Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune Lærdal kommune landbrukskontoret januar 2007
Innhald: 1. Innleiing bakgrunn og formål side 2 2. Organisering og gjennomføring side 2 3. Landbruket i Lærdal. side 3 4. Det gamle jordbrukslandskapet kulturhistoria vår. side 4 5. Resultat side 5 5.1. Kva er kjerneområde landbruk 5.2. Avgrensing 5.3. Definisjon lokal tilpassing 5.4. Kartkommentar 6. Kart.. side 6 Lærdal kommune registrering av kjerneområde landbruk januar 2007 1
1. Innleiing bakgrunn og formål Det er eit nasjonalt mål å halvera årleg nedbygging av gode dyrka produksjonsareal, og å peika ut dei mest verdfulle kulturlandskapa våre innan 2010. For å nå dette målet er alle kommunane i landet invitert til å registrera Kjerneområde landbruk, dvs. viktige jordbruksareal og verdfulle kulturlandskap. Lærdal kommune har saman med 7 andre kommunar i Sogn og Fjordane vore med på pilotprosjekt i regi av fylkesmannen. Det har vorte arrangert kurs, synfaring og kvar kommune får kr 15 000 i tilskot hjå fylkesmannen for å utføra denne registreringa. Resultatet av Lærdal kommune sitt arbeid, vert presentert i denne rapporten. Lærdal kommunestyre gjorde fylgjande vedtak i sak 049/05: Lærdal kommune startar opp arbeidet med utarbeiding av kommunedelplan for landbruk og kulturminnevern, der registrering av kjerneområde landbruk vert ein del av plandokumentet. Oppstartsvedtak, framdriftsplan og planskisse vert lagt fram til godkjenning i formannskapet. Administrasjonen i Lærdal kommune har no utarbeidd rapport over kulturminne og kulturmiljø, og kartlagt kjerneområde landbruk. Desse faglege rapportane er grunnlag for Lærdal kommune sitt vidare arbeid med kommunedelplan for landbruk og kulturminnevern. Plan- og byggesaksavdelinga bør snarleg starta opp med dette arbeidet. 2. Organisering og gjennomføring Kartlegging av Kjerneområde landbruk er eit fagleg dokument som skal vere ein vegleiar og støtte til arealforvaltning i Lærdal kommune. Kommuneadministrasjonen har utført arbeidet utan å involvera grunneigarar eller andre interessegrupper. Areala er digitalisert utifrå økonomisk kartverk (N5) og i rapporten synt på kart i M 1:40 000, Registrering av kjerneområde landbruk i Lærdal kommune, nedre og øvre del. Fylgjande har vore med i arbeidet: Gunnstein Husdal sakshandsamar landbrukskontoret Magnhild Aspevik sakshandsamar landbrukskontoret Bent Inge Eide ingeniør plan- og byggesaksavdeling Lærdal kommune registrering av kjerneområde landbruk januar 2007 2
3. Landbruket i Lærdal kommune Lærdal kommune ligg i Indre Sogn og har turt klima, eit av dei turraste i landet med årsmedel på 491 mm (Kjelde: Det Norske Meteorologisk Institutt). Det aller meste av arealet som vert nytta til jordbruksføremål, treng difor kunstig vatning for å få gode avlingar. Dette klimaet gjer og at det er svært lite snø om vinteren. Dei klimatiske forholda og den lettdriven sandjorda me finn i store deler av Lærdal, gjev lærdalsbonden mogelegheit til å starta våronna tidlegare enn elles i distriktet. Tidlegproduksjon av poteter og grønsaker har soleis eit betydeleg omfang. Klima og jordsmon legg forhalda godt til rette for dyrking av korn I hovuddalføret vert det drive jordbruk frå Lærdalsøyri (ved sjøen) og heilt opp til Maristova, som ligg ca 800 moh. Erdal, Vindedal, Strendene og Frønningen har mindre intensiv drift. Frå Lærdalsøyri og ca 15 km oppover dalen, til Ljøsne, er det så og sei samanhengande jordbruksområde på begge sider av elva. Det meste av arealet ligg i dalbotnen, men i øvre halvdel ligg og viktige jordbruksområde oppå grusterrassane. I denne delen av kommunen er det eit variert jordbruk med husdyrproduksjon (storfe, sau, gris og pelsdyr), dyrking av fôr, korn, poteter, grønsaker, frukt og bær. Vidare oppover hovuddalføret frå Ljøsne til Kyrkjevoll, er jordbruket meir spreidd. Her er drifta utelukkande husdyrproduksjon (storfe og sau) med ubetydeleg åkerbruk. Frå Kyrkjevoll til Borlo er det samanhengande jordbruk ca 13 km. Drifta er husdyrproduksjon (storfe, sau, gris og geit) med dyrking av fôr. Det er potensiale for potet- og bærproduksjon. Frå Borlaug til Maristova er det spreidd jordbruk i om lag 7 km. Her er det berre eit bruk som eigaren bur på og driv sjølv. Drifta