HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201001077-2 Arkivnr. 814 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 22.09.2010 29.09.2010-30.09.2010 12.10.2010 12.10.2010-13.10.2010 ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR E134 HAUKELIVEGEN (SELJESTAD - HAUKELIFJELL) ODDA VEGFINANS AS Fylkesutvalet har i vedtak 19.11.2008, sak 268/08 E134 - nye tunnelar på Haukelifjell - kartleggjing av bompengepotensialet, og 25.8.2009, sak 193/09, Høyringsuttale delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli Seljestad mulighetsstudie, gjort prinsippvedtak om å delfinansiera utbygginga av E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell) med bompengar. Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om etablering av eit bompengeselskap for utbygging av nye tunnelar på E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell). Fylkesrådmannen føreslår at namnet på det nye selskapet vert Odda Vegfinans AS. I NTP 2010-2019, St.meld. nr. 16 (2008-2009), er det vurdert som aktuelt å prioritera statlege midlar til prosjektet. Men prosjektet er ikkje prioritert før i andre halvdel av planperioden. Eit bompengeselskap må seinast opprettast når bompengesøknaden går frå Vegdirektoratet til Samferdselsdepartementet. For å sikra framdrifta i det vidare planarbeidet, ser fylkesrådmannen det som føremålstenleg allereie no å oppretta eit bompengeselskap for utbygginga av E134 Seljestad Haukelifjell.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek å etablera eit bompengeselskap for E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell) - Odda Vegfinans AS - organisert som eit aksjeselskap og med fylkeskommunal aksjemajoritet. Kommunane Odda, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Etne, Ullensvang, Jondal, Kvinnherad, Vinje, Tokke, Kvitseid og Seljord vert inviterte med til å vera aksjonærar i selskapet. 2. Fylkestinget sluttar seg til vedlagte utkast til vedtekter med foreslått aksjefordeling for Odda Vegfinans AS. 3. Til styret for Odda Vegfinans AS oppnemner fylkestinget: leiar. personleg varamedlem. medlem. personleg varamedlem.. medlem....personleg varamedlem. 4. Fylkestinget løyver kr. 130 000,- i aksjekapital (130 aksjar á kr. 1 000) til Odda Vegfinans AS. Fylkestinget legg til grunn at dei inviterte kommunane løyver den resterande aksjekapitalen (dvs. 120 aksjar á kr. 1 000). Budsjettet for 2010 vert endra slik: 10 720 200 00 14900 Tilleggsløyvingskonto - 130 000 10 790 100 00 15700 Interne finansieringstrans. + 130 000 10 740 020 00 05290 00 07110 Kjøp av aksjar + 130 000 10 740 020 00 09700 00 07110 Interne finansieringstrans. 130 000 Paul M. Nilsen Anne Iren Fagerbakke Vedlegg: Utkast til vedtekter. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 13.09.2010: Bakgrunn Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om etablering av eit bompengeselskap for utbygging av nye tunnelar på E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell). Forslag til namn på selskapet er Odda Vegfinans AS. I NTP 2010-2019, St.meld. nr. 16 (2008-2009), er det vurdert som aktuelt å prioritera statlege midlar til prosjektet. Men prosjektet er ikkje prioritert før i andre halvdel av planperioden. Eit bompengeselskap må seinast opprettast når bompengesøknaden går frå Vegdirektoratet til Samferdselsdepartementet. For å sikra framdrifta i det vidare planarbeidet, ser fylkesrådmannen det som føremålstenleg allereie no å oppretta eit bompengeselskap for Seljestad - Haukelifjell. Bompengeselskapet vil, etter avtale med Statens vegvesen, kunna gjera låneopptak for å forskottera vidare planarbeid, samt ha ei pådrivarrolle, jf. s. 27 i Statens vegvesen si Håndbok 102 Bompengeprosjekter 1, i prosjektet: Før et prosjektet er vedtatt av Stortinget, er bompengeselskapets oppgave primært å virke som pådriver for realisering av et ønsket prosjekt samt medvirke i utredningsarbeidet med sikte på raskest mulig gjennomføring etter at prosjektet er vedtatt Omtale og status for bompengeprosjektet Kort om prosjektet Prosjektet går ut på å bygga ny vegtrase mellom Seljestad i Oddadalen og Ulevåvatn på Haukelifjell. I dette inngår to nye tunnelar, pluss litt veg i dagen ved kryssing av Røldal. Prosjektet vil gje innsparingar i køyretid og drivstoffkostnader. Statens vegvesen har utarbeida ein mulighetsstudie 2, som konkluderer med at det er mogleg å delfinansiera prosjektet med bompengar. I Handlingsprogrammet 2010 2013(2019) for Statens vegvesen er kostnadsramma for utbygginga sett til 3 milliardar. Staten sin del er sett til 800 millionar. Resten er bompengar. Politiske vedtak Fylkesutvalet har gjort prinsippvedtak om å bompengefinansiera E134 Seljestad Haukelifjell (Røldalstunnelane):. 1 Håndbok 102 Bompengeprosjekter : http://www.vegvesen.no/_attachment/61429/binary/14136 2 Mulighetstudie : http://www.vegvesen.no/_attachment/105128/binary/177012 3
