Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Like dokumenter
Årets nysgjerrigper 2009

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Årets nysgjerrigper 2010

Vintervèr i Eksingedalen

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Vel nynorsk for barnet ditt!

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

6-åringar på skuleveg

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Mobbing på mindre og større skular

mmm...med SMAK på timeplanen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nysgjerrigper-konkurransen Kva er det som luktar så ekkelt?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj?


Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Info til barn og unge

Nysgjerrig på det meste

Refleksjon og skriving

Elevundersøkinga 2016

Frå dikt til teikneserie

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Stillaste jenta i klassa

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Kom skal vi klippe sauen

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

OK, seier Hilde og låser.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månedsbrev for April

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Elevar utforskar proporsjonar i møte med målarkunsten

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Eksamen matematikk S1 løysing

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Årets nysgjerrigper 2008

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Årets nysgjerrigper 2010

2P-Y eksamen våren 2017 løysingsforslag

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Mindre av det same og meir av noko anna

Barnerettane i SKULEN

Informasjon til elevane

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Februar

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning?

Matematikk 1, 4MX25-10

Kvifor høyres stemma vår annleis ut når vi høyrer på eit opptak, enn slik den høyres ut når vi snakkar?

2016 Det Norske Samlaget

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Frå novelle til teikneserie

Transkript:

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet for å tenkje på kva vi lurte på og få idear om kva vi kunne forske på. Vi skreiv ned alt vi kunne komme på i 20 minutt, så gjekk vi inn og skreiv alle desse ned saman på smartboarden. Vi fekk til saman 31 forslag. Nokre av desse var: Kvifor skiftar graset og blader farge gjennom året? Kvifor luktar boss? Korleis fungerer fuglar sine auge? Kvifor går vi 7 år på barneskulen? Kvifor er himmelen blå? Kvifor blir sand stivt når det er kaldt? Kvifor blir det kaldt? Kvifor har ting fargar? Kvifor har blomster ulike fargar? Korleis blir hav danna? Kvifor er det skyar på himmelen? Kor kjem regnet frå? Kor mykje veks ein eigentleg frå 1.- 6.klasse? Vi begynte med å markere dei sakene vi ville jobba med. Vi valde 5 saker kvar vi ville ha. Dette brukte vi i ein avstemming som gjorde at vi kunne begynne å eliminere dei sakane vi ikkje ville ha. Til slutt hadde vi fire forskningsspørsmål igjen, finalistane våre. Vi stemde på kva sak vi ville ha og fann ut at vi ville forske på det siste av dei. Vi på 6.trinn er fadrar i år for 1.klassingane. Faddarborna våre er veldig små og søte, og det er heilt utruleg at vi var slik for berre seks år sidan. Difor landa vi på desse forskningsspørsmåla: - Kor stor forskjell er det eigentleg i høgda, skostorleik og handstorleik på faddarborn og fadrar? - Kor mykje sterkare har vi blitt? - Kor mykje endrar vi oss i utsjånad frå 1. til 6.klasse har 6.klassegutar meir frisyreklipp og voks enn 1.klassingane? Korleis ser jentene ut på håret?

