Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-14:00. Følgjande medlemar møtte

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:10

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Formannskapet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Saksnr. Utval Møtedato 120/17 Formannskapet Årsbudsjettet for utlegging til offenleg gjennomsyn

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Jeffrey Elliott Thomas SP Sigrid Kristhin Støyva SP

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Kommunestyret Møtestad Hyen Samfunnshus Dato Tid Kl. 09:00-14:30

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Valstyret Møtestad Formannskapssalen Dato Tid Kl. 09:00-09:20. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:00. Følgjande medlemar møtte

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

PROTOKOLL. Formannskapet. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:20 15:50 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 033/14-038/14.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Monika Barstad Rebbestad Medlem H Paul Kristian Hovden Varaordførar KRF

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Austevoll kommune. Møteprotokoll Tenesteutvalet

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus - kantina Dato Tid Kl. 09:00-09:50

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.17:00-19:45. Utval:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Møteprotokoll for Formannskapet

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

Møteprotokoll. Til stades var òg rådmann og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 14/709-2 Løpenummer: 14/4868 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:00-20:30

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll. Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Bjørn André Stavset og Jan Georg Fossheim

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

MØTEPROTOKOLL. Ivar Kvalen, Marit Aakre Tennø, Marianne Bugge, Geir Paulsen, Geir Arve Sandvik, Arne Johannessen, Elin Hauge.

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Transkript:

Gloppen kommune Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato 24.05.2017 Tid Kl. 09:00-14:00 Møtebok Følgjande medlemar møtte Leidulf Gloppestad Arnar Hans Kvernevik Bjarte Gangeskar Gunnvor Sunde Svein-Ottar Sandal Magni Aa Berge Venke Kollbotn Arnfinn Jørgen Brekke Bernt Reed Frå SP AP V SD KRF SP KRF KRF SP Andre som møtte Ann Mari Bjørlo, einingsleiar/juridisk rådgjevar - i sak 43/17 Jan Kåre Fure, rådmann Knut Roger Berge Nesdal, næringssjef - i sak 43/17 Ugilde Sak Følgjande varamedl. Merknad møtte Arnfinn Jørgen Brekke 046/17 Ingen Arnfinn Brekke er styremedlem i Mona Vekst AS. Møteleiar: Leidulf Gloppestad Underskrift: Leidulf Gloppestad

Sakliste Sak nr. Sakstittel 042/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 043/17 Referat og orienteringssaker 044/17 Riving av uthus i Reed sentrum og opparbeiding av busslomme - ei kort orientering 045/17 TV-aksjonen 2017 - oppnemning av lokal komité - kommunalt tilskot 046/17 Kjøp av In Via AS sine aksjar i Mona Vekst AS 047/17 Økonomiplanen for perioden 2018-2021 Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/6851 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 042/17 Formannskapet 24.05.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 08.05.2017 Protokoll - Formannskapet - 08.05.2017 Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 8. mai 2017 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 24. mai 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Formannskapet 24.05.2017 Behandling Ordføraren minte om at formannskapet alltid blir utvida til eit finansutval når saker som gjeld årsbudsjettet og økonomiplanen står på salista. Gruppeleiarane i dei partia som ikkje sit i formannskapet er då innkalla til møtet. FOR- 042/17 Vedtak 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 8. mai 2017 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 24. mai 2017. Vedtaket var samrøystes. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/7382 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 043/17 Formannskapet 24.05.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Referatsaker Tittel Endra kontorstruktur i Skatteetaten Svar på spørsmål om eigarskap Firda Billag Avsendar/mottakar Skatteetaten Sogn og Fjordane fylkeskommune Orienteringssaker: - Om Sandane lufthamn v/lufthamnsjef Jon Granheim - Strukturplast sine planar nybygg v/dagleg leiar Frode Lindvik - Frå generalforsamlinga i Visit Nordfjord v/varaordføraren. I tillegg ønskjer rådmannen å drøfte med formannskapet det vidare arbeidet med ei utbygging av Elvaneset. Her ligg føre eit privat framlegg til utbygging. Rådmannen vil be om at saka blir drøfta for lukka dører for å få politiske signal om vidare framdrift. Heimelen for å lukke møtet er kommunelova 31, nr 2. Ordet fritt... Formannskapet 24.05.2017 Behandling Under ordet fritt... Arnfinn Brekke tok opp - spørsmålet om 'ei kvit veke' som kommunestyret gjorde vedtak om i samband med behandlinga av rusmiddelpolitisk plan i 2016. Kva er status? - parkeringa og uteområdet ved Firdakraftbygget etter at Lauget fekk løyve til skjenking ute. Forutsetninga var langsgåande parkering. Dette må følgjast opp. Svein-Ottar Sandal tok opp - spørsmålet om den manglande gang- og sykkelvegen langs fv 615 frå Vonheim og sørover mot Storebrua. Kva blir gjort i saka? Vi må følgje opp saka når den regionale transportplanen no skal behandlast - den pågåande strukturdebatten i energibransjen som følgjer av regionsaka der m.a. SFE og BKK er involverte. Kva kan/bør kommunen gjere og korleis kan vi som vertskommune halde oss orienterte? Gunnvor Sunde tok opp - spørsmålet om fotgjengarfelt i Sandane sentrum. Side 4

