SAKSFRAMLEGG Sak 66/09 Saksbehandlar: Eva-Mari Solberg Arkiv: 223 G27 Arkivsaksnr.: 08/2599 FYSIOTERAPITENESTA I OS KOMMUNE. NY FINANSIERINGSORDNING FOR PRIVATE FYSIOTERAPEUTAR MED DRIFTSAVTALE. Framlegg til vedtak: Eldrerådet tek orienteringa om fysioterapitenesta som melding. Os, 11.09.09 Johannes Taule (s) Fung. leiar
Saksopplysningar: Tenesteutvalet behandla i møte 10.06.2009 sak 41/09. Følgjande vedtak vart gjort: Tenesteutvalet tek sak om ny finasieringsordning og underdekning i fysioterapitenesta i kommunen som melding. Tenesteutvalet ønskjer følgjande: Utvalet ønskjer å få ein oversikt over både kommunale og private fysioterapeutar. Økonomieininga skal følgja med når midlane kjem inn til kommunen, slik at desse pengane kan synast på budsjettet. Kommunen må vurdera å auka heimlane for å oppretthalda tilbodet vi har i dag. Helst bør heimlane tilsvara behovet då kommunen ikkje klarer å halda ventelistene nede. Oversikt over private fysioterapeutar med og utan driftsavtale: Administrasjonen gjev her ei oversikt over gjeldande driftsavtalar og kor mykje det einskilde institutt, med og utan driftsavtale, arbeider utover avtalen: Institutt Os Manuellterapi & Fysioterapi AS 3 fysioterapeutar med driftsavtale (1 fysioterapeut utan driftsavtale) Mobergs Fysikalske Institutt 3 fysioterapeutar med driftsavtale Flåten Fysioterapi 3 fysioterapeutar med driftsavtale (1 fysioterapeut utan avtale, jobber ca 50 %) Os Fysioterapi og Friskvern 1 fysioterapeut med driftsavtale Fysioterapisenteret i Irisgården 1 fysioterapeut med driftsavtale (1 fysioterapeut utan driftsavtale, jobber ca 70/80 %. 1 ny fysioterapeut utan Storleik driftsavtale 35 % = 12.6 t pr. veke 65 % = 23,4 t pr. veke 100 % = 36 t pr. veke 100 % = 36 t pr. veke 80 % = 28,8 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke 80 % = 28,8 t pr.veke 80 % = 28,8 t pr.vek 80 % = 28,8 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke Arbeidd utover avtalen i 2008 19 t pr veke 3 t pr. veke 4 t pr. veke 14,2 t pr. veke 28,8 t pr. veke 6 t pr. veke 4,5 t pr. veke 10 t pr. veke Utbetalt driftstilskot frå kommunen pr. 01.07.09 102 480,- pr. år 190 320, - pr. år 292 800, - pr. år 292 800,- pr. år 234 240,- pr. år 58 560,- pr. år 234 240- pr. år 234 240,- pr år 234 240,- pr. år 32 t pr. veke 58 560,- pr. år 42,8 t pr. veke 58 560,- pr. år
driftsavtale skal begynne i ca 30%) Ny finansieringsordning for fysioterapitenesta gjeldande frå 01.07.2009: Den viktigaste endringen i avtalen mellom staten v/helse- og omsorgsdepartementet, KS og Norsk Fysioterapiforbund er at driftstilskotet til private fysioterapeutar med avtale vert auka og honorartakstar gjennom NAV vert redusert tilsvarande. Ny sats for driftstilskot til private fysioterapeutar med 100 % driftsavtale er per 01.07.2009 kr 292 800. Os kommune har allereie iverksett utbetaling etter den nye satsen til fysioterapeutar med avtale. Fastlønstilskotet frå NAV til kommunalt tilsette er per 01.07.2009 kr 157.500 for 100 % stilling. Endringa per 01.07.2009 er moderat (25 %), ytterlegare og gjenverande auking (75 %) av driftstilskotet med tilsvarande reduksjon av honorartakstar vil skje per 01.07.2010. Administrasjonen har førebels ikkje motteke noko offisiell informasjon om korleis overføringa frå staten vert synleggjort, men vi har fått følgjande svar i Epost av 03.09.2009 frå KS: Helse- og omsorgsdepartementet opplyser følgende: Merkostnader inneværende år utfra årsverk private fysioterapeuter