Reguleringsplan for Tiurlia Nord REGULERINGSFØRESEGNER 1 Innleiing. 1.1 Avgrensing av planområdet. Føresegnene gjeld for det området som er avmerkt med reguleringsgrense på plankartet. 1.2 Planområdet er regulert til følgjande føremål: - Byggjeområde - Landbruksområde - Offentleg trafikkområde - Spesialområde Fellesområde 2 Byggjeområde. 2.1 Generelt. Alle bygningar i planområdet skal tilpassast den tradisjonelle byggjestilen med omsyn til takform, takvinkel, materialbruk og farge. Takvinkelen skal vera mellom 22 og 27. Bygningane skal målast i mørke og matte fargar. Materialar brukt til taktekking skal ikkje reflektere sollyset, men vere av t.d. torv, skifer, tre m.m. Bygningane skal mest mogleg underordne seg naturpreget i området, og terrenget rundt bygningane skal i størst mogleg grad behalde karakteren av utmark. Hogst som har til føremål å betre utsikta, skal godkjennast av kommunen. I søknaden om byggjeløyve skal alle eksisterande og planlagte bygningar på tomta vere teikna inn på ein situasjonsplan. Denne planen skal også innehalde eit terrengsnitt som viser bygningane si plassering i forhold til terrenget. Maks. mønehøgde kan på hovudbygget/hytta vere 5,8 m og maks. gesimshøgde 5 m, rekna frå gjennomsnittsnivået på det planerte terrenget omkring bygningen. Uthus/anneks eller andre mindre bygg kan ha mønehøgde på maks. 5 m og gesimshøgde på maks. 4 m rekna frå gjennomsnittsnivået på det planerte terrenget omkring bygningen. Uthus/anneks eller andre mindre bygg skal innafor ramma av tillatt mønehøgde, ikkje ha mønehøgde på meir enn 2x breidda på gavlveggen. Grunnmur skal ikkje vere høgre enn 1 m over opprinneleg terreng. Av omsyn til beitedyr skal høgda frå bakkenivået og opp på hustaket skal vere minst 1,2 m. Opningar under garasjedører, grinder eller liknande skal ikkje vere over 10 cm. Opningar i grunnmur og opningar under hytter og verandaer som står på pilarar, må sikrast med stengsel. Opningar skal ikkje vere over 10 cm. 1
Kommunen kan vedta meir detaljerte reglar for forming av tomt, bygningar og plassering av desse. 2.2 Område regulert til fritidsbustader. Byggeområda har to detaljeringsgrader. Område H1 er fyrste byggetrinn i planen, detaljregulert og viser 43 tomter. Område H2 H4 er vist som eit utbyggingsområde der det skal utarbeidast bebyggelsesplan før utbygging. Utbygging kan ikkje ta til før området er utbygd med veg, vatn og kloakk. Alle hyttene i området skal, dersom dei skal ha innlagt vatn, koplast til kommunal avløpsledning. Tomteinndeling er vist på plankartet. Endeleg utstikking skal skje ved bortfesting eller sal. 1 regulert tomt: Bruksarealet pr. tomt skal ikkje vere over 150 m² (T-BRA = 150 m²). Utbygginga kan skje ved at det blir bygd ei hytte eller ei hytte og fleire mindre hus der kvar av dei mindre husa maksimalt kan vere inntil 40 m² BRA. Bygningane skal i det siste tilfelle plasserast i tunform med maks. 8 m mellom bygga, unnateke 8 m regelen er garasje eller carport som blir plassert inntil felles atkomst. Kor mange hus som kan byggjast skal avklarast gjennom behandling av situasjonsplanen i samband med byggjesøknaden. Hyttene skal ha hovudmøneretning som følgjer høgdekotene. 2 regulerte tomter (slått saman): Dersom det er ønskje om større hytteanlegg enn oppgitt over kan to tomter samanføyast i samband med tomtekjøpet eller i samband med at byggjesøknaden blir behandla. Det kan da godkjennast bygt hytter med eit samla bruksareal på inntil 300 m² (T-BRA = 300 m²). Mindre bygningar kan vere inntil 50% av storleiken på hovudhytta eller maksimalt 80m² (BRA=80 m 2 ). Elles gjeld same reglar som ovanfor. 3 regulerte tomter (slått saman): Dersom det er ønskje om større hytteanlegg enn oppgitt over kan 3 tre tomter samanføyast i samband med tomtekjøpet eller i samband med at byggjesøknaden blir behandla. Det kan da godkjennast bygt hytter med eit samla bruksareal på inntil 450 m 2 (T-BRA = 450 m 2 ). Kvart enkelt bygg kan ikkje vere over 300 m² (T-BRA = 300 m 2 ). Mindre bygningar kan vere inntil 50% av storleiken på hovudhytta eller maksimalt 80m² (BRA=80 m 2 ). Elles gjeld same reglar som ovanfor. Anneks: Anneks skal fungere som eit utvida opphaldsrom i samband med bruken av hytte, og skal ikkje innreiast med kjøkken eller andre rom som kan gjere annekset til ei sjølvstendig eining. Garasje/carport: Innafor det tillatne bruksarealet kan det bli gitt løyve til å føre opp garasje eller carport på kvar enkelt tomt. Slik bygning kan plasserast inntil felles atkomst, men likevel ikkje nærare vegkanten enn 6 m. 2
