Vokalharmoni og vokalbalanse. Bergen 16. mars 2015

Like dokumenter
TRYKKLETT /I/ OG /U/: EN STUDIE AV RUNEMATERIALET ETTER Alexander K. Lykke Nasjonalbiblioteket / Universitetet i Bergen

Å løyse kvadratiske likningar

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Til deg som bur i fosterheim år

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Elevundersøkinga 2016

Refleksjon og skriving

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

2014/

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Språkstatistikk for departementa for 2009

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Til Kunnskapsdepartementet

Informasjon og brukarrettleiing

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Samtykkekompetanse. Hans Johan Breidablik

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

6-åringar på skuleveg

Biletbruk på nettet 1 2

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Språkstatistikk for departementa for 2010

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Saksnr. utval Utval Møtedato 011/16 Kommunestyret

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Bilete og figurar i Word

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

UNIVERSITETET I OSLO

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Foreldregruppe i barnehagen

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Innovasjonsmetoden vår

Fråværet av vokalharmoni i gamalnorsk etter stutt /æ/ og /ǫ/ Universitetet i Bergen, ⒗ mars 2015 Klaus Johan Myrvoll

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Rusarbeid i ein kulturell kontekst

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

BYFE/EMFE 1000, 2012/2013. Numerikkoppgaver veke 14

Brukarrettleiing E-post lesar

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Prioritering av buss i kryss

Pensumliste Norsk 623/Norsk 2, emne A: Språkhistorie og talemål. Haust 2017

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Frå novelle til teikneserie

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

S1-eksamen hausten 2017

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Transkript:

Jan Ragnar Hagland: Vokalharmoni og vokalbalanse Bergen 16. mars 2015 Takk for initiativet til å gi fenomenet vi tradisjonelt kjenner som vokalharmoni spesiell omtanke (eller andakt, som kanskje noen heller ville ha kalla det) gjennom ein heil dags seminaraktivitet. Heilt sært og prisverdig, må vera ein rimeleg karakteristikk av eit slikt tiltak. Eg har tidlegare i livet vigd det me kallar vokalharmoni ein del merksemd og jamvel drista meg til å komma med framlegg til forklaringar på kvifor dei trykklette vokalane fordelte seg slik dei gjorde i ein del av den gammalnorske skriftspråkstradisjonen. Eg meiner altså det er viktig alltid å vera eksplisitt på at det berre er i skrift vi kjenner språklege fenomen frå den tida. Utsegn som viser til talt mål er her som elles alltid tolkingar av skrift. Banalt, men lett å gløyma. Grunndraga i dei nemnde framlegga vil eg seia eg framleis langt på veg kan vedkjenna meg den dag i dag, utan at mitt vesle bidrag til denne samkoma må eller skal oppfattast som defensivt/apologetisk. Det skal ha noko å gjera med det eg ønskjer å ha hengjande som eit perspektiv eller eit bakteppe her, nemleg spørsmålet om kva som skjedde med vokalharmonien vi meiner å sjå i delar av fastlandsskandinavisk skriftspråk i høg-mellomalderen (Hagland 2009). I den samanheng meiner eg forholdet mellom fenomena vokalharmoni og vokalbalanse er verdt å ta opp. Dette er det som vi alle veit ikkje så enkelt å få tak i. Som eit utgangspunkt for nokre refleksjonar vil eg då ta fram noko Finn Hødnebø i si tid formulerte. Han sette på eit vis vokalharmoni (VH) og det vi kallar vokalbalanse (VB) opp mot kvarandre som «to diametralt motsatte systemer, det ene bygd på lydkvaliteter, det andre på stavelsen som kvantitet, de står i kontrast til hverandre og konkurrerer om overtaket på det same endingsapparat. Det er lite trolig at begge systemene kan fungere side om side, men nok krysse hverandre i en overgangsperiode, og slik at et substrat eller fastgrodde rester av ett system kan identifiseres etter at det har opphørt å virke» (Hødnebø 1977, 382). Eit viktig spørsmål i denne samanhengen er om a/æ i trykklett posisjon også har veksla vokalharmonisk slik ein del forskarar har meint (loc. cit.). Her er det nok slik, som også Hødnebø held fram, at det er vanskeleg å påvisa gode og sikre spor etter eventuell vokalharmonisk distribusjon av trykklett a/æ, og at veksling

