Grunngjevingsplikta til forvaltninga
Oversikt: o Grunngjevingsplikt, fvl. 24 og 25 o Opplysningsplikt, fvl. 17 o Generelt om vilkår o Verknad ved feil o Juridisk metode
Grunngjevingsplikt: Dei aller fleste vedtak som blir fatta vil vere enkeltvedtak etter forvaltningslova 2 første ledd bokstav b. Vidare skal vedtak vere skriftlege, jf. 23. Grunngjevingsplikta følgjer av føresegna i forvaltningslova, 24 og 25. Enkeltvedtak skal som hovudregel grunngjevast. Ikkje noko å sei kven det er som fattar eit vedtak, plikta gjeld uavhengig kva organ som fattar vedtak, til dømes administrasjon og politiske utval - 24 første ledd. Nokre unntak til dømes i andre ledd første setning. «I andre saker enn klagesaker kan forvaltningsorganet la være å gi samtidig begrunnelse dersom det innvilger en søknad og det ikke er grunn til å tro at noen part vil være misfornøyd med vedtaket.» Dette inneberer at ein ikkje treng å sende grunngjevinga samtidig som melding om vedtak. Det skal likevel liggje føre ei grunngjeving for vedtaket! God forvaltningsskikk tilseier at grunngjeving følgjer med vedtak!
Grunngjevingsplikt forts. Kva grunngjevinga skal innehalde følgjer av 25. Det skal visast til dei reglane vedtaket byggjer på, og som hovudregel gjengje desse, jf. første ledd. Dei faktiske forholda skal gå fram, jf. andre ledd. Dei hovudomsyna som har gjort seg gjeldande/ vore avgjerande bør nemnast, jf. tredje ledd. Det går fram av forarbeida at dette er minstekrav, men samstundes skal ikkje grunngjevingsplikta vere for omfattande, gjeld særleg skjønnsmessige vurderingar, jf. Ot.prp.nr.38 (1964-1965) s. 84. Ofte er det grunn til å ha meir utfyllande vurdering enn det som følgjer av lova. Generelt kan ein sei at jo meir inngripande eit vedtak er, jo strengare krav vert det stilt til grunngjevinga. Ikkje noko plikt til å ta stilling til alle moment parten har kome med, men det bør nemnast kvifor dei ikkje er vurdert.
Opplysningsplikt Opplysningsplikta til forvaltninga følgjer av fvl. 17. Forvaltningsorganet er plikta til å sørgje for at saka er tilstrekkeleg opplyst, før det blir fatta ei avgjersle i saka, jf. første ledd første setning. Dette inneberer at ein må hente inn opplysningar, dersom det skulle vere behov for det. Som hovudregel vil som regel søkjar kome med relevant informasjon, til dømes formål med frådeling/ omdisponering/ konsesjon. Det kan tenkjast at òg andre gir opplysningar knytt til saka, og desse må leggjast fram for parten, jf. andre ledd. Dette må sjåast i samband med kontradiksjonsprinsippet. Knytt til saker vil det kunne vere at sentral informasjon ikkje går fram av vedtaket, og som kan ha hatt verknad for resultatet. Dette er noko som ofte blir nytta i samband med klagesakar.
To ulike situasjonar: Kva for vilkår kan stillast? 1. Følgjer av føresegna Lovbestemte vilkår, t.d. konsesjonslova 5 andre ledd knytt til buplikt Generell adgang til å stille vilkår ut ifrå lov t.d. konsesjonslova 11, jordlova 9 tredje ledd og jl. 12 femte ledd ramma er at vilkåret er i samsvar med føremålet til lova! 2. Ulovfesta rett Lite relevant knytt til landbruk, ofte knytt til skjønnsmessige avgjersler, i staden for å gje avslag, så gjer ein løyve på vilkår. Vilkår kan lempast, dette må sjåast i samband med fvl. 35. Anna døme er konsesjonslova 11 første ledd andre setning.
Generelt om vilkårslæra Innanfor ramma som følgjer av den ulovfesta vilkårslæra To kumulative krav: 1. Sakleg samanheng med lova sitt formål 2. Ikkje vere uforholdsmessig tyngande 1. Er vilkåret eigna for å fremje formålet 2. Er vilkåret nødvendig eller kunne formålet ha vore realisert med mindre midlar 3. Er det totalt sett for tyngande i forhold til det mål som skal realiserast
Verknad ved feil Etter fvl. 41 vil eit enkeltvedtak vere ugyldig dersom det er grunn til å tru at feilen kan ha hatt verknad for resultatet. I Ot.prp.nr.38 (1964-1965) side 120 blir det uttalt: «Departementet finner derfor ingen betenkelighet ved å foreslå den endring i utkastet at feilen bare skal komme i betraktning «dersom det er sannsynlig at den kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold.»» Eit forvaltningsvedtak kan kjennast ugyldig dersom det kan tenkjast at feilen har hatt verknad for innhaldet i vedtaket.
Verknad ved feil forts. Rt. 1981 s. 745 og Rt. 2000 s. 1066 vart eit vedtak om forkjøpsrett kjent ugyldige av Høgsterett som følgje av «mangler ved begrunnelsen (som) kan tyde på svikt ved selve avgjørelsen» og «mangler ved begrunnelsen... som kan tyde på at det er en svikt i selve avgjørelsen som følge av at avgjørelsesgrunnlaget ikke har vært forsvarlig». Ein må vurdera om feilen kan ha hatt verknad, og dette er noko forvaltningsorganet også sjølv kan gjere, jf. fvl. 33 (klage) og 35 (omgjering), til dømes når det kjem nye opplysningar. Ein kan då rette vedtaket på eige initiativ eller som følgje av klage, og fatte eit nytt på bakgrunn av dei nye opplysningane.
Juridisk metode Startar med kva saka gjeld Kva gjeld søknaden, kva ynskjer søkjaren/ formålet, informasjon frå/ knytt til søkjar/ eigedomen osv. til dømes frådeling Utgangspunktet for vurderinga vil vere jordloven 12 to spørsmål som det må takast stilling til før sjølve vurderinga etter 12 tredje ledd! Er det tale om landbrukseigedom/ kjem 12 til bruk? Er det tale om dyrka eller dyrkbar jord ja eller nei? Ja, då må saka handsamast etter jordlova 9 først, jf. 12 andre ledd. Nei, då kan ein gå rett på 12 tredje ledd.
Juridisk metode forts. oppsett - Vurderinga etter 12 Kva er lovgrunnlaget innhaldet i føresegna, vurderinga tek utgangspunkt i momenta i tredje ledd Knytt faktum til dei momenta som er nemnt (ikkje uttømmande, jf. ordlyden «mellom anna»), rundskriv gir nærare retningslinjer for korleis ein skal vurdere saka. Heilheitleg vurdering av momenta/ konklusjon etter tredje ledd. Vurdering om busetjingshensyn etter fjerde ledd føresetnad at det er negativ konklusjon etter tredje ledd. Positivt/negativt vedtak (kan gjerne vere i starten)
Takk for meg.