ØRSTA KOMMUNE Plan- og utviklingsstaben 1 V/(C104 kc Toll- og avgiftsdirektoratet postboks 8122 Dep 0032 Oslo Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2016/251 2143/2016 EOYE N40 19.02.2016 FRÅsEGN TIL HØYRING - FLYPASSASJERAVGIFT. ENDRING AV FORSKRIFT AV 11. DESEMBER 2001 NR 1451 OM SÆRAVGIFTER. Ørsta kommune syner til høyringsbrevet om framlegg til endringar i ovannemnde forskrift. På vegner av kommunen ønskjer ordføraren å gje klart uttrykk for at flypassasj eravgifta ikkje bør innførast, slik den er skissert i høyringa. Ordføraren syner til vedlagde uttale frå Ørsta Næringskontor, dagsett 4.2. 2016 og uttalen frå NHO Luftfart, dagsett 22.12. 2015. Desse uttalane belyser dei svært uheldige konsekvensane framlegget vil få for distriktssambanda og for lokalsamfunna som er knytt til desse. Kortbanenettet og regionale konsekvensar. Den norske geografien gjer kortbanenettet til ein bærebjelke når det gjeld kommunikasjon for distrikts-noreg og næringslivet langs kysten og i dei nordlege landsdelane. Mang av desse næringane vil verte viktigare for den nasjonale økonomien etter kvart som inntektene frå og sysselsettinga i oljenæringa går ned. Kortbanenettet er det einaste landsdekkande kollektivsambandet vi har. Utbygginga av nettet har vore ein suksess for busetting og sysselsetting. På grunn av vår spesielle geografiske tilhøve spelar det ei langt større rolle for samfunnsutviklinga inoreg enn ideifleste andre land. Auke i skattar og avgifter påverkar desse flyrutene på ein svert negativ måte. Rutene har små marginar og svakt trafikkgrunnlag. Konkurranseutsetting av flyruter, auke i andre avgifter retta mot luftfart og store konj unktursvingingar det siste året har skapt vanskar i kortbanenettet. Produksjonsnedgang frå flyselskapa er allereie sett iverk. Ytterlegare svekking av marginar kan difor få svært alvorlege følgjer. Ørsta kommune syner til uttalen frå Ørsta Næringskontor når det gjeld konkrete konsekvensar for kortbaneflyplassar som Ørsta/V olda Lufthamn, Hovden. Sjå vedlegg. Det er grunn til å frykte at flypassasjeravgifta, i tillegg til bortfall av statsstøtte til Osloruta, vil gjere denne ruta ulønsam. Widerøe har allereie annonsert ein reduksjon i rutetilbode som følgje av dette. Når ein i tillegg reknar inn nedgangen i passasjertala grunna resesj onen i dei maritime næringane, kan vi stå overfor ei omfattande nedlegging av rutetilbod. Svekka rutetilbod vil også få negative følgjer for den veksande reiselivsnæringa langs kysten. Konkurransevriding. Ørsta kommune syner til Konkurransetilsynet sin uttale, som peikar på at avgifta vil ramme reisande og flyselskap ulikt. Dette gjeld i samband med flybytte mellom selskap utan samarbeidsavtale og mellom selskap, avhengig av om dei i hovudsak opererer i Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6153 ØRSTA 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144
lavpris- eller fullprissegmentet. Dette er alvorlege spørsmål som må avklarast. Dette åleine bør tilseie at avgifta ikkje kan innførast, slik den ligg føre i høyringa. Miljøavgift eller budsjettsaldering? Avgifta på 80 kroner pluss moms har som uttalt mål å redusere talet på flyreiser og på same til auke staten sine inntekter med om lag 1 milliard. Også her er det ønskjeleg med ein grundigare analyse av den reelle effekten. Flyreiser representerer eit miljøproblem. Men med denne avgifta innfører regjeringa eit lite gjennomarbeidd tiltak som medfører større ulemper for dei viktige kortbaneflyplassane og distrikta. Det er uheldig dersom ei slik miljøavgift vert innført primært som ei forhandlingsløysing for å saldere statsbudsjettet. Ørsta kommune meiner at framlegget er for lite førebudd, kan får utilsikta og alvorlege konsekvensar. Ei slik avgift må utgreiast gjennom ein konsekvensanalyse og setjast inni ein større samanheng. På grunnlag av dei momenta som er tekne opp ovanfor og i den vedlagde uttalen frå Ørsta næringskontor, rår Ørsta kommune på det sterkaste frå å innføre flypassasj eravgifta, slik den er utforma i høyringa. ordførar i e'
N/ERINGSKONTOR Toll- og avgiftsdirektoratet Ørsta 4/2-2016 I Postboks 8122 Dep. 0032 Oslo Uttale til høyring - flypassasjeravgift - endring av foreskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter. Utviklingsforum Hovden Lufthamn, Ørsta/Volda vil som høringsinstans til Møre og Romsdal Fylkeskommune i samferdselssaker gi sin merknad i forslag til endring av foreskrift - flypassasjeravgift. Utviklingsforumet sine medlemmar represententerer kommuner og næringsliv frå Sunnmøre og delar av Nordfjord. Forumet arbeider særleg med å overvåke statlege føringar innan kortbanenettet som påverkar utviklinga i busetnaden, arbeidsmarknaden, rammevilkår for næringslivet og den generelle sa mfun nsutviklinga. Hovden Utviklingsforum bed om at ein gjennomfører ei grundigare vurdering av konsekvensane før amifta vert innførd. Viktige punkt som må avklarast er: 1.ViI denne avgifta føre til at prisforskjelane blir større mellom distriktssamband og hovudsamband, slik at rutetilbodet i distrikta blir dårlegare og dyrare. 2. Vil denne avgifta vere konkurransevridande då den vil vere statleg støtta på FOT-rutene, og at den ikkje skal gjelde for transfer/transittreiser. 3.Kva verknad har denne sokalla "klima-avgifta" på klimaet, relatert til bruk av alternative transportmiddel i nedslagsfeltet til kortbanenettet. 4.Flypassasjeravgifta vart avskaffa for 15 år sidan, var proveny-rekneskapen bakgrunn for 3 dette? 5.Avklaring i henhold til avgiftstrykket/rammevilkår for kortbanenettet. Ref. avskaffing av bunnfradraget på startavgift, avisings-avgift, flypassasjeravgift og sikkerhetsavgift, i kombinasjon med dagens kommersialiseringprosess og konjungtursvingingar i oljebransjen.
