ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE 2016/17 «SAMAN SET ME SPOR» TIME KOMMUNE

Like dokumenter
ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE 2017/18 «SAMAN SET ME SPOR» TIME KOMMUNE: TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2019/20 MAURTUÅ BARNEHAGE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Årsmelding for Urhei barnehage

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Informasjonshefte Tuv barnehage

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

INFORMASJOSHEFTE FOR FORELDRE I MAURTUÅ BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET 2019/20. «Saman set me spor» Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede

Du må tru det for å sjå det

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Blåbærskogen barnehage

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

ÅRSPLAN SiO BARNEHAGE BAMSEBO

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

1/2 ÅRSPLAN 2012 GRØNBERG BARNEHAGE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

Stokkalandsmarka barnehage

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kvislabakken barnehage er et mangfoldig læringsverksted

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Årsplan Hvittingfoss barnehage

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ÅRSPLAN FOR BARNAS HUS for barnehageåret 2010/2011

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Årsplan Gimsøy barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

En unik og mangfoldig barnehage! Humor Engasjement Trygghet

ÅRSPLAN 2017/2018 HARESTUA BARNEHAGE

Fladbyseter barnehage 2015

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Årsplan for Støtvigenga barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Årsplan Askeladden barnehage 2018/ 2019

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Transkript:

ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE 2016/17 «SAMAN SET ME SPOR» TIME KOMMUNE

Forord: Alle barnehagar arbeidar med utgangspunkt i Lov om barnehagar og forskrift om rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. Barnehagane i Time skal skape kultur for og grunnlag for livslang læring. Rammeplanen for barnehagen pålegg alle barnehagar å laga ein årsplan som visar korleis rammeplanen og barnehagelova skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast. Denne planen skal gi informasjon om korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, oppdraging, leik og læring. Årsplanens funksjon er: Arbeidsreiskap for barnehagepersonalet til å styra verksemda i ei ønska, bevisst og uttalt retning Utgangspunkt for foreldra til å kunna påverka innhaldet i barnehagen Grunnlag for kommunalt tilsyn Informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen til eigar, politikarar, kommune, samarbeidspartar og andre interesserte Som eit tillegg til årsplanen har me progresjonsplaner, verdidokument og det lages månadsplanar til dei ulike gruppene. Her går me meir i detaljer på arbeidet og følgjer opp med dokumentasjon. Prosess for utarbeiding av årsplan: Juni: Årsplanen fastsettes av barnehagens SU August/september: Årsplanen vert lagt ut på barnehagens heimeside Mai: Ny årsplan vert laga ut frå foreldre- og personalevaluering Oktober-desember: Barnehagen arbeider ut frå årsplanen Mars/april: Personalet evaluerer og vurderer innhald. Kva har vi fått til? Januar/februar: Foreldremedvirking. Innspel frå SU, foreldreråd, den enkelte føresette 2

Presentasjon av barnehagen Maurtuå Barnehage opna i 1992 som ein privat andelsbarnehage. I august 2010 blei me kommunal. Barnehagen blei delvis renovert i 2016. Opningstider er frå 0700-1630. Me har 3 avdelingar med ca 60 barn totalt, inkludert heile og delte plasser. Nøtteliten (0-2 år, grøn),mikkel Rev (2-3 år, rød ) og Blåmann (4-5 år, blå) Me har eit stabilt personalet, lågt sjukefråvær og undersøkingar visar at personalet trives. Sidan 2000 har me vært praksisbarnehage for studentar ved barnehagelærerutdanninga, UiS. Dagsrytme: 0730-0830 Frukost 0900 Samling, avdelingsvis. Fellessamling kvar fredag. 0930 Tur, aktiviteter,leik inne/ute for Blåmann og Mikkel Rev, Nøtteliten er ute. 1100 Samlingsstund avdelingsvis. 1115 Lunsj 1200 Mikkel Rev og Blåmann er ute, sovetid for Nøtteliten. 1400 Fruktmåltid. 1430 Leik inne og/eller ute. 1630 Barnehagen stenger. Teieplikt og meldeplikt Alle som arbeider i barnehage har teieplikt i forhold til personlege forhold, og meldeplikt ved mistanke om mishandling, kjønnslemlesting og anna omsorgssvikt. Jf. Barnehagelova 20. Alle tilsette, studentar, vikarar osv har oppstartssamtale med styrar. Her går dei blant anna gjennom kva teieplikt er, og konsekvensen ved brot på teieplikt, samt meldeplikt. Me har og fast del på planleggingsdag for heile personalet om kva det inneber å ha teieplikt. 3