med driftsavtale i KOSTRA og økte driftstilskudd per 1. juli vil kompenseres den enkelte kommune fullt ut. Det er ikke formelt avklart hvorvidt dette skjer gjennom rammetilskudd (tabell C) eller et eget øremerket tilskudd. Offisiell informasjon går trolig ut fra staten i løpet av 1-2 uker. Helårsvirkning i 2010 kompenseres ifølge departementet på samme måte som i 2009. Virkning av økte driftstilskudd fra 1. juli 2010 vil man komme tilbake til, trolig i Revidert Nasjonalt Budsjett (RNB) 2010. Denne øyremerkte rammeoverføringa for 2009, som truleg også vert kompensert for 2010, vil berre sikra kommunen sine utgifter til private fysioterapeuter som alt har driftsavtale med kommunen. Ny finansieringsordning gjev ikkje fysioterapeutar med deltids driftstilskot automatisk rett til å få auka opp avtalane sine. Dette betyr at dersom kommunen skal inngå nye avtalar om driftstilskot med private fysioterapeutar, eller auka eksisterande deltidstilskot, vert det ein rein kommunal utgift som må handsamast som ein del av budsjettet for 2010 2013. Nye søknader om driftstilskot: Os kommune har motteke søknad om auking av eksisterade deltidstilskot frå 4 private fysioterapeutar, desse 4 søknadane utgjer tilsaman auke på 170 % driftstilskot, som vil kosta Os kommune kr. 497.760 (292.800 x 1,7) per år. I tillegg har 1 privat fysioterapeut utan eksisterande driftsavtale søkt om nytt tilskot på 40 %. Samanlikningstal årsverk fysioterapeutar. Omfattar alle fysioterapeutar som definert i KOSTRA 2008:
Kommune Os Fjell Askøy Lindås Stord Årsverk 10 16 15 15 14 Oversikt over tal pasientar hos private fysioterapeutar med driftsavtale: Årstal 2006 2007 2008 Tal pasientar ca 1454 ca 1572 ca 1661 Oversikt over tal pasientar hos kommunale fysioterapeutar: Årstal 2006 2007 2008 Tal pasientar 265 297 357 Nye tilvisingar til ergo- og fysioterapitenesta i 2008: Tal 1.prioritet Avvik 2.prioritet Avvik 3.prioritet Avvik Barn 125 69 16 56 10 Vaksne 239 122 1 103 6 14 4 Privatpraktiserande og tilsette fysioterapeutar overlappar kvarandre når det gjeld oppgåver og aldersgrupper. Statistikken viser at private fysioterapeutar har flest pasientar i yrkesaktiv alder, medan tilsette fysioterapar har flest barn og eldre. Begge desse tabellane syner at det er eit aukande tal pasientar og dermed aukande behov for fysioterapitenester i kommunen. Fleire faktorar påverkar denne auken som t.d.: Folketalet veks med ca 2,5 3 % årleg. Auka aktivitet i sykehusa, dvs fleire operasjonar og tidlegare utskriving. Høgare levealder. Utviklinga innan medisin gjer at fleire overlever, og treng opptrening og rehabilitering i kommunen. Auke i tal tilviste barn. Mange av barna er funksjonshemma med store habiliterings og rehabiliteringsbehov, og treng tilpassa trening og tilrettelegging på mange livsarenaer: heim, barnehage og skule. Fysioterapeuten følgjer barna i heile oppveksten, og det er eit kontinuerleg arbeid for at barnet skal kunna fungera best mogleg og meistra vanlege daglege aktivitetar. NAV sin hovudvisjon er: Fleire i arbeid færre på trygd. Rikstrygdeverket har nedsett eit krav om at pasientar med akutte lidingar skal ha behandling hos fysioterapeut innan 3 veker. Auke i muskel- / skjelettlidingar. Auke i psykiske lidingar; sidan 2001 er sjukefråværet dobla som følgje av lettare psykiske lidingar som angst og depresjon. Utvikling: Haust 2003: På grunn av auke i behovet for fysioterapiteneste og lange ventelister vart det utlyst 2 x 20 % driftsavtale.
