. Turistmarknaden/ tilreisande (sommar). Gjennomreise, hyttefolk, individuelle/ grupper, opphald overnattingsgjestar. 3. Kunnskapsmarknaden (haust/vinter/vår). Barnehagar, skuleelevar/ studentar, bransjebesøk (fag-/forskingsmiljø) og lokalt næringsliv (kurs konferansar). Vil Vite sine besøk er fordelt med om lag ein tredjedel på kvar av målgruppene. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 14(17)

6. Økonomi/ finansiering Ambisjonsnivået som vert valt vil vere avgjerande for kostnadane med investering og drift av vitensenter. I denne fasen av prosjektet har ein sett det som lite føremålsteneleg å gjere noko detaljbudsjettering då svært få føresetnader er på plass. Basert på erfaringstal frå andre etableringar har ein grovt anslått 2 ulike konsept: Newtonrom (minimumssatsing): Arealbehov minimum 200 kvm Investeringsbudsjett (innreiing, teknisk utstyr, undervising/ moduler m v) ca 1 MNOK og oppover Driftsbudsjett årleg (bemanning, kursing m v) ca 0,7 MNOK Regionalt Vitensenter (fullskalasatsing) : Arealbehov minimum 1500 kvm. Investeringsbudsjett (utstilling, bygg, teknisk utstyr m v) ca 60-70 MNOK og oppover. Driftsbudsjett årleg (utan fornying utstilling) ca 10 MNOK Tala ovanfor er svært grovt anslått og vil vere påverka av mange faktorar, m a: mulegheiter for samdrift utnytting av eksisterande infrastruktur i ulike lokaliseringsmulegheiter. Grad av sponsing/tilskot av lokalitetar og utstillingar. Ekspertgruppa som i 2006 evaluerte vitensersatsinga føreslo følgjande differensiert innteksstruktur som det mest optimale: Vitensenterprogrammet (staten): 35%. Kommune og fylke: 20%. Private bidrag (sponsorar): 10% Eigne inntekter: 35 %. 7. Organisering 7.1 Organisasjonsform Organisasjonsformer som naturleg bør vurderast er stifting, aksjeselskap og samvirke. Ser ein på dei etablerte vitensentra, så er desse i all hovudsak etablert som stiftingar (nokre få som AS). Felles i lovverket for AS og samvirke er at dei har til hovudføremål å fremje medlemane/ aksjonærane sine økonomiske interesser. Eit vitensenter skal primært fungere som ein del av eit realfagstilbod og vil såleis ikkje vere eit naturleg overskotsføretak, då investering i utstyr og kostnader til drift vil vere finansiert gjennom tilskot frå samarbeidspartnarar. Det synest nærliggande å vurdere stiftingsmodellen som organisasjonsform om ein legg til grunn at kapitalen kjem frå offentlege etatar og næringslivsaktørar i form av investerings- og driftstilskot. 7.2 Potensielle aktørar Erfaring frå liknande etableringar andre stader i landet tilseier at eit av dei viktigaste suksesskriteria er at vertskommune og fylket som skuleeigarar stiller seg heilhjarta bak prosjektet. Det er viktig å poengtere at ein eventuell etablering hovudsakleg vil rette seg mot skuleelevar i fylket og ikkje må oppfattast som eit tillegg til skulen, men som ein del av skulen. I tabellen under er opplista nokre potensielle samarbeidspartnarar/ stiftarar/ eigarar/ bidragsytarar (understrekar at fleire av disse ikkje har vore kontakta i samband med forstudien) : Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 15(17)