Visjon til barnehagen: Saman set me spor Med det meinar me: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre. Me lærer og utviklar oss i eit samspel. Alle skal oppleve Maurtuå barnehage som ei god plass å være. Barna skal bli rusta til å ta gode val i livet. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra gje barna ei god plattform for vidare utvikling og læring. Når barn, foreldre og tilsette sluttar i Maurtuå, vil me at dei skal kunne sjå tilbake på åra i barnehagen som gode og lærerike, og at dei har mange opplevingar dei vil hugsa. Visjonen vår heng saman med våre 4 verdiar: Fleksibilitet Respekt. Omsorg Glede Verdidokumenta inneheld dokumentasjon over kva me meiner må ligge til grunn for eit godt barnehagetilbod, og rutinar for å ivareta kvaliteten på samspelet i barnehagen. Verdidokumenta finn du på heimesida vår: www.minbarnehage.no/maurtua Grunntankar i vårt arbeid: I Maurtuå barnehage er det aktive og engasjerte vaksne som ser kvart barn som unikt og verdfullt. Me vil leggja til rette for ein innhaldsrik og stimulerande kvardag, saman med barn og foreldre. Det vil seie: Barn og foreldre får ein god og trygg start i barnehagen. Me gjev rom for gode opplevingar og læring i kvardagen. Me gjev kvart enkelt barn eit tilrettelagt barnehagetilbod. Me har gode markeringar av høgtider og merkedagar. Me har eit godt samarbeid med foreldra. Barnet er ein ressurs som vi skal ta på alvor. Dei vaksne er tydelege og bevisste si rolle og sitt ansvar. Me har ei halding om at jobben me gjer alltid er til barns beste. Vår visjon og verdiar dannar grunnlag for våre val og handlingar. 4

PERSONALGRUPPA 2016/2017: Marianne Byberg Styrar, 100 % Kristi H. Haavardsholm Ped.leiar, 80 %, Nøtteliten Ann Turid R. Krag Ped.leiar, 100 %, Blåmann Jorunn Anette R. Byberg Ped.leiar, 100 %, Mikkel Rev Rita Siqveland Ped.leiar, 60 %, Nøtteliten Monica T. Dybing Ped.leiar, 50 %, Mikkel Rev og 10 % rettleiar Lill Kristin Aasland Ped.leiar, på disp 80 %, Blåmann Margot Meland Fagarbeider, 100 %, Blåmann Asta Høyland Assistent, 100 %, Nøtteliten Cecilie Stangeland Fagarbeider, 100 %, Mikkel Rev Julie Svendsen Assistent 80 % og ped.leiar på disp 20 %, Nøtteliten Randi B. Risa Assistent, 100 %, Blåmann Anne Lise Risa Assistent, 100 %, Blåmann (verneombod) Andre A. Undheim Assistent, 90 %, Blåmann Hege Varhaug Fagarbeider, 70 %,Mikkel Rev Evy Haugland Fagarbeider, 100 %, Nøtteliten Solveig Kvarme Spesialpedagog, 50 % May Helen Fjermestad Kjøkkenhjelp. Tuk Reinhaldsbetjent. Anne Therese Bjunes Ringevikar. Prisilla Sevatdal Ringevikar. Martine Hegland Ringevikar. Johannes Skjørshammer Vaktmeister. 5

