HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Samferdselsutvalet Dato: 08. mai 2012 09. mai Kl.: 09.30-14.30 09.30-15.00 Stad: Terminus Hall, Bergen Fylkesutvalsalen, Fylkeshuset Saknr.: 32/12-37/12 MØTELEIAR Bahus, Gustav (FRP) DESSE MØTTE Kvåle, Atle (A) Innvær, Anne-Line (A) Hansen, Jette Lunemann (A) Hjemdal, Silje (FRP) Eidsheim, Torill (H) Lutro, Einar (H) Ryssdal, Stein Inge (H) Johansen, Iril Schau (H) Kårbø, Pål (KRF) Ljones, Jostein (SP) Greaker, Alf Helge (V) Nævdal, Helge (A) Borgen, Arild (R) Halleraker, Svein (H) FORFALL Eggum, Jørn (A) Ljone, Torunn Hovland (SV) Berland, Eli Årdal (H) DESSUTAN MØTTE Frå Hordaland fylkeskommune Anne Iren Fagerbakke Rolf Rosenlund Thorbjørn Aarethun Oddmund Sylta Øivind Støle Frå Statens vegvesen Olav Finne Beate Mæsel MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ikkje merknader til innkallinga. 1
GODKJENNING AV SAKLISTA Einar Lutro synte til vedtak i fylkesutvaalet og etterlyste sak om spontan samkøyring. Anne Iren Fagerbakke orienterte om siste nytt i saka. Utvalet ber om ei sak og orientering på neste møte. GODKJENNING AV MØTEBOKA 23.04.12 Møteboka av 23.04.2012 vart godkjent utan merknader. YMSE Det vart ikkje opna for ymsepost på møte. Brev frå Statens vegvesen av 23.04.2012 Forsøk med sambruksfelt på søndre innfartsåre E39 Fjøsangerveien vart lagt fram for utvalet. Brev frå Statens vegvesen av 24.04.2012 Prosjekt spontan samkjøring med bil, buss/bane og taxi i Bergensområdet. Samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen vart lagt fram for utvalet. 2
MELDINGAR Meldingane vart ikkje handsama, og vert lagt fram att på neste møte. Periode: 14. november 2012-08. mai 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 83/12 200903490-5 Hordaland fylkeskommune sitt internasjonale engasjement i 2011 84/12 201202641-1 Rammeplan for avkjørsler og byggegrense for fylkes- og riksvegar i Hordaland 2012-2015 85/12 200907758-48 Driftskontraktar på fylkesvegnettet - fornying av HaugaStordkontrakten frå 2013 86/12 201203402-1 Kollektivstrategi for Hordaland 87/12 201200773-2 Fråsegn til søknad om endring / fornying av konsesjon for Bergen lufthavn- Flesland 88/12 201201599-1 Parkeringssituasjonen for turistbussane i Bergen sentrum 89/12 200800095-40 Møtereferat - Fylkestrafikksikringsrådet 06.03.2012 90/12 201203234-1 Kollektivtransporten i distriktene (KID) - Tildeling for 2012 91/12 201112483-3 Melding til samferdselsutvalet Oversendingsforslag i valperioden 2011-2015 92/12 200906822-10 Spørsmål om Hamrevegen i Bergen kommune - Svar på oversendingsforslag 93/12 201108936-3 Billettering ombord på ferja Bruravik - Brimnes - Svar på oversendingsforslag 94/12 201106807-4 Farleg kryss på strekninga Halhjem - Moberg på E 39 - Svar på oversendingsforslag 95/12 201011362-23 Mandat for Fylkestrafikksikringsrådet i Hordaland 96/12 201112248-3 Spørsmål om fjerning av trafikksikringstiltak på Fv 544 på Halsnøy - Svar på oversendingsforslag 97/12 201201455-3 Trafikkfårleg løe ved Fv 49 i Kvam herad - Svar på oversendingsforslag 98/12 200909093-5 Nasjonale turistvegar frå 2012. Om strekningsjusteringar, hendingar, engasjement og markeringar 99/12 200507002-204 Oppfølging av vårt brev datert 11.01.2011 om Godstransport, trafikkutvikling og konsekvenser for innbyggerne i sentrale deler av Bergen 100/12 201001561-27 Svar på spørsmål frå Alf Helge Greaker (V) stilt i SAMU den 15. februar 2012 101/12 200910797-34 Kva utfordringar det har vore og korleis ein har forsøkt å løyse utfordringane med køyretider på ein del ruter i 2011. 3
