Referat -- Styremøte 6-7. desember Thon Hotel Opera - Oslo Til stades: Harald Lie, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Tor Inge Eidesen og Linda Kristin Oppedal Frå Administrasjonen : Frode Alfarnes og Tor Skeie Olsen Sak 56/16 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Protokoll frå førre styremøte er godkjent Sak 57/16 Open post Finn Egil informerte om utviklinga i «Steinkjermodellen», der kommunen tidlegare har gjeve ansvaret for heile søknadsprosessen i forbindelse med sjukdom til Landbrukstenestene. Sak 58/16 Rekneskap per 30. november Rekneskap ut november månad vart lagt fram på styremøtet. Det vart og lagt fram eit stipulert resultat for resten av året som syner eit overskot på i underkant av 450.000. Dagleg leiar gjekk igjennom hovudpunkta : Webtemp omlag 100.000,- under budsjett. Kursutgifter i underkant av 200.000,- under budsjett. Betre avtalar med kurstilbydarar, samt litt færre kursdeltakarar enn forventa. Lønskostnader omlag 90.000,- under budsjett. Haustsamling omlag 140.000,- under budsjett grunna gode avtalar med hotellet, samt færre / rimelegare innleigde foredragshaldarar Årsmøte omlag 40.000,- over budsjett. I hovudsak grunna markering av 25-års jubileet. Rekneskap per 30. november er teke til etterretting med stipulert årsresultat. Sak 59/16 Evaluering haustsamlingane Tor hadde ein gjennomgang av evalueringa frå deltakarane. Mange positive tilbakemeldingar på innhald og lokalitet. Totalt var det 185 (-12) frå 67 lag(-9) som deltok på årets samling. På kursa i forkant av samlinga var det 109 (-15) deltakarar. Evalueringa syner at storparten av deltakarane var godt nøgd med kurs og samling. Det kom inn nokre moment som administrasjonen tek med seg vidare inn i planlegginga av neste års samling. Det var ein «positiv tone» gjennom heile samlinga.
Ut frå evalueringa frå deltakarane og evaluering frå styret, vert det ein gjennomgang av følgjande punkt fram mot neste års samling: Transport frå hotell til flyplass etter endt samling Gjennomgang av alle faste programpostar Gjennomføring av festmiddagen Haustsamling 2017 vert arrangert på Thon Hotel Oslo Airport 31.oktober- 2.november. Innspel frå evaluering i styret vert teke med i utarbeiding av neste års samling. Innspel som kom i gruppearbeid vert formidla ut til medlemslaga. Sak 60/16 Jordbruksforhandlingane Innhald i ny Landbruksmelding vil styre mykje av dei prioriteringane vi skal ha til neste jordbruksforhandling. Eit eventuelt innspel på fjerning av øyremerka tilskott bør få full fokus. Elles så bør fokus rettast mot beredskap og kva sjansar vi har til å utvikla Landbruksvikarordninga og den ordinære ordninga ved sjukdom for å tilby god bondevelferd og dyrevelferd. I påvente av jordbruksmeldinga, kom styret fram til 3 punkt i prioritert rekkefylgje: Innspel for 2017: 1. Samanheng mellom ordningane. 2. Landbruksvikarordninga / beredskap. 3. refusjonsordningane. Vidare vart det bestemt at ein plukkar ut nokre lag fordelt rundt om i heile landet, som styremedlemane tek kontakt med og oppfordrar til å sende inn innspel signert kvart enkelt lag. Innspela skal vera likt vinkla, men laga bruker sine eigne brevmalar og signatur. Frode set opp ei liste over kva lag ein bør ha med, og fordeler dei ut på styremedlemane. Innspel vert utarbeidd basert på prioriteringar frå styremøtet og styremedlemane kontaktar enkelte lag. Sak 61/16 Norsk Landbrukssamvirke Ola Hedstein frå Norsk Landbrukssamvirke presenterte Norsk Landbrukssamvirke, og lagt fram kvifor dei ynskjer å ta NLT opp som medlem, samt kva nytteverdien / kostnad det er for oss. Det vart lagt fram to ulike kostnadsmodellar. 1. Kontingenten vert basert på omsetnaden til NLT sentralt (50-150.000,-) 2. Kontingenten vert basert på total omsetnad alle laga. ( +/- 350.000,-) Nokre fordelar: o Nytta oss av ulike kurstilbod. o Digitale databaser med kanditatar til styreverv mm (både lokalt og sentralt. o Møterett i alle samarbeidsråd i landet. o Tettare samarbeid med dei andre medlemsorganisasjonane.