2.3 Område regulert til service Serviceområde kan nyttast til tiltak som har samband med drift av hytteområde. Bygningar som fremjer føremålet kan reisast innafor området etter nærare godkjenning av kommunen. 3 Landbruksområde. 3.1 Område regulert til landbruksføremål. Innafor områda regulert til landbruksføremål skal grunnen nyttast til tradisjonell landbruksdrift. Innafor områda kan det, etter melding, førast opp bygningar i tilknytting til drifta. 4 Offentleg trafikkområde 4.1 Område regulert til offentleg veg Peer Gynt vegen er innteikna på plankartet med ei breidde på 6 m pluss skulder og grøft på 2 m på kvar side slik at total breidde blir 10 m. Avkøyring frå Peer Gynt vegen skal opparbeidast og haldast ved like i tråd med vegnormalane frå Statens vegvesen og føresegnene til 43 i veglova. Avkøyring til områda langs Peer Gynt vegen skal utformast som kryss med frisikt 10x 120 meter. 5 Spesialområde. 5.1 Friluftsområde. Inngrep i friluftsområda kan godkjennast av kommunen. Camping er ikkje tillate i friluftsområda. Bygningar blir ikkje tillate oppført i friluftsområda. Små bygningar som er nødvendige for bruken av friluftsområdet kan godkjennast av kommunen. I område FL1 er det lagt til rette for skiløype/ turveg. 5.2 NB! Gjeld kun ved alternativ 2 Friluftsområde båt og badeplass I område ved båthamn kan det monterast innretningar som fremmer føremålet. Dette kan vere bryggeløysingar langs land innanfor området eller brygger ut i vatnet. Desse kan stikke maksimum 20 m ut frå land og ha ei breidde med utriggarar på maksimum 12 m. Det er ikkje tillate å føre opp bygningar i området. Vinterlagring av båtar vert tillatt på land i området. 5.3 Private vegar 3
Privat veg skal opparbeidast som vist på plankartet. Vegbanen skal ha ei breidde på 4 m. I tillegg kjem skulder, grøft, fylling og skjering i nødvendig utstrekning avhengig av terrenget. Eigedomar som ligg inntil desse vegane har avkøyring frå vegane som vist på plankartet. Arbeid på vegane innafor området skal gjerast så skånsamt som råd og berørt areal skal tilplantast eller tilsåast med planter og gras som høyrer området til og gis ein tiltalande utsjånad. Hytteeigarane og tilgrensande grunneigarar har rett til atkomst på vegane i planområdet. 5.4 Spesialområde med føremål vern. Innafor bevaringsområdet S1 er det eit kulturminne som er automatisk freda etter lov om kulturminne av 9. juni 1978, 4b, 6 og 8. Alle tiltak i spesialområdet skal leggast fram for kulturminnesstyresmaktene i Oppland fylkeskommune for godkjenning. Tiltakshavaren pliktar å informere dei som gjer anleggsarbeidet om desse reglane 6.0 Fellesområde 6.1 Parkering. Det blir brøytt heilårsveg til alle hyttene i området. Parkering vil derfor skje ved kvar hytte. Regulert parkeringsområde kan nyttast av alle hytteeigarane, også i Sør-Fron sin del av Tiurlia hyttefelt. 7 Felles reglar. 7.1 Graving og fylling m.v. Under byggjearbeidet skal det leggjast stor vekt på å ta omsyn til terrenget og vegetasjonen. Deponering av overskotsmasse eller uttak av masse kan ikkje skje utan godkjenning frå kommunen. Dersom det er nødvendig å grava ut massar, skal dette gjerast på ein slik måte at det ikkje verkar skjemmande. Dei massene som blir tatt ut skal også leggjast på stader der dei ikkje verkar skjemmande. Veggrøfter/-kantar og grøfter for vatn og kloakk skal planerast og tilsåast, eller helst setjast i stand slik at den opphavlege vegetasjonen i størst mogleg grad kjem attende. 4
7.2 Naturmark og eksisterande skog inngrepsfri sone. Naturmark og eksisterande skog skal bevarast og haldast i hevd slik at vegetasjonen i området i størst mogleg grad blir oppretthalde som i dag. Inngrepsfri sone: I samband med bygging skal det i størst mogleg grad leggjast vekt på å unngå inngrep i naturmarka på tomta. Inngrepsfri sone på tomta skal vera på minst 50 % av tomtearealet og dette skal markerast på situasjonsplanen som skal vise all planlagd utbygging på tomta og skal leverast inn saman med søknad om byggjeløyve. 7.3 Kulturminne. Dersom det ved tiltak i marka blir funne automatisk freda kulturminne, skal arbeidet straks stansast i den grad det rører ved kulturminna eller sikringssona kring dei på fem meter, jf. lov om kulturminne 8. Melding skal snarast sendast til kulturminnestyresmaktene i Oppland fylkeskommune slik at vernestyresmaktene kan gjennomføre synfaring og ta stilling til om tiltaket kan halde fram og eventuelt vilkåra for dette. 7.4 Gjerde og flaggstenger. Det er ikkje lov å setja opp gjerde på eller rundt hytteeigedomane, jf. 26 i plan- og bygningslova. Etter søknad kan kommunen likevel gi løyve til å setje opp gjerde på eit mindre areal på inntil 40 m 2 i tilknytting til inngangen og/eller terrasse på hytta. Kommunen kan fastsetja nærare reglar for korleis gjerdet skal utformast. Hytteeigaren er ansvarleg for å setja opp gjerdet og vedlikehalde det. Det er heller ikkje lov å setje opp flaggstenger o.l. 7.5 Gateljos. Det er ikkje lov å setja opp gateljos langs vegane i området. 7.6 Anna. Mindre vesentlege unntak frå desse reglane kan, når særlege grunnar taler for det, bli gitt av kommunen innafor rammen av reglane i reguleringsplanen og plan- og bygningslova. Det kan ikkje bli inngått privatrettslege avtaler som er i strid med planen og reglane i den. 5