Oktober 2007: Utlyst 20 % driftsavtale i samband med bassengtrening i Osbadet for LHL Landsforeningen for hjerte- og lungesyke. Oversikt kommunale fysioterapeutstillingar: 3, 3 st. fordelt på 4 personar: 2 x 100 %, 1 x 82,2 % og 1 x 50 %. Etter omorganiseringa i aug. 2008 - Os i Tio - inngår òg leiaroppgåver for avdeling Rehabilitering i ein av desse stillingane. Utvikling: Nov. 87: 1oo % st. kommunefysioterapeut 2 x 100 % st. for fysioterapeutar Os sjukeheim 1992: 3,2 st. kommunale fysioterapeutar Fastløntilskotet blir bestemt av Staten ved Helse og omsorgsdepartementet, og skal gå direkte til å dekkja ein del av kommunen sine lønsutgifter til tilsette fysioterapeutar. Fastløntilskot pr. 01.07.2009 er kr 157 500 pr. 100 % st. pr. år. Konsekvensar av underdekning: Fysioterapi er ei lovpålagt teneste som er forankra i kommunehelstetenestelova og folketrygdlova. Kommunen er i prinsippet forplikta til å ha ei fysioterapiteneste som dekkjer behovet i kommunen. Lang ventetid hos private fysioterapeutar: Årsmelding for 2008 viste at ventetida varierte frå 1 veke til 10 månader. Nyopererte og sjukemelde blir prioriterte. Menneske med kroniske sjukdommar må venta. Mange av dei er eldre brukarar. Fysioterapeutar med reduserte tilskot jobbar langt ut over storleiken på avtalen. Dette fører til stort arbeidspress og slitasje over tid. Kommunen kan risikera å mista fysioterapeutar med høg kompetanse, t.d. spesialist i psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi. Dersom fysioterapeutar med deltidsheimlar må leggja ned verksemda si, vil ventetida bli vesentleg høgare. Pasientane må gå til private fysioterapeutar utan avtale, og betale alt sjølv. Lang ventetid hos kommunale ergo- og fysioterapeutar. Mange av dei er eldre brukarar som ønskjer å bu lengst mulig heime, og få hjelp til å klara seg sjølve istadenfor å vera avhengig av t.d. heimehjelp og heimsjukepleie. Ved trening kan dei bli sjølvstendige og få tilbake funksjonsevna eller unngå å mista den. Med førebygging og rehabilitering kan ein spara kommunen for institusjonsplassar. Døme frå prioriteringskriteria. Avvikstabell 2008. Ergoterapitenesta har 1,5 st. Mangel på fysioterapi for eldre på institusjon (rapport Riksrevisjonen). Resultatet blir at eldre blir meir passive, og helsa deira og livskvaliteten blir unødig svekka. Lita tid til helsefremjande og førebyggjande arbeid; helsestasjons- og skulehelseteneste, både individretta og miljøretta arbeid, fallførebygging blant eldre.