her er geitehald. I Lærdal er det omlag 100 bruk i drift (kjelde: søknader om produksjonstilskot 2005). Trenden i kommunen er som i resten av landet, færre og større driftseiningar. Nedgangen i Lærdal dei siste åra er ikkje stor, men merkbar. Spesielt ser ein at bruk med husdyrhald går attende, men samla jordbruksareal i drift er stabilt. Samla jordbruksareal for Lærdal kommune er om lag 12 500 dekar som fordeler seg på 9 900 daa grovfôrareal og beite, 525 daa korn, 435 daa grønsaker, 880 daa poteter, 105 daa frukt, 170 daa moreller, 285 daa bær og 200 daa anna areal. (Kjelde: produksjonstilskot 2005). Det har i ein del år vore dyrka jordbær og bringebær, både til fabrikk og konsum. Dei seinare åra har det kome i gang ein betydeleg morellproduksjon, som ser ut til å vera i vekst. Lærdal er også einaste kommunen i Sogn og Fjordane med kornproduksjon av noko omfang. Lærdal kommune registrering av kjerneområde landbruk januar 2007 3
4. Det gamle jordbrukslandskapet kulturhistoria vår Det gamle jordbrukslandskapet med mindre slåttemarker og mange spor frå den eldre jordbruksdrifta er ein kulturlandskapstype som me finn mykje av i Lærdal. Det er både nasjonalt viktige og lokalt viktige områder av ein slik karakter i kommunen. Dette er ein landskapstype som er truga av attgroing, spesielt beiteområde. Både det gamle og det nye jordbruket sitt kulturlandskap har ein viktig opplevingsverdi som både lokalbefolkninga og reiselivet gjer seg nytte av. Det er spesielt viktig å legge til rette for at ein kan ta vare på ein del av det gamle og verdfulle kulturlandskapet me finn i Lærdal kommune. Kulturlandskapsopplevingar kan i framtida gje grunnlag for nye landbruksbaserte næringar. Kulturlandskap på Eraker. Foto: Magnhild Aspevik Lærdal kommune registrering av kjerneområde landbruk januar 2007 4
5. Resultat 5.1. Kva er kjerneområde landbruk Kjerneområde landbruk er areal som er viktig for matproduksjon, og område som har verdfullt kulturlandskap som bør takast vare på. Kulturlandskap er landskap som er påverka av menneskeleg aktivitet. Det er skapt av dei menneska som har budd i, og levd av dei ressursane landskapet har. Kjerneområde landbruk vert i denne samanhengen delt i: matproduksjon, det rasjonelle og moderne landbrukslandskapet kulturlandskap, det gamle mosaikkprega jordbrukslandskapet To viktige samfunnsoppgåvene landbruket har, er å driva matproduksjon og halda i hevd det gamle jordbrukslandskapet. 5.2. Avgrensing Dei areala som er best eigna for matproduksjon og dei mest verdfulle kulturlandskapsområda er teke med i registreringa for Lærdal kommune. Areal med mindre produksjonsevne, av mindre omfang og lågare kulturlandskapsverdi, vert ikkje rekna som kjerneområde, og er ikkje teke med. Her kan til dømes nemnast areal på Strendene, Vindedalen, Frønningen, stølar og områder mot fjellet. Viktige landbruksrelaterte kulturminne og kulturmiljø som ikkje kjem med i denne kartlegginga, vert dekka av kulturminneregistreringa. 5.3. Definisjon lokal tilpassing: a. Areal godt eigna for matproduksjon grøn farge på kartet: Større samanhengande område med god jord og gode klimatiske forhold for dyrking av grønsaker, poteter korn, frukt og bær. Areal som er viktige for produksjon av grovfôr til husdyrhald, samt ein del innmarksbeite, er og teke med her. b. Areal med viktige kulturlandskap lys brun farge på kartet: Mosaikkprega landskap med mindre slåttemarker, innmarksbeite, steingardar, hustufter og andre landbruksrelaterte kulturminne. Desse areala er og viktige for matproduksjon i vår del av landet. Arealtypen er viktig å halda i hevd for å ta vare på desse landskapstypane. 5.4. Kartkommentar Kartet fangar ikkje opp alle detaljar i landbrukslandskapet i kommunen, men gjev ei oversikt over hovudtrekka. Dette kan føre til at verdfulle område vert liggande utanfor kjerneområde og enkelte mindre verdfulle areal vert liggande i kjerneområde. Innteikna område syner heilskapen i landskapet. Areal med omfang mindre enn 30 daa, er ikkje teke med, dersom det ikkje er vurdert til å ha spesielle kvalitetar. Grensa for kjerneområde er ikkje trekt heilt nøyaktig, den har fleire stadar ei buffersone på 10 50 meter. Lærdal kommune registrering av kjerneområde landbruk januar 2007 5