Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Like dokumenter
Pedagogisk plattform

Den norske grunnskolen. Roy Wiken

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Opplæringsloven. Modul 2 Kurs i avtaleforståelse Tariffområde KS Grunnskolering for nye tillitsvalgte

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Tilpasset opplæring Geir Nordal-Pedersen Gro Hartvedt

PPT no og i framtida.

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsmelding for Urhei barnehage

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Velkommen til førskoledag!

Velkommen til Kleppskulen

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Utviklingsplan

Haugalandsløftet Haugalandsløft

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

HANDLINGSPLAN

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Velkommen til høstens vakreste eventyr

Tverrfagleg samarbeid i skulen

Øystese barneskule April - 08

Marianne Gudem Barn av regnbuen. Solvang skole Pedagogisk plattform

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Foreldremøte 19. september 2018

"Kvalitet og effektivitet i det sakkyndige arbeidet - en oppnåelig kombinasjon?

PP-tenesta i Austevoll. Foreldremøte

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Retten til spesialundervisning

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

«Med rom for alle» Rådet for funksjonshemmede Hilde Forfang

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi

Strategisk Plan Ytre Arna skule

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Vedlegg: doc; doc

Læreplanen av Kunnskapsløftet. Fagdag for PPT 22. november 2017

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Du må tru det for å sjå det

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Velkommen til nytt skoleår. Læring og trivsel hånd i hånd. Samarbeid og glede gir kreativ ånd

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

Tidlig innsats innen barnehage og skole

Spesialundervisning-haldningar, rammer

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Hva står i loven? Ragnhild Sperstad Lyng, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

FORELDREMØTE. September 2019

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Presentasjon Utdannings- og oppvekstmøte Onsdag Bjørnar Fjellhaug skule- og kultursjef- Kirsten Råheim rektor Bygstad skule

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Transkript:

Ny Øyra skule Pedagogisk plattform

PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god stad å vere ein god stad å lære. Øyra skal vere ein skule der du: føler deg trygg trivest høyrer til vert respektert viser andre respekt Hovudoppgåva for skulen er utvikling og organisering av læringsmiljøet slik at det fremjer læring for elevar og for personalet i eit profesjonelt fellesskap. Om elevane sitt læringsmiljø finn vi dette i det overordna kravet i opplæringslova 9a-1: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. For å nå målsettingane treng ein eit godt fysisk og psykisk læringsmiljø. Elevsyn ved Øyra skule Alle barn er like verdfulle og skal møtast med respekt, tillit og positiv haldning. Barn er nysgjerrige og har lyst til å lære. Barn er ulike og lærer på ulike måtar. Barn treng å få oppleve meistring og å lære ut frå eigne føresetnader. Barn treng trygge rammer, omsorg og tydelege vaksne. Elevane skal kjenne seg trygge, ha respekt for andre, ha noko å strekke seg etter, få meiningsfull og tilpassa opplæring i høve til interesser og føresetnader, oppleve meistring og få eit godt sjølvbilete. Elevar som treng spesiell tilrettelegging, anten fysisk og/eller pedagogisk, skal få den tilrettelegging som gjer læringsutbytet høgast mogeleg og skulekvardagen best mogeleg. I prinsipp for opplæringa står dette om tilpassa opplæring: Tilpassa opplæring for kvar einskild elev er kjenneteikna ved variasjon i bruk av lærestoff, arbeidsmåtar og læremiddel og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringa. For å få til dette, må eit nytt bygg ha rom som gir fleksible løysingar som kan tilpassast fleire behov.

Skulen skal også ta seg av elevar der det ordinære opplæringstilbodet ikkje kan gi godt nok utbytte. I opplæringslova 5-1 står det om rett til spesialundervisning: Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. I somme høve vil tilrettelegginga for desse elevane handle om mykje meir enn arbeidsmåtar og læremiddel. Her handlar det om eigne spesielt tilrettelagde rom og område i skulen og med hjelp av personale som ein tradisjonelt sett ikkje finn i mellom tilsette i skulen. Ein ny skule må også ha løysingar for desse elevane. Læringsmiljøet ved Øyra skule Alle elevar skal oppleve meistring i skulekvardagen gjennom varierte arbeidsmåtar, som gjer at dei får utvikle sine evner og eigne læringsstrategiar, individuelt og i samarbeid med andre. At elevane får oppgåver som fremjer kreativitet, er viktig både på skule og SFO. Læringsmiljøet skal bidra til kritisk og etisk tenking, sosial samhandling og læring. Alle elevar skal kjenne seg trygge på skulen og i klasserommet. Elevane skal ha ein oversiktleg skulekvardag med gode rammevilkår. Skulen skal ta utgangspunkt i tilpassa opplæring etter eleven sine evner og føresetnader. Elevane skal møtast med respekt og omsorg, og skulen legg vinn på å få fram det positive i kvar elev. Innanfor faste rutinar og rammer får elevane ansvar for eigen læring, utvikle sjølvstende og oppleve elevmedverknad. Læringsmiljøet skal bidra til kritisk tenking, etisk, sosial samhandling og læring. Elevane skal møte klare forventningar. Det fysiske læringsmiljøet ute skal leggje til rette for fysisk aktivitet, og det fysiske læringsmiljøet inne skal motivere og gje rom for læring. Skule/heim Opplæringslova seier dette om samarbeidet mellom skule og heim: Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. Opplæringa skal skje i tett samarbeid mellom skule, elev og føresette. Skule, heim og nærmiljø skal gjennom godt samarbeid utvikle eit positivt læringsmiljø som legg vekt på tryggleik, trivsel, utvikling og læring. SFO er sentral i dette arbeidet. Det skal vere gjensidig, god informasjon mellom heim og skule. Særleg viktig er samarbeidet med klassekontaktar, SU og FAU. Samarbeid mellom heim og skule skal motivere elevane til utvikling og læring i eit positivt læringsmiljø. Utviklingssamtalane er grunnleggande i heim-skule-samarbeidet. Vaksenrolla Dei vaksne skal vere tydelege, fagleg dyktige, inspirerande, engasjerte og gode organisatorar /