Fylkesutvalet gjorde 19.11.2008 slikt vedtak i sak 268/08 E134 - nye tunnelar på Haukelifjell - kartleggjing av bompengepotensialet : 1. E134 Haukelivegen er ein stamveg som har landsdekkjande funksjonar. Vegen er ein viktig fjellovergang for sambandet aust vest og nord sør. Fylkesutvalet meiner prinsipielt at slike viktige stamvegar bør fullfinansierast av staten slik det er formulert i forslaget til NTP 2010 2019. 2. Fylkesutvalet er likevel innstilt på å bruka bompengar for å få realisert dei planlagde miljøtunnelane på E134. Trafikkmengd og høg andel tungtrafikk talar for at bompengar kan nyttast i finansieringa. Fylkesutvalet ber Statens vegvesen greia ut dette. Fylkesutvalet gjorde 25.8.2009 slikt vedtak i sak 193/09, Høyringsuttale delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli Seljestad mulighetsstudie : 1. Fylkesutvalet går inn for at arbeidet med delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli - Seljestad held fram. 2. Fylkesutvalet går inn for at det vert nytta parallellinnkrevjing og etterskotsinnkrevjing. 3. Som eit alternativ vil fylkesutvalet be om at prosjektet også vert vurdert som eit OPS prosjekt. Også kommunestyret i Odda, i sak 78/08, og kommunestyret i Vinje, i sak 08/84, har gjort prinsippvedtak om å bompengefinansiera prosjektet. Planstatus Det ligg føre vedtekne kommunedelplanar i Odda og Vinje for prosjektet. Reguleringsplan er enno ikkje utarbeidd. Organisering av bompengeselskapet Etablering og organisering av bompengeselskap er omtala i Håndbok 102 Bompengeprosjekter : Oppgåvene til bompengeselskapet Med grunnlag i ein bompengeavtale mellom bompengeselskapet og Vegdirektoratet skal bompengeselskapet stå for del- eller fullfinansiering av utbygging av infrastruktur, administrera bompengeinnkrevinga, samt ha ansvaret for drift og vedlikehald av innkrevingsutstyret (frå pkt. 1.3 i mal for bompengeavtale). Bompengeselskapet skal administrera bompengeinnkrevinga slik at det gjev minst mogleg ulempe for trafikantane, høgast mogleg innteningsevne og lågast mogleg drifts- og administrasjonskostnader (frå pkt. 5.2 i mal for bompengeavtale). Selskapet sine administrasjonskostnader, løn og styrehonorar vert finansiert gjennom bompengeinntektene. Selskapet kan ikkje engasjere seg i tiltak eller aktivitetar som ikkje direkte har samanheng med innkrevinga av bompengar eller betjeninga av selskapet si gjeld ((frå pkt. 1.3 og 5.3 i mal for bompengeavtale). Selskapsform Eit bompengeselskap kan organiserast på fleire måtar. Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet ser det som ein fordel at nye bompengeselskap vert organisert som aksjeselskap eller andelslag, slik at selskapa får ei mest mogleg lik selskapsform. Er bompengeselskapet organisert som eit aksjeselskap, skal vedtektene, i følgje aksjeloven 2-2 (L1-4), innehalda: 1. Selskapet sitt firmanamn 2. Namnet på kommunen kor selskapet har forretningskontoret sitt 3. Føremålet til selskapet 4
4. Aksjekapitalen 5. Pålydande på aksjane (nominelle beløp) 6. Talet eller lågaste og høgaste talet på styremedlemmer 7. Kva saker som skal handsamast på ordinære generalforsamlingar. I mal for bompengeavtalen, punkt 6.1.b, er det eit krav at selskapet skal vera majoritetseigd av fylkeskommune/kommunar og at styrerepresentantar som utgår frå desse, utgjer fleirtalet i styret. Nokre moment frå utkastet til vedtekter for Odda Vegfinans AS Føremålet med selskapet er gjeve i 3 i vedtektene: Selskapet sitt føremål er å stå føre delfinansiering av planlegging og bygging av ny veg og ny tunnelløysing for E134 innafor planområdet som er definert i vedtekne kommunedelplanar for Odda og Vinje kommunar frå 2008, og å bidra til rask og god realisering av prosjektet. Selskapet har ikkje erverv som føremål. Val og samansetjing av styre er omhandla i 6: Selskapet skal