102/12 201001561-28 Fråsegn - forslag til reguleringsplan for Ytrebygda gnr 109-14 m.fl. - Bergen Lufthavn, Flesland - Plannr. 61710000 4
SAKNR. 32/12 OMKLASSIFISERING AV VEGAR I SAMBAND MED STORDALSPROSJEKTET PÅ E 134 I ETNE KOMMUNE - HØYRING Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Fylkesutvalet tilrår at ny tilkoplingsveg frå Fv 48 til nytt kryss på ny E 134 på Håland vert klassifisert som fylkesveg. 2. Fylkesutvalet tilrår at dei føreslåtte kommunal veg 1 og kommunal veg 2 på den noverande E 134 får oppretthalden statusen som riksveg. 33/12 OMKLASSIFISERING AV PARSELL AV FV 542 VED RUBBESTAD TIL KOMMUNAL VEG Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Fylkesutvalet vedtek at gamal del av Fv 542 mellom Rubbestad og Stokkabekken, lengde ca. 250 meter, vert omklassifisert til kommunal veg. 2. Fylkesutvalet vedtek at den gamle delen av Fv 542 først vert overteken av Bømlo kommune etter synfaring med kommunen og Statens vegvesen og overtakingsprotokoll er skriven. 34/12 E 134 STORDALSTUNNELEN - BOMPENGESØKNAD Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke mot 3 røyster (FRP, R). INNSTILLING 1. Fylkestinget gir si tilslutning til bompengesøknaden for E 134 Stordalstunnelen slik han ligg føre. 2. Fylkestinget godkjenner at Hordaland fylkeskommune vert bompengeselskap for prosjektet 35/12 ALTERNATIV FRAMDRIFTSTEKNOLOGI FOR MILJØVENLEGE FERJER - OPPLEGG TIL HOVUDPROSJEKT Pål Kårbø sette fram forslag om å redigera innstilling. Røysting Pål Kårbø sitt forslag vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Fylkesutvalet vedtek å starta opp hovudprosjekt for implementering av miljøvenleg framdriftsteknologi i ferje- og snøggbåtdrifta i fylket. 2. Snøggbåtsambandet Kleppestø-Nøstet skal ha prioritet i framdrifta av prosjektet. For snøggbåtruta Kleppestø-Nøstet legg fylkesutvalet til grunn at det skal nyttast forhandla prosedyre som konkurranseform. 5
3. Fylkesutvalet ber om å få attende sak om konkurranseform for aktuelle ferjesamband saman med budsjett og finansieringsopplegg for arbeidet med konkurransegrunnlaget. 36/12 HØYRINGSUTTALE - PLANFORSLAGET TIL NASJONAL TRANSPORTPLAN 2014-2023 Torill Eidsheim sette på vegne av utvalet fram forslag til ny innstilling. GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014-2023 Pkt 1 som innstillinga. BEHOV FOR AUKA RAMMER Tillegg til pkt 2: aukast utover + 65%, der prioriteringane i NTP-forslaget + 45% ligg til grunn. BERGENSOMRÅDET BEHOV FOR STATLEG MEDFINANSIERING Endring av pkt 3: Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablere bypakkar for dei store byområda med forpliktande statleg medfinansiering. For Bergensområdet er ei statleg medfinansiering avgjerande for i første rekkje å sikre kontinuerleg utbygging av bybana byggetrinn 4, mot Åsane, og byggetrinn 5, mot Bergen Vest. Allereide planlagte, høgt prioriterte prosjekt i regionen som då vil inngå i bypakkar, må framleis halde sin høge prioritet om ikkje bypakkane skulle bli ein realitet. Pkt 4 og 5 som innstillinga. RIKSVEGINVESTERINGAR Nytt pkt 6: Fylkestinget forventar at riksvegane i Hordaland vert opprusta til å vere dei hovudpulsårene dei skal vere for å binde regionane og landsdelane saman. Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: o E 16 Arna - Voss o E 39 Nord og sør for Bergen o E 134 Etne - Røldal - Haukeli o Rv 13 Jøsendal - Voss - Vangsnes o Rv 7 Brimnes - Hardangervidda o Rv 555 Bergen - Sotra Jfr fylkesrådmannen sine merknader vedr riksveginvesteringar i saksutgreiinga. E39 OPPRUSTA OG FERJEFRI Forslag Ljones (innleiing) Endra pkt 7 Opprusting og ferjefri E-39 gjennom Hordaland får særskilt prioritet i NTP 2014-2023. E-39 er den viktigaste transportåra på Vestlandet. Ein ferjefri E-39 mellom Bergen og Stord vil bidra til ein meir robust og integrert bu- og arbeidsmarknad i dette området. Det er i samsvar med strategien i NTP forslaget om å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrka regional utvikling. 6