Satsingsfelt for barnehageåret 2016/17: Hovudmål Delmål/tiltak Sosial Å vere anerkjennande er ei grunnhaldning hos den enkelte tilsette. kompetanse Me har fokus på empati og følelsar. Me arbeider ut frå våre verdiar. Me har fokus på god folkeskikk. Me er trygge og tydelege i møte med barna. Me ser kvart enkelt barn. Kvart barn har sin eigen utviklingsplan. Leikelyst Me deler barna i stabile leikegrupper. Dei vaksne er medviten til si rolle i høve til leiken. Det fysiske miljøet er tilrettelagt slik at barna kan ta eigne val og med gode leikekroker. Me er medvitne om kva leiker me har, og byttar/lånar avdelingar seg i mellom. Barna har god tid til spontan leik. Me er medvitne på - og legg til rette for læring både gjennom spontan og planlagt leik. Leselyst Me badar barna i språk (bøker, songar, rim/regler, samtale, leik med språket, bokstavar m.m.) Me har TRAS kartlegging av alle barn 1 gong i året. Me har språkgrupper for barn som treng ekstra språkstimulering. Eige bibliotek med mulighet for å låne med bøker heim. Me har månadens song og regle. Tidleg innsats. Barn får rett hjelp tidleg. Me har oppstartssamtale med alle nye foreldre. Me gjev barna allsidige erfaringar som fremmar livslang læring. Me har eit godt samarbeid med skulane for å få til ein god overgang frå barnehage til skule. Me har eit tett samarbeid med andre faginstansar som barnevern, helsesyster og PPteneste. Kvart barn blir stimulert til god og variert fysisk aktivitet, og me har fokus på helse og godt kosthald. Me er ein lærande organisasjon. Kvart barn nyttar skogen; minst ein gong per veke. Kvart barn deltek i gymnastikkaktivitetar, spontant og i planlagde opplegg. Me har tur- og gymnastikkutstyr som stimulerer til variert fysisk aktivitet. Vaksne skal være gode rollemodellar og oppmuntra barn til at dei får meistringsopplevingar. Me har fokus på menneskekroppen og betydinga av gode vaner og godt kosthald. Me har god veksling mellom aktivitet og kvile. Me har fruktmåltid kvar dag. Me reiser på studiebesøk/hospiterer i andre barnehagar for å få nye innspel, både fagleg og organisatorisk Kvalitetsvurdering kvart år gjev oss ei rettesnor for arbeidet vidare. Me fylgjer aktivt med og deltek i den pedagogiske debatten. Me er alle viktige, men har ulike funksjoner i vår lærande organisasjon. Me er løysningsfokusert. Me har kultur for refleksjon i kvardagen ved å bruka praksisforteljingar. Me dokumenterer for å synliggjera det som skjer i kvardagen. 6

Visjon til Time Kommune: «Trygg og framtidsretta». I Maurtuå barnehage har me fylgjande mål knytt til denne visjonen. Trygg: Foreldra skal oppleva at det er trygt å ha barna sine i barnehagen. Alle skal bli møtt med forståing og respekt. Personalet skal vera tydelege på kva barnehagen står for og kva me vil foreldra skal bidra med. Barna er trygge og opplever barnehagen som ein god plass å vera. Personalet er trygge på rolla si og kompetansen sin slik at dei får brukt seg sjølv på ein god måte. Framtidsretta: Foreldra møter ein barnehage som er i utvikling og heile tida vil gjera det beste for deira barn. Barna får grunnleggjande basiskunnskap som gjer dei i stand til å meistra livet. Personalet opplever å vera ein del av ein lærande organisasjon. Korleis arbeider barnehagen med inkludering og likeverd? Barnehagen skal gjenspeile mangfaldet i samfunnet i forhold til funksjonsnivå, alder, kjønn, kultur/ språk og familiebakgrunn. Rammeplanen er tydeleg på at barnehagen skal være eit inkluderande fellesskap med plass til det enkelte barn. Personalet har ansvar for at alle barn får oppleve at dei sjølv og alle i gruppa, er betydningsfulle personar for fellesskapet. Personal: - Rullerer på avdelingar. Blir inkludert i ulike miljø og at det ikkje dannas subkulturar. - Trivselsreglar for personalet. - Eige verdidokument for personalet. - Rutinar for nytilsette for at dei skal bli inkluderte i personalgruppa. Foreldre: - Eige verdidokument for korleis me skal møta foreldra. - Oppstartssamtale med alle nye foreldre. - Eige foreldremøte på våren for nye foreldre. - Tilstelningar der me inviterar foreldre. Barn: - Kvart enkelt barn skal bli sett og få kjenne på at vi vil dei vel og setter pris på dei. - Tydelige vaksne på korleis me skal ha det i vår barnehage, og det skaper ei forståing av at alle er like mye verdt. - Primærkontakt. - Verdidokument for barna. Her seiar me noko om korleis me skal visa barna respekt for barna. 7