ha eit styre på 5 medlemmer med personlege varemedlemer. Begge kjønn skal vere representert med minst 2 styremedlemer og 2 varamedlemer. Styremedlem med varamedlem vert vald for kvar kommune- og fylkestingsperiode på første vanlege generalforsamling etter valet. Hordaland fylkeskommune peikar ut tre av styremedlemene. Begge kjønn skal då vere representert og generalforsamlinga vel leiar av styret frå desse tre. Odda kommune nominerer 2 kandidatar med personlege varamedlemer til den 4 styreplassen, ein kandidat og ein vararepresentant av kvart kjønn. Eit styremedlem skal velgast blant desse 2. Det femte styremedlemet med personleg vara blir vald av generalforsamlinga etter forslag frå dei andre aksjonærane. Sjå elles vedlagde utkast til vedtekter. Prosedyre for etablering av Odda Vegfinans AS Fylkesrådmannen legg til grunn følgjande opplegg for etablering av bompengeselskapet for Haukelivegen (Røldal- Haukeli) Odda Vegfinans AS: Fylkestinget gjer i oktober 2010 vedtak om etablering av aksjeselskap, opplegg for eigarstruktur, aksjekapital, val av fylkeskommunen sine styremedlemmer og godkjenning av utkast til stiftingsdokument. Omlag samstundes gjer dei aktuelle medeigarkommunane vedtak om deltaking, aksjekjøp og godkjenning av utkastet til stiftingsdokument. Odda kommune vel sin styremedlem. Fylkeskommunen inviterer ultimo oktober medeigarkommunane til stiftingsmøte, der stiftingsdokumentet vert signert. På eit slikt møte vil og løysingar for dei administrative behova i selskapet bli drøfta. Fylkesrådmannen sine merknader For å sikra vidare framdrift i planarbeidet, ser fylkesrådmannen det som føremålstenleg at det alt no vert etablert eit bompengeselskap for E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell) - Odda Vegfinans AS. I ein første fase må bompengeselskapet arbeida for å sikra gjennomføringa av reguleringsarbeidet og deretter utarbeida ein bompengesøknad for prosjektet. Fylkesrådmannen viser til Statens vegvesen si tilråding om selskapsform( i Håndbok 102 Bompengeprosjekter ) og rår til at selskapet vert organisert som eit aksjeselskap med fylkeskommunal aksjemajoritet. Fylkesrådmannen rår til at kommunane i omlandet til prosjektet - Odda, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Etne, Ullensvang, Jondal, Kvinnherad, Vinje, Tokke, Kvitseid og Seljord - vert inviterte med til å vera aksjonærar i selskapet. Interesseselskapet AS Haukelivegen har, på vegne av 5
fylkesrådmannen, teke kontakt med desse kommunane med førespurnad om eventuell deltaking i eit bompengeselskap for E134 Haukelivegen (Seljestad Haukelifjell). Stiftinga av selskapet skjer på grunnlag av det framlagte utkastet til vedtekter (vedlegg), men med rom for tilpassingar og redaksjonelle endringar, seinast på stiftingsmøtet. Komplett stiftingsdokument vert utarbeida til stiftingsmøtet. AS Haukelivegen har sagt seg villige til å dekkja eventuelle utgifter til stiftingsmøtet og registreringsavgift i Brønnøysund, samt mindre kostnader fram til selskapet gjer låneopptak. Bompengeslskapet si forretningsadresse legg ein opp til vert Odda heimkommunen til prosjektet. Dettte er i tråd med noverande praksis (jf. bompengeselskapa for Vossapakken, Kvammapakken, Bømlopakken mfl.). Det er lagt opp til eit styre på fem medlemmer i bompengeselskapet med tre i frå fylkeskommunen (sjå 6 i utkastet til vedtekter). Det vert og lagt opp til at Odda kommune vel ein styremedlem, ut frå at prosjektet ligg i Odda kommune. Etter aksjeloven er det ikkje krav om varamedlemmer når styret har meir enn 2 medlemmer (sjå aksjeloven 6-3). Fylkesrådmannen vil likevel rå til å følgja den praksis som er lagt til grunn for selskap der fylkeskommunen har stilt garanti og kravd styrefleirtal, med personleg varamedlem for kvart styremedlem. Det er også praksis at fylkeskommunen oppnemner styreleiaren. I utkastet til vedtekter er det foreslått at selskapet skal ha ein aksjekapital på kr. 250 000. Fylkeskommunen skal eiga 52 prosent av aksjane. Dei resterande aksjane legg fylkesrådmannen opp til vert jamt fordelte mellom dei inviterte omlandskommunane. Fylkesrådmannen rår til at fylkeskommunen sitt aksjeinnskott vert finansiert frå fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto. Det kan seinare i haust bli aktuelt å fremja sak om fylkeskommunalt garantiansvar for låneopptak til bompengeselskapet. 6