Nytt pkt 8: Fylkestinget vil påpeike behovet for endring og forenkling av planprosessar. I tillegg er det særs viktig at staten legg til rette for heilskapleg gjennomføring av vedtekne planar og igangsette prosjekt. FINANSIERING Nytt pkt. 9: Opprustning og vegutbygging går for langsomt. Det finst interessante alternativ til dagens ordning med finanisiering av infrastruktur. Fylkestinget vil oppfordre staten til å ta i bruk alternative ordningar (t.d. prosjektfinansiering, fleirårig budsjettering, aksjeselskap, OPS m.m) som kan føre til hurtigare framdrift og meir effektiv infrastrukturutbygging. Samtidig bør det vurderast ei finansieringsordning der bompengeselskapa/fylkeskommunane kan få gunstige statslån. RASSIKRING Nytt pkt 10. Fylkestinget ser at i lys av den vesentlege kostnadsauken vi ser på prosjekta, må den nasjonale ramma opp frå 1 til 2 mrd/år. STYRKA DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET Pkt 11 og 12 som innstillinga pkt 7 og 8. JERNBANE Nytt pkt 13: Fylkestinget forventar at det vert utvikla ein moderne jernbane både for person- og godstrafikk med vesentleg kortare reisetid Bergen-Oslo på maksimalt 4 timar. Fylkestinget krev at Vossebana vert bygt ut med intercitystandard og realisering av Oslo-Hønefoss. Vi vil understreke behovet for: i) Avklaring av potensiale for høgfartsstandard på deler av Bergensbana ii) iii) Ei realiseing av Ringeriksbana Styrking av Vossebana fram mot Intercitystandard i) Dobbeltspor Bergen-Arna ii) iii) iv) Omlegging Takvam-Trengereid Lengre kryssingsspor Vossebana Utbetring Hønefoss-Voss LUFTFART Nytt pkt 14: Fylkestinget vil setje fokus på at Bergen Lufthamn, som nest størst i Noreg og ein av kun to flyplassar i Hordaland, må bli prioritert slik at ny terminal på Flesland kan realiserast parallelt med at bybana når Flesland for å få størst mogleg effekt av bybaneinvesteringa, og avhjelpe kapasitetsproblema ved lufthamna sin terminal. SJØTRANSPORT Nytt pkt 15: Fylkestinget etterlyser ein konkret strategi for å overføre gods frå veg til sjø, og ein gjennomgang av ansvarsfordeling og avgiftssystem. 7
I nokre by- og senterområde er sjøbasert persontransport allereie i dag ein del av kollektivnettet. Sjøbasert transport som dette må vurderast og takast omsyn til i det vidare arbeidet med kollektivsatsing. Nytt pkt 16: Innstillinga pkt 9 Jostein Ljones sette fram forslag om ny innleiing til pkt 7. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Fylkestinget vil prioritera prosjekt som gjev rask realisering. Arild Borgen sette fram fylgjande forslag. Tillegg til pkt 3. Statleg finansiering av utbygging av bybana sitt byggjetrin 4 og 5 er kritisk for Bergen. Det må difor inkluderast i alle råmer i NTP, også i dei som har mindre råmer enn +45%. Nytt pkt 6 Rødt ynskjer å prioritera bybane, intercity Bergen-Voss og Ringeriksbane framfor vegutbyggjing. Rødt tek dissens på punktet om Luftfart. Rødt tek dissens på omgrepet OPS i pkt 9. Alf Helge Greaker tok dissens på pkt om luftfart. Venstre ser at utbygging av terminal (ny) på Flesland kan være i direkte konflikt med vedteken klimaplan og støttar ikkje punktet i vedtaket om luftfart. Silje Hjemdal sette på vegne av FRP, V fram forslag til nytt pkt. Fylkestinget