Lita tid til rehabilitering; forskning viser at med systematisk trening og intensiv og god rehabilitering etter t.d. slag kan det forlenga livet, og ein kan få tilbake funksjonsevna. Prioriteringskriterium for fagområda fysioterapi og ergoterapi: Det følgjande er vedtekne prioriteringskriterium som Os kommune praktiserer for fagområda fysioterapi og ergoterapi: 1. Prioritet Barn 0 2 år Nye habiliterings- og rehabiliteringssaker som inneber akutt forverring i funksjon Akutt forverring i funksjon som medfører tap av eigen evne til å ivareta primære funksjonar Palliative tiltak Trykksår Akutt behov for hjelpemiddel frå korttidslager Akutt reparasjon av hjelpemiddel som er nødvendig for å oppretthalde primære funksjonar Oppstart innan 2 veker 2. Prioritet Samansette vanskar hos barn / ungdom Menneske med kroniske lidingar som står i fare for tap av evne til å ivareta primære funksjonar Fysioterapi til kronikarar - vedlikehaldstrening: 10 beh. X 1 pr. veke, to gonger i året. Oppstart innan 8 veker 3. Prioritet 3 Tilvising innan heim, skule, arbeid og fritid som ikkje fell inn under 1. og 2. prioritet Tilvising som gjeld grupper og klasser Oppstart innan 12 veker g Framlegg til vedtak: Tenesteutvalet tek sak om fysioterapitenesta i Os kommune som melding. Saka vert teke med som underlag til budsjetthandsaminga 2010 2013. 08.09.2009 Eva-Mari Solberg Martha Lunde Pedersen Einingsleiar Leiar Avd. Rehabilitering
SAKSFRAMLEGG Sak 67/09 Saksbehandlar: Asle J. Andås Arkiv: GEO R0907 Arkivsaksnr.: 09/1537 SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED REGULERINGSPLAN FOR STØLSHAUGEN, 29/5 M.FL. RØTTINGEN Framlegg til vedtak: Rådet har ingen merknader til oppstart av arbeid med reguleringsplan for Stølshaugen. Os, 02.10.09 Jorun Klausen (s) Leiar
Vedlegg: 1. Saksutgreiing til møte i plan- og bygningsutvalet 2. Brev med vedlegg frå Byggadministrasjon Harald Bjørndal a.s udatert Saksutgreiing: Uttalefristen på oppstart av denne planen er sett til 1. november. I Eldrerådet vil Marianne Hjelle og Asbjørn Nicolaysen orientera om saka. I Råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil Veronica Haugland orientera. Os, 02.10.09 Gunvor S. Heggland Konsulent
Saksopplysningar til møtet i Plan- og bygningsutvalet: BAKGRUNN Byggadministrasjon Harald Bjørndal as søkjer på vegne av tiltakshavar Inglaug Brimsholmen om oppstart av arbeid med regulering av del av gnr. 29, bnr. 5 m.fl. Området er kalla Stølshaugen. Området er på om lag 25 daa. Øvste del ligg som byggjeområde i gjeldande arealplan, men nederste del ligg som friområde/ buffer mot sjø. Dei tenkjer å regulere området som bustadområde med bustader og tilhøyrande leikeareal, fellesareal og friluftsområde. Tiltakshavar meiner at buffersona mot sjø er for stor og ønskjer at område for bustad vert utvida ned til eit naturleg brotalag. VURDERING I medhald av ny plandel til plan- og bygningslova blir denne planen rekna som ein detaljregulering i samsvar med 12-3. Det skal utarbeidast planprogram for planar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, viser til 4-1 og 12-9. I tillegg skal planmynde sikre at det blir gjennomført risiko- og sårbarhetsanalyse for planområdet, viser til 4-3. Sidan tiltakshavar ønskjer å utvide byggjeområde for bustad og redusere buffersone mot sjø, må det utarbeidast planprogram. Planprogramet vil òg innehalda ROS-analyse. Tiltakshavar har laga eit forslag til planprogram for området der landskap og estetikk, samfunnsikkerheit/ ROS, barn og unge, kulturminne, natur, universell utforming, støy, strandsoneforhold, trafikkforhold og energi er tema som skal vurderast. Forslag til planprogram synast dekkande for dei