Arnar Kvernevik følgde opp saka om strukturdebatten i energibransjen. Ordføraren - orienterte om møte med representantar frå vegvesenet og Flora kommune om arbeidet med fv 615 frå Hyen til Storebru - stilte spørsmål om kommunen har synspunkt på spørsmålet om ei eventuell samanslåing mellom Mona Vekst AS og In Via AS. Spørsmålet blir drøfta på møtet i formannskapet den 8. juni i år. --- I lukka møte drøfta formannskapet eit framlegg til utbygging av Elvaneset med bustader, og bad rådmannen arbeide vidare med saka. Heimelen for å lukke møtet er kommunelova 31, nr 2. FOR- 043/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 5

Gloppen kommune Arkiv: FA - Q37, HIST - 13/1807 JournalpostID: 17/7346 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 044/17 Formannskapet 24.05.2017 Riving av uthus i Reed sentrum og opparbeiding av busslomme - ei kort orientering Rådmannen si tilråding Formannskapet tar saka til orientering. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Etter at siste møtet i formannskapet vart heva, fekk rådmannen spørsmål frå ein av representantane om kva som skjer med busslomma i Reed sentrum etter at kommunen reiv uthuset sist haust. Kva skjer? Riving av uthuset og utbetaling av erstatning for dette var for kommunen sin del ei oppfølging av ein gammal avtale med grunneigarane. Samstundes med at vi gjorde dette prøvde vi å få med oss Statens vegvesen for å bygge busslomma etter reguleringsplanen. Vi vart samde om at kommunen skulle utføre arbeidet og vegvesenet skulle refundere oss kostnaden med dette. Det viste seg at ei fullverdig busslomme ikkje kunne byggast utan å kome i konflikt med parkeringsplassen til Coop. Eit forsøk på å bygge eit kantstopp med tilhøyrande venteareal stranda fordi vegvesenet ikkje ville godkjenne dette. Derfor ligg området slik det gjer i dag. Vi kjem ikkje noko vidare i saka med vegvesenet, så planen er no berre å stelle området til. Formannskapet 24.05.2017 Behandling FOR- 044/17 Vedtak Formannskapet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. Side 6