- COS Me har brukt eit barnehageår, der me har hatt COS kurs. Dette har ført til at personalet har fått økt forståing for korleis ein skal møte barna og forstå barns følelsar og behov. Få til eit bedre samspel med barna, og sjå oss sjølv utanfrå. - Marte Meo rettleiing med fokus på barn som fell utanfor i leiken, korleis personalet kan tilretteleggje for at desse barn og skal bli inkludert meir i leiken. Inkludering av frammandspråklige: - Tolk - Heimesida med moglegheit for oversetting til deira språk - Tettare/jevnleg dialog med framandspråklige foreldre. Korleis arbeider barnehagen med likestilling? Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape eit likestilt samfunn. Gutar og jenter skal ha like muligheiter til å bli sett og høyrt, og oppmuntras til å delta i alle aktiviteter i barnehagen. Barnehagens materiell og utstyr må stimulere til allsidig leik. Me skal leggja til rette for at barn kan opparbeide mot og sjølvtillit til å være seg sjølv og velja fritt ut frå kven de er, meir enn de forventningar som ligger i kjønnsrollene. Plan for å førebyggja mobbing: - Me har utarbeida eigen mobbeplan. Planen seiar noko om kva mobbing er, og kva me vaksne skal sjå etter. Her er det og handlingsplaner for korleis ein skal gå fram dersom ein ser at mobbing skjer i barnehagen. - Jobbe med vennskap. Ha rutinar som gjør at de vaksne legger merke til om nokon ikkje har nokon å leike med. - Lære barna enkel konfliktløysning gjennom å være gode rollemodeller. Ikkje være opptatt av å fordele skyld, men av å finne en løysning. - Har hatt kurs for personalet med tema vennskap. Alle barn har ein primærkontakt i barnehagen. Ved at ein vaksen har et spesielt ansvar i forhold til ei gruppe barn, sikrar man at enkeltbarnet blir sett i kvardagen. 8

Markering av religiøse høgtider, merkedagar: Me plan for alle høgtider og merkedagar. Her står det korleis me skal feira/markere dager ig høgtider. Me er medvitne på at religiøse markeringer er fri for forkynning, men at me skal formidla. Alle merkedager blir evaluert, der me nyttar kvalitetskrysset. Danning- gjennom omsorg, leik og læring Barnehagen skal i samarbeid og i nær forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Samhandling mellom barn og vaksne i leik og læring er ein føresetnad for danninga. Danning er ein livslang prosess som blant anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og væremåte. Danning skjer i samspel med andre og er heilt nødvendig for å vær ein del av eit større fellesskap. Gjennom gode danningsprosessar blir barnet i stand til å handtere livet. Det skjer ved at dei utviklar evna til å vera prøvande og nysgjerrig til omverda, og evna til å sjå seg sjølve som et verdifullt medlem av et større fellesskap. Barn må få utfordingar, utvikle kunnskapar og ferdigheter, og få støtte for å handle omsorgsfullt og gjera etisk begrunna val. Tryggleik og omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barnet, og barnas omsorg for kvarandre. Det å gje og ta imot omsorg er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse. Alt barna opplevar og erfarer i barnehagen skal ha eit utgangspunkt i en omsorgsfull relasjon der den vaksne ser og ivareta barnet. Barna skal møte trygge vaksne som viser engasjement og glede. Gode relasjonar gjer barna trygge og robuste som får ei betre utvikling, læring og mindre åtferdsproblem seinare i livet. Dette står det meir om i våre verdidokument. Trygghetssirkelen beskriv den normale sirkelen barnet beveger seg på heile tida. Barnet har behov for å veta at den vaksne er der. Når dei har nok «påfyll» beveger dei seg ut på sirkelen for å utforske verda. Dei treng å veta at me er der når dei utforskar, den vaksne må visa at «det er i orden for meg at du utforskar». Når eit barn skal byrja i barnehage, må ein bryte litt opp trygghetssirkelen. Dei skal leverast til nokon som dei ikkje kjenner. Dette kan vera vanskeleg og kjennast unaturleg for mange foreldre. Mange er redde for at barnehagen ikkje skal forstå kva barnet treng, og at dei ikkje skal bli tatt vare på så godt heime. Barnet skal inn i ein annan kvardag, være saman med andre barn og bli kjent med nye vaksne. Dei vaksne i barnehagen skal være omsorgspersonar som skal hjelpe barna i alle deler av barnehagekvardagen. I barnehagen ser me, at jo meir tryggleik foreldra klarer å få omkring barnehagen, jo lettare går oppstarting. Vi veit at foreldra er forskjellige og alle barn er forskjellige. Me ynskjer at de skal stola på at me ynskjer det beste for ditt barn. Gjer du det, vil du formidle dette til barnet ditt som raskare vert trygg i barnehagen. 9