problemstillingar som må avklarast. Det som må vurderast er om byggjeområde for bustad kan utvidast ned mot Skitnevågen. I gjeldande arealplan er det lagt inn ei samanhengande buffersone på mellom 50 og 90 meter for å hindre utbygging på kanten ned mot Skitnevågen og behalde denne lia som ein naturleg buffer mot tilliggande LNF-område som har stor friluftsverdi. I framlegg til ny arealplan er den samanhengande buffersona redusert til om lag 50 meter. Rett sør for denne eigedomen er riktignok buffersona redusert til 30 meter grunna ekisterande bustad i både ekisterande og framlegg til ny arealplan. Det er uheldig å tillate utbygging i buffersona, dette vil skape presedens for vidare utbygging langs heile kanten. Arbeidet med reguleringsplanen vil avklare ei naturleg avgrensing av byggeområde for bustad og sikre ein god buffer mot Skitnevågen og tilliggande LNF-område med stor friluftsverdi. Framlegg til vedtak: Plan- og bygningsutvalet (som ansvarleg planmynde) godkjenner at det vert varsla oppstart av arbeid med privat detaljregulering, i medhald av plan- og bygningslova 12-3 og 12-8, for Stølshaugen, del av 29/5 m.fl, Røttingen, i samsvar med søknad av 01.07.09. Plan- og bygningsutvalet godkjenner òg høyring av forslag til planprogram, i medhald av plan- og bygningslova 12-9, i samsvar med søknad av 01.07.09. Risiko- og sårbarhetsanalyse av planområdet inngår i planprogrammet. Alternativt framlegg til vedtak: Plan- og bygningsutvalet (som ansvarleg planmynde) kan ikkje godkjenna at det vert varsla oppstart av arbeid med privat detaljregulering for Stølshaugen, del av 29/5 m.fl, Røttingen, i samsvar med søknad av 01.07.09. Byggeområde for bustad må trekkast tilbake i samsvar med gjeldande arealplanen. Viser til plan- og bygningslova 12-11. Os, 10.07.09 Haldor Fosse Teknisk sjef... Sett inn saksutredningen over denne linja
SAKSFRAMLEGG Sak 68/09 Saksbehandlar: Widar Sorø Arkiv: GEO R7004.04 Arkivsaksnr.: 08/1752 OFFENTLEG ETTERSYN - KOLSKOGEN INDUSTRIOMRÅDE, VES.ENDRING - MOTELL Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram for drøfting og vedtak. Os, 30.09.09 Leiar
Vedlegg: 1. Saksutgreiing til møtet i plan- og bygningsutvalet 27.08.09 2. Brev frå Os kommune, Tekniske tenester dat. 21.09.09 3. Framlegg til reguleringsføresegner 4. Reguleringsplan Saksopplysningar: For Eldrerådet er det Marianne Hjelle og Asbjørn Nicolaysen som vil orientera om planen. For Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vil Veronica Haugland orientera. Os, 30.09.09 Gunvor S. Heggland Konsulent
Saksframlegg til møtet i plan- og bygningsutvalet 27.08.09: I høve til utarbeiding av reguleringsplan av gnr 54, bnr. 647 vart oppstarmøte heldt med kommunen 02.09.08, og oppstart varsla 16.07.2008. I gjeldende reguleringsplan Kolskogen Industriområde er eigedomen regulert til industriområde, og det føreligg godkjente rammesøknader på eit 2 etg. bygg. I første søknad datert 22.03.2007 er det godkjent nybygget eit servicebygg med vaskeanlegg og tankanlegg. I revidert søknad 18.10.2007 er det i tillegg godkjent 9 motell rom, resepsjon, innredning av loftetasje og vaktmesterbolig. Planområdet ligg på Kolskogheiane og er på 8,6 daa. Føremål med reguleringa er å tilretteleggje for Herberge & Bevertning. I gjeldende reguleringsplan Kolskogen Industriområde ligg eigedomen som industriområde og det føreligg godkjente rammesøknader på et 2 etg. bygg. I arealplanen er området sett av til framtidig industriområde, og føremål er såleis i strid med gjeldande plan. Tilgrensande areal er industri/framtidig industri med unntak tilgrensande område i sør som ligg som offentleg område (gymnaset). Det er ikkje gjort endringar i rullering