STUDIEPLAN UTDANNING AV OPERATØRAR TIL OPERASJONSSENTRALANE FOR POLITIET 15 STUDIEPOENG Utkast til høgskolestyret 16. oktober 2014
1. Innleiing Politiet må vere førebudd på å handsame eit breitt spekter av hendingar frå daglegdagse situasjonar til situasjonar som kan krevje ein større organisert politiinnsats, inkludert oppdrag med væpningsordre. Operasjonssentralen er den sentrale styringseininga i kvart politidistrikt, og skal halde oversikt over og leie den løpande, prioriterte, operative verksemda. Operatørane skal fortløpande motta, vurdere og prioritere meldingar som kjem inn til operasjonssentralen for politidistriktet. Dette føreset at operatørane er i stand til å handsame tidskritisk informasjon som sikrar optimal tenesteutføring og tek vare på tryggleiken både til mannskapa og publikum. I det daglege arbeidet har operatørane mange oppgåver som krev fagleg koordinering og oppfølging. Medarbeidarane ved operasjonssentralane i politidistrikta må ha høg kompetanse for å kunne handsame ulukker, kriser og andre alvorlege hendingar forutan ordinære førespurnader frå publikum på ein god måte. Utdanninga som Politihøgskolen gir i operatørarbeid, er med på å auke denne kompetansen. Utdanninga gir 15 studiepoeng. 2. Føremål Føremålet med utdanninga er å medverke til at operatørane ved operasjonssentralane kan utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og i samsvar med gjeldande retningsliner.
3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa for studiet er polititenestepersonar og sivile som arbeider som operatørar i politidistriktet, eller som er tiltenkte ein slik funksjon. Det er ein føresetnad at studentane vert valde ut i samsvar med lokale kompetanseplanar. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskole-/politihøgskoleutdanning eller anna relevant utdanning minimum på bachelornivå vere tilsette i politi- og lensmannsetaten ha operatørerfaring frå ein operasjonssentral vere sertifiserte for bruk av ICCS ha tryggleiksklarering for HEMMELEG Søkjarane må anten dokumentere generell studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. Kravet om utdanning på bachelornivå kan etter særskilt vurdering fråvikast for sivile søkjarar. 4. Læringsutbyte 4.1 Generell kompetanse Etter avslutta utdanning kan studentane: stå fram med auka innsikt og tryggleik i rolla som operatør forstå verdien av kvalitet og godt samarbeid med operasjonsleiaren og andre i operatørarbeidet ta sjølvstendig ansvar for arbeidsoppgåvene sine
4.2 Kunnskap Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: kva rolle og ansvar operatøren har samarbeid med høvesvis andre operatørar og operasjonsleiaren kva rolle og ansvar operasjonsleiaren har i organisasjonen kor mykje notoritet har å seie stabsarbeid i politiet situasjonsvurderingar og vedtaksprosessar kommunikasjonsteori- og metodar, inkludert krisekommunikasjon HMS og risikovurdering det aktuelle lovverket, instruksar og reglement dei operative styringssystema politiet som beredskaps- og serviceorganisasjon 4.3 Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane: motta og prioritere oppdrag medverke til å kvalitetssikre arbeidet som innsatspersonellet gjer meistre politioperative styringssystem som til dømes PO, Geopol og ICCS kommunisere målretta med publikum i ulike situasjonar, inkludert krisesituasjonar kommunisere med interne og eksterne samvirkeaktørar i tråd med sambandsreglementa grunngi avgjerder nytte aktuelt lovverk og relevante instruksar
5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane. Utdanninga skal som hovudregel gjennomførast i løpet av seks månader. Utdanninga tek om lag 420 timar. Dette omfattar undervising, øvingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingstida utgjer inntil 140 timar. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmetodane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Ei nettbasert læringsplattform vert nytta til administrering og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Før studentane kan ta eksamen, må følgjande arbeidskrav vere godkjende: Eit refleksjonsnotat (inntil 1200 ord) som skal leverast før første samling, og der studenten drøftar utfordringar i det eigne arbeidet som operatør. Ei individuell oppgåve (inntil 2500 ord) der studenten drøftar eigen praksis som operatør, sett opp imot teori. Emnet skal vere godkjent av fagansvarleg.
6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein praktisk og ein munnleg eksamen. Den praktiske eksamenen tek utgangspunkt i ein case på ein operasjonssentral, og vert etterfølgt av ein munnleg eksaminasjon. Karakterane er bestått/ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1. Obligatorisk litteratur (756 sider) Lai, L. (1999). Dømmekraft. Oslo: Tano Aschehoug. Pensum: s. 16 211 (195 sider) Eriksen, J. (2011). Krise- og beredskapsledelse: Teamtrening. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Pensum: kap. 1 4 og 7 (176 sider) Eid, J. & Johnsen, B. H. (2006). Operativ psykologi. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: kap. 6, 9, 16 og 17 (74 sider) Hargie, Owen (2006). The Handbook of Communication Skills. England: Routhledge. Pensum: kap. 1, 2, 4, 5, 6 og 7 (197 sider) Olsen, O. E., Mathiesen, E. R. & Boyesen, M. (2010). Media og krisehåndtering: En bok om samspillet mellom journalister og krisehåndtering. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: kap. 6 og 8 (50 sider) Politidirektoratet. (2013). Kompetanse i operasjonssentralen. Oslo: Politidirektoratet. Pensum: s. 6 70 (64 sider) 7.2. Skal vere kjent NOU 2012:14. (2014). Rapport fra 22. juli-kommisjonen. Oslo: Departementenes servicesenter. Skal vere kjent: kap. 6 8, 14 og 19. Politidirektoratet. (2011). PBS I: Politiets beredskapssystem del 1: Retningslinjer for politiets beredskap. Oslo: Politidirektoratet.
Politidirektoratet. (2008). Politiets beredskapssystem del 2 (PBS II): Håndbok for innsatspersonell. Oslo: Politidirektoratet. Politidirektoratet. (u. å). Politiets beredskapssystem del 3 (PBS III): Politidistriktene og særorganenes planverk. Politidirektoratet. (2014), Håndbok i systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid (HMS) for politi- og lensmannsetaten. Oslo: Politidirektoratet. Politidirektoratet. (2012). 22. juli 2011: Evaluering av politiets innsats. Oslo: Politidirektoratet. Politidirektoratet. (2013). Felles sambandsreglement for nødetatene og andre beredskapsbrukere nivå I. Oslo: Politidirektoratet. Pensum: s. 1 38 Politidirektoratet. (2013). Sambandsreglement for politiet nivå II. Oslo: Politidirektoratet.