SLIK TRUR VI DET ER Så måtte vi lage nokre hypotesar. Vi gjetta kvar for oss, såg på målestokken og linjaler og prøvde å sjå for oss fadderborna og korleis dei var i forhold til oss oss. Vi måtte og gjette litt kor høge vi var gjennomsnittleg, så vi stilte oss på rekkje frå lågast og høgast, og målte dei som var i midten eller som det såg ut som det var flest av. Hypotesane våre: Spørsmål 1: Vi trur vi har vakse mykje sidan vi gjekk i 1.klasse. Det er jo det som er naturleg, så vi trur vi vil finne stor forskjell både på høgde, sko og hender. Spørsmål 2: - Vi trur at vi er ganske mykje høgare enn 1.klassingane. Vi trur at 1.klassingane er gjennomsnittleg 116,52 cm. Vi trur at 6.klassingane er gjennomsnittleg 143,83 cm. Vi ser at mange av oss er nesten eit hovud høgare enn fyrsteklassingane. - Vi trur vi har mykje større sko enn førsteklassingane. Vi trur at 1.klassingane har gjennomsnittleg 27,91 cm i sko. Vi trur at 6.klassingane har gjennomsnittleg 37,30 cm i sko. - Vi trur vi har mykje større hender enn førsteklassingane. Vi trur at 1.klassingane har gjennomsnittleg 9,55 cm i handstorleik. Vi trur at 6.klassingane har gjennomsnittleg 15,00 cm i handstorleik. Vi trur at vi er sterkare enn fadderborna. Nokre grunnar for dette kan vere at kroppane våre er blitt større og har fått meir musklar. Vi har fleire treningar med fritidsaktivitetane våre, og nokre fritidsaktivitetar har begynt litt med styrketrening o.l. Spørsmål 3: Vi trur at gutane i 6.klasse har meir frisyreklipp, sånn som liknar kjendisar, enn 1.klassingane. Og dei bruker nok meir voks og. Dette er fordi at dei er veldig opptatt av idol innan musikk og sport. Det kan og vere på grunn av gruppepress og fordi dei vil imponere dei andre. Vi trur at 1.klassejentene har mykje oppsatt hår med hestehaler og fletter. Dette trur vi er fordi dei får mykje hjelp til å stelle

håret sitt heime, medan 6.klassejentene må klare seg sjølv. Kanskje syns 6.klassejentene og at det er finast med laust hår? LITT OM TEMAET Alle veit at barn veks og veks. Det startar allereie i magen til mora. Dei fleste born er om lag 50 cm lang når dei vert fødd. Frå barnet er 0 til 1 år blir barnet ca 25 cm lengre. Så går det litt saktare igjen. For eksempel veks barnet i gjennomsnitt berre 7 cm frå 2 til 4 år. Frå barnet er 6 år veks barnet om lag 5,5 cm per år fram til puberteten. I puberteten får man noko som heiter vekstspurt. Då veks ein mykje på kort tid. Hos jenter starter vekstspurten når dei er om lag 11 år. Hos gutar starter vekstspurten eit par år seinare enn hos jentene. Sånn cirka når dei er 14 år. WHO, verdas helseorganisasjon, har laga nokre kurver for kva som er vanleg høgde, vekt og hovudomkrets for born i verda. Desse kurvene er litt vanskelege å forstå, men slik vi forstår det er gjennomsnittlengda for jenter og gutar slik: Jenter 1. klasse (6 år) Gutar 1.klasse (6 år) Jenter 6.klasse (11 år) Gutar 6.klasse (11 år) 115 cm 116 cm 145 cm 143 cm Så om ein tek gjennomsnittet av dette, så er: Gjennomsnittshøgda til 6-åringane 115,5 cm. Gjennomsnittshøgda til 11-åringane er: 144 cm. Skjema frå WHO. Puberteten er ikkje berre viktig for at man skal bli høgare. Det skjer mykje anna også. Ein får meir musklar. Dette gjeld spesielt gutar. Det blir og mykje om å finne ut korleis ein vil vere og sjå ut, og passe inn med andre. Og sjølvsagt, litt forelsking.

PLAN FOR ARBEIDET Vi måtte sjekke alt dette, og då trong vi hjelp av nokre førsteklassingar. Vi ble einige om å ikkje bruke alle 1.klassingane (parallellklassa vår er fadrar for nokre elevar og), berre våre fadderborn. Vi er 24 i klassen, og faddarbarna er 29 stykk. Vi fant ut at vi målte høgde med måleband på veggen. Skostorleik var lett å sjekke. Vi målte handstorleik med linjal, og vart einige frå kor til kor vi skulle måle. Vi skulle berre sjå korleis håret var, og vart einige om kva vi meinte med hårfrisyre (sjå bilete). Med oppsatt hår meinte vi fletter eller hestehale. Ikkje laust hår. Styrke var litt vanskeleg å skulle måle. Mange ting er litt vanskeleg for dei små og har med teknikk å gjere, så vi valde vekk armhevingar og sånn. Vi bestemte oss for noko som heiter «90-grader». Då står ein inntil ein vegg, akkurat som om du sit på ein stol, med beina i 90 grader så lenge ein klarer. Dette kunne vi hjelpe fadderborna med. Slik målte vi henda våre Denne klippen var det vi såg etter. Kort på sidene og mykje lengre hår oppå. Den kjende fotballspelaren Neymar har denne klippen. Først målte vi oss sjølv i klasserommet med læringsvenn og saman heile klassen. Vi tok styrketesten nokre få om gongen for å ha kontroll på tid. Vi hadde nedtelling på Smartboarden. Ulike strategiar for å stå lengst mogleg. Ein slappar av og ein leikar litt. Læringsven måler læringsvenen sin.