av kommuneplan med unntak av at område nord for planområde er endra frå framtidig industriområde til industriområde. Det er no ønskjeleg å auke antal motell rom og utvide bygget. Det er utarbeida privat reguleringsplan med avkøyrsler, parkering, tankanlegg og Herberg & Bevertning. Det er òg utarbeida illustrasjonsplan som syneer plassering av bygg, etc. Det er kome inn 8 offentlege fråsegn til varsel om oppstart av planarbeidet. Planframlegg er utarbeida av Weglo Design, Plan & Landskap AS på vegne av tiltakshavar Kolskogheiane 18 AS. Grunneigar er Frode Søviknes. 2.0 OFFENTLEGE FRÅSEGN 2.1 Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga stiller spørsmål til planlagd utnyttingsgrad, til grunnlaget for utvidelsen, og til kva slags grad området er egna til herberg virksomhet. Dei ber om at framtidig planframlegg viser til grunnlag og målgrupper for planlagt utbygging. Det må òg leggjast ved vurderinger av omsøkt føremål mot omkringliggjande arealbruk, samt at reguleringsføremål for eigedom må endrast til Herberger & Bevertningssteder. Kommentar: Det er utarbeida ein rapport august 2008 Norlandia Os Hotell som viser til grunnlag og målgruppen for planlagt utbygging. Det vil i det vidare arbeidet bli utarbeida ein vurdering av omsøkt føremål mot omkringliggjande arealbruk. Reguleringsformålet er endra til Herberger & Bevertningsteder. 2.2 Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga har ingen merknader til planen. 2.3 Hordaland Fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga ber tiltakshavar nøye vurdere regional arealpolitikk slik den går frem av fylkesplanen og fylkesplaner og er formidla på fylkeskommunen sine internettsider under kommune samarbeid/arealpolitikk. Elles ingen merknader. Kommentar: Forslagsstiller vil vurdere den regionale arealpolitikken under planarbeidet. 2.4 BKK NETT AS gjer merksam på at ei eventuell omlegging av hsp.kabler må bekostast av utbygger. Dersom eksisterande nettstasjon ikkje kan forsyne nybygg må det avsettast naudsynt areal for ny nettstasjon. Kommentar: Tiltakshavar seier dette vil verte ivaretatt. 2.5 Os kommune, kommunalteknikk seier at det vil verte ein større belastning på vegsystemet i området og det kan være en utfordring i høve til trafikksikkerheiten for skoleelever. Aktivitetar i øvingsområde, og virksomhet elles vil medføre ein del støy.
Kommentar: Dette vil verte ivaretatt i planarbeidet. Støyskjermen, voller og vegetasjon m.m. vil bli vurdert, og skille mellom myke og harde trafikkanter vil på best mulig måte bli ivaretatt. 2.6 Barnetalsmannen gjer merksam på at det er viktig at parkeringa og tilkomst til bygget vert adskilt fra sjølve servicebygget og at tilkomsten til motellet vert sikra best mogleg. Kommentar: Tiltakshavar opplys om at dette vert varetatt i planarbeidet. 2.7 Eldrerådet har ikkje merknader til privat reguleringsplan for Kolskogheiane. 2.8 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne føreset at motellet vert universelt utforma med heis og døropnarar. Rådet ber om at 10% av bueiningane, dvs. 5 rom, vert universelt utforma samt at uteområdet må vera tilgjengeleg for alle. 3.0 VURDERING I medhald av ny plandel til plan- og bygningslova er det etter 4-2 og 4-3 utarbeida planskildring og konsekvensutgreiing, samt ROS-analyse. Utifrå at området er vurdert som ikkje rasfarleg er ROS-anayse tatt med som eit punkt i planskildringa. Planområdet er lite kupert og skrånar lett ned mot Ulvenvatnet i sør og Myrketjørna i nord. Elles er planområdet omkransa av høgdedrag og turområder med Skarphaugen i vest og Vardafjellet i aust. Planområdet er vist regulert til Herberge & Bevertning og består av