Gloppen kommune Arkiv: FA - X03 JournalpostID: 17/6998 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 045/17 Formannskapet 24.05.2017 TV-aksjonen 2017 - oppnemning av lokal komité - kommunalt tilskot Rådmannen si tilråding 1. Formannskapet vel følgjande kandidatar til lokal komité for TV-innsamlinga i 2017:.., leiar.......... Formannskapet oppmodar Firda Tidend og Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Gloppen å oppnemne kvar sin representant til komitéen. Komitéleiaren får fullmakt til å supplere komitéen, viss noen av dei oppnemnde ikkje har høve til å delta. 2. Formannskapet løyver kr 10.000,- i kommunalt tilskot til TV-innsamlinga. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Årets TV-aksjon går til Unicef sitt arbeid for barn Columbia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan, med hovudvekt på opplæring og skulegang. Dato for aksjonen er søndag 22. oktober 2017. Fylkesaksjonsleiar ber no ordføraren medverke til at det blir oppretta ein kommunekomité for innsamlinga. Fakta i saka Formannskapet har etter tradisjonen oppnemnt den lokale innsamlingskomitéen, der varaordførar som regel har vore leiar. I fjor var det Røde Kors som fekk TV-aksjonen, og den lokale innsamlingskomitéen bar preg av det. Desse vart då valde: - Magni Aa Berge leiar - Anni Felde - Atle Støyva - Merete Mindresunde - Johannes Nedrebø - Ola Henning Ommedal - Vidar Holme Side 7

Rådmannen har ikkje oversikt over om det vart gjort endringar i komitéen undervegs. Det har i tillegg vore vanleg å spørje Firda Tidend og Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Gloppen om å peike ut eitt medlem kvar til komitéen. Fylkeaksjonsleiar og fylkesmann skriv at kommunane bør engasjere organisasjonar, skular, næringsliv, foreingar og idrettslag i aksjonen. --- Siste åra har formannskapet løyvd kr 10.000,- frå kommunen til TV-innsamlinga, og rådmannen reknar med at fylkesaksjonskomitéen også i år kjem til å be om kommunalt tilskot. Økonomiske konsekvensar for kommunen Det er sett av kr 10.000,- på budsjettet for 2017, som er tenkt til TV-aksjonen. Rådmannen si vurdering Rådmannen kjem ikkje med noko vurdering i saka. I fjor var valnemnda engasajert i å finne medlemmer til komitéen. Rådmannen har spurt valnemnda om dei kan bidra også i år. Noko svar ligg ikkje føre når dette er skrive. For å sleppe ny behandling av spørsmålet om kommunalt bidrag, tilrår rådmannen at formannskapet alt no gjev tilsegn om eit eventuelt kommunalt tilskot. Som sagt er det sett av kr 10.000,- på 2017- budsjettet som kan bruast til formålet. --- Rådmannen ber om at dei som blir valde, er spurde på førehand. Leiaren i komitéen bør få fullmakt til å peike ut nye medlemmer viss nokon av dei valde ikkje har høve til å vere med. Formannskapet 24.05.2017 Behandling Valnemnda har bede om at saka blir utsett til neste møte. Framlegg frå ordføraren: Formannskapet utset saka til neste møte for å få innspel til medlemmer frå valnemnda. Framlegget vart samrøystes vedteke. FOR- 045/17 Vedtak Formannskapet utset saka til neste møte for å få innspel til medlemmer frå valnemnda. Vedtaket var samrøystes. Side 8