Vi lagde nokre sjekkskjema som var enkle å fylle ut før vi skulle måle dei små. Ein dag gjekk halve klassen opp i til 1. klasse for å måle dei. Fadrane målte sitt eiga fadderborn. Ein annan dag kom resten av 1. klasse ned for å måle seg nede hos oss. Det gjekk ganske bra. Vi passa på at alle skjønte styrketesten og hadde øvd seg litt før vi starta klokka. Når alle var målt fant vi gjennomsnittet i Excel. Skrivinga og arbeidet i Excel har vi gjort litt saman i klassen og litt i grupper. Då har vi fått ulike jobbar. Vi brukte ein del tid på å finne gode løysingar i Excel som viste tala mest riktig, sånn med kva tal som skulle stå på sida og sånn. Vi har og prøvd oss på å bruke formlar og figurar. Læraren vår har satt alle våre bitar saman til ein tekst. Så las vi gjennom saman og gjorde dei siste endringane. Ikkje alle dei små visste kor store sko dei hadde så då måtte vi sjekke. Styrketest i gong for dei små.

DETTE FANN VI UT Det blei mykje informasjon og tal frå undersøkingane, så vi måtte jobba mykje i Excel. Her er tala vi har funne. Styrke - tid Høgde Skostorleik Handstorleik (min) 1.klasse 121,79 31,21 12,71 1,46 6.klasse 148,88 37,92 15,53 3,2 FORSKJELL 27,09 6,71 2,82 1,74 Gutar klipp Gutar voks Jenter oppsatt hår 1.klasse 1 1 9 6.klasse 7 1 3 Høgde: Om vi ser på høgda ser vi at gjennomsnittet for 1.klassingane er 121,79 cm og for 6.klassingane er det 148,88 cm. Sånn ser det ut som eit søylediagram: Forskjellen er 27,09 cm. Dette passar med det vi trudde og leste om. Vi veks ganske mykje i høgde på 6 år. Vi tippa at forskjellen var 27,31 cm. 160,00 150,00 140,00 130,00 120,00 110,00 100,00 1.klasse Høgde 6.klasse Vi er jo ikkje så mange, men vi kan sjekke tala våre med gjennomsnittet i verda. Våre 1.klassingar er 6,29 cm høgare enn gjennomsnittet i verda. Og vi i 6.klasse er 4,88 cm høgare. Vi er altså høgare enn gjennomsnittet på begge to. Det kan vere fordi kjem frå eit rikt land med mykje 160,00 næringsrik mat. Vi hadde ikkje det som eit forskingsspørsmål, men vi såg fort noko rart med jentene og gutane sine resultat på 6.trinn. Jentene sitt snitt er på 151,55 cm og gutane er på 146,62 cm. 155,00 150,00 145,00 140,00 Høgde gutar Høgde jenter

