Interpellasjon on strømming Nettoverføring, såkalla strømming, av kommunestyremøta har vore så vidt opp til diskusjon både i formannskapet og kommunestyret i fjor haust. Ved desse anledningane såg det ut til å vere brei enighet om at dette er ein god ide og rådmannen har også signalisert at han har erfaring med dette frå tidlegare. Rådmannen antyda i forbindelse med budsjettarbeidet før jul at kostanden ved å innføre ein slik service for innbyggarane våre kan dreie seg om rundt 100 000,Det må vel eit formelt vedtak til for at rådmannen skal førebu ei sak til formannskap og kommunestyre om dette. Så Raudt vil gjerne at det vert gjort eit slik vedtak. Vi har følgande forslag til vedtak: Kommunestyret bed administrasjonen førebu og fremje sak for kommunestyret om nettoverføring, såkalla strømming, av kommunestyremøta Kunne ordføraren tenkje seg at det vert gjort slikt vedtak i kommunestyret i dag den 3.3.2016?
GULATING LAGMANNSRETT Dok 3 Til kommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland (med Sirdal) Sendast som e-post Dato Vå referanse Deres referanse I 6-005 804ADM-GULA/AVD3-2s.02.2016 3 1 1,2 Val av lagrettemedlemmer og meddommarar for perioden 31.12.2020 01.01.2017 tú Domstoladministrasjonen har i brev til alle kommunane i landet, datert 17.11.2015, (sjå bilag), gjort greie for reglane om val av lagrettemedlemmer og meddommarar til dei alminnelege domstolane. Me visar til utgreiinga. Lagrettemedlemmer og meddommarat skal gjere teneste i saker i lagmannsretten der lekdommarar skal ta del i avgjerda. Dette vil hovudsakleg dreie seg om straffesaker. De nye kommunestyra som blei valt hausten 2015, skal innan 01.07.2016 velje lagrettemedlemmer og meddommarar for perioden 01.01.2017 ti13l.12.2020. Liste over dei som er valde skal sendast lagmannsretten så snart som råd etter at val er gjennomført, og innan 15.09.2016, jf domstolloven $ 69 andre ledd Det skal være to ålmenne utval av lagrettemedlemmer og meddommarar til lagmannsretten, eitt for kvinner og eitt for menn. Utvalet for lagsokna skal ha dette talet på lagrettemedlemmer og meddommarar'. 766 (383 kvinner og 383 menn) Rogaland lagsokn: Hordaland, Sogn og Fjordane lagsokn: 982 (49I kvinner og 491menn) Vi ber om at listene over dei som er valt blir ført i formatet Microsoft Excel. Domstoladministrasjonen vil kome attende til opplegget for sjølve innrapporteringa av utval når fristen nærmar seg. Postadresse Sentralbord Postboks 7414, 5020 BERGEN Bergen: 55693900 Janicke Stavanger: 5l 299080 Kontoradresse Telefaks Gulatings plass 55ô93901 1 Saksbehandler Bankgiro Organisasjonsn ummer Ekspedisjonstid lnternetue-post 0830-1 500 http://www,domstol no/gulet ng/ gulating lagmannsrett@domstol.no K Vognstølen Telefon 55693971 t934482ø4
Kommunane pliktar å kontrollere at dei som skal veljast, ffller vikara i domstolloven $$7072, jf. $ 73. Dette inneber at ein også må setje i verk vandelskontroll. vil ta kontakt med kommunane med sikte på val av medlemmer for tingrettane. Me er merksam på ingen kan bli valt til meir enn eitt utval' jf. 3.ledd. Også tingrettane (.ì f - r'fl.3 Gulating lagmannsrett 16.()O58()4ADM-GULA/AVD3 Side 2 av 2
Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Arbeidsmiljøutvalg AMU Møtedato 08.03.2016 Arkivsaknr.: 08/763 Saksnummer Saksansvarleg: Rita Annett Kvamme Årsrapport AMU 2015 Rådmannen si innstilling Årsrapporten frå AMU 2015 vert godkjend. Aktuelle lover, forskrifter og plandokument Arbeidsmiljøloven. Bakgrunn for saka AMU skal etter AML 7.2 (6) kvart år rapportere om si verksemd. Rapporten skal innehalde utvalets samansetning, kven som er leiar, tal møter og hovudpunkt i arbeidet. Rapporten skal leggast fram for Kommunestyret og sendast til alle arbeidstakarorganisasjonane. Saksopplysningar / fakta Fakta om AMU: Fram til val av nytt Kommunestyre hausten 2015 besto AMU av: Representantar frå arbeidsgjevar; ordførar Morten Hagen, rådmann Knut Ove Leite og personalsjef Rita Kvamme. Representantar frå arbeidstakarane; HTV Fagforbundet Karin Raknes, HTV Delta Ellen Marie Vederhus og hovudverneombod Linda Lågeide. Leiar Amu ordførar Morten Hagen. Etter val av nytt Kommunestyre hausten 2015 består AMU av: Representantar frå arbeidsgjevar; Daniel Henriksson, rådmann Knut Ove Leite og personalsjef Rita Kvamme. Representantar frå arbeidstakarane; HTV Fagforbundet Karin Raknes, HTV Delta Ellen Marie Vederhus og hovudverneombod Linda Lågeide. Leiar av AMU ikkje valt enno. I tillegg møter minst 1 representant frå Bedriftshelse1 fast. Møter:
I 2015 har AMU hatt 3 møter. Det har vore handsama vedtakssaker og referatsaker. Itillegg har fråværsstatistikken vore gjennomgått på kvart møte. Vedtakssaker: Årsrapport Bedriftshelse1 2014 Årsrapport AMU 2014 Mål og handlingsplan IA Møteplan AMU 2015 Forslag periodevisplan bedriftshelse1 2015 Forslag plan bedriftshelse 2016 Økonomiplan 2016-2019 og årsbudsjett 2016, Handlingsdelen til kommuneplanen20162019 Referatsaker/dokumenter til orientering: Anbod nybygg/rehabilitering VUS Invitasjon «Det store heiltidsvalet» Kontrakt Bedriftshelse1 Signert formular for kontrakt tilbygg/påbygg/ombygg Skvøypoll skule Sporfilmer Vågsøy kommune Signert formular for kontrakt prosjekteringsoppdrag nybygg avlastningsbolig Ytre Kulen Ombygging av Nordfjordhallen til skuleføremål og modulskule Midlertidig flytting av Holvik barnehage Ombygging Skavøypoll skule Nytt biblioteklokale Heiltidsvalet Tilsynssaker Nybygg/eksisterande bygg HMS arbeid: Vernerundar: Det har vore utført vernerundar på dei fleste områder. Det finnast rutinar for gejnnomføring, sjekklister og mal for handlingsplan. Alt er i Kvalitetslosen. Registrering og resultat av vernerundar vert lagt i Acos. Verneombod: Det er gjennomført 3 samlingar med verneomboda i 2015. Vurdering / konsekvensar Rapporten er laga på grunnlag av gjennomførte aktivitetar.