2 desse vokalane imellom i trykklett stilling først kom til uttrykk i skrift då slik veksling oppstod som resultat av ulik stavingskvantitet i trykksterk stilling, slik at kort staving gav ending på a, medan lang staving førte til æ, som når vi får former som taka og vera, men hæyræ og sendæ m.v. Dette kan første gong nokonlunde sikkert daterast i skrift i eit rett nok udatert og ikkje heimfest diplom frå ca. 1300 (DN I: 90), etter alt å dømma frå det indre Austlandet. Relevant for diskusjonen vidare er at denne teksten både har VB og VH. I alle fall er det slik at VH har vore oppfatta som ein assimilasjonsprosess som har med den fonologiske faktoren [+ eller høg] i den trykklette vokalen å gjera, medan VB i gno, slik Hødnebø og andre har sett det, dreia seg om faktoren [+ eller fremre], og at det siste i hovudsak dreiar seg om stavingskvantitet medan det første gjeld vokalkvalitet. Eit problem her, som har vore mykje diskutert, er distribusjonen av trykklette vokalar i/e og u/o etter trykksterke låge vokalar, det vil seia kort og lang /a/ kort og lang /æ/, til dels også kort u-omlydd /a/ (ǫ). Er det her tale om VH, eller dreiar det seg om andre ting? Kan, har eg då lyst til å spørja, vi få eit betre grep om den problematiske distribusjonen av i/e og u/o i nemnde posisjon om vi gir slepp på Hødnebøs oppfatning av VH og VB som innbyrdes tilnærma ekskluderande språklege fenomen? Er det slik at dei, i alle fall i ein periode, faktisk har fungert side om side, og at VB over tid har vorte dominerande? Det vil i så fall innebera at den varianten av Haglands (1978) vokalharmonireglar som er gjeven i Hagland 2013 (s. 619) som «Vokalharmoni 2», vil kunna døypast om til «Vokalbalanse». Det vil seia at endingsvokalar e o følgjer etter lange låge vokalar i trykksterk stilling. Dette kan, som vi ser, like gjerne sjåast som eit balansefenomen, ettersom stavinga alltid vil vera lang etter lang vokal i alle fall. Myrvoll (2014, s. 11) er innom dette, utan å gå nøye inn på det. Om vi ser dette som eit reduksjonsfenomen, slik det er gjort allereie i Hagland 1978, er det altså ingenting i vegen for å oppfatta det som eit uttrykk for VB. Kan vi då, vil eg spørja for kanskje å få opp litt temperatur, som ein arbeidshypotese sjå det slik at VB frå denne posisjonen har gripe om seg ettersom tida gjekk? Eg lar det hengja. Distribusjonen av endingsvokalane etter korte låge vokalar vil likevel stå uløyst ved eit grep som dette, så inntil vidare vil eg halda på det som i Hagland 2013 (s. 620) er kalla «Vokalharmoni 3». I diskusjon om dette vil eg då innleiingsvis dra fram eit forhold som ikkje synest å ha vore åtgådd i særleg grad i diskusjonen etter at Hagland 1978 var lagd fram. Det gjeld distribusjonen av i/e

3 og u/o etter dei korte vokalane /a/ og u-omlydd /a/. Det har i den samanheng vore hevda at korkje Hagland eller andre har dokumentasjon på at e i trykklett stilling følgjer /ǫ/, slik reduksjonsregel nr. 2 hos Hagland skulle tilseia snarare tvert om meiner t. d. Myrvoll (2014, 12) med tilvising til eitt døme på at det var i som galdt i slik stilling. Dømet er henta frå Hægstads analyse av Olafs saga hins helga: soðrli < soðull (Hægstad 1922, xxxvi). Var det verkeleg så? Eit svar på det er gjeve allereie i Hagland (1980, 105 107) som svar på kritikk frå Magnus Rindal (Rindal 1979, 233). Dette var ei meiningsutveksling som gjekk føre seg i Maal og Minne. Eg synest det kan vera grunn til å ta det fram att her om ikkje anna så for å ha flest mogleg kort på bordet for eventuell vidare diskusjon. I Hagland (1980, 105-107) er resultatet av ein ny gjennomgang av Oláfs saga hins helga presentert med omsyn til spørsmålet om korleis det forheld seg med trykklett vokal i/e etter u-omlydd /a/ markert o. Det er definitivt eit lågfrekvent fenomen, og berre 18 tilfelle er registrerte i det aktuelle handskriftet, og då med følgjande fordeling (sjå og Hagland 1980, 105 der side og linetal er å finna): I soðrli karlhofði hoguið fioldi (2 gg.) hofði (3 gg.) hiorvi hoguin hoguit fiotri II fiolde (3 gg) æptansonge fiollde ottosonge Bunden artikkel er her halden utanfor, ettersom denne synest å vera utanom VHsystemet i handskriftet. Med grunnlag i det første dømet i kolonne I (soðrli < soðull) seier altså Hægstad utan atterhald at at ǫ blir følgd av i. Om me ser nærare på dette vesle tilfanget, ser me at vokalen i anten a) står etter former med obligatorisk synkron synkope av /u/ ( hofði < hofuð, soðrli < soðull og fiotri < fjoturr) eller b) i direkte tilknytnad til ståande halvvokal markert u eller v: hoguið, hoguin, hoguit, hiorvi. Med to unnatak (fioldi) er det elles skrive e etter omlydsvokalen markert som o på same måte som etter (kort) a. Den fonologiske statusen til den trykksterke vokalen som slik er markert med o, er elles ikkje uproblematisk, særleg i høve til den fonetiske verdien av vokal markert med a før ståande u. Me skal ikkje gå nøye inn på det, men følgjande døme frå same tekst er verdt å ta med i vurderingar av og ettertankar om alt dette:

4 oc hafðe mitru a hafði (s.32, l. 20) Det er grunn til å leggja merke til at den trykksterke vokalen her er markert med same teikn, medan endingsvokalen i første tilfelle (pret. av hafa) er markert med e slik me skulle venta, og i andre tilfelle (dat. sg. av hofuð) med i, slik me ser elles i handskriftet når den trykksterke vokalen er markert med o. På eit vis, og i alle fall i skrift, får me her eit minimalt par, definert av ulik endingsvokal. Hreinn Benediktsson (1964 [2002, 137]) diskuterer dette i meir detalj enn det er tid til her og no. Som òg påpeika i Hagland (1980, 107) er det slik at den ståande halvvokalen, markert u eller v, ser ut til å påverka endingsvokalen (etterfølgjande trykklette vokal) slik at denne gjennomgåande ser ut til å vera markert med i. Det kan vera at dette skal sjåast som noko anna enn VH. Det er i alle fall ein annan type assimilasjon ettersom det jo er ein kontakt-asssimilasjon og ikkje ein fjernassimilasjon som VH per definisjon er. Kanskje er også dét eit argument for at det som skjer etter låge vokalar i trykksterk stilling, lange og korte, dreia seg om fleire ting og eigentleg ikkje let seg samla under fellesomgrepet vokalharmoni? Det me har sett på her, gjeld altså distribusjonen av endingsvokalane i/e etter korte låge vokalar i trykksterk stilling med den fonologiske faktoren [+bakre]. Korleis var det då med tilsvarande trykksterke vokal med faktoren [ bakre], oftast markert æ i skrift? Hreinn Benediktsson (1964 [2002]) har overtydande argumentert for at handskriftet med Oláfs saga hins helga (trøndersk) frå ca. 1250 viser fonologisk skilnad mellom kort /e/ og /æ/. Den vakling vi ser i trykklette vokalar etter samanfallsproduktet av desse to i seinare kjeldetilfang, kan vera resultat av ei rad kryssande fonetiske forhold, slik Hreinn Benediktsom (loc. cit.) òg er inne på. Ikkje di mindre kunne det vera interessant, slik Hagland 1980, 107 foreslår, å sjå etter korleis det er med fordelinga av endingsvokalane i synkront synkoperte former av ord som ketill og fetill: i eller e? Dette for å sjå om det her har vore på same vis som i tilsvarande former av hofuð og soðull som vi nett har vore innom. Korkje Hagland sjølv eller andre synest å ha hatt åndeleg overskott eller ork til å gjera dét.

5 Så lenge ein skriftspråkstradisjon har fem, etterkvart vel seks, måtar å markera vokal i trykklett stilling på, i e a (æ) u o, ser det i alle fall ut til at det etter dei låge vokalane i trykksterk stilling har vore ei rad ulike [fonetiske] forhold som har generert markering av trykklett vokal. I nokon grad vil desse kunna spesifiserast, men noka enkel og elegant løysing som alle kan gå med på, er det vel vanskeleg, om ikkje umogleg, å finna ein god formel for! Så inntil vidare meiner eg at reglane formulerte som «VH 2» og «VH 3» i Hagland 2013 (s. 619-20) kan stå med det atterhald at vi heller enn å kalla fenomena VH lidenskapslaust nemner dei «trykklette vokalar i/e og u/o. Me får vel gi oss med det i denne venda. Litteratur Hagland, Jan Ragnar. 1978. A note on Old Norwegian vowel harmony. Nordic Journal of Linguistics 1: 141 47. Opptrykt i Historisk språkvitenskap / Historical Linguistics, utg. E. H. Jahr og O. Lorentz, 292 99. Oslo: Novus, 1993. Hagland, Jan Ragnar. 1980. Trøndersk diplomspråk. Maal og Minne, s. 102 108. Hagland, Jan Ragnar. 2009. Om vokalharmoni i nordisk språkhistorie. Svenska landsmål och svenskt folkliv 2009, s. 21 27. Hagland, Jan Ragnar. 2013. Gammalislandsk og gammalnorsk språk. I: Odd Einar Haugen (red.), Handbok i norrøn filologi. Andre utgåve. Bergen: Fagbokforlaget/Landslaget for norskundervisning, s. 600 639. Hreinn Benediktsson. 1964. Old Norse Short e: One Phoneme or Two? Arkiv för nordisk filologi 79, s. 63 104. Oppattrykt i: Guðrún Þorhallsdóttir & al. (eds.). 2002. Linguistic Studies, Historical and Comparative. Reykjavík: Institute of Linguistics, s. 111 141. Hægstad, Marius. 1922. Um maalet I Óláfs saga hins Helga. Delag. Samling I Uppsala, no. 8 fol. I: Oscar Albert Johnsen (utg.), Olafs saga hins helga. Efter pergamenthaandskrift i Uppsala Universitetsbibliotek, Delagardiske samling, no. 8II. Kristiania: Den Norske Kildeskriftkommisjon/Jacob Dybwad, s. xxviii li. Hødnebø, Finn. 1977. Trykk vokalharmoni vokalbalanse. I: Einar G. Pétursson, Jónas Kristjánsson (red.), Sjötiu ritgerðir helgaðar Jakobi Benediktssyni. 20. júli 1977. Fyrri hluti. Reykjavík (Stofnun Árna Magnússonar), s. 375 383. Myrvoll, Klaus Johan. 2014. Fråværet av vokalharmoni i gamalnorsk etter stutt /a/ og /ǫ/. Arkiv för nordisk filologi 129, s. 5 19. Rindal, Magnus. 1979. [Melding av] Jan Ragnar Hagland (1978): Studiar i trøndersk diplomspråk. Ei revurdering av brevmaterialet frå tida før 1350. Tapir [Trondheim]. Maal og Minne 1979, s. 220 238.

6 Handout Jan Ragnar Hagland, Bergen 16. mars 2015: (1) I soðrli karlhofði hoguið fioldi (2 gg.) hofði (3 gg.) hiorvi hoguin hoguit fiotri II fiolde (3 gg) æptansonge fiollde ottosonge (2) oc hafðe mitru a hafði (s.32, l. 20) Litteratur Hagland, Jan Ragnar. 1978. A note on Old Norwegian vowel harmony. Nordic Journal of Linguistics 1: 141 47. Opptrykt i Historisk språkvitenskap / Historical Linguistics, utg. E. H. Jahr og O. Lorentz, 292 99. Oslo: Novus, 1993. Hagland, Jan Ragnar. 1980. Trøndersk diplomspråk. Maal og Minne, s. 102 108. Hagland, Jan Ragnar. 2009. Om vokalharmoni i nordisk språkhistorie. Svenska landsmål och svenskt folkliv 2009, s. 21 27. Hagland, Jan Ragnar. 2013. Gammalislandsk og gammalnorsk språk. I: Odd Einar Haugen (red.), Handbok i norrøn filologi. Andre utgåve. Bergen: Fagbokforlaget/Landslaget for norskundervisning, s. 600 639. Hreinn Benediktsson. 1964. Old Norse Short e: One Phoneme or Two? Arkiv för nordisk filologi 79, s. 63 104. Oppattrykt i: Guðrún Þorhallsdóttir & al. (eds.). 2002. Linguistic Studies, Historical and Comparative. Reykjavík: Institute of Linguistics, s. 111 141. Hægstad, Marius. 1922. Um maalet I Óláfs saga hins Helga. Delag. Samling I Uppsala, no. 8 fol. I: Oscar Albert Johnsen (utg.), Olafs saga hins helga. Efter pergamenthaandskrift i Uppsala Universitetsbibliotek, Delagardiske samling, no. 8II. Kristiania: Den Norske Kildeskriftkommisjon/Jacob Dybwad, s. xxviii li. Hødnebø, Finn. 1977. Trykk vokalharmoni vokalbalanse. I: Einar G. Pétursson, Jónas Kristjánsson (red.), Sjötiu ritgerðir helgaðar Jakobi Benediktssyni. 20. júli 1977. Fyrri hluti. Reykjavík (Stofnun Árna Magnússonar), s. 375 383. Myrvoll, Klaus Johan. 2014. Fråværet av vokalharmoni i gamalnorsk etter stutt /a/ og /ǫ/. Arkiv för nordisk filologi 129, s. 5 19.

7 Rindal, Magnus. 1979. [Melding av] Jan Ragnar Hagland (1978): Studiar i trøndersk diplomspråk. Ei revurdering av brevmaterialet frå tida før 1350. Tapir [Trondheim]. Maal og Minne 1979, s. 220 238.