TILBODSGRUNNLAG FOR KJØP AV BRAKKEMODUL TIL MELLOMBELS LOKALE FOR RØVEROMPA BARNEHAGE I ASKVOLL.
KONKURRANSEGRUNNLAG 1. INNLEIING Frå hausten 2016 er det trong for ei mellombels løysing for ei ny avdeling ved Røverompa barnehage i Askvoll og kommunen ynskjer difor å kjøpe ein pent brukt modulbarnehage, som skal settast opp ved idrettsbana i Prestemarka i Askvoll. Det er ynskje om å kjøpe komplett brakke inkl. fast inventar og tekniske installasjonar. Askvoll kommune innbyr difor til konkurranse. Anbodet vert sendt ut som open anbodskonkurranse iht Lov om offentlige anskaffelser. Tilbodsforma gjev ikkje høve til forhandlingar om tilbodet. Etter at tilbodet er levert er det berre høve til oppklaring av eventuelle uklare tilhøve. 2. OMFANG Med utgangspunkt i kunngjering i DOFFIN og dette dokumentet, vert De med dette invitert til å gje tilbod. 3. DOKUMENT I FØRESPURNADEN I tillegg til dette dokumentet byggjer konkurransegrunnlaget på følgjande dokument: Vedlegg B: Kravspesifikasjon Vedlegg C: Krav til dokumentasjon Skjema for utfylling: Vedlegg D: Prisskjema Vedlegg E: Atterhald i tilbodet 4. PRIS VILKÅR FOR LEVERINGA Pris skal spesifiserast i vedlegg D Prisskjema. Prisane skal vera kalkulert i norske kroner eksklusiv meirverdiavgift, inklusiv alle kostnadar/avgifter. 5. INNSENDING AV TILBOD / GYLDIGHEIT Retningslinjer for utarbeiding av tilbod er gitt i vedlegg C. Tilbodet, inkludert alle opplysningar og vedlegg som er kravt i dette konkurransegrunnlaget skal utarbeidast på norsk og sendast i 1 -eit- eksemplar i lukka konvolutt til: Askvoll kommune, Pb 174, 6988 ASKVOLL.
Anbodet kan også leverast på rådhuset i kommunen, som ligg i Askvoll sentrum. Anbodet skal leverast i lukka konvolutt merka Tilbod på brakke for barnehage. Det er høve til å sende over anbod på e-post, men det er tilbydar sitt ansvar at anbodet kjem fram i rett tid. (straumbrot, svikt i datasystem ol) Tilbod kan sendast til walter.gundersen@askvoll.kommune.no Som ein del av tilbodet skal følgja eit signert og forpliktande tilbodsbrev. Tilbodet skal vera komplett. 5.1 Frist for å stå ved tilbodet Tilbodet skal vera gyldig i 90 dagar frå tilbodsfrist. 5.2 Tilbodsopning Det vil ikkje bli føreteke offentleg opning av dei tilboda som er komne inn. Innleveringsfrist: 6. mai kl 12.00. Tilbodsopning: 6. mai kl 13.00. 6. KOSTNADER MED Å DELTA I KONKURRANSEN Einkvar kostnad som tilbydar pådreg seg i samband med konkurransen må dekkast av tilbydar. Det same gjeld kostnader som er pådregne ved demonstrasjonar, testar eller liknande. 7. VURDERING Ein gjer merksam på at tilbod som ikkje er i samsvar med vilkåra i denne innbydinga vil bli avvist. Tilbod som kjem inn etter at tilbodsfristen er ute vil vert avvist og returnert uopna. Det vert teke atterhald om å: - avlysa konkurransen med straksverknad dersom det ligg føre sakleg grunn. - forkasta alle tilbod dersom resultatet av konkurransen gir sakleg grunn for det - inngå avtalar med fleire leverandørar. Eventuelt forkasta tilbod blir ikkje returnert. 7.1 Kvalifikasjonskriterium Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på at tilbydaren har det faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget som er naudsynt for å kunna oppfylla pliktene i kontrakten. Ved vurdering av om tilbydar er eigna vil følgjande kriterium bli lagt vekt på: - At tilbydar tilfredsstiller krav gitt av offentleg myndigheit til registrering, til dømes registrering i einingsregisteret i Brønnøysund.