Dette trur vi er fordi jentene i gang med vekstspurten, men ikkje gutane. Skostorleik Her er eit søylediagram som viser tala vi fekk då vi sjekka skostorleiken: 1.klassingane har i gjennomsnitt skostorleik på 31,21 runda ned til 31. Og 6.klassingane har på 37,92 runda opp til 38. 40,00 39,00 38,00 37,00 36,00 35,00 34,00 33,00 32,00 31,00 30,00 Skostorleik 1.klasse 6.klasse Det er ein forskjell på 6,71 runda av til 7 storleikar. Det verkar som at vi veks i heile kroppen, ikkje berre høgda. Vi tippa 9,39 cm i forskjell. Dei i fyrste klasse hadde ikkje så små bein som vi trudde. 42,00 41,00 40,00 39,00 38,00 37,00 36,00 35,00 Her og samanlikna vi resultata frå 6.klassen Skostorleik gutar med jenter og gutar. Jentene har litt større sko enn gutane. Jenter: 38,09 og gutane 37,77. Så her er det litt forskjell, framleis jenter som er størst, men ikkje så mykje. Handstorleik Her er eit søylediagram som viser tala vi fekk då vi sjekka handstorleiken: 1.klasse har i gjennomsnitt 12,71 cm lang hender. 6.klasse har i gjennomsnitt 15,53 cm store hender. Forskjellen er 2,82 cm. 20,00 18,00 16,00 14,00 12,00 10,00 Handstorleik 1.klasse Skostorleik jenter 6.klasse Dette og skostorleiken viser at heile kroppen veks. Vi tippa at forskjellen var 5,45 cm. Forskjellen i virkeligheten var ikkje så stor som vi trudde. 17,00 16,00 15,00 14,00 Her og samanlikna vi resultata frå 6.klassen med jenter og gutar. Jenter: 15,68 cm. Gutar: 15,40 cm. Her var ikkje 13,00 12,00 11,00 10,00 Handstorleik gutar Handstorleik jenter

forskjellen så stor. Det trur vi er fordi hender ikkje veks så raskt. Styrke: Her var det nokre veldig høge tal som skilte seg ut. Rekorden på 6.trinn var til dømes over 8 minutt og over 3 minutt på 1.trinn. Men vi tok gjennomsnittet og her er eit søylediagram som viser tala. 1.trinn: 1,46 minutt. 6.trinn: 3,2 minutt. 3,50 Styrke - tid (min) Vi tippa at vi ville vera sterkast, så det passar. Kanskje er dette fordi at dei små nettopp har begynt med aktivitetar som fotball, medan vi har heldt på i 6 år. Eller så kan det vera at med puberteten kjem meir musklar. 3,00 2,50 2,00 1,50 1,00 0,50 0,00 1.klasse 6.klasse Her og samanlikna vi resultata frå 6.klassen med jenter og gutar: 3,00 Det var ikkje mykje forskjell. Jenter: 3,27 minutt. 2,00 Gutar: 3,14 minutt. 1,00 0,00 Styrke gutar Styrke jenter Dette trur vi er fordi at både jentene og gutane er aktive, og at puberteten ikkje er heilt i gong enno. Klipp/voks/oppsatt hår Vi talte opp og her er tala som viser dette: Voks var det heilt likt. Det var ikkje som vi trudde. Vi trudde fleire 6.klassingar ville ha det. Kanskje det 10 9 8 7 6 5 4 3 2 1 0 Gutar klipp Gutar voks Jenter oppsatt hår

er fordi at det regner mykje her vi bur og då går voksen ut. Gutane i 6.klasse hadde mykje meir «kjendisklipp» enn 1.klassingane. Det var som vi trudde. Vi trur det er fordi dei ikkje er like opptatt av idolar som oss. Jentene i første klasse hadde mykje meir fletter og hestehaler enn 6.klassejentene. Det var og som vi trudde, og det trur vi har med å gjere at mødrene hjelper dei på badet om morgonen. Oppsummering: Alt i alt ser vi at 6.klassingane er mykje høgare, har større sko og større hender enn 1.klassingane. Vi ser og litt annleis ut. Fleire gutar har «kjendisklipp» i 6.klasse. Jentene på 6.trinn har ofte laust hår, medan jentene på 1.trinn har fletter og hestehalar. KJELDER https://sml.snl.no/vekst#-barnealderen http://nhi.no/foreldre-og-barn/barn/livsstil/vekst-hos-barnet-34415.html http://resource.nhi.no/resource/4282-21-hoyde-jenter-5-19-who.pdf http://resource.nhi.no/resource/4281-21-hoyde-gutter-5-19-who.pdf https://www.ung.no/pubertet/1866_puberteten_-_hva_skjer.html