Voss Idrottslag Hovudlaget Protokoll frå årsmøte 30.03.2016 kl.19.30 på Fleischer s hotel 26 medlemmer møtte. Møtet vart opna av leiar Tore Tvilde. Sakliste: 1. Godkjenning av innkallinga Innkallinga var sendt ut i e-post til medlemmer, og har vore annonsert på laget si heimeside og i lokalavisa. Det var ingen merknader til innkallinga. 2. Godkjenning av saklista Det var ingen merknader til saklista. 3. Val av ordstyrar og skrivar Torgils Bryn vart vald til ordstyrar. Gro P. Gjeraker vart vald til skrivar. Signering av protokoll: Nils Inge Haaland Trude Bråten 4. Årsmelding frå styret for 2015 Årsmelding frå gruppene og rapport frå utval og nemnder var delt ut. Årsmeldinga frå hovudlaget vart lesen opp. Gruppene og hovudlaget sine årsmeldingar vart godkjende. Merknader til hovudlaget si årsmelding: Pkt. 1.2 Andre tillitsvalde: Frode Øvsthus er også medlem i styret for Tråstølhytta. Pkt. 1.3.2 Fylkes-/regionsnivå: Ordninga med Fylkeskontakt Norske skiveteranar langrenn er avvikla, dvs. Arne Hauso har ikkje lenger dette vervet. Pkt. 1.3.3 Lokalt nivå: Asle Bergstrøm er leiar i Voss Idrettsråd Pkt. 1.4.1 Feil i sakstal og årstal, det skal stå "... handsama 118 saker i 2015." 1.4.2. Avtalen med Visma er ikkje signert enno, men dette vil skje snarleg. Pkt. 3: Momskompensasjonen var på 155.648 i 2015. Pkt. 4 Tråstølhytta: Endring frå 2014 til 2015. Pkt. 4 Bavallen hoppbakke: Det vil koma to utbetalingar av spelemidlar, som også vil dekkja renteutgiftene. Pkt. 5 medlemstal pr. 30.3.15 er 879. Det vil bli rydda i medlemslistene, og talet vil kunna gå raskt ned i tida framover.
5. Rekneskap for hovudlagt 2015 Kasserar Turid Måge gjekk gjennom resultatrekneskapen for 2015. Hovudlaget har eit resultat på kr. 47.826. Balansen er på kr. 800.759. Rekneskapen for hovudlaget og Voss IL samla vart godkjende utan innvendingar. (Sak 5 og 6.) 6. Rekneskap for Voss IL samla Samla har laget ein eigenkapital på 4,2 millionar. Laget har eit ordinært resultat på -103.000. 7. Budsjett for Voss IL 2016 hovudlaget og grupper Det er budsjettert med eit underskot på 55.000 i hovudlaget. Fleire av gruppene har også budsjettert med underskot, og fleire av gruppene har planar om investeringar. Budsjettet for 2015 vart godkjent utan innvendingar. 8. Handlingsplan for 2016-17 Tore Tvilde gjekk gjennom handlingsplanen. Punktet om basketballgruppe er teke ut av handlingsplanen. Når det gjeld Tråstølshytta er det lagt inn eit punkt om å utgreia framtida til denne, saman med Bavallen Varmestove AS. Denne saka kom opp i eige sak seinare i møtet. Festeavtalane for løypene i Bavallen er i ferd med å gå ut. Ein har ikkje lukkast i å fornya avtalane. Kommentar til Bavallen Varmestove AS: Bygget er bygt som idrettsbygg, med tilskot frå spelemidlar og må ha godkjenning frå Kulturdept. om det skal gjerast endringar i eigartilhøva. Vedtak: Handlingsplanen vart samrøystes vedteken. 9. Ny lovnorm for laget Lovnorma var lagt ved saksdokumenta. Tore Tvilde gjekk gjennom nokre av endringane som er gjort. M.a. er nestleiar i hovudlaget ny ansvarleg for barneidretten. Vedtak: Lovnorma vart samrøystes godkjent av årsmøtet. 10. Framlegg til vedtak frå styret Ny lovnorm: Ny lovnorm vart godkjent. (Sjå pkt. 9.) Oppretting av hestesportgruppe: Fredrik Fjose frå Voss hestesportslag informerte om deira aktivitetar. Dei arrangerer stemne, kurs og andre aktivitetar, og samarbeider med FG Hestesenter og Fjose gard. Kan pr. i dag berre ha stemne og samlingar for eigne medlemmar. Har ikkje tilgang til Rytterforbundet sine kurs o.l.. Dei ynskjer å bli del av Rytterforbundet via idrettslaget og bli ein del av eit større idrettsmiljø. Har pr. i dag mellom 60 og 80 medlemmar. Vedtak: Årsmøtet gjorde samrøystes vedtak om å oppretta ei hestesportsgruppe.