Leiken har ein sentral plass i barnehagen. Den er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barnet kan uttrykkje seg gjennom. Å få delta i leiken og å ha venner, er grunnlaget for tryggleiken og trivselen. Det er me vaksne som har ansvaret for å skape eit godt og inkluderande leikemiljø for alle barna. I leiken får barna : Utvikle venskap Språk og sosiale ferdigheter Stimulere fantasi og kreativitet Friplass kor det umoglege vert muleg Oppleve humor og glede. Rolleleiken er en viktig arena for å fremme ei god språkutvikling og leggjer grunnlaget for ein god sosial kompetanse. Barnehagen skal leggja til rette for variert leik som gir muligheit for læring, gode opplevingar, glede og meistring. For oss er det viktig å ta vare på all leik, også den som skjer på stellerommet, i samlingsstund, rundt bordet under måltidet osv. Denne typen leik gir også god læring. På stellebordet lærer dei minste mykje om turtaking med at den vaksne til dømes seier bø-tittei, så gjer barnet det same. Læring føregår i det daglege samspelet med andre. Vi skal støtte og stimulere barna sin nysgjerrighet. Vi skal gje dei varierte opplevingar og kunnskap, og materiale som gjev utvikling. 10

Nokon aktivitetar i barnehagen planleggast av personalet i forkant, dette er formell læring. Andre læringssituasjonar, uformell læring, er de som bare oppstår her og nå, fordi barna er opptatt av noe. Begge situasjonane har en pedagogisk hensikt og er like viktige for barns læring. Vaksne som rollemodellar «Barna gjer det vaksne gjer, ikkje det me seiar» I våre verdidokument står det konkret korleis ein skal være i lag med barn, foreldre og kollegaer. Dette gjer det trygt for nytt personalet og andre, å veta kva som forventas av dei. Barns medverking MÅL: Barn har rett til å uttrykke seg og påverke alle sider ved sitt liv i barnehagen. Barn har rett til medvirkning tilpassa barnets alder og forutsetningar. Jf. barnehagelova 1. 2.ledd Vi vil: Ta barna sine innspel og synspunkt på alvor, lytta til det barna seier og snakka saman om korleis vi kan gjennomføra ynskja deira. Observera barna og sjå kva interesser og sterke sider dei har. Nytta dette når vi planlegg tema og aktivitetar. Evaluera jamleg for å sikra at alle sin stemme vert høyrt. Ikkje bare dei som snakkar mest og høgast. Ha god dialog med foreldra 11

Fagområda som me planlegg vårt arbeid ut frå: Målsetting for arbeidet med fagområda er at alle barn skal erfare og lære gjennom vektlegging av fagområda i formelle og uformelle situasjonar i kvardagen. (Sjå kap 2.3 i rammeplanen) Rammeplanen held fram 7 fagområde som alle skal vektleggjast i arbeidet med alle barn i barnehagen. Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Tal, rom og form I Maurtuå barnehage vil me vektleggje å nå alle fagområda. Kvar månad har me ekstra fokus på eit fagområde. Dette er utgangspunkt for når me planlegg turar, samlingsstund, aktivitetar og liknande. Sjå månadsplaner for meir detaljerte planar. Me ha eigen progresjonsplan for rammeplanens fagområder. Denne synar korleis me arbeider med dei ulike fagområda tilpassa alder til barna. Det er naturleg at det vert vektlagt fleire område inn i tema og opplegg samtidig. Barnas eigne interesser skal vektleggjast for å kunne imøtekoma barnas medverknad og motivasjon for å lære. 12

