saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 09.05.2014 30818/2014 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 03.06.2014 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri Akvakulturforvalting Vedtak fatta etter akvakulturlova Løyve i perioden til no i 2014 9 Avslag i perioden til no i 2014 1 Akvakultursøknader under behandling Laks og aure i sjø 24 Laks og aure på land (landbasert) 6 Andre arter i sjø 7 Andre arter på land 0 Skaldyr 0 Havbeite 0 * Løyver i perioden er meste lokalitetsklareringar for laks og aure, men kan også vere nye løyver for settefisk av laks og aure + løyver generelt til marine artar og skjell. Det har ikkje vore skrive ut nye løyver for laks og aure sidan førre tildelingsrunde i 2009. Lokalitetsklarering kan t.d. vere: geografisk endring av anlegg, at det vert lagt til ein fôrflåte, utviding av MTB på eksisterande lokaliteter m.m. Lakselus status Lakselus er ein naturleg parasitt på laksefisk i saltvatn, og er funne i alle havområder på den nordlege halvkule. Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks, og ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Omfanget har auka mykje i takt med veksten i oppdrettsnæringa. Meir oppdrettslaks betyr fleire vertar som lusa kan feste seg på, og fleire lus som spreiar seg vidare. Frå 2013 har myndigheitene fastsatt ei maksimalgrense på 0,5 voksen holus per fisk. Lakseselskapa må derfor sørgje for å sette inn tiltak i god tid før dei når denne grensa. Lakselus formeirar seg heile året, men raskare når temperaturen aukar, spesielt på seinsommaren. Lakseselskapa er pålagt å rapportere om lusemengda til Mattilsynet ein gong i veka. Medisinen ein har mot lakselus verkar ikkje like effektivt lenger, fordi lusa har vorte meir motstandsdyktig (reistent). Det gjer det vanskeleg å bekjempe parasitten og halde nivået lågt i oppdrettsanlegga. Tiltak som er satt i gang og som har hatt god
effekt er samordna avlusingar i større områder, og bruk av heildekkande presenning i avlusingane. Det vert også jobba aktivt med alternative metodar for avlusing, der det også vert fokusert på metodar retta mot dei tidlege lusestadiane. Fordelen med dette er at den naturlege utviklinga til voksen holus vert broten, og dermed stoppar oppformeiringa av lakselusa. Figurane under er gjennomsnittstal for Noreg og Møre og Romsdal, basert på rapporteringar frå lakseselskapa på lokalitetsnivå. Ut frå lusestatstikken om Møre og Romsdal: Noreg Møre og Romsdal 2012 2013 2014
Kjelde: www.lusedata.no Marknad Dei største sjømatmarknadane, etter verdi. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 855 22,737 863 17,988 EU 532 14,317 518 11,101 Polen 59 2,089 55 1,667 Frankrike 45 1,977 49 1,796 Russland 80 1,976 98 2,016 Danmark 121 1,793 135 1,438 Storbritannia 40 1,344 32 0,809 Norsk eksport av laks omrekna til rund vekt. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 347 14,640 326 11,067 EU 241 9,919 223 7,466 Polen 44 1,775 43 1,435 Frankrike 42 1,727 46 1,538 Russland 30 1,271 37 1,247 Danmark 22 0,923 20 0,658 Storbritannia 22 0,886 17 0,505
Norsk eksport av klippfisk. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Pris som NOK/kg. Volum Verdi Pris Volum Verdi Pris Totalt 30,9 1,037 33,57 29,0 0,920 31,72 Brasil 9,8 0,347 35,34 9,6 0,324 33,69 EU 9,0 0,327 36,28 9,1 0,317 34,97 Portugal 7,7 0,283 36,55 7,5 0,265 35,56 Kjelde: Norges sjømatråd Eksport fersk laks 2012 2013 2014 Kjelde: SSB Kommentarar Hittil i år er det eksportert sjømat for NOK 22,7 mrd. Det er ei auke på NOK 4,6 mrd. eller 26 % målt mot same periode i fjor. Berre i april vart det eksporterte sjømat for NOK 5,7 mrd. i april. Det er ei auke på NOK 1,2 mrd. eller 27 % samanlikna med april i fjor Det ble eksportert laks for NOK 4 mrd. i april. Dette er ein auke på NOK 973 mill., eller 33 % samanlikna med april i fjor. Prisen for fersk heil laks auka frå NOK 41,93 til NOK 45,59 per kilo. Volumet auka frå 69 000 tonn til 82 704 tonn for alle anvendingar av laks. Eksporten av sild enda på NOK 204 mill. i april. Det er ei auke på NOK 54 mill. eller 36 % frå april i fjor. Russland og Tyskland er de viktigste markeder for sild i april. Makrelleksporten auka med NOK 21 mill. eller 37 % i april til totalt NOK 77 mill. Ukraina er største mottakar av makrell, med ein verdi på NOK 8 mill. Eksporten av klippfisk enda på same nivå som i fjor med ein eksportverdi på NOK 175 mill. i april. Den totale eksporten i til no i år er på NOK 1 037 mill. eller 11,7 % meir enn i fjor, og volumet har auka med ca. 1880 tonn til 30 894 tonn. Eksporten av fersk torsk, inklusiv filet, auka med NOK 19 mill. eller 10 % til totalt NOK 210 mill. i april. Med ein eksportverdi på NOK 208 mill., er EU den dominerande marknaden for fersk torsk frå Norge. For fryst torsk er aukinga på NOK 22 mill. eller 20 % til totalt NOK 133 mill. i april. EU er også største mottaker av fryst torsk med en verdi på NOK 72 mill.
Tildeling av nye laksekonsesjonar - Grøne løyver Ingenting nytt sidan sist. Gruppe C vil etter planen verte ferdigstilt i løpet av juni. Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om akvakulturforvalting og fiskeri til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Frank Madsøy ass. regional- og næringssjef