Styret er positive til vidare samtale om medlemskap, og det skal rettast ein forespørsel til Norsk Landbrukssamvirke der ein får avklart kost/nytteverdi for våre medlemslag. Sak 62/16 Ikkje offentleg Sak 63/16 Utkast til budsjett for 2017 Dagleg leiar orienterte. Innspel frå styret: HMS-bok. Kostnadsfordeling. Kostnad ny strategiplan. Vi ynskjer å løfte organisasjonen, og då bør vi bruke midlar for å engasjera laga. Satsingsområder o Marknadsføring Innstikk bondebladet Eventuelle avsette midlar frå årets resultat Ei oppteljing i dag syner at det er ca. 50 lag som ikkje har landbrukstenester/-tjenester som ein del av namnet sitt. Dvs. at det skal setjast av ca. 500.000,- øyremerka til dette. Rest etter avsette midlar i Trygsaka er ca. 380.000,- Endeleg budsjett vert utarbeidd etter innspel frå styret og lagt fram på styremøtet i februar og vedteke der. Sak 64/16 Politiske saker - Strategi A. Ny Landbruksmelding Ny landbruksmelding er vert lagt fram 9. desember. AU får i oppgåve å ta tak i denne når den kjem, og ta kontakt med samarbeidsorganisasjonane, faglag, media osv. ut frå kva innhaldet vert. B. Evaluering av Landbruksvikarordninga 28. november var Harald, Aud og Frode i møte i Landbruksdirektoratet for å diskutera Landbruksvikarordninga. I tillegg til oss var faglaga og departementet invitert for å få vårt syn på ulike forslag til endringar i ordninga. Forslaga som er oppe til diskusjon er: o Oppheving av prisregulering o Motrekning av overskott o Fleksibilitet i bruk av tilskott o Tilfredsstillande beredskap o Plikt til hjelp Strategi for vegen vidare vert bestemt på møtet. AU tek punkt A, punkt B tek ein med i jordbruksforhandlingane. Sak 65/16 Strategisk plan 2018 2021
Førebuing av ny strategisk plan. Gjeldande strategiske plan går ut i 2018 og ny skal vedtakast på årsmøtet 2018. Det vert lagt opp til eit løp der ein startar med dette arbeidet allereie på første styremøte i 2017. Det vil og bli lagt opp eit ekstra styremøte i slutten av april, der det kun vert jobba med strategiplan. Ein ynskjer å dra medlemslaga inn i prosessen, og administrasjonen har fått i oppgåve å legge fram ein framdriftsplan på neste styremøte. Innspel frå saka vert teke med i førebuing til arbeidet med ny strategisk plan. Administrasjonen får i oppgåve å lage ein framdriftsplan til neste styremøte, og det vert eit ekstra styremøte i slutten av april der det kun vert fokus på strategiplan. Arbeidet med ny strategiplan skal vera tema både på vår-og haustsamling. Sak 66/16 Referatsaker A. Møte Arbeiderpartiet på Stortinget Harald Lie representerte NLT i møte med Knut Storeberget samt hans rådgjevar der agendaen var velferdsordningane i landbruket. B. Møte APU Frode Alfarnes representerte NLT og informerte om følgjande saker som var oppe på møtet: o Prosjekt i NHO Mat og Drikke som går på bevisstgjering og erfaringsutveksling ved bruk av statistikk o Oversikt over NHO sitt politiske arbeid på områda arbeidsgjevarservice og HMS o Evaluering av tariffoppgjeret 2016 o Etablering av eit arbeidsrettsleg nettverk o Alder og pensjon C. Nasjonalt Samarbeidsforum HMS Tor Inge Eidesen representerte NLT, og orienterte kort om vår organisasjon. I tillegg var det statusrapport om KSL som grunnlag for HMS på den einskilde gard, risikovurderingar, brannførebyggande arbeid, meir målretta HMSrådgjeving og arbeidstilsynet si næringssatsing overfor landbruket. D. Møter i NHO Harald Lie og Finn Egil Adolfsen har representert NLT i møte med NHO Mat og Drikke representert av Nikolai Astrup Westlie og Petter Haas Brubakk. Tema for møtet var utfordringar medlemslaga har med AFP-ordninga. E. Årsmøte EMR Frode Alfarnes og Romar Skeie Olsen representerte NLT på årsmøtet til EMR. Gjennomgang av utvikling og omsetnad i dei ulike medlemslanda. Er mest maskinringar nedover i Europa, men ein ser at omsetnaden på utleige av arbeidskraft aukar. EMR har i 2016 hatt eit prosjekt i India som går på innføring av maskinringar for eit betre og meir effektivt jordbruk. Fin arena for erfaringsutveksling, og neste år vert årsmøte i York. F. Agrovisjon Administrasjonen representerte NLT med stand under messa 28.-30. November. Standen vart godt besøkt, og vi fekk mange interessante samtalar med unge/eldre bønder, avløysarar, landbruksvikarar, framtidige bønder og folk