Foreldresamarbeid Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremma læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Jf. Barnehagelova 1. For å sikra samarbeid med barnas heim og foreldremedvirkning, må kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samaerbeidsutval. Jf. Barnehagelova 4. Barnehagen skal væra eit kompletterande miljø til heimen. Forståing og samarbeid er to sentrale begrep som skal dekka ulike sider ved kontakten mellom barnehage og heim. Foreldreråd Foreldrerådet består av foreldra/dei føresette til alle barn og skal fremma deira felles interesser og sjå til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet samle seg 1-2 gangar pr år på foreldremøte. Foreldrerådet skal bl.a. velje foreldrerepresentantane som skal sitta i Samarbeidsutval og Arbeidsutvalet i barnehagen. Samarbeidsutval (SU) består av: To foreldrerepresentantar med ein vara valt av foreldrerådet, som sit minst eit år av gangen. To tilsett representant valt av personalgruppa. Ein eigar representant (Time kommune) Styrar i barnehagen har møte-,tale- og forslagsrett samt informasjonsplikt i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv Møte 2-3 gonger i året. Samarbeidsutvalet sine oppgåver Vare eit rådgjevande,- kontaktskapande og samordnande organ for foreldre, personalet og barnehagen. Skal godkjenne og komme med innspel til barnehagen sin årsplan som utarbeidast av barnehagen sin styrar i samråd med dei tilsette. Sjå til at barnehagen drivast innanfor ramma av barnehagelova, vedtekter og budsjett. Styraren skal sørgja for at saker som er viktige leggast fram for samarbeidsutvalet og foreldrerådet. Arbeidsutvalet (AU) består av: Fire-fem foreldre valt av foreldrerådet. Det skal være minst ein representant frå kvar avdeling som sit minst eit år av gangen. Arbeidsutvalet sine oppgåver: AU skal fremme felles interesser til foreldra og bidra til samarbeid mellom barnehage og foreldregruppa for å skape eit godt barnehagemiljø AU har rett til å utale seg om saker som er viktige for foreldras forhold til barnehagen. AU skal være med å drøfte barnehagens ideelle grunnlag og arbeide for å fremma kontakt mellom barnehage og lokalsamfunn. AU har møter ca 2-3 gonger i året. 13

Me oppfordrar foreldra til å nytta seg av denne moglegheita. Det er eit godt fora til å få være med å prega barnehagekvardagen. Foreldresamtaler: Alle foreldre får tilbod om 2 foreldresamtaler pr. barnehageår. Er det behov for fleire samtaler, tek foreldra kontakt med ped.leiar. Foreldremøter Me har eit foreldremøte for nye foreldre i mai/juni. Dette er eit informasjonsmøte. I september/oktober har me foreldremøte for alle foreldre. Her har me litt info, samt eit foredrag med tema som opptek foreldra. Brukarundersøking: Time Kommune gjennomfører ein brukarundersøking blant foreldra, anna kvart år. Me hadde i 2016 ein svarprosent på 92 %, noko me sjølvsagt er svært glade for. Brukerundersøkinga visar at me har fornøyde foreldre. Brukarundersøkinga blir gjennomgått av styrar og kommunen i etterkant. Foreldresamarbeid: MÅL: Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i nær forståing og samarbeid med heimen. Kva Del mål. Gjennomføring Dokument asjon Vurderer Oppstart samtale. -Få ein god overgang -Forståing og samarbeid - Drøfte med foreldra kva dei ønskjer å medverke i, og korleis. - Kva er viktig for det enkelte barn. - Mål for individuell Oppfølging Barnemappa. Pedagogisk leiar Styrar Bringe og hente situasjonen - Forståing og samarbeid. - Gjensidig respekt - Openheit og tillit. - Lytte og vise innsikt. - Regelmessig kontakt der ein utvekslar informasjon - Vi er tilgjengelege og imøtekommande med barn og foreldre i hente og bringesituasjonen. Vi høyrer på foreldre og barn og samarbeider godt. Vi legg vekt på gjensidig tillit. - Registrere barnet. Foreldresamtalar Foreldre Pedagogisk leiar. Assistentar Styrar Samarbeids utval (SU) -Medverknad og innsyn. - Godkjenne årsplan. - Drøfte høyringar og praktisering av verdigrunnlag. - Info om dagleg drift og Saksmappe Samarbeids utvalet og styrar. 14