peikar på NSB sin mogelegheitsstudie knytt til tog (gods/personar) mellom Åsane og Flesland og ber om at Jernbaneverket vurderar og eventuelt kvalitetssikrar mogelegheitsstudiet. Prosjektet kan sjåast i samanheng med framtidig intermodal knutepunktshamn og folkevekst i regionen og Bergen. Røysting Torill Eidsheim sitt forslag til ny innstilling vart samrøystes vedteke, med fylgjande dissensar. Alf Helge Greaker tok dissens på avsnittet om Luftfart. Arild Borgen tok dissens på omgrepet OPS i pkt 9 og avsnittet om luftfart. Jostein Ljones sitt forslag om ny innleiing til pkt 7 vart samrøystes vedteke. Silje Hjemdal sitt forslag til nytt pkt fekk 4 røyster (FRP, V, R) og fall. INNSTILLING GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014 2023 1. Fylkestinget er positiv til målformuleringane i planforslaget og legg særleg vekt på strategiane om å satsa på tiltak som gjev meir miljøvenleg transport i byområda, regionforstørring, auka gjennomføringsevne og auka satsing på drift- og vedlikehald. BEHOV FOR AUKA ØKONOMISKE RAMMER 2. For å sikra meir miljøvenleg transport i byområda, naudsynte riksveg- og jernbaneinvesteringar, auka satsing på skredsikring og drift og vedlikehald, må dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2023 aukast utover + 65 %, der prioriteringane i NTP-forslaget + 45% ligg til grunn. 8
BERGENSOMRÅDET BEHOV FOR STATLEG MEDFINANSIERING 3. Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablere bypakkar for dei store byområda med forpliktande statleg medfinansiering. For Bergensområdet er ei statleg medfinansiering avgjerande for i første rekkje å sikre kontinuerleg utbygging av bybana byggetrinn 4, mot Åsane, og byggetrinn 5, mot Bergen Vest. Allereide planlagte, høgt prioriterte prosjekt i regionen som då vil inngå i bypakkar, må framleis halde sin høge prioritet om ikkje bypakkane skulle bli ein realitet. 4. Fylkestinget viser til revidert bompengesøknad for vidareføring av Bergensprogrammet som sikrar finansieringa av bybanen byggetrinn 3 mot Flesland. Med dette finansieringsopplegget er det ikkje særleg rom for lokal delfinansiering gjennom ytterlegare bompengeinnkreving i Bergen, til bybanen byggetrinn 4 og 5 i perioden fram mot 2025. For å sikre kontinuerleg utbygging av bybanen etter at byggetrinn 3 er ferdigstilt i 2016, vil det vere behov for statleg medfinansiering på 7-10 mrd.kr i ein bypakke for Bergensområdet. 5. Planforslaget peikar på at fylkeskommunane, med dagens inntektsramme, ikkje er i stand til å finansiere auken i driftstilskot til kollektivtrafikken for å utvikle eit kapasitetssterkt og konkurransedyktig kollektivtransportsystem. Fylkestinget legg til grunn at fylkeskommunen sine frie inntektsrammer vert auka i samsvar med behovet for auka driftstilskot. RIKSVEGINVESTERINGAR 6. Fylkestinget forventar at riksvegane i Hordaland vert opprusta til å vere dei hovudpulsårene dei skal vere for å binde regionane og landsdelane saman. Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: E 16 Arna - Voss E 39 Nord og sør for Bergen E 134 Etne - Røldal - Haukeli Rv 13 Jøsendal - Voss - Vangsnes Rv 7 Brimnes - Hardangervidda Rv 555 Bergen - Sotra Jfr fylkesrådmannen sine merknader vedkomande riksveginvesteringar i saksutgreiinga. E39 - OPPRUSTA OG FERJEFRI 7. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Fylkestinget vil prioritera prosjekt som gjev rask realisering. Opprusting og ferjefri E-39 gjennom Hordaland får særskilt prioritet i NTP 2014-2023. E-39 er den viktigaste transportåra på Vestlandet. Ein ferjefri E-39 mellom Bergen og Stord vil bidra til ein meir robust og integrert bu- og arbeidsmarknad i dette området. Det er i samsvar med strategien i NTP forslaget om å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrka regional utvikling. 