Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 07.02.2012 Dykkar dato 16.01.2012 Vår referanse 2012/1088 331.1 Dykkar referanse Ullensvang herad Heradshuset 5780 Kinsarvik ULLENSVANG HERAD - BUDSJETT FOR 2012 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2011. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen i skatteøyret blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarer dette til ein like stor auke i statleg rammeoverføring. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 74,8 mill. i skatt på eige og inntekt for 2012. Av dette utgjer naturressursskatten kr. 4,6 mill. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 88,3 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 190,6 mill., medrekna naturressursskatt. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2012. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2011. Dei frie inntektene i budsjettet ligg om lag kr. 1,1 mill. for høgt i høve til noverande inntektsprognose. Eigedomsskatt Det er budsjettert med om lag kr. 3,5 mill. i eigedomsskatt for 2012. Eigedomsskatten er skriven ut med maksimalsatsen 7,0 promille av takstgrunnlaget på verk og bruk. Eigedomsskatten frå kraftverka er viktigast i denne samanheng. Dette er ei vidareføring av ordninga frå 2011. Det er ikkje gjort noko vedtak om utviding av eigedomsskatten til all næringseigedom eller til alle eigedomar i kommunen, korkje for 2012 eller 2013. Ei utviding av grunnlaget for eigedomsskatt vil vere eit alternativ til gjennomføring av meir omfattande innsparingstiltak i økonomiplanperioden 2012-2015. Andre generelle inntekter Det er budsjettert med netto inntekt frå kraftomsetnad og heimfallsinntekter ( til saman kr. 27,0 mill. ), samt momskompensasjon frå investeringar ( kr. 3,6 mill. ) m.m. Kommunen har høge inntekter frå kraftomsetnad og heimfallsinntekter. Desse inntektene er knytte til kraftprisane, og kommunen er difor sårbar for prisutviklinga på kraft. Det har vore eit stort fall i prisane i kraftmarknaden dei siste månadene. Dette vil føra til mindre kraftinntekter for kommunen i 2013, slik at utfordringane med å få økonomiplanen i realistisk balanse vil bli forsterka. Det er rekna med at kraftinntektene i år mest sannsynleg er realistiske i høve til budsjettet. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % ( vekt 0,635 ) og varekjøp med 2,0 % ( vekt 0,365 ). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). 2
Det er budsjettert med kr. 8,9 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån ). Dei ordinære avdraga ligg med dette over minstekravet, og dette bidreg positivt med sikte på den økonomiske utviklinga i kommunen. Kommunen har over lang tid teke opp lån med avdragstid på 20 år. Det er førebels også lagt opp til 20 år avdragstid på lån som blir teke opp i år, men dette kan eventuelt bli justert. Dersom kommunen aukar avdragstida på nye lån, bør avdragstida på desse låna ikkje gå utover 30 år. Avdragsprofilen på lån som er teke opp tidlegare bør bli oppretthalde. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Budsjettert overføring frå drift til investeringar, kr. 2,2 mill., svarer til 60 prosent av investeringsdelen av momskompensasjonen. Det er lagt opp til eit netto driftsunderskot i budsjettet med om lag kr. 3,5 mill. Det er i stor grad lagt opp til bruk av disposisjonsfondet som følgje av netto driftsunderskot (i kr. 1.000,-): avsetjing til disposisjonsfond 0 avsetjing til bundne fond -3961 overføring til investeringar -2200 bruk av disposisjonsfond 6600 bruk av næringsfond 2951 bruk av andre bundne fond 121 = kr. 3,5 mill. Bruken av næringsfond blir, i samsvar med regelverket, nytta til tiltak knytt til føremålet. Det er dekning på fondet til å gjennomføra den budsjetterte bruken. Det er på denne bakgrunn i stor grad lagt opp til å bruka av disposisjonsfondet i 2012. Sjølv om kommunen førebels har tilstrekkeleg med midlar på fondet til denne bruken i år, kan 3
kommunen ikkje halde fram med dette over fleire år. Kommunen må utarbeide ein økonomiplan som er realistisk med netto driftsoverskot. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen hadde eit udisponert overskot på kr. 3,2 mill. i rekneskapen pr. 31.12.2010. Dette er disponert gjennom budsjett 2011 og til utbetring av kommunale vegar. Kommunen hadde ved årsskiftet 2010 / 2011 eit generelt disposisjonsfond med kr. 4,9 mill. og disposisjonsfond knytt til kraftomsetnad med kr. 11,7 mill. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2012 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 21,7 mill. Dei største investeringane er i nybygg til Kinsarvik barnehage, Hauso skule, Veisane barnehage m.m. Det er også kr. 3,0 mill. i prosjekt innan vatn og avlaup. Investeringane er planlagt finansierte med bruk av lån, til saman kr. 19,0 mill. Det gjenståande finansieringsbehovet er planlagt dekka av momskompensasjon og bruk av fond. Planlagde låneopptak består av generelle lån ( kr. 16,0 mill. ) og lån til avgiftsfinansierande tiltak ( kr. 3,0 mill. ). Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr. 53.505,-. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr. 45.870,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå som ligg om lag åtte prosent høgare enn landsgjennomsnittet ( utanom Oslo ). Kommunen si samla lånegjeld er rekna til om lag kr. 149,3 mill. ( kr. 43.843,- pr. innbyggjar ) ved utgangen av 2011. Lånegjelda vil på grunnlag av budsjettet auka til om lag kr. 155,4 mill. ( kr. 45.635,- pr. innbyggjar ) ved utgangen av 2012. Startlån til vidareutlån er ikkje medrekna i desse tala for gjeld. Av samla lånegjeld er om lag 36 prosent knytt til sjølvfinansierande tiltak. Gjeldsnivået i kommunen er framleis moderat samanlikna med andre kommunar. Det er lagt opp til ein auke i kommunen si gjeld dei neste åra. Kommunen må unngå at denne gjeldsauken blir vesentleg. Utviklinga i gjelda må bli vurdert i samanheng med dei utfordringane som kommunen har med driftsbalansen. Oppsummering Dei frie inntektene i budsjettet kan vere budsjettert noko for høgt. Det er lagt opp til eit netto driftsunderskot i budsjettet med om lag kr. 3,5 mill. Det er på denne bakgrunn i stor grad lagt opp til å bruka av disposisjonsfondet i 2012. Sjølv om kommunen førebels har tilstrekkeleg med midlar på fondet til denne bruken i år, kan kommunen ikkje halde fram med dette over fleire år. Kommunen må utarbeide ein økonomiplan som er realistisk med netto driftsoverskot. 4
Å utnytta inntektsgrunnlaget ved endra eigedomsskatt vil vere eit alternativ til gjennomføring av meir omfattande innsparingstiltak i økonomiplanperioden 2012-2015. Det er lagt opp til ein auke i kommunen si gjeld dei neste åra. Utviklinga i gjelda må bli vurdert i samanheng med dei utfordringane som kommunen har med driftsbalansen. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Gjenpart : Indre Hordaland revisjonsdistrikt, Postboks 274, 5702 Voss Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutval, Postboks 7900, 5020 Bergen Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 5