økonomi. Foreldreråd (AU) - Reell medverknad - Barnehagen er open for kva foreldra ventar og ynskjer. - Drøfte praktisering av verdigrunnlag. - Samtale og synspunkt kjem fram. - Gruppearbeid. - Ulike metodar blir nytta. - Lage plan for heim /bhg samarbeid. Foreldremøte. Saksmapper Styrar Foreldresamtalar - Skape godt grunnlag for tryggleik, utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. - Minst 2 samtalar pr. år. I tillegg ved behov. - Trivsel / utviking til barnet og den pedagogiske drifta skal drøftas. - Rettleiing når det gjeld omsorg og oppdragar oppgåver - Info. om hjelpeinstansar. - Individuell opplæring. - Det skal lagast ein utviklingsplan for barnet. (den skal evaluerast ved kvar samtale).i denne planen samarbeider ein om mål til barnet. Barnemapper Pedagogisk leiar Personale. Styrar Anna samarbeid - Gje tidlig informasjon slik at ein kan medvirke. - Lage treffpunkt for foreldra og barnehagen. - Via heimesida - Foreldrekaffi, påskefrukost og andre tilstelningar. AU Styrar Pedagogisk leiar Planlegging, dokumentasjon og vurdering Barnehagen er ein pedagogisk virksomhet som skal planleggjast, dokumentarast og vurderast. Den enkelte barnehage står fritt til å velja metodar og omfang ut frå lokale forutsetningar og behov. Det bør leggjast tilrette for brei medvirkning frå barn, foreldre, barnehagens personale og eigar. Jf. Rammeplan kap.4 Planlegging: Me har 5 planleggingsdager i året. To av desse er i lag med andre barnehagar i kommunen. Me har og eit personalmøte i månaden. Alle ped.leiarar har fast tid til for og etterarbeid. Plantid til andre i personalgruppa kan bli gitt, etter avtale med næraste leiar. Alle avdelingar har avdelingsmøte anna kvar veke, på ca 1 time. Det blir halde pedagogisk leiarmøte og assistentmøte anna kvar veke. 15

Dokumentasjon Dokumentasjon er å synleggjera med det formål å dele det med andre. Det handlar om å synleggjer det daglege innhald, kva barna seiar, tenker eller gjer (pedagogiske prosesser). Ved å visualisere barnas arbeid for barna sjølv, skapas grunnlag for refleksjon. Me viser barna at det dei gjer er meiningsfylt. Dokumentasjon dannar utgangspunkt for drøftingar av nye planer og utvikling av barnehagen. Den skal bidra til kontinuerlig refleksjon over vårt arbeid med barna. Gjennom dokumentasjon formidlar me informasjon om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Me vil dokumentere gjennom: Heimesida vår Månadsplanar Det barnet skaper i barnehagen Evaluering: Me nyttar kvalitetskrysset for evaluering og refleksjon. Kva er bra? Kvifor er det bra? Kva kan bli bedre? Korleis? Hensikten med evalueringa er å få fram kva som var bra og kvifor det var bra. Me vil og reflektera kring kva som kan bli bedre og korleis me kan bedre det. Kvalitetskrysset nyttar me når me evaluerer aktivitetar, turar, merkedager, osv. Andre samarbeidspartnere: For å kunna gje eit mest mogleg heilheitleg tilbod til barn og foreldre må barnehagen samarbeida med andre tenester, institusjonar og hjelpeinstansar. Tverrfaglegheit og heilskapleg tenking må stå sentralt i arbeidet. Jf. Rammeplan kap.5 Samarbeid med tenesteområde oppvekst Me har eit tett samarbeid med kommunalsjef og fagstab Oppvekst. Styrar deltek på alle styrar og leiarsamlingar i regi av oppvekst. Ressursteam Ressursteam er ei tverrfagleg gruppe der helsesyster, PPT, barnevern og 1-2 representant frå barnehagen møter. Gruppa kan drøfte og sette i gang tiltak kring barn og familie. Alle representantane kan melde saker. Barnehagen må be foreldra om løyve for at deira barn kan verte drøfta i ressursteam. Foreldra skal få tilbod om å være til stades når saka deira vert handsama. Foreldra har og rett på innsyn i saker som gjeld eigne barn. 16