- At tilbydar er à jour med innbetaling av skattar og avgifter. - At tilbydar ikkje er i pågåande forhandlingar om gjeldsakkord eller er i konkurs. - At tilbydar har gitt HMS- erklæring. Dokumentasjon det er krav om er omhandla i Vedlegg D. KUNDEN tek atterhald om rett til å søkja ytterlegare opplysningar om det som er nemnt ovanfor dersom dette er nødvendig. 7.2 Tildelingskriterium Tildeling av kontrakt vil skje på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, der ein tek omsyn til følgjande kriterium: - Pris - Planløysing for barnehage (sjå kravsspesifikasjonen) - Ferdigstillingstidspunkt - Kvalitet, tilstand på modul Kriteria er ikkje lista i prioritert rekkjefølgje. 8. SPØRSMÅL Vi tek atterhald om å ettersenda tilleggsopplysningar til konkurransegrunnlaget inntil 5 dagar før innlevering. Eventuelle spørsmål i samband med denne innbydinga kan rettast til: Kontaktperson praktiske Prosjektleiar Walter Gundersen opplysningar Telefon 95148220 E-post walter.gundersen @askvoll.kommune.no Kontaktperson vedr anbod Bygg- og eigedomssjef Liss Lien Telefon 57730733 E-post liss.lien@askvoll.kommune.no Eventuell presisering som blir utarbeidd, og som har konsekvens for konkurransen, vil bli sendt til alle som har fått tilsendt konkurransegrunnlaget. 9. INNKJØPSVILKÅR - KONTRAKT Bindande avtale vert ikkje sett på som inngått ved val av tilbydar, og Askvoll kommune står fritt inntil kontrakt er underteikna mellom Askvoll kommune og valde leverandør.
10. KONTRAKT Ein eventuell kontrakt vil bestå av følgjande dokument: - Bestilling - Vedlegg B: Kravspesifikasjon - Vedlegg D: Prisskjema - Vedlegg E: Atterhald - Leveringsadresse
Vedlegg B KRAVSPESIFIKASJON MODULAR/BRAKKER 1. INNLEIING Frå hausten 2016 er det trong for ei mellombels løysing for ei ny avdeling ved Røverompa barnehage i Askvoll og kommunen ynskjer difor å kjøpe ein pent brukt modulbarnehage, som skal settast opp ved idrettsbana i Prestemarka. Eigedomen har matrikkelnummer gbnr 23/76. Barnehagemodulen skal takast i bruk 1. august 2016. Det er viktig at brakkeløysing/modul er tilpassa drift av barnehage. Storleik ca 250-300 m 2 på eitt plan tilpassa 2 avdelingar og inkludert garderobar, personalrom og kontor. Brakkene må vere godkjent til bruk som barnehage og tilfredstille krava i byggteknisk forskrift (TEK 10). Kommunen ynskjer pris på kjøp, levering, montering og installasjon av komplett brakke med naudsynt ventilasjon, sanitæranlegg osv. Askvoll kommune tek atterhald om evt kjøp krev politisk godkjenning for gjennomføring av kjøpet. 2. GJELDANDE LOVER OG FORSKRIFTER Om ikkje anna er sagt skal Kjøpsloven ( Lov om kjøp 13.mai. Nr. 27. 1988 ) leggjast til grunn for dette innkjøpet 3. DOKUMENTASJON Sjå vedlegg D og konkurransegrunnlaget. Generelle krav til brakkemodul Krav til Tek10: Brakkene må oppfylle krava i Tek10 til barnehagelokale. Innvendige veggflater: Veggene må vera i lys utføring og av plater som tåler trykk frå barn i barnehage. Oppvarming: Brakkene skal leverast med elektriske omnar for oppvarming. Varmeomnane skal styrast av innebygd elektronisk termostat eller av sentral termostatløysing. Belysning: Belysninga skal utførast i samsvar med tilrådingar frå Lyskultur. Det skal nyttast energieffektive armaturar med lysrøyr. Luftbehandling Luftbehandlingsanlegget skal tilfredstille myndighetene sine krav til luftutskifting i barnehage. Skilt for rømingsvegar Lokala skal vera utstyrt med skilt for rømingsvegar. Vindauge: Vindauga skal kunna opnast i full bredde for å kunne nyttast som rømingsveg dersom det ikkje finns anna tilfredstillande rømingsvegar.