frå andre organisasjonar innan landbruket. Nytteverdien å vera til stades på desse messene er stor. G. Møte med ordførar i Kvinnherad, Peder Slettebø Sjo (H) NLT ved dagleg leiar inviterte seg sjølv til eit møte med ordføraren i Kvinnherad. Fekk informert om NLT og bl.a. velferdsordningane. Kontaktskapande møte. H. Landbruksvikar kurs på Dombås Finn Egil Adolfsen representerte NLT. Positivt kurs der forelesarane hadde god kjennskap til NLT. Dette gjorde sitt til at innhaldet vart meget bra. I. Styremøte NHO Harald informerte Intensjonsavtale om tilrettelegging for eit sunnare kosthald. AFP- NLT har belyst våre lags utfordringar for styret, og NHO Mat og Drikke saman med andre aktuelle foreningar jobbar med innspel inn mot oppgjeret 2018. J. Møte med Landbruksforsikring. Romar informerte om møtet. Bakgrunnen for dette møtet var om NLT skal vera agentar for Landbruksforsikring og med det kunne selja ulike forsikringar til våre medlemar. I første omgang er det snakk om kontorforsikring. Dersom det er snakk om fleire typar forsikringar ein skal selja, må ein ha kurs i kvar enkelt forsikringstype. Dette er portefølgjesal, så ein vil få ein viss prosent provisjon kvart år. Landbruksforsikring kom med forslag om at dei kunne ha ein seljar som selde forsikringar kun for oss til våre medlemar. Då vert provisjonen delt etter ein fordelingsnøkkel mellom seljar og NLT. Meir informasjon om dette kjem på eit seinare tidspunkt. Referat er teke til etterretning. Sak 67/16 Orienteringssaker A. Allmenngjering av tariffavtale Frode Alfarnes informerte. Ny tariffperiode 2016-2018. NLT ser ingen negative konsekvensar med allmengjering av tariffavtalen. Tariffnemda legg særskild vekt på at det kan oppstå usikkerheit når det gjeld praksisen med sesongarbeidarar opp mot 3 første ledd, bokstav a. Dette gjeld sesongarbeidarar som kjem attende til same virksomhet år etter år. B. Webtemp Frode Alfarnes informerte om at 10 lag tek i bruk Webtemp frå 01.01.2017. I den forbindelse vil det verta ein del reisevirksomhet i januar rundt til laga for å hjelpe dei i gang. C. Administrasjonshandbok Tor Skeie Olsen informerte om at alle lag no har fått brukarnamn og passord til administrasjonshandboka. Viktig at alle no tek denne i bruk, og er aktive med tilbakemeldingar til Trude eller Tor på ting som manglar.
Orientering er teke til etterretning. Sak 68/16 Representasjon A. Landbruksvikarkurs Molde Landbruk NordVest skal ha kurs for Landbruksvikar i Molde 23-25. januar og ønsker at nokon frå NLT kan kome og informera om oss og Landbruksvikarordninga. Aktuell dato er 25. januar. Representant frå styret eller administrasjonen stiller. B. Landbruksmessa i Balsfjord (side 45-46) NLT er invitert til å ha stand på Landbruksmessa i Balsfjord 24-25. juni 2017. Tek dette opp att på styremøte i februar 2017, men styret er klare på at vi må prøve å vera representert på denne messa. Aktuelle representantar vert valgt. Eventuelt A. Utviklingsprogram for dagleg leiarar. Tor la fram eit tilbod frå Ladegaard Norge AS. C. Styreleiar si rolle i NHO Mat og Drikke. Positivt jobb styreleiar gjer inn mot NHO Mat og Drikke. D. Årets Avløysar/ Årets lag. Ein skal framtida bruke minimum ei halvsides «firkant» i Bondebladet på desse to kåringane.