Gloppen kommune Arkiv: FA - X65 JournalpostID: 17/7356 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 046/17 Formannskapet 24.05.2017 Kommunestyret Kjøp av In Via AS sine aksjar i Mona Vekst AS Rådmannen si tilråding Kommunestyret takkar ja til tilbodet om å ta over In Via AS sine aksjar i Mona Vekst AS. Kjøpesummen på kr 25.000,- blir dekka av investeringsfondet. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Gloppen kommune har fått spørsmål om å overta In Via AS (tidlegare Sandane Industrier AS) sine aksjar i Mona Vekst AS. Bakgrunnen for dette er ei forskriftsendring som seier at ei tiltaksbedrift ikkje kan eige andre tiltaksbedrifter. Dermed må In Via AS selje seg ut av Mona Vekst AS. Fakta i saka In Via AS eig i dag 25 % av aksjane i Mona Vekst AS. Gloppen kommune eig 74 % av aksjane, medan NFU Gloppen lokallag ein ein aksje (1 %). I kommunen si eigarmelding heiter det at kommunestyret sin strategi er å vidareføre eigarskapen i Mona Vekst. Spørsmålet om kommunal overtaking av In Via AS sine aksjar har vore behandla av styret i Mona Veksatr AS, som ikkje har merknader til overtakinga. Mona Vekst AS sitt føremål er attføring. «Oppgåvene er å kartlegge og avklare arbeidsevne, kvalifisere arbeidstakarar og tilretteleggje arbeid for personar som på kort og lang sikt ikkje kan gjere seg nytte av ordinære arbeidstilbod. I dette arbeidet nyttar selskapet eigne produksjonsavdelingar eller samarbeider med den ordinære arbeidsmarknaden» (henta frå eigarmeldinga). Aksjekapitalen i Mona Vekst AS er kr 100.000,- og kommunen er tilboden å ta over aksjane til In Via AS til pålydande, altså for kr 25.000,-. Økonomiske konsekvensar for kommunen Som skrive er kostnaden med å ta over aksjane kr 25.000,-. Viss kommunestyret seier ja til overtakinga, tilrår rådmannen at kjøpesummen blir dekka av investeringsfondet. Fondet har i dag ein saldo på kr 3.880.572,-. Rådmannen si vurdering Det er eit ønskje frå In Via AS at Gloppen kommune overtar deira aksjar, og rådmannen tilrår at vi takkar ja til dette. Etter overtakinga vil Mona Vekst AS bli eit bortimot heileigd kommunalt selskap. Side 9

Med det føremålet selskapet har, meiner rådmannen dette er uproblematisk. Vi har ikkje sagt noko om oppkjøp av aksjar i eigarmeldinga, med unnatak av kommunestyret sitt ønskje om å styrke eigardelen i SFE AS. Rådmannen legg likevel til grunn at det ikkje er i strid med eigarmeldinga å overta aksjane i Mona Vekst AS slik det er gjort greie for i saka. Formannskapet 24.05.2017 Behandling Det vart reist spørsmål om Arnfinn Brekke er inhabil i saka sidan han er medlem i styret i Mona Vekst AS. Dette vil bli avklara til saka kjem opp i kommunestyret. Arnfinn Brekke gjekk uansett frå behandlinga i formannskapet som inhabil. FOR- 046/17 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 10

Gloppen kommune Arkiv: FE - 145, HIST - 16/602 JournalpostID: 17/6379 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 041/17 Formannskapet 08.05.2017 047/17 Formannskapet 24.05.2017 014/17 Eldrerådet 29.05.2017 018/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 29.05.2017 024/17 Helse- og omsorgsutvalet 31.05.2017 026/17 MULTEK-utvalet 01.06.2017 020/17 Oppvekstutvalet 31.05.2017 Økonomiplanen for perioden 2018-2021 Vedlegg i saka: 03.05.2017 Økonomiplan for perioden 2018-2021 Rådmannen si tilråding Formannskapet viser til rådmannen sitt framlegg til økonomiplan for perioden 2018-2021 og legg denne ut til offentleg gjennomsyn med høyringsfrist onsdag 7. juni 2017.. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I samsvar med m.a. økonomireglementet legg rådmannen no fram økonomiplanen for perioden 2018-2021. Fakta i saka Rådmannen skriv følgjande i samandraget innleiingsvis i planen: «Rådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2018-2021 er i hovudsak ein revisjon av investeringane i økonomiplanen fram til 2020 som vart vedteken av kommunestyret i desember 2016. I tillegg til dette presenterer rådmannen aktuelle driftstiltak som vi må arbeide vidare med for å finne dekning til. Planen er skriven månadsskiftet april/mai 2017, altså før regjeringa legg fram kommuneproposisjonen for 2018, som vil gje nærare rammer for drifta av kommunane til neste år. Som sist vedtekne årsbudsjett viser, er det ikkje økonomiske rammer for å auke kommunen sine driftsutgifter. Nye driftstiltak er derfor ikkje lagt inn og tilfesta i rådmannen sitt framlegg. Investeringsplanen er ambisiøs, og vil gje oss store driftsutfordringar når renter og avdrag på nye store låneopptak skal betalast. Slik sett er investeringsbudsjettet for høgt. Ein auke i lånerenta på berre eitt prosentpoeng, vil koste oss nesten 5,5 mill meir i årlege renteutgifter. Investeringane Dei store investeringsprosjekta er framleis rehabilitering av skule- og idrettsbygget i Hyen med 47,5 mill i perioden nytt omsorgsbygg med 42,9 mill nytt blålysbygg med 36 mill oppgradering av renseanlegget på Byrkjelo med 26,2 mill Side 11

