Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Like dokumenter
Trivsel og vekstvilkår

Stillaste jenta i klassa

6-åringar på skuleveg


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Elevundersøkinga 2016

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Å løyse kvadratiske likningar

Til deg som bur i fosterheim år

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Søknadsinfo:

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Info til barn og unge

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

OK, seier Hilde og låser.

Refleksjon og skriving

Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Ein kvalitativ studie om utfordringar for tenesteytinga. Gunvor Helle Eiane, HAVO VID vitenskaplige høgskole (Diakonhjemmet Oslo)

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Vel nynorsk for barnet ditt!

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

UNIVERSITETET I OSLO

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Foreldregruppe i barnehagen

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

8 tema for godt samspel

BARNETRAKK EI BÅTLENGD FØRE

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

201mate. Matematikk 2.trinn 6. april 2016

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Frisklivssentralen i Øygarden kommune fyller år! Frisklivssentralen fyller 1 år! ØYGARDEN KOMMUNE. Praksisstudentar

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Å fremje felles interesser til beste for barnet

AKTIVITETAR OG INTERESSER KAPITTEL KVA VEIT DU OM SJAKK? Skriv fem fakta om sjakk. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 12 / 1

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Kvalitetsplan mot mobbing

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

PPT no og i framtida.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kvalitet i spesialundervisninga

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Du må tru det for å sjå det

Heilt einig. Litt einig

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Transkript:

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme kjem inn i eit rom, har han ofte behov for å orientere seg. Ikkje berre med blikket, men med heile kroppen. Som ein fugl flaksar og stuper han framover i stor fart, truleg fordi han synest det hastar å få kontroll, men også fordi han er van med at mor, far eller assistentar følgjer hakk i hæl for å hindre eventuelle knuse- eller øydeleggingsepisodar. Det er mykje som kan bli virvla inn i den vinden han omgir seg med. 82 DESEMBER 2015

I sommarferien var det farmor og farfars stove som blei gjenstand for ei slik intens syn- og kroppsfaring, og ein liten fetter fulgte D med blikket, han hadde store auge. -- D har noe som heter autisme, skjønner du, sa min mellomstemann på snart fem hjelpsomt. -- Hva er autisme? spurte fetteren. -- Det betyr at det er noen ting D ikke har lært seg. Så var det greitt, og dei to små kameratane heldt fram med sitt, mens D og eg heldt fram i vår ville fart gjennom huset. Det er ein rørande augneblink, men det er ikkje eit særtilfelle. Ds brødre er glade i storebror, han er glad i dei og han er ein del av familien. Brødrene forstår og aksepterer at det gjeld andre reglar for han enn for dei. Det er ein naturleg aksept, dei veit ikkje om noko anna, i motsetning til oss foreldre, som har hatt tre tiår med eit heilt anna liv å samanlikne med. Ein skulle tru at integrering av barn med spesielle behov i vanlege skuleklassar alltid kunne vere like vellukka som «integrering» av barn med spesielle behov i «vanlege» familiar. Ein skulle tru at integrering av barn med spesielle behov i vanlege skuleklassar alltid kunne vere like vellukka som «integrering» av barn med spesielle behov i «vanlege» familiar. Små barn som lærer kvarandre å kjenne på kvarandres ulike premiss, og som tar dei nødvendige omsyn Foto: Peter Magnus DESEMBER 2015 83

Foto: Peter Magnus etter kva dei blir vane med, kva dei blir fortalt og lært opp til. Vi er ein familie på fem, vi er to vaksne og tre barn, og vi høyrer saman. Og vi er avhengige av at det øvrige samfunnet tenkjer at D høyrer til. Men korleis skal vi få til ei gjensidig kjensle av tilhøyrsle Men korleis skal vi få til ei gjensidig kjensle av tilhøyrsle mellom D og samfunnet? mellom D og samfunnet? Det spørsmålet har ikkje enkle svar. Vi strevar med å gjere samfunnet forståeleg for D, samstundes som vi lurer på kor mykje vi skal forvente at samfunnet forstår av hans behov for tilrettelegging. Kunne vi gjort det enklare for andre å forstå dersom han gjekk på nærskulen i staden for på ein spesialskule for barn med utviklingshemming og store lærevanskar? D treng spesialundervisning fordi det er så enormt mykje han ikkje meistrar. Han må trene på alle slags ferdigheiter, og det 84 DESEMBER 2015