Tråstølhytta og Bavallen Varmestove AS: Torgils Bryn informerte om bakgrunnen for framlegget. Det kom innspel om at sportslege høve må vurderast i tillegg til økonomiske perspektiv. Vedtak: Styret får fullmakt til å greia ut framtida for og eventuelt vurdera sal av Tråstølhytta og aksjane i Bavallen Varmestova AS. Eit eventuelt sal skal godkjennast av nytt årsmøte. Familiekontingent: Tore Tvilde informerte om bakgrunnen for framlegget om å innføra familiekontingent. Vedtak: Årsmøtet gjorde samrøystes vedtak om å innføra familiekontingent. Kontingenten skal vera på kr. 600,- og gjeld foreldre/føresette og born t.o.m. 19 år. 11. Organisasjonsplan Tore Tvilde informerte om den nye organisasjonsplanen som er utarbeidd for laget. Organisasjonsplanen er lagt ut på laget si heimeside. Planen skal regulera den interne organiseringa og aktiviteten i idrettslaget og skal oppdaterast av styret. Vedtak: Organisasjonsplanen for 2016-17 vart samrøystes godkjend. 12. Val Valnemnda har vore: Jorunn Lødemel (leiar), Olav Loven og Marianne Bakketun. (Sjå framlegg.) Leiar: Tore Tvilde - 1 år Nestleiar: Torgils Bryn - ikkje på val Sekretær: Gro Prestegard Gjeraker - ikkje på val Kasserar: Turid Måge - ikkje på val Ungdomsrepresentant: Katrine Loven Norekval - ikkje på val Merknad: Katrine vil ikkje kunna ha vervet som ungdomsrepresentant til hausten. Styret må finna ein som kan vikariera for henne. Vara: Steinar Røthe - 2 år Hangoren: Magnhild Tveito Holtedahl - ikkje på val Aslak Aurdal - ikkje på val Jon Aske - 2 år Tråstølshytta: Nils D. Dregelid - 1 år Øystein Fjose - ikkje på val Rudolf Altenau - 2 år Frode Øvsthus - 2 år
Rosethytta: Arne Hauso, leiar - 1 år Arve Fadnes - 2 år Anne Dalland - ikkje på val Kjellfrid Bøyum - 2 år Idrettsmerkenemnd: Ivar Lindland - ikkje på val Anders Indrelid - 2 år Medlemsregistrering: Stig Øi Taraldsen - ikkje på val Trond Remme - 1 år Revisor: Bård Gjerde - ikkje på val Stefina Måge - ikkje på val Vararevisor: Jostein Bøyum - ikkje på val Ny valnemnd: Jorunn Lødemel (leiar), Beate Tveit, Olav Loven. Vara: Marianne Bakketun Alle vala vart gjort samrøystes etter innstillinga frå valnemnda. 13. Utdeling av utmerkingar pokalar og stipend Dugnadspokalen: Stig Gunnar Røthe Beste kvinnelege utøvar: Vilde Brakestad Beste mannlege utøvar: Sjur Røthe (får pokalen utdelt under lagsmeisterskapen 11. april) Stipend på kr. 4000 kvar frå Voss Sparebank: Vilde Brakestad Tore Akerlie Olav Jansen Heidersmerke: Jorunn Lødemel Det vart delt ut blomar til Asle Bergstrøm for innsatsen i Hangoren og til Beate Bolstad Tveit for lang og stor innsats for tennisgruppa. Trond Håvard Bjørnstad fekk før jol tildelt Eldsjelprisen frå Voss Sparebank. 25.000 av prisen kunne han disponera som han ville, og han ynskjer å gje pengane tilbake til idrettslaget. Han gjev Rosethytta 5000,- til aktivitetstilbod. 20.000 gjev han til symjegruppa, og vil at dei nyttar midlane til aktivitetstilbod for flyktningar/asylsøkjarar og til dei som ynskjer å satsa meir aktivt på symjinga. Trond Håvard fekk velfortent applaus for storsinna disponering av prispengane!
Etter utdelinga var det ein kort kaffipause. Konsekvensutgreiing Bømoen Som ein del av arbeidet med områdeplan for Bømoen er det utarbeidd ei omfattande konsekvensutgreiing. Leiar i Idrettsrådet, Asle Bergstrøm, orienterte om dei viktigaste konklusjonane i delrapporten «rekreasjon og friluftsliv». Gro P. Gjeraker (referent) Protokollen godkjend: Voss, 14.04.2016... Trude Bråten Voss, 14.04.2016 Nils Inge Håland