nytt industribygg til utleige med 26 mill utbygging av Sandane skule med 30 mill bustader til vanskelegstilte med 40 mill. Lånegjelda vil auke til nesten 715 millionar viss alle investeringane i planen blir gjennomførde. Sjølv om mykje av auken kjem frå tiltak som også gjev inntekter, kan kommunen slik rådmannen ser det ikkje greie å handtere ei så stor lånegjeld. Utfordringar på drifta Den store utfordringa på drifta er å skaffe rom for å drifte det nye omsorgsbygget som etter planane blir innflyttingsklart i 2020.» Økonomiske konsekvensar for kommunen Dei økonomiske konsekvensane går fram av plandokumentet. Rådmannen si vurdering Det er både fordelar og ulemper med å skilje arbeidet og behandlinga av økonomiplanen frå årsbudsjettet. Sett frå rådmannen sin ståstad fører delinga til ein god del meirarbeid sidan vi uansett må gjere ein revisjon av økonomiplanen i samband med årsbudsjettbehandlinga for å få oppdaterte økonomiske rammer. Som det går fram av dagens plan er det mykje som er usikkert, særleg på driftssida. Rådmannen er likevel mest ottefull for den auken i lånegjelda som vi kjem til å dra på oss med dei planane vi har i dag. Vi må nøye vurdere alle tiltak med sikte på å redusere kostandene så mykje som råd. Godt nok er kanskje eit omgrep vi skal ta meir i bruk Økonomiplanen skal i første omgang leggast ut til gjennomsyn. Formannskapet 08.05.2017 Behandling Saka vart behandla i finansutvalet, som vil seie at formannskapet vart supplert med gruppeleiarane i dei partia som ikkje er representert i formannskapet. Av desse var Anniken Rygg (H) og Hege Lothe (SV) med på behandlinga. FOR- 041/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Formannskapet 24.05.2017 Behandling Gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet De Grøne var inviterte til å møte i saka, men kunne ikkje møte. Innspel frå Magni Aa Berge på vegner av Senterpartiet, Arbeiderpartiet, Venstre og SV: 5.2. Formannskapet sitt budsjettområde Administrative ressursar. Sjå «omgjering av sekretærstilling i Nordfjordrådet» i kap. 5.2 og «stilling som rådgjevar for oppvekstsjefen» og «leiingsressursar / administrative ressursar i einingane» i kap. 5.3 i samanheng. Redusere til samla kostnad kr 1.000.000,-. Side 12