Tilkopling av 220V til brakkerigg: Askvoll kommune vil leggja fram 220V til avtalt punkt slik at kabel frå leverandøren kan koplast til. Tilkopling vatn og avløp: Kommunen legg fram vatn- og avløp til avtalt punkt der brakke skal plasserast. Oppsett av fundament for brakkene: Leverandøren skal laga fundament for brakkene. Plassering etter avtale med Askvoll kommune. Lokala: Lokala må innehalda leik og opphaldsareal, grov- og fingarderobe med toalett, kjøkken med komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin, to kontor, pauserom (for om lag 6 personar) og toalett for tilsette. Lokala må stå ferdig til bruk seinast innan 01.08.2016. Plassering på grusbana ved idrettsbane i Prestemarka i Askvoll. (Område er markert på vedlagde kartutsnitt). Tilbydar skal leggja ved: - teikning for brakkeløysinga - teknisk skildring av isolasjon i golv, vegger, tak og vindauge - dokumentasjon på at ventilasjonskrava til lokala er stetta - evt tilstandsrapport
Vedlegg C UTFORMING AV TILBOD OG KRAV TIL DOKUMENTASJON. Tilbydar skal leggja ved den dokumentasjon som det vert stilt krav om. Vedlegg D - Prisskjema og vedlegg E Atterhald skal leggjast ved tilbodet. 1. KVALIFIKASJONSKRAV TILBYDAR SKAL DOKUMENTAERE: - Firmaattest - À jour med innbetaling av skattar og avgifter dokumentert ved: Attest for innbetalte skattar og avgifter. Ikkje eldre enn 6 mnd. Attesten kan bestillast på Altinn - HMS-eigenerklæring Med bakgrunn i den informasjonen som ligg i dei dokumenta som nemnt ovanfor, kan ein tilbydar bli vurdert til ikkje å vera kvalifisert for dei aktuelle oppgåvene. Sjå og krav til dokumentasjon omtala i vedlegg B som går på krav til tørrmat og service. 2. ANNA DOKUMENTASJON Sjå kravspesifikasjonen vedlegg B.
Vedlegg D Tilbodsskjema Firmaopplysningar Firmanamn: Adresse: Telefon:.. E-post:. Organisasjonsnummer:. Dagleg leiar: Prosjektleiar: Tilbod: Pris komplett brakke kr Levering byggeplass og montering: kr 25 % mva.kr Tilbodssum kr Har tilbydar atterhald i høve til krava i anbodsdokumentet skal det førast opp i skjema D Atterhald i tilbodet. Oppstartsdato:.. Ferdigstilling: Brakkemodulane kan overleverast ferdig montert på oppgjeve plass innan.veker rekna frå oppstart. Underskrift av tilbydar Stad. Dato. Signatur.. Firmastempel
Vedlegg E ATTERHALD I TILBODET Om TILBYDAR tek atterhald om nokon av dei krava som kjem fram i denne innbydinga med vedlegg, skal dette kommenterast og det skal visast til det aktuelle punktet. Atterhaldet skal det gjevast ein pris på. Det kan ikkje takast atterhald som avgrensar den retten KUNDEN har til å inngå avtale med fleire leverandørar. Pkt Tekst Pris på atterhaldet 1. 2.. 3..... 4... 5....