Verda er ikkje perfekt. Rektoren på nærskulen sa rett ut at dei ikkje hadde verken kompetanse eller ressursar til å gje vårt barn eit optimalt tilbod. har vore og er eit puslespel å finne kva som motiverer han, kor lenge han kan halde ut utan å gå i lås, kva slags muligheiter han har, kva som hindrar han og kvar grensene hans går. Han treng skjerming fordi han har sanseforstyrringar og blir utslitt av lyd, lys, uoversiktelegheit og rutinebrot. Både skjerming og spesialundervisning kunne han fått på nærskulen eller på ei spesialavdeling tilknytt ein vanleg skule. Som for så mange andre er det ikkje berre hans behov, men også tilgjengelege ressursar som avgjer kva slags løysing vi har valt. Sjølvsagt. Verda er ikkje perfekt. Rektoren på nærskulen sa rett ut at dei ikkje hadde verken kompetanse eller ressursar til å gje vårt barn eit optimalt tilbod. Likevel er vi glade for spesialskulen. Han har det bra der og føler seg trygg. Vi har nær kontakt med personalet og veit at spesialpedagogane har god kompetanse, at dei er oppriktig motiverte for å hjelpe han og at assistentane er eigna for denne typen arbeid. Det er godt å vere sikker på at Ds annleisheit blir forstått og respektert. Det er også godt at dei andre foreldrene på skulen har liknande utfordringar og erfaringar som oss. Det er godt at skulen ikkje treng å ta andre omsyn enn spesialpedagogikk, at rektoren ikkje treng å fordele ressursar mellom barn med og utan særlege behov. Det er godt at tilbodet Foto: Peter Magnus DESEMBER 2015 85

Sjølv i dei tilfella der nokon kan klandrast for at segregering blei løysinga, så er det ei løysing som kan gje nytt håp og gjere livet betre for sårbare barn. ikkje raknar ved sjukmeldingar, ettersom alle som jobbar har den nødvendige kompetansen. Kort sagt - det er eit godt, godt tilbod. Det er eit tilbod som er ønska, både av barn og foreldre, det er eit tilbod som er ønska fleire stader enn det blir gitt. Men det melder seg fleire spørsmål til eit slikt val. Skal ikkje D også møte barn utan særlege utfordringar? Er ikkje hans viktigaste behov at det er tilstrekkeleg mange kompetente vaksne som kan hjelpe han gjennom dagane? Og igjen - korleis skal vi skape slike kompetente vaksne, kan det ikkje vere nyttig at alle barn får lære om ulikskap og rausheit som ein naturleg del av skulekvardagen? Kva med trening på sosiale ferdigheiter, kan det vere D hadde klart seg betre i uoversiktelege situasjonar om vi hadde pressa han gjennom fleire slike, til dømes dagleg klasseromsundervisning? Det finst rikeleg med døme på at slike framgangsmåtar kan fungere. Vi kan ikkje vite dette sikkert. Vi kan ikkje ha han på to skular samstundes og samanlikne resultata. Men vi trur vi har valt rett. Om eit barn med spesielle behov ikkje trivst, hender det at konsekvensane blir påfallande og skadelege for omgjevnadane. Nokre barn reagerer med høglytt uro og vald. Då finn ein andre løysingar, og spesialskulen kan vere ein trygg landingsplass. Sjølv i dei tilfella der nokon kan klandrast for at segregering blei løysinga, så er det ei løysing som kan gje nytt håp og gjere livet betre for sårbare barn. Vi er alle menneske, og nokre gonger får vi ikkje til alt vi har ansvaret for. Slik er det på skulen, og slik er det også i vår familie. Barna våre lærer å ta omsyn til kvarandre, men det er oftast dei to yngste som tek omsyn til den eldste. Det kan ikkje berre vere slik, det kan ikkje vere slik heile tida. Dei to treng også oppfølging frå to foreldre, dei treng også å bli sett og oppdratt, dei treng vern frå høge lydar og utagering og dei treng å oppleve aktivitetar der premissa ikkje er lagt av eit høgsensitivt og uroleg barn. Det same gjeld sjølvsagt også i eit klasserom. Barna bør lære rausheit og mangfald, og nokre skal bli omsorgsarbeidarar, men dei skal ikkje vere det når dei er barn. Det er grenser for kva ein skal krevje at dei klarer å vise forståing for, og det er grenser for kva vi vaksne skal bestemme om deira venskap og relasjonar. Fellesskulen er eit viktig ideal å strekke seg etter. Men fordi ein del barn treng noko anna og fordi verda ikkje er perfekt, er det også viktig å ha eit breitt spekter av tilbod for dei mest sårbare barna. Fellesskulen er eit viktig ideal å strekke seg etter. Men fordi ein del barn treng noko anna og fordi verda ikkje er perfekt, er det også viktig å ha eit breitt spekter av tilbod for dei mest sårbare barna. 86 DESEMBER 2015

Foto: Knut Slåtta DESEMBER 2015 87