Samarbeid med PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) i Time kommune. Ein av dei tilsette ved PPT er nokre dagar i året i barnehagen. Målet er å kunne gje råd om generelle samspelsutfordringar og i høve til barna si utvikling.i tillegg kan vi og nytta dei til observasjon av spesifikke utfordringar hjå enkeltbarn. I slike tilfelle vert og foreldra informert. I samarbeid med foreldre hender det og at vi gjev saka til PPT for nærare utredning og oppfølging. Samarbeid med skulen På våren har me ein overgangssamtale med skulen, der me i samråd med foreldra tek opp dei barna som skal byrja på skulen til hausten. Målet er gje viktig informasjon til skulen, slik at dei kan vere forberedt og sette saman gode grupper og at overgangen skal bli best mogleg for barnet. Me har ein besøksdag i mai, der barna får besøka skulen. Me går og på fleire besøk til skulen, slik at barna kan bli kjent med skulevegen og uteområdet. Barnehagen er med på eit samarbeidsprosjekt skulebarnehage som heiter SAMBA. UiS Me er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger. Difor har me førskulelærarstudentar hos oss i fleire periodar utover året. Dette er svært lærerikt for oss. Studentane får karakteren bestått/ikkje bestått i praksisperioden sin i barnehagen. Me har 4 praksislærarar i barnehagen. 17

L E S E L Y S T O G Pedagogisk årshjul Månad September Nærmiljø og samfunn Oktober Nærmiljø og samfunn November Etikk, religion,filosofi Desember Etikk, religion, filosofi Januar Kunst, kultur og kreativitet Kva skjer Foreldremøte. Kjem tilbake med dato. 6. Potetfestival. 24. FN-kaffe 18. Planleggingsdag 8. Språktivoli VEKE 48: Juleverksted starter. Adventsamlingar i heile desember 7. Nissefest. 13. Luciafeiring Veke 48-51: Juleverksted 2. Planleggingsdag. L E I K E L Y S T Februar Kunst, kultur og kreativitet Mars Antall, rom og form April Antall, rom og form Mai Natur, teknikk og miljø Juni Natur, teknikk og miljø Juli Veke 6: Samefolketsveke 23. Karneval. 17.Mattetivoli 24. Planleggingsdag 4.Påskefrokost. 6. Påskefest. 10.Ekperimentdag 16. Me øve på å gå i tog. 26. Planleggingsdag Besøk til skulen for skulebarna Sommarfest m/sykkelløp. Kjem tilbake med dato. Sommarbarnehage. Eigen plan kjem. 18

Administrativt årshjul: August September Oktober November Desember Januar Februar Mars April For alle i kommunen Kva skjer i barnehagen Oppstart/tillvenning 15. august: Planleggingssdag Oppstartsamtale for nytt personal Gjennomgang av HMS (eige HMS årshjul for styrar og verneombod) Oppdatering av ferielister/restferie Gjennomgang av HMS og organisering Medbestemmingsmøte Foreldremøte og val av SU Møte samarbeid bhg skule Haustferie veke 41 Foreldresamtaler Sakkyndig tilråding 13. november:planleggingsdag SU møte/au møte Brannøving Juleferie Medbestemmingsmøte Søke enkeltvedtak HMS revisjon og systemkontroll Ferie for personalet 04. Januar Planleggingsdag Medarbeidersamtale Tilsettingar Medbestemmingsmøte 1. februar søknadsfrist for permisjonar og reduserte stillingar Vedtak om enkeltvedtak/søknad om ekstra ressursar Medarbeidersamtale Lister over barn til neste år Vinterferie Søknad til barnehage 1 mars Opptak av nye barn Påskeferie 29. planleggingsdag HMS kartlegging Planarbeid Medbestemmingsmøte Sommarferie - lister til barn og personale Foreldresamtaler Overføringssamtaler til skulen Mai Juni- Juli Planleggingsdag 06. mai Vernerunde og HMS arbeid Møte med skulen for 5 - åringene Medbestemmingsmøte Startsamtale Årsmelding Besøksdag for nye barn, Foreldremøte for nye føresette Sommarferie Lister over barn og voksne 19

Kontaktinformasjon Maurtuå Barnehage Postboks 38 4349 Bryne Tlf kontor: 5177 8310 Mobil: 975 88 284 Blåmann: 907 49 966 Mikkel Rev: 907 53 524 Nøtteliten: 906 91 165 www.minbarnehage.no/maurtua e-post: marianne.byberg@time.kommune.no Time kommune P.b.38, 4349 Bryne tlf 51 77 60 00 fax 51 48 15 00 e-post: postmottak@time.kommune.no www.time.kommune.no 20