hotellrom, konferanserom, kiosk/kafeteria, lager/vaskeri og garasjeanlegg. Det skal i tillegg etablerast utandørs kortidsparkering, pumpestasjon, parkeringsplassar samt gode ute og oppholdsareal for overnattingsgjester og andre kunder. Byggjegrensene tilseier at bygningane vert lokalisert i den sørlege delen av planområdet og det er lagd opp til at hotellet kan byggast ut i 2 trinn, byggetrinn 1 og eventuelt eit framtidig byggetrinn 2. (sjå side 16 i planomtalen.) Bygning i byggetrinn 1 skal plasserast mot terrengskråning i aust kor det òg vil vere behov for å fjerne masser (evt. noko sprengning) for å få plassert garasjeanlegget på same nivå som 1. etg. bygg. Antal etasjar på bygget er sett til 4 etg. pluss loft. Maks mønehøyde er sett til kote +76,5. Ved et evt. framtidig byggetrinn 2 vil det være naudsynt med eit mellombygg (Sjå snitt). Maks %- BYA er sett til 40%. Hotellet skal samlokaliserast med pumpestasjon, kiosk og kafeteriadrift. I planskildringa har ein kun vurdert hotelldriften som forutset kjøp av mat frå kafédrift og at ein til dels samordnar resepsjon med kiosk. Ein forutset at det byggjast 65 gjesterom og konferanselokaler opp til 50 deltagarar. I planskildringa vert hotellet omtala som eit naturleg supplement til konferansehotellet Solstrand med ein framtidig kort og enkel tilkomst ved nye E39. I parkeringsanlegg under bakkenivå er det sett av om lag 28 P-plasser. Over parkeringsgarasje vil det vere plass til om lag 22 P-plassar. Det er òg føreslått om lag 5 korttids P- plasser framfør hotellet. Atkomst til området vil vere frå Kolskogheiane med avkøyrsle både frå aust og vest. Avkøyrsle frå aust er i hovudsak tenkt til ansatteparkering og avkøyrsle frå vest er tenkt til gjester, kunder, varelevering og til dei som skal bruke pumpestasjonen. I spesialområde Område for anlegg i grunnen vil det verte anlagt pumpestasjon. Det er også regulert inn gangveg langs Kolskogheiane til undergangen. I tillegg til dette er det regulert inn en avkøyrsle langs Kolskogheiane. Det nye veganlegget skal vere ferdigstilt i 2010-2011. I gjeldende reguleringsplan er det regulert inn ny rundkjøring, ny gangveg og en avkøyrsle frå Kolskogheiane. I dag er det to avkøyrsler frå denne vegen, og det er ønskjeleg å oppretthalde dei to avkøyrslane i samband med denne nye reguleringsplanen. I samband med start og avslutning på skuledagar v/os vidaregåande skule er trafikktryggleik ein utfordring og å blanda køyretøy med skuleelevar til yrkeskskolen vil være konfliktfullt og det er lagt inn 2 avkjørsler som skal løyse dette problemet. Ny rundkøyring vil ligge ca 70 meter fra
eksisterande avkøyrsel. Kravet frå Vegvesenet er 60 meter. Avstand frå gangveg ned til undergang bør ikkje vere brattare enn 1:12. (Håndbok 017). I dag er det ca. 75 meter ned til undergangen. I møte med Statens Vegvesen den 2008-09-18 vart det bekrefta at det var positivt å oppretthalde to avkøyrsler hvis gangveg har fall i høve til krav frå håndbok 017 (1:12). Det er lagt inn Felles avkøyrsle med breidde 4 meter, samt tilkomst i den søraustlege delen av planområdet. Med det planlagde prosjektet vert det større belastning på vegssystemet i området. Det vil bli aukande trafikk langs Kolskogheiane. Hovudsakleg trafikk langs Kolskogheiane: Yrkesskulen og Os El verk, Røde Kors og øvrige verksemder. OS roklubb og MC klubben Ned til badevik og naust ved Ulvenvatnet. Ned til friområde ved Ulvenvatnet i vest og aust Tilkomst/avkjørsel til området Tilkomst til området er frå den lokale vegen langs Kolskogheiane. Os kommune har eit lagerområde i grustaket, og det er inngått avtaler med Os vidaregåande skule om øvingsområde for anleggsmaskinlinja i det gamle