8. Fylkestinget vil påpeike behovet for endring og forenkling av planprosessar. I tillegg er det særs viktig at staten legg til rette for heilskapleg gjennomføring av vedtekne planar og igangsette prosjekt. FINANSIERING 9. Opprustning og vegutbygging går for langsomt. Det finst interessante alternativ til dagens ordning med finanisiering av infrastruktur. Fylkestinget vil oppfordre staten til å ta i bruk alternative ordningar (t.d. prosjektfinansiering, fleirårig budsjettering, aksjeselskap, OPS m.m) som kan føre til hurtigare framdrift og meir effektiv infrastrukturutbygging. Samtidig bør det vurderast ei finansieringsordning der bompengeselskapa/fylkeskommunane kan få gunstige statslån. 9
RASSIKRING 10. Fylkestinget ser at i lys av den vesentlege kostnadsauken vi ser på prosjekta, må den nasjonale ramma opp frå 1 til 2 mrd/år. STYRKA DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET 11. Planforslaget legg opp til ei prioritering av midlar til drift, vedlikehald og tiltak for å ta att forfallet på riksvegane. Fylkestinget vil understreka at denne satsinga ikkje må gå ut over heilt nødvendige strekningsvise investeringar på riksvegnettet i Hordaland. Fylkestinget viser til pkt. 2 med føresetnad om auka økonomiske rammer i nasjonal transportplan 2014 2020. 12. Fylkestinget føreset at rammeoverføringane til fylkeskommunane aukar betydeleg i komande NTP periode, slik at satsinga på vedlikehaldet av fylkesvegnettet kan aukast. Fylkeskommunane må få kompensert for prisveksten på driftskontraktane, tilsvarande den statlege priskompensasjonen for riksvegnettet. Kunnskapsgrunnlaget om verknader av ulike kontraktstypar- og former må utviklast, slik at nye kontraktar vert betre og meir kostnadseffektive. JERNBANE 13. Fylkestinget forventar at det vert utvikla ein moderne jernbane både for person- og godstrafikk med vesentleg kortare reisetid Bergen-Oslo på maksimalt 4 timar. Fylkestinget krev at Vossebana vert bygt ut med intercitystandard og realisering av Oslo-Hønefoss. Vi vil understreke behovet for: i) Avklaring av potensiale for høgfartsstandard på deler av Bergensbana ii) iii) Ei realiseing av Ringeriksbana, Styrking av Vossebana fram mot Intercitystandard i) Dobbeltspor Bergen-Arna ii) iii) iv) Omlegging Takvam-Trengereid Lengre kryssingsspor Vossebana Utbetring Hønefoss-Voss LUFTFART 14. Fylkestinget vil setje fokus på at Bergen Lufthamn, som nest størst i Noreg og ein av kun to flyplassar i Hordaland, må bli prioritert slik at ny terminal på Flesland kan realiserast parallelt med at bybana når Flesland for å få størst mogleg effekt av bybaneinvesteringa, og avhjelpe kapasitetsproblema ved lufthamna sin terminal. SJØTRANSPORT 15. Fylkestinget etterlyser ein konkret strategi for å overføre gods frå veg til sjø, og ein gjennomgang av ansvarsfordeling og avgiftssystem. I nokre by- og senterområde er sjøbasert persontransport allereie i dag ein del av kollektivnettet. Sjøbasert transport som dette må vurderast og takast omsyn til i det vidare arbeidet med kollektivsatsing. 16. Fylkestinget viser elles til fylkesrådmannen sitt saksframlegg, som ein del av høyringsuttalen til planforslaget om Nasjonal transportplan 2014 2023. 10