Kortbanenettet er ein bærebjelke som det einaste landsdekkande kollektivtrafikkmiddel. Flytransport er langt viktigare for samfunnsutviklinga i Norge enn dei fleste andre land, pga spreidd busetting og lang avstand til våre viktigaste eksportmarknader. Skattar og avgifter som berører denne E kollektivtjenesten, resulterer i reduksjon av transportstandarden særleg i utsette områder, der ein har små marginar og marginalt trafikkgrunnlag. Konkurranseutsetting av flyruter, auka skattar og store konjungtursvinigingar det siste året har skapt utfordringar i kortbanenettet og produksjonsnedgang frå flyselskapa er allereide sett i verk. For Ørsta/Volda Lufthamn Hovden som består av 60% næringslivtraffikk, er særleg sårbar for samfunnskonjugturar og avgifter med prisdrivande effekt. Hovden er spesielt utsett med ein passasjernedgang i 2015 på 20% itrafikken relatert til oljenæringa. Kortbanenettet kan ikkje hente ut marginar på volum med sine 38 seters fly. TØI sin rapport (2013) som ga grunnlag for kommersialisering av alle flyruter Hovden-Oslo viste ein margin på dei beste rutene med kabinfaktor på 75%, på kr.90 pr.billett. Snittet totalt pr sete ligg nok vesentleg lavare, så reknestykket blir katastofalt når det her blir foreslått innføring av flypassasjeravgift på kr. 80,- +mva.utviklingsforumet fryktar nedlegging av rutetilbodet ved Hovden Lufthamn- Ørsta/Volda ved denne avgiftsauken. i 9 innføring av denne særavgift, no såkalla flypassasjeravgift har tidlegare (1978)hatt namnet charteravgift, 1994 avgift berre for utanlandspassasjerar, 1995 utvida til og gjelde også for innanlandspassasjerar, 1998 omlagt til å gjelde for antall seter i flyet uavhengig av passasjertal, 1999 E tilbakeførd til å gjelde antall passasjerar, i 2002 vart heile avgifta fjerna. Spørsmålet vil då vere kva i argumentasjonen ligg som grunnlag for innføring av ei så lite dokumentert samfunnsnyttig avgift. Samstundes er det stor usikkerheit til statens provenyanslag. Dette pga uavklara forutsetningar om adferdsendringar som resultat av avgifta, noko som har vore dokumentert tidlegare, og framleis er svært usikkert. Gode ervervsmesseige flygingar frå det norske kortbanenettet er eit avgjerande viktig verkty for omstilling og vekst i norsk økonomi. Ein auke i dagens avgiftssystem vil sannsynlegvis medføre ein nedgang i antall passasjerreiser på 10%. Det vil gi store prosentvise utslag i pris på ein del ruteri kortbanenettet, og særlege prissensitive ruter blir påvirka enten ved færre avgangar eller nedleggelse. I Stortingsmelding 26 og 38 NTP 2014-2023 om Iufthamnstruktur: Regjeringa ynskjer å vidareføre ordninga med kjøp av flyruter som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame, og at overskotetfrå store flyplassar blir overførd til regionale Iufthamner. Denne finansieringsmodellen iavinor, som sikrar at dei store lufthamnene får utvikle seg, bidreg til at den regionale Iufthamnstrukturen kan ha/dast ved lag.
i l Vennleg helsing Utviklingsforum Hovden Lufthamn. Stein Aam Jørgen Amdam Terje Høybakk Ordf.Ørsta Ordf.Volda Mafoss Sign Sign Sign Stig Remøy Richard Grov Svein Gjelseth Olympic Alexandra Vanylven Utvikling Sign Sign Sign ØRSTA KOMMUNE Volda kommune 70 05 87 00 Send e-post OLVMPIC SIHPPING VANYLVEN ~?UTVlKLlNG Jnlnrvsmcrwnfyqijun (o: n.1:ringsuivik}i:igri Varru;-Mn å E å