grustaket, klubblokaler for Os roklubb og MC- klubben. Aktiviteten i øvingsområde, og verksemda i området elles, medfører naturleg nok ein del støy, blant anna frå MC-øving, men denne aktiviteten er planlagd flytta innan året. Frå planområdet har ein tilgong på friluftsområde i tilknytning til Ulvensvatnet, Liafjellet, Borgafjell og Ulvenfjellet. Det vert opplyst i planomtale at det vil bli opparbeida natursteinsmurer for å ta opp terrengsprang. Det ligg ikkje tilgrensande naboar/bustadhus i nærleiken i høve utsikt, innsyn og soltilhøve. Det er i dag ingen virksomhet på tomta og det er ikkje observert gjennomgåande stiar eller ferdselsårer gjennom planområdet. Det er ikkje funne teikn på at området brukes av barn og voksne til leik, rekreasjon eller liknande og det er andre område i nærleiken som er meir aktuelle. Topografien gjev blant anna gode høve for universell utforming. Det er òg sagt i føresegnene at anna fellesareal ikkje skal vere brattare enn 1:12. Det ligg til rette for tilkopling til vatn og avlaup. Det er ikkje registrert kjende kulturminne innafor planområdet. Kulturminne er elles omtala og sikra i 2.4.1 i føresegnene. 5.0 Konklusjon Planframlegget er ikkje i samsvar med arealplanen men det vert ei endring frå industri til næring og planområdet ligg dessutan i utkanten av industriområdet opp mot eksisterande offentleg føremål knytta til yrkesskulen og friområde knytta til Ulvenvatnet. Adminstrasjonen meiner difor at planframlegget kan leggjast ut til offentleg ettersyn. Framlegg til vedtak: I medhald av 12-3 og 12-11 i plan- og bygningslova gjer Plan- og bygningsutvalet (som planmynde) vedtak om å leggja privat framlegg til endring av reguleringsplan for Kolskogen, gnr. 54, bnr. 647, datert 15.05.09, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn. Alternativt framlegg til vedtak: I medhald av 12-11 i plan- og bygningslova gjer Plan- og bygningsutvalet (som planmynde) vedtak om å ikkje leggja privat framlegg til endring av reguleringsplan for Kolskogen, gnr. 54, bnr. 647, datert 15.05.09, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn. Dette grunngjeve med at føremål er i strid med overordna arelaplan. Sak 69/09
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 09/856 DEN INTERNASJONALE ELDREDAGEN 1.OKTOBER - 2009 Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram for drøfting og vedtak. Os, 30.09.09 Jorun Klausen (s) Leiar
Vedlegg: Saksopplysningar: Oppsummering av møtet. Os, 30.09.09 Gunvor S. Heggland Konsulent
SAKSFRAMLEGG Sak 70/09 Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 09/1731 FYLKESELDRERÅDSKONFERANSEN/GENERASJONSKONFERANSEN - 2009 Framlegg til vedtak: Eldrerådet tek oppsummeringa av fylkeseldrerådskonferansen/generasjonskonferansen som melding. Os, 04.08.09 Johannes Taule (s) Fung.leiar
Vedlegg: Saksopplysningar: Konferansen vart halde på Sandsli 29. og 30. september. Konferansen hadde eit anna innhald og preg denne gongen og hadde fått namnet generasjonskonferansen. Ruth Solberg, Inger Tine Brekke og Johannes Taule vart valde som deltakarar. Asbjørn Nicolaysen vart vara. Deltakarane vil gje ei orientering om konferansen. Dersom referat frå konferansen blir lagt ut på nettet, vil det bli delt ut på møtet. Os, 30.09.09 Gunvor S. Heggland Konsulent
SAKSFRAMLEGG Sak 71/09 Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 09/84 REFERATSAKER OG MELDINGAR Framlegg til vedtak: Dei framlagde orienterinane vart tekne som melding. Os, 30.09.09 Johannes Taule Fung. leiar
Vedlegg: Saksopplysningar: Jan L. Lund har nytt om Den kulturelle spaserstokken. Ny, finpussa brosjyre om hjerneslag er ferdig og blir delt ut. Os, 30.09.09 Gunvor S. Heggland Konsulent