«Oppfølging av breibandsplan» - ta posten ut av økonomiplanen fordi kostnaden er tidlegare vedteke finansiert gjennom disposisjonsfondet. Reduksjon kr 2.000.000,-. 5.3. Helse- og omsorgsutvalet sitt budsjettområde Ikkje innføre heildøgnsbemanning ved bukollektivet på Sandane, hyblane og Gotatunet i 2018. Gjere ny vurdering om eitt år. Reduksjon kr 1.400.000,-. 5.4 MULTEK-utvalet sitt budsjettområdet Utsette «auka drift av Gloppen folkebibliotek» til 2019, eller når rehabilitering av Hyen skule er ferdig. Reduksjon 230.000 kroner. Redusere «kommunal delfinansiering av spelemiddelsøknadsanlegg» til kr 500.000,-. Reduksjon kr 500.000,-. Summen må nærare vurderast gjennom årleg budsjetthandsaming når ein veit kva anlegg som står for tur. Investeringsbudsjettet 2017 utsette oppstart brannstasjon til 2018. Innspel frå Svein-Ottar Sandal frå KrF: 1. Låneopptak: Etterslep på gjennomføring av vedtekne investeringsprosjekt. Kommunestyret legg til grunn at låneopptak først vert gjort når dei einskilde lånefinansierte prosjekt vert gjennomført. 2. I økonomiplanen er det på kap 4 sett opp eit konsekvensjustert budsjett. For hovudsektorane, formannskapet, oppvekst, helse og omsorg, MULTEK og Gloppen kyrkjelege fellesråd er 2017 tala flatt vidareført i økonomiplanperioden. Det ville vere ønskjeleg at det vart laga ei samleoppstilling over dei tiltaka som er nemnde i kap 5 (endring i drifta) for å sjå konsekvensane av desse i økonomiplanperioden. Dei einskilde tiltak som er nemnde i 5.2-5,3-5,4-5,5 er så langt vi kan sjå ikkje tidfesta for gjennomføring. Er det rett? 3. Det er behov for å sjå dagleg leiar Nordfjordrådet og sekretær for Nordfjordrådet i samanheng med eventuell omgjering av sekretær for Nordfjordrådet til 100 prosent stilling. 4. Auka driftstilskot for Firda fysikalsk-medisinske senter skal følgje opptrappingsplanen frå kommunestyret sitt vedtak i budsjett/økonomiplan desember 2016. 5. Endring av dimensjoneringsforskrifta for brann (kr 1,2 mill). Beløpet vert tatt ut til dei nasjonale krava er avklart. 6. For ikkje å svekke drifta av Gloppen Folkebibliotek må kr 23.000 inn i budsjettet om det ikkje kan dekkast gjennom endring av bibliotektenesta i Hyen til rehabilitert skuleanlegg er ferdig. 7. Prosjektleiar investering og prosjektleiar investering på einskildprosjekt vert sett i samanheng. 8. Treng meir informasjon om ny distriktsmusikar innan folkemusikk. 9. Rehabilitering av skuleanlegget i Hyen har fått ei svært høg kostnadsramme (estimert). Skulen skal rehabiliterast, men det må vere eit mål å få kostnadene ned. 10. Utleigebygg til Strukturplast - 26 mill. Under føresetnad av at kommunen eig dette bygget og kan lånefinansiere det, og at avtalen med Strukturplast dekker alle kostnader kommunen har med denne Side 13

investering. 11. Nytt bustadfelt Austrheim - ny tekst: Nytt bustadfelt Nordstranda. 12. Maskiner og utstyr og kommunen sin bilpark vert sett i samanheng og totalt (6.250. 000 + 7.000.000) sett til kr 10 mill i økonomiplanperioden. 13. Gang og sykkelveg Søreide - Åsen vert tatt ut i denne omgang. 14. Det skal arbeidast for å etablere eit kommunalt bustadfelt i Hyen (evt. Holme) Sum? 15. Planarbeid for fv 615: 2 mill, som tidlegare vedtak i kommunestyret. FOR- 047/17 Vedtak Formannskapet viser til rådmannen sitt framlegg til økonomiplan for perioden 2018-2021 og legg denne, saman med innspela som vart lagde fram i møtet, ut til offentleg gjennomsyn med høyringsfrist onsdag 7. juni 2017. Vedtaket var samrøystes. Side 14