Potensielle aktørar: Vertskommune, omliggande kommunar- Sogn og Fjordane Fylkeskommune blir sentral samarbeidspartnarar som skuleeigarar og premissleverandørar i forhold til innhald og aktivitetar knytt opp mot kompetansemål i læreplanar, samt gjennom brukaravtalar med skulane. HISF vil kunne vere sentral støttespelar med omsyn til realfag- rom og utstyr, samt kompetanseressursar innan m.a. helse, teknologifag, biologi, energi m.v. I tillegg vil lærarutdanninga kunne dra fordel av samarbeid/ hospiteringsmulegheiter. Museumsmiljøet i fylket- bindeledd mellom ny og gamal teknologi for å tydeleggjere kor vi kjem frå og korleis utviklinga skjer. Har formidlingskompetanse, lokalitetar, organisasjon m.v. Ungt entreprenørskap- samlingspunkt mellom skule og næringsliv, har mange parallelle målsettingar med eit vitensenter. Opplæringskontora i fylket, byggfag, elektro, prosessindustrien m.v. Bedriftsnettverket- målsetting om nyskaping, innovasjon og kunnskapsutvikling i fylket. Innovasjonsselskap, Arena- prosjekt m v. Bedriftsnettverket eigd av bedrifter innan industri, marine næringar og andre næringar. Jobbar for auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid i bedriftene, der målet er å styrkje den enkelte bedrift si konkurransekraft. Eit av delprosjekta til Bedriftsnettverket er å auke interessa for realfag blant born og ungdom i grunnskulen og i vidaregåande skule. Framtidsfylket- jobbar for rekruttering til fylket. Vestlandsforskning- oppdragsbasert forskingsinstitutt med kompetanse innan samfunnsfag, naturfag, teknologifag og humanistiske fag. Kunnskapsparken Sogn og Fjordane- premissleverandørar i forhold til fagleg innhald og brukarar av senteret. Regionalt utviklingsselskap med heile fylket som nedslagsfelt. Samarbeider med næringsliv, universitet/ høgskular, utviklingsmiljø, FOU- institusjonar, finans og det offentlege verkemiddelapparatet. Har som formål å legge til rette for å aktivt bidra til kommersialisering av forretningsidear. Vil Vite, Bergen(evt andre)- vil kunne fungere som ein fadder for ei eventuell etablering og bidra med kompetanse i alle ledd. Samarbeide på rolledeling for å best muleg utfylle kvarandre for å unngå konkurranse. First Scandinavia- står bak utviklinga av Newton- konseptet, og vil kunne vere ein bidragsytar på innhald, aktivitet og WEB- løysingar m.v. Ulike private bedrifter- premissleverandørar til fagleg innhald i senteret og som sponsorar. Tekna/ Nito og andre interesseorganisasjonar- premissleverandørar til innhald i senteret. Arbeidslivsorganisasjonar- t.d. NHO, LO m fl. Store nasjonale bedrifter- t.d. Statoil, Hydro, Elkem m.v. Sore bedrifter i fylket - som er leiande innan teknologiutvikling. Generelt næringsliv- fortrinnsvis verksemder som fordrar arbeidskraft knytt til realfagskompetanse, t d energiselskap, fiskeoppdrett, helse, mineralutvinning, oljeog gass m v. Tabell 5. Potensielle aktørar. 7.3 Lokalisering Det er ikkje gjort noko djuptgåande analyse knytt til lokaliseringa av eit senter, men følgjande bør vere førande: Sentralt i høve fylket; kortast mogleg reiseavstand frå heile fylket med omsyn til skulebesøk og allmenta generelt. Entusiasme lokalt, herunder vertskommune, næringsliv, innbyggjarar, skular m.v. Fagmiljø; utdanningsinstitusjonar (teknologisk), næringsliv og formidling, med tanke på sambruk, kompetanseutvikling m.v. Publikumsvennlege lokalitetar. Areal er avhengig av kva aktivitetsnivå som vert valt, alt frå 200 kvm (Newton- rom) til 1500-4000 kvm for eit fullskala vitensenter. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 16(17)

8. Oppsummering og konklusjon Prosjektgruppa tilrår ikkje å arbeide vidare med planar om å etablere eit fullskala regionalt vitensenter i Sogn og Fjordane i tråd med Vitensenterprogrammet då dette synest vanskeleg i nær framtid. Hovudgrunnane til dette er: Vil krevje ei investering i størrelsesorden 60-70 MNOK og oppover, samt at omlandet/ besøkspotensialet synes lite samanlikna med etablerte regionale vitensenter. Det synes vanskeleg å få forankring hos Vitenprogrammet på grunn av at Vil Vite i Bergen allereie dekkar Sogn og Fjordane, samt at det er sterke krefter som arbeider for at det ikkje vert etablert nye senter før dei eksisterande er sikra tilfredsstillande finansiering. Manglar god nok forankring i relevante miljø- ikkje sterkt nok fundament. Prosjektgruppa tilrår prosjekteigar at det vert jobba vidare med eit mindre konsept der ein etablerar eit Newton- rom i samband til relevante teknologi- og utdanningsmiljø i Sunnfjord, i kombinasjon med eit rullande senter som vil besøke skulane i fylket etter modell av Science Circus/ Vil Vite på hjul. Formålet med ei slik satsing vil vere det same som eit vitensenter, men i mykje mindre skala og dermed langt meir realistisk å få til på kort sikt. Sunnfjord Næringsutvikling AS Side 17(17)