37/12 INFRASTRUKTUR FOR ELBILAR Torill Eidsheim sette fram fellesforslag til endring i innstillinga. 4. Alle regionsentra i fylket og det overordna vegnettet må ha allment tilgjengelege hurtigladepunkt. Hordaland fylkeskommune vil i samarbeid med kraftselskap, Transnova og andre fullføre den grunnleggjande infrastrukturen for elbilar i Hordaland. Det vil seie hurtiglading i resterande regionsentra og i passe avstand langs vegane E39, E16, E134, Rv7, Rv555, Rv13 og Fv551. 9. Fylkesutvalet oppmodar om at fylkeskommunen tilrettelegg for lading på eigne anlegg og oppmodar kommunane og staten til å gjera det same. Minst 20% av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt, utan å vera reservert for el-bil. 10. Det bør stillast krav til kjøpesenter om etablering av hurtigladepunkt. Minst 20% av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt, utan å vera reservert for el-bil. 13. Fylkesutvalet ber om at det vert gjort ei løpande vurdering av ulike teknologiske løysingar for lading/hurtiglading og kompatiblitet. 14. Fylkesutvalet ynskjer ei årleg evaluering av infrastrukturen for el-bilar i Hordaland. Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling pkt 1-3, 5-9 og 10-11vart samrøystes vedteke. Torill Eidsheim sitt forslag til nye pkt og endra innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING 1. Satsing på hurtigladestasjonar for elbilar er eit viktig tiltak for å nå målet i Klimaplan for Hordaland om 20 % elbilar innan 2020. 2. Hordaland fylkeskommune sin bilpark skal så langt det er praktisk mogleg skiftast ut til ladbare bilar. 3. Ved utforming av kollektivterminalar og innfartsparkeringsanlegg skal det i samarbeid med aktuelle kraftselskap leggjast til rette for hurtiglading. 4. Alle regionsentra i fylket og det overordna vegnettet må ha allment tilgjengelege hurtigladepunkt. Hordaland fylkeskommune vil i samarbeid med kraftselskap, Transnova og andre fullføre den grunnleggjande infrastrukturen for elbilar i Hordaland. Det vil seie hurtiglading i resterande regionsentra og i passe avstand langs vegane E39, E16, E134, Rv7, Rv555, Rv13 og Fv551. 5. Fylkesutvalet løyver i 2012 kr. 370.000. til utbygging av hurtigladestasjonar i Odda, Norheimsund, Straume, Eidfjord, Etne og Matre. 6. Trong for midlar til å fullføre satsinga i 2013 vil ein kome attende til i budsjetthandsaminga for 2013. 7. Fylkesutvalet ber Avinor om å etablere hurtigladestasjon på Bergen Lufthavn Flesland. 8. Fylkesutvalet ber Jernbaneverket, Statens Vegvesen og Bergen og Omland Havnevesen om å etablere hurtigladepunkt på større stasjonar, ferjekaiar og hamner i fylket. 9. Fylkesutvalet oppmodar om at fylkeskommunen tilrettelegg for lading på eigne anlegg og oppmodar kommunane og staten til å gjera det same. Minst 20% av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt, utan å vera reservert for el-bil.. 10. Det bør stillast krav til kjøpesenter om etablering av hurtigladepunkt. Minst 20% av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt, utan å vera reservert for el-bil. 11. Det er behov for ein offensiv, langsiktig og føreseieleg statleg politikk som kan gje trygge rammer for andre aktørar si satsing på elbilar og tilhøyrande infrastruktur. Transnova må sikrast tilstrekkelege midlar, og statlege tilskott til hurtiglading må aukast monaleg. 12. Fylkesutvalet ber Transnova om å satse på ein radusstrategi for hurtiglading rundt dei største byane i Noreg, for å gjera byane og sine omland gjensidig meir tilgjengeleg med el-bil. 13. Fylkesutvalet ber omm at det vert gjort ei løpande vurdering av ulike teknologiske løysingar for lading/hurtiglading og kompatiblitet. 14. Fylkesutvalet ynskjer ei årleg evaluering av infrastrukturen for el-bilar i Hordaland. 11
Rolf Rosenlund sekretær 12