rettleiarar for elevane. Definisjonar av rolla finn vi i ulike styringsdokument. I Stortingsmelding 11(2008-2009)»Læreren, rollen og utdanningen»: Læreren har avgjørende betydning for elevenes læring i skolen. Gode lærere gjennomfører opplæringen med struktur og engasjement. De er faglig dyktige, gir relevante og rettferdige tilbakemeldinger og tilpasser opplæringen til elever og fag. Andre styringsdokument viser til utfordringar i lærarrolla: som tilretteleggar, arbeidsleiar og rettleiar som fagressurs og formidlar som førebilete som omsorgsperson i møte med kollegaer og leiing i møte med foreldre og føresette Studentar og andre tilsette ved skulen vil vere ein naturleg del av vaksenmiljøet på skulen. Som praksisskule for Høgskulen i Volda er opplæringa av studentane til å vere tydeleg vaksne med god kompetanse i klasseleiing særs sentralt. Satsingsområde Lese- og skriveopplæring Øyra skule satsar på ei grunnleggjande lese- og skriveopplæring under gode rammer utført av godt kvalifiserte lærarar og med hjelp av gode læremiddel. For å fremme lesedugleiken arbeider skulen med systematisk observasjon av lesing. Lese- og rekneverkstad er eit tilbod for elevar som møter utfordringar i tileigning av basiskunnsakapane, men som ikkje har rett på spesialundervisning. Her blir enkeltelevar følgt opp intensivt over eit kortare tidsrom. Øyra skule har eige bibliotek med ein tilsett som har ansvaret for bruk og tilsyn. Biblioteket er mykje brukt av elevane og bør også vere ein viktig del i den nye skulen. Friluftsliv og fysisk aktivitet Fysisk aktivitet er viktig både på skule og SFO. Ein tradisjon ved Øyra skule er vinterveke med mykje uteaktivitet for alle elevar ved skulen over fleire dagar. Skulen er avhengig av sal til kroppsøving og eit uteområde som utfordrar til fysisk aktivitet både i skule og i SFO-tida. Under Haueleiteveka besøker alle klassene Volda bygdetun og gjennomfører opplegg som sameiner fysisk aktivtet og historisk lokalkunnskap. Symjeopplæring er viktig på Øyra, og vi har ekstraundervisning for elevar som ikkje er symjedyktige etter 4. klasse. Det er eit mål at alle elevar som går ut frå Øyra skule skal vere symjedyktige. Det vert arbeidd systematisk med trivselstiltak for å auke den fysiske aktiviteten og trivselen blant elevane i friminutta. Eit viktig døme på dette er ordninga med trivselsleiarar, der elevar

har rolle som aktivitetsleiarar i friminutta. I tillegg er dette også svært viktig for samarbeid elevane imellom, ansvarleggjering av enkeltelevar og bygging av gode relasjonar i elevfellesskapet. Tiltaket fungerer førebyggande i arbeidet med å skape eit trygt psykososialt miljø ved skulen. IKT i opplæringa Øyra skule satsar på IKT, mellom anna har alle klasserom smartboard. Skulen har mykje IKT-utstyr og det blir arbeidd godt med dataopplæring internt. For å nå målsettingane i læreplanen, legg vi stor vekt på at utstyret og kompetansen er tilgjengeleg i skulekvardagen for elevar og tilsette. Integrering av minoritetsspråklege Øyra skule er den av barneskulane i Volda som har flest minoritetsspråklege elevar. Dette kan skape utfordringar, men er også ein ressurs for skulen. Mangfald, og det å bli kjent med andre kulturar meiner vi er eit gode for elevane. Skulen har ei eiga framandspråkgruppe der ein arbeider med kartlegging og pedagogiske grep i møte med ei svært samansett gruppe. Undervisninga av desse elevane vil krevje rom for denne funksjonen. Det vil saman med spesialundervisning føre til at skulen må ha nok grupperom til at ein kan gi eit godt undervisningstilbod. Praksisskule Øyra skule samarbeider med Høgskulen i Volda, og er praksisplass for studentane på lærarutdanninga. Året gjennom er det fleire studentgrupper på skulen og nokre lærarar har praksislæraransvar. I praksisperiodane vil skulen kanskje ta imot så mykje som 20 studentar til same tid. Dette set store krav til tilrettelegging. Desse studentane vil trenge pauserom, garderobetilhøve, rom til samtaler og førebuing, gode løysingar for bruken av datautstyr og anna utstyr i samband med praksis. Arealet på klasseroma vil også måtte ta omsyn til dette. Her vert det snakk om klasserom/spesialrom som kan ta imot klasser på 28 elevar, 4 studentar og lærar og assistent. Vi er då oppe i kanskje 35 personar, og dette set krav både til romstorleik og til gode ventilasjonsanlegg. Sidan Volda kommune er vertskommune for høgskulen, er det viktig at studentane erfarer gode vilkår for praksisopplæringa. Mange av lærarane både på Øyra og andre skular skal ta rettleiarutdanning for å få betre kompetanse til å retteleie. Volda kommune satsar på å høg kvalietet i møtet mellom studentar og praksis i grunnskulen. Øyra skule